Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune 2013 Adressa til verksemda: 5337 Rong Tidsrom for tilsynet: 22. og 24. april 2013 Kontaktpersonar i verksemda: Vidar Sangolt 1. Samandrag Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i perioden tilsyn med Nav Øygarden kommune. Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Tilsynet omfatta undersøking av om kommunen gjennom sin styringsaktivitet sikrar at handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram er i samsvar med lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak. Vidare undersøkte vi om deltakarar får oppfølging i samsvar med lova sine krav. Det blei ikkje gitt avvik under tilsynet. Dato: 3. mai 2013 Hilde Ordemann tilsynsleiar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Birthe Christiansen revisor 1
Innhald 1. Samandrag... 1 1. Innleiing... 3 2. Omtale av verksemda... 3 3. Gjennomføring... 3 4. Kva tilsynet omfatta... 4 5. Funn... 4 6. Vurdering av styringssystemet i verksemda... 4 7. Regelverk... 4 8. Dokumentunderlag... 4 9. Deltakarar ved tilsynet... 5
1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Nav Øygarden kommune 22. og 24. april 2013. Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga 9. Fylkesmannen i Hordaland har heimel til å føre tilsyn etter sosialtenestelova 9. Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje: kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på betringspotensial. 2. Omtale av verksemda Rådmann er som er øvste ansvarlege leiar for kommunal side av Nav Øygarden. Denne oppgåva vert utført av kommunalsjef Helse og omsorg. Nav Øygarden har ein leiar med ansvar for både kommunale og statlege oppgåver. Det er leiar som har ansvar for handsaming av søknadar om kvalifiseringsprogram. 3. Gjennomføring Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar: Melding om tilsyn blei sendt ut 6. februar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Opningsmøte blei halde 22. april 2013. Under tilsynet blei fem personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Sluttmøte blei halde 24. april 2013.
4. Kva tilsynet omfatta Det blei ført tilsyn med området handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i medhald av lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak. Kommunen er pålagt å ha internkontroll etter sosialtenestelova 5 og forskrift om internkontroll gitt i medhald av lova. Tilsynet undersøkte om, og på kva måte, kommunen si leiing følgde med på at dei oppgåver som er pålagt etter lova vart gjennomførte. 5. Funn Det blei ikkje gitt avvik eller merknader under tilsynet. 6. Vurdering av styringssystemet i verksemda Ansvar for oppfølging og evaluering av kvalifiseringsprogram er plassert hos sakshandsamar, medan leiar har mynde når det gjeld tildeling av program. Det er utarbeida rutinar for arbeidet med kvalifiseringsprogram. Kommunen har eit avvikshandteringssystem. Kommunen må vurdere om det skal gjerast tydelegare kva som er avvik innanfor dette området. Ved gjennomgang av området har leiinga fanga opp fleire forhold som no er forbetra. Det vert no stilt krav til kva den einskilde sakshandsamar skal dokumentera i programma. Dette gjeld til dømes oppfølging og evaluering i den einskilde sak. 7. Regelverk Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga av 18.12.2009 nr. 131 Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad Forvaltningsloven av 10.2.1967 Forskrift til forvaltningsloven av 15.12.2006 nr. 1456 8. Dokumentunderlag Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet: Organisasjonskart Øygarden kommune Organisasjonskart Nav Øygarden Delegeringsreglement Samarbeidsavtale mellom Øygarden kommune og arbeids- og velferdsetaten Hordaland Oversikt over personell som jobbar med kvalifiseringsprogrammet Plan for sikring av kontinuitet ved Nav Øygarden Rutinar for kvalifiseringsprogrammet Seks einskildsaker Dokumentasjon som blei gjennomgått:
To einskildsaker Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland: E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet og program for tilsynet. 9. Deltakarar ved tilsynet Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua. Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte Vidar Sangolt Leiar X X X Trond Andersson Sakshandsamar X X X Katrine Risløw Sakshandsamar X X X Rigmor Lerum Sakshandsamar X X X Åse Vik Kommunalsjef X X X Marthe Karlsen student X X Alise Landro student X X Frå Fylkesmannen deltok: Birthe Christiansen, Marta Havre og Hilde Ordemann, tilsynsleiar.