SAKSUTGREIING Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta: Torpo kyrkje sundag 28. sept. kl. 11.00 Ål kyrkje sundag 5. okt. kl. 11.00 Leveld kyrkje sundag 19. okt. kl. 19.30
Sakshandsamar Kjellfred Dekko Kyrkjeverje 22. august 2014 Saksutgreiing om felles sokneråd i Ål Torpo sokneråd har teke initiativ til å endre den kyrkjelege rådsstrukturen i Ål. Grunnen til at det er kome forslag om samanslåing, eller utvida samarbeid i sokneråda i Ål, er i hovudsak at folk blir valde til oppgåver der dei ikkje kjenner seg vel. Dei innvalde skal styre ei kyrkje dei kjenner seg noko framande i, men gjerne vil høyre til. Med full utskifting kvart 4. år blir det gjerne ei tung oppstartstid før soknerådet fungerer godt. Det er vanskeleg å få folk til å stille på liste til eit verv som varar heile 4 år, og som kjennest framant. Fleire stader har sokneråd hatt ein prøveordning med val annakvart år med utskifting av halve rådet, men denne ordninga går no ut. I Ål har det vore svært god valdeltaking i høve til landsgjennomsnittet. Lokalkyrkja har ikkje gjennomført nokon undersøking om grunnar til så høg deltaking ved val. Likevel kan ein generelt seie at tilknytninga til det lokale kyrkja og kyrkjegarden er stor i små bygdesamfunn. Etter forholda er det høg kyrkjeleg aktivitet i sokna, og særleg høg aktivitet er det i Ål sokn. Det har også vore døme på at enkelte kandidatar mobiliserer blant grannar og vener for ikkje å kome inn i soknerådet. Ut frå det kan ein seie at det i somme høve fører til høg valdeltaking med negativt forteikn. Nokre tema må ein belyse i samband med evt samanslåing eller samarbeid av sokneråd. I felles soknerådsmøte den 18. mars såg ein det som ein føresetnad at alle sokneråda måtte gå inn for ordninga om det skulle bli noko av. Kombinasjonen med eit «frittståande» sokneråd og eit samanslege råd beståande av to, var ikkje interessant. Det er ulike måtar å tenkje ny organisering av sokneråda på, men i hovudsak er det to hovudmodellar: 1. Slå saman sokna slik at det blir eitt sokn der soknegrensene er lik kommunegrensene. Berre slik kan ein stille berre èi liste for kyrkjevalet i Ål. ( Det må sjølvsagt vera høve til å stille alternative lister også ved ein slik ordning.) 2. Oppretthalde soknegrensene som i dag, men legge til rette for eit felles sokneråd med innvalde frå kvart sokn. Med denne ordninga må det framleis stillast lister i alle sokn, men antal personar som skal veljast inn blir redusert frå til dømes 4 faste + 5 vara til 2 faste + 3 vara. Eit felles sokneråd blir også kyrkjeleg fellesråd, og handsamar saker etter Kyrkjelova (KL) 13 (fellesrådssaker) ved at kommunal representant tiltrer. I einsokns-kommuner er det
vanleg å kalle inn til sams fellesråds- og soknerådsmøter der ein deler saklista etter kva som skal handsamast etter KL 13, fellesrådet, og KL 9 Soknerådet. Det er fleire måtar å tenkje samansetning og oppgåver på ut frå punkt 2. Fleire modellar er prøvd andre stader, og eit par modellar blir presentert nedanfor. Forsøk med samanslegne sokneråd har vore gjort fleire stader, og dei aller fleste er svært nøgd med ordninga. Det er altså rekruttering til lokalkyrkjelege val som er hovudårsaken til at saka om samanslåing kjem opp. Det vil også vera andre moment som er viktige, og som ein må tenkje over. Nokre fordeler og ulemper ved samanslåing: Pluss Minus Merknader Meir rasjonelt ved at ein kan drøfte og gjere vedtak i saker av felles art og interesse i eitt råd i staden for tre. Svekka demokrati ved at det blir meir makt på færre hender. Prestane får frigjort tid Korleis blir ny ordning for Dnk frå 2017? Kva skjer i samanheng med kommunereformen? Økonomisk innsparing Noko meir rasjonelt, sølv om møtehyppigheiten truleg aukar. Lettare å få folk til å stille til val då færre skal veljast inn. «Spesielt interesserte» styrer «Spesielt interesserte styrer» Det vil vera både positive og negative verknader av at kyrkja kanskje kjem til å bli styrt av den indre kjerna av medlemane. Planarbeidet blir lettare Refleksjon: - Er sokna så små at det einaste rette er å slå saman til eit felles sokneråd? - Skal ein vente, og sjå korleis ny kommunestruktur blir i Hallingdal? - I tabellen over er det nevnt pluss og minus ved at «Spesielt interesserte» styrer. Det er sjølvsagt ikkje sikkert at eit kyrkjeval vil slå ut slik, men truleg blir samansetninga noko meir «spesialisert» enn det me har sett tidlegare. - Kvart av sokna har ei soknekyrkje med tilhøyrande kyrkjegard. Kyrkja og kyrkjegarden står fram som signalbygg og identitetsmerke for bygdene. Vil ein
overføre styringsmakt for desse lokale merkestadene til eit råd som er sett saman av folk frå fleire sokn? Vil lokal tilknytning til kyrkja og det kyrkjelege livet bli vatna ut ved ein ordning med felles sokneråd? - Om sokna sler seg saman, og soknerådsgrensene blir jamna ut til eit felles «Ål storsokn», vil ein miste makt ved stemmegjeving i samband med til dømes indirekte val til Bispedømmeråd og kyrkjemøte. Tre stemmer blir til èi stemme. Om ein tenkjer felles sokneråd beståande av tre sokn vil ein framleis sitja med tre stemmer. - Gudstenesteforordninga blir fastsett av biskop etter framlegg frå prosten i samråd med det einskilde sokn. Truleg vil økonomien tvinge kyrkja til færre gudstenester med fleire deltakarar. - Korleis vil det slå ut med eit felles sokneråd? - Fellesrådet styrer økonomien og personalarbeidet. Fellesrådet forvaltar kyrkjene og kyrkjegardane på vegne av sokna. - Er det teneleg med dagens ordning at ansvaret for personal og det meste av økonomien sit i fellesrådet, og ansvaret for det praktisk kyrkjelege arbeidet (innhaldet) sit i soknerådet? - Om sokna sler seg saman i eit felles sokneråd, men opprettheld sokna, kan økonomien knytt til kvart sokn i fyrste omgang vera nær lik det som er i dag. Ikkje minst på grunn av fonda som er knytt til Torpo og Leveld kyrkje. Dette kan endrast etter kvart. - Dersom det framleis blir tre sokn, ser det mest teneleg ut å halde fram med tre diakoninemnder, og med felles trusopplæringsutval som i dag. Vekting av representantar i eit felles sokneråd vil vera eit viktig tema. Samansetning av soknerådet er lovregulert i KL 6 med 4,6,8 eller 10 medlemmar pluss presten. Kyrkjerådet seier det er mogeleg å avvike samansetninga etter grunngjeven søknad. Samansetninga av fellesrådet er lovregulert i KL 12, og består av to representantar frå kvart sokn uavhengig av kor store eller små dei er. Det kan vera mogeleg å tenkje dette på andre måtar så lenge ein søkjer om prøveordning. Ved forrige val var tala på røysteføre medlemmar slik: Leveld 408 (13%) Torpo 562 (17%) Ål 2213 (70%) Ut frå dette er det naturleg at Ål får fleire representantar enn Leveld og Torpo. Dei to små sokna bør likevel kunne få majoriteten av stemmene om dei slår seg saman. Antal representantar kan vera: Leveld Torpo Ål 2 representantar 2 representantar 3 representantar
I tillegg kjem den geistlege representanten, presten. Med denne modellen har soknerådet totalt 8 medlemmer. Når rådet skal handsame fellesrådssaker tiltrer kommunens representant, og blir utvida til 9 medlemmer. Tre alternativ til samansetning av felles sokneråd / fellesråd ved valet i 2015: 1. Oppretthalde dagens ordning med 3 sokneråd der to representantar frå kvar blir vald inn til eitt fellesråd. Torpo sokneråd 4 medlemmar + prest Leveld sokneråd med 4 medlemmar + prest Ål sokneråd med 6 medlemmar + prost (1. vara møter fast) (1. vara møter fast) (1. vara møter fast) 2. Slå saman sokna, og innføre èi felles liste for «Ål storsokn». Noverande grense mellom sokna i Ål blir borte, og ein vel representantar uavhengig av anna geografisk tilknytning enn at dei er medlemmer i «Ål storsokn». (Namnet må ein koma attende til.) Samansetning av rådet kan sjå ut som dagens Ål sokneråd: 6 representantar I tillegg kjem den geistlege representanten, presten. Kommunens representant tiltrer ved handsaming av fellesrådssaker. 3. Stille liste i alle sokn til eitt felles sokneråd / fellesråd med fylgjande representasjon: Leveld sokn 2 representantar (3 vararepresentantar) Torpo sokn 2 representantar (3 vararepresentantar) Ål sokn 3 representantar (5 vararepresentantar) I tillegg kjem den geistlege representanten, presten. Kommunens representant tiltrer ved handsaming av fellesrådssaker. Frå dei innvalde blir det vald ein leiar samt ein nestleiar for sokneråd og fellesråd. (Kan ein sjå føre seg at leiar i fellesrådet er nestleiar i soknerådet, og vice versa?) Vararepresentantane: Ved eit val med slik avgrensing av innval til felles sokneråd, kan ein tenkje at vararepresentantane kun er vara til møtene, og ikkje har oppgåver ut over det. Somme stader med slik ordning har vararepresentantane andre funksjonar innanfor diakoni, trusopplæring, kyrkjemusikk med meir. Merknad A) Saka må leggjast fram for kyrkjelydsmøtet. Så lenge det er snakk om ein prøveordning har kyrkjelydsmøtet kun ein rådgjevande funksjon. Merknad B) Ny ordning blir å søkje om til kyrkjerådet som ein prøveordning frå 2015.
Ei arbeidsgruppe beståande av soknerådsleiarane, kyrkjeverja og sokneprestane i Ål handsama saka på møte på Ål kyrkjekontor den 21. August 2014. Desse møtte: Ingvard Solberg, soknerådsleiar i Leveld. Øystein Kilde, soknerådsleiar i Ål Vigdis Moen Storhaug, sokneprest i Ål Frank Vorhaug, sokneprest i Leveld og Torpo Kjellfred Dekko, kyrkjeverje i Ål Forfall på grunn av sjukdom: Anne Thorild Grødum, soknerådsleiar i Torpo Utvalet er samde om å tilrå alternativ 3: Ved soknerådsvalet i 2015 blir det stilt liste i alle sokn til eitt felles sokneråd / fellesråd med fylgjande representasjon: Leveld sokn 2 representantar (3 vararepresentantar) Torpo sokn 2 representantar (3 vararepresentantar) Ål sokn 3 representantar (5 vararepresentantar) I tillegg kjem den geistlege representanten, presten. Kommunens representant tiltrer ved handsaming av fellesrådssaker. Saka blir snarast teke opp i kvart einskild sokneråd, og på kyrkjelydsmøter i Ål.