BOK-0 Vedlegg 4 til konkurransegrunnlaget til Hardanger Skyspace INNLEIING 1.1 Bok 0 Dette dokumentet (Bok 0) inneheld ei orientering om prosjektet, spesielle krav, samt rigg- og driftsvilkår. 1.2 Kort om prosjektet Stiftinga Hardanger og Voss museum (heretter kalla "Byggherre") har inngått avtale med kunstnaren James Turrell om oppføring av Skyspace i Øystese. Slike installasjonar finn ein på over 80 ulike stadar i verda. Konseptet består av eit rom med ei opning i taket rett ut i friluft. I tida som utgjer soloppgang og solnedgang vil ein serie LED-ljos aktiverast etter ei datamaskin som er programmert etter sola si bane. Veggane vert slik ljossett mot opninga i taket, noko som resulterer i eit fargespel der LED-ljosa påverkar det naturlege ljoset, og omvendt. Installasjonen i Øystese skal utførast i betong. Den skal utstyrast med varmekablar i golv og benkar, samt i opninga i taket for å unngå istappdanning. Slik kan vitjande nytta installasjonen til alle årets tider. Estimert byggetid er ca. 3,5 månader frå kontraktsignering. LED-ljosa leverast av Kabuso til tilbydar og monterast av tilbydar etter at dei øvrige arbeida er ferdigstilt. For meir informasjon om prosjektet viser ein til konkurransegrunnlaget, med vidare tilvisingar. 1.3 Gjennomføringa Då det er tale om eit kunstverk, som berre vil fungera optimalt dersom teikningane vert fylgd til punkt og prikke, er det særleg viktig at entreprenør utfører arbeidet fullt ut i tråd med teikningsgrunnlaget. Vidare skal installasjonen førast opp sentralt i Øystese, med hotell, badestrand og park som næraste naboar. Det er difor viktig at entreprenør held byggeplassen sikra og rydda til alle tider gjennom utføringa.
2 GENERELL INFORMASJON 2.1 Byggherre og engasjerte rådgjevarar Tabellen under viser ei oversikt over sentrale personar på byggherresida og deira funksjon i prosjektet. Føretak/stifting Funksjon Namn E-post Telefon Hardanger og Byggherre Randi randi.bartvedt@hvm.museum.no 97710397 Voss Museum Bårtvedt Kunsthuset Byggherre Synnøve synnove@kabuso.no 97144741 Kabuso Marie Vik a-works Arkitekt Cristian cristian@a-works.co 94149903 Stefanescu Node Byggingeniør Sigve Fossedal Olsen Sigve.fossedal.olsen@node.no 90527431 2.2. SHA-koordinator Det er mogleg at entreprenør som vert tildelt arbeidet vil overta ansvaret for SHA-koordinering frå byggherre, jf. konkurransegrunnlaget pkt. 1.2.5. Dersom dette ikkje vert gjort vil byggherre sjølv engasjera SHA-koordinator. 2.3 Framdrift/tidsplan Ein gjer merksam på at byggherre estimerer byggetid til 3 månader. F ramdriftsplanen under er retningsgjevande. 13.05.2015. Kunngjering på Doffin. 13.05.2015 Søknad om mindre endringar til rammetillatelse. 29.05.2015 Frist for å stille spørsmål til oppdragsgjevar. 05.06.2015 Svarfrist for alle innkomne spørsmål. 24.06.2015 Kl 11 Frist for tilbod frå entreprenørar. 01.07.2015 Frist for forhandlingar med entreprenørar. HVM gjer slutning om tilbod og entreprenør. 22.07.2015 Klagefrist entreprenør. 12.08.2015 Kontraktsignering. 19.08.2015 Søknad om igangsettelsestillatelse. 19.08.2015 Starte konstruksjon off site. 27.11.2015 Ferdigstille bygg. 11.12.2015 To vekers innstallering av lys med Turrell og assistent. Januar 2016 Opning.
2.4. Kva som skal leverast. Sjå vedlegg 3 2.5 Tilhøva på byggeplass Entreprenør har ansvaret for å halda byggeplass og alle materialar, verkty m.m. tilstrekkeleg sikra gjennom heile byggeperioden. Vidare pliktar entreprenør å halda byggeplass tilstrekkeleg rydda til alle tider. Byggeplass vil vera sentralt plassert i Øystese, med hotell, badestrand og park rett ved. Det er vidare ein gangveg som passerer byggeplassen. Ein må difor leggja til grunn at ålmenta vil såleis ferdast rundt og ved byggeplassen gjennom heile byggeperioden. 2.6 Tilhøva på tomta og lokalisering Eigedomen det skal byggast på er gnr. 44 bnr. 714 i Kvam herad. Lokalisering av installasjonen vert i det austre hjørna på tomta. Tomta er nokolunde flat, og ligg nede ved fjorden. Ut frå gjeldande teikningar over området der installasjonen skal førast opp, er det ikkje funne røyr eller kablar som må fjernast eller leggjast om. Eventuelle røyr eller kablar som måtte finnast er å rekna som restmateriale som kan kastast ved utgravinga av tomta. 3 AVTALEVILKÅR 3.1 Alminnelege avtalevilkår Arbeidet skal utførast som ein utføringsentreprise etter NS 8406, med tilhøyrande endringar. Alle avtalar som entreprenør måtte inngå med underentreprenør(ar) skal innehalda likelydande vilkår om arbeidet, tilhøva på byggeplass og utføring av entreprisen, som er nytta i avtaleforholdet mellom byggherre og entreprenør. Arbeidet skal utførast av entreprenøren og deira tilsette i tenesteforhold, eventuelt ved underentreprenør og deira tilsette. Entreprenør skal til ei kvar tid kunne leggja fram dokumentasjon på tilsetjingsforholdet. Avtale om underentreprise med einmannsføretak krev skriftleg grunngjeving frå entreprenør. Ved bruk av leigd arbeidskraft skal entreprenøren sikra at alle som utfører arbeid for entreprenøren, direkte eller gjennom underentreprenør, er underlagd norsk løns-og arbeidsvilkår. Entreprenør skal opplysa om eventuelle underentreprenørar i tilbodet, og desse opplysingane vil vera bindande for entreprenøren. Byte av underentreprenør krev skriftleg godkjenning frå byggherre. 3.2 Spesielle avtalevilkår Det er teke inn eit vedlegg til konkurransegrunnlaget som uttømande regulerer dei endringane i NS 8406 som vil vera gjeldande for prosjektet, jf. vedlegg 1.
Entreprenør pliktar å setja seg grundig inn i alle gjeldande avtalevilkår for prosjektet, inkludert plikter som kviler på entreprenøren etter dette dokumentet. 4 SPESIELLE KRAV 4.1 Kvalitetssikring Entreprenør er ansvarleg for at alle som skal utføra arbeid i samband med oppføringa av installasjonen, har fått informasjon om, og utfører arbeidet i samsvar med, dei spesifiserte kvalitetskrav som gjeld for prosjektet. Entreprenøren er vidare ansvarleg for at alt anlegg og utstyr som skal nyttast i prosjektet er tilstrekkeleg kontrollert og forsvarleg vedlikehalde før igangsetjing, og at det er forsvarlege rutiner i føretaket for kontroll og vedlikehald undervegs i prosjektet. 4.2 Ansvarleg utførande, ansvarsrett Entreprenøren skal inneha, og oppretthalda, naudsynte godkjenningar etter plan-og bygningslova. Entreprenøren må for eiga rekning senda inn søknad om ansvarsrett for utføringa av arbeida i prosjektet. Søknaden skal sendast via ansvarleg søkar. Entreprenøren skal sørgja for å ha tilfredsstillande godkjenningar på plass i rett tid med omsyn til framdrifta i prosjektet. 4.3 Framdrift Det er utarbeidd ein førebels framdriftsplan som er innteken i konkurransegrunnlaget. 4.4 Overtaking Avtalt dato for overtaking vil gå fram av signert avtale mellom byggherre og entreprenør. Dersom arbeida er sluttførd tidlegare enn avtalt dato for overtaking, vil overtaking kunne skje tidlegare etter avtale mellom byggherre og entreprenør. Overtaking skal elles utførast i tråd med NS 8406, med tilhøyrande endringar. 4.5 FDV-dokumentasjon Entreprenør pliktar å levera FDV-dokumentasjon innan 2 veker frå dato for overtaking. Denne skal omfatta "som bygd"-dokumentasjon. FDV-dokumentasjon skal leverast på elektronisk minnebrikke som PDF-format. 5 RIGG OG DRIFT 5.1 Kostnader Entreprenøren skal prisa alle kostnader, inkludert dei knytt til rigg og drift, inn i postane for det arbeidet som skal utførast. Drift, vedlikehald og avvikling av fellesanlegg/byggeplass er entreprenøren sitt ansvar. 5.2 Forsikringar
5.2.1 Ansvarsforsikring Entreprenøren skal vera ansvarsforsikra i tråd med gjeldande avtalevilkår. Entreprenøren skal før avtalesignering senda forsikringsattest til byggherre sin representant. 5.2.2 Forsikring av arbeid under avtalen Entreprenøren skal forsikra det avtalte arbeidet i tråd med gjeldande avtalevilkår. Entreprenøren skal før avtalesignering senda forsikringsattest til byggherre sin representant. Entreprenøren har ansvaret, og risikoen, for alle arbeid inntil overtaking finn stad. 5.3 Økonomisk tryggleik Entreprenøren skal stilla økonomisk tryggleik i tråd med gjeldande avtalevilkår. Entreprenøren skal dokumentera at slik økonomisk tryggleik er stilt innan 2 veker frå avtalesignering. Manglande tryggleik vil verta rekna som eit vesentleg avtalebrot, og kan føra til heving av avtalen. 5.4 Avfall Entreprenøren pliktar å følgja offentlege mynde sine krav til avfallshandtering i samband med arbeid utførd under avtalen. 5.5 Vernetiltak Entreprenøren pliktar at eiga, samt eventuelle underentreprenørar si, verneteneste er organisert i samsvar med krava i lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern (arbeidsmiljølova) av 17. juni 2005, med seinare endringar. Utan at det vert gjeve eigne pålegg, må entreprenøren sørgja for at generelle verne-og tryggleiksreglar for personvern, reduksjon av brannfare m.m. vert fylgd. 5.6 Hovudbedrift Entreprenøren skal ha ansvaret som hovudbedrift, jf. arbeidsmiljølova 2-2. Entreprenøren skal såleis stå for samordninga av dei ulike føretaka sitt verne-og miljøarbeid. Sjølv om entreprenøren skal samordna verne-og miljøarbeidet, pliktar kvart einskild føretak på staden å driva eige slikt arbeid, og er i tillegg pliktig å delta i dei tiltak som hovudbedrift organiserer. Hovudbedrift er vidare ansvarleg for utarbeiding av instruks om varsling og kva tiltak som straks skal setjast i verk ved ulukker, brann osb. Slik instruks, saman meddei viktigaste nummera for naudtelefonar, skal vera enkelt tilgjengeleg på byggeplassen. Det er entreprenør sitt ansvar å sørgja for at alle som er på byggeplass veit kvar denne informasjonen enkelt kan finnast. Hovudbedrifta har og ansvar for å sørgja for at alle offentlege krav med omsyn til utfylling av meldingsskjema i samband med personskade vert fylgd. Kva gjeld SHA-koordinator viser ein til pkt. 2.2 i dette dokument. 5.7 Vernemøter og vernerundar
Hovudbedrift skal arrangera felles vernemøter og vernerundar på byggeplassen minst ein gong kvar 14. dag. Samtlege føretak på byggeplassen skal delta. Hovudbedrift skal skriva protokoll og distribuera referat frå felles vernemøter og vernerundar. Referat skal distribuerast til samtlege føretak på byggeplassen, samt til byggherre. 5.8 Byggestraum Entreprenøren må sjølv skaffa, og bera kostnadane med, byggestraum gjennom heile prosjektet. 5.9 Avsluttande arbeid Avsluttande reingjering inngår i det arbeidet entreprenøren pliktar å utføra. Når alt arbeidet entreprenøren skal utføra er ferdig, skal byggeplassen og omliggande område ryddast grundig. Entreprenøren pliktar vidare å setja det omliggande område tilbake i den stand det var før arbeida tok til, så langt dette let seg gjera.