REGULERINGSPLAN FOR SKINESET, ROLFSNES, GNR. 76 BNR. 1, BØMLO KOMMUNE Plan ID: 201501 PLANOMTALE ROS-ANALYSE
2 INNHALD Planomtale ROS-analyse Vedlegg: 1. Kopi av varselbrev og annonsetekst 2. Kopi av innkomne merknader
3 PLANOMTALE 1.0 BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET. Planarbeidet er starta opp på initiativ av grunneigar Ole Rolfsnes i 2006. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av nye fritidsbustader på eigedommen.
4 2.0 PLANOMRÅDET. 2.1 Lokalisering. Området ligg på Rolfsnes, ca. 12 km nord for Rubbestadneset. 2.2 Areal. Planområdet utgjer i alt ca. 17,6 da. 2.3 Eigedomstilhøve. Innan planområdet er det ein eigedom: Gnr. Bnr. Grunneigar Adresse 76 1 Ole Rolfsnes 5420 RUBBESTADNESET 2.4 Landskapsvurdering. Området er i hovudsak markerte bergknausar. Sentralt i området går ein dal nord/sør, med ein bekk frå ei tjørn sør for området. Terrenget skrånar så ned mot sjøen utanfor området, mot vest, aust og nord. Sjå elles ortofoto på framsida. Området er solrikt, med flott utsikt. Men området er noko vindutsett. 2.5 Naturmangfald. Det er ingen raudlista arter innan planområdet som er registrert i Artsdatabanken. Det er heller ingen registreringar i Naturbasen frå Miljødirektoratet. Planen har difor ingen negative konsekvensar for naturmangfaldetr.
5 2.6 Friluftsinteresser. Området er ein del av eit større, samanhangande naturområde, og har difor verdi som friluftsområde. 2.7 Eksisterande bygningar. Innan området er ingen eksisterande bygningar.
6 3.0 PLANSTATUS. 3.1 Kommuneplan. I gjeldande kommuneplan er området vist som område for fritidsbustader. 3.2 Gjeldande reguleringsplanar. Området er ikkje regulert frå før. 3.3 Planprosess for ny reguleringsplan. Oppstart av planarbeidet vart kunngjort 29.05.07. 3.4 Merknader til oppstartmeldinga. Innan fristen har vi motteke i alt 9 merknader, sjå vedlagde kopiar. Til merknadene har vi fylgjande kommentarar: 1. Fylkesmannen i Hordland, Miljøvernavdelinga. Miljøvernavdelinga har innspel ang. fylgjande punkt: Landskap / estetikk. Strandsona. Fritidsbustader. Universell utforming. Støy. Energi. Risiko og sårbarheit (ROS). Desse punkta er teke omsyn til ved utforming av plan, føresegner og eigen ROS-analyse. Unntaket er krav om støyutrekningar, som vi reknar som lite aktuelt i dette området. 2. Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga. Landbruksavdelinga hevdar at reguleringsplanen er i strid med overordna plan. Dette er feil, då planen er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Dei har elles ingen landbruksfaglege merknader til planen. 3. Hordaland Fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga. Fylkeskommunen hevdar at reguleringsplanen er i strid med overordna plan. Dette er feil, kfr. punkt 2 ovanfor. I brev av 22.08.07 kravde dei arkeologiske granskingar i området. Dette er utført, kosta av tiltakshavaren. I brev av 29.11.07 viser dei til funn av 2 automatisk freda kulturminne.
7 Dette er teke omsyn til i planforslaget. 4. Kystverket. Dei gjer merksam på at tiltak som krev løyve etter Hvne- og farvannslova skal godkejnnast av Karmsund Havnevesen. Sjøområdet er no teke ut av planen. 5. Statens Vegvesen. Vegvesenet har ingen merknader, då det planlagde området ikkje ligg inn til riks- eller fylkesveg. 6. Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. BVA har fylgjande merknad: VA-plan for planområdet må utarbeidast og godkjennast av BVA før anleggsstart. Tiltakshavar vil ta omsyn til dette. 7. Magne Rolfsnes. Han har fylgjande merknader: Han ynskjer at Vestre Oksavik og Austre Oksavik skal vera friområde. Dette området er teke ut av planen. Omsøkt småbåthamn må berre avgrensast til eventuelle hytter. Småbåthamn er no teke ut av planen.. Bekken som renn gjennom området må vernast. Dette er teke omsyn til i planen. 8. Else Svihus. Ho ynskjer at stranda i Vetsre Oksvik vert verna. Dette området er teke ut av planen. 9. Bjarne M. Rolfsnes. Sjå pkt. 8 ovanfor. 3.5 Handsaming i Utval for areal og samferdsel. Planforslaget vart handsama 1. gang i utvalet 09.05.08. Utvalet gjorde fylgjande vedtak: «Reguleringsplanen vert sendt tilbake til utbyggjar.
8 Grunngjeving: Slik planen er i dag, vert silhuettvirkninga til dei høgaste hyttene for stor. Nærleik til bustad er for tett til dei næraste hyttene. Vestre og austre Oksavika er utvalet opptatt av å verna. Hytteområdet må vera avgrensa til det som i kommuneplanen er avsett til hytteområde.» Etter dette er det utarbeidd nytt planforslag, der det er teke omsyn til vedtaket ovanfor. Planen er no utarbeidd i samsvar med Pbl. 2008.
9 4.0 PLANFORSLAGET. 4.1 Forslagsstillar. Ole Rolfsnes, 5420 RUBBESTADNESET.
10 4.2 Plangrenser. Plangrensene fylgjer i grensene for føremål fritidsbustader i kommuneplanen. 4.3 Planstatus. Planen er utforma som detaljert reguleringsplan, i samsvar med 12-3 i Plan- og bygningslova. 4.4 Arealbruk. Arealtabell 12-5. Nr. 1 - Bebyggelse og anlegg Areal (m²) Fritidsbebyggelse-frittliggende (6) 5063,6 Sum areal denne kategori: 5063,5 12-5. Nr. 2 - Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Areal (m²) Gangveg/gangareal (2) 284,5 Parkeringsplasser (2) 355,4 Veg 671,1 Sum areal denne kategori: 1311,0 12-5. Nr. 5 - Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift Areal (m²) Friluftsformål (5) 6619,5 Vern av kulturmiljø eller kulturminne (2) 4557,6 Sum areal denne kategori: 11177,2 Totalt alle kategorier: 17551,8 4.5 Fritidsbustader. Planforslaget viser 10 nye fritidsbustader, med grunnflate inntil 100 m2. 4.6 Parkering. Det er regulert inn 2 felles parkeringsplasser, med i alt 20 plasser. 4.7 Barn og unge sine interesser. Fritidsbustadene vil vera godt eigna for barnefamiliar.
11 Det er store naturområde innan planområdet, og kort avtand til badeplassar. 4.8 Grøntstruktur. Innan området er regulert 11,2 da. friluftsområde. Dette heng saman med større naturområde utanfor planområdet. 4.9 Trafikkløysing / vegsystem. Eksisterande tilkomstveg går gjennom planområdet. Veg og parkeringsplassar vert regulert som felles tafikkareal. 4.10 Støy. Den eksisterande vegen har lite trafikk (<500 ÅDT). Det vert difor ingen støyproblem i området. 4.11 Miljø, ureining, radon. Avløpsvatn vil bli leia til slamavskiljar og utslepp i sjøen. Auka biltrafikk vil medføra auka luftforureining i området. Nybygg vil bli bygt med radonsperre iflg. Teknisk forskrift (TEK 10). 4.12 Universell utforming. På grunn av terrenget, vil ikkje alle fritidsbustadene få universell tilkomst. Spørsmålet vil bli nærare vurdert i samband med byggesøknader for fritidsbustadene. 4.13 Kulturminne. Hordaland Fylkeskommune registrerte i 2007 to område med automatisk freda kulturmine innan planområdet, sjå nedanfor. Områda er vist som verneområde med hensysnssoner i plankartet. 4.14 Tekniske anlegg. Nye fritidsbustader i feltet vil bli tilknytt felles slavskiljar og utsleppsledning i sjøen. Overvatn blir sett ut i terrenget.
12 Planar for nye VA-anlegg vil bli utarbeidd i samråd med BVA. Området vert tilknytt Finnås Kraftlag sitt forsyningsnett for straum og breiband, etter nærare avtale. Avfall blir levert til containerar for hytteavfall, etter avtale med SIM. RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE (ROS) METODE FOR RISIKOVURDERING I norsk standard NS 5814 vert risiko definert slik: Uttrykker den fare som uønskede hendelser/tilstander representerer for mennesker, miljø eller materielle verdier. Risikoen uttrykkes som sannsynligheten for, og konsekvenser av, dei uønskede hendelsene. Kriterium for sannsyn og konsekvens Det er nytta dei same kriteria for inndeling av uønskte hendingar i sannsyn og konsekvens som i den overordna ROSanalysen for Bømlo kommune frå oktober 2008. Som utgangspunkt er nytta ei inndeling som er henta frå andre tilsvarande prosjekt, og deretter gjort ein del lokale tilpassingar. Fylgjande inndelingar for sannsyn skal nyttast: Begrep Lite sannsynleg Mindre sannsynleg Sannsynleg Mykje sannsynleg Svært sannsynleg Intervall Mindre enn ei henting pr. 1000 år Ei hending pr. 100 1000 år. Ei hending pr. 10 100 år. Ei hending pr. 1 10 år. Ei hending pr. år eller oftare. Konsekvensane for liv og helse, miljø, økonomi og materielle verdiar, drift, produksjon og tenesteyting, samfunnsviktige funksjonar og truverde/omdømme, er vurdert etter fylgjande begrep: Ubetydeleg Ein viss fare Alvorleg/farleg Kritisk Katastrofal Fylgjande inndelingar for konsekvens skal nyttast: KONSEKVENS MENNESKE YTRE MILJØ MATERIELLE VEKT (LUFT, JORD, VATN) VERDIAR KATASTROFALT 5 Meir enn 5 døde, eller 25 alvorleg skada (KBP nivå Varig større skade på ytre miljø Skadar for meir enn 50.000.000 kr 3) KRITISK 4 Inntil 5 døde, eller fare for inntil 25 alvorleg skadde personar. (KBP Alvorleg skade av mindre omfang på ytre miljø, eller mindre alvorleg skade av Skadar mellom 5.000.000-50.000.000 kr nivå 2) stort omfang på ytre miljø ALVORLEG 3 Inntil 10 alvorlege Store skadar på ytre miljø, Skadar mellom
13 personskadar, eller mange mindre personskadar, men med sjukefråver. Vesentlege helseplager og ubehag. (KBP nivå 2) EIN VISS FARE 2 Mindre skader som treng medisinsk handsaming, evt. Kortare sjukefråver. (KBP iva 1) UBETYDELEG 1 Ingen eller små personskader. (KBP nivå 1) men som vil utbetrast på sikt. Mindre skader på ytre miljø, men som naturen sjølv utbetrar på kort tid. Ingen eller ubetydeleg skade på ytre miljø. 500.000-5.000.000 kr Skader mellom 50.000-500.000 kr Skader for inntil 50.000 kr Akseptkriteri Ved gjennomføring av ROS-analyse for nye utbyggingsområde skal det leggjast til grunn følgjande akseptkriteri: Hendingar i raudt felt medfører uakseptabel risiko. Her må risikoreduserande tiltak gjennomførast. Elles må det gjennomførast meir detaljert ROS-analyse for eventuelt å avkrefta risikonivået. For tiltak i raude felt skal det utarbeidast ROS-analyse før tiltak kan godkjennast. Tilhøve raude felt Tilhøve gule felt For hendingar som ligg i gul sone må det gjennomførast tiltak for å redusera risikoen så mykje som råd er. Det kan vera naturleg også å leggja ein kost-nytteanalyse til grunn for vurdering av endå fleire risikoreduserande tiltak. I gul sone skal kommunen krevja ROS-analyse. Tilhøve grøne felt I utgangspunktet er hendingar i grøn sone akseptabel risiko, men fleire risikoreduserande tiltak av vesentleg karakter skal gjennomførast når det er mogeleg ut frå økonomiske og praktiske vurderingar. Om det skal gjennomførast ROS-analysar i grøne områder må vurderast i den einskilde regulerings- og/eller byggesak. Dette betyr at som hovudregel er tilhøve/hendingar plassert i raude felt noko som medfører uakseptabel risiko, og at det må gjennomførast risikoreduserande tiltak av førebyggjande og/eller skadebøtande karakter, slik at risikobiletet kjem ned på akseptabelt nivå. Nr. Tema Sannsynleg Konsekvens Risiko Merknad / tiltak Naturfarar 1 Masseras/skred/skrentar/stup 2 3 Skrentar må sikrast 2 Snø/isras 3 Flaum/springflo 4 Elveflom 5 Tidevassflaum 6 Radongass 2 3 Tiltak iflg. byggeforskrifter 7 Vindutsette område 2 3 Tiltak iflg. byggeforskrifter 8 Nedbørutsette område 3 2 Etablering av tette flater medfører auka nedbørsavrenning Menneske- og verksemdbaseerte farar 9 Sårbar flora Ingen registreringar 10 Sårbar fauna/fisk/vilt
14 11 Verneområde 12 Vassdragsområde 13 Fornminne 3 2 Hensynssoner 14 Kulturminne/miljø 15 Område for idrett/leik 16 Park/rekreasjonsområde 17 Friluftsområde 2 2 Friluftsområde blr redusert Infrastruktur 18 Veg, bru, knutepunkt 19 Hamn, kaianlegg 20 Sjukehus/-heim, kyrkje 21 Brann/sløkkevatn, politi 3 2 Utbygging krev sløkkevatn 22 Forsyning, kraft, vatn 3 2 Utbygging krev ekstra kapasitet 23 Tilfluktsrom Ingen krav Forurensingskjelder 24 Industri 25 Bustad/fritid 3 2 Må ha godkjent utsleppsløyve 26 Landbruk 27 Akutt forureining 28 Støv og støy industri 29 Støv og støy trafikk 3 2 Utbygging medfører auka trafikk 31 Støy andre kjelder 32 Forureining i sjø 33 Forureina grunn 34 El. forsyning Andre farlege / spesielle område / forhold 35 Industriområde 36 Høgspentline 37 Risikofylt industri 38 Avfallsbehandling 2 2 Iflg. Avtale med SIM 39 Oljekatastrofeområde 40 Spesielle fohold ved utbygging Transport 41 Ulykker med farleg gods 42 Vær/føre avgrensar tilgjenge til området 43 Ulykker i avkjørsler 2 2 Avkjørsler må ha frisikt 44 Ulykker med gåande/syklande 2 2 Kan førekomma 45 Andre ulykkespunkt Risikomatrise: Konsekvens: 1. Ufarleg 2. Ein viss fare 3. Alvorleg 4. Kritisk 5. Katastrofalt Sannsyn: 5. Særs sannsunleg 4. Mykje sannsynleg 3. Sannsynleg 8,13,21,22,25,29 2. Mindre 17,38,43,44 1,6,7,32
15 sannsynleg 1. Lite sannsynleg Akseptkriterier: Hendingar i raudt felt: Hendingar i gult felt: Hendingar i grønt felt: Tiltak er naudsynt. Tiltak må vurderast nærare. Minimumstiltak bør gjennomførast. Stord, 30.04.15 J. TUFTELAND AS