STRATEGI FOR UNDERVISNING OG LÆRING I HELSE FØRDE 2015 2020 INNHALD Innleiing..2 Avgrensingar 2 Visjon.2 Saman med utdanningsinstitusjonane utdannar vi framtidas helsearbeidarar 2 Regionale og lokale rammer.3 Strategiske mål og tiltak..4 Mål..4 Tiltak..5 1
Innleiing Føremålet med denne strategiplanen er å bidra til at utdanning og læring i Helse Førde skal ha fokus på kvalitet, pasienttryggleik og på utvikling av sjølvstendige medarbeidarar som har høg fagleg kvalitet og som er opptekne av kontinuerleg utvikling. Utdanning av helsepersonell er ei av fire hovudoppgåver og skal være eit felles ansvar i Helse Førde. Strategien skal definere mål og tiltak som skal bidra til at Helse Førde arbeider for dette målet, gjennom å vere ein god undervisnings- og læringsarena for dei ulike utdanningsgruppene Strategien skal syne korleis Helse Førde skal arbeide målretta og langsiktig og ha god struktur og kvalitet på undervisnings- og opplæringstiltak der føretaket har eit lovpålagt eller definert / avtalefesta ansvar. Strategien gjeld for perioden 2015 2020. Rullering og evaluering skal gjerast annan kvart år. Avgrensingar Delstrategien gjeld kun kompetansegjevande utdanning, det vil seie ikkje interne opplæringstiltak, kurs, etterutdanning og hospitering, heller ikkje leiaropplæring og utvikling, som vil bli omhandla i ein seinare kompetansestrategi. Visjon Helse Førde skal være ein attraktiv læringsarena, og ved å tilby høg kvalitet på utdanning og opplæring føretrekkast som utdanningsstad og arbeidsplass for framtidige helsearbeidarar. Saman med utdanningsinstitusjonane utdannar vi framtidas helsearbeidarar Utdanning av helsepersonell er ei av fire hovudoppgåver for spesialisthelsetenesta jf. Lov om spesialisthelsetenester 3-8. Helse Førde har ansvar for viktige delar av utdanninga for mange ulike grupper studentar og helsearbeidarar. Dette betyr at våre medarbeidarar har ansvar for praksisundervisning for studentar frå vidaregåande skular, universitet og høgskular, at vi er med på å utdanne studentar som vert framtidige arbeidstakarar i Helse Førde og andre helseinstitusjonar i og utanfor landsdelen. Helse Førde skal bidra til å utdanne fagpersonell slik at dei får naudsynt kompetanse for å arbeide i ein helsesektor der tenesteutviklinga er i stadig endring på grunn av endra kunnskap, teknologi, demografi, sjukdomsbilete og rammevilkår/organisering. Undervisning og læring må innrettast slik at studentane får kunnskap om det yrket dei skal utøve no, og at dei får øving i å arbeide med utvikling og endring. Sjølvstende, fleksibilitet, meistring av eiga arbeidstid og evne til å leie arbeidsprosessar vil bli endå viktigare i framtida. Studentane skal få innsyn i viktige prinsipp for Helse Førde si verksemd. Pasienttryggleik og kvalitetsarbeid er eit av desse. Strategien for Helse Vest, Helse2020, har som eit av tre fokusområder å være er ein framtidsretta kompetanseorganisasjon. Organisasjonen skal kjenneteiknast ved å være ein attraktiv, lærande og 2
utviklande arbeidsplass, og det skal satsast på utdanning for å sikre god pasientbehandling. Gjennom samspel med utdanningsinstitusjonar og myndigheiter skal føretaka påverke innhald og omfanget i utdanningane. 1 Utdanningane må i større grad vektlegge pasientforløp, samhandlingskompetanse, sterkare brukarmedverknad, førebygging og folkehelsearbeid. Undervisninga skal være kunnskapsbasert. Praksisplasser og læreplasser skal være gode arenaer for kunnskaps- og kompetansebygging. Den praktiske opplæringa skjer i eit tilrettelagt og læringsorientert miljø, der studentane får rettleiing og praktiske oppgåver som stimulerer til bruk og vidareutvikling av forskningsbasert kunnskap. Rettleiarar skal ha god fagkunnskap og ferdigheiter i rettleiingsmetodikk. Samarbeidsavtalar mellom utdanningsinstitusjonane og helseføretak, kommunar og fylkeskommunar skal sikre gode praksisplasser Meld.St.16 Nasjonal helse og omsorgsplan. 2 Endringar i samfunnet og reformer i velferdstenestene gjer det nødvendig å vidareutvikle dei helseog sosialfaglege utdanningane på alle nivå - Meld.St.13 Utdanning for velferd samspill i praksis. Samspelet mellom utdanning og arbeidsliv, mellom dei ulike utdanningane, mellom utdanningsnivå og mellom utdanning, forsking og tenesteutøvelse skal styrkast i framtida. Auka kvalitet og relevans i praksisstudia i helse- og sosialfaglig høgare utdanning, der omfang, innhald, organisering og krav til praksisstad og rettleiing, samt tverrprofesjonell samarbeidslæring vil være viktige utviklingsområder 3 Regionale og lokale rammer for utdanning av helsepersonell Myndigheitene har eit overordna ansvar for å dimensjonere utdanningane for å sikre tilstrekkeleg og kompetent personell i helsetenestene. Dei regionale helseføretaka er pålagde å legge til rette for eit rett antall og kvalitativt gode praksisplasser for elevane/lærlingane/studentane, og dette formidlas som styringskrav i det årlege oppdragsdokumentet. Dette er også nedfelt i Lov om spesialisthelsetjeneste m.m. 3-5 der det står: «Dei regionale helseforetakene skal sørge for at behovet for undervisning og opplæring av helsefaglige elevar, lærlingar, studentar, turnuskandidatar og spesialister dekkes innan helseregionen». Instruks frå Helse- og omsorgsdepartementet til styret i Helse Vest RHT om forholdet til universitet og høgskular (revidert 2011) seier «Helse Vest RHF skal påse og legge til rette for at helseforetak som Helse Vest RHF eier, sørger for at universitetenes og høyskolenes behov for undervisning, opplæring og veiledning av helsefaglige studenter dekkes i samsvar med fastsatt utdanningspolitikk, eksterne forpliktelser og foretatte prioriteringer fra overordnede politiske organer og oppdragsgivere i det enkelte år». Helse Vest RHF skal inngå rammeavtaler med universitet og høgskular og arbeide for at helseføretak Helse Vest RHF eig inngår nærare avtalar med aktuelle universitet og høgskular om helseføretakas 1 Helse Vest: Helse 2020 Strategi for helseregionen http://issuu.com/helsevest/docs/rapport_helse_2020_- _nett_-_juni_2011 2 Meld. St.16 Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015) 3 Meld.St.13 (2011-2012) Utdanning for velferd, samspill i praksis 3
forskings- og utdanningsoppgåver og dei tenester som skal ytast. Lokalt samarbeid Helse Førde har eit formalisert og nært samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane om utdanning av helsepersonell. Det er også etablert tett samarbeid med vidaregåande skular i fylket, mellom anna om utdanning av ambulansepersonell. I eit lite fylke står utdanningsinstitusjonane og arbeidsplassane i eit gjensidig avhengigheits tilhøve til kvarandre. Strategiske mål og tiltak Mål Prosessmål Helse Førde skal ha ei tydeleg organisering og leiing av praksis for studentar, lærlingar og elevar utdanning skal være eit felles ansvar, og utdanninga si viktigheit skal synleggjerast og utgjere ein tydeleg del av helseføretaket sin profil som lærande organisasjon Helse Førde skal leggje til rette for gode utdanningsløp ved å ivareta utdanning for alle relevante fagområder /spesialitetar, i tråd med myndigheitenes krav til utdanning, skape eit godt læringsmiljø og i tillegg tilby kvalitativt gode praksisplassar det skal setjast av tid og ressursar til rettleiing av studentar og lærlingar, og ein skal bruke kunnskapsbaserte metodar som fremjar god kvalitet Helse Førde skal tilrettelegge for og utvikle læringsarena Samhandling med vidaregåande skular, høgskular og universitet må styrkast, og pasient- og brukarmedverknad skal være ein viktig del av utdanninga Effektmål Innan 2020: oversikt over rettleiingskompetanse organisering og innhald for dei ulike utdanningsgruppene i Helse Førde styrke den formaliserte rettleiingskompetanse innan alle helsefag - 10 % av personalstaben har rettleiingskompetanse ( min. 15 stp ) studentprosess tatt i bruk av alle studentgrupper etablert system for årleg kartlegging og rapportering av utdanningsløp minimum 3 prosjektsøknadar av god kvalitet pr. år om samhandlingsmidlar med Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag 4
Tiltak 1. Tydeleg organisering og leiing a. klargjere ansvar, roller og oppgåver overordna og i avdelingar. Mellom utdanningsinstitusjonar og føretak, stab/klinikkar, leiar/tilsett, praksislærar/kontaktsjukepleiar b. utpeike personar i praksisfeltet som har ansvar for å ivareta studentar/elevar/lærlingar c. målretta leiing og nært samarbeid med utdanningsinstitusjonar, fagorganisasjonane og vernetenesta. d. Tydeleggjere leiar sitt ansvar for å legge til rette for undervisning 2. Utdanning er eit felles ansvar og utdanninga si viktigheit skal synleggjerast og utgjere ein tydeleg del av helseføretaket sin profil som lærande organisasjon. a. utdanning skal vere ein integrert og prioritert del av verksemda b. formidle og synleggjere Helse Førde som utdanningsinstitusjon ved å etablerer system for årleg kartlegging og rapportering av antall studentar i utdanningsløp. Integrert del i føretaket si årsmelding/årleg rapportering til styret c. organisasjonen skal i større grad være kjent med undervisningsplikta vi har d. fremme ein kultur der det er prestige knytta til undervisning og medarbeidarar er kjent med at undervisning og rettleiing er ein integrert del av arbeidsoppgåvene. e. synleggjere innhald i samarbeidsavtalar og kva råd/utval Helse Førde deltek i 3. Legge til rette for gode utdanningsløp a. ivareta studentane slik at dei trivast og får utbyte av praksisundervisninga ved å utvikle gode system for mottak, gjennomføring/oppfølging og evaluering av praksis b. legge til rette for ei planmessig og systematisk oppfølging av studentar ved i større grad å strukturerer opplæringsløpa c. dokumentere aktivitet og kvalitet på utdanningsverksemda, ved å identifisere, utvikle og implementere kvalitetsindikatorar for måling av aktivitet og kvalitet d. utvikle system og utdanningsprogram for å styrke kompetansen i kunnskapsbaserte metodar for undervisning og rettleiing e. kontinuerlig jobbe med forbetring av praksisområde i samarbeid mellom avdelingar og utdanningsinstitusjonane 5
4. Ressursar a. synleggjere ressursbruk brukt til utdanning, og få på plass hovudressursar innan rettleiing b. styrke den formaliserte rettleiingskompetansen ved bruk av høgskulens tilbod om vidareutdanning. c. utarbeide detaljert plan for kompetanseutvikling for rettleiarar i rettleiingsperioden, med aktivitetar og mål d. tilrettelegging for tilsette med utdanning på masternivå som rettleiarar i praksisfeltet. Meir omtala i strategi for forsking og innovasjon. 4 5. Samhandling med utdanningsinstitusjonane, og pasient- og brukarmedverknad som del av utdanningane a. hensiktsmessige og fungerande samarbeidsavtalar og kommunikasjonslinjer som regulerer ansvar og oppgåvedeling b. representert i ulike utval, råd og styrer for å sikre god samhandling og kommunikasjon med utdanningsinstitusjonane c. vidareutvikle og styrke samhandling med utdanningsinstitusjonane slik at utdanningane utviklast i tråd med pasientens behov i. stimulere til aktiv deltaking i kontinuerleg forbetringsarbeid i praksisperioden ii. pådrivar for at brukarerfaringar og erfaring frå praksis inkluderast i utdanningsprogramma iii. tydeleg formidling av kompetansebehov til utdanningsinstitusjonane, men ha respekt for mål og innhald i rammeplanane for utdanningane. d. legge til rette for større grad av tverrfagleg samarbeid felles praksis for studentar på ulike nivå innanfor same fagområde e. aktivt søke samarbeidsmidlar i samarbeid med utdanningsinstitusjonane, til prosjekt som skal bidra til utvikling og forbetring av praksisområde 6. Helse Førde skal tilrettelegging for og utvikle nye læringsarena a. bidra til tilrettelegging og utvikling av eksisterande og nye læringsarenaer i takt med endringar i helsetenestene b. prøve ut nye modellar for praksisstudiar c. innovative ved å aktivt søkje etter nye og framtidsretta læringsarenaer eks. simulering, telekommunikasjon, poliklinikkar, studenttette postar, dag postar og andre tverrfaglege læringsarenaer 4 Strategi for forsking og innovasjon i Helse Førde 2014 2020. http://innsida.helseforde.no/leiarportal/sider/default.aspx 6
7