MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 45/09 09/82 POLITISK KVARTER 3 46/09 09/1839 TENESTETORG 5



Like dokumenter
KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 67/09 09/454 PORTEFØLJESTATUS PR AUGUST /09 09/ TERTIALRAPPORT

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

1. Mål med samhandlingsreforma

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Samhandlingsreformen

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Luranetunet Møtedato: Frå: til 15.00

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Luranetunet Møtedato: Frå: til 16.00

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Vågå kommune Felles tenester

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Saksnr Utval Møtedato

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 15/06 06/6 UTSKRIFT FRÅ FØRRE ELDRERÅDSMØTE 1

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 38/09 09/163 INTERKOMMUNALT LEGEVAKTSAMARBEID MELLOM OS OG SAMNANGER

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Mestring og deltaking heile livet

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Frå visjon til realitet November 2012

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 16.00

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Team Hareid Trygg Heime

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859 OMSTILLING - OPPRETTING AV STILLINGSBANK

Strategiplan for Apoteka Vest HF

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Frivilligpolitisk plattform

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 78/09 09/454 PORTEFØLJESTATUS PR AUGUST /09 09/ TERTIALRAPPORT

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Trygg og framtidsretta

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Innovasjonsmetoden vår

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Transkript:

OS KOMMUNE Avdeling for Tenestestyring Utval: TENESTEUTVALET Møtestad: Skorpo Møtedato: 23.09.2009 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 45/09 09/82 POLITISK KVARTER 3 46/09 09/1839 TENESTETORG 5 47/09 08/2599 FYSIOTERAPITENESTA I OS KOMMUNE. NY FINANSIERINGSORD- NING FOR PRIVATE FYSIOTERAPEUTAR MED DRIFTSAVTALE. 27 48/09 09/1948 STRATEGIDOKUMENT OMSORGSTENESTA 35 49/09 09/935 STATUS I OMRÅDET FOR HELSE OG SOSIAL 75 50/09 09/936 STATUS I OMRÅDET FOR OPPVEKST OG KULTUR 79 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 10.09.2009 Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 45/09 MØTEBOK POLITISK KVARTER Saksbehandlar: Gunvor S. Heggland Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 09/82 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 1/09 Tenesteutvalet PS 04.02.2009 11/09 Tenesteutvalet PS 11.03.2009 21/09 Tenesteutvalet PS 22.04.2009 28/09 Tenesteutvalet PS 27.05.2009 36/09 Tenesteutvalet PS 10.06.2009 45/09 Tenesteutvalet PS 23.09.2009 Uformell drøfting av ymse saker. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 46/09 MØTEBOK TENESTETORG Saksbehandlar: Beate Moberg Arkiv: 053 Arkivsaksnr.: 09/1839 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 46/09 Tenesteutvalet PS 23.09.2009 Framlegg til vedtak: Tenesteutvalet tek saka om Tenestetorg til orientering. Os, 20.8.2009 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 46/09 Vedlegg: Prosjektrapport: Tenestetorg Os kommune Saksopplysningar: I Os kommune har vi starta arbeidet med å leggja til rette for at kommunen skal bli ein servicekommune med døgnope digital forvaltning 24/7, der auka bruk av nettbasert kommunikasjon skal medverka til at innbyggjarane opplever kommunen som moderne, open og tilgjengeleg. Tenestetorget skal medverka til at publikum opplever betre service og kvalitet på tenestene våre, dei interne prosessane skal bli betre og omdømme til Os kommune skal betrast slik at nye arbeidstakarar finn kommunesektoren interessant. Vedlagt følgjer prosjektgruppa sin rapport vedkomande Tenestetorg. Rapporten gjer greie for korleis ein ser føre seg at eit Tenestetorg skal kunne fungera i framtida. Rådmannen går inn for rapporten som den ligg føre i høve kvifor vi skal ha Tenestetorg, nærleik og tilgjenge, aktiv informasjon, digitale tenester, publikumsretta tenester, lokale og utstyr. Når det gjeld personalet og organiseringa forlkarar rapporten godt korleis ein ser føre seg at dette skal fungera. Rådmannen ønskjer likevel å presisera følgjande: Målet er å organisera seg på ein måte som gjer at Tenestetorget er robust og kan yta gode tenester uavhengig av korleis vi vel å organisera oss på rådhuset i framtida Tenestetorget skal i framtidal ha større vekt på spesialistkompetanse og fagkompetanse enn i dag Fagkompetansen i Tenestetorget skal vera tilsett i områda/fagområda og fagpersonalet skal ikkje nødvendigvis vera tilsett i avd. for Tenestestyring. Dette betyr at rapporteringsvegen for spesialistkompetansen vert tenestevegen for områda når det gjeld faglege utfordringar Generalistkompetansen/fellesfunksjonane bør organisatoriske høyra til fellesfunksjonar innan stab/støtte, eller i noverande modell innan Tenestestyring Når det gjeld namnet på Tenestetorget har rådmannen ikkje konkludert med det endelege namnet. Dette vil bli drøfta nærare i leiargruppa før vi konkluderer. Det vidare arbeidet med å etablera eit Tenestetorg vert leia av Beate Moberg. Rapporten, saman med tilleggpunkta over, vert utgangspunktet for det vidare arbeidet. For å kunna realisera Tenestetorget må det kommunetorget vi har i dag byggast om og kontroll av tilgjenge må på plass. Planlegginga kring dette er i full gang i samband med å gjera heile rådhuset meir føremålsteneleg og framtidsretta for alle tenester og funksjonar. Arbeidet med romprogram, sikra finansiering, detaljprosjektering og val av leverandør skal følgja dei formelle prosessane før byggjearbeida kan starta. Rådmannen reknar med at Tenestetorglokala kan stå ferdig i august 2010. Frå ferdigstillinga av lokala vil det nye Tenestetorget vera i full drift med rett kompetanse og teneleg utstyr. Os, 20.8.2009 Beate Moberg Kommunaldirektør Side 4 av 30

Sak 47/09 MØTEBOK FYSIOTERAPITENESTA I OS KOMMUNE. NY FINANSIERINGSORDNING FOR PRIVATE FYSIOTERAPEUTAR MED DRIFTSAVTALE. Saksbehandlar: Eva-Mari Solberg Arkiv: 223 G27 Arkivsaksnr.: 08/2599 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 41/09 Tenesteutvalet PS 10.06.2009 47/09 Tenesteutvalet PS 23.09.2009 Framlegg til vedtak: Tenesteutvalet tek sak om fysioterapitenesta i Os kommune som melding. Saka vert teke med som underlag til budsjetthandsaminga 2010 2013. Os, 09.09.09 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 47/09 Behandling i Tenesteutvalet i møte 10.06.2009 Behandling i utvalet: Eli Mari Solberg og Martha Lunde Pedersen orienterte. Tenesteutvalet ønsker følgjande: Utvalet ønskjer å få ein oversikt over både kommunale og private fysioterapeutar. Økonomieininga skal følgja med når midlane kjem inn til kommunen, slik at desse pengane kan synast på budsjettet. Kommunen må vurdera å auka heimlane for å oppretthalda tilbodet vi har i dag. Helst bør heimlane tilsvara behovet då kommunen ikkje klarer å halda ventelistene nede. Innstillinga og tillegget vart samrøystes vedteke. Vedtak: Tenesteutvalet tek sak om ny finasieringsordning og underdekning i fysioterapitenesta i kommunen som melding. Tenesteutvalet ønskjer følgjande: Utvalet ønskjer å få ein oversikt over både kommunale og private fysioterapeutar. Økonomieininga skal følgja med når midlane kjem inn til kommunen, slik at desse pengane kan synast på budsjettet. Kommunen må vurdera å auka heimlane for å oppretthalda tilbodet vi har i dag. Helst bør heimlane tilsvara behovet då kommunen ikkje klarer å halda ventelistene nede. Side 6 av 30

Sak 47/09 Saksopplysningar: Tenesteutvalet behandla i møte 10.06.2009 sak 41/09. Følgjande vedtak vart gjort: Tenesteutvalet tek sak om ny finasieringsordning og underdekning i fysioterapitenesta i kommunen som melding. Tenesteutvalet ønskjer følgjande: Utvalet ønskjer å få ein oversikt over både kommunale og private fysioterapeutar. Økonomieininga skal følgja med når midlane kjem inn til kommunen, slik at desse pengane kan synast på budsjettet. Kommunen må vurdera å auka heimlane for å oppretthalda tilbodet vi har i dag. Helst bør heimlane tilsvara behovet då kommunen ikkje klarer å halda ventelistene nede. Oversikt over private fysioterapeutar med og utan driftsavtale: Administrasjonen gjev her ei oversikt over gjeldande driftsavtalar og kor mykje det einskilde institutt, med og utan driftsavtale, arbeider utover avtalen: Institutt Os Manuellterapi & Fysioterapi AS 3 fysioterapeutar med driftsavtale (1 fysioterapeut utan driftsavtale) Mobergs Fysikalske Institutt 3 fysioterapeutar med driftsavtale Flåten Fysioterapi 3 fysioterapeutar med driftsavtale (1 fysioterapeut utan avtale, jobber ca 50 %) Os Fysioterapi og Friskvern 1 fysioterapeut med driftsavtale Fysioterapisenteret i Irisgården 1 fysioterapeut med driftsavtale (1 fysioterapeut utan driftsavtale, jobber ca 70/80 %. 1 ny fysioterapeut utan driftsavtale skal begynne i ca 30%) Storleik driftsavtale 35 % = 12.6 t pr. veke 65 % = 23,4 t pr. veke 100 % = 36 t pr. veke 100 % = 36 t pr. veke 80 % = 28,8 t pr. veke 20 % = 7,2 t pr. veke 80 % = 28,8 t pr.veke 80 % = 28,8 t pr.vek 80 % = 28,8 t pr. veke 20 % = 7,2 t pr. veke 20 % = 7,2 t pr. veke Arbeidd utover avtalen i 2008 19 t pr veke 3 t pr. veke 4 t pr. veke 14,2 t pr. veke 28,8 t pr. veke 6 t pr. veke 4,5 t pr. veke 10 t pr. veke Utbetalt driftstilskot frå kommunen pr. 01.07.09 102 480,- pr. år 190 320, - pr. år 292 800, - pr. år 292 800,- pr. år 234 240,- pr. år 58 560,- pr. år 234 240- pr. år 234 240,- pr år 234 240,- pr. år 32 t pr. veke 58 560,- pr. år 42,8 t pr. veke 58 560,- pr. år Side 7 av 30

Sak 47/09 Ny finansieringsordning for fysioterapitenesta gjeldande frå 01.07.2009: Den viktigaste endringen i avtalen mellom staten v/helse- og omsorgsdepartementet, KS og Norsk Fysioterapiforbund er at driftstilskotet til private fysioterapeutar med avtale vert auka og honorartakstar gjennom NAV vert redusert tilsvarande. Ny sats for driftstilskot til private fysioterapeutar med 100 % driftsavtale er per 01.07.2009 kr 292 800. Os kommune har allereie iverksett utbetaling etter den nye satsen til fysioterapeutar med avtale. Fastlønstilskotet frå NAV til kommunalt tilsette er per 01.07.2009 kr 157.500 for 100 % stilling. Endringa per 01.07.2009 er moderat (25 %), ytterlegare og gjenverande auking (75 %) av driftstilskotet med tilsvarande reduksjon av honorartakstar vil skje per 01.07.2010. Administrasjonen har førebels ikkje motteke noko offisiell informasjon om korleis overføringa frå staten vert synleggjort, men vi har fått følgjande svar i Epost av 03.09.2009 frå KS: Helse- og omsorgsdepartementet opplyser følgende: Merkostnader inneværende år utfra årsverk private fysioterapeuter med driftsavtale i KOSTRA og økte driftstilskudd per 1. juli vil kompenseres den enkelte kommune fullt ut. Det er ikke formelt avklart hvorvidt dette skjer gjennom rammetilskudd (tabell C) eller et eget øremerket tilskudd. Offisiell informasjon går trolig ut fra staten i løpet av 1-2 uker. Helårsvirkning i 2010 kompenseres ifølge departementet på samme måte som i 2009. Virkning av økte driftstilskudd fra 1. juli 2010 vil man komme tilbake til, trolig i Revidert Nasjonalt Budsjett (RNB) 2010. Denne øyremerkte rammeoverføringa for 2009, som truleg også vert kompensert for 2010, vil berre sikra kommunen sine utgifter til private fysioterapeuter som alt har driftsavtale med kommunen. Ny finansieringsordning gjev ikkje fysioterapeutar med deltids driftstilskot automatisk rett til å få auka opp avtalane sine. Dette betyr at dersom kommunen skal inngå nye avtalar om driftstilskot med private fysioterapeutar, eller auka eksisterande deltidstilskot, vert det ein rein kommunal utgift som må handsamast som ein del av budsjettet for 2010 2013. Nye søknader om driftstilskot: Os kommune har motteke søknad om auking av eksisterade deltidstilskot frå 4 private fysioterapeutar, desse 4 søknadane utgjer tilsaman auke på 170 % driftstilskot, som vil kosta Os kommune kr. 497.760 (292.800 x 1,7) per år. I tillegg har 1 privat fysioterapeut utan eksisterande driftsavtale søkt om nytt tilskot på 40 %. Side 8 av 30

Sak 47/09 Samanlikningstal årsverk fysioterapeutar. Omfattar alle fysioterapeutar som definert i KOSTRA 2008: Kommune Os Fjell Askøy Lindås Stord Årsverk 10 16 15 15 14 Oversikt over tal pasientar hos private fysioterapeutar med driftsavtale: Årstal 2006 2007 2008 Tal pasientar ca 1454 ca 1572 ca 1661 Oversikt over tal pasientar hos kommunale fysioterapeutar: Årstal 2006 2007 2008 Tal pasientar 265 297 357 Nye tilvisingar til ergo- og fysioterapitenesta i 2008: Tal 1.prioritet Avvik 2.prioritet Avvik 3.prioritet Avvik Barn 125 69 16 56 10 Vaksne 239 122 1 103 6 14 4 Privatpraktiserande og tilsette fysioterapeutar overlappar kvarandre når det gjeld oppgåver og aldersgrupper. Statistikken viser at private fysioterapeutar har flest pasientar i yrkesaktiv alder, medan tilsette fysioterapar har flest barn og eldre. Begge desse tabellane syner at det er eit aukande tal pasientar og dermed aukande behov for fysioterapitenester i kommunen. Fleire faktorar påverkar denne auken som t.d.: Folketalet veks med ca 2,5 3 % årleg. Auka aktivitet i sykehusa, dvs fleire operasjonar og tidlegare utskriving. Høgare levealder. Utviklinga innan medisin gjer at fleire overlever, og treng opptrening og rehabilitering i kommunen. Auke i tal tilviste barn. Mange av barna er funksjonshemma med store habiliterings og rehabiliteringsbehov, og treng tilpassa trening og tilrettelegging på mange livsarenaer: heim, barnehage og skule. Fysioterapeuten følgjer barna i heile oppveksten, og det er eit kontinuerleg arbeid for at barnet skal kunna fungera best mogleg og meistra vanlege daglege aktivitetar. NAV sin hovudvisjon er: Fleire i arbeid færre på trygd. Rikstrygdeverket har nedsett eit krav om at pasientar med akutte lidingar skal ha behandling hos fysioterapeut innan 3 veker. Auke i muskel- / skjelettlidingar. Side 9 av 30

Sak 47/09 Auke i psykiske lidingar; sidan 2001 er sjukefråværet dobla som følgje av lettare psykiske lidingar som angst og depresjon. Utvikling: Haust 2003: På grunn av auke i behovet for fysioterapiteneste og lange ventelister vart det utlyst 2 x 20 % driftsavtale. Oktober 2007: Utlyst 20 % driftsavtale i samband med bassengtrening i Osbadet for LHL Landsforeningen for hjerte- og lungesyke. Oversikt kommunale fysioterapeutstillingar: 3, 3 st. fordelt på 4 personar: 2 x 100 %, 1 x 82,2 % og 1 x 50 %. Etter omorganiseringa i aug. 2008 - Os i Tio - inngår òg leiaroppgåver for avdeling Rehabilitering i ein av desse stillingane. Utvikling: Nov. 87: 1oo % st. kommunefysioterapeut 2 x 100 % st. for fysioterapeutar Os sjukeheim 1992: 3,2 st. kommunale fysioterapeutar Fastløntilskotet blir bestemt av Staten ved Helse og omsorgsdepartementet, og skal gå direkte til å dekkja ein del av kommunen sine lønsutgifter til tilsette fysioterapeutar. Fastløntilskot pr. 01.07.2009 er kr 157 500 pr. 100 % st. pr. år. Konsekvensar av underdekning: Fysioterapi er ei lovpålagt teneste som er forankra i kommunehelstetenestelova og folketrygdlova. Kommunen er i prinsippet forplikta til å ha ei fysioterapiteneste som dekkjer behovet i kommunen. Lang ventetid hos private fysioterapeutar: Årsmelding for 2008 viste at ventetida varierte frå 1 veke til 10 månader. Nyopererte og sjukemelde blir prioriterte. Menneske med kroniske sjukdommar må venta. Mange av dei er eldre brukarar. Fysioterapeutar med reduserte tilskot jobbar langt ut over storleiken på avtalen. Dette fører til stort arbeidspress og slitasje over tid. Kommunen kan risikera å mista fysioterapeutar med høg kompetanse, t.d. spesialist i psykiatrisk og psykosomatisk fysioterapi. Dersom fysioterapeutar med deltidsheimlar må leggja ned verksemda si, vil ventetida bli vesentleg høgare. Pasientane må gå til private fysioterapeutar utan avtale, og betale alt sjølv. Lang ventetid hos kommunale ergo- og fysioterapeutar. Mange av dei er eldre brukarar som ønskjer å bu lengst mulig heime, og få hjelp til å klara seg sjølve istadenfor å vera avhengig av t.d. heimehjelp og heimsjukepleie. Ved trening kan dei Side 10 av 30

Sak 47/09 bli sjølvstendige og få tilbake funksjonsevna eller unngå å mista den. Med førebygging og rehabilitering kan ein spara kommunen for institusjonsplassar. Døme frå prioriteringskriteria. Avvikstabell 2008. Ergoterapitenesta har 1,5 st. Mangel på fysioterapi for eldre på institusjon (rapport Riksrevisjonen). Resultatet blir at eldre blir meir passive, og helsa deira og livskvaliteten blir unødig svekka. Lita tid til helsefremjande og førebyggjande arbeid; helsestasjons- og skulehelseteneste, både individretta og miljøretta arbeid, fallførebygging blant eldre. Lita tid til rehabilitering; forskning viser at med systematisk trening og intensiv og god rehabilitering etter t.d. slag kan det forlenga livet, og ein kan få tilbake funksjonsevna. Prioriteringskriterium for fagområda fysioterapi og ergoterapi: Det følgjande er vedtekne prioriteringskriterium som Os kommune praktiserer for fagområda fysioterapi og ergoterapi: 1. Prioritet Barn 0 2 år Nye habiliterings- og rehabiliteringssaker som inneber akutt forverring i funksjon Akutt forverring i funksjon som medfører tap av eigen evne til å ivareta primære funksjonar Palliative tiltak Trykksår Akutt behov for hjelpemiddel frå korttidslager Akutt reparasjon av hjelpemiddel som er nødvendig for å oppretthalde primære funksjonar Oppstart innan 2 veker 2. Prioritet Samansette vanskar hos barn / ungdom Menneske med kroniske lidingar som står i fare for tap av evne til å ivareta primære funksjonar Fysioterapi til kronikarar - vedlikehaldstrening: 10 beh. X 1 pr. veke, to gonger i året. Oppstart innan 8 veker 3. Prioritet 3 Tilvising innan heim, skule, arbeid og fritid som ikkje fell inn under 1. og 2. prioritet Tilvising som gjeld grupper og klasser Oppstart innan 12 veker g 08.09.2009 Eva-Mari Solberg Einingsleiar Martha Lunde Pedersen Leiar Avd. Rehabilitering Side 11 av 30

Sak 48/09 MØTEBOK STRATEGIDOKUMENT OMSORGSTENESTA Saksbehandlar: Nils Petter Borge Arkiv: H30 Arkivsaksnr.: 09/1948 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 48/09 Tenesteutvalet PS 23.09.2009 / Os Formannskap PS / Os kommunestyre PS Framlegg til tilråding: Kommunestyret tek saka som melding, og at dokumentet vert brukt som eit budsjettunderlag i økonomiplan 2010-2013. Os, 07.09.09 Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20

Sak 48/09 Vedlegg: Rapport frå RO Saksopplysningar: Administrasjonen fekk i oppdrag å greie ut kva pleie og omsorg har bruk for i møte med dei utfordringane som kjem i framtida. Målet med arbeidet har vore å sjå dette i samband med utviklinga i befolkningssamansetjinga og behovet på lengre sikt for denne type tenester. Behovet ser ut til å auke heile tida og dei investeringane som skal gjerast må sikre ei kostnadseffektiv og kvalitativt god teneste i framtida. Strategidokumentet har ei brei forankring i heile organisasjonen og personell frå pleie og omsorg, tenestestyring, helsetenestereininga, tillitsvalde og representantar for brukarorganisasjonar har vore sentrale i utarbeidinga. Dokumentet har og vore gjennomgått av leiargruppa i Os Kommune. Os kommune Innhald Strategidokument utvikling av omsorgstenesta utbygging 1. Bakgrunn... 14 2. Teikn i tida... 14 3. Føresetnad for utvikling av pleie og omsorg... 16 4. Status mai 2009...17 5. Samhandlingsreforma 8 6. RO sin tilråding... 21 6.1 Strakstiltak... 21 6.2 Utviklingstiltak...22 7. Tilråding frå prosessgruppa...22 8. Plan for gjennomføring av strakstiltak...22 9. Plan for gjennomføring av utviklingstiltak i pleie og omsorg...24 Side 13 av 30

Sak 48/09 Os kommune Strategidokument utvikling av omsorgstenesta utbygging 1. Bakgrunn Dette strategidokumentet er utarbeidd av prosessgruppa oppnemnt i samband med forprosjektet: Utbygging innan pleie og omsorg. Bakgrunnen er at Os kommune planlegg ei større utbygging innan pleie og omsorg, og skal gjennomføre eit forprosjekt i løpet av våren 2009. Behovet for tenester synest å vere stadig aukande, og investeringar som skal gjerast i nær framtid, må i størst mogleg grad sikre ein kostnadseffektiv drift av tenestene i framtida. Eit overordna perspektiv er å teikne eit bilde av ei kvalitativt god omsorgsteneste for framtida. Ikkje berre byggje på dei mentale karta og den forståinga av kvardagen som vi i dag har. RO sin gjennomgang og analyse av tenesta og utviklingstrendar er framstilt i dokumentet Os kommune. Forprosjekt utbygging pleie og omsorg, RO - mai 2009. Dokumentet dannar noko av grunnlaget for arbeidet i prosessgruppa. Deltakarane i prosessgruppa sin kompetanse, erfaringar, lokal kunnskap og kjennskap til tenesta er eit vesentleg bidrag i dette strategidokumentet. I prosessgruppa sit einingsleiar PLOM, avdelingsleiar tenestestyring, rådgjevar, tillitsvald (representerer alle forbund), brukarrepresentantar for eldreråd og råd for funksjonshemma, representant for avdeling rehabilitering, nestleiar PLOM og kommunalsjef helse og sosial. Ein representant frå teknisk deltok i deler av møta. 2. Teikn i tida Eit grunnleggjande prinsipp er at sjølv om ein person er avhengig av kommunale tenester, skal personen ha sjølvstendig styring av eige liv. Dette gjeld i hovudsak sosiale behov, valfridom i høve til mat, livs- og døgnrytme, tilrettelegging og eige rom. Brukarstyrt personleg assistanse er den organiseringa av tenestene som kjem nærast eit slikt prinsipp. Samtidig veit vi at det blir fleire unge som treng assistanse for å leve livet sitt. Kanskje det er i møte med dei unge i trong for bistand, at det er lettast å tenkje nytt om kva som er mogleg gjennom samhandling og med dei ressursane vi rår over. Det kommunale hjelpeapparatet står overfor store utfordringar når det gjeld personar med samansette lidingar. Eksempelvis kan det vere emosjonelle problem som påverkar personen sin personlegdom i kombinasjon med rus og asosial åtferd. I nokre tilfelle og somatiske sjukdomar og kognitiv svikt. Dette er menneske som treng omfattande hjelp og det må soleis stillast krav til god koordinering og målretta oppfølging frå dei som yter tenestene. Os kommune har god erfaring med å skilje buform og teneste. Dette er eit viktig prinsipp både av omsyn til kvaliteten og individualiteten i tenesta og kommuneøkonomien. Med dei utfordringane som omsorgstenesta står overfor med omsyn til alderssamansetjinga i befolkninga og auka innbyggjartal når det gjeld 80 år og eldre, vil kommunen måtte konsentrere innsatsen om tenestene og ikkje om bustad. Det er likevel viktig å legge til rette for arenaer som er eigna til å gi tenester, når behov oppstår. Svar frå informantane i informasjonssøket i kommunen viser at tenestemottakarane forventar ei teneste som i sentrale styringsdokument blir omtala som aktiv omsorg. Aktiv omsorg handlar i all hovudsak om samarbeid om oppgåver og samarbeid med andre deltenester i kommunen og med friviljuge. Aktivitet må og forståast som kulturell og åndeleg aktivitet, Side 14 av 30

Sak 48/09 ikkje berre fysisk aktivitet. Med andre ord: aktivsering i det daglege, dagtilbod og tilrettelegging av buareal og tilgjenge til kommunikasjonsmidlar. Å nå målet om aktiv omsorg gjer det mogleg å tenkje fleire arenaer både i og utanfor kommunen som organisasjon. Os kommune har i dag gode erfaringar med tilskott til friviljuge som gjennom interessemotivasjon skaper meirverdi av det som kommunen bidreg med, i si tenesteyting. St.meld. nr 25 (2005-2006) Mestring, muligheter og mening har eit eige kapitel om partnarskap med familie og lokalsamfunn. Omsorgstenesta i framtida vil bli utfordra i møte mellom den formelle og den uformelle omsorga. Kanskje er det i dette skjeringspunktet at den formelle og den uformelle omsorga gjer det mogleg å finne nye arenaer for samhandling og å utvikle nye arbeidsmåtar. Det er viktig å sjå all tenesteproduksjon i kommunen som eit heile. At tenester frå eitt område blir levert i tide og til god nok kvalitet, er ofte ein føresetnad for ressursbruken og kvaliteten på eit anna område. Det er og viktig å sjå at ulike tenesteområde overlappar kvarandre med omsyn til målgruppe, heilskap og koordinering i tenesteytinga. For å meistre ei slik utfordring, trengst det samarbeid og samhandling på tvers av fagsperrer og oppgåvefordeling. For eksempel kan tilbod frå landbruket som Inn på tunet eller grøn omsorg vere eit viktig bidrag innan helse- og omsorgstenesta for menneske som treng tilpassa teneste og aktivitetstilbod. Aukande krav til kvalitet og innhald i tenestene aktiverer behovet for tverrfagleg kompetanse. Underskotet på hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar vil vekse fram mot 2025. Samstundes blir det truleg fleire vernepleiarar, barnevernspedagogar og sosionomar enn det er bruk for innanfor det tradisjonelle arbeidsfeltet til desse gruppene. (Kjelde: Sosial og helsedirektoratet 2003-2006) Kanskje er det desse yrkesgruppene som skal avhjelpe personellmangelen i omsorgstenesta i framtida. Omsorgsplanen 2015 anslår behov for 60.000 nye plasser for heildøgns teneste fram til 2030 på landsbasis. Husbanken sine nye tilskottsordningar til nybygg skal tilpassast menneske med demens og kognitiv svikt. Det er eit tydeleg behov for ombygging og tilpassing av gamle bygg. Etter kvart vil det bli behov for fleire plassar i buformer som eignar seg for menneske med demens. I IS 1486 Rapport Glemsk, men ikkje glemt er det gjengitt ein tabell over gjennomsnittleg byggekostnader for nybygg og utbetring, basert på Husbankens statistikk frå 2003 (tabell 1). Tabellen viser at det er liten skilnad i kostnader for utbygging av nye bustader og utbetring av eksisterande bustader. Tabell 1: (i 1000 kr) per plass/bueining Gjennomsnittleg byggekostnader Nybygg Utbetring Gjennomsnitt omsorgsbustader og sjukeheim 1.309,5 1.398,2 Bufellesskap 1.155,2 1.275,0 Bukollektiv 1.093,0 1.255,0 Sjukeheim 1.372,0 1.516,0 Det viktigaste blir å innrette lokalsamfunnet og legge til rette tilhøva for menneske med demens og deira nærpersonar. I slik samanheng spelar godt utbygde heimetenester og tilbod om dagaktivitet ei avgjerande rolle. Samhandlingsreforma som er varsla, vil krevje samarbeid og samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta og meir interkommunalt samarbeid om behandlingstilboda innan helse og omsorg. Reforma vert oppfatta å ha strategiar og tiltak for å realisere blant anna følgjande målsetjingar: Side 15 av 30

Sak 48/09 - Konkrete oppgåver og funksjonar skal overførast til primærkommunane frå spesialisthelsetenesta i dag, der kommunane skal få eit fagleg ansvar og der finansiering skal bli gitt. - Konkrete oppgåver og funksjonar skal bli varetatt av primærkommunane og spesialisthelsetenesta i fellesskap, og der reell samhandling og samfinansiering skal skje. Samhandlingsreforma vil kunne få konsekvensar for kommunen på følgjande område: - Legane si rolle - Sjukeheimen sine oppgåver, rolle og funksjon - Behovet for kompetanse - Konsekvens for resten av tenestene: struktur, organisering og omfang - Rus/psykiatri - Førebygging på alle nivå - Rehabilitering /habilitering Erfaringar og tilbakemeldingar frå kommunane indikerer eit behov for å kunne styre legekompetanse og anna spisskompetanse dit det er bruk for kompetansen, til dei tiltak og funksjonar som kommunane får ansvar for. Mange kommunar ønskjer å tydeliggjere legane sitt ansvar som behandlande lege i sjukeheim framfor tilsynslegefunksjonen. Nokre kommunar har reindyrka nettopp behandlande lege i sjukeheim fordi dei har følgd opp Kvaase-utvalet si innstilling (modell 1) frå 1999, der institusjonen berre blir brukt til behandling og korttid. Auka vekt på førebygging, på habilitering/rehabilitering, på strategiar for læring og meistring, på rettleiing og opplæring overfor innbyggjarane, vil krevje langt breiare kompetanse enn den tradisjonelle helsefaglege kompetansen. 3. Føresetnad for utvikling av omsorgstenesta - Heimetenesteprofilen i pleie og omsorg må vidareførast og utviklast - Samhandling mellom pleie og omsorg og andre teneste- og sørvisområde - Arbeidsmetoden skal vere: - Målretta og individuelt tilpassa - Tverrfagleg samhandling, bygd på felles ideologi - Brukarperspektivet: Tenestemottakaren sine eigne ressursar og innsats gjennom deltaking, sjølvstende og meistring Dei grunnleggjande spørsmåla er: - Kva skal prege omsorgstenesta i Os? (ideologi) - Kva forventningar kan innbyggjarane ha til tenesteytinga? (avklare rolleforventning) - Kva forventar vi av leiarane? (administrasjon, kultur og relasjon) - Kva forventar vi av medarbeidarane? (ulike faggrupper i samhandling om oppgåveløysing) Os kommune sin ideologi: Eit omsorgstilbod basert på respekt for individet sin integritet, behov for tryggleik og behov for å vere privat. At brukarane får styre og bestemme mest mogleg over eige liv. Forventningar til tenestene: Os kommune sine tenestetilbod er omtala i tenesteskildringane på kommunen si heimeside. Forventningar til leiarane: Om leiarskap i Os kommune er følgjande henta frå Styringshandboka: Som leiar er du med på å forme andre sitt sjølvbilde, fordi individet skaper sin identitet gjennom relasjon til andre. Side 16 av 30

Sak 48/09 - Gjennom god leiing, skaper vi gode relasjonar og sterke medarbeidarar, med gode sjølvbilde. - Gjennom relasjonen får mennesket verdi og plass i fellesskapet. - Gjennom annerkjenning får mennesket identitet - Gjennom tilbakemelding får mennesket bekrefta eigenverdi, og gjennom relasjonen blir vi verdifulle medarbeidarar. (Jan Spurkeland Relasjonsledelse 2004 ) Forventningar til medarbeidarane: Om medarbeidarskap i Os kommune er følgjande henta frå Styringshandboka: Vi vil skape resultat. Vi lyttar med respekt. Vi meiner entusiasme inspirerer. Vi gjer det vi seier. 4. Status mai 2009 Os kommune opplever i mai 2009 press på alle typar tenester. Særleg merkbart er dette når det gjeld plassar for korttid. I samband med denne situasjonen blir det lett utryggleik omkring utøving av det faglege skjønnet, når det gjeld utskriving av pasientar frå korttidsopphald til andre tenesteområde. Avlastning og korttidsplassar for behandling er i dag i same avdeling. Dette er ikkje heldig med omsyn til innhaldet i behandlingsopphaldet, noko som og kan påverke praksis for utskriving. I samarbeidsavtalen med spesialisthelsetenesta har kommunen presisert at ved utskriving frå spesialisthelsetenesta, skal det takast kontakt med kommunen. Dette blir ikkje alltid følgd opp. I arbeidet med å revidere samarbeidsavtalen mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, bør det leggjast meir vekt på varslingsrutinane mellom tenestenivåa. For å få til best mogleg samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta må det etablerast kontakt snarast mogleg etter innskriving i spesialisthelsetenesta. Å starte førebuinga av utskriving så tidleg som mogleg, vil gjere det tryggare både for tenestemottakar og kommunen som tenesteytar. Erfaringar frå Tromsø viser og at god samhandling gir ein økonomisk gevinst for båe nivåa. Gjennomgangen av tenesta syner og at det er behov for eit meir tydeleg samarbeid mellom avdeling for tenestestyring og dei som skal omsette enkeltvedtaka til praktisk tenesteyting. Målet er at det skal vere samsvar mellom enkeltvedtak og faktisk ytt teneste. Når det gjeld avdeling for tenestestyring, syner gjennomgangen at det er behov for ei nærare tilknyting til Helse- og sosialområdet. Det bør og vurderast å ta i bruk program for å lette økonomistyringa i samband med tenestetildelinga. Medarbeidarane sine haldningar og etikken i tenesteytinga er ei kontinuerleg utfordring i ein organisasjon som er så kommunikasjonsintensiv som pleie og omsorg. Tid til refleksjon over eiga tenesteåtferd er ein føresetnad for utvikling av tenlege arbeidsmåtar i tenesta. Tenesta i framtida treng medarbeidarar som kan møte tenestemottakaren som den personen, som veit mest og best om sitt eige liv. I den situasjonen dette ikkje er tilfellet, skal medarbeidaren utøve sitt faglege skjønn. Dette tyder at medarbeidarane og må bli trygge på å utøve fagleg skjønn i dei situasjonane det er naudsynt. Tryggleik i eige fag er og ein føresetnad for tverrfagleg samarbeid og samhandling. Evna til å etablere relasjonen, anten det er med tenestemottakaren eller andre fagpersonar, er ein viktig føresetnad for ei kvalitativ god teneste. Evna til å sjå situasjonen frå tenestemottakaren sin ståstad, og kalla brukarperspektivet, er det beste utgangspunktet for relasjonsbygging og tenleg samhandling. Side 17 av 30

Sak 48/09 God kjennskap til dei ulike avdelingane og dei ulike kompetansane i tenesta er ein føresetnad for samarbeid og samhandling. Ei teneste med tenleg informasjonsflyt og samhandling om løysingar er ei teneste, der den interne dialogen handlar om kva som fagleg og organisatorisk er mogleg, gir grunnlag for handling i eit utviklingsperspektiv. Ein organisasjon der den interne dialogen ikkje er til stades, forvitrar. Dette inneber treffpunkt og arena for informasjon og læring. Når det gjeld plassar for heildøgns teneste, blir desse rekna i prosent av innbyggjarar 80 år og eldre. Framstillinga i tabell 2 viser behovet for heildøgnsplassar i Os kommune med same profil på omsorgstenesta i framtida som i 2009. Tabell 2 er laga på bakgrunn av framskriving sterk aldring. Os kommune har per 1.4.09, 181 plassar for heildøgns teneste. Talet på plassar for heildøgns teneste inneber plassar både for eldre (129 plassar), menneske med utviklingshemming (29 plassar), psykiske problem/rus (24 plassar) og 7 plassar for avlastning for barn. Tabell 2: Framskriving av plassar med heildøgnsteneste. Same profil som i dag med sterk aldring År 9,5% 35% 28% 80+ i Os Institusjon Totalt Os Totalt landet 2009 514 49 pl 181 pl 144 pl 2010 518 50 pl 182 pl 146 pl 2015 564 54 pl 198 pl 158 pl 2020 672 64 pl 236 pl 189 pl 2025 869 83 pl 305 pl 244 pl 2030 1252 119 pl 438 pl 351 pl Det er to problemstillingar som blir reist i samband med talet på plassar for heildøgns teneste. Det eine er fordelinga mellom plassar til eldre og plassar til yngre tenestemottakarar. Os har i dag 181 plassar for heildøgns teneste. Av desse plassane er det 52 plassar til menneske med utviklingshemming og psykiatri/rus, og 129 plassar til eldre. Den andre problemstillinga er kva som trengst av korttidsplassar for behandling. Ulike instansar meiner at talet på korttidsplassar eller plassar for behandling, bør utgjere 15 prosent av det totale talet på plassar/bustad med tilbod om heildøgns omsorg per innbyggjar 80+. Dette vil innebere at Os kommune skulle ha 28 korttidsplassar. Kommunen har i dag 24 plassar til kottidsopphald. Den varsla samhandlingsreforma frå staten vil truleg føre til auka behov for plassar for behandling i kommunane, i den enkelte kommune eller i interkommunale tiltak. Dersom Os kommune hadde ein dekningsgrad på 28 prosent av 80 +, vil kommunen greie seg med dei plassane den i dag har for heildøgns teneste, fram til 2020. Med ein dekningsgrad på 35 prosent av 80 + vil kommunen ha nok plassar for heildøgns teneste til 2015. Uansett vil kommunen ha tid til å planleggje og leggje til rette for dimensjoneringa av heildøgnsplassar for framtida. Side 18 av 30

Sak 48/09 Eit anna spørsmål er behovet i befolkninga for tilrettelagte bustader i sentrum nær butikk og anna sørvistilbod. Os kommune sin bustadbyggjeplan bør innehalde tiltak som gjer det mogleg for innbyggjarar som ønskjer det, å etablere seg i ein tilrettelagt bustad sentrumsnært. Kommunen bør kunne stille vilkår om universell utforming av bustader til utbyggjarane, av omsyn til framtidig tenesteyting. Ein idé som vart presentert for rådgivar frå RO, var å byggje tilpassa bustadar på toppen av forretningsbygg, til ein rimeleg pris og så godt tilrettelagt at det er mogleg å gi heimeteneste, når behov oppstår. Universell utforming betyr at alle menneske, uansett alder og funksjonsevne, skal på ein likeverdig måte kunne bruke dei same bygde omgjevnadane. Universell utforming er ikkje spesialtilpassing til enkeltpersonar eller grupper, men i størst mogleg grad utforming som inkluderer alle menneske utan spesialtilpassing. Innanfor bustadsektoren inneber dette at ein ved nybygg, utbetring og ombygging skal legge vekt på at bueiningar, fellesområde og uteareal skal vere brukbare for barn, eldre, synshemma og bevegelseshemma i tillegg til spreke 20 åringar. Tiltak som er naudsynt for nokre gir bustadområde som er brukbare for fleire og enklare for mange. 5. Samhandlingsreforma (St.meld. nr.47 (2008-2009) Samhandlingsreformen Rett behandling på rett sted til rett tid) Hovudsiktemålet med samhandlingsreforma er det gode pasientforløp. Samhandling er uttrykk for helse- og omsorgstenesta si evne til fordeling av oppgåver seg i mellom for å nå eit felles mål og evna til å gjennomføre oppgåvene på ein koordinert og rasjonell måte. Forløp er den kronologiske kjeda av hendelser som utgjør pasisentens møte med ulike deler av helse- og omsorgstjenestene. Gode forløp kjennetegnes ved at disse hendingane er satt saman på en rasjonell og koordinert måte for å møte pasientens ulike behov. (Sitat: St.meld. nr. 47 2008-2009) Hovudutfordringane er knytt til både eit pasientperspektiv og eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Meldinga legg opp til at tiltaka for samhandling skal vere einerådande perspektivet for utvikling i tida framover. Den sterke satsinga på betre samhandling skal likevel ikkje ta fokuset bort frå arbeidet med kvalitet og utvikling som meir isolert er retta mot tenestene ved den einskilde tenestestaden. Stortingsmeldinga peiker på tre utfordringar: 1. Pasienten sitt behov for koordinerte teneste blir ikkje møtt godt nok fragmenterte teneste. Det er i dag få system som er retta inn mot heilskapen i dei tenestene som skal svare på pasienten sine behov for koordinerte tenester. Systema er meir innretta mot dei ulike deltenestene. Store deler av spesialisthelsetenesta er både i sin organisering og funksjon, prega av at målet er medisinsk helbred. Medan kommunehelsetenesta i større grad har fokus på pasienten sitt funksjonsnivå og evne til meistring. Dårleg koordinerte tenester betyr og lite effektiv ressursbruk. 2. Tenestene er prega av for liten innsats for å begrense og førebyggje sjukdom. I den praktiske prioriteringssituasjonen er det ofte tenester for behandling som blir prioritert framfor førebygging og tidleg innsats. Vi har i dag ikkje gode nok system for analyse og avgjerd om korleis ressursane bør settast inn i dei ulike ledda i kjeda for førebygging, diagnosearbeid, behandling og rehabilitering. 3. Demografisk utvikling og endring i sjukdomsbildet gir utfordringar som vil kunne truge samfunnet sin økonomiske bereevne. Dette krev vilje og evne til å utvikle nye løysingar, både strukturmessig og kommunikasjonsmessig. Side 19 av 30

Sak 48/09 Kjernen i samhandlingsreforma er å søke å svar på dei tre utfordringane som Stortingsmeldinga peikar på. Alle tre krev tiltak som stør heilskapen i tenestesystema. For det første må tiltaka vere av strukturell karakter, i den forstand at det må skje endringar i den strukturelle oppbygginga av helse- og omsorgstenesta. For det andre må det etablerast rammevilkår som gir den einskilde verksemda motivasjon til å samarbeide og å levere tenester i samsvar med måla i helse- og omsorgspolitikken. Regjeringa vurderer følgjande fem hovudgrep: 1. Klarare pasientrolle: Forløpstenkinga har som formål å bidra til at alle system og tenester blir retta inn mot hjelp slik at den einskilde sjølv kan meistre livet sitt. Regjeringa vil etablere ein lovpålagt plikt til å sørgje for at pasientar med behov for koordinerte tenester får ein person som kontaktpunkt i tenestene. 2. Ny framtidig kommunerolle: I samhandlingsreforma blir det lagt til grunn at veksten i behov i den samla helseteneste i størst mogleg grad må finne si løysing i kommunane. Kommunen si rolle i den samla helse- og omsorgspolitikken blir vurdert endra slik at dei i større grad enn i dag, kan oppfylle ambisjonane om førebygging og innsats i tidleg fase av sjukdomen. Kommunane skal sørgje for at det heilskaplege pasientforløpet blir ivaretatt innanfor best effektive omsorgsnivå (BEON). Eit sentralt poeng er at helse- og omsorgssektoren skal sjåast i samanheng med andre samfunnsområde som kommunane har ansvar for. Oppgåvene vil måtte løysast ut frå lokale tilhøve der naudsynt kompetanse er ein av hovudnøklane. Det blir lagt opp til eit forpliktande avtalesystem. 3. Etablering av økonomiske insentiv: Kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og kommunalt økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar er dei viktigaste verkemidla på dette område. 4. Spesialisthelsetenesta skal utviklast slik at den i større grad kan bruke sin spesialiserte kompetanse: Ei meir riktig oppgåvedeling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta vil leggje til rette for at spesialisthelsetenesta i større grad kan konsentrere seg om oppgåver der dei har fortrinn. Eit sterkare søkelys på heilskaplege pasientforløpa vil leggje betre til rette for at pasientar får riktig tilbod om behandling. 5. Legge til rette for meir tydelege prioriteringar: Målet er at prioriteringsavgjerdene blir retta inn mot heilskapen i eit pasientforløp. 5.1 Kva inneber endra oppgåvedeling og betre samarbeid i helsetenesta for Os kommune? Dei viktigaste målgruppene for endra oppgåvedeling og betre samhandling vil vere eldre risikoutsette pasientar og yngre pasientar med kronisk sjukdom. Samhandlingsreforma er blitt meir enn ei reform om samhandling. Stortingsmeldinga varslar vesentlege endringar i oppgåvefordelinga mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. Fleire oppgåver og funksjonar som i dag ligg til sjukehusa, blir flytta til kommunale eller interkommunale tenester i framtida. Dette gjeld lærings- og meistringssenterfunksjonar, etterbehandling etter tilbod ved sjukehus i større grad enn i dag, lokale medisinske tilbod i staden for innlegging ved sjukehus, osb. Meldinga seier og tydeleg at kommunane må sjå for seg ei utvikling der dei må samhandle med kvarandre for å få løyst oppgåvene innanfor kommunehelsetenesta i åra framover. Dei færraste kommunane i landet vil vere i stand til sjølv å kunne ta ansvar for all behandling og alle tilbod som er tiltenkt den kommunale helsetenesta å ta ansvar for. Dette fordi kommunane verken kan ha kapasitet, kompetanse eller ressursar til å møte dei faglege og ressursmessige utfordingane. Det er likevel signalisert at kommunane kan velje å behandle pasientane sine i sjukehus, framfor å gi tilbodet regionalt eller lokalt. Men, da må kommunane betale det dette kostar. Side 20 av 30

Sak 48/09 Ved å gi tilbodet i eigen kommune eller i eit interkommunalt tilbod, vil kommunen spare ressursar, i tillegg til at det vil vere best for pasienten å få tilbodet lokalt i staden for i eit sjukehus. Det kan tenkjast mange namn på dei kommunale eller interkommunale tilboda som skal utviklast. Distriktsmedisinske senter, helsehus eller forsterka sjukeheimar er namn som verserer om dette tilbodet. I alle fall skal dette tilbodet ha klar medisinsk behandlarprofil, ikkje som ei vidareføring av sjukeheimen som langtidsplass for eldre som treng heildøgns tilsyn. Her er det snakk om sjukeheimen sin behandlarfunksjon, eit helseteneststilbod for heile befolkninga, ikkje berre eldre. For Os kommune, som for mange andre kommunar, vil tida fram mot 01.01.2012, måtte føre til klargjering av mellom anna følgjande: o Skal Os ta sikte på å byggje opp eige tilbod åleine eller i forpliktande samhandling med nabokommunar. Uansett må ein sjå at det vert auka behov for behandlingsplassar i sjukeheim, anten kommunalt eller interkommunalt. o Skal Os kommune vere offensiv å tilby nabokommunar vertskommunerolla for desse helsetilboda, eller skal ein starte drøftinga om kor oppgåvene eller funksjonane skal lokaliserast? o Dersom Os kommune tek på seg oppgåva som vertskommune, vil det verta avgjerande om tilboda skal lokaliserast saman med dei andre korttidsplassane eller behandlingsplassane ved sjukeheim i Os, eller om ein skal byggje opp tilbodet ein heilt ny stad i kommunen. o Kommunen si helseteneste vil bli involvert i arbeidet med å definere det ideelle pasientforløpet for dei pasientane som skal behandlast lokalt/regionalt, og for dei pasientane som skal få sitt tilbod både i sjukehus og i kommunal/interkommunal helsehus. Desse avklaringane skal skje i samhandling med helseføretaka, fram mot at finansieringssystemet skal setjast i verk frå 01.01.2012. Samhandlingsreforma er ei reform som krev betre samordning mellom sjukehus og den kommunale helsetenesta. Men, i tillegge er reforma tydeleg på behovet for betre og forpliktande samhandling mellom kommunar, dersom nasjonen skal lukkast med ei betre helseteneste innanfor ei berekraftig økonomisk ramme. 6. RO sin tilråding RO si tilråding er henta frå RO sin rapport Os kommune - Forprosjekt utbygging pleie og omsorg RO mai 2009. Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Os kommune, som tidlegare nemnt i kap. 1. Målet med prosessen er å kome fram til eit strategidokument for utvikling av pleie og omsorg Eit overordna perspektiv er å teikne eit bilde av ei kvalitativt god omsorgsteneste for framtida og ikkje berre byggje på dei mentale karta og den forståinga av kvardagen som vi i dag har. 6.1 Strakstiltak - Open omsorg bør styrkast, fleire korttidsplassar og avlastinga bør driftast av open omsorg innan den totale ressursramma for pleie og omsorg i 2009 - Byggje ny eining for menneske med demens eller finne eit eigna bygg til slik teneste - Gjennomgang av brukarbehov og innhald i praksis sett i samanheng med organisering av arbeidstid og oppgåver Side 21 av 30

Sak 48/09 - Alle utviklingsmidlar bør samordnast slik at tilsette får tid til refleksjon over omsorg i dag og i framtida - Fokus på tenesteytinga i eit meistringsperspektiv - Auka fokus på friviljug innsats og partnarskap, samhandling med lag og organisasjonar 6.2 Utviklingstiltak - Politisk handsaming av Strategiplan for utvikling av pleie og omsorg i Os kommune - Utarbeide konsekvensanalyse over forskjell på pris for renovering av det eldste bygget ved Luranetunet og eit eventuelt nytt bygg - Samhandlingsreforma, interkommunalt samarbeid - Starte planlegginga av eit Helsehus i Os - Rimelege og tilpassa bustader sentrumsnært, lett tilgjengeleg for open omsorg, når behov oppstår (Kommunal bustadplan) - Vilkår om universell utforming i all planlegging 7. Prosessgruppas tilråding - Helse og sosial er ei samordna teneste - Dei ulike avdelingane må bli kjende med kvarandre innan heile området - Finne tenlege møteplassar, møtepunkt, samhandlingsarenaer etc. - Fokus på kompetansedeling og målretta styring 8. Plan for gjennomføring av strakstiltak Målsetjing/føringar i planperioden Endringar/tiltak i planperioden Behov for konkretisering og utgreiing Framdriftsplan Hovudansvarleg Open omsorg bør styrkast, fleire korttidsplassar og avlastninga bør driftast av open omsorg innan den totale ressursramma for pleie og omsorg 2009 Byggje ny eining for menneske med demens eller finne eigna bygg til slik teneste Styrke open omsorg med ekstraressursar som kan brukast etter behov. Opprette nye plassar drifta av open omsorg Planleggje å bygge nytt bufellesskap medan vi ventar: Vurdere å bruke Kroken til menneske med demens igjen Auke dagplassar med lengre opningstid Vurdere å frigjere 1-2 plassar sørvisbustader på Luranetunet til rullerande plassar for avlastning. Kan her nytte nattenesta på Lurane og ressursar i buavd. Supplert med ressursar frå open omsorg Kartleggje menneske med demens sin heimesituasjon og behov og etablere tiltak ut frå det: Forlenge og auke dagplassane i Hagen. Ressursar: Friviljugsentralen eller andre friviljuge, open omsorg. Bruke 1-2 bustader i ei dementgruppe til 2-4 avlastningsplassar. Supplere med ressursar frå open omsorg. Vurdere å nytte Kroken til langtidsplass/ avlastning for menneske med demens Så snart det vert ledig bueining. Avklare med områdesjef Info-møte med tillitsvalde Starte med å definere behov ut frå kartlegging Over ferien/august 2009 Tenestestyring: Birgit Områdesjef: Nils Petter Tenestestyring: Birgit PLOM: Aud Side 22 av 30

Sak 48/09 Gjennomgang av brukarbehov og innhald i praksis sett i samanheng med organisering av arbeidstid og oppgåver. Etablere kommunalt tverrfaglig tenestetilbod (omsorgstilbod)for unge brukare med samansette behov Samordne utviklingsmidlar slik at tilsette får tid til refleksjon over omsorg i dag og i framtida Fokus på tenesteytinga i eit meistringsperspektiv Auka fokus på friviljug innsats og partnarskap, samhandling med pårørande, lag og organisasjonar Leiarutfordring/ oppgåve: Vurdere arbeidstidsordning/ turnus. Brukarbehov og tilsette si arbeidstid skal samsvare. Felles kompetanseplan Satse tverrfagleg, tilsette personell med ulik kompetanse Lage prosjekt og lyse etter frivillige, vidareføre driftsavtalar med organisasjonar vi samarbeid med. Samordne drift og vedtak: Klargjere forventning, infobrosjyre, tydelege vedtak med pårørandekontrakt. Felles arbeidsverkty. Samarbeidsfora, tverrfagleg. Samordne ressursar etter brukarbehov. Faglege utgreiingar om kor mange, og kva tilbod dei treng. Kompetanse utgreiing i personalgruppa Integrerast i mål og handlingsplanane som gjeld i dei ulike områda Korleis møtar vi den enkelte brukar, endringskompetanse blant personalet. Lærings og meistringsgrupper for brukarar og pårørande. Gruppetiltak, alternative fritidstilbod. Samarbeid med kulturkontoret Finne egna lokal til dette. Bemanning til bustaden I samband med budsjett for 2010 Kontinuerlig prosess som skjer i alle avdelingar. Skal vurderast i samband med utlysingar av ledige stillingar. Områdesjef: Nils-Petter Nils-Petter Side 23 av 30

Sak 48/09 9. Plan for gjennomføring av utviklingstiltak i omsorgstenesta Målsetting/føringar i planperioden Politisk handsaming av Strategiplan for utvikling av pleie og omsorg i Os kommune Utarbeide konsekvensanalyse over forskjell på pris for renovering av det eldste bygget ved Luranetunet og eit eventuelt nytt bygg Starte planlegginga av eit Helsehus for alle aldersgrupper i Os Fastlegane si rolle i offentleg helsearbeid Rimelege og tilpassa bustader sentrumsnært, lett tilgjengeleg for open omsorg, når behov oppstår (Kommunal bustadplan) Endringar/tiltak i planperioden - Korttidsavdeling for behandling - Tverrfagleg kompetanse - Sal av plassar - Medisinsk utstyr - Få på plass avtalar om samfunnsmedisi nsk arbeid. - når utbygging skal skje må ein sjå til dei planar vi allereie har på området. Behov for konkretisering og utgreiing Ekstern vurdering av eksisterande bygningar Interkommunalt samarbeid Lokal avtale med spesialisthelsetenesta om kva vi faktisk skal utføre Statlege føringar i samband med samhandlingsreforma Kontroll og oppfølging av vedtak etter reguleringsplan må etablerast. Framdriftsplan Tenesteutvalet, Formannskapet, Kommunestyre Gjennomførast haust 09 Administrativ og politisk avklaring i samarbeidskommunane i løpet av hausten 09 Arbeidet startar hausten 2009 Ny plan og bygnings lov. Hovudansvarleg Nils-Petter Kom. Sjef/ kommune overlege Teknisk: Haldor Fosse Vilkår om universell utforming i all planlegging Ny plan og bygningslov Korleis denne tolkast Førebygging og rehabilitering Rullere rehabiliteringsplan Samarbeid med andre einingar som jobbar med problemstillinga. Kompetanseoppbyggi ng Kor skal arbeidet forankrast i den nye organisasjonen. Arbeidet startar haust 09 Helsetenester/rehab avd Os, 07.09.09 Nils-Petter Borge Kommunalsjef Side 24 av 30