VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset Dato: 16.10.2012 Tidspunkt: 16:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Ordførar SP Veronika Alstadsæter Leiar Julie Kristin Karadash Medlem VGS Sondre Rekdal Medlem Ragnhild Bårdsnes Medlem VGS Sofie Furland Medlem VGS Therese Kjersem Medlem VGS Hanne Sørvik Medlem VGS Helene Legernes Knudsen Medlem HELSK Ida Naalsund Medlem HELSK Cathrine Husøy Medlem TOMSK Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Bendik Stenberg Medlem HELSK Moritz Michaelis Medlem HELSK Trond Ellingseter Medlem TOMSK Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer Emma Birgitte Tomren Trond Ellingseter TOMSK Merknadar Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Odd Jarle Talberg Koordinator Underskrift:
Eline Rafteseth fekk utdelt sitt ungdomsstipend innan sang og musikk. Ho mottok blomsterbukett og ein sjekk på kr.2.500 saman med gode ord og lykkeønskiningar frå ungdomsrådsleiaren og ordføraren som stod for utdelinga. Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 39/2012 PA 40/2012 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte PA 41/2012 Val og ungdomsrådskonstituering for skuleåret 2012-2013 PA 42/2012 Evaluering av Yrkesmessa 2012 PA 43/2012 Ungdomsengasjement i TV-Aksjonen 2012 PA 44/2012 Møteplan for Ungdomsrådet 2012-2013
PA 39/2012 Godkjenning av innkalling
Saksprotokoll i Ungdomsrådet - 16.10.2012 Behandling: Avrøysting: Vedtak: Innkalling og saksliste vart samrøystes godkjend
PA 40/2012 Godkjenning av protokoll frå siste møte
Saksprotokoll i Ungdomsrådet - 16.10.2012 Behandling: Avrøysting: Vedtak: Vedtak: Protokollen frå siste møte vart samrøystes godkjend
PA 41/2012 Val og ungdomsrådskonstituering for skuleåret 2012-2013
Innstilling Val skal gjennomførast i møtet i tråd med vedtektene
Saksprotokoll i Ungdomsrådet - 16.10.2012 Behandling: Dei 11 frammøtte gjennomførte konstituering og val i tråd med vedtektene som også vart vedteke endra i tråd med realitetane no. Vala vart gjennomført ved skriftleg avstemming. Veronika Alstadsæter vart vald til leiar av ungdomsrådet for eitt år. Hanne Sørvik vart vald til nestleiar av ungdomsrådet for eitt år. Sondre Rekdal vart vald til sekretær i ungdomsrådet for eitt år. Avrøysting: Samrøystes Vedtak: Veronika Alstadsæter vart vald til leiar av ungdomsrådet for eitt år. Hanne Sørvik vart vald til nestleiar av ungdomsrådet for eitt år. Sondre Rekdal vart vald til sekretær i ungdomsrådet for eitt år.
PA 42/2012 Evaluering av Yrkesmessa 2012
Innstilling Ungdomsrådet kan liste opp viktige evalueringspunkt i møtet
Saksprotokoll i Ungdomsrådet - 16.10.2012 Behandling: Framlegg til vedtak utarbeidd i møte: 1. Foreldre kan med fordel og i sterkere grad, bli oppmuntra til å komme på yrkesmessa. Ungdomsrådet vil uttale/ sende ei slik oppfordring til foreldregruppa ved neste års yrkesmesseinvitasjon. 2. Ungdomsrådet var fornøgd med opplegget både i aulaen og i hallen. Yrkesmessa blir betre år for år, men vi kan bli flinkere med spørsmålsoppgåvene til elevane slik at dei får fleire, varierte spørsmål som kan involvere både rådgivarar, bedrifter og skular. 3. Ungdomsrådet vil til neste år vurdere / høyre med både rådgivarane og elevane i 10 klasse, kva bedrifter og skular dei ønskjer særleg representer. 4. Skuleleiinga må få melding om at hospiteringsvalg for 10- klassingane blir utsett til etter yrkesmessa. Avrøysting: Framlegg til vedtak utarbeidd i møte samrøystes vedteke. Vedtak: 1. Foreldre kan med fordel og i sterkere grad, bli oppmuntra til å komme på yrkesmessa. Ungdomsrådet vil uttale/ sende ei slik oppfordring til foreldregruppa ved neste års yrkesmesseinvitasjon. 2. Ungdomsrådet var fornøgd med opplegget både i aulaen og i hallen. Yrkesmessa blir betre år for år, men vi kan bli flinkere med spørsmålsoppgåvene til elevane slik at dei får fleire, varierte spørsmål som kan involvere både rådgivarar, bedrifter og skular. 3. Ungdomsrådet vil til neste år vurdere / høyre med både rådgivarane og elevane i 10 klasse, kva bedrifter og skular dei ønskjer særleg representer. 4. Skuleleiinga må få melding om at hospiteringsvalg for 10- klassingane blir utsett til etter yrkesmessa.
PA 43/2012 Ungdomsengasjement i TV-Aksjonen 2012
Innstilling Ungdomsrådet tek saka til orientering
Saksprotokoll i Ungdomsrådet - 16.10.2012 Behandling: Koordinator og ungdomsrådsleiar orienterte om status i dei ulike krinsane. Ungdomsrådet gjer ein stor og flott innsats under årets TV-Aksjon. Vedtak: Ungdomsrådet tek saka til orientering.
PA 44/2012 Møteplan for Ungdomsrådet 2012-2013
Innstilling Drøfting og vedtak i møtet
Saksprotokoll i Ungdomsrådet - 16.10.2012 Behandling: Ungdomsrådet drøfta saka også sett i lys av behovet for innsparingar i kommunen. Framlegg til vedtak utarbeidd i møtet: Ungdomsrådet flyttar neste møtedato til måndag 3. desember og vedtek å utsetje fassetting av møtedatoar vidare i 2013 til neste møte. Avrøysting: Framlegg til vedtak utarbeidd i møte samrøystes vedteke. Vedtak: Ungdomsrådet flyttar neste møtedato til måndag 3. desember og vedtek å utsetje fassetting av møtedatoar vidare i 2013 til neste møte.