HERØY. Velkomen til øyriket ved storhavet. visitfosnavaag.no

Like dokumenter
Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Nystarta leirskule -med ledig kapasitet i 2012

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

LYSfosnaVÅG! Eit prosjekt med fokus på Fosnavåg sin identitet

STOR FELLES ARBEIDS- MARKNAD OG VARIERT ARBEIDSLIV

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

HAVLANDET I FARGAR. Foto: Bjørn Vegard Skoge

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv


Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Teknikk og konsentrasjon viktigast

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

M/S NYBAKK SI HISTORIE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Strandryddeaksjon Ytre Søre

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

«Ny Giv» med gjetarhund

EINHAUGEN Ein bit av Halsa kan bli din!

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

GODT Å MYKJE Å KJEKT Å

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Korleis kan vi sette fruktbygda i Telemark på kartet?

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Stilling ledig med bilde, full utlysingstekst og Førde-tekst. Ønskjer du toppleiarstilling i Førde Kommune?

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Byen som motor i den regionale utviklinga. Nasjonal nettverkssamling for regional planlegging, , Kjersti Hasselø

DU HAR ALLTID EI KARRIERE I ULSTEIN

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Informasjonshefte Tuv barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kva er økologisk matproduksjon?

ehandel og lokalt næringsliv

Til Medlemmene i Skolelederforbundet, Møre og Romsdal. Lokale forhandlingar hausten 2012

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Juvet Landskapshotell

Ny region i emning. frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven. Utarbeidd på oppdrag frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

LITEN, MEN STOR - ANDRÈ NEVSTAD DAGLEG LEIAR OG SPORTSSJEF, IL HØDD FOTBALL. Når vi no skal få oppleve vårt kjære Hødd spele

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Opplev toppen av Fjord Norge!

Egil Christophersen til minne.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

MEDLEMSINFO. august 2009

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Brukarrettleiing. epolitiker

Å leve av og med naturen.

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Kom skal vi klippe sauen

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Eit prosjekt i DNs nasjonale verdiskapingsgrogram naturarven som verdiskaper

MØTEPROTOKOLL. Forfall: Knut Johan Voldsund NESTL FRP Frank Otto Kvalsvik MEDL KRF Edel Kvalsund Goksøyr MEDL KRF

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Ny region i emning. - frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven. Finn Ove Båtevik Erlend Krumsvik Geirmund Dvergsdal

Transkript:

HERØY Velkomen til øyriket ved storhavet visitfosnavaag.no

herøy kommune 01: Bruer knyter øyane saman 02: Herøy har eit rikt kulturliv 03: Kort veg mellom naturopplevingane Med storhavet som næraste nabo og kort veg til Ålesund, Ulsteinvik, Volda og Ørsta ligg Herøy kommune midt i matfatet. Dei enorme ressursane i det fiskerike havet har alltid vore grunnlaget for busetnad, vekst og utvikling. Båten var og er ein sentral del av livet til dei knapt 9000 innbyggjarane, og ein stor del av Noregs fiskeri- og offshorereiarlag har adresse i kommunen. Eit framgangsrikt og samfunnsengasjert næringsliv bidreg også i stor grad til gode og varierte fritidstilbod både til fastbuande og besøkande. Organisasjons- og kulturlivet blomstrar, med eit imponerande utval kor, korps, idrettslag, kulturskule, festivalar, sogespel, konsertar, lag og foreiningar av alle slag. I 2012 vart kommunen kåra til den beste ungdomskommunen i fylket. Alle øyane med busetnad i kommunen er knytte til kvarandre og fastlandet med bruer og undersjøisk tunnell (Eiksundsambandet). Vegen er kort frå den eine storslagne naturopplevinga til den neste. Fugleøya Runde er kjent for Noregs tredje største og eitt av landets mest artsrike fuglefjell. Her finn du også utstillinga av Rundeskatten. Men også resten av kommunen har mykje å by på både av natur og meir urbane aktivitetar. Foto: Kay Åge Fugledal 01 02

Foto: Oddbjørn Monsen 03

Fosnavåg 04: Den naturlege hamna gir ly 05: Kaia er også kulturarena Kommunesenteret Fosnavåg har vakse fram rundt den lune, naturlege hamna som til alle tider har gitt ly til båtar og mannskap. Den vesle kystbyen er fleire gongar kåra til den fremste næringsbyen i Noreg. Her er ingen store kjøpesenter, men i staden ei rad nisjebutikkar med eit anna utval enn det kjedebutikkane tilbyr. Hit kjem mange langvegs ifrå for å finne det spesielle. I tillegg har byen hotell, kino og kulturhus, badeland, kaféar og restaurantar, bakeri, vinmonopol, matbutikkar, gjestebrygge og sykkelutleige. Servicekontoret ved rådhuset er turistinformasjon i sentrum. Foto: Kay Åge Fugledal 04

Foto: Stargate 05

runde 06: Goksøyra med sti til fuglefjellet 07: Gullmyntar frå Rundeskatten Fuglefjellet på Runde er eit nasjonalt ikon og kjent langt utanfor landegrensene. Fjellet er lett å nå til fots, og også frå båt er det ei stor oppleving. Om våren og sommaren yrer det av liv i dei stupbratte fjellsidene, i lufta og på sjøen av lundefugl, havsuler, storjo, ulike måseartar, alke, lomvi og skarv. Over det heile patruljerer majestetiske havørner. Den som opplever sverminga til lundefuglen ein vår- eller sommarkveld gløymer det aldri! Fuglefjellet er sårbart og freda i hekketida. Besøkande må halde seg på stiane og ikkje uroe fuglane. Lokale båtførarar tek gjestar med på turar til fuglefjellet fleire gongar pr. dag i turistsesongen. Foto: Stargate 06 Foto: Oddbjørn Monsen 07

rundeskatten 8: Lundefuglen svermar om kvelden I 1725 forliste det nederlandske handelsskipet «Akerendam» i Kvalnesbukta ved Runde i eit forrykande uver. Dei 200 menneska om bord omkom. Skipet var lasta med mellom anna 19 kister fulle av sølvog gullmyntar då det kom ut av kurs på vegen til Indonesia. Fem av kistene vart berga i tida etter forliset. Tragedien vart etter kvart gløymt, heilt til tre hobbydykkarar fann enorme mengder myntar på havbotnen i 1972. Rundeskatten inneheld meir enn 57 000 myntar og store mengder andre gjenstandar frå skipet. Mesteparten vart oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum i nesten 40 år. I 2011 henta Runde Miljøsenter skatten heim og laga utstillinga som fortel den spennande historia. Ved miljøsenteret kan du også sjå den premierte naturdokumentaren «Havets sølv», som fortel om ein av dei største biologiske prosessane i havet: Sildegytinga utanfor Mørekysten. Samspelet mellom havstraumar, vind, fisk og fugl forklarer kvifor Runde har Noregs tredje største fuglefjell og kvifor Herøy er mellom dei viktigaste fiskerikommunane i landet. Foto: Oddbjørn Monsen 08

natur og historie 09: Eldorado for dykkarar 10: Finn ro ved Herøy Kystmuseum Over alt i Herøy er spektakulære naturopplevingar lett tilgjengelege, frå hav og fjøre til fjelltoppar med eventyrleg utsikt og merka turstiar. Indre delar av kommunen har skjergard, lune badeviker og lysløype i fjellet, i ytre finn du storhavet og fuglefjellet. På Skorpa lever ein flokk villgeiter, ein selkoloni held til på Grasøyane, og er du heldig får du også sjå spekkhoggarar på nært hald. Herøy kystmuseum fortel ikkje berre den interessante historia til den gamle handelsstaden, her er også kopien av Kvalsundfæringen utstilt. Den vart funne i lag med Kvalsundskipet i 1920 i ei myr på Kvalsund. Originalen er datert til ca. år 690 og er kjent som Noregs eldste rekonstruerte skip. Ein kopi av Kvalsundskipet er utstilt ved Sunnmøre museum i Ålesund. Fleire andre gamle handelsstader finst også i kommunen, frå tida då skipsleia var hovudvegen. Gravrøyser og runeskrifter vitnar om busetnad også i enno eldre tider. Foto: Per Eide 09 Herøy kommune er eit eldorado for fotturistar, fotografar, fugleinteresserte, padlarar, hobbyfiskarar både frå land og båt, sykkelturistar, badegjester, dykkarar og historieinteresserte. I Fosnavåg kan du leige syklar, og fleire stader tilbyr utleige av båt. 10

Foto: Mariann Skorpen Berge 10

overnatting 11: Gjestebrygge 12: Runde fyr er turisthytte Det er mykje å velje i for overnattingsgjester i Herøy, frå telt til hotell. I kommunen finst campingplassar med hytter og oppstillingsplass for bubilar, rorbuer med utleige av båt, ferieleilegheiter, gjestehus, rom til leige og gjestebrygger for tilreisande med båt. Runde fyr er den mest populære turisthytta til Aalesund-Sunnmøre turistforeining. Foto: Oddbjørn Monsen 11

Foto: Sindre Nakken 12

Fosnavåg 13: Kort veg til alt i Herøy Goksøyra RUNDE Meir informasjon om tilbod i Herøy kommune finn du på: HERØY ULSTEIN www.heroy.kommune.no www.visitfosnavaag.no Kvalsvik NERLANDSØY REMØYA LEINØYA Kvalsund Fosnavåg Sande BERGSØYA Torvika Flåvær Herøy K K SANDE Moltustranda Sandvika Tjørvåg Myrvåg Leikong Leikanger Foto forside: Stargate 13