Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Like dokumenter
Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Elevundersøkinga 2016

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Heilt einig. Litt einig

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Informasjon til elevane

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Øystese barneskule April - 08

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Plan mot krenking og sosial utestenging

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Skulestart Repetisjon

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Barnerettane i SKULEN

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

SOSIAL LÆREPLAN FOR TONNING SKULE

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

6-åringar på skuleveg

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Til deg som bur i fosterheim år

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

1. AVDEKKING AV MOBBING

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

«Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling»

Sofies hemmelegheit.

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Men det er du som først og fremst må ta tak i dette. Du må ha vilje til å jobba med deg sjølv for å koma vidare i utviklinga di.

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Info til barn og unge

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Vågar du å vere vaksen?

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert mai 2017

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Reglar for orden og oppførsel. Gol skule

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Strategiplan for arbeid med sosial kompetanse og psykisk helse -Rosseland skule- Sosial kompetanse og psykisk helse

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

TOKKE SKULE - Orden - og samspelsreglar på Tokke skule

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Mobbing på mindre og større skular

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Transkript:

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Svarprosent: 89% - der det er ungdomsskulen som "trekkjer ned". Småskuletrinn og mellomtrinn har 100% svarprosent. Korleis trivst du på skulen Svært godt Mykje godt Godt Nokså godt Dårleg Svært godt: 55% Mykje godt: 16% Godt: 19% Nokså godt: 10% Dårleg: 0% Fortel grunnen til at du trivst/ikkje trivst Fordi eg lærer. Gøy å vera med andre. Gøye lærarar. Gode venner. Det er gøy å læra nye ting. Eg trivs godt fordi eg er saman med venner. Eg synes det er gøy, mange fag eg likar og eg har mange gode venner på skulen. Sinnes skule er den beste skulen. Morgonsamling er gøy. Alt er greitt, og me gjer mange gøye ting. Eg kosar meg på skulen. Det er snille elevar og lærarar. Det dannar seg litt fort ein gjeng mellom jentene. Men ingen blir haldne utanfor, det er berre at nokon er veldig samansveisa. Bra bibliotek. Ikkje god nok disiplin på elevar. At det ikkje vert teke tak i når nokon snakkar i timane, sender stygge kommentarar. Elevar som kan gjera kva dei vil utan at det får konsekvensar. Eg trivst på skulen fordi eg har mange gode venner Det er gøy. Vera med andre. Og læra nye ting. Veldig snille lærarar. Det er gøy i timane og friminutt. Korleis opplever du skulevegen/skulebussen? Det er greitt, trygg og fin, fint, supert, flott, morsomt. Det kan vera litt mykje bråk på skulebussen. Gøy å leika med dei store når me ventar.

Kjekt å spela kanonball før skulestart, så det er kjedeleg når bussen er så sein. Elles er det greitt på bussen. Det er mjuke seter i bussen. Det kan vera litt mykje bråk på skulebussen. Eg har bestevenninna mi på skulebussen, så det er fint. Litt skriking, men greitt. EG opplever skulebussen som ei god og trygg reise, men småskulen kan laga litt mykje lyd til tider/1. klasse kan vera meir stille. Blir du plaga/erta på skulen? Kven plagar deg? Det er 12,5% som seier dei vert plaga av og til, men "det er ingen spesielle som plagar meg, men me er ikkje alltid like gode vener, "seier nokon, medan andre namngjev enkeltelevar, og desse er det blitt snakka med. Nokon presiserer òg at det var før, og ikkje no lenger. Korleis blir du plaga? Det er plagsamt når eg leikar med nokon, og så forandrar dei reglane undervegs. Han/ho er frekk mot meg og tøffar seg, og slår eller dyttar nokre gonger. Får ikkje vera med dei andre på ting. Blir du mobba på skulen? På ungdomstrinnet er det ein elev som har kryssa av for at ho/han blir mobba kvar dag pga. krenkjande åtferd frå medelev. Dette er gripe fatt i, og åtferda har betra seg. Plagar/ertar du andre elevar nokon gong? Ein elev innrømmer at ho/han plagar/ertar andre av og til, men elles svarer 71% at dei aldri gjer det, medan 27% seier dei gjer det sjeldan. Det dei gjer er å dytta, tulleslå og vera frekk. Eg tullar litt. Tulleslå på rumpa (usikker på om dei skjønar at det er tull...) Nokon gonger er eg litt frekk Nokre gonger dyttar eg. Nei!!! Snakkar du stygt/nedsettande til eller om nokon, slår, dyttar, stenger ute eller gjer noko anna. Ev kva gjer du? Ein gang banna eg fordi nokon banna til meg først. Eg mobbar aldri.

Ja, når me kranglar så gjer eg det nokon gonger. Nokon gonger er eg frekk. Nei. Har du sett nokon på skulen som blir plaga/erta? Ja: 26,8 % Nei: 73,2 % Har du sett nokon på skulen som blir mobba? Ja: 4,9 % Nei: 95,1 % Har du sett elevar som plagar/ertar medelevar? Ja: 26,8 % Nei: 70,8 % Ubesvart: 2,4 % Har du sett elevar som mobbar medelevar? Ja: 9,8 % Nei: 85,4 % Ubesvart: 4,8 % Kva kan du gjera for å betra skulemiljøet? Vera snill og grei. Alle må få vera med og leika. Spørja om andre vil vera med på leiken, dersom dei ikkje har nokon å vera med. Seia i frå til lærar. Veit ikkje, men eg kan fortsette å hjelpe elevar som ikkje har det bra. Kan få dei vekk frå kvarandre viss dei kranglar. Seia at dei skal stoppa. Spørja andre om dei vil bli med på ting. Leika saman. Vera snille med kvarandre og leika fint. Vera positiv, bli med på dei andre sin leik, vera høfleg. Kan seia til vaksne, viss nokon blir erta eller mobba, så dei kan fiksa det. Hjelpa til dersom nokon er aleine. Spørja om å vera med i leiken. Seia i frå til ein vaksen viss eg ser noko dumt. Eg kan gje trøst viss nokon er leie seg. Kanskje hjelpa og spørja om andre vil vera med meg i friminuttet. Seia fine ting til dei eg møter. Ikkje gjera stygge ting, heller gjera fine ting mot andre. Seia ja om nokon spør om du vil leika. Vera grei mot alle. Bli betre kjend med kvarandre, då kan kanskje elevane bli betre vener.

Veit ikkje fordi eg ikkje har sett nokon. Passa på at ingen blir stengt ute frå leiken. Eg kan vera glad, og gjera andre glade. At eg f.eks. ikkje plagar eller mobbar andre, så dei kan òg få ein fin skuledag :) Ha to søppelbøtter i klasserommet, ei til papir og ei til mjølkekartongar. Leika med alle. Vera snill. Gje beskjed til lærar. Seia i frå til dei som plagar at dei skal slutta. Leika med alle andre og ikkje seia stygge ting. Eg kan koma utkvilt og opplagt til skulen. Vera positive og greie med kvarandre. Delta i det som skjer Inkludera alle, ikkje snakka nedlatande om andre, ikkje plaga/erta. Alltid positiv. Vera snill og grei. La alle få vera med. Hjelpa og vera med dei som er mindre. Vera snill med alle og inkludera folk, f.eks. spørja om dei vil vera med. Eg kan vera positivt innstilt og inkludera alle. Koma utkvilt til skulen. Oppføra meg fint mot andre. Gjera mitt beste på dei område eg kan gjera noko. Kva kan heimen gjera for å betra skulemiljøet? Snakka fint om skule, lærarar og elevar. Vera positiv. Samarbeida med skulen. Snakka saman. Koma med tilbakemelding om det er noko. Heimen kan gje beskjed til rektor om eg fortel om nokon som blir plaga eller mobba. Engasjera oss og samarbeida med skulen. Følgja opp skulearbeidet og det eigne elevar arbeider med og opplever i skulekvardagen. Snakka positivt om skulen, medelevar, andre foreldre og lærarane. Engasjera seg i skulen og lekser. Snakka saman (med lærarar og andre foreldre). Snakka til vaksne. Ha god dialog med kontaktlæraren og dei andre foreldra i klassen. Spørja korleis me har det og snakka med oss. Gjera ting saman med elevar og føresette, og vera interessert i andre. Me kan snakka saman om korleis me kan vera mot kvarandre. At me snakkar fint om skulen. Engasjera oss, og bry oss om det som skjer på skulen.

Ein kan snakka om kva som har skjedd på skulen, om det er nokon som har erta/mobba meg, så kan de lærarar og mine foreldre snakka om det som har skjedd og prøva å retta opp i det. Viss nokon gruar seg til skulen, kan dei snakka saman og prøva å hjelpa. Prata positivt om skulen. God dialog mellom heim og skule. Godt samarbeid mellom foreldra. Viss det er problem mellom elevar, at me foreldre tar direkte kontakt med dei det gjeld. Snakka positivt om skule, elevar og foreldre. Snakka jamleg med eleven om korleis han oppfører seg mot andre. Kan vera positivt innstilt til å gå på skulen. Bry seg om ting som skjer, og ha godt samarbeid med skulen. Ikkje snakka negativt om andre og skulen. Vera positive til skulen. Snakka greitt om andre. Òg lærarar og elevar. Open dialog med andre foreldre/føresette i tillegg til lærarar. Gje beskjed viss dei veit at nokon ikkje har det bra. Snakka saman heime om trivsel og skulekvardag. Heimen kan snakka fint og positivt om skulen og lærarane. Følgja med på kva som skjer i skulen. Heimen kan stilla positivt for å betra skulemiljøet. Kva kan skulen gjera for å betra skulemiljøet? Samarbeida med heimen. Høyra på elevane. Passa på i friminutt. Hjelpa til når nokon har det vanskelig. Lærarane må følgja godt med på at alle elevane har det fint. Både i friminutta og timane. Setta i gang tiltak ved behov. Eg synest skulen gjer ein god jobb allereie. Kanskje litt meir matte- og norsktimar, det er kjekke fag. Fortsetta med tiltak for eit godt felles miljø på skulen. (Turar, opplegg, fagdagar...) Ha klare linjer for oppførsel og ta raskt tak i eventuelle ting. Passa på at alle kan leika saman. Meir aktivitet i gymsalen (som før skuletid). Dei store får med dei mindre i leik (aktivitetsleiarar?). Følgja med på om alle har det greitt på skulen. Halda fram med overnattingstur og andre arrangement som omfattar heile skulen. Dei kan bli litt betre på å høyra på elevane kva deira meining er. Me kunne fått ein venebenk, sånn som dei har i Kristiansand. Det er ein benk som står ute, der ungar som ikkje har nokon å leika med, kan setja seg. Då ser

alle at det er nokon som er åleine, og alle har ansvar for å gå bort og spørja om han/ho vil vera med. Kunne hatt kanonball meir. Lærar meir tilstades i friminutta på småtrinnet. Viss det skal vera heilt topp ti på skulen, skulle de servert snop i staden for frukt! At lærarane er ute i friminuttet og passar på oss (vaktene). At alt er i orden og at alle er snille og greie med kvarandre. Laga ein vennebenk, slik at dei som ikkje har nokon å leika med, kan setta seg der. Sånn at dei andre kan sjå at den personen vil ha nokon å leika med, og dei kan då spørja denne personen om han vil vera med på leiken. Arbeida aktivt med førebyggande tiltak mot mobbing, og ta raskt tak i ting viss noko skjer. Ha tydelige linjer. Og fortsette det gode arbeidet med miljøfremmande fellesopplegg (turar, fagdagar osv.)! Viss elevane har det vanskeleg, at lærarane kan hjelpa. Ha to søppelbøtter i klasserommet; ei til mjølkekartongar og ei til papir. Samarbeida med foreldre og elever. Høyra og sjå elevane. Gjera ting i lag på tvers av trinna. Skuleturen skulen har er heilt fantastisk. Takk til lærarar som gjer det mogleg. Godt samarbeid mellom heim og skule. God dialog mellom elev og lærar. Når elevane tar opp noko, at det blir tatt vidare. Det er berre ein lærar nå som spelar kanonball før skulen byrjar. Dette kunne fleire ha gjort. Skulen kan ha kantine. Bry seg om det som skjer, og ha godt samarbeid med heimen Vera positiv, mindre leksar, viktig å behalda den årlege skuleturen, lite å gjera i friminutta på vinteren, meir aktivitetar = mindre erting, og sjekka godt i skulegarden. Skulemiljøet er bra nok. Det er godt skulemiljø. Open dialog med elevar og foreldre. Gode relasjonar med elevane, medverknad er viktig. God informasjon til elevane om kva som er mobbing. Vera godt synlig i friminutt. Ta tidleg tak i eventuelle problem. Vera god til å informera foreldre. Fadderordning. Vera saman. Skulen kan gje konsekvensar, ha gode og rettferdige lærarar. Lærarane burde få med seg meir om kva som skjer mellom elevane, f.eks. korleis dei faktisk oppfører seg mot kvarandre, og ser det frå begge sider.

Skulen kan ha fagleg gode og rettferdige lærarar. At alle kjem opplagt og positiv til skulen. Den kan òg få tak i noko som heiter konsekvensar, nå og ikkje i morgon. Kva kan me saman gjera for at skulen vår skal få positiv omtale slik at andre får lyst til vera elev på Sinnes skule? Snakka positivt om skulen og lærarar Fortsatt godt samarbeid mellom elev, heim og skule. Sinnes skule kan "framsnakkas". Viss me fortel for eksempel folk på Tonstad kor kjekt det er på Sinnes skule, kan fleire ha lyst til å begynna på Sinnes. Snakka om det som er bra. Seia fine ting. Snakka fint om skulen og seia at me trivst der. Fortelja til andre kor heldige me er som har gym, symjing og bibliotek kvar veke. Prøva å ta nokre fine bilete av elevane og skulen, korleis det ser ut og sånn, og leggja det ut på nettet. Me kan seia fine ting om skulen - skryta :) Fortelja om kor fint me har det!! Fortelja dei om alle dei kjekke uteleikene og koselege lærarar. Å vera positiv ovanfor medmenneske. Snakka fint om skulen. Snakka om det som er positivt og bra! Kanskje hatt litt aktivitetar anna enn at du bare skal ha det på for eksempel FN-/SN-dagen. At ingen blir mobba. Positiv omtale. Snakka om når me gjer greie ting. Ikkje plaga/stenga ute medelevar. Snakka positivt om skulen rundt andre menneske. Visa respekt for kvarandre, elevar - lærarar - foreldre. Mindre lekser, meir turar. Stå fram i media og fortelja om kor fantastisk SINNES SKULE er! Ha det gøy saman. Godt samhald mellom klassetrinna. Lettare å få hjelp i timane når ein er så få. Dra på klassetur til utlandet. Vera i fysisk aktivitet. Reisa mykje på turar. Eige basseng.

Seia i frå viss noko er galt osv.