Det Norske Samlaget Kart: Mikkel Grüner. Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Like dokumenter
Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Lars Mæhle. Landet under isen. Fantasyroman

2016 Det Norske Samlaget

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Sigrid Merethe Hanssen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Alt det lyse og alt det mørke

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Alle henvendelser om rettigheter til denne bok stiles til: Front Forlag AS Tilrettelagt for ebok av eboknorden as

Oversatt av Tore Aurstad

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

Det Norske Samlaget Omslag: Egil Haraldsen og. Ellen Lindeberg exil design

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

OK, seier Hilde og låser.

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Minnebok. Minnebok NYNORSK

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Trude Teige. Noen vet. Krim

NULL TIL HUNDRE PÅ TO SEKUNDER

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

6-åringar på skuleveg

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole Kart: Wikimedia Commons Atlas of the World, Wikimedia Foundation

UTDRAG FRÅ LANDET UNDER ISEN. DØDEBOKA 70 TIMAR FØR VINTERSOLKVERV BYEN

mmm...med SMAK på timeplanen

Last ned Hvordan komme til nirvana uten å dø først - Kari Gjæver Pedersen. Last ned

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Brukarrettleiing E-post lesar

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012

ANNELI KLEPP. Ante-Mattis og Rambo DE USLÅELIGE PÅ VIDDA

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Tor Arve Røssland. Svarte-Mathilda II

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Lars Fiske Omslagsdesign: Øystein Vidnes

Hanne Ørstavik Hakk. Entropi

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Kåre Kverndokken 1-2 LESE- OG SKRIVESTART

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Hermann Starheimsæter. Der nåden finst. Roman

Brukarrettleiing. epolitiker

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Det Norske Samlaget Omslag: Aslak Gurholt (Yokoland) Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Ulsteinvik Bibelen

2016 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av

NB! Dersom bandet er minimert slik at berre meny-fanene viser, kan du dobbelt-klikke på aktuell fane og heile bandet.vil vise.

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Små og store system. Torstein Helleve

Guds rike - 3. Skjermbilde på imf.no/erik

Det Norske Samlaget Omslag: Nora Brech og Torill Stranger Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Brukarrettleiing. For bruk av datamaskin/projektor i undervisningsrom

Mamma er et annet sted

Last ned Sorg - Kristian Fjellanger. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Sorg Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Åsa Larsson & Ingela Korsell. 4 Gasten. Illustrert av Henrik Jonsson. Oversatt av Jørn Roeim MNO. Gyldendal

TEKSTER TIL ALBUMET «VALG» AV ANNE NYMO TRULSEN

Transkript:

Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Kart: Mikkel Grüner Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8428-0

Om denne boka Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Han må reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Han må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umuleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennene sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekattar. Men først må dei få fatt i «Dødeboka», den glømte og gjømte protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skriftet. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umulege oppdrageti riket under isbreen? Og kan dei finne «Dødeboka»? I tide? Dødeboka er ei råspennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet.

Lars Mæhle LANDET UNDER ISEN DØDEBOKA Fantasyroman Oslo

80 TIMAR FØR SOLOPPGANG VINTERSOLKVERV SMALVIK

Det begynner med lyden. Lette kling i ei bjølle. Kling-kling. Kling. Lyden blandar seg med ei låg, nesten umerkeleg tisling oppe på Smalvikplatået. Det raslar i lyng, i potar som listar seg over bakken, lett, pilande. Kattepels snor seg nedover stiar og gjennom kratt. Klør krafsar i mose, klatrar ned bratte bergveggar, hastar i sikksakk, i sprang over bekkefar, under greiner, rundt busker, nedover, nedover, stadig nærmare. Og heile tida kling den vesle bjølla svakt, svakt. Kling-kling. Kling. Leiaren har henne festa rundt halsen. Han kjenner seg sikker. Ingen av menneska har fått auge på dei så langt. Dei er mange, og snart er det midnatt, tidspunktet da operasjonen skal setjast ut i livet. Leiarkatten kastar eit blikk ned åssida, tar det mektige synet inn over seg: Smalvik, sentrum i den vesle, innestengte dalen, inneklemt innarst i ein fjordarm, ligg i tussmørke denne kalde, klare kvelden i desember. Lysa frå hus og lyktestolpar stikk fram i mørket som små nåler av glas. Summinga aukar stadig i dalen. Men framleis anar ingen nokon ting. Ingen av menneska i Ytterverda veit kva som er i emning. Potane rasar vidare nedover, hundrevis av lette, tette trykk mot bakken, og lyden kjem stadig nærmare. Kling-kling. Kling. No ser kattane husa nærme seg, dei bitte små

fyrstikkeskene veks litt etter litt etter litt. Leiarkatten viser veg. Han veit kvar dei skal, og i kva for rekkefølgje dei skal innom husa. Han har ruta skissert opp på det vesle kartet under bjølla. Han kan henne utanåt òg no. Dei har førebudd toktet i fleire månader, gått gjennom og avstemt kvar minste detalj. Dei kjem ikkje til å gjere feil. Hathor vil ikkje tilgi feil heller. Det veit han godt. Det er derfor han har brukt så lang tid på å drille kvar og ein katt, slik at heile hæren skal framstå som eit velsmurt heile. Eitt lynraskt angrep. Og så er det over. For denne gongen. Etterpå er det berre éin ting som gjenstår: å stenge inngangen til fjelltunnelen. Når angrepet er utført, skal ikkje menneska i Ytterverda få sjansen til å slå tilbake. Ikkje den vegen. Den utvalte skal ut på dødsvegen Hathor har gjort klar for han. Inngangen til Landet under isen skal derfor øydeleggast på ein slik måte at den kjende vegen inn blir sperra. Ein gong for alle. Og den nye, hemmelege luka i fjellet skal opnast for dei innvigde. Tromminga aukar i styrke. No kan det hende at ein og annan i dalen faktisk hører lyden. Snart vil nokre få sjeler stå opp av sengene sine, stire ut av vindauga og opp mot fjellsidene. Antakeleg vil dei tru at det går eit jordras eller noko. Menneska vil

speide etter det, men ikkje sjå nokon ting. Kanskje berre ein eller to vil ane dei mørke skuggane som pilar rundt hushjørna. Og berre éin vil faktisk stå opp, kle på seg og haste nysgjerrig ut i desembernatta. Men denne eine vil sidan få angre djupt og inderleg på det valet. På sletta like over sentrum i Smalvik sakkar leiaren farten. Han kveser, gjer teikn til at dei andre skal stanse. Og dei samlar seg der, på høgda over byen. Kattesnutane vidar seg ut, vêrar lukta av menneska litt lenger nede. Vonde smil breier seg i katteansikta. Leiarkatten løftar poten. Alle kattane hentar fram spanna med blod frå sekkane og gjer seg klare. Så startar stormen. Kattane pilar nedover i mørket. Dei har nattesyn og ser godt, alle detaljar og kvar krok ser dei, der dei tumlar talrike ned åsryggen fram mot alle hus og bygningar i Smalvik. Kvar katt har ansvar for sitt hus, og dei målar store, raude strøk med lammeblod i dørkarmane. Dei fleste menneska søv framleis søtt i sengene sine, dei merkar ingenting. Kanskje nokon hentar lydane opp i drømmane og ser svarte skuggar pile forbi i det umedvitne. Kattane er raske og effektive. Blodet er snart festa på alle, absolutt alle dørene. Dei trekker seg tilbake, i retning det store godset i Smalvik, for siste etappe i planen. For eitt bestemt hus har dei spara til slutt. Dette er leiarkattens ansvar. Til gjengjeld er dette det viktigaste av dei alle. Inntil no har leiarkatten berre sikra