Strategiplan ImF 2020

Like dokumenter
inn i Guds framtid Strategiplan for ImF

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

SATT FRI TIL Å TJENE

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Strategidokument

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Velkomen til soknerådskurs

NLM Ung Verden for Kristus: Vi vil lære Jesus å kjenne og gjøre han kjent

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Brødsbrytelsen - Nattverden

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Frå tre små til ein stor.

Til deg som bur i fosterheim år

Gå ut og gjer disiplar

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN april 2015:

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

5. Soknerådsmøte mai Referat


Informasjonshefte Tuv barnehage

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vår grøne. kyrkjelyd

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kvalitetsplan mot mobbing

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Pedagogisk plattform

Plassebakken Barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Frå novelle til teikneserie

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

IKT-kompetanse for øvingsskular

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

mmm...med SMAK på timeplanen

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Informasjon til pasientar og pårørande

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Barnehageplan for Vinje kommune

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Politisk program for Jølster KrF

Transkript:

Strategiplan ImF 2020 kva SER VI DEI NESTE 10 åra? Vi ser ei rørsle av unge og eldre som saman veks og modnast som Jesu disiplar, former nye fellesskap og forsamlingar, og misjonerer i Norge ved å dele evangeliet i ord og praktisk kvardags diakoni. Vi ser tusenvis av familier som frimodig deler trua på heimebane og når ut til barn og unge i sitt nærmiljø. INNlEIING Sidan Generalforsamlinga 2011 har ImF sentralt og krinsane samarbeida tett om felles strategiarbeid. Det har vi opplevd givande, utfordrande og samlande. Vi har snakka om suksessar og kriser, kva vi er gode på, kva vi ikkje er gode på, kva Gud minner oss om i vår tid, osv. Vi har behov for å takke leiinga i krinsar og forsamlingar for godt og nært samarbeid i denne prosessen. I utgangspunktet hadde vi eit ideal om at strategiplan for heile ImF skulle utformast etter at krinsane hadde utforma sine eigne, men realiteten er i dag at krinsane er i ulike faser av sitt strategiarbeid: Nokre er ferdige, nokre er midt i, og nokre er i startgropa. Derfor har vi gjort opp status vinteren 2012/2013 for å kunne ha ein plan å legge fram for GF 2013. Vårt mål har vore å lage ein langsiktig strategiplan med viktige moment for heile organisasjonen. Nokre av oppgåvene vil vere aktuelt for ImF sentralt å gjennomføre, noko av krinsar og foreininger/forsamlingar, og noko i samarbeid mellom oss. Tanken er at strategiplanen vert utgangspunkt for å lage konkrete og målbare 2-årige tiltaksplanar for oss alle. 42

VI VIl GJERE MEDaRBEIDaRaR I INDREMISJONEN BEVISST På at VI alle Skal VERE MISJONæRaR I NORGE. Vi trur at ein organisasjon eller kristen forsamling som ikkje lever i den opprinnelege draumen, vil døy ut. Skal vi vinne «nytt land» gjennom vårt arbeid, må vi gjere alle som vil engasjere seg i indremisjonen bevisst på at vi er misjonærar i vårt eige land. Forkynning av Guds ord frå talarstolen har alltid vore, og skal alltid vere, ein berebjelke i vårt arbeid. Samstundes treng vi ei utvida forståing av at forkynning skjer i mindre fellesskap og i dialogen med enkeltmenneske. Vi kan ikkje organisere oss ut av åndeleg fattigdom, og må be om åndskraft og varme hjerte. Vi vil satse på Bedehuset også i framtida. I tråd med våre tradisjonar, bør det likevel vere respekt for at det lokalt er store variasjonar og valfridom i måten ein organiserer verksemda på. Vi vil oppmuntre til eit arbeid der ein kombinerer samlingar på Bedehuset med mindre, livsnære fellesskap i heimane byggje Guds forsamling lokalt, og plante nye fellesskap, med basis i Bedehuset og i god samarbeidsånd med andre organisasjonar. utruste dei som trur gjennom rettleiing og undervisning frå Bibelen, samt utarbeide og anbefale ulike hjelpemiddel, med det mål at kristne lever i forplikting til Guds ord og fellesskapet. vinne menneske for Gud ved å tenkje utadretta og kalle menneske til omvending og tru. hjelpe kristne til å handle kreativt og utradisjonelt i det å skape møteplassar der ein kjem i kontakt med menneske som ikkje er kristne. synleggjere at organisasjonen er eit nettverk av dyktige medarbeidarar med spesialkompetanse og som er tilgjengeleg for fellesskapet. gjere misjonsfolket bevisst på eit kontinuerleg bønnearbeid. hjelpe dei truande til å bruke nådegåvene sine. rekruttere unge medarbeidarar, ikkje minst kvinner med forkynnargåver. stimulere til samarbeid over bedehusgrensene, og samanslåing der det er naturleg. oppmode lokale lag til å arbeide kontinuerleg med strategiarbeid ha årlege forkynnarkurs med misjonalt fokus for alle som står i forkynnarteneste. styrke kompetanse for våre medarbeidarar innanfor apologetiske tema (trusforsvar), og i den samanhengen løfte fram NLA som arena for fordjuping. bruke våre mediekanalar til å løfte fram våre tiltak for forkynning og relasjonsdiakoni styrke evangeliseringsarbeidet i forsamlingane, på internett, på kjøpesentra, på reise. sende menneske til å busette seg i delar av landet der det er lite kristen verksemd for å vinne nye for Kristus, og sørgje for at dei som vert sendt også vert fylgt opp. lære opp ressurspersonar og team, direkte eller gjennom Bildøy Bibelskole, med tanke på indremisjonsfokus og planting av nye kristne fellesskap. etablere og vidareutvikle kristne skular og barnehagar, og jobbe bevisst med å styrke det åndelege arbeidet. tilby konfirmasjonsundervisning på kretseller lokalnivå. fornye gjevartenesta, og forkynne fram tienden og raushet som berande prinsipp. VI VIl at VåRE MEDaRBEIDaRaR Skal VEkSE OG MODNaST SOM JESU DISIPlaR. I Matteus 28:,9-20 befaler Jesus Kristus oss å gå ut og gjere alle folkeslag til læresveinar/disiplar, og det handlar om å døype og lære å halde alt det Han har bode oss. Det å gjere til disiplar er både ei erkjenning av den stilling vi er frelste til av berre nåde, og samstundes ein vokster og utvikling som burde skje i våre liv som kristne. Det skjer ved aktiv handling frå erfarne kristne som kan vandre saman med, rettleie og ansvarleggjere andre til å leve eit forpliktande kristenliv. Denne sida ved disippelgjering har nok vore for svak i vårt arbeid, og er på mange måtar ei forutsetning for at unge skal gå inn i eit langsiktig arbeid og ta leiarskap for å bygge kristne fellesskap på Bedehuset. gjere alle truande bevisst på modning og vekst i eige gudsliv. følgje opp unge og vaksne medarbeidarar slik at dei opplever seg sett og ivaretatt, og derfor kan ha eit langsiktig perspektiv på si teneste i misjonen. vere tydeleg som organisasjon på at alt vårt arbeid er tufta på våre verdiar. skape gode og trygge rammer rundt alt vårt arbeid. nytte våre mediekanalar, forkynnarar og leiarar til å tale varmt for Bibelskulane generelt, og Bibelskulen Bildøy spesielt, som sentral arena for disippelgjering av unge menneske. spreie vår leiarskule «Slik at fleire får leve» til alle våre krinsar, og utvikle den med nye tema. arrangere regionale leiarkonferansar for barne- og ungdomsarbeidet saman med ImF-UNG. utarbeide eit enkelt og gjennomførbart opplegg for at unge leiarar i indremisjonsarbeidet skal ha ein medvandrar. forvente at vaksne leiarar i ImF skal vere mentor for ein eller fleire unge medarbeidarar. halde fram med tilbod om Arbeidsrettleiing og utdanne rettleiarar. halde fram vårt verdidokument i samlingar for tilsette og frivillige, og orientere om våre retningslinjer for å førebygge seksuelle krenkingar. stimulere til etablering av arbeidstakarforeining fordi det vil vere sunt for arbeidsmiljøet. 43

VI VIl STIMUlERE TIl aktiv FOR- MIDlING av kristen TRU I HEIMEN Gjennom familierelasjonar skal den kristne tru formidlast frå generasjon til generasjon. Heimane har vore veldig viktig arena for trusformidling, enten heimen består av eitt, to eller fleire menneske. Vi har dei siste tiåra bygd opp barne- og ungdomsarbeid på Bedehuset, leiarbeid, skular, barnehagar, osv. Dette har vore til stor velsigning for kristne familier, og ikkje minst for å nå barn- og unge som har lite eller ingen kristen påverknad frå heimen. Dette arbeidet må derfor styrkast (sjå ImF-UNG sin plan). Samstundes trur vi det er behov for å plante frimod og visjon hos vaksne om den unike muligheit og ansvar dei har til å formidle tru til barna gjennom heimen. Vårt barne- og ungdomsarbeid er ei «forlenga arm», men trusformidlinga i heimen står i ei særstilling. Som ein del av trusvedkjenninga i 5. Mosebok 6,1ff, står det: «Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. Og du skal prenta dei inn i borna dine. Du skal tala om dei når du sit i huset ditt, når du går på vegen, når du legg deg, og når du står opp.» Vi trur ikkje dette har gått ut på dato. Vi trur vidare at aktiv trusformidling i heimen vil føre til at barn, unge og vaksne lettare kan sette ord på si tru også utanfor heimen. hjelpe foreldre og barn til å sette ord på si tru, og skape rom for den naturlige åndelege samtalen i heimen. gje frimod til besteforeldre og andre i nære familierelasjonar til å nytte si rolle til trusformidling. skaffe fleire leiarar til barne- og ungdomsarbeid som frukt av det åndelege livet i heimen. utarbeide og spreie materiell (på nett og papir) som er til praktisk hjelp i trusformidlinga. arbeide for at det er regelmessige fleirgenerasjonsmøte på Bedehuset. arbeide for at forkynninga i forsamlingsmøte/gudstenester vert samtaletema i heimane i dagane etter. bearbeide konseptet Lyngdal Bibelcamp slik at det modellerer korleis vi kan stimulere til det åndelege livet i heimen. bevisstgjere våre tilsette ved grunnskulane og medarbeidarar i leiarbeidet til å spele på lag med foreldra om trusformidlinga. VI VIl FORNyE kvardags- DIakONIEN I vår tidlege historie, og lenge før velferdsstaten vart bygd ut, ser vi korleis kristne tok ansvar for å hjelpe ulike grupper menneske som hadde behov for hjelp. Dette skapte auka truverd for Evangeliet på ein slik måte at vekkingsarbeidet fekk meir gjennomslag. I dag har det offentlege tatt over det meste av dette med utbygginga av helsetenester og institusjonar. Vi skal vere takksame for å få leve i den velstand vi har, og samstundes veit vi at mange menneske også lid i vårt samfunn. Derfor er det ei stor utfordring for oss dei komande åra å finne den rette balansen i det som har vore ein viktig verdi for oss dei siste åra: «Ordet nær og mennesket nær». gjere våre kristne fellesskap til ein naturleg plass for omsorg og hjelp til å meistre livet. plante haldningar hos den enkelte slik at ein ser etter den diakonale mulighet i sin kvardag. skape ein kultur som også tek vare på dei som handlar i strid med Bibelske verdiar. gje diakonalt arbeid god status i all omtale. ha årlege kurs i sjelesorg, mynta på våre medarbeidarar. gjere våre medarbeidarar bevisste på at vi formidlar til menneske med brotne relasjonar og sår når ein tek opp vanskelege tema. stimulere til jamlege kurs for ektepar for å byggje opp om ekteskapet. løfte fram einslege sine utfordringar og unike muligheiter. ha eit godt seniorarbeid, og løfte fram pensjonistane som ressurs. vere til hjelp for asylsøkarar, nye landsmenn og tilflyttarar generelt slik at dei får eit nettverk og blir inkludert i samfunnet. løfte fram det positive med rusfri livsstil og det å leve seksuelt etter Guds gode vilje. oppmuntre kristne til å vere fosterforeldre og tilby avlastnings- og beredskapsheimar. utnytte leirstadane som ressurs for funksjonssvake. ha regelmessige reportasjar og tips gjennom våre mediekanalar om korleis vi kan leve diakonalt i kvardagen og bidra positivt i lokalsamfunnet. spreie konseptet «Hjertebank» (praktisk verktøy/ordning for organisering av hjelpetenester) frå ImF Sandnes. 44

ImF - Tiltaksplan hausten 13 til våren 15 Punktnummer svarer til punkt i strategiplanen Kolonnen «Ansvar» er merket med initialer til ImF-ansatte Punktnummer svarer til punkt i Strategiplanen 1. Vi vil gjere medarbeidarar i indremisjonen bevisst på at vi alle skal vere misjonærar i Norge. 1.1 Sende ut to gonger per år forbønslister for arbeidet og AUH/ arbeidarar sentralt gjennom Sambåndet. 1.2 Legge «Handbok for Bedehuset» på nett. Bruke forkynnarar til å utarbeide nye tema for forkynninga. Kvart 3.tema skal ha misjonsfokus. ØA 1.3 Samle unge og potensielle leiarar/forkynnarar til regionale samlingar, ca annankvar månad. 1.4 Temanummer i Sambåndet om samarbeid over bedehusgrensene. 1.5 Sende ut til alle våre foreininger og forsamlingar ein mal for lokalt strategiarbeid. 1.6 Ha halvårige samlingar for forkynnarar, og utarbeide eit undervisningsopplegg rundt eit tema knytt til misjon eller nådegåveutrustning. 1.7 Arrangere konferanse om trusforsvar i samarbeid med NLA og NLA sine eigarorganisasjonar. 1.8 Bygge ut imf.no for å synleggjere kompetansen og ressurspersonar i organisasjonen. 1.9 Utdanne 20 nye e-coacher. Finansiere og køyre reklame for omgud.net på kinoar i alle byane våre. Forsamlingskonferanse med fokus på nye møteplassar med ufrelste. 1.10 Arbeide for at forsamlingar og ungdomsmiljø har sending av misjonærar i Norge som regelmessig tema. Plante eitt nytt kristent fellesskap i kvar krins. 1.11 Arbeide for at Bibelskulen Bildøy får tydeleg preg av indremisjon og planting av nye fellesskap i Norge. 1.12 Etablere eit møte for kvar av skulane og barnehagane våre, der personalet møter personalleiaren og krinsleiaren/generalsekretæren/ung-leder. RL/ AKK/ 2013-2015 AUH KjFy RL/ /KF RL /KF V2015 AKK/ 1.13 Temanummer i Sambåndet om konfirmantarbeidet på /RL Frikstad/Sandnes/Betlehem. 1.14 Sette i verk tiltaka frå gåveinntektsutvalet. ØK.LEIAR 2013-2015 2. Vi vil at våre medarbeidarar skal vekse og modnast som Jesu disiplar. 2.1 Utarbeide og spreie info om Bibelskulen, med fokus på /BB medvandring og disippelskap. 2.2 Etablere leiarskulen SAFFL i to nye krinsar. 2014 2.3 Arrangere B/U-leiarkonferanse i ein region KF 2.4 Utarbeide eit gjennomførbart opplegg for at frivillige unge AKK/KF V2015 leiarar i Indremisjonsarbeidet skal ha ein medvandrar. 2.5 Tema i krinsane og leiarskulen SAAFL om mentoring. AKK 2.6 Halde fokus på Arbeidsrettleiing, og utdanne 2 nye AKK leiarar. 2.7 Kvalitetssikre tilsettingsprosessar og lage skjema for tilsettingssamtalen. AKK/ 45

3. Vi vil stimulere til aktiv formidling av kristen tru i heimen. 3.1 Lage materiell om trusformidling i heimen, og gjere det tilgjengeleg. Bruke spesielt familieleirar og seniortreff (altså nå både MAAB KF/ born, foreldre og besteforeldre) til å leggja vekt på korleis trua kan få ein meir sentral plass i heimen 3.2 Oppdatere og utvide mal for storsamlingar i «Handbok for MAAB/ Bedehuset», bringe inn erfaring og tips frå fleirgenerasjonssamlingar. 3.3 Utvide forkynnarplanen i «Handbok for Bedehuset» med MAAB/ -V2015 konkrete samtaletema for bruk i heimane. 3.4 Fornye Lyngdal Bibelcamp som møteplass for heile familien. AUH/KF - 4. Vi vil fornye kvardags-diakonien. 4.1 Ha tre reportasjar i Sambåndet per år som løftar fram ulike diakonale tiltak på ein god måte. Eit eller fleire tema i «Handbok for Bedehuset» om 2014 forkynning av forsamlinga som lemer på Jesu lekam. 4.2 Kurs i sjelesorg i to regionar AKK 4.4 Informere om, og oppmuntre til bruk av, samlivskurset /ToLa «Sju kveldar om å vere to». 4.6 Synleggjere alle senior-stemne vi har i ImF. Temanummer om AFP-pensjonistane som ressurs. 4.12 Gjere «Hjertebanken» tilgjengeleg for andre forsamlingar. ØA 46