Vekeplan 8. trinn Veke 14-17 LÆRINGSMÅL DENNE PERIODEN: Fag: Læra om sidemål og kva ord som er forskjellige i dei to målformene. Samanlikna og læra nynorsk- og bokmålgrammatikk. Læra om debatt og delta i gruppediskusjonar. Kunna uttrykkja meiningar og argument knytte til tema som er viktige for ungdom. Kunna skilja mellom synspunkt/meining og eit argument. Kunna kjenna att forskjellige typar argumentasjon. Skriva eit lesarbrev (a letter to the editor) om ungdom som begår kriminelle handlingar. Læra ord og uttrykk som har med kriminalitet og dårleg oppførsel å gjera. Kunna bøya verb i notid og fortid. Kunna rekna med samansette taluttrykk. Kunna laga bokstavuttrykk der bokstavane står for tal som varierer. Kunna setja kjende tal inn i bokstavuttrykk. Kunna forklara kva eit bokstavuttrykk betyr og kunna rekna med dette. Kunna trekkja saman enkle bokstavuttrykk. Kjenna til likningsomgrepet og kunna løysa enkle likningar. Kunna setja prøve på likningar for å kontrollera at svara er rette. sfag Gjera greie for kva som førde til den amerikanske revolusjonen. Skildra følgjer dei nemnde revolusjonane fekk for utviklinga av demokratiet i Noreg. Gjere greie for kva som skjedde i Norden som følgje av Napoleonskrigane. Skildra følgjer napoleonskrigane fekk for utviklinga av demokratiet i Noreg. KRLE Kunna undra seg over livet og verda. Kunna snakka om kvifor menneske søkjer etter meining med tilværet. Forklara kva filosofi er. Kunna ha ein filosofisk samtale. Kunna forklara kven Sokrates var og kva den filosofiske samtalen er. Kunna forklara kva etikk og moral er. Kunna reflektera over når og kvifor eg synest noko er rett eller gale.
Forklara kva ph-verdien til ei løysning fortel om løysninga. Fortelja om eigenskapane til nokre syrer og basar og forklara kva rolle syrer og basar spelar i kvardagen vår. Forklara kva indikatorar er og kva dei kan brukast til. Gjennomføra forsøk for å klassifisera sure og basiske stoff. Forklara kva vi meiner med nøytralisering og gjera greie for kva som skjer i reaksjonen. Spansk Læra om Spania og fortelja om land. Læra om dyr og øva på preposisjonar og adjektiv. Tysk Kunna bestilla mat. Kunna analysera setningar. Kunna bruka bunden/ubunden artikkel i nominativ og akkusativ. Fransk Repetera kapittel 9 med fargar, huset, adjektiv, preposisjonar og le futur proche. Skriva brev og fortelja om seg sjølv, familie og venner. Grammatikk: Eigedomsord: mon, ma, mes, ton, ta, tes, son, sa, ses, repetera presens av être og avoir, le passé composé. Eng fordj Laga ein munnleg og skriftleg tekst om ein kjend eller ein fasinerande person eller karakter. Finna informasjon om personen eller karakteren på nettet. Visa til kjelder. Kjenna att og nytta sjangertrekka til den sjangeren ein har vald. Arbeidslivsfag Kommunisera og samarbeida med andre i ein arbeidssituasjon. Yta service Følgja gjeldande vedtak for helse, miljø og sikkerheit. Handverksdelen: Vidare arbeid med skammelen. Kroppsøving Trena på ulike øvingar i friidrett (ute). Symja med ulike effektive teknikkar (crawl/rygg/bryst/butterfly). Fotball Planleggja og gjennomføra eit eige aktivitetsopplegg. Aktivitet og helse Produksjon av varer og ten. Utveksla synspunkt og tilråding om fysisk aktivitet. Planleggja og gjennomføra eit eige aktivitets- og kosthaldsopplegg. Laga enkle og ernæringsmessige gode måltid.
Design og redesign Sal og scene Koding Gjera reie for korleis datamaskinar og program fungerer, inkludert eit utval utbreidde programmeringsspråk og deira bruksområde. Gjera om problem til konkrete delproblem, vurdera kva for delproblem som let seg løysa digitalt og utforma løysingar for desse. Me arbeider med Kodu, så det kan væra lurt å ha med eigen pc. Informasjon Opptak og redigering. Ta med varme klede. Arbeid med klassemiljø Arbeid med olweusrapporten PRØVAR, INNLEVERINGAR OG FRAMFØRINGAR sfag Omgrepsprøve Fredag 7. april 2. time Skriftleg karakter Debatt rollespel og Veke 16 og 17 Munnleg karakter spontan debatt fordjuping Sjølvvald sjanger Jobbar med på skulen. Skriftleg karakter tekst om ein fasinerande eller kjend person Ferdig innan torsdag 5.time veke 14 Fransk Kapittelprøve 9 Torsdag 6. april Karakter Skriva eit lesarbrev om ungdom som begår kriminelle handlingar Fredag 21.april 2 og 3 time Karakter Tysk Rollespel Fredag 7. april Karakter Kapittelprøve 6 Torsdag 27. April, Karakter 2. og 3. time
INFORMASJON I løpet av veke 14 skal alle klassane på tur. De vil få informasjon frå kontaktlærarane om kva dag de skal på tur og kva de skal ha med dokker. Fredag 7. april skal me på kulturskulen sin musikal «Flink pike» på Storstova. Dette er ei førestilling av og med 10.trinnselevar på faga musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving ved Time kulturskule. Me ønskjer alle ein fin påskeferie. Første skuledag etter påske er onsdag 19. april.
HEIMEARBEID VEKE 14 1. Påstand: "Me må dra på klasse- eller trinntur minst ein gong i halvåret". Bruk 3-5 forskjellige argumentasjonstypar til å argumentera for og/eller i mot påstanden. (Faktaargument, fleirtalsargument, fornuftsargument, ekspertargument og parallellargument.) Skriv ned eller les inn. Lever på Showbie. ½ time lesing i stillelesingsboka di. 1. Read the example of a letter to the editor about bullying (posted on Showbie) Choose and learn five of this week's words and one verb (posted on Showbie) Alle: Lær desse omgrepa: Dei fire rekneartane: + er addisjon (ledd +ledd = sum) - er minus (ledd - ledd = differanse) * er multiplikasjon ( faktor * faktor = produkt) : er divisjon ( dividend : divisor = kvotient) = er lik eller har same verdi Ei likning er to uttrykk med den same verdien, eitt på kvar side av likskapsteiknet. Rekna så mange oppgåver du greier frå "Prøv deg sjølv" s 200 201 og lever på Showbie innan fredag. sfag Førebu deg til omgrepsprøven om den amerikanske revolusjonen på fredag. Du kan lesa om den amerikanske revolusjonen på side 132-143 i boka. Lær deg omgrepa til temaet. Elles er det lurt å gå gjennom oppgåver og notat vi har skrive både heime og i timane. KRLE 1. Skriv ti faktasetningar frå kapittel 1 som får med det viktigaste av det vi har arbeidd med. Lever på Showbie. 2. Lag fire teikningar/finn fire bilete som oppsummerer innhaldet i kapittel 1. Lever på Showbie. 1. Les om uorganiske syrer på s. 185 til 186 i Tellus. Skriv 2 faktasetningar om kvar av dei tre syrene: Saltsyre (HCl), salpetersyre (HNO 3 ) og svovelsyre (H 2 SO 4 ). Spansk 1. Øv på målark til kapitteltesten på fredag. Dette ligg på Showbie. Tysk 1. Øv godt på samtalen på restaurant. Vurderingskriterie/oppgåve ligg ute på Showbie. Fransk 1. Repetera kapittel 9 med tanke på prøve. Sjå s. 137 om kva du må kunna. Eng fordj 1. Leksefri. Aktivitet og helse Kroppsøving Møt i 8B sitt klasserom kl.08.30. De skal planleggja eit aktivitets- og kosthaldsopplegg. Veke 16, 17 og 18 skal de møte med treningsklede kl.08.30 i 8B sitt klasserom eller kl.08.30 i Jærhallen herifrå skal de ha eigentrening (oppvarming/hovuddel/avslutning). Loggfør treninga på Showbie. Utegym.: Friidrett. De skal øva til Tinestafett, samt andre friidrettsøvingar.
HEIMEARBEID VEKE 16 1. Førebu deg til den munnlege vurderinga i debatt. ½ time lesing i stillelesingsboka di. 1. Prepare for a writing-session on Friday. You are going to write a letter to the editor about young people committing crimes. Blå: Rekna så mange oppgåver du greier frå øveprøven og lever på Showbie innan fredag. Gul: Rekna så mange oppgåver du greier frå øveprøven og lever på Showbie innan fredag. Raud: Rekna så mange oppgåver du greier frå øveprøven og lever på Showbie innan fredag. sfag Bla gjennom kapittelet "Norden under Napoleonskrigane" (s. 174-179). Bruk Bison. Skriv ned eit par ting du tykkjer det ser kjekt ut å læra meir om, eller skriv opp eit par spørsmål til sidene. Lever dei på Showbie. KRLE 1. Les s. 168-170: Forklar til nokon heime eller ein medelev kva etikk og moral er. 1. Les Meir om basar på s. 187-189 i Tellus. Svar på fokusspørsmåla som står øverst på side 189. 2. Les Meir om basar på s. 187-189 i Tellus. Lag ein oversikt over det du kan om syrer og basar, gjerne eit tankekart i ithoughts eller ein tabell i Word. Det kan vera ulike syrer og basar du kan namnet på, typiske eigenskapar osv. Spansk 1. Les s. 43 høgt tre gonger. Øv godt på orda på Quizlet. Test på fredag. Gjer oppg. A1 s. 50 i ejercicio. Tysk 1. Keine Hausaufgaben! Fransk 1. Les høgt og øv på å setja om s. 141. Øv på glosene som høyrer til som du finn på s. 145. Eng fordj 1. Les s.232-233. Svar på "5 quick ones" på s.234 - munnleg eller skriftleg. Lever på Showbie. Aktivitet og helse Kroppsøving Møt med treningsklede kl.08.30 i 8B sitt klasserom eller kl.08.30 i Jærhallen herifrå skal de ha eigentrening (oppvarming/hovuddel/avslutning). Loggfør treninga på Showbie Utegym: Friidrett. De skal øva til Tinestafett, samt andre friidrettsøvingar.
HEIMEARBEID VEKE 17 1. Førebu deg til den munnlege vurderinga i debatt. ½ time lesing i stillelesingsboka di. 1. Find pictures of at least five animals that live in Australia or New Zealand. Hand it in to your teacher on Showbie. Remember to write the names of the animals. Choose and learn five of this week's words and one verb (posted on Showbie). 2. What do you know about Australia and New Zealand? Write a mind-map in ithoughts and hand it in to your teacher on Showbie. Choose and learn five of this week's words and one verb (posted on Showbie). Alle: Kapittelprøve 27.april 2. og 3. time Repetisjon før prøve. sfag 1. Les side 175-178 høgt for ein vaksen eller med ein medelev. Diskuter spørsmåla på side 178 munnleg. Lever inn dato og namn på den du gjorde leksa med på Showbie. 2. Les side 175-178. Finn 6-7 nøkkelord frå teksten. Skriv dei ned og lag ei forklaring på dei. Lever på Showbie. 3. Les side 175-178. Liker du å teikna? Lag ei teikning om Matjas Nordsveen (sjå og les den fyrste grøne firkanten på side 177). Ta eit bilete av teikninga di og lever på Showbie. 4. Les side 175-178. Lag deg eit tankekart i i-thoughts frå sidene. KRLE 1. Les s. 171-175. Svar på oppg. 3 eller 4 s. 177. 2. Les s. 171-175. Svar på oppg. 3 s. 171 og oppg. 5 s. 177. 1. Bla gjennom kapittelet Syrer og basar i Tellus. Lag eit tankekart der du oppsummerer kapittelet som du kan bruka når du førebur deg til skriftleg prøve neste veke. 2. Bla gjennom kapittelet Syrer og basar i Tellus. Skriv eit samandrag på 10 setningar der du oppsummerer kapitlet og tek med det viktigaste. Dette kan du bruka når du skal øva til skriftleg prøve neste veke. Spansk 1. Lær deg preposisjonane en, de, con, sin, para og por. Gjer oppgåve F s. 53 i ejecicio. Test i preposisjonane fredag. Tysk 1. Lær bøyinga av den bundne/ubundne artikkelen i nominativ og akkusativ (s.147). Leksesjekk i timen med vurdering godkjent/ikkje godkjent. 2. Lær bøyinga av den bundne/ubundne artikkelen i nominativ og akkusativ (s.147). Leksesjekk i timen med vurdering godkjent/ikkje godkjent. Lag ein setning med kvar artikkel i nominativ eller akkusativ. Fransk 1. Øv på s. 142 og 143. Les høgt, set om og øv på glosene. Gjer oppg 15, 16, 17 og 18 på s. 151. Eng fordj 1. Finn ein aktivitet du kunne tenkja deg å gjera eller ein turistattraksjon du kunne tenkja deg å vitja i Australia eller i New Zealand. Skriv eller les inn 5-7 setningar om han på engelsk.
Aktivitet og helse Møt med treningsklede kl.08.30 i 8B sitt klasserom eller kl.08.30 i Jærhallen herifrå skal de ha eientrening (oppvarming/hovuddel/avslutning). Loggfør treninga på Showbie. Heime: Lag eit sunt måltid heime. Ta bilete og forklar kvifor det er sunt. Kroppsøving Utegym: Friidrett. De skal øve mot Tinestafett, samt andre friidrettsøvingar. Sym.: Effektive teknikkar på mage/rygg (butterfly/rygg/bryst/crawl).
TIMEPLAN 8A 8:10 9:00 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Gym Valfag KRLE 9:05 9:55 Matte 10:05 10:55 11:35 12:25 / Lise Matte Arnt Helge Lise Arnt Helge Matte Arnt Helge / Arnt Helge Matte 12:35 13:25 Studie 13:30 14:20 Gym/ Sym TIMEPLAN 8B 8:10 9:00 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Renate Hilmar (35 min) Valfag KRLE Renate 9:05 9:55 Gym 10:05 10:55 Gro Hilmar Inita / norsk Hilmar 11:35 12:25 Samf Gro 12:35 13:25 13:30 14:20 Jan Finn Renate Studie Renate Gym/ sym Inita (gym)
TIMEPLAN 8C 8:10 9:00 9:05 9:55 10:05 10:55 11:35 12:25 12:35 13:25 13:30 14:20 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Arnt Helge Gym Studie (25 min) Valfag KRLE (30 min) Gym/ sym TIMEPLAN 8D 8:10 9:00 9:05 9:55 10:05 10:55 11:35 12:25 12:35 13:25 13:30 14:20 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Mari Inita Inita Mari KRLE Gym / norsk Mari Valfag Studie Kristin Mari (25 min) Åse Åse Anja Mari (25 min) Gym/ sym Inita (gym) -
TIMEPLAN 8E 8:10 9:00 9:05 9:55 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lise Lise Valfag 10:05 10:55 Gym Jan Finn Studie (odde) Lise 11:35 12:25 Jan Finn (30 min) KRLE / norsk 12:35 13:25 Lise / norsk 13:30 14:20 Gym/ sym Bryne ungdomsskule