Indre Hordaland jordskifterett Rettsbok Sak: 1230-2010-0011 MYRLAND Gnr. 273 og 272 i Voss kommune Oppstarta: 29.06.2010 Avslutta: 09.08.2010
JORDSKIFTERETTSMØTE Rettsmøtedag: 29.06.2010 Stad: Jordskifterettens lokaler i Voss Sak nr.: 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272 Saka gjeld: Krav om grensegang etter jordskiftelova 88 Jordskiftedommar: Thorbjørn Svane, som einedommar etter jordskiftelova 9 andre ledd. Protokollførar: Saka er kravd av: Til handsaming: Jordskiftedommaren Britt Haga Gjennomgang av kravet Vurdera fremming av saka Synfaring Vidare framdrift i saka Partar: Eigar av gnr. 272 bnr. 3, Lilly Johanne Vines, Skulevegen 9, 5614 ÅLVIK Eigar av gnr. 273 bnr. 1, Anders Myrland, Myrkdalsvegen 758, 5713 VOSSESTRAND Eigar av gnr. 273 bnr. 1, Odd Myrland, Myrkdalsvegen 758, 5713 VOSSESTRAND Eigar av gnr. 273 bnr. 7, Britt Haga, Bulken, 5700 VOSS Eigedomane ligg i Voss kommune. Til stades: Lilly Johanne Vines og Britt Haga. Dei andre partane var lovleg innkalla, men møtte ikkje. På spørsmål frå jordskiftedommaren hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til måten retten var samansett på. Ingen kjende til noko som kunne tilseie at retten var inhabil. Retten vart erklært for lovleg sett. Partslista vart gjennomgått. Følgjande dokument vart framlagde: 1 Krav om sak for jordskifteretten datert 02.06.2010. 2 Forkynning av krav om sak for jordskifteretten, datert 08.06.2010. 3 Innkalling til rettsmøte, datert 08.06.2010. 4 Kopi av skyldskifteforretning for gnr. 273 bnr. 7 halde 26.07.1963. Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad. Jordskiftedommaren foretok ei innleiande klarlegging av saka. 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272Indre Hordaland jordskifterett 1
Britt Haga gjorde greie for kravet. Lilly Johanne Vines fekk ordet. Fremming av saka. Vedtak: Retten ser slik på om saka skal fremmast: Etter jordskiftelova 1 er det "Eigedomar som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve", som kan leggjast under jordskifte. Eigar kan etter jskl. 88 krevje at jordskifteretten i særskild sak skal klarleggje, merkje av og beskrive eigedomsgrenser, Etter 3 i lova kan jordskifte ikkje fremmast "a) dersom kostnadene og ulempene blir større enn nytten for kvar einskild eigedom". Reglane om jordskifte gjeld på tilsvarande måte i grensegangssaker så langt dei høver. Jskl. 89 seier 3 bokstav a gjeld berre når grensene skal regulerast og gjev med det eit unntak frå kravet i ovannemnde 3. Av dette kan ein slå fast at på grunn av uklar eigedomsgrense er eigedom vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve og at jordskiftelova kjem til anvendelse. Vilkåra for å halda grensegang for eigedomsgrense til gnr. 273 bnr. 7 mot gnr. 273 bnr. 1 og gnr. 272 bnr. 3 er dermed tilstades. Ingen har sagt i mot at saka vert fremma. Retten er derfor komen til slik slutning: I medhald av jskl. 14 vert jordskiftesak 1230-2010-0011 fremma i samsvar med ovannemnde og vil omfatta klarlegging av eigedomsgrense til gnr. 273 bnr. 7 mot gnr. 273 bnr. 1 og gnr. 272 bnr. 3 i samsvar med kravet. Jordskiftedommaren foretok ei kort oppsummering av korleis saka framstod for retten. Synfaring Etter dei innleiande drøftingane inne reiste dei frammøtte partane og retten på synfaring på staden. På grunnlag av skylddelingsforretning, jf. dok. nr. 4, og funn i marka vart grensemerka rekonstruert og midlertidig merka i terrenget. Ved endeleg grensemerking vil det kunna verta mindre tilpassingar i terrenget. Vidare framdrift i saka. Avdelingsingeniør Sigbjørn Hauge vil merka grensene med jordskifteretten sine grensemerker i aluminium. Etter at grensene er merka og innmålte vil det verta utarbeidd jordskiftekart med grensebeskrivelse. Saka vil deretter verta avslutta i eige rettsmøte. Partane vert ikkje innkalla til dette møtet. På spørsmål hadde ingen merknader til forhandlingane. Utskrift av rettsboka blir send til partane i vanleg brev. Saka blir utsett inntil vidare. Retten heva. Voss, 29.06.2010 Thorbjørn Svane jordskiftedommar 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272Indre Hordaland jordskifterett 2
AVSLUTTINGSMØTE Rettsmøtedag: 09.08.2010 Stad: Jordskifterettens lokaler i Voss Sak nr.: 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272 - utsatt frå 29.06.2010. Saka gjeld: Krav om grensegang etter jordskiftelova 88 Jordskiftedommar: Thorbjørn Svane, som einedommar etter jordskiftelova 9 andre ledd. Protokollførar: Saka er kravd av: Til handsaming: Jordskiftedommaren Britt Haga 1 Avslutting av saka 2 Fordeling av kostnader Partar: Eigar av gnr. 272 bnr. 3, Lilly Johanne Vines, Skulevegen 9, 5614 ÅLVIK Eigar av gnr. 273 bnr. 1, Anders Myrland, Myrkdalsvegen 758, 5713 VOSSESTRAND Eigar av gnr. 273 bnr. 1, Odd Myrland, Myrkdalsvegen 758, 5713 VOSSESTRAND Eigar av gnr. 273 bnr. 7, Britt Haga, Bulken, 5700 VOSS Eigedomane ligg i Voss kommune. Til stades: Berre jordskiftedommaren var til stades. Ingen av partane var innkalla til dette møtet. Jordskiftedommaren gjekk gjennom hovedreglane i domstollova 106 108 og fann ikkje tilhøve som kunne gjera han ugild. Retten vart erklært for lovleg sett. Partslista vart gjennomgått. Følgjande dokument vart framlagde: 5 Brev frå jordskifteretten til partane, datert 30.06.2010 6 Brev frå jordskifteretten til partane, datert 08.07.2010 7 Jordskiftekart i mål 1: 1000, kartarkivnr. 129589 Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad. Saka er utsett sidan 29.06.2010. Avdelingsingeniør Sigbjørn Hauge føretok merking og innmåling av grenselinene den 06.07.2010. Det er utarbeidd jordskiftekart og grenseskildring. 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272Indre Hordaland jordskifterett 3
Framlegg til rettsfastsetjande vedtak vart sendt partane til uttale den 08.07.2010 med uttalefrist den 01.08.2010. Det har ikkje kome merknader innan fristen. Retten gjorde rettsfastsetjande vedtak i samsvar med reglane i 17a i jordskiftelova for grense nr. 1 og 2. Grense nr. 1. Vedtak: I denne saka er grense nr. 1 mellom gnr. 273 bnr. 7 og gnr. 273 bnr. 1 fastsett. Grensa er fastsett i samsvar med semje mellom partane slik som vist på jordskiftekart i mål 1:1000, kartarkivnr. 129589. Retten kom til slik slutning: Grense 1 vert fastsett slik den er skildra under og avlagt på jordskiftekartet, dok. nr. 7. Grense nr. 2. Vedtak: I denne saka er grense nr. 2 mellom gnr. 273 bnr. 7 og gnr. 272 bnr. 3 fastsett. Grensa er fastsett i samsvar med semje mellom partane slik som vist på jordskiftekart i mål 1:1000, kartarkivnr. 129589. Retten kom til slik slutning: Grense 2 vert fastsett slik den er skildra under og avlagt på jordskiftekartet, dok. nr. 7. På bakgrunn av ovannemnde vedtak samt merking og innmåling av grenser under leiing av avdelingsingeniør Sigbjørn Hauge er det utarbeidd slik utgreiing for: 1 Grenser 1.1 Grenseforklaring og målegrunnlag Grensene går i rette liner mellom dei grensepunkta som det er oppgitt retning for. Retninga mellom punkta er rekna ut frå koordinatane til punkta og er oppgitt i høve til nordretninga på kartet. Sirkelen er delt inn i 400 gradar. Avstanden mellom grensepunkta er horisontale mål i meter. Grensemerka er boltar/røyr av aluminium med hovud. Hovudet har påskrift "GRENSE" og JORDSKIFTERETTEN. For grensepunkta i grense nr. 1 og 2 er koordinatane fastsette med fasemålande tofrekvent satellittmåleutstyr med bruk av C-POS Koordinatane for grensepunkta har ein forventa presisjon betre enn 0,1 meter. 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272Indre Hordaland jordskifterett 4
Grensene er viste på jordskiftekart med kartarkivnummer 129589. Kartet er på eitt blad i målestokk 1: 1000. 1.2 Utgreiing om grensene Grense 1 Eigedom til venstre: Gnr. 273 bnr. 7 Eigedom til høgre: Gnr. 273 bnr. 1 Punktnr Skildring Retning Avstand X-koordinat Y-koordinat 4 Off. godkj. grensemerke i jord 6750211,67 363855,70 21,24 27,55 5 Off. godkj. grensemerke i jord 6750237,70 363864,72 324,64 31,29 6 Off. godkj. grensemerke i jord 6750249,51 363835,75 222,38 27,42 7 Off. godkj. grensemerke i jord 6750223,76 363826,30 Grense 2 Eigedom til venstre: Gnr. 273 bnr. 7 Eigedom til høgre: Gnr. 272 bnr. 3 Punktnr Skildring Retning Avstand X-koordinat Y-koordinat 7 Off. godkj. grensemerke i jord 6750223,76 363826,30 124,85 31,79 4 Off. godkj. grensemerke i jord 6750211,67 363855,70 2 Ymse avgjerder 2.1 Jordskiftekostnader Jordskiftekostnader og gebyr skal dekkast av partane i samsvar med jordskiftelova 74. På denne bakgrunnen blir kostnadene slik: Registreringsgebyr kr 4300,- Partsgebyr 3 x kr. 1548,- kr 4644,- Grenselengdegebyr kr 1720,- Grensemerke 4 x kr. 50,- kr 200,- Sum kr 10864,- Det heiter vidare i jordskiftelova 74, 8. ledd, at jordskifteretten kan endre dei samla gebyrkostnadene dersom arbeidsmengda i saka avvik nemnande frå det vanlege. I denne saka vart partane raskt samde om grensene. Dette medførte at jordskifteretten har hatt noko mindre arbeid i saka enn det som er vanleg. Det skal koma partane til gode i form av 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272Indre Hordaland jordskifterett 5
reduserte gebyr. Etter ei skjønnsmessig vurdering, finn jordskifteretten at dei samla gebyra i denne saka skal settast til kr. 8 800,00. Av dette utgjer registreringsgebyret kr. 4 300,00, utgifter til grensemerker kr. 200,00 og parts- og grenselengdegebyr kr. 4 300,00 Kostnadene er etter retten sitt skjønn fordelt mellom partane etter den nytten dei har hatt av jordskiftet, jf. jordskiftelova 76. Jordskifteretten har i samband med dette lagt til grunn at gnr. 273 bnr. 7 grensar til både gnr. 272 bnr. 3 og gnr. 273 bnr. 1. Av dette fell halvparten av kostnadene med oppmerkinga på gnr. 273 bnr. 7. Gnr. 272 bnr. 3 har 2 grensemerker felles med gnr. 273 bnr. 7 og gnr. 273 bnr. 1 har 4 grensemerker felles med gnr. 273 bnr. 7. Av dette fell 1/6 av kostnadene på gnr. 272 bnr. 3 og 2/6 av kostnaden med oppmerkinga på gnr. 273 bnr.1. Partane har fått høve til å uttale seg om fordelinga av kostnadene. Retten set opp denne fordelinga av kostnadene: Gnr./bnr. Eigar skal betale kr har betalt kr skuldar kr 272/3 Lilly Johanne Vines 1466,- 1466,- 273/1 Anders Myrland 1466,- 1466,- 273/1 Odd Myrland 1466,- 1466,- 273/7 Britt Haga 4402,- 4300,- 102,- SUM 8800,- 4300,- 4500.- Dei pålagde beløpa forfell til betaling 15 dager frå forkynningsdatoen. 2.2 Forkynning Forkynning skjer etter reglane for postforkynning. 2.3 Ikraftsetjing Dersom ikkje anna er særskilt bestemt, skal avgjerdene gitt i denne saka setjast i kraft ein månad etter at saka er rettskraftig. 2.4 Avslutting av saka Saka blir avslutta i dette møtet. Fristen for anke er éin månad rekna frå forkynningsdatoen. Reglane om anke følgjer forkynninga. 2.5 Matrikkelføring Når saka er rettskraftig, vil det bli sett fram krav om matrikkelføring til den lokale matrikkelmyndigheit. 2.6 Tinglysing Jordskifteretten vil sende saka til Tinglysingen. Når saka er rettskraftig, vil den bli tinglyst på: Gnr. 272 bnr. 3, gnr. 273 bnr. 1 og gnr. 273 bnr. 7 i Voss kommune. 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272Indre Hordaland jordskifterett 6
Saka slutt. Retten heva. Voss, 09.08.2010 Thorbjørn Svane jordskiftedommar 1230-2010-0011 MYRLAND gnr 273, 272Indre Hordaland jordskifterett 7