Padleløyper i Lindås. Bergen og Omland Friluftsråd



Like dokumenter
Direktoratet for naturforvaltning. Frå hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

«Allemannsretten» FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV

Naturquiz. Foto: Kjell Helle Olsen

NYNORSK M Allemannsretten

Direktoratet for naturforvaltning. Fra hav til himmel. Allemannsretten

ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 FRILUFTSLOVA. - Dei viktigaste og utrykk - Kommunens rolle

Allemannsretten er retten til fri ferdsel i utmark

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Direktoratet for naturforvaltning. Fra hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Flere flotte viker med sandstrand og idyll. Mulighet for noen telt. Fin utedo i det lille røde huset bak det store naustet på nordvestsiden av øya.

Med fjellsko og ski. Allemannsretten

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Ervikane og Oksabåsen Friluftsområder

Turorientering for padlere 2016

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UTARBEIDET AV AGDENES KOMMUNE

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

Brukarrettleiing E-post lesar

NYNORSK M Allemannsretten

Kulturhistoriske registreringar

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Padling rundt Bømlo. Forslag til padleturar i havgapet i lune farvatn innaskjers på idylliske ferskvatn

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

M Allemannsretten

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Fakta om kommunen (pr )

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Tilskuddsordninger for friluftsliv: - Turskiltprosjektet. -Tilskudd til friluftsaktivitet (kap post 78)

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Ola Tarjei Kroken Bengt Solheim-Olsen Medlem

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Kommuneplan i Førde kommune - motsegn til utbyggingsområde for fritidsbustader BFR1-3 Digernes Bruland.

K VA M S K O G E N løypekart

Ånuglo friluftsområde

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 243/26 - reidskapshus og tilbygg hytte - Salbuvik - Utåker - Lars Magne Stølen

Klipp hekkar og busker

Møteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Turorientering for padlere 2016

Granvin herad Sakspapir

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

«Ny Giv» med gjetarhund

Brukarrettleiing. epolitiker

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

N Æ R T U R. i Førde

Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Kjenner du reglane for motorferdsel i utmark

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Rapport frå synfaring av Botn

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Tilskot til friluftsliv

Standard vedlegg til kontrakt for leige av campingtomt, for campingplasser i Norddal kommune. Side 1 av 6

Sveio kommune. Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Fakta om kommunen (pr ) DEL 1:

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

aturen er for alle! Et par ganger per måned En gang per uke

Namning av vegar i Fræna Kommune

Politisk program for Jølster KrF

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Til deg som bur i fosterheim år

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Prosjektplan Oppgradering av stisystemet i Brandsøyåsen Utkast pr. 29 oktober 2013.

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Forslag arealformål. Fiskeri/bruk og vern av sjø og vassdrag LNF (natur)


Sansehage Kleppheimen

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Transkript:

Kr 20 Padleløyper i Lindås Bergen og Omland Friluftsråd

Padleturar i Lindås Lindås kommune har ei rekkje flotte saltvasspollar og vassdrag som er godt eigna for padling. Vassvegane har frå gamalt av vore nytta av folk til transport, og fleire plassar er det spor etter gamal ferdsle. Lindås slusene er dei mest kjende og er eit av tre innløp til Lindåspollane med dei tre bassenga Straumsosen, Spjeldnesosen og Fjellangervågen. Innløpa er smale og tidevasstraumane kan vera lumske. I 1908 stod sjøslusa ved Spjotøy ferdig slik at rutebåten slapp og vente ved "Pinebenken" for å ta seg inn i pollane. Slusa er ei av to sjøslusar i Noreg og var i drift fram til 1963. Lindås kommune arbeidar med å restaurera slusa og setja henne i drift att. Dette vil betra tryggleiken for båtfolk og padlarar som vil inn i dei flotte friluftsområda i Lindåspollane. Øuka trafikk av folk som vil oppleva dette flotte området gjer at det etterkvart er naudsynt med enkel tilrettelegging for å gje folk eit betre tilbod. I samråd med nokre av grunneigarane har Friluftsrådet difor tilrettelagt rasteplasser for padlarar og andre som nytter området. Rasteplassane er enkelt tilrettelagt med teltplass og bålplass. Rasteplassen på Marås har i tillegg gapahuk og toalett. Rasteplassane er merka med eit teltsymbol i kartet. Gode utgangspunkt for å setje ut kano eller kajakk er Vågseidet, Risa eller Lindås brygge. Her er det også råd å setja frå seg bilen. Ta kontakt med resepsjonen om du ønskjer å parkere ved Lindås brygge. Skal du padla i vassdraga er Hundvendsvatnet, eller Vikavatnet eit godt utgangspunkt. Parker ved Bruvoll camping. Fleire av dei gamle dra-plassane mellom ferskvatn og frå ferskvatn og til sjø kan enno nyttast av padlarar. Friluftsrådet foreslår fire ulike padleruter i pollane og vassdraga. Dei ulike rutene kan slåast saman slik at det er råd å padla ein tur på ei veke. Det er og mogeleg å padla gjennom heile området frå Eikanger i sør til Vabø i nord. For dei fleste er det gjerne mest interessant, enten å leggje turen til Lindåspollane eller Hundvensvatnet og Storavatnet. Padling gjennom Lindåsslusene Lindås brygge er eit godt utgangspunkt for padleturar i Lindåspollane

Padleløype 1. Spjeldnesosen-Kvalvågnes Med Lindås brygge som startpunkt padle inn Lindåsosane til rasteplassen på Marås eller Trælandsvågen til Kvernhusholmen. Herifrå vidare nordover på innsida av Langøy og Bjørnøy og rundt Onestangen. På Bårdnesholmen er det tilrettelagt med rasteplass. Padle vidare inn vågen mot Kvalvåg. Kvalvågen har mange flotte viker og fine plasser og raste. Halvegs inn vågen er det tilrettelagt for telting på Sviddarneset. I Kvalvågnes friluftsområde (Straumsneset) er det områder egna for telting. Padleløype 1 kan slåast saman med løype 2, Spjeldnesosen-Risasjøen med retur til Lindås brygge eller til Vågseidet. Kombinasjon av løype 1 og 2 kan padlast med ei eller to overnattingar med kajakk. Med kano bør ein rekna meir tid, det er ikkje problem å fylle fire dager eller meir om ein ønskjer det. Ta omsyn til straum og verforhold når du legg ut. I Straumsosen og Spjeldnesosen kan det være friskt om vinden auker på. 1 Marås 3F«Rasteplassen ligg sør for Spjeldneset i Lindåsosane. Plass til to telt. Gapahuk med benker. Ilandstiging med kano eller kajakk på svaberget kan være vanskeleg om det er bølgjer med vind frå sørvest. Ikkje vatn. 2 Kvernhusholmen 3 Padling i Spjeldnesosen. Foto: Torill Refsdal-Aase Rasteplassen ligg sør i Trælandsvågen på nordsida av øya. Plass til to telt. Ikkje vatn. Enkel og skjerma ilandstigning på svaberg.

Lindåsslusene med Spjotøy, Sluseholmen og Straumøy (Frå nedre til øvre kant i biletet). Foto: Helge Sunde 3 Bårdnesholmen 4 Sviddarneset 3 Rasteplassen ligg på ein liten holme sør i Straumsosen. Plass til to telt. Ikkje vatn. Enkel ilandstiging. Rasteplassen ligg lett synleg inn Kvalvågen. Plass til to telt. Ilandstiging på svaberg.

Padleløype 2. Spjeldnesosen-Risasjøen Frå Lindåspollane kan du velje fleire ruter hvis du vil nordover mot Risasjøen. Vestre rute går enten gjennom slusene ved Spjotøy eller løpet vest for slusene og Straumøy. Løpet vest for slusene, mellom Sluseholmen og Straumøy, er best for padlarar (ruteforslag merka på kart). Her er det grunt og løpet er difor mindre utsett for båttrafikk. Padlar du gjennom straumen ver varsam med tanke på straumane. Omlag 2,5 timar etter offisiell tid for flo og fjære (sjå avisane) er straumane rolege. Om det er for mykje straum er det og lett og bera kanoen eller kajakken over land ved slusene. Padle vidare gjennom det svært smale sundet mellom Dragøy og Spjotøy. Vidare er det fleire alternativ, til dømes mellom Ådnøy og Risøy og attende gjennom Risøystraumen. Det kan vere sterk straum i Risøystraumen. Friluftsrådet har avtale for to rasteplasser i området, Lauvøy og Midthagen. Midthagen høver best til overnatting, avhengig av vindretning. Her er det lettast å gå i land frå nordsida. Vidare padle gjennom Veråsstraumen og inn i Straumsosen og Spjeldnesosen til Lindås brygge. Ver merksam på sterk straum i Veråsstraumen, men det er råd å bera kanoen over vegen på venstre side. 5 Lauvøy Rasteplassen ligg i ei lita vik sør på Lauvøy. Langgrunn sandstrand gjer at det er lett å ta seg inn med kajakk. Område med gamal kulturmark planta til med gran. Det er plass til eit telt i forkant. Ikkje vatn. 6Midthagen Rasteplassen ligg sør på Risøya ved ein liten saltvasspoll. Naturleg flatt område som er eigna for telting. Det er plass for to telt. Lett ilandstiging frå kajakk på svaberg. Ikkje vatn. Straumen mellom Lauvøy og Risøy kan padlast på flo sjø. Padling gjennom slusene

Padleløype 3. Lindås- Ådnøy i Austfjorden Igjen er Lindås brygge eller Vågseidet eit greit utgangspunkt. Padle gjennom Haukåsstraumen via rasteplass i Bordvika til Vågseidet. Her i frå er det lett å bera kanoen langs veg forbi reinseanlegg til Eidsvatnet. Det kan vera vanskeleg å krysse hovudvegen om det er mykje trafikk. Mellom Eidsvatnet og Austrevatnet er det enkelt å dra kanoen. Vidare, padle nordover i Austrevatnet ned bekken til Langavatnet. Det kan vere vanskeleg å kome gjennom ved låg vasstand. I sørenden av Langavatnet er det rasteplass. Padle vidare i Langavatnet og ta venstre løp i bekken ned til sjøen. Kanoen må berast eller dragast det meste av bekken ned til sjøen. I sjø kan du padle til Låtrebogane ved Vabø. Her er det mange plasser som er eigna for telting. Eller padle vidare nordover gjennom idylliske smale sund på innsida av Langøy. 7 Bordvika 3 «Rasteplassen ligg aust i Fjellangervågen. Enkel ilandstiging på svaberg. Bålplass og plass for to telt. Vatn frå bekk like ved. 8 Langavatnet Frå Langavatnet må kanoen dragast eller berast ned til sjøen ved Vabø. Foto: Ole Arntzen Rasteplassen ligg sør i Langavatnet. Lett ilandstiging til høgre i ei lita bukt. Det kan vera vanskeleg å finna ein flat plass til telt.

Padleløype 4. Trælandsvågen- Hundvensvatnet-Storavatnet Frå nordre enden av Hundvensvatnet eller Hundven bru, padle sørover og dra kanoen over eidet mot aust, til Storavatnet. Draløypa er skilta med kanosymbol. Padle sørover i Storavatnet til Søreide der det er kort bæring til Myrketjønna og Tveitavatnet. Nordre del av Storavatn har fine bukter som kan nyttast til rasting og telting. Det er få tilrettelagte rasteplasser i vassdraga, vis difor særskilt omsyn ved telting og rasting. Kontakt grunneigar om du ynskjer å telte i meir enn to døgn. Søre del av Storavatnet er drikkevatn og det er difor forbod mot telting, bading og rasting. Frå Tveitavatnet padla vidare nordover over Midtvatnet til Vikavatnet. Her er det mogeleg å dra kanoen på kjerreveg attende til Storavatnet med overgang attende til Hundvensvatnet. Frå Tveitavatnet kan ein og padla vidare i Heggernesvatnet til Høyland bru og Høylandsstemma. Her må kanoen over land eit lite stykke før turen kan fortsetja gjennom assdraget til Liavatnet ved Eikangervåg og padleturen kan fortsetja ut i Osterfjorden. Med utgangspunkt fra Vågseidet eller Lindås brygge, kan du padla inn Trælandsvågen (Løype 1) og bera kanoen over til Nykkvatnet og Hundvensvatnet. Det er omlag 800 m frå Trælandsvågen til Nykkvatnet. Draløypa er ikkje tilrettelagt. 9 Hundvensvtn. Rasteplassen ligg nord i Hundvensvatn. Enkel ilandstigning. Sti til Bruvoll Camping. 10 Tveitavatnet Rasteplassen ligg nord i Tveitavatnet. Enkel ilandstigning. Kjerreveg til Seli og Grovi. Hundvensvatnet og Storavatnet er perfekt til dagstur eller helgetur med kano. Foto: Helge Sunde.

Allemannsretten Allemannsretten gjeld i utmark og inneber at du også har plikter når du er ute i naturen. Hugs å lukke grinder etter deg og vis omsyn til dyr på beite. Har du hund, respekter bandtvangen i tida 1.1 20.8. Ver også varsam med eld hugs at du ikkje kan tenne bål i nærleiken av skogsmark i tida 15.4 15.9. Dersom du lagar bål i strandkanten ikkje legg bålplassen rett på svaberg slik at berget sprekk opp. Med telt kan du fritt overnatte same stad i utmark inntil 2 døgn i låglandet, utan å spørje grunneigar. Men hugs at du aldri skal setje opp teltet nærare enn 150 m frå hus eller hytte der det bur folk. Ver nøye med å rydde når du dreg. Utmark er udyrka mark, og omfattar det meste av vatn, strand, myr skog og fjell i Noreg. Udyrka mindre areal i dyrka mark reknast ikkje som utmark. Innmark er all dyrka jord; åker, eng, kulturbeite, hage - og i tillegg yngre plantefelt, gardsplass, hustomt og industiareal. Jakt og fiske i ferskvatn og vassdrag inngår ikkje i allemannsretten. Retten ligg hjå grunneigar som må gje løyve. Fiskekort kan kjøpast lokalt og fiskeavgift til staten må vera betalt. Natur og dyreliv Området i og rundt Lindåspollane har Når du padlar i vassdag og pollar, vis omsyn til hekkande fugl variert flora og fauna, både over og under vatn. Eit godt næringsgrunnlag frå fisk, skjel og plantar i pollane gjer at det er mange fugleartar både ved sjø og vassdrag. Det er gode sjansar for å sjå dei vanlegaste sjøfuglane, som ulike måsefuglar, andefuglar, gås, terne, skarv, tjeld og heger. Flokkar med ærfugl samlar seg ofte i osane for å beita på skjel, og er du heldig ser du og havørn i området. Går du inn i terrenget finn du mykje hjortespor. Fuglane er særleg sårbare i hekketida, vår og tidleg sommar. Vert dei uroa og må forlate reiret kan egg og ungar døy på grunn av for sterk nedkjøling eller oppvarming. Med kajakk og kano er det råd og komme nær inn på fuglane og det er difor spesielt viktig å visa omsyn. Nokre av dei viktigaste hekkeplassane ved sjø er verna som sjøfuglreservat. Desse er merka på kartet og reservata har ferdselforbod i tida 15. april til og med 31. juli. Ferdselsforbodet gjeld på land og i ei sone 50 m ut i sjøen.

Meir informasjon Turistinformasjon Nordhordland Reiselivslag, tlf. 56 35 16 01 www.visitnordhordland.no Overnatting Westland Hotel, Lindås, www.westlandhotel.no, tlf. 56 34 21 00 Lindås brygge, Lindås, www.lindaasbrygge.no, tlf. 56 36 09 99 Bruvoll Camping og hytter, Vågseidet, www.bruvoll-camping.no, tlf. 56 36 35 25 Grafisk feriesenter, Kvalvågnes, tlf. 55 55 94 20/977 78 890 Fotturar Nordhordland Turlag, www.nordhordland-turlag.com Bergen Turlag, tlf. 55 33 58 10, www.bergen-turlag.no Padleorganisasjonar Bergens-studentane si padlegruppe (BSI), www.bsi.no/padling Norges padleforbund, tlf. 21 02 98 35, www.padling.no Anna friluftsinformasjon Lindås kommune, tlf. 56 35 65 00, www.lindas.kommune.no Fylkesmannens miljøvernavdeling, tlf. 55 57 20 00 www.fylkesmannen.no/hordaland Fylkeskommunen, tlf. 55 23 90 00, www.hordaland-f.kommune.no Turistinformasjonen i Bergen, tlf. 55 55 20 00 Utforming tekst og fotos: BOF, 2004 Bergen og Omland Friluftsråd, tlf. 55 39 29 50, Nettsider: www.bof.no. E-post: firmapost@bof.no