Utkast til strategi Strategi for Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Like dokumenter
Utkast til strategi

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

HELSE2030 HOVUDTEMA: Område 9 Medarbeidarskap

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Eit nytt helsekart strategiske, organisatoriske og faglege valg

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Styringsdokument 2014

Regional plan habilitering og rehabilitering. Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF. oktober 2015

S T R A T E G I D O K U M E N T

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Pasientens helseteneste Helse Førde Utviklingsarbeid for framtidas spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane

Strategi Forord

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Clara Gram Gjesdal/Brit Pedersen SAKA GJELD: Oppfølging tilsyn-løypemelding STYREMØTE:

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

3. tertialrapport summering av måloppnåing - overordna risikovurdering av utvalde styringsmål i 2017

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Protokoll frå føretaksmøte 5. februar Protokoll frå føretaksmøte HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Kommunikasjonsstrategi

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

«Samhandling under same tak» Tverrfagleg rehabilitering korleis får vi det til? Oppfølgingsteam og primærhelseteam.

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Dei fire hovudoppgåvene

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

Utviklingsplan (2035) Helse Møre og Romsdal. helse-mr.no/utviklingsplan

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

E K S V I S E A D M I N I S T R E R E N D E D I R E K T Ø R, H E L S E B E R G E N H F, A N N E S I D S E L F A U G S T A D

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

KVA ROLLE VIL KONTORANSATTE HA I FRAMTIDA? EIVIND HANSEN ADMINISTRERANDE DIREKTØR VED HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Innovasjonsmetoden vår

1. Mål med samhandlingsreforma

Region Nordhordland Helsehus

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

Pasientens helseteneste

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Reidun R. Mjør SAKA GJELD: Utviklingsplan Helse Fonna HF

Samhandlingsreformen

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Hovudaktivitetar/leveransar frå prosjekta og programma i 2016 STYREMØTE: 24.2.

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Tema 2019: «Sorg» «Barn som pårørande» «Når noko går galt» «Rehabilitering og aktivitet»

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Koordinerande einingar ( KE ), individuell plan ( IP ) og koordinator i Møre og Romsdal

SAMARBEIDSAVTALE mellom Vestnes kommune og Helse Møre og Romsdal HF

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Kommunikasjonsplan for arbeidet med utviklingsplan. Helse Fonna HF

Langsiktig mål for SSHF

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Styresak. Dato skriven: Sakshandsamar: Hans Stenby Saka gjeld: Samordning av sjukehusa i hovudstadsområdet - høyring

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Felles formannskapsdag

Tenesteavtale 6. Mellom Haugesund kommune og Helseføretaket. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Samhandling om Læring og mestringstilbud

F O L K E H E L S E - H VA K A N S P E S I A L I S T H E L S E TJ E N E S T E N B I D R A M E D?

Tenesteavtale 3. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Høyringsutsegn om Kvinnsland-utvalet sin rapport

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

Trygg og framtidsretta

Tilråding frå adm.dir, Espen Remme

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

«Utviklinga i helsesektoren kva grep bør vi ta for å møte utfordringane»?

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

HELSE FONNA HF

Vi skal få til meir! STRATEGI

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

«Pasientar med store og samansette behov» Anne Marte Sølsnes Prosjektleiar, Fag- og utviklingsavdelinga, Helse Førde

Transkript:

Strategi for Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus 2017-2022 1

Vi blir stadig fleire. Vi lever lenger, og utviklinga i teknologi og medisin gir oss heile tida nye moglegheiter for diagnostikk og behandling. Det er ei god utvikling. Samtidig må vi førebu oss på at det kan bli knappare ressursar både når det gjeld pengar og helsepersonell i åra som kjem. Det gir oss utfordringar når vi veit at det blir ein stor auke i dei vanlegaste sjukdommane som kreft, psykiske lidingar og infeksjonar, og mange pasientar får fleire sjukdommar samtidig. Helsetenestenester av god kvalitet skal medverke til god helse og livskvalitet, og gjere sitt til at pasientane kan meistre eigen sjukdom. Pasientane skal få ei trygg, heilskapleg og likeverdig behandling med høg kvalitet og effektivitet når dei treng det. Vi må difor sikre at ressursane er rettferdig fordelt, og vere opne om dei prioriteringane vi gjer. Dei gode fagfolka, den gode klinikar, er ein berebjelke i arbeidet med å skape pasientane si helseteneste. For å lukkast i åra som kjem, må vi rekruttere, utvikle og behalde dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar. Som eit av fire regionsjukehus i Noreg vil vi vere ein pådrivar i utvikling av tenestane. Det betyr at vi vil vere heilt i front innan sjukehusbehandling. Dette gjeld for dei regionale og nasjonale funksjonane våre, og for utdanning, forsking og innovasjon som vidareutviklar diagnostikk og behandling. På bakgrunn av dei utfordringane som ligg framfor oss, har vi løfta fram fire tema i strategien: Pasientperspektivet, medarbeidarane, prioritering og forsking-innovasjon-utdanning. Innføring av ny teknologi og nye måtar å jobbe på er avgjerande for å kunne gi god pasientbehandling i framtida. Forbetringsarbeid er gjennomgripande i dette: Vi vil derfor utvikle ein kultur der medarbeidarar og leiarar saman med pasientane og pårørande forbetrar tenestene. I fellesskap skal vi utvikle sjukehuset med pasientperspektiv i alt vi gjer. Strategien bygger på dei analysane og måla som er gitt i Nasjonal helse- og sjukehusplan, Helse2035 og andre nasjonale og regionale føringar. Det betyr at strategien ikkje er uttømmande på kva som skal skje i sjukehuset dei fire neste åra, men peiker på dei områda som sjukehuset må arbeide spesielt med. Meir utfyllande handlingsplanar som gjeld for heile sjukehuset og i enkeltavdelingane, vil bidra til å oppfylle dei måla som er sett. 2

Pasientperspektiv i alt vi gjer Vi veit at mange av pasientane våre ønskjer å ta aktiv del i si eiga behandling, og at eigeninnsats gjer at dei opplever auka grad av myndiggjering og meistring. Det vil vi som sjukehus legge til rette for. For å forstå kva som er viktig for den einskilde pasient, vil vi lytte til pasienten og dei pårørande. God kommunikasjon er avgjerande for å gi pasientar helsetenester av god kvalitet, for å stimulere til eigeninnsats og gi ei realistisk forventning til kva sjukehuset kan levere. Erfaringane frå pasientane og dei pårørande gir verdifulle innspel til arbeidet med å forbetre tenestene. Systematisk bruk av tilbakemeldingar må derfor vere ein naturleg del av kvardagen på alle avdelingar. Helsetenester av god kvalitet betyr også at pasientane får trygge, samordna tenester som følgjer ein plan som er kjend for dei. Dette handlar om samarbeid internt på sjukehuset, samarbeid med kommunehelsetenesta, andre sjukehus, avtalespesialistar og private helsetenester. Vi vil derfor organisere arbeidet ut frå kva som er det beste for pasientane, uavhengig av avdelingar og tenestenivå. Vi trur ny teknologi kan gi pasientane ei betre teneste, enklare kontakt med sjukehuset og frigjere tid til andre oppgåver for helsepersonell. Saman med pasientane og pårørande skaper vi pasientane si helseteneste 3

Kva har vi oppnådd innan 2022: Pasientane opplever at dei får god helsehjelp, blir høyrt og får informasjon som sikrar medverknad og myndiggjering Pasientane får helsetenester med høg kvalitet tilpassa deira mål og behov Openheit om behandlingsresultat Pasientskadar er redusert med minst 25 prosent innan 2022 Pasientane opplever samanheng i tenestetilbodet i sjukehuset og på tvers av tenestenivåa Standardiserte pasientforløp inkluderer minst 60 prosent av pasientane Ei klårare oppgåvedeling mellom sjukehus, kommunane og dei private habiliterings- og rehabiliteringsinstitusjonane Betre og tidlegare hjelp til barn og unge med samansette behov Forbetra tenestetilbod til storbrukarane slik at dei har mindre behov for sjukehusinnleggingar Det er sett i verk tiltak for å auke levealderen til pasientar med rusproblem og alvorleg psykisk sjukdom Forbetra mottaksmodellen for å sikre lokalsjukehustilbodet og frigjere kapasitet i dei høgspesialiserte tenestene Vi prioriterer regionssjukehusfunksjonane, har ei tydelegare funksjonsfordeling og jobbar i team med dei andre sjukehusa i regionen Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Brukarerfaringar er ein fast del av arbeidet med å forbetre tenestene Aukar bruken av pasientrapporterte data i klinisk praksis Vidareutviklar systemet for handtering av avvik for å identifisere og lære av feil Har tilgjengeleg og oppdatert informasjon til pasientar og pårørande som gjer dei i stand til å ta aktiv del i behandlinga Gir opplæring som del av forløpa, og er i front i utvikling og bruk av teknologi slik at pasientane er betre i stand til å meistre eigen sjukdom Vidareutviklar samarbeidet mellom fastlegar og sjukehuslegar for å betre forløpa til pasientane, og sikrar støtte for dette i IKT-systema Lagar standardiserte pasientforløp som sikrar samanheng i tenestetilbodet Vidareutviklar kompetansedeling og samarbeid med kommunehelsetenesta og dei private institusjonane om rehabilitering og habilitering Styrker det forpliktande samarbeidet og legg til rette for integrasjon mellom psykisk helsevern, rus og somatikk Sikrar likeverdig tilgang til somatiske helsetenester for pasientar med rusproblem og alvorleg psykisk sjukdom Utviklar forløp for pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester saman med kommunane Sikrar at storbrukarane får tilpassa behandling på rett nivå, basert på analysar av pasientgruppa og deira behov. Sikrar at nasjonale og regionale funksjonar er heilt i front når det gjeld diagnostikk og behandling 4

Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar Sjukehuset er kjent for å gi behandling av høg kvalitet, og er blant dei fremste i landet innan fag og forsking. Denne statusen forpliktar, og er samtidig viktig for å rekruttere og behalde dyktige medarbeidarar. Dei beste fagfolka ønskjer å jobbe i dei beste fagmiljøa. Tillitsvalde, vernetenesta, medarbeidarane og leiarane medverkar til eit godt arbeidsmiljø som er prega av tillit, openheit og respekt. Det betyr at vi har opne prosessar med respekt for kvarandre sin kompetanse når vi tar avgjersler som får betyding for pasientar og medarbeidarar. Slik byggjer vi tillit. Openheit, respekt og tillit er også grunnlag for gode læringsmiljø der medarbeidarane utvekslar kompetanse og erfaring. Dei same verdiane er viktige i utvikling av modellar for funksjonelle team. Vi veit at medarbeidarane ønskjer å medverke i utviklinga av sjukehuset og vil ta ansvar for å forbetre ntenestene. Arenaer som legg til rette for kommunikasjon og samhandling internt på sjukehuset er nødvendig for involvering og opne prosessar. Leiarar viser veg i forbetringsarbeidet. Det er derfor viktig å fortsette satsinga på å auke kompetansen hos leiarane, og legge til rette for at dei kan bruke tida si på dei rette oppgåvene. Saman utviklar vi sjukehuset vårt 5

Kva har vi oppnådd innan 2022: Vi møter pasientar, pårørande og kollegaer med høg kompetanse, respekt og openheit Vi har medarbeidarar som er trygge, trivst og er stolte av arbeidsplassen sin Vi har leiarar som løyser oppgåvene i samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta Forbetringsarbeid er ein del av arbeidskvardagen for alle tilsette Medarbeidarar jobbar i team når det har verdi for pasientane Vi har frigjort tid ved å forenkle pasientadministrative og andre administrative system Som regionsjukehus tar vi initiativ til og er pådrivar i faglege nettverk i regionen Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Utviklar kompetansen hos medarbeidarane og leiarane gjennom heile yrkeslivet Vidareutviklar leiarutdanninga i sjukehuset Vidareutviklar opplæring og trening i kommunikasjon og etikk Styrker rettleiingskompetansen til medarbeidarane for å sikre at vi er ein organisasjon der medarbeidarane lærer av kvarandre Styrker opplæringa i kvalitetsforbetring og HMS-arbeid Evaluerer arbeidsprosessane og forbetrar/forenklar der det er mogleg Utviklar modellar for teamarbeid og gjennomfører simulering og ferdigheitstrening i team Gjennomfører rasjonell arbeidsdeling mellom faggrupper Vidareutviklar intranettet med eit nytt verktøy for informasjonsflyt og samhandling Involverer medarbeidarar i utvikling av IKT-system Openheit om prioriteringar Vi ønskjer å vere opne om kvifor og korleis vi prioriterer. Dette er nødvendig for å få forståing både i og utanfor sjukehuset for vanskelege avgjersler. Ei slik openheit er også viktig for at pasientar, pårørande, medarbeidarar og samarbeidspartnarar skal kunne gi verdifulle innspel til prioriteringane. Sjukehuset vil bruke dei ressursane samfunnet har stilt til disposisjon på ein best mogleg måte. For å få til dette, treng vi at alle medarbeidarar og leiarar er bevisste på behovet for prioriteringar. God utnytting av ressursane betyr at vi ser på korleis vi har organisert det samla tilbodet vårt, både lokalt og i regionen. Det handlar om kvar vi gir ulike tenester, korleis oppgåver og ressursar er fordelt i ulike delar av tenesta og i kva rekkefølgje vi gjer oppgåvene. Prioriteringar skjer også i kvardagen til medarbeidarane, der vi må sjå behovet til den einskilde pasienten opp mot behovet til dei mange. Vi brukar kriteria i prioriteringsmeldinga: Jo meir alvorleg ein tilstand er, eller jo større nytte eit tiltak har, jo høgare ressursbruk kan aksepterast. Innbyggarane skal vere trygge på at sjukehuset har ressursar til å gi helsehjelp av god kvalitet når dei treng det. Vi vil derfor identifisere og fjerne undersøkingar som ikkje gir verdi for pasientane, overbehandling og tiltak som ikkje har dokumentert effekt. Samtidig vil vi prioritere pasientgrupper som har underforbruk av helsetenester. Slik sikrar vi at vi brukar ressursane rett. Vi har tru på å jobbe saman med kommunehelsetenesta og andre aktørar for å gjere felles prioriteringar. 6

Vi prioriterer for å gi gode helsetenester til dei som treng det Kva har vi oppnådd innan 2022: Betre samarbeid med kommunehelsetenesta og avtalespesialistar, der vi støttar opp under prioriteringane til kvarandre Den akuttmedisinsk kjeda er tydeleggjort i samspel med kommunane og dei andre sjukehusa i regionen Pasientgrupper som har underforbruk av spesialisthelsetenester er identifisert og tilbodet er justert Overdiagnostisering og overbehandling er redusert, og pasientretta tiltak som ikkje har verdi, er fjerna Bruken av breispektra antibiotika er redusert med 30 prosent innan 2020 og blir halde under dette nivået Ei stabil og sikker drift av IKT-system Brukstida på areal og utstyr er auka slik at det støttar gode pasientforløp og er tilpassa dei behova pasientane har Tatt ut gevinstar gjennom bruk av regionale og nasjonale selskap som vi eig i lag med andre føretak 7

Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Aukar kompetansen på prioritering og har open dialog om dei vala vi gjer Tar i bruk verktøy som støttar prioriteringsprosessane Styrker kompetansen hos helsepersonell i å ta kliniske avgjersler Brukar metodevurdering før innføring av nye metodar i rutinebehandlinga Tar i bruk ny teknologi i diagnostikk og behandling der dette gir betre kvalitet og god utnytting av ressursane Samarbeider internt og eksternt om tiltak for å hindre overdiagnostisering, overbehandling og dobbeltrekvirering Avsluttar gamle behandlingstilbod når nye er utvikla Gjer systematiske samanlikningar med andre for å identifisere tiltak som minimerer uønskt variasjon Etablerer samarbeidsarena for sjukehusa i regionen for å få betre funksjonsfordeling til det beste for pasientane Kompetanse, kapasitet og infrastruktur blir systematisk gjennomgått for å sikre beredskap i sjukehuset tilpassa behovet for sikker drift Brukar logistikkunnskap for å planlegge og organisere arbeidsprosessane på tvers av einingar Medverkar i utviklinga av dei regionale og nasjonale selskapa vi eig i lag med andre føretak Forsking, innovasjon og utdanning som utviklar tenestene Haukeland universitetssjukehus er eitt av fire regionsjukehus i landet. Regionsjukehuset skal vere leiande innan forsking, innovasjon og utdanning for å sikre at vi også i framtida fyller rolla som hovudsjukehus i regionen. Dette krev god infrastruktur og tett samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar, mellom anna i næringslivet. Vi ligg langt framme når det gjeld helseregister, organisering av biobank og teknologiutvikling, og det ligg store moglegheiter i å utnytte dei betre framover. Utvikling av helsetenestene er avhengig av både den spissa, høgteknologiske forskinga og nyvinningar i dagleg innovasjon og kvalitetsforbetring. Nyskaping og utvikling av tenestene krev kompetanse innan forbetring, innovasjon og grunnleggande forskingsmetodikk. Spesialisthelsetenesta skal legge vekt på pasientretta, klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk og behandling. Forskinga skal også vise kva nytte og kostnader ulike behandlingsmetodar har og vere til hjelp i prioriteringar. Helsetenesteforsking er sentralt for å undersøke effektar ved endringar i måten vi jobbar på. Eit satsingsområde for forsking og innovasjon er samhandlinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og korleis pasientane skal få heilskapelege tenester tilpassa dei behova dei har. Regionsjukehuset er ein viktig arena for utdanning av helsepersonell. Måten vi legg opp utdanninga på, er med på å sikre at vi har helsepersonell som har kompetanse på forsking og innovasjon. 8

Forsking, innovasjon og utdanning skapar framtidas helsetenester Kva har vi oppnådd innan 2022: 20 prosent av forskingsmidlane er eksterne og 5 prosent av totalbudsjettet går til forsking, og forskingspoenga til sjukehuset er auka til 1000 Sjukehuset har det mest etterspurte utdanningsløpet for legespesialister i landet Betre samarbeid med utdanningsinstitusjonar som sikrar utdanning av viktige yrkesgrupper for sjukehuset Talet på innovasjonsprosjekt i sjukehuset er auka Auka helsetenesteforskinga gjennom samarbeid med universitet og høgskular Haukeland universitetssjukehus ligg i front i forsking, har forskingsmiljø som er internasjonalt anerkjent og er tildelt minst eit senter for framifrå forsking Som regionsjukehus er Haukeland universitetssjukehus pådrivar i samarbeidet med dei andre sjukehusa, kommunane og næringslivet i regionen Kva gjer vi for å nå måla for 2022: Vidareutviklar samarbeidet med utdanningsinstitusjonane for å sikre rett innhald og kapasitet i utdanninga av personell Saman med samarbeidspartnarane våre utviklar, deler og utnyttar vi infrastrukturen til forsking og innovasjon betre Betrar synleggjeringa av forsking og innovasjon internt og eksternt Sikrar at pasientar bidrar i planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt Legg til rette for gode utdanningsløp, der vi også gir legar i spesialisering moglegheit for praksis gjennom avdeling for internasjonalt samarbeid og opplæring i forskingsmetodikk Integrerer forsking og innovasjon i klinisk verksemd og utnytter potensialet i at denne er tverrfagleg Legg til rette for forsking og kompetansedeling ved at fleire kan arbeide både i sjukehus og universitet/høgskular Utviklar oss som lærebedrift og tilbyr praksis til ulike yrkesgrupper 9

10