2 ANDRE BESTEMMINGAR Føresegnene kjem i tillegg til ei kvar tid gjeldande sentrale og kommunale lover og føresegner.

Like dokumenter
ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR GOTEBAKKEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR ØVRE RINGEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR GOTEBAKKEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR. 20, BNR. 27 MFL. PÅ FRØYSTAD

REGULERINGSFØRESEGNER - Alternativ B

"REGULERINGSPLAN (detaljplan i hht. pbl 12-3) FOR TOVÅGEN BUSTADFELT

HAREID KOMMUNE. Reguleringsføresegner Detaljplan for «Bustadfelt Røyset II»

2 - Andre bestemmingar. a. Desse føresegnene kjem i tillegg til dei til ei kvar tid gjeldande sentrale og kommunale lover og føresegner.

DETALJPLAN FOR "STOKKSUND, GNR. 58 BNR. 1 MFL."

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR Skulehaugane sist revidert PlanID:

REGULERINGSPLAN FOR KJELSVIKA. GNR. 15 BNR. 4 MFL.

Reguleringsføresegner

DETALJREGULERINGSPLAN FOR ØVRE FLUSUND GNR. 27 BNR. 1 M.FL PLAN-ID: REGULERINGSFØRESEGNER

DETALJREGULERINGSPLAN FOR HELSE OG OMSORGSSENTEROMRÅDET PLAN-ID: REGULERINGSFØRESEGNER

«SLETTO VEST» DETALJREGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADER. Del av gnr. 56, bnr. 17 og 142 i SVEIO KOMMUNE. REGULERINGSFØRESEGNER.

FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR RØYSET HYTTEFELT. Dato rev PlanID gjeldande plan:

DETALJREGULERING (etter pbl.-08) PLANFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Reguleringsplan, detaljregulering for: jf. plan- og bygningslovens (pbl) kap.12

REGULERINGSENDRING FOR SJØSIDA EIGEDOM

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Opsalmarka næringsområde gnr. 34. bnr. 4

Vår ref. Saksh.: Gunnar Elnan Arkivkode Arkivsak Dato: 15/4599 Telefon: K2-L12, GBNR-19/1 12/

DETALJREGULERING FOR SMÅBÅTHAMN HORNELANDSVÅGEN, DEL AV GNR. 46, BNR.4, STORD KOMMUNE

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR HJELMESET 3, GNR. 31 BNR. 2, 4 M.FL. HERØY KOMMUNE

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR MÅSVIKREMMA SYD

Framlegg til REGULERINGSFØRESEGNER for Bjørnevik bustadområde. Jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12

REGULERINGSPLAN (detaljplan ihht. PBL 12 3) FOR VERKET

MMUNE Per e Samordnings - og utviklingsstaben planleggar

FØRESEGNER FOR SKÅRNESVIKA, TOSKA GNR. 43, BNR 94 m.fl. I RADØY KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER I TILKNYTNING TIL REGULERINGSPLAN FOR BAKKEN II, TORPO, ÅL KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN FOR MYRABAKKEN BUSTADFELT PLAN-ID: REGULERINGSFØRESEGNER

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

ULSTEIN KOMMUNE. FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR ØVRE RINGEN Utarbeidd sist revidert PlanID:

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

DETALJREGULERING (etter pbl.-08) PLANFØRESEGNER

Reguleringsføresegner

FUGLE SKEI - DETALJREGULERING JØLSTER KOMMUNE FØRESEGNER

MELAND KOMMUNE. Reguleringsplan FOSSEMYRA IDRETTSANLEGG, GNR 24, BNR 58 m. fl. Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

REGULERINGSFØRESEGNER

ULSTEIN KOMMUNE FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR SKEIDE. datert PlanID:

L A U V F J E L L E T REGULERINGSFØRESEGN Detaljreguleringsplan, del av gnr. 15, bnr. 9, Ådland, Fusa kommune. PlanID:

BESTEMMELSER TIL DETALJREGULERING FOR BOTNEN, REGULERINGSPLAN FOR GNR 135 BNR 1, 13 I GULEN :

"REGULERINGSPLAN FOR EWOS INDUSTRIOMRÅDE FURØYA, HALSA I MELØY KOMMUNE

HERØY KOMMUNE REGULERINGSFØRESEGNER

Detaljreguleringsplan for Indre Moltumyr gnr.60 bnr.32 m.fl.

Reguleringsbestemmelser Reguleringsplan for Gorolie Revidert iht vedtak i kommunestyret , saknr. 31/08

Reguleringsføresegner. for. Alverneset. gbnr 137/28 m.fl.

Detaljreguleringsplan for: Del av gnr. 31, bnr. 4 m. fl. Trafikkplan Vik, Jondal. Reguleringsføresegner pbl 12-7

Meland kommune Reguleringsplan for Leirdalen, Ryland Gnr 43 bnr 132 med fleire; idrettsanlegg og barnehage Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER

PLANFØRESEGNER (etter pbl.-08)

FØRESEGNER for detaljregulering for Haganes hytteområde

REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN HÅLANDSSJØEN, BOKN KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER FOR REGULERINGSPLAN GNR. 81, BNR. 181 og 90 ROSENDAL HYTTETUN OG CAMPING, VEDAVIKA I KVINNHERAD KOMMUNE

1 - Generelt. 2 - Reguleringsføremål. Areala innanfor planens avgrensingslinjer er regulert til følgjande føremål: 3 - Fellesføresegner

FØRESEGNER. Detaljreguleringsplan Øyrane, Hellesylt. Jf. Plan og bygningsloven Kap 12.

Føresegner. Reguleringsplan for Tysnes omsorgssenter. Tysnes kommune

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Reguleringsføresegner

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR ÅHEIM SMÅBÅTHAMN. Føresegner datert Plankart datert

SULDAL KOMMUNE. Reguleringsplan for Helganes rasteplass Rv 13 Kolbeinstveit Helganesbrua jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12-7.

Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner Reguleringsplan Hollingsetervegen

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SKÅRHAUG

ULSTEIN KOMMUNE FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR SKEIDE. datert , sist revidert PlanID:

REGULERINGSPLAN FOR TROVÅG NORD VINDAFJORD KOMMUNE FØRESEGNER

DETALJREGULERING (etter pbl.-08) STOLEN OVERØYE, STORDAL KOMMUNE PLANFØRESEGNER

Reguleringsføresegner

DETALJREGULERINGSPLAN. Fritidsbustader Karihavet Del av gnr. 101, bnr.13 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegn Hytteområ de Skå røy Austevoll kommune

REGULERINGSPLAN. Svartabrotet naustområde del av gnr. 14 bnr.38 PlanID: Bømlo KOMMUNE

HYTTEFELT LAUVFJELLET F Ø R E S E G N E R. Detaljreguleringsplan, gnr. 15, bnr. 9 m. fl.

REGULERINGSPLAN FOR BØMLO FISKERIHAMN, HAVLANDSHAGEN, GNR. 53 BNR. 53 m.fl., BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 230 BNR. 1 M.FL., STØLSVIK, HALSNØY, KVINNHERAD KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

"DETALJPLAN FOR ØVRE ROTSET NÆRINGSOMRÅDE"

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

ULSTEIN KOMMUNE FØRESEGNER TIL DETALJREGULERING FOR SKEIDE, ALTERNATIV A. datert , sist revidert PlanID:

1.1 Det regulerte området er vist på plankart i mål 1:1000, datert

Reguleringsføresegner pbl 12-7

Vindafjord kommune FØRESEGNER FOR DETALJREGULERING FOR GANG- OG SYKKELVEG SANDEID LÆRDAL, LANGS FV. 514 PLAN ID

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR RORBUER OG NAUST PÅ GNR. 84/ BNR. 10 PÅ HELLAND

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Sandholmen delar av gnr. 71 bnr.1 PlanID: BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN HÅLANDSSJØEN, BOKN KOMMUNE

REGULERINGFØRESEGNER

SUND KOMMUNE 1 INTENSJON I PLANEN

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN DETALJREGULERING GISKEREMEN (JOHANGARDEN), GNR. 127 BNR. 34 MED FLERE, GISKE KOMMUNE PLANIDENT:

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Ramsneset gnr.82 bnr.40, m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

HERØY KOMMUNE REGULERINGSFØRESEGNER

Føresegn. Geir Sandal AS og Jimmy Nore og Sønn Områderegulering for massetak og næringsområde på Almenningsfjellet

Detaljregulering, del av Bjønnshiknatten, Hillestadheia Hyttegrend, Tovdal, Gnr. 9 Bnr. 32, Åmli kommune.

FØRESEGNER DETALJREGULERING JOGARDEN, ROALD, DELAR AV 1/17 MED FLEIRE, VIGRA

Transkript:

HAREID KOMMUNE REGULERINGSFØRESEGNER Regulering Ovrasanden friluftsområde Planidentifikasjon: Kartnr. i kartarkivskap nr. 1 Eigengodkjenningsdato Eigengodkjend av: xxx xxx xx.xx.2015 Hareid kommunestyre Områdeomtale/plangrense: Nord: Sjøområde, gnr. 78 bnr. 12 Aust: Sjøområde Sør: Fylkesveg 35 og gnr. 78 bnr. 257 og 258 Vest: Fylkesveg 35 og gnr. 78 bnr. 1, 7, 8 og 12 Plangrensene er vist på reguleringskarta 2014-100 (vertikalnivå 2, på grunnen) og 2014-101 (vertikalnivå 1, under grunnen), begge datert/revidert 15.5.2015. 1 - GYLDIGHEITSOMRÅDE Desse reguleringsføresegnene gjeld for det området som på plankartet er vist med reguleringsgrenser. Innanfor desse grensene skal areala nyttast - og bygningane plasserast - slik som planen (plankartet og føresegnene) fastset. 2 ANDRE BESTEMMINGAR Føresegnene kjem i tillegg til ei kvar tid gjeldande sentrale og kommunale lover og føresegner. 3 - PRIVATRETTSLEGE AVTALAR Etter at denne reguleringsplanen med tilhøyrande føresegner er gjort gjeldande, kan det ikkje gjerast privatrettslege avtalar som er i strid med planen. 4 - REGULERINGSFØREMÅL Arealet innanfor reguleringsgrensene skal nyttast i samsvar med plan- og bygningslova til følgjande føremål slik: Bygningar og anlegg (PBL. 12-5, nr. 1) - Fritidsbusetnad, frittliggjande hytte (BFF) - Anna type bygg/anlegg: Spelplass (BAS) - Anna kommunalteknisk anlegg (BKT) - Naust (BUN) Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (PBL. 12-5, nr. 2) - Køyreveg (SKV) - Gang-/sykkelveg (SGS) - Gangveg (SGG) - Annan veggrunn teknisk anlegg - Parkeringsplass (SPP) - Parkeringsplass, tråsykkel og El-sykkel (SPP-S) Grøntstruktur (PBL. 12-5, nr. 3) - Badeplass på land (GB) Landbruks-, natur- og friluftsføremål (PBL. 12-5, nr. 5) - Jordbruk (LJO) - Friluftsområde (LF)

2 Bruk og vern av sjø og vassdrag (PBL. 12-5, nr. 6) - Friluftsområde i sjø (VFV) - Badeområde i sjø (VB) Sikringssone (PBL. 11-8 a.1, jf. 12-6) - Frisikt (H140) Faresone (PBL. 11-8 a.3, jf. 12-6) - Flaumfare (H320) Sone for angitte særlege omsyn (PBL. 11-8 c, jf. 12-6) - Bevaring kulturmiljø (H570) Bandleggingssoner (PBL. 11-8 d, jf. 12-6) - Bandlegging etter kulturminnelova (H730) Føresegnsområde (PBL. 12-7) - Villkår for bruk av areal (#1 og #2) 5 - FELLESFØRESEGNER a. Bebyggelsen skal plasserast innanfor dei regulerte byggjegrensene. I tillegg til viste byggjegrenser kjem bygningar som inngår i planen. Gesims- og mønehøgde vert målt ut frå gjennomsnittleg planert terreng rundt bygget. b. Mindre vesentlege unnatak frå desse føresegnene kan når særlege grunnar talar for det - tillatast av kommunen innanfor ramma av bygningslovgjevinga og bygningsvedtektene i kommunen. c. Innafor byggjeområde kan det oppførast trafokioskar, pumpestasjonar eller andre tekniske innretningar der dette er nødvendig. Frittståande bygg til slike føremål skal ha dimensjon, form og farge som er tilpassa bebyggelsen elles i området. d. Det skal ikkje førast opp plasthallar, skur eller midlertidige konstruksjonar innan områda som denne planen omfattar. Unnataket er mellombelse bygg/telt i tilknyting til arrangement på spelplassen. Slike bygg/telt skal godkjennast av kommunen også tidsrommet løyve gjeld. Det kan heller ikkje lagrast eller plasserast containerar og tilsvarande innretningar anna enn på område BKT2, jf. eigen omtale. e. Ved utforming av anlegg og bygningar skal universell utforming så langt råd leggast til grunn. f. Føresegnsområda #1 og #2 gjeld automatisk freda kulturminne som skal granskast nærare før utbygging kan skje. 6 BYGNINGAR OG ANLEGG (PBL. 12-5, nr. 1) 1. Fritidsbusetnad, frittliggjande hytte (BFF) For fritidsbygg er utnyttingsgraden definert som grad av utnytting ved tillate bruksareal (T- BRA). I området merka BFF er maks. T-BRA 100 m² pr. tomt, inkludert veranda, overdekt terrasse (jf. teknisk forskrift) og anneks/uthus. Stove og kjøkken skal reknast med sitt faktiske golvareal utan berekningsplan for kvar 3,0 m høgde.

3 Maks gesimshøgde 4,5 m og maks mønehøgd 6,5 m i forhold til gjennomsnittleg planert terreng. Parkering skal sikrast på regulert offentleg parkeringsplass ved frikjøp. 2. Anna type bygg/anlegg: Spelplass (BAS) I område merka BAS Spelplass - kan byggjast bygningar i tilknyting til Spelplassen, amfi og tilhøyrande støyvoll. Langhuset kan ha funksjon som vikinghus i tilknyting til sogespel, lokale for kurs og leirskule, selskapslokale og tilhøyrande sanitæranlegg og lager. I tillegg kan førast opp mindre bygningar som del av Spelplassen sin funksjon. Innan område kan det også, i kombinasjon med amfiet, leggast til rette for ballspel som volleyball, badminton og ulike kastleikar. Spelplassområdet sitt utomhusareal skal vere tilgjengeleg for ålmenta sin bruk i periodar utan arrangement innan området. I samband med detaljprosjektering skal anlegget sin konstruksjon, som ligg under kote 5, vurderast opp mot risiko for skade som følgje av flodbølgje og oppskyljingshøgd grunna ev skred i Åkneset. Viste høgder påført plankartet er rettleiande. Innan område BAS for Spelplass er utnyttingsgraden definert som grad av utnytting ved tillate bebygd areal BYA. I arealet er rekna med planlagt langhus, ev bygning som del av tribuneanlegget i amfiet, tribuneanlegget sin bygningsmessig konstruksjon og andre mindre bygningar i tilknyting til Spelplassen sin funksjon. Maks tillate bebygd areal er 1000 m 2. Utforming av bygningar bør gjerast i samråd med kulturmynde. 3. Anna kommunalteknisk anlegg (BKT) Innanfor område BKT1 kan oppførast kloakkpumpestasjon. Tillate bebygd areal er 25 m 2. I område merka BKT2 kan førast opp bygning i tilknyting til renovasjonsordninga for tiltaka som planen omfattar. Det kan førast opp bygning og/eller plasserast container (-ar) til bruk for renovasjonsordning som skal gjelde for tiltaka innan planområdet. Andre tiltak eller mellombelse tiltak er ikkje lovleg. Tillate bebygd areal er 100 m 2 Innanfor BKT-områda skal møne og gesimshøgde tilpassast tiltaket sin funksjon innan ramma av pbl. 4. Naust (BUN) Eksisterande naust innan området inngår i planen. For BUN gjeld maks tillate bruksareal (T-BRA) lik 40 m 2 etter NS3940. Mellom nausta skal det vere ein min. avstand lik 3 m. Dette skal sikrast ved frådelinga av tomter. Det kan berre førast opp eitt naust pr. eigedom. Mønehøgda skal vere under 5 meter frå normalt høgvatn (NGO nullpunkt landkart) eller terrengnivå topp golv ved naustport. Naust skal ha saltak med takvinkel i intervallet 30-40 grader. Vindauga si dagslysflate skal ikkje overstige 3 prosent av hovudplanet sitt bruksareal (BRA). Det er ikkje tillate med brot i takflatene (arker eller opplett), karnapp, skorstein, lèvegg og andre element som ikkje er i samsvar med naustet sin funksjon. Fargebruken skal vere avdempa. Dette gjeld også for lister og anna detaljering. For nye naust stillast det krav om parkeringsdekning på ½ plass pr. naust. Naust skal tilpassast slik at fri ferdsel i strandsona ikkje vert hindra. Altan/utkravging er ikkje tillate. Parkering skal sikrast på regulert offentleg parkeringsplass ved frikjøp.

4 7 UTEAREAL TIL BYGGJEAREAL a. Ikkje utbygd del av eigedom skal utformast tiltalande. Det er ikkje tillate å ha skjemmande skjeringar og fyllingar. Skjeringane som følgjer av utgraving/planering av tomt eller veganlegg skal tilsåast/-plantast. Skråningane skal framstå som vegetasjonsbelte. b. Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å ta vare på og nytte eksisterande terreng og lokal vegetasjon i området i samband med utbygging og tilplanting. Der planering medfører støttemuren mot nabotomt eller veg, kan kommunen påby at planeringshøgda vert senka eller heva slik at høgda på støttemuren vert redusert. c. Ev. utelagring kan berre tillatast dersom funksjonane vert skjerma av vegetasjon, gjerde eller overdekkande bygning. Dette må vurderast i kvar enkelt sak og ut i frå funksjon og omfang. Skjermingstiltak skal godkjennast av kommunen. d. Uteareal skal opparbeidast og ferdigstillast samstundes med bygningane/anlegget elles i samsvar med utbyggingsplan godkjent av kommunen. e. Ved trinnvis utbygging skal utbyggingsareal som ikkje vert teke i bruk med ein gong opparbeidast førebels med vegetasjon el. etter utbyggingsplan. Uteareal skal opparbeidast og ferdigstillast samstundes med bygningane/anlegget elles. f. Innafor kvar tomt må utbyggjar syte for naudsynt drenering for overvatn og grunnvatn, og føre dette til avløp til bekk/vassdrag eller kommunalt leidningsnett etter godkjenning frå kommunen. g. Kommunen skal ha rett til å nytte uteareal i samband med naudsynt vedlikehald av kommunaltekniske anlegg som kryssar eller ligg inntil byggjeområda. h. Terreng, gjerde og hekkar langs gater og i kryss skal ikkje vere høgare enn 0,7 m over vegnivået. Ved avkøyrsle gjeld krava ovanfor, men høgda skal ikkje vere over 0,5 m. Sjå elles føresegnene 12 vedkomande frisiktsone. 8 SAMEFERDSELSANLEGG / TEKNISK INFRASTRUKTUR (PBL. 12-5, nr. 2) 1. Køyreveg (SKV) I regulert veggrunn SKV1 tillatast ikkje andre innretningar eller anlegg enn dei som er nødvendige for drift og vedlikehald av veganlegget. VA- og kabelanlegg skal fortrinnsvis leggast i andre trafikkareal enn køyreareal. I regulert veggrunn SKV2 tillatast VA- og Elanlegg om slike ikkje kan leggast i tilgrensande trafikkareal. 2. Gang-/sykkelveg (SGS) I regulert grunn til gang-/sykkelveg/-sti kan tillatast VA- og kabelanlegg. Viste høgder påført plankartet er rettleiande. 3. Gangveg (SGG) I regulert grunn til gang/-sti kan tillatast VA- og kabelanlegg. Viste høgder påført plankartet er rettleiande. SGG7, vist på plankart 2/2 (vertikalnivå 1- under grunnen), gjeld miljøtunnel/undergang. Viser elles til føresegnene 17 a (rekkjefølgjekrav).

5 4. Annan veggrunn teknisk anlegg Området skal nyttast til sideareal for veg, slik som grøfter, skråningar og snøopplag. Vegskråningar skal plantast til eller handsamast på ein tiltalande måte. Ved utbygging skal planteplan godkjennast av vegeigar. I tillegg til vist sideareal kjem nødvendig areal til vegskjeringar og fyllingar. Slikt areal kan leggast på tomtegrunn/tilstøytande naboareal. 5. Parkeringsplass (SPP) I regulert grunn til parkering skal VA- og kabelanlegg fortrinnsvis leggast i andre trafikkareal. Parkeringsplassar skal oppmerkast og parkering for rørslehemma skal skiltast. På område kan parkering til naust sikrast ved frikjøp av parkeringsplass. Viste høgder påført plankartet er rettleiande. 6. Parkeringsplass for tråsykkel og El-sykkel (SPP-S) På området kan byggjast naudsynte sykkelstativ. 9 GRØNTSTRUKTUR (PBL. 12-5, nr. 3) Badeplass på land (GB) Badeplass på land skal nyttast til ålmenta si uhindra rekreasjon, opphald og leik. Leik skal avgrensast til mindre born sine aktivitetar. Leik som kan reknast for sport skal ikkje leggast til rette. Det kan ikkje førast opp bygningar på dette området. Innanfor området kan det likevel leggjast til rette for bading (tilkomst til sjø) for rørslehemma ved særskilde mindre avgrensa tiltak. Motorferdsel innanfor området er forbode. 10 BRUK OG VERN AV SJØ OG VASSDRAG (PBL. 12-5, nr. 6) 1. Friluftsområde i sjø (VFV) Innanfor friluftsområde sjø er det ikkje tillate å drive verksemd eller føre opp anlegg eller bygg som etter kommunen sitt skjøn er til hinder for området sin bruk. Berre mindre inngrep som har med området sin funksjon å gjere skal kunne utførast (t.d. etablering av landfeste, mindre brygge for i landstigning og mindre tiltak i tilknyting til bading, fiske etc. 2. Badeområde i sjø (VB) Badeområde i sjø skal nyttast til ålmenta si uhindra rekreasjon, opphald og leik. Området si ytre avgrensing kan merkast opp med turvande flytande merkeutstyr. Motorferdsel innanfor området er forbode. I tilknyting til arrangement på Spelplassen skal mellombels flytebrygge kunne leggast ut dersom det er del av spelet sitt sceneoppsett. Før slik brygge kan leggast ut skal kommunen gje løyve. 11 LANDBRUKS-, NATUR- OG FRILUFTSFØREMÅL (PBL. 12-5, nr. 5) 1. Jordbruk (LJO) Innanfor områda merka LJO kan det drivast tradisjonelt jordbruk/landbruk. 2. Friluftsområde (LF) Område merka LF skal nyttast til ålmenta si uhindra rekreasjon, opphald og leik. Innan områda kan tillatast oppført anlegg og bygningar som er naudsynt for området sin bruk og funksjon (sanitæranlegg, kiosk, båthus, lager for reiskap og vedlikehaldsutstyr), men det er elles ikkje tillate å drive verksemd eller føre opp bygg eller anlegg som etter kommunen sitt skjøn er til hinder for bruken av friluftsområdet.

6 Anlegg og bygningar kan likevel ikkje førast opp på område med kulturelle vernerestriksjonar. Unnataket er gangstiane, Sti1 og Sti2, som ligg i friluftsområda LF1 og LF2. Desse stiane skal planleggast i samråd med kulturmynde. Slik sti kan byggjast innan ei inngrepsbreidd på inntil 1,5m. I tilknyting til arrangement på Spelplassområdet (BAS) kan deler av eigedomen gnr. 78 bnr. 7 som ligg innanfor LF1, og som grensar til offentleg veg, nyttast til støttefunksjonar som t.d. mobilt sanitæranlegg, kioskar o.a. etter særskilt løyve frå kommunen. Innan område LF1 føreset planen at eksisterande sanitærbygning inngår i planen. Bygninga skal stette friområda sitt behov for sanitæranlegg og kan utbyggast i tråd med tida sine krav. Som følgje av riving og nybygg skal ny bygning plasserast innanfor vist byggjegrense. Tillate bruksareal (T-BRA) lik 150 m 2. Som maks gesimshøgde gjeld 3,5 m og maks mønehøgd 5,5 m i forhold til gjennomsnittleg planert terreng. Eksisterande vegar, gangstiar, brygge og monument med tilhøyrande anlegg skal kunne oppretthaldast og haldast vedlike. 12 SIKRINGSSONE (PBL. 11-8 a.1, jf. 12-6) Frisiktsone (H140) Frisiktsone i vegkryss må ikkje utnyttast slik at det på noko tidspunkt hindrar fri sikt. Areal innanfor frisiktsone skal planerast ned til 0,5 m over tilgrensande vegar sitt nivå. I desse sonene kan det ikkje plantast vegetasjon som kan hindre sikta. 13 FARESONE (PBL. 11-8 a.3, jf. 12-6) Flaumfare (H320) I planen er det vist faresoner for flaum. Desse sonene viser oppskyllingshøgd for flodbølgje generert av fjellskred frå Åkneset. Oppskyllingshøgda korresponderer med det som er vist i kommuneplanen sin arealdel 2012-2024. Innanfor omsynssone for flaumfare, må det ved prosjektering av nye byggjetiltak takast nødvendige omsyn ved dimensjonering og planløysingar i samsvar med berekningar i rapport 20100899-00-2-R, NGI, datert 8. februar 2011. 14 SONE FOR ANGITTE SÆRLEGE OMSYN (PBL. 11-8 c, jf. 12-6) Bevaring kulturmiljø etter kulturminnelova (H570) Gjeld bevaringssone rundt dei automatisk freda kulturminna idnr. 16206, 25906, 55601 og del av 145426. Inngrep innanfor sonene skal ikkje skje utan avklaringar med kulturmynde. 15 BANDLEGGINGSSONER (PBL. 11-8 d, jf. 12-6) Bandlegging etter kulturminnelova (H730) Gjeld bandleggingssone etter kulturminnelova for dei automatisk freda kulturminna idnr. 16206, 25906, 55601 og del av 145426. Alle inngrep i grunnen eller andre tiltak som kan virke inn på dei automatisk freda kulturminna ikkje tillate utan dispensasjon frå kulturminnelova. 16 FØRESEGNSOMRÅDE (PBL. 12-7) Føresegnsområde merka #1 på plankartet gjeld del av kulturminne idnr. 145426, villkår for bruk av areal. Føresegnsområde merka #2 på plankartet gjeld kulturminne idnr. 145428, villkår for bruk av

7 areal. Områda gjeld automatisk freda kulturminne som skal granskast nærare før utbygging kan skje. 17 REKKJEFØLGJEKRAV (PBL. 12-7 nr. 10) a. Ved utbygging av område BAS (Spelplass) skal miljøundergang SGG7 under Fv35 byggjast som vist på plankarta. Ny avkøyrsle, tilkomst, areal til returpunkt for renovasjon (jf BKT2) og nødvendige parkeringsplassar skal byggjast samtidig. Kommunen fastset krav til tal parkeringsplassar i tilknyting til spelplassen. Dei regulerte parkeringsplassane kan byggjast ut stegvis, men då slik at tal parkeringsplassar for publikum sin tilkomst til friområda og Spelplassen er tilfredstillande. b. Ved frådeling/bygging innan områda BFF og BUN skal parkeringsplass kjøpast fri på offentleg parkeringsplass SPP1-SPP6. Revidert 3.06.2015 Hareid kommune, xx.xx.2015 - ordførar - - rådmann -