PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG Høyringsframlegg februar 2013 1
Innhold Innleiing... 3 Føremål med planarbeidet... 3 Rammer og føringar... 3 Nasjonale føringar... 3 Regionale føringar... 3 Kommunale vedtak, planar og føringar... 3 Eksisterande planar:... 4 Fagplanar og andre relevante dokument... 4 Utviklingstrekk og hovudspørsmål... 4 Kva kjenneteiknar tenestene i Aurland kommune?... 5 Tilrådingar i status- og analysedokument... 5 Hovudutfordringar... 5 Tema som skal vektleggast i planarbeidet... 6 Visjon... 6 Steg i helse- og omsorgstrappa... 6 Økonomiske målsettingar... 6 System for kvalitet og styring... 6 Organisering og leiing... 7 Arealbehov for helse- og omsorgstenestene... 7 Kjøp av tenester frå andre... 7 Organisering og medverknad... 7 Politisk organisering... 7 Administrativ organisering... 7 Framdriftsplan... 7 2
Innleiing Aurland kommune har starta opp arbeidet med ein kommunedelplan for helse og omsorg. I kommunal planstrategi 2012 2015, var dette planarbeidet eit av prioriterte planarbeid som skulle startast opp. I 2011 og 2012 vart det jobba med eit samarbeidsprosjekt mellom ÅLA-kommunane. Årdal og Lærdal har vedteke eigne planar på grunnlag av dette arbeidet som vart gjort. Planutkastet som var på høyring sommaren 2012, har fått status som eit status- og analysenotat. Planprogrammet skal vere eit vertøy for å sikre tidleg medverknad og avklaringar av viktige omsyn som må takast i planarbeidet. Planprogrammet skal beskrive føremål med planarbeidet, peika på viktige problemstillingar og utgreiingsbehov og skildre korleis planarbeidet er tenkt gjennomført. Planprogrammet vert no lagt fram for utlegging til offentleg ettersyn i samsvar med 11-12 og 11-13 i plan- og bygningslova. Føremål med planarbeidet Gjennom forarbeidet med status- og analysenotatet, som vart utarbeidd i 2012, har vi fått klargjort dagens situasjon for tenestene i Aurland kommune, kva slags utfordringar kommunen står ovanfor. Det er tilrådd strategiar, mål og tiltak som kommunen kan velje for kommande år. Sjølve planarbeidet som startar no skal munne ut i eit dokument som klargjere kommunen sine prioriteringar innanfor helse- og omsorgsområdet framover, slik at kommunen blir best mogeleg rusta til å møte framtidige utfordringar på dette området. Lover, nasjonale føringar, lokale prioriteringar, kvalitetsindikatorar og økonomiske resultat skal gje rammer for planarbeidet. Gjennom arbeidet med kommuneplanen sin handlingsdel (4 årsplan), økonomiplanen, dei årlege budsjetta og verksemdplanane skal intensjonane i planen realiserast. Rammer og føringar Nasjonale føringar - Prop 90 L (2010-2011) Lov om folkehelsearbeid - Prop 91 L (2010-2011) Lov om kommunale helse- og omsorgstenester - LOV 1999-07-02-63 Lov om pasientrettigheiter, med endringslov - LOV 1999-07-02-64 Lov om helsepersonell, med endringslov - St. meld nr 25 (2005-2006) Mestring, moglegheiter og meining - St. meld nr 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen Regionale føringar -Partnerskap for folkehelse med Sogn og Fjordane fylkeskommune Kommunale vedtak, planar og føringar Kommunedelplanen skal vera ein overordna plan for helse og omsorgssektoren. Eksisterande planar vil vera underordna denne planen og ved rullering skal målsettingane i temaplanane vera i tråd med kommunedelplan for helse og omsorg. Aurland kommune 3
samarbeider med andre kommunar i Indre Sogn om etablering av Sogn lokalmedisinske senter med interkommunal legevakt som det første steget i etableringa. Ø-hjelp senger og eventuelt lokalmedisinske senger vil bli neste steg. Det blir og etablert delprosjektgrupper som skal sjå på fagnettverk og pasientforløp. Det føreligg ein sluttrapport frå forstudien frå 2012 og ein plan for forprosjektet frå februar 2013. Eksisterande planar: - Kommuneplan 2007-2019 - Kommunal planstrategi 2013-2016 - Strategisk handlingsdel, med økonomiplan 2013-2016 - Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2008-2012 (under revisjon) - Smittevernplan, revidert 2009 - Delplan pandemi, revidert 2009 - Plan for habilitering og rehabilitering, revidert 2009 - Plan for helse- og sosialberedskap, revidert 2010 - Handlingsplan for demensomsorga - Plan for sorg- og kriseteam, revidert 2012 - Psykiatriplan 2006-2010 - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2005-2017 Fagplanar og andre relevante dokument -Plan for skulehelsetenesta (under revisjon) -Bustadsosial kartlegging, 2010 Utviklingstrekk og hovudspørsmål I Status- og analysedokumentet for Aurland er det gjort framskrivingar på demografi og gitt ein status for helse- og omsorgstenesta i Aurland. Utviklingstrekka for befolkninga i Aurland vil truleg ikkje vere særleg annleis enn det som blir framheva for landet elles. Færre i arbeidsfør alder Vekst i talet brukarar under 67 år Fleire innbyggjarar over 80 år Dobbelt så mange med demens i løpet av 35 år Fleire yngre ressurskrevjande brukarar Fleire brukarar som vektlegg individuelle verdiar St.meld. nr. 25 (2005-2006) syner til tre utfordringar som handlar om det som det vert mindre av: - Mangel på helse og omsorgspersonell og på friviljuge omsorgsyterar - Manglande samhandling og medisinsk oppfølgjing - Mangel på aktivitet og dekning av psykososiale behov Ei av utfordringane som kommunen står ovanfor i framtida er kvalitet på omsorgstenester. Det er venta at eit stadig større ansvar for helse og omsorg vert lagt på dei enkelte kommunane utan at det vert gjeve tilstrekkeleg økonomiske midlar som tilsvarar auken. 4
Nasjonal strategi for kvalitetsforbetring i sosial- og helsetenesta Og betre skal det bli! (2005-2015) peikar på desse kjenneteikna ved tenester med god kvalitet: Er verknadsfulle Er trygge og sikre Involverer brukarar og gjer dei i stand til å påverke Er samordna og prega av kontinuitet Utnyttar ressursane på ein god måte Er tilgjengelege og rettferdig fordelt Kva kjenneteiknar tenestene i Aurland kommune? (I status og analysenotatet er det gjort samanlikningar med kommunegruppe, kommunar i Sogn og Fjordane og landet elles utan Oslo) God institusjonsdekning i høve til befolkningsgrunnlag Ein høg del av eldre over 80 år bur i omsorgsbustader (55pst) Aurland kommune har ein høg dekningsgrad av heimetenester (fleire per 1000 innbyggjarar som mottek heimetenester enn i grupper vi har samanlikna med) Aurland kommune tildeler i snitt færre timar heimeteneste per brukar Ein kan ut i frå dette stille spørsmål ved om tenestetilbodet er tilstrekkeleg spissa opp mot dei med størst hjelpebehov og om tenesta er for mykje smurt utover? (Utdrag frå side 23 i status- og analysenotatet) Aurland kommune har eit høgt nivå på netto driftsutgifter per innbyggjar til pleie- og omsorgstenester. Aurland nytta i 2011 32,5 pst av det totale driftsbudsjettet på pleie- og omsorg. Gjennomsnittet for kommunegruppa var 25,3 pst. Det blir elles framheva i dokumentet at Aurland kommune har låg lege- og fysioterapidekning ved sjukeheimen. Det blir elles peika på utfordringar i høve til rekruttering og stilt spørsmålsteikn ved om tenestene er rett dimensjonerte. Kvalitet og kvalitetsvurderingar har ikkje hatt fokus i analysen som er gjort. Dette har ikkje vore ein del av mandatet for dei som har jobba med dokumentet. Planen gjev difor ikkje noko grunnlag for å gjere vurderingar av om dei tenestene som blir levert er fagleg forsvarlege og gode nok. Dette må ha større fokus planarbeidet, som no skal gjerast. Elles opplever kommunen ein stor auke i omfanget av tenester til yngre ressurskrevjande brukarar (under 67 år). Brutto utgifter i 2012 er på over 25 millionar. Tilrådingar i status- og analysedokument Hovudutfordringar 1. Få på plass overordna visjon og målsetting for tenesta 2. Etablere og få på plass helse- og omsorgstrapp, slik at ein oppnår god balanse mellom dei ulike nivåa, og i størst mogeleg grad kan gje individuelt tilpassa og koordinerte tenester 5
3. Styrkje det førebyggjande og helsefremjande arbeidet innanfor alle områda i tenesta 4. Fokus på kompetanseutvikling, rekruttering og personalpolitikk Tema som skal vektleggast i planarbeidet Visjon Eit godt liv for alle. Steg i helse- og omsorgstrappa 1. Førebyggjande og helsefremjande arbeid med fokus på sjukdomsførebygging, tidleg diagnostikk, tidleg intervensjon, behandling og rehabilitering og sosialt nettverk 2. Tenester i heimen med auka fokus på kvardagsrehabiltering, mestring og hjelpemiddel/teknologi 3. Heimeteneste i omsorgsbustad eller bufellesskap fokus på samhandling med pårørande og lokalsamfunn og utarbeide nye arbeidsformer 4. Heildøgnsteneste i omsorgsbustad, eller i heimen med fokus på individuell tilpassing, godt koordinerte tenester og rehabilitering 5. Tidsavgrensa opphald i institusjon og LMS-senger med fokus på tilbod innan rehabilitering og til avlastning for demente 6. Langtidsopphald i institusjon fokus på tryggleik og verdigheit Gjennom arbeidet med planen skal innhaldet i omsorgstrappa konkretiserast. Det skal og vere ein del av planarbeidet å tilrå korleis innføring av eventuell ny praksis skal gjennomførast. Tilsette sine representantar må ha høve til å uttale seg i høve til dette punktet. På alle nivå i omsorgstrappa skal brukarmedverknad, kompetanse, rekruttering og innovasjon/nytenking vere eit tema. Økonomiske målsettingar Det er ei målsetting for planarbeidet at kostnader innan pleie- og omsorg redusert med seks millionar årleg. To millionar blir brukt til å utvikle tenester knytt til lokalmedisinsk senter (primært rehabiliteringssenger, ambulante fagteam og lærings- og mestringstilbod). Ein million blir omdisponert til førebyggjande tiltak, helsefremjande arbeid og aktivitet (jf. grunnivå i omsorgstrappa e.g. dagsenter, helsesjekk for eldre, frisklivtilbod eller andre lågterskel tilbod). Inntil ein halv million blir brukt til kompetanseutvikling og drift av kompetansegrupper innan heile helse- og omsorgsområdet. Inntil ein halv million blir brukt til å styrke lege- og/eller fysioterapi i sjukeheim og knytt til rehabiliteringsarbeidet. Det blir forventa ei netto innsparing, som følgje av planarbeidet, innanfor helse- og omsorgstenestene på to millionar. System for kvalitet og styring Det skal utviklast eit heilskapleg system for kvalitet og styring, med kvalitetsindikatorar, innanfor heile tenesteområdet. Kommunane sine IKT-verktøy og nasjonale rapporteringssystem og statistikkverktøy (Kostra og IPLOS) skal vere verktøy kvalitetssystemet. Kvalitetssystemet skal sikre god internkontroll i tenesta. Planarbeidet må også seie noko om implementering av kvalitetssystemet. Ein del av implementeringa av kvalitetssystemet må vere ein prosess som sikrar ei tydleg forventningsavklaring mot befolkninga. 6
Organisering og leiing I planarbeidet skal organisering og leiing vurderast som verktøy for å nå målsettingane i planen. Det skal vere eit særleg fokus på forvaltning, og korleis ein gjennom god organisering får til god ressursutnytting. Arealbehov for helse- og omsorgstenestene Gjennom planarbeidet skal det vere ein gjennomgang av arealbehov og eit vurdering av eksisterande bygg og tilgjengeleg areal med tanke på god utnytting av eksisterande bygningsmasse og tilgjengeleg areal. Planen skal seie noko om prioritering, og tilrå rekkefølgje for implementering. Kjøp av tenester frå andre Aurland kommune kjøper ein del helse- og omsorgstenester frå andre. Rekneskapen for 2012 syner at kjøp av tenester som erstattar tenesteproduksjon har auka frå 34 millionar til 39 millionar frå 2011. Kjøp av tenester som inngår i tenesteproduksjonen har auka frå 17 millionar til 23 millionar i same perioden. Ein del av auken gjeld helse- og omsorgstenester. Gjennom planarbeidet, og for kvart av stega i omsorgstrappa, må kommunen vurdere i kva grad og på kva område kommunen skal kjøpe av tenester frå private. Område der privat tenestekjøp er aktuelle er i heildøgnsomsorg, brukarstyrt personleg assistanse, inn på tunettenester (arbeid og aktivitet) og avlastning. Organisering og medverknad Politisk organisering Kommunestyret er oppdragsgjevar for planarbeidet og skal handsame det endelege plandokumentet. Kommuneplannemnda vert styringsgruppa for prosjektet og leggja fram eit planframlegg for kommunestyret. Utval for omsorg, oppvekst og kultur vert fokusgruppa og skal ha ei klar rolle i faglege tema og i å fastsetta mål for kommunen sin tenesteproduksjon Administrativ organisering Arbeidsgruppa vil omfatte rådmann, assisterande rådmann og pleie og omsorgsleiar. Kommunal driftseining v/ rådgjevar vil sikre at planarbeidet er i tråd med plan- og bygningslova sine reglar og vil bidra inn i denne arbeidsgruppa. Eit utval av rådmannen si leiargruppe er referansegruppe. Kommunelege samt tillitsvalde frå sjukepleiarforbundet og fagforbundet vert innkalla ved behov. I ei slik gruppe bør også ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne, bli involvert, i tillegg til å vera høyringspart. Reell brukarmedverknad, forventingsavklaringar i høve til innbyggjarar og samarbeid med lokalsamfunn krev openheit og engasjement. Dette skal det vere ei målsetting og å få til gjennom planarbeidet. For å involvera breidt kan det vera aktuelt å arrangere temadagar for dei ulike råd og lag. Aurland komme bør utarbeide ein fiviljugheitsmelding parallelt med denne prosessen. Tilsette sin medverknad skal ivaretakast i tråd med lover og avtaleverk i heile planprosessen. Tilsette har delteke i analysearbeidet som ligg til grunn for føringane som blir gitt i dette planprogrammet. Framdriftsplan Oppstart av planarbeid og høyring av planprogram(6 veker) Fastsetting av planprogram Februar mars april April/mai 7
Utarbeiding av framlegg til kdp for helse og April mai juni omsorg Framlegg til kdp på intern høyring og August september arbeidsmøter med referanse gruppe, fokusgruppe Framlegg til kdp til intern høyring September oktober fokusgruppe og styringsgruppa Kdp offentleg ettersyn og høyring(6 veker) Oktober november Vedtak av kdp for helse og omsorg Desember 2013 8