3)Q Ti1N V E Pb.5091 Maj 0301 Oslo Dyk. ref. Inger Staubo Vedlagde høyringsuttale vedk. Øyane Kraftverk og Illvatnet pumpekraftverk vart forlagt men høyrer og til fråsegn av 29.oktober d.å sendt frå advokat Arne Gjeraker,Sogndal. Vi ber om at denne høyringsuttale og vert teken inn i Dykkar sakstilfang til gjeldande sak. For Fortun Grunneigarlag (r) ' Jakob Vetleskog Øygard - leiar
Fortun Grunneigarlag yflakob Vetleskog øygard 6877 Fortun TIL Norges vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Dykar ref. Inger Staubo Hø rin suttalelse ane Kraftverk o Illvatnet um ekraftverk Forord: I samband med Hydro Energi sine planar om bygging av eit nytt kraftverk i Fortunselva og eit pumpekraftverk ved Fivlemyrane ynskjer Fortun Grunneigarlag å komma med ei uttaling. Utbygginga vil etter vårt syn få uheldig innveknad på fleire forhold og me vil vektleggja fylgjande punkt som me meiner er særs viktige: 1. Det svært særeigne naturområdet med fossar og juv som er eit viktig og mykje brukt område både av lokalbefolkningen og turistar. 2. Ei elv som er laks og sjøaureførande heilt opp til ovanfor utløpet av kraftverket. 3. Villreinen i området.
Våre synspunkt: 1. Utbyggingav Øyane Kraftverk slik den no er planlagd med ein inntaksdam ovanfor Spitafossen vil føra til stor negativ opplevingsmessig verdi i dette området. Hydro Energi hevdar det ikkje let seg gjera å leggja inntaksdammen nedanfor Spitafossen slik det fyrst var planlagd men har ikkje lagd fram noko dokumentasjon på at dette alternativet ikkje er eit mogeleg alternativ. Ei utbygging med inntak nedanfor Fossen vil vera vesentleg mindre øydeleggjande for opplevingsverdien i dette unike området. Det må difor vera uaktuelt med ei utbygging før slike undersøkingar gjorde av ein uavhengig instans. 2. Fortunselva husar i dag ein viktig bestand av laks og sjøaure. Sjøaure stamma har vore stabil gjennom fleire år og i 2007 var elva nr. 4 på fangst-statistikken for sjøaure i Sogn og Fjordane. Bestanden av laks i elva har vore veldig låg ein periode frå rundt 1990 men har etter at Hydro Energi samarbeid med Grunn- og Elveeigarlaget beslutta å prøva å gjenreisa laksestamma i elva vist ei svært positiv utvikling. Det blir kvart år gjennomført både ungfiskundersøkingar og gytefiskteljingar, i tilleg blir det registrert vannføring og temperaturar. Desse viser at Fortunselva har gode føresetnader for vellukka rekruttering av lakseyngel i eit normalår. Denne føresetnaden gjeld for den delen av elva som ligg ovanfor utløpet av eksisterande kraftverk ved Skagen. Nedanfor vil det berre i enkelte gunstige år, som i 2006, vera gode nok temperaturtilhøve i den kritiske "swim-up" fasen for nyklekt yngel.
Ved ei utbygging i Øyane viser beregningar som er gjorde at temperaturen nedstraums utløpet til Øyane Kraftverk vil bli redusert med mellom 0,5 og 1 grad. Sjølv om det samstundes blir ei utbygging av Illvatn pumpekraftverk vil denne effekten ikkje bli oppheva, berre noko redusert. I ei elv som dette der marginane er so små som dei er vil denne reduksjonen i eit normalår kunne føre til kraftig redusert overleving av årsyngel og dermed redusere produksjonen i elva. Uansett om temperaturen ikkje fell under kritisk grense på 8 grader er det verdt å merke seg at produksjonen av både laks og sjøaure yngel aukar dramatisk med stigande temperatur i elva og det er soleis dokumentert at denne utbygginga i alle år, både varme og kalde somrar, vil føre til kraftig reduksjon i yngeltettleiken i elva. Andre moment ved sidan av tempeaturforhold vil vera faren for utfall av kraftstasjonen og dermed raskt bortfall av vatn nedanfor kraftstasjonen, sidan denne utbygginga er anteken å bestå av berre ein generator er det svært sannsynleg at slike utfall vil kunne skje med stranding av yngel som resultat. Når det gjeld utbygginga av Illvatn pumpekraftverk er me samde med utbyggjar i at det vil få ein viss positiv effekt på temperaturforholda nedover i vassdraget i periodar der det ellers ville ha vore overløp ved Fivlemyrane, ei utbygging her utan samstundes ei utbygging i Øyane vil soleis kunne styrke rekruttering av laks og sjøaure. Denne positive effekten kan likevel bli svekka av det faktum at det vil bli færre dagar med høg vassføring på strekninga ovanfor Fortun Kraftverk med det resultat at færre fisk vil gå fram i denne delen av elva for å gyta då slik vandring ofte skjer i forbindelse med høg vassføring. Hydro Energi deltek allerede i dag, på frivillig basis, i samarbeid med Grunn og Elveeigarlaga i eit arbeid der me grev ned lakserogn på
denne strekninga for å auka rekrutteringa, og undersøkingar viser at dette arbeidet er vellukka og bør vidareførast. Ved ei utbygging på Illvatnet vil dette truleg bli enda viktigare og bør inngå i eit eventuelt konsesjonskrav i tillegg til smoltutsetjingsprogrammet som allerede finst og som gjev svært gode resultat. 3. Villreinen i området Illvatn pumpekraftverk er planlagd i eit område som er ein del av Ottadalen villreinområde som er eit av våre nasjonale villreinområder. Reinen sin bruk av området i dag er begrensa, men er aukande i takt med at villreinstamma Ottadalen sør-aust er større enn på mange år. Sommaren 2010 er det dokumentert at ein reinsflokk, truleg mest vaksen bukk har hatt tilhold inst i Middalen som er nabodalen til Fivlemyrane, i tillegg er det dokumentert rein so langt ned som ved Kyrningsvatnet denne sommaren, dette viser at reinen sin bruk av området allerede er aukande. Det vert i tillegg jobba aktivt med å reetablera reinen sin bruk av Breheimen slik den gjorde i tidlegare tider og eit av dei mest naturlege trekkområda vil då vere nettopp forbi Illvatnet og ned mot Krossbakkane og forhåpentlevis vidare via Gravdalsvatnet og Gravdalen( desse mamna er sjølvsagt ikkje tilfeldige) mot Rausdalane og den sentrale delen av Breheimen Det er kjent at alla aktivitet er negativt når det gjeld reinen sin bruk av eit område og det vil soleis og ha ei uheldig innverknad på reinen sin bruk i dette området.
Ved ei eventuell utbygging her er det ei heilt klar forutsetjing at utbyggjar har ei god dialog med villreinforvaltninga for å sikra at ei utbyggin gjer minst mogeleg skade. Samstundes er det heilt naturleg når ein gjer inngrep i eit villreinområde at ein og bidreg positivt på dei områda det let seg gjera, i dette tilfellet vil utbyggjar kunne bidra økonomisk i reetableringsforsøket som blir gjort og dermed vera ein positiv faktor for at dette skal lukkast. 6877 Fortun 23sept.2010 / 29.oktober 2010. For Fortun Grunneigarlag k Q Jakob Vetleskog Øygard - leiar