BUSTADSOSIAL HANDLIN GSPLAN STORD KOMMUNE

Like dokumenter
BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN STORD KOMMUNE

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

`` Slik gjer me da i Lindås `` bustadtilpassing... vegen til bustadkontoret

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Bustadarbeid Ullensvang herad. Kjellrun Tveisme

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 13:00 15:15

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Bustadsosialt arbeid i Stord kommune slik nådde me nullvisjonen

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

BUSTADPLAN

Tilpassing av bustad. Finansieringsalternativ

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

Tilpassa bustader erfaringar frå Karmøy. Innlegg Stavanger 4 april 2017

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

Forslag til forskrift

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Husbanken Region vest

Kommunikasjonsstrategi

Forfall skal meldast på tlf Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Kommunedelplan for oppvekst

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2012/ Dato:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Delplan 2 -Skjema for risikoanalyse busetting av flyktningar Med referanse til punkt 3.3 i Prosjektplanen: «Kritiske suksessfaktorar for prosjektet»

SAKSDOKUMENT. Retningsliner for tildeling av kommunale utleigebustadar

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Retningslinjer for behandling og tildeling av kommunal bustad i Sandøy kommune

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

Oversyn over økonomiplanperioden

Byggje bu leve Boligsosial strategi Meld. St. 17 ( ) Melding til Stortinget

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Forskrift om bustøtte

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Utvalet for oppvekst og omsorg /11 HLV

Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låg inntekt

Bustadplan for Kvam herad

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

10/60-14/N-211//AMS

Transkript:

Stord kommune BUSTADSOSIAL HANDLIN GSPLAN STORD KOMMUNE 2011 2014 VEDTEKEN I RHO 29.9.2011 Visjon: Alle skal bu godt og i eit trygt miljø. Boligen er et grunnleggende velferdsgode og boligpolitikken er en sentral del av statens velferdspolitikk. (Frå statsbudsjettet sin bustaddel s. 101)

FØREORD Dette er prosjektgruppa sitt framlegg til Bustadsosialhandlingsplan for Stord kommune for åra 2011-2014. Planen vart sendt ut på høyring før den vert lagt fram til politisk handsaming 29.september 2011. Stord, september 2011 Ingrid Fitjar prosjektleiar INNHALD: INNLEIING side 3 1. KORT OPPSUMMERING AV PLANEN side 4 Hovudmål 1 4 4 Viktige tema i framtida 4 Framlegg til nye tiltak 5 2. RESULTAT PLANEN FOR 2006 2010 side 5 Hovudmål 1 5 Hovudmål 2 6 Hovudmål 3 6 Hovudmål 4 6 Om utvikling sidan sist plan vart lega 7 3. TATUS STORD KOMMUNE 2011 side 8 Målgrupper 8 Verkemiddel 9 Organisering av det bustadsosialearbeidet i Stord kommune 10 4. HANDLINGSPLAN 2011-2014 side 11 Hovudmål 1: Kommunen skal ha eit godt bustadtilbod og nok eigna bustader til dei som har behov for kommunal bustad 11 Hovudmål 2: Kommunen skal bidra til at flest mogeleg skal eiga sin eigen bustad 12 Hovudmål 3:Kommunen skal bidra til at alle kan verta buande i bustaden sin om den er godt eigna for husstanden. 12 Hovudmål 4 : Det bustadsosialearbeidet i kommunen skal organiserast slik at dei ulike aktørane samarbeider godt og slik at dei ulike ordningane vert nytta til beste for brukarane. 13 5. VEDLEGG side 13 2

1 INNLEIING Gjeldande bustadsosial handlingsplan for 2007 10 skal rullerast og strategisk leiing vedtok å oppretta eit prosjekt med prosjektleiar i 20% stilling våren 2011 for å få dette gjort. Prosjektgruppa har medlemmer frå ulike einingar ( NAV, Kundetorg, Eining for aktivitet og rehabilitering, Sosial- og førebyggjande avd. ) og KF og har arbeid i tida februar til juni 2011 med møte kvar 2. eller 3. veke. Samfunnsutviklinga går fort og endringar kan skje brått og ikkje alltid planmessig. Like fullt vil det å bu vera grunnleggande for menneska. I aukande grad vert bustadsituasjonen lagt vekt på når personar treng hjelp og / eller behandling. Visjonen om at alle skal bu trygt og godt speglar kva me som samfunn reknar som ein grunnleggande menneskerett. Sentrale politikarar tek no og til orde for ein meir aktiv offentleg bustadpolitikk, og ei bustadmelding er på trappene. Kommunen sitt arbeid med denne planen er såleis i tråd med tankar i tida. Dei fleste i Stord kommune har ein bustad som dei eig, men det er ikkje alle som vil, kan eller klarar å eiga bustaden sin. For desse er det eit mål at dei skal kunne skaffa seg og halda på eit eigna husvære. Bustadsosialetiltak vert i stor grad retta mot denne gruppa og det er her det kommunale tiltaksarbeidet har si største målgruppe. Stord kommune er ein kommune med veksande folketal. I tillegg har me eit næringsliv som i periodar inneber at her kjem mange gjestearbeidarar til kommunen. Utfordringane syner seg på utleigemarknaden med til tider få ledige husvære og høge leigeprisar. Konkurransen om å få tak i husvære kan verta stor, både når det gjeld å leiga og eiga. Bustadsosiale tiltak skal og verka dempande på desse svingingane og gje fleire høve til å halda på eit husvære over tid. Mykje bra har skjedd, særleg innan rusfeltet der satsing på tiltak av bustadsosial art, oppfylgjing, helse og arbeidstrening har verka positivt til at fleire har ein betre kvardag. Utfordringar viser seg i form av at fleire slit med høg gjeldsbyrde, ungdom slit med å koma inn i bustad- marknaden, nedbygging av tradisjonelle institusjonar og kortare institusjonsopphald enn tidlegare, barnefattigdom og aukande innvandring. Dette er ikkje særmerkte utviklingstrekk for Stord, men gjeld heile landet. Det ligg og ei utfordring mellom personleg fridom til å byggja og bu der ein kvar vil og kommunen sitt mål om effektiv tenesteproduksjon når nokon treng det. God kartlegging og tidleg samarbeid er viktige stikkord slik at privatpersonar og kommunen som tenesteytar kjenner kvarandre sine planar og samhandlar til beste for begge partar. Ei tredje utfordring kan vera at kostnader ved å byggja nytt etter krav til god og energivenleg utforming kan koma i motsetnad til mål om låge buutgifter. Prosjektgruppa vil peika på at ved sida av å vera viktig for mennesket sitt liv her og no, kan det bustadsosialearbeidet og verka førebyggjande. Helse og livssituasjonen kan stabiliserast og barn og unge får ein stabil og trygg oppvekststad om målet i visjonen om å bu trygt og godt vert nådd. Me ser vidare at Stord kommune har, innafor gjeldande ressursar gjort mykje godt arbeid i dette feltet. Samstundes er ikkje alle måla i førre planen er likevel nådd, og nye utfordringar har kome til. Omleggingar i det offentlege medfører nye utfordringar for kommunane, slik tilfellet er med samhandlingsreforma, som trer i kraft i 2012. Vidare tiltak og arbeid må gjerast slik at ressursane kjem så mange som mogeleg til gode, og tenestene til dei brukarane som treng det mest vert mest mogeleg saumlause. Å setja saman personar frå ulike deler av kommunen i ei prosjektgruppe er nyttig i så måte. Prosjektgruppa legg med dette fram eit forslag til ny bustadsosial handlingsplan for Stord kommune for åra 2011-2014. Planen har vore på høyringsrunde og det kom inn utale frå 3 einingar. Planen vidare er å få politisk handsaming og vedtak i haust.. 3

1. KORT OPPSUMMERING AV PLANEN Prosjekt gruppa vurderer at gjeldande hovudmål noko og nye kome til: kan stå vidare, medan delmåla (underpunkta) er endra 1. Kommunen skal ha eit godt bustadtilbod og nok eigna bustader til dei som har behov for kommunale bustader o Retningsliner og rutinar for utleige er laga og vedteke april 11 Skal gjerast kjend for alle. o Ferdigstilla påbegynte bustader i bufellesskap i 2011 og 2012. o Starta planlegging av nye bustader så snart behovet er der. o Vidareføre program for bustadoppfølging i Stord kommune (ProbiS) utvikle det. o Halda husleigene for vanskelegstilte på eit så lågt nivå som mogeleg. o Fylgje opp gjeldande rutinar for husvære ved utskriving frå institusjon eller fengsel. o Barnebustad kan opprettast som ein del av anna tilbod og bør utgreiast nærare slik at kommunen er budd når behovet melder seg. o Ha forsvarleg standard på dei kommunale husværa. o Gå gjennom gjeldande praksis ved sal av bustader i burettslag der kommunen har tildelingsrett og attkjøpsrett slik at det vert mest mogeleg likskap. o Bustader med heildøgnsomsorg vert planlagt og gjennomført i tråd med plan for rehabilitering, helse og omsorg. o Forbetra gjeldande rutinar for fakturering og innbetaling av husleige. o Arbeida for å auka gjennomstrøyminga i kommunale hus slik at butida vert 3 år som hovudregel. 2. Kommunen skal bidra til at flest mogeleg skal eiga sin eigen bustad o Kommunen skal låna inn nok pengar til Startlån slik at dei som treng dette også får det. o Gje lån på betre vilkår i særlege tilfelle. o Informera om bustønad, Startlån og tilskot slik at innbyggjarane er kjende med ordningane. o Gi informasjon til utbyggjararom at det er behov for plassar i bustadområde / bustadprosjekt til personar med særlege behov. o Greia ut vidare om Leige fçre eige -prosjekt. (sjå vedlegg) o Rådgjeving til utsette grupper for å kunne kjøpa eigna hus. 3. Kommunen skal bidra til at alle kan bu i bustaden sin dersom den er godt eigna for husstanden o Bustadrådgjevingsteneste for eldre / funksjonshemma må innebera både ergonomisk, økonomisk og teknisk rådgjeving. o Informasjon om økonomiske verkemiddel til både brukarar og tilsette i kommunen må vera lett tilgjengeleg for alle som treng det. o Vidareføra samarbeid med namsmannen for å hindra utkasting frå leigd bustad. o Kundetorget har eigna tiltak til dei som treng det for å nå dette målet. o Alle nye einebustader skal vera tilgjengelege ved at alle hovudfunksjonar ligg på inngangsplanet, og følgjer krava gjeve i Byggteknisk forskrift 2010 til tilgjengeleg bueining. Tilkomst skal vera trinnfri og vidare følgja Byggteknisk forskrift 2010 8.6 o Økonomisk rådgjeving og tilbod om disponering til dei som treng det. 4.Det bustadsosiale arbeidet i kommunen skal organiserast slik at dei ulike aktørane samarbeider godt og slik at dei ulike ordningane vert nytta til beste for brukarane o Vidareføra og utvikla overordna bustadgruppe. Evaluera denne organiseringa og arbeidet innan utgongen av 2012. o Samorganisera arbeid med forvalting av bustadsosialetiltak innafor eininga Kundetorget. Utvikla rutinar og grensesnitt i tråd med det. Ansvar: Overordna bustadgruppe i samarbeid med leiar Kundetorget. o Etablera brukarutval o Etablera eit bustadsosialt forum o Revidera planen i samband med årleg budsjettarbeid. Ansvar: Overordna bustadgruppe o Rullera planen om 4 år. Viktige tema å ta tak i for framtida: - Universell utforming - Mange fell utanfor ordninga med bustøtte i dag, sjølv om dei slit med dårleg økonomi. Politisk og administrativ leiing i kommunen må arbeida overfor departement og Husbank for at taket på godkjent 4

husleige som vert teke omsyn til i søknader om Bustøtte vert heva, eventuelt at kommunen kjem i ei anna kommunegruppe. Framlegg til nye tiltak: - Samorganiseraalle som arbeider med forvalting av tiltak innan det bustadsosialefeltet til kundetorget - Utgreia prosjekt med å byggja menneske ( gi personar som er i stand til det opplæring og arbeidsoppgåver med stell og vedlikehald av eigen bustad) gjennom å organisera oppussing og/eller vedlikehald som ein eigenaktivitet for nokre brukargrupper. - Sjølvbyggjarprosjekt bør utgreiast nærmare og vurderast starta. - Greia ut om sal og nykjøp/bygging eller oppussing og rehabilitering svarar seg for dei husværa kommunen eig - Utvida sakshandsamarkapasitetenpå Startlån. - Nye bufellesskap må planleggjast ved behov. - Brukarmedverknad må sikrast Planen byggjer på: - Resultatet av prosjektgruppa sin gjennomgang av tiltaka i gjeldande bustadsosial handlingsplan 2006-2010 og gjennomgang av tiltaka der. (Sjå kap.3) - Gjeldande økonomiplan - Samarbeidsavtalemed Husbanken (vedlegg) - Prosjektgruppa og andre sine innspel i prosjektperioden. 2. RESULTAT PLAN FOR 2006-2010 Hovudmål 1: Kommunen skal ha eit godt bustadtilbod til dei gruppene som har behov for kommunale bustader DELMÅL/ PLAN: Prosjektgruppa si oppsumm ering av kva som har skjedd: Etablera 2 nye bufellesskap for funksjonshemma. Utvida Sæbøhaugenburettslag Kontinuerleg planlegging av nye bustader I 2010 starta bygginga av 2 nye bufellesskap, Knutsaåsenog Sæbøhaugen. Ansvarleg: KF og dei vil stå ferdige i 2011/-12. Gått bort frå å utvida Sæbøhaugenburettslag Overordna bustadgruppe skal no ha ansvar for vidare planlegging. Etablera 15 nye bu-einingar for vanskelegstilte Etablera 3-4 nye på Ås Forseinka. Vert ferdig i 2012 (Ås). 4 husvære i Husahaugen i bufellesskap Etablere barnebustad Trong for slik bustad er møtt med utvida bruk av avlastingsbustad. Rusta opp eksisterande kommunal bustadmasse Bruka overskot på husleiga til å finansiera dette Vidareføring Probis Tyder: Prosjekt bustadlausei Stord Endratil: Praktiskoppfçlging i bustad i Stord Laga rutinar for husvære ved utskriving / lauslating frå institusjon/ fengsel Etablera mellombels bustad for bustadlause, jamfør lov om sosiale tenester i Arbeids- og velferdsetaten 27 KF har hatt gjennomgang av alle og laga plan for opprustinga. Ferdig: Problem: Økonomi. No vert husvære pussa opp i samband med byte av leigetakar og så langt avsette pengar rekk. I tillegg må dei ta akutte reparasjonar. Overskotet av husleiga vert ikkje brukt på husa slik ein ynskte. Probis starta opp i 2006 som prosjekt delfinansiert av Husbanken. I 2007 utførte HøgskulenStord/haugesund ein kvalitativ studie av Probis. Den viste gode resultat og nøgde brukarar og var med på å syta for at Probis vart vidareført som fast tiltak i Stord kommune. Er blitt eit permanent tiltak med 4,8 stillingar organisert under sosial og førebyggjande tenester. Kundetorget gjer vedtak om oppfølging etter Lov om sosiale tenester. Er laga i prosjektet Din bustad. NAVStord ved sosialtenesta er ansvarleg for den kommunale delen av samarbeidet. Krisebustad i Åkervikåsen er etablert. NAV Stord, Probis og Stord kommunale eigedom KF samarbeider. Stod klar sommaren 2011 5

Hovedmål 2: Kommunen skal bidra til at flest mogeleg kan eiga sin ei gen bustad DELMÅL/ PLAN: Prosjektgruppa si oppsummering av kva som er skjedd : Låna inn nok pengar til Startlån frå Husbanken Registrerer aukande etterspurnad. Låna 20 mill i både 2010 og 2011. Kapasiteten på saksh. sida er sprengt. Følgja husbanken sine retningsliner ved tildeling av lån Går greitt, men behov for å ha kommunal praksis og kommunale lånevilkår skriftleg i tillegg. Unntaksvis gje lån på betre vilkår. Ikkje nytta Unntaksvis selja kommunale bustader. Lite aktuelt pga behovet for husa. Retningsliner vedteke i 2011 Gjera bustønad og finansieringsordningar kjent for innbyggjarane. Sakshandsamarari Kundetorg, Nav og andre i kommunen informerer til aktuelle søkjarar. Ordninga kan gjerast betre kjent på nettsida og ved annonsering. Vera positiv til private initiativ t.d etablera samarbeid med med utbyggjarar som vil ta sosiale omsyn. Stord kommunale eigedom KF og strategisk leiing snakkar med dei som tek kontakt. Overordna bustadgruppe må verta orientert / konsultert. Kommunalsjef involvert. Hovudmål 3: Kommunen skal bidra til at alle kan bu i bustaden sin dersom den er godt eigna for husstanden DELMÅL /PLAN Prosjektgruppa si oppsummering av kva som er skjedd Bustadrådgjevingsteneste for funksjonshemma / eldre. Vidareføra og utvikla prosjektet som er eit samarbeid mellom Husbanken, NAV Hjelpemiddelsentralen og 18 kommunar i Hordaland. Stord har vore med frå starten i 2005. Prosjektet er vidareført sentralt. Frå 2010 er ordninga med å få nytta heistilskot til ombygging utvida til å gjelda tilskot til ramper i tillegg. Gruppa har hatt møte 1 2 gonger i året. Ergoterapitenesta gjev rettleiing til brukar og involverer husbankkonsulent eller andre ved behov. Kommunen har ikkje hatt teknisk kompetanse som kan vera med på synfaring i bustadene. IPLOS-kartlegginga omfattar og bustad og vert gjennomført i Kundetorget og hjå heimebas.tenester. Avdekka behov for vaktmeisterteneste for gruppa Informasjon til brukarar og tilsette om verkemiddel Kundetorget, rettleiarane på NAV og husbankkonsulent informerer i aktuelle saker. Vidareutvikla rutinar ved betalingsproblem og manglande innbetaling av kommunale lån og husleige Samarbeidamed namsmannen for å unngå utkasting Økonomisk rådgjeving ved betalingsproblem og/eller varsel om utkasting/tvangssal. Rutinar ved manglande husleigebetaling er laga, men må bli klarare og følgjast betre opp. Reknesk. /KF ansvarleg Lindorf følgjer opp dei kommunale låna og dette fungerer godt og er sjølvfinansierande. Utkasting etter dom frå forliksrådet/namsmannen går sin gong, men ein må søkja å koma tidlegare inn i sakene for å unngå ei slik utvikling. Ikkje blitt laga eigne rutinar. Sosialtenestavert varsla ved utkastingsvarsel frå leigd bustad. Veiledaranepå NAV gjev råd i saker dei vert kjende med, Økonomirådgjevar tek større saker direkte eller via veiledar. Aukande saksmengd, men ikkje lang ventetid. Ventetida hjå namsmannen på søknad om gjeldsordning er 1 år eller meir, men saker med barnefamiliar vert prioriterte. Bankane kjenner kommunen sine tilbod og rår folk til å ta kontakt. 6

Hovudmål 4: Det bustadsosiale arbeidet i kommunen skal organiserast slik at dei ulike aktørane samarbeider godt og slik at dei ulike ordningane vert nytta til beste for brukarane. DELMÅL /PLAN Prosjektgruppa si opps ummering av kva som er skjedd Ein ansvarleg kommunalsjef med overordna ansvar for bustadsosialetiltak. I 2010 vart det vedteke å oppretta ei overordna bustadgruppe med ansvar for å overordna planlegging av det bustadsosialearbeidet i kommunen. Kommunalsjef Knut J. Gram leier gruppa. Revisjon av gjeldande rutinar for planlegging av kommunale bygg KF har ansvar for dette. Det vert etablert eigne prosjekt for å gjennomføra dette. Laga skrivne rutinar for dei ulike oppgåvene og samarbeidsrutinane Utvikla retningsliner og rutinar for bruken av BOKART. Revisjon av planen og rullering etter 4 år Ny organisering av det bustadsosiale arbeidet er etablert. Ikkje alle grensesnitt er på plass og noko av arbeidet er i støypeskeiaenno. Etter forsøksperioden har programmet vore lite nytta. Kostnad og manglande oppfylging frå Husbanken gjer at kommunen sluttar å bruka det. Andre verktøy som Profil og IPLOSvert nytta og dekker behovet. Ikkje revidert årleg. Rullering våren 2011. I arbeidet med økonomiplanen er nybygg nemnt. Sidan sist rullering i 2007 har fylgjande skjedd : NAV vart oppretta i 2007. I NAV er desse kommunale tenestene etablert: Sosialtenesta, eit team som består av husbankkonsulent, økonomirådgjevar og bustadkonsulent. Og eit team som består av flyktningtenesta. Prosjektet Frå plan til ferdig bustad var ferdig i juni 09. Her kom det fram forslag til ny organisering av det bustadsosialearbeidet. Planen vart vedteken i oktober 2010. Som fylgje av forslag i planen vart overordna bustadgruppe etablert etter administrativ handsaming. Oppretting av eit kommunalt eigedomsføretak (KF) som innan budsjetterte rammer skal eiga kommunale bygg og driva utleige og vedlikehald av dei. Etablert 01.07.09. Småhusprosjekt på Hatland oppretta utanom alle planar med utgangspunkt i eit oppstått behov. Stord kommune er ressurskommune for universell utforming. Alle nye bustader som blir bygd av Stord kommune skal ha universell utforming som skildra i forskrift av 2010 og Norsk Standard. Det betyr at alle bustader skal kunne brukast av dei fleste uansett funksjonsnivå og utan særskilde tilpassingar. Stord kommune er som ein av 10 utvalde norske kommunar med i eit nettverk oppretta i samarbeid md Norsk Form og som omhandlar Framtida sine bustader for eldre. Kommunen skreiv i 2010 under på samarbeidsavtalemed Husbanken. Andre planar som er laga i kommunen og som berørar feltet: - Rusplan - Kommuneplan - Rehabilitering-, helse- og omsorgsplan. (rev. 2011) - Avtale med Husbanken og kriminalomsorgen: Din bustad 7

3. STATUS STORD KOMMUNE 2011 Målgrupper og verkemiddelbruk Folketal Folketalet i Stord kommune er venta å auka i åra frametter. Pr i dag er talet på innbyggjarar 17. 600 og forventa auka til 18.306 i 2014 (Jfr SSBfolketalsframskriving for Stord kommune i økonomiplanen). Alderssamansettingavert gradvis endra, og talet på personar over 90 år aukar. I økonomiplanen er det peika på eit venta fødselsoverskot, noko som gjer at befolkninga i Stord kommune er yngre enn gjennomsnittskommunen. Tilflytting til kommunen er større enn fråflyttinga. Ungdom Aldersgruppa 16-22 år er på 1880 personar dvs om lag 10,6% Unge sin situasjon på bustadmarknaden endrar seg. Bankane har strengare krav til eigenkapital og prisane på leilighetar og hus er relativt høge. Dei som ikkje har eigenkapital får ikkje lån, og vert då utestengde frå å byrja å byggja seg opp til å eiga hus sjølve. Leigeprisane på Stord varierer og det kan vera kostbart å leiga i periodar med høgkonjunktur i regionen. Nokre unge, som er i sårbare livssituasjonar, er i særleg grad utsette i bustadmarknaden. Eldre Aldersgruppa over 67 år aukar med 15,4 % frå 2010 til 2014. Denne gruppa er, som alle andre grupper, samansett og inneheld personar med dårleg helse og svak økonomi og personar med god helse og sterk økonomi. Gruppa eldre over 90 år er den som aukar mest. Flyktningar Stord kommune har avtale med staten om å busetta 10 personar i året i perioden 2007-2011.Dei som vert busett leiger husvære av private. I tillegg kjem familiesameiningar(ektefelle og barn til dei som alt bur her). Då trengs større hus og dei må ofte leiga dyrt og bu usikkert hjå private utleigarar. Ordninga er både dyr og arbeidskrevjande for kommunen. Pr i dag har 9 familiar med flyktningbakgrunn kommunale husvære og det er ei utfordring å få dei vidare i bustadmarknaden. Flyktningtenesta og andre kommunale instansar føl opp nesten 100 personar som har bakgrunn som flyktningar og som er komne til kommunen i siste 5-års-periode. Funksjonshemma Tradisjonelt reknar me inn utviklingshemma, personar med fysiske funksjonshemmingar, kroniske sjukdommar og skader i denne gruppa. Kor stor gruppa er i Stord kommune er uvisst, men 24 personar har søkt om plass i bufellesskap og 12 av desse har fått førehandstilsegn om slik. Alderen på dei som har meldt behov varierer. Ikkje alle er like aktuelle i dag, men seinare i planperioden(7 er under 18 år). Rus Ruskartlegginga syner at her er 3 personar heilt utan bustad. I Stord kommune var det pr. november 2010 registrert 129 personar med rusproblem, auke på 21 personar frå året før (108 i 2009 og 129 i 2010 9. 43 av desse hadde kommunal leigebustad med eller utan oppfølging. Bustadlause I november -10 vart 3 personar registrert som heilt bustadlause i ruskartlegginga. Probis melder at dei har kontakt med 10 personar som ikkje har eigen bustad, men som treng det. (bur ueigna, i fengsel, bur på nåde hjå familie/vener eller er for sjuk til å bu slik dei gjer). I 2010 hadde sosialtenesta 4 saker der person stod utan hus og plass i midlertidig bustad eller liknande vart skaffa. Probis har registrert ei gruppe unge i alderen 17 19 år som bur hjå personar med omfattande rusproblem. Desseer muliges i gråsona og ikkje registrert i noko system. Einslege med for sørgjaransvar På NAV er det registrert 68 personar som mottek stønader som einslege forsytarar. I tillegg kjem dei som har delt omsorg for born, der nokre av desse hushalda og har berre ei inntekt og kan dermed møta utfordringar med høge bu-utgifter i høve til inntekta. Økonomiske vanskar / liten betalingsevne NAVhar plikt til å gje råd og rettleiing til personar med økonomiske vanskar. Personarmed omfattande gjelsproblematikk vert vist til økonomi/ gjeldsrådgjevar. Talet på slike saker aukar. 40 personar har i dag disponering av økonomi som eit tiltak. Ordna økonomi er sentralt i høve til mål om å skaffa seg og behalda hus for mange av desse. I denne gruppa finn ein representantar for alle gruppene. I tillegg kjem personar som av ulik årsak har hamna i økonomiske vanskar med høg gjeld. Inntrykket er at gruppa veks. Talet på saker til økonomirådgjeving og søknader om Startlån aukar. 8

Personar som treng kommunale tenester i bustaden på grunn av helsevanskar eller sosiale problem Kundetorget har pr i dag ikkje registrerte søkjarar som ikkje får slike tenester gjennom Probis. VERKEMIDDEL: BUSTADSOSIALE TILTAK Kommunale utleigebustader Kommunal utleigebustad er bustad eller småhusvære som kommunen har bygd eller eig. Tal: 94 husvære og 28 i burettslag. Tilstand: 21 av kommunen sine husvære har god / tilfredstillande standard. Resten treng enten indre eller ytre rehabilitering / oppgradering eller begge deler. Husa vart gått gjennom og vurdert m.o.t. trong for oppgradering og vedlikehald i 2007. Planen er at husværa skal renoverast når det er naturlig ved byte av leigetakar, om budsjettet tillet det. Nokre hus må renoverast før nye leigetakarar kan flytta inn. Eit hus er total- skada av brann Stord kommune ved KF eig i dag 142 bustader for utleige. Av desse er 78 omsorgsbustader og resten ordinære utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kommunen har i tillegg tildelingsrett og plikt til 109 bustader i burettslag. Kommunale bustad er 2011: TYPEbustad Bufellesskap Kommunen har i dag 26 plassar for utviklingshemma og igongsett arbeid med 12 nye. Har 8 plassar for psykisk helde og igongsett 5 nye. Kommunal utleigebustad = andre bustader eller småhusvære som kommunen eig. Nokre er avsette til pleie og omsorgsføremål Omsorgsbustad er bygd med tilskot frå Husbanken med spesifikke krav på areal og kven som kan tildelast slik bustad. Kommunen eig nokre omsorgsbustader som dei leiger ut. Andre er til sal i private burettslag. Kommunen har tildelingsplikt for alle omsorgsbustader. Behov: Innan 2013 er det registrert behov for 13 nye plassarfor utviklingshemma. Registrert behov for 5 plassarfor fysisk funksjonshemmainnan 2014 5 søkjarar som fyller vilkåra varierer. 11 søkjararregistrert. Når ledige husværevert lyst ut melder det seg alltid fleire søkjarar. Behovi framtida er vanskelegå fastslå då folk i dag flyttar til husværemed livsløpstandardog kan bu lengre heime Stord kommune har pr. i dag 119 plassar på sjukeheim (Inkl. Knutsaåsen) Behov fram til 2025 er på 109 nye rekna ut frå SSBsi folketalsframskriving og alderssamansetting av innbyggjarane i kommunen Statleg bustøtte Hushald med høge buutgifter og låg inntekt kan søkja om bustøtte frå Husbanken gjennom kommunen. Stord kommune tilhøyrer kommunegruppe 4, og maksimum husleige (bu-utgiftstak) som vert teken med i utrekning av bustøtte er kr. 5.833,- pr månad. Øvre inntektsgrense er på 294.000,- pr år for husstandar på inntil 6 personar. I 2010 vart 4.237 søknader handsama, og 4. 018 vart innvilga. I alt kr 7.641.681,- var utbetalt i bustøtte. I 2009 var tala: 3.784 søknader, 3.592 innvilga og det vart utbetala 6.797.174,- kr i bustøtte i Stord kommune. Bustøtte vert administrert i Kundetorget i Rådhuset. Startlån Kommunen låner pengar frå Husbanken og låner dei vidare. Skal bidra til å skaffa og sikra eigna bustad for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden. Lånet skal vera eit tilbod om finansiering av bustadtiltak der det vanlegvis ikkje vert gjeve lån i ordinære kredittinstitusjon ar. I 2010 lånte kommunen ut kr 22.473 mill., Kapasitet på sakshandsamarsidatilseier ikkje ytterlegare auke, men talet på søknader tyder på auke i behovet. Tilskot Tilskot skal bidra til etablering i eigen bustad og til å sikre eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Er ei behovsprøvd ordning. Tilskotet skal gå til rehabilitering og etablering i eigen bustad. I 2010 vart det brukt kr 800.000 i tilskot ved kjøp og 250.000 i tilskot til tilpassing av bustad. I 2011 har Stord kommune fått 200.000 kr til rehabilitering og 475.000,- kr til etablering. Prisstiginga gjer at dette ikkje dekker behovet og det er fleire søknader enn det er midlar til. 9

Økonomisk rådgjeving / gjeldsrådgjeving. Kommunal økonomi/ gjeldsrådgjevar i 80 % stilling er organisert ved NAV Stord. Tenesta er heimla i Gjeldsordningslova 1-5 Kommunensplikt til å bistå personermed alvorlige gjeldsproblemer og i Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen 17 Opplysning,råd og veiledning. Økonomirådgjevar samarbeider med rettleiarane ved NAV Stord og med namsmannen om gjeldsordning. Oppfylging i bustad Probis har 4,8 årsverk og er ei teneste organisert under Sosial- og førebyggjande tenester. Dei yt hjelp og praktisk bistand i heimen etter sosialtenestelova 4.3 for at personar skal få og behalda ein bustad. Personarfremjar søknad gjennom Kundetorget som fattar vedtak. Pr i dag har 32 personar slik hjelp, ingen på venteliste.(juni 2011.)Probis meiner at ei gruppe på 9 personar har ein usikker, vanskeleg bustadsituasjon. Omsorgsbustad og sjukeheim, bustader for eldre og funksjonshemma. Sjølv om det i dagens regelverk er eit formelt skilje mellom sjukeheim og omsorgsbustader, kan det nokre gonger vera vanskeleg å sjå kva som skil. Det gjeld både innhaldsmessigog bygningsmessig. Medan det tidlegare var mest fokus på teneste til personar med t.d. demens, skriv no Husbanken om korleis bustader kan leggjast til rette for personar med demens. Tidlegare førestillingar om kva omsorgsbustader og sjukeheimar er, gjeld ikkje lenger. Representantar for styresmaktene set ofte likskapsteikn med bustader med heildøgnsomsorg når dei snakkar om sjukeheimar. Omsorgsbustaderer bygd med oppstartstilskot eller investeringstilskot frå Husbanken, med spesifikke krav til areal og kven som kan tildelast slik bustad (pleie- og omsorgsføremål). ORGANISERING AV DET BUSTADSOSIALE ARBEIDET I DAG I Kundetorget tek ein imot søknader om Bustøtte, hjelp i heimen og oppfylging i bustad, og fattar vedtak. Generelle informasjon om kommunen sitt tenestetilbod. På NAV er sakshandsamarav søknader om tilskot og Startlån (husbankkonsulent), økonomi- og gjeldsrådgjevar og Bustadkonsulent organisert i eit eige team. Bustadkonsulenten har ansvar for å lysa ut ledige omsorgsbustader, sakshandsametil bustadrådet og gjera vedtak om tildeling. Ho har eit nært samarbeid med Stord kommunale eigedom KF og Kundetorg. Alle søknader om å leige i kommunale husvære vert registrert og handsama av bustadkonsulent. Sosial- og førebyggjande tenester organiserer tiltaket Probis. Ergoterapeutane gjev råd om korleis ein bustad kan tilpassast, og om hjelpemiddel som finst. Dei er organiserte i eining for aktivitet og rehabilitering. Stord kommunale eigedom KF eig alle kommunale bustader, skriv husleigeavtale og har ansvar for vedlikehald. Ved nye bustadprosjekt har KF et prosjektleiaransvar. Bustadrådet sit leiar NAV Stord, bustadkonsulent, økonomirådgjevar og representant for Stord kommunale eigedom KF. Bustadrådet gjev innstilling om tildeling av kommunale bustader og omsorgsbustader, bustadkonsulenten fattar vedtak. Overordna bustadgruppe skal ha oversikt over innbyggjarar som treng hjelp til å skaffa seg bustad og planleggja tilbod. Rådet skal møtast 2 gonger i året. Gruppa er leia av kommunalsjef Knut J. Gram. Einingsleiar frå Kundetorg, NAV, Eining for Habilitering og RBO,Fagsjef frå KF, og Bustadkonsulent er medlemmer. Helse- og sosialkonsulent Trygve Dahl frå Utviklingsgruppa er sekretær. 10

5. HANDLING SPLAN 2011-2014 Hovudmål 1: Kommunen skal ha eit godt bustadtilbod og nok eigna bustader til dei som har behov for kommunale bustader Delmål Retningsliner og rutinar for utleige er laga og vedteke april 11.Skal gjerast kjend for alle. Korleis oppnår me dette? Sendast ut til aktuelle og publiserast på nettsida til kommunen Dette kan me gjera / evt. kostnad Samarbeid med nettredaktør og aktuelle einingar. Ansvar KF Ferdigstilla påbegynte bustader i bufellesskap i 2011 og 2012 Starta planlegging av nye bustader så snart behovet er der Vidareføre program for bustadoppfølging i Stord kommune (Probis) og utvikle det. Halda husleigene for vanskelegstilte på eit så lågt nivå som mogeleg Etablera barnebustad (i meininga heildøgnsbemanna bustad for person under 18 år) når det er behov for det Ha forsvarleg standard på kommunale husvære Gå gjennom vedtekter og praksis for sal av kommunale bustader i burettslag der kommunen har gjenkjøpsrett Bustader med heildøgnsomsorgvert planlagt og gjennomført i tråd med plan for Rehabilitering, helse og omsorg. Forbetra gjeldande rutinar for fakturering og innbetaling av husleige. Arbeida for å få auka gjennomstrøyminga i dei kommunale husværa slik at butida vert 3 år som hovudregel Følgja oppsette planar og budsjett 22 mill i 11 og 23 mill i 12 til bustader Bustadkonsulent og kundetorg fangar opp eit framtidig behov og ser på løysingar og tidsplan Utgreia prosjekt for saumlause tenester for personar som treng oppfylging i bustad Utgreia om det er behov for ei kommunal bustønadsordning i tillegg til Husbanken si og sosialhjelpa. Utgreia korleis dette kan etablerast i tilknyting til eksisterande avlastingstilbod Pussaopp husværa der det er rekningssvarande, selja dei som er for dårlege. Mål å ha sams praksis for alle slike bustader. Samordna planar i Stord kommune KF og økonomiavdelinga samarbeider Vurdera kva som må til for at dei som bur der i dag kan skaffa seg ein permanent bustad. Driftsbudsjett klart ved innflytting. Overordna bustadgruppe vert varsla og naudsynte prosjekt sett i gong og saker fremja. Søkje Husbanken om stønad til prosjekt og etablera prosjektleiarstilling. Vurdere driftssamarbeid med andre frivillige og ideelle aktørar. Fremja sak til kommunestyret med alle sider av dette utgreidd. Bruka denne utgreiinga når eit slikt behov oppstår. KF avklarar kva hus som skal pussast opp og samarbeider med aktuelle i kommunen om å finna ut korleis. Prosjekt med å engasjera brukarar og andre i oppussingsarbeidmå vurderast. Søkje støtte hjå Husbanken Overordna bustadgruppe tek initiativ til at arbeidet vert sett i gong Rådmann og overordna bustadgruppe ser til at dette skjer. Koma på banen så tidleg som mogeleg ved betalingsproblem. Samarbeid mellom KF, NAVog andre representantar for brukargruppene for vurdere behov og tiltak. KF KF og overordna bustadgruppe Sosial- og førebyggjande tenester KF samarbeider med NAV Kundetorg KF Rådmann og KF Rådmann og KF KF KF og NAV 11

Hovedmål 2: Kommunen skal bidra til at flest mogeleg skal eiga sin eigen bustad Delmål Korleis oppnår me dette Dette kan me gjera / evt. kostnad Kommunen skal låna inn nok pengar til Startlån til at alle som fyller vilkåra får lån. Gi lån på betre vilkår i særlege tilfelle Informasjon om Startlån, Bustøtte, og tilskot Utgreie leige før eigeprosjekt Gje råd til utbyggjarar at dei i reguleringsplanar set av plass til bustader for personar med særlege behov Vurdera sal av nokre leil. i burettslag til dei som bur der Utsette grupper får rådgjeving for å kunne kjøpa eigna hus God informasjon om ordninga og tilstrekkeleg kapasitet på sakhandsamarsidatil å handsama sakene. Bruke dei reglane som alt finst. Sakshandsamarar og kundetorget informerer, samt god informasjon på nettsidene Nokon må kartleggja korleis dette kan gjerast. Behov og kostnad på kor og lang sikt. RBOinformerer og samarbeid med private. Kommuneplanen er klar i sine krav Laga overordna rutine for slike saker At dei som føl opp har fokus på temaet og kunnskap pm tiltak Utvida med ein halv sakshandsamarstilling Auka rentepåslaget til kommunen med 0,10 % for å finansiera det, Kostnad kr 300.000,- I tillegg til Husbanken sine retningsliner må det lagast skriftleg kommunal praksis og kommunale lånevilkår. Nettredaktør og kundetorget samarbeider. Gi det i oppgåve til nokon i organisasjonen. Gi utbyggjarar god informasjon og råd. Tett samarbeid med både private og offentlege utbyggjarar. KF utarbeider forslag i samråd med overordna bustadgruppe. Ha det oppe på fellesmøter og sikra at kunnskap er spreidd til dei rette Ansvar NAV NAV Overordna bustadgruppe / KF RBOog kundetorg KF NAV Hovudmål 3: Kommunen skal bidra til at alle kan bu i bustaden sin om den er godt eigna for husstanden. Delmål Korleis oppnår me dette Dette kan me gjera/ evt kostnad Bustadrådgjevingsteneste for Ved at personar med slik Publikum får slik hjelp på eldre og funksjonshemma må kunnskap ser på saka i lag Kundetorget ved at RBO, innebera både ergonomisk, og gir råd om mulig hetar Husbankkonsulent og teknisk og økonomisk og konsekvensar ergoterapeut samarbeider. rådgjeving God og klår informasjon om økonomiske verkemiddel til alle, både internt i kommunen og til publikum Vidareføra samarbeid med namsmannen for å hindra utkasting frå leigd bustad Nye bustader har tilgjenge etter nytt lovverk. Kundetorget har tiltak til dei som treng det Økonomisk rådgjeving og hjelp til disponering til dei som treng det Informasjonen må vera lett å finna på kommunen si nettside, og lenker til Husbanken må vera oppdaterte. Samarbeid med namsmann. Bli varsla så tidleg som mogeleg Skriva føresegner om tilgjenge inn i kommuneplanen. Tett oppfylging av behov som melder seg Tidleg varsling og lett tilgjenge til hjelp og råd i slike saker. Laga gode rutinar på klare vilkår Kvalitetssikra informasjonen ved at nettredaktør og einingsleiar samarbeider Sosialtenestagjev tilbod om time når slike saker vert varsla. Rutinar ved betalingsproblem må fylgjast opp. RBOgjev råd og rettleiing om gode løysingar og føremon med desse Kundetorget har jamn dialog med overordna bustadgruppe om utviklinga. Tenester som gir folk slik hjelp må ha stor nok kapasitet. Ansvar Namsmannen og NAVog KF RBO Rådmannen 12

Hovudmål 4: Det bustadsosiale arbeidet i kommunen skal organiserast slik at dei ulike aktørane samarbeider godt og slik at dei ulike ordningane vert nytta til beste for brukarane. Delmål Korleis oppnår me dette Dette kan me gjera / evt. kostnad Vidareføra og utvikla overordna bustadgruppe Samorganiseraarbeidet med bustadsosialetiltak til Kundetorget. Etablering av brukarutval. Etablera eit bustadsosialt forum. Revidera planen i samband med årleg budsjettarbeid. Møte 2 gonger i året, og ved behov, og alle som treng det veit om denne organiseringa. Flytta alle sakshandsamarar som arbeider innan feltet frå NAV til Kundetorget Vurdera organiseringa av tiltak som Probis i lys av dette. Greia ut ein måte å organisera dette på som ivareteke brukarperspektiv i tenestene og gir kommunen nyttig tilbakemeldingar. Fast møteplass på tvers av einingar og der sakhandsamararmøter. Ei fast gruppe set seg saman og ser på planen før budsjettarbeidet tek til. Evaluera organiseringa og arbeidet innan utgongen av 2012 Er møter 2 gonger i året nok i høve oppsette mål? Utvikla rutinar og grensesnitt i tråd med dette. Sjå til andre kommunar og deira erfaringar. Møtast minimum 2 goner i året. Ha med representantar frå brukargruppene sine tenester: T.d. Sosial-, Barnevern- og flyktningtenesta. Referat til overordna bustadgruppe. Kundetorg og KF samarbeider og lagar sine felles innspel til budsjettarbeidet. Rullera planen om 4 år Etablera ei prosjektgruppe Strategisk leiing utnemner og etablerer. Ansvar Overordna bustadgruppe Overordna bustadgruppe i samarbeid med einingsleiarane i NAVog Kundetorg Rådmannen peikar ut ei arbeidsgruppe. Rådmannen peikar ut ei arbeidsgruppe. Rådmannen Rådmannen Innspel til bustadsosialeplanar framover: Nye bustadfelt Bør avsettast plass til bustader for vanskelegstilte. Samarbeid med private utbyggjarar bør utviklast. Politisk og administrativ leiing i Stord kommune arbeider ovafor KSog Departementet for at godkjent husleige ved utrekning av bustøtte vert heva. Samanfatta tiltak: Organisering : Omorganisering ved å flytta saman sakshandsamarartil kundetorget. Mål: ei effektiv og heilskapleg bustadsosial teneste. Prosjekt : Utgreia fleire nye tiltak med prosjektorganisering. Nybygg : Det er trong for bustader for unge funksjonshemma i planperioden. Pr. i dag er det registrert 12 under 18 år. Stillingar : Auka sakshandsamingskapasitetenpå Startlån og økonomisk rettleiing kan alt vera i boks ved at kommunen har fått støtte til økonomirådgjeving for rusmiddelavhengige. Brukarutval: Vurdera organisering av ein måte å ivareta brukarperspektiv på bustadtenestene i kommunen. Få med representantar for brukargruppene inn i arbeidet. 6. VEDLEGG - Samarbeidsavtalemed Husbanken - Eksempelpå budsjett for personar på ulike ytingar frå NAV og kommunen - Pressemeldingfrå KRD07.04.11 om bustadmodellar med Leige fçr eige. - Link til gamal plan, kommuneplan og økonomiplan. - Retningsliner og sakshandsamingfor kommunale bustadar. 13