HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200912550-3 Arkivnr. 800 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.04.2010 22.04.2010 HØYRINGSUTTALE - TIL "FORSLAG OM HØYDEBEGRENSNING PÅ KJØRETØY". Vegdirektoratet har i brev datert 21.12.2009 sendt ut høyringsbrev med Forslag om innføring av høydebegrensning på kjøretøy i Norge. Vegdirektoratet foreslår at det vert innført ei høgdegrense for køyretøy på 4,00 meter. Vegdirektoratet grunngjev forslaget om redusert høgde først og fremst ut frå omsynet til trafikktryggleik. Innføring av reduserte høgder er ein av fleire faktorar som vil medverka til å betra køyretøystabiliteten. Betre stabilitet vil redusera risikoen for velteulukker. I følgje Vegdirektoratet vil også ei slik innføring av reduserte høgder på køyretøy redusera omfanget av sentrisk køyring i tunnelar, noko som vil redusera risikoen for møteulukker. Ein reduksjon av høgda på kjøretøy vil også kunne redusere omfanget av materielle skader på tunnelar og undergangar. Næringsorganisasjonane peikar i uttalen sin på at forslaget vil føra til auka kostnader for transportørar og næringsliv generelt. Omlag 75% av den innanlandske godstransporten går på veg. Redusert laststorleik kan gje fleire turar, som medfører auka transportkostnader, svekka konkurranseevne og høgare klimautslepp. Auka trafikk vil også svekka trafikktryggleiken. Fylkesrådmannen kan ikkje av høyringsnotatet sjå at det spesifikt er gjort greie for ulemper ved ei høgdegrense på 4,20 meter versus ei høgdegrense på 4,00 meter. Etter ei samla vurdering går fylkesrådmannen inn for å innføra ei høgdegrense på køyretøy i Noreg på 4,20 meter.
FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkesutvalet stør framlegget om å innføra ei høgdegrense for køyretøy i Noreg. Fylkesutvalet går inn for at høgdegrensa vert 4,20 meter. Paul M. Nilsen Magnus Vestrheim Vedlegg: 1. Høyringsbrev frå Vegdirektoratet datert 21.12.2009 med høyringsnotat og framlegg til forskriftsendring. 2. Høyringsuttale frå næringsorganisasjonar datert 21.3.2010 2
FYLKESRÅDMANNEN, 6.4.2010: Bakgrunn Vegdirektoratet har i brev datert 21.12.2009 sendt ut høyringsbrev med Forslag om innføring av høydebegrensning for kjøretøy i Norge. For å innføra ei høgdegrense er det føreslege ei endring i Forskrift av 20. januar 2009 om nærmere bestemmelser om tillatte vekter og dimensjoner for offentlig veg og Forskrift av 25. januar 1990 nr 92 om bruk av kjøretøy. Til høyringsbrevet er det utarbeida eit høyringsnotat med forslag til forskrift (vedlegg 1) som er lagt ut på internett sidene til Vegdirektoratet. Høyringsfristen er 21.3.2010. Fylkesrådmannen gav i brev til Vegdirektoratet 24.2.2010 melding om at fylkesrådmannen ser det som nødvendig at fylkeskommunen sin uttale må leggja til grunn også dei faglege innspela som kjem i høyringsrunden - og med grunnlag i dette, legg fylkesrådmannen opp til at fylkeskommunen avgjer sin uttale i slutten av april 2010. Regelverket per i dag Per i dag er det inga generell høgdegrense for køyretøy i Noreg. Det er krav om stabilisatorstag når tilhengar i vogntog er høgare enn 4 meter, og høgden på eit slikt vogntog kan ikkje overstiga 4,50 meter. Dessutan kan ikkje slepevogn i eit tømmervogntog med tillaten totallengde 22 meter overstiga 4 meter. Noreg har slutta seg til EU direktiv 96/35/EF som er bestemmande for vekt og dimensjonar for køyretøy. Direktivet har ei harmonisert høgdegrense på 4,00 meter for internasjonal transport. I dette ligg det at eit kjøretøy med høgde på inntil 4 meter ikkje kan nektast brukt i noko land innafor EØS området med grunngjeving om at køyretøyet er for høgt. Dei aller fleste land i Europa har innført krav om høgdegrense på 4 meter. Men direktivet set ingen grenser for kva krav ein kan stilla til største tillatne høgde på køyretøy i innanlands trafikk i Noreg. Vegar som vert dimensjonert for tungtrafikk skal, etter 2 i Forskrift 29. mars 2007 om anlegg av offentleg veg, byggast slik at dei normalt kan trafikkerast av køyretøy med høgde inntil 4,50 meter. Forslaget til forskriftsendringar Vegdirektoratet føreslår at pkt 5 i Forskrift av 20. januar 2009 om nærmere bestemmelser om tillatte vekter og dimensjoner for offentlig veg skal lyda slik (endringa står i kursiv): TILLATT BREDDE OG HØYDE FOR KJØRETØY PÅ OFFENTLIG VEG a) Tillatt bredde: Største tillatte bredde for kjøretøy på offentlig veg er 2,55 m hvis ikke mindre bredde er fastsatt ved oppsetting av trafikkskilt eller i vegliste. For kjøretøy med skappåbygg fast eller avtagbart- spesielt utstyrt for transport av gods ved en automatisk regulert temperatur hvor hver sidevegg inklusive isolasjon er minst 45 mm tykk, er største tillatte bredde 2,60 m på veger som ellers er tillatt for 2,55 m. Største tillatte bredder skal måles uten toleranse. b) Tillatt høyde: Største tillatte høyde for kjøretøy på offentlig veg er 4,00 m hvis ikke mindre høyde er fastsatt ved oppsetting av trafikkskilt eller i vegliste. Største tillatte høyder skal måles uten toleranse. Høyden som skal måles er den største høyde kjøretøyet kan oppnå under kjøring. Ved transport av udelbart gods skal godset ikke medregnes i kjøretøyets høyde etter dette pkt. c) Bestemmelsene i dette pkt bokstav b) gjelder for kjøretøy som registreres i Norge fra og med 1. januar 2011. Kjøretøy registrert før 1. januar 2011 kan benyttes frem til 31.desember 2020. 3
Det er også føreslege å oppheva kravet om stabilisatorstag i 4-3 i Forskrift av 25. januar 1990 nr 92 om bruk av kjøretøy. Vegdirektoratet si grunngjeving for forslaget Vegdirektoratet grunngjev forslaget om redusert høgde først og fremst ut frå omsynet til trafikktryggleik. Innføring av reduserte høgder er ein av fleire faktorar som vil medverka til å betra køyretøystabiliteten. Betre stabilitet vil redusere risikoen for velteulukker. I følgje Vegdirektoratet vil også ei slik innføring av reduserte høgder på køyretøy redusera omfanget av sentrisk køyring i tunnelar, noko som vil redusera risikoen for møteulukker. Ein reduksjon av høgda på køyretøy vil også kunne redusere omfanget av materielle skader på tunnelar og undergangar. Nærmare om udeleleg gods I høyringsnotatet er det drøfta om udeleleg gods bør takast med i høgdegrensa. Tre alternativ er drøfta: 1. Det må søkjast om dispensasjon kvar gang udeleleg gods med høgde over 4,00 meter skal transporterast. 2. Største tilletne høgde for transport av udelbart gods vert 4,50 meter. 3. Ikkje medrekna udeleleg gods i høgda til køyretøyet og vidareføra dagens system med at det må søkast om dispensasjon når det skal transporterast udeleleg gods med høgde utover skilta (tilletne) høgde. Vegdirektoratet rår til det tredje alternativet. Høyringsuttale frå næringsorganisasjonar Hovedorganisasjon for handel og tjenester, HSH, Logistikk- og transportindustriens landsforening (LTL), Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og Dagligvarehandelens leverandørforening (DLF) har kome med ein sams høyringsuttale (vedlegg 2), der dei stiller seg negative til forslaget om høgdegrense: De samarbeidende organisasjoner (se ovenfor) ber om at Statens Vegvesen Vegdirektoratet trekker tilbake forslaget om innføring av en høydebegrensning på 4,00 meter for de aktuelle kjøretøyene. Vi mener at både den framlagte dokumentasjon og argumentasjon fra Statens Vegvesen Vegdirektoratets side ikke er tilstrekkelig til å forsvare en gjennomføring av forslaget. En gjennomføring av forslaget vil dessuten føre til økt transport på vei. Det er i strid med Stortingets forutsetninger om mer gods fra vei til bane og ha uheldige miljøvirkninger. Det er heller ikke hensiktsmessig å innføre denne type regler i et fungerende nordisk marked ved å ha vesentlig lavere norsk høydebegrensning i et marked hvor lastehøydene stort sett har basert seg på å kunne være opp til 4,30 meter. Forslaget vil føre til økte kostnader for transportører og næringsliv generelt. Organisasjonane ovanfor går subsidiært inn for ei høgdegrense på 4,30 meter for køyretøy med faste påbygg. Høyringsuttalar frå Rogaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar Hovudutvalet for samferdsle i Sogn og Fjordane gjorde 24.2.2010 slikt vedtak i sak 0010/10 Høyring- Forslag om innføring av høgdebegrensning på køyrety. : Hovudutval for samferdsle sluttar seg til Vegdirektoratet sine vurderingar om reduserte høgder på kjøretøy i Noreg og tilrår maks høgde på store bilar på 4 meter. 4
Fylkesutvalet i Rogaland gjorde 23.3.2010 slikt vedtak i sak 38/10 Høring: Forslag om innføring av høydebegrensning på kjøretøy : RFK har forståelse for at det innføres en høydebegrensning på kjøretøy og til tilrå at denne settes til 4,2 meter. En høydebegrensning på 4,2 meter vil ivareta behovet for trafikksikkerheten samtidig som næringslivet tilbys gode rammebetingelser. RFK forutsetter en smidig behandling av dispensasjonsordningen slik at høydebegrensningene ikke skaper store hindringer for lokal næringsvirksomhet. Fylkesrådmannen sine merknader Fylkesrådmannen legg ulike perspektiv til grunn for uttalen. Fylkeskommunen har etter Vegtrafikkloven 40a eit ansvar for å tiltrå og samordna tiltak for å fremja trafikktryggleiken i fylket. Fylkeskommunen er også den største vegeigaren i Hordaland med omlag 2924 km. fylkesveg, medrekna 121 fylkesvegtunnelar. Dessutan er fylkeskommunen ein regional utviklingsaktør, som er oppteken av å leggja tilhøva til rette for næringsverksemd i heile fylket. Vegane i Hordaland er i stor grad smale og kurvete med få omkøyringsvegar. Fylkesrådmannen meiner at det er viktig å sikra køyretøystabiliteten for å hindra velteulukker og for å sikra god framkomst på vegnettet. Næringsorganisasjonane, nemnt ovanfor, går heller ikkje i mot Vegdirektoratet sitt syn på at ein høgdereduksjon kan medverka til auka stabilitet. Men dei viser til at det også er mange andre faktorar som spelar inn som t.d. sjåføropplæring og tekniske krav til køyretøy. Sentrisk køyring i tunnelar kan medføra svært stygge møteulukker. I Hordaland er det 46 tunnelar på fylkesvegnettet med høgde 4,00 meter eller lågare (tilsaman 15,6 kilometer). I tillegg er det låge tunnelar på det kommunale vegnettet. Den mest trafikkerte fylkesvegtunnelen er Løvstakktunnelen med ÅDT på omlag 17000. Skilta høgda i Løvstakktunnelen er 3,8 meter. Fylkesrådmannen meiner at innføring av ei høgdegrense på køyretøy vil kunna redusera sentrisk køyring- og dermed talet på møteulukker. Fylkeskommunen er, som vegeigar, også oppteken av få ned kostnadene med å vedlikehalda teknisk infrastuktur i tunnelane. Vegdirektoratet skriv i høyringsnotatet; Statens vegvesen er kjent med flere tilfeller hvor kjøretøy som har høyde utover skiltet (tillatt) høyde, kjører sentrisk i tofelts tunneler. Dette medfører fare for annen trafikk i tunnelen og ved at armaturer, vifter og hvelv i tunnelene blir kjørt i stykker. En innføring av høydebegrensning i Norge på 4,00 eller 4,20 meter vil denne problematikken bli redusert. Eit alternativ til å innføra ei høgdegrense for køyretøy, nemnt av næringsorganisasjonane, er å satsa på meir overvaking og kontroll av køyringa i tunnelane. Eit anna alternativ er utbetring og bygging av nye tunnelar. Nye tunnelar vert bygd slik at dei kan trafikkerast av køyretøy med høgde inntil 4,5 meter. Næringsorganisasjonane peikar i uttalen sin på at forslaget vil føra til auka kostnader for transportørar og næringsliv generelt. Omlag 75% av den innanlandske godstransporten går på veg. Redusert laststorleik kan gje fleire turar, som medfører auka transportkostnader, svekka konkurranseevne og høgare klimautslepp. Auka trafikk vil også svekka trafikktryggleiken. Vegdirektoratet skriv at ei høgdegrense på 4,00 meter kan verka negativt for eventuelle køyretøy/vogntog med høgde på over 4,00 meter då desse vil få med seg mindre volum pr. transport enn det som er tilfelle i dag. Ei grense på 4,20 vil verka mindre problematisk i forhold til problematikken med mindre volum pr. transport. Fylkesrådmannen kan ikkje av høyringsnotatet sjå at det spesifikt er gjort greie for ulemper ved ei høgdegrense på 4,20 meter versus ei høgdegrense på 4,00 meter. 5
Etter ei samla vurdering går fylkesrådmannen inn for å innføra ei høgdegrense på køyretøy i Noreg på 4,20 meter. 6