Norges Vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Att.: Magne Geir Verlo Deres ref.: Vår ref.: Dato: Dagfinn Bentås 13. februar 2006 for eksisterande reguleringsanlegg i Lærdalsvassdraget. Med tilvising til gjeldande konsesjon, meddelt ved Kgl. res. 01.10.1966, søkjer Østfold Energi AS med dette om løyve etter vassdragsreguleringslova til utviding av eksisterande reguleringsanlegg i Lærdalsvassdraget. Teknisk framstilling Me syner til vedlagt kartutsnitt der den planlagde utvidinga med innføring av eit tilleggsfelt til Borgund og Stuvane kraftverk er teikna inn med raud strek. Den omsøkte utvidinga har eit nedbørfelt på ca. 1 km 2, eit middels spesifikt avløp på 33 l/s/km 2 og ligg frå kote 1160 til kote 1520. Som det går fram av kartutsnittet, drenerar den planlagde utvidinga i dag marginalt utanom våre bekkeinntak. Grunna kapasitetsavgrensing i overføringstunnelar reknar ein med eit flomtap på 20 %. Total auke i energiproduksjon for Borgund og Stuvane kraftstasjonar vil då verte ca. 2,2 GWh/år. Aktuelle vassmengder er tenkt overført gjennom ei 300 meter lang open grøft. Det er og mogeleg at deler av traseen vil verte lagt i røyr, dersom det skulle syne seg at dette vil vere gunstig for å oppnå eit godt resultat for sluttstillinga av tiltaket. Traseen til denne grøfta vil i stor grad følgje restane av ei gamal bulldosar-slepe som vart nytta under utbygginga av Borgund Kraftverk. Denne slepa er enno noko synleg i terrenget (sjå vedlagte foto). Østfold Energi AS Indre Sogn Postadresse: N-6888 STEINKLEPP Internett: www.ostfoldenergi.no E-post: produksjon.indresogn@ostfoldenergi.no Besøksadresse: N-6888 STEINKLEPP Telefon: 57 66 72 40 Telefaks: 57 66 72 41 Bankgiro: 3838.07.67179 FNR: NO 879 904 412 MVA
I den øvste halvdelen ligg traseen i vegetasjonsfattig terreng (mose og lav), beståande av berg og grusmassar. Det vil vere naudsynt med eit mindre sprengingsarbeid heilt øvst i traseen i overgangen mellom nytt og gamalt bekkefar. Sprenginga vil i stor grad verte skjult i det nye bekkefaret. I tillegg vil det einskilde stadar i denne delen vere naudsynt med mindre sperretiltak for å hindre at overføringa renn over i det gamle bekkeleiet. Desse sperretiltaka er tenkt utført i betong, og dei vil ha ein breidde på 0,3 m, lengde på 5-10 m og høgde på 0,5-1 m. På luftsida til desse sperretiltaka er det tenkt å fylle attende med lausmassar. I den nedste delen ligg traseen i eit noko meir vegetert terreng på antatt morene eller rasmassar. Vegetasjon består i vier, lyng, gras og mose. Overføringa er her tenkt lagt i open grøft, men ein ser ikkje vekk frå at her vil verte nytta lukka røyr på deler av strekninga dersom dette er naudsynt. Eit grovt kostnadsoverslag på tiltaket er sett til 1 000 000,- (eks mva) for material og arbeid. Gjennomføring og konsekvensar Arbeidet med tiltaket er tenkt gjennomført i løpet av ein sommarsesong. Transport av naudsynt materiell er tenkt utført med helikopter. Gravearbeidet vil verte utført av ei større gravemaskin, som likevel er på staden for å utføre naudsynt vedlikehald på eksisterande bekkeinntaket i Dyrkoll. Inngrepa vil ikkje medføre skade på dyrka eller dyrkbar jord. Inngrepa vil heller ikkje medføre skade for ferdsel eller fiske, og medfører inga oppdemming eller senking av innsjø. Forhold til kommunale planar og verneplanar Det omsøkte arealet er utlagt til LNF-område i arealdelen til Lærdal kommune sin kommuneplan, og kjem ikkje i konflikt med verneområde eller andre bandlagde område Eigedomsforhold og fallrettar Østfold Energi produksjon AS meiner å inneha alle naudsynte fallrettar i samband med det omsøkte tiltaket. Dette skriv seg frå dei opphavlege erverv av rettigheitar datert ca. 1965, i samband med utbygginga av Borgund kraftverk. Nye inngrep i grunnareal vil likevel bli erstatta overfor eigar av arealet. Grunneigar er orientert om våre planar, men det er enno ikkje inngått endeleg avtale om godtgjering av eventuelle inngrep. Me ser fram til Dykkar svar, og står gjerne til disposisjon om De skulle ha spørsmål. Med vennlig helsing Østfold Energi AS Indre Sogn Bjørn Røvik Kraftverksjef Dagfinn Bentås Overingeniør Vedlegg: 2 Kart 3 Bilete 2
3
4
5