Årsmelding Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Like dokumenter
MØTEBOK. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtedato Kl. 10:

Årsmelding Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

MØTEBOK. Monica Åsnes og Øystein Hunvik var med i starten av møte og orienterte om TT-ordninga og serviceskyss.

Møtebok Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne MØTE B OK. Organ Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne

MØTEINNKALLING SAKLISTE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Godkjenning av møteprotokoll frå møte 23. november 2016

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

MØTEBOK. Generell informasjon Barn- og unge barnehagar/skular inkludering Inn mot kommunane Rørslehemma og synshemma

Årsmelding Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESRÅDET FOR ELDRE I SOGN OG FJORDANE

Årsmelding Fylkesrådet for funksjonshemma i Sogn og Fjordane.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

MØTEBOK. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Årsmelding Fylkesrådet for funksjonshemma.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 16/16 16/8498 Møtedatoar fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset Leikanger. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

Årsmelding 2016 Fylkesrådet for eldre

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Asbjørn Ness

MØTEBOK. Produksjonen består av: deler til skipsindustrien, tre og listverk, krus, vaskeri, grøntarbeid, vegstikker, tekstil og ved.

Årsmelding 2013 Frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Vestnes Kommune. Rådet for Funksjonshemma. Årsmelding 2018

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3. et, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:30

MØTEBOK. Fylkesrådet for funksjonshemma. Indre Sogn Asvo / Klingenberg hotell Årdalstangen. Møtedato Kl

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3. etg, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:30-12:15

MØTEBOK. Fylkesrådet for funksjonshemma. Møtedato Kl

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Sunnhordland, 4. etasje, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:00-14:00

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

Dato: 12. september 2013 Kl.: Stad: Fylkeshuset, møterom 4 etg.nordhordland Saknr.: 16/13-19/13

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - høyring

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Vågsøy kommune Rådmann

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Namn Funksjon Representerer Solbjørg Helen Krossli Marjala Medlem FL R/SV/SP/KRF Kirsten Syljeset Medlem H

Oppfølgingsliste 6/2015

Rådet for funksjonshemma

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Vestnes Kommune. Rådet for Funksjonshemma. Årsmelding 2017.

MØTEBOK. Møtebok Kontrollutvalet Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Hermansverk, møterom Skåla. Møtedato Kl.

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Leikanger, møterom Skåla. Møtedato Kl. 10:00 15:45

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Odd Himle Medlem Seniorsaken

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer. Brynhild Lund Notøy. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Møtedato Kl

Fylkesting for ungdom Fråsegner

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

A rsmelding Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne Sogn og Fjordane. Gjennomgåande tema for året har vore «arbeid for al le»

MØTE PROTOKOLL. Forfall til møtet: Alfred Bjørlo (V) (ikkje meldt forfall) Senea Sabanovic (Ap) Trude Brosvik (KrF)

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

Foto: Carl-Erik Eriksson

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Oppfølgingsliste 3/2017

Studenttinget 2015/2016

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Torvald Bakken, Sigrid Hamre Nyseth, Gunhild Brun, Ivar Kvalen. SAKLISTE

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Rolla til kontrollutvala i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ved samanslåing - Arbeidsmøte 3

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

ÅRSMELDING 2015 BRUKARUTVALET I HELSE BERGEN

Oppfølgingsliste 7/2015

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEPROTOKOLL. Rådet hadde fellesmøte med Eldrerådet i sak nr. 2/13. Torunn Løne vinje orienterte. SAKLISTE

Dato: 21. februar 2013 Kl.: Stad: Bergen Wigandgården Agnes Mowinkelsgt. 6 Saknr.: 6/13-7/13

MØTEBOK. Fylkeseldrerådet i Hordaland

BOKN KOMMUNE FOR 2010 KONTROLLUTVALET BOKN KOMMUNE

Odda kommune sin uttale til Intensjonsavtale for etablering av Vestlandsregionen

Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Frøydis Austigard Per Vidar Klee Kjølmoen V Margareth Hoff Berg Cine Finstad Austnes UAVH

Transkript:

Årsmelding 2016 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne www.sfj.no

Innhold Rolle og funksjon i valperioden 2015 2019... 2 Arbeidsplan 2016 2019... 2 Aktivitetsåret 2016... 3 Deltaking i andre råd, utval, kurs og konferansar... 4 Vedlegg uttalar frå fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne... 5 Utgreiing om framtidsretta tannhelseteneste... 5 Økonomiplan 2017 2020... 5 Høyringsnotat frå kommunal- og moderniseringsdepartementet... 6 Fylkesatlas og kartlegging av tilgjengelegheit for friluftsområder i kommunane... 6 Kostnadsreduksjonar samferdsle 2017 2019... 6 Strategisk plan for kysten 2017 20125... 6 Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland... 6 «Plan for samordning av tenester til barn og unge» i Gloppen kommune... 7 Universell utforming «ein strategi for planlegging og utforming av produkt og omgjevnader for å oppnå eit inkluderande samfunn med full likestilling og deltaking for alle» (Miljøverndepartementet). «utforme produkter og omgivelser på en slik måte at de kan brukes av alle mennesker, i så stor utstrekning som mulig, uten behov for tilpassing og en spesiell utforming» (Regjeringen). 1

Rolle og funksjon i valperioden 2015 2019 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen. Rådet skal handsame saker som gjeld menneske med nedsett funksjonsevne, med tanke på å gjere kvardagen enklare for dei. I møte i fylkesutvalet 4. november 2015 i sak 109/15: Val av medlemer til nemnder o.a. vart fylgjande valt for perioden 2015 2019: Medlem: Erlend Haugen Herstad (Sp) Varamedlem: Gunn Karin Sande (Sp) Medlem: Odd Atle Stegegjerde t (Ap) Varamedlem: Beate Bondevik Lie (KrF) Medlem: Wenche Røkenes (FFO) Varamedlem: Anita Æsøy (FFO) Medlem: Magnus Strand (FFO) Varamedlem: Geir Liavåg Strand (FFO) Medlem: Bente Underthun (SAFO) Varamedlem: Eldbjørg Lie (SAFO) Fylkesutvalet valde i møte 4. november 2015 fylgjande som leiar og nestleiar: Erlend Haugen Herstad - leiar Odd Atle Stegegjerdet - nestleiar Fylkeskommunale og kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne er lovpålagt gjennom Lov av 17.06.05 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne. Meir detaljar om lova finn du her: https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2005-06-17-58 Arbeidsplan 2016 2019 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne vedtok fylgjande arbeidsplan i møte 16. mars 2016: Arbeidsplan for fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne i perioden 2016-2019: Mål: Innbyggarane i Sogn og Fjordane veit kven vi er, kva saker vi har jobba med, og kva som kan brukast vidare i neste periode Fylkespolitikarane skal vite kva fylkesrådet er og kva vi jobbar med - fylkestinget/fylkeskommunale organa oppsøker aktivt fylkesrådet Rådet ynskjer å engasjere seg i offentleg tenesteyting, opplæring og universell utforming Tiltak: Informasjonsbrosjyre (digital) - om fylkesrådet og samleinformasjon, dagsaktuelle ting Konferanse - kommunane - konferanse for heile fylket eller regionvis? Aktive i media - fronte saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne Synleg i fylkesting og fylkesutval Oppsøke og informere alle partigruppene Invitere leiarane for hovudutvala (inkl. fylkesdirektørane) til dialog med fylkesrådet. Kva ser for eksempel hovudutvala for seg av kva som er utfordringar og kva fylkesrådet kan engasjere seg i Representantane i fylkesrådet som representerer SAFO og FFO ha dialog med brukarorganisasjonane, for å få innspel på viktige saker som fylkesrådet bør jobbe med Samarbeid med dei kommunale råda - få innspel og drive oppfølging Arbeidsplanen vert justert i fyrste møte i 2017. 2

Aktivitetsåret 2016 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne gjennomførte 5 rådsmøter og handsama 14 saker i 2016. I desse rådsmøta vart det i tillegg drøfta relevante problemstillingar og handsama til saman 24 skriv og meldingar. 4. februar: var assisterande fylkesrådmann Paal Fosdal til stades på det fyrste møte for fylkesrådet, og informerte om fylkeskommunen. Resten av møte vart nytta til å diskutere arbeidsplan for fylkesrådet i den inneverande perioden, og aktuelle saker til den 16. mars. 16. mars: fekk fylkesrådet orientering om nasjonal kartlegging av universell utforming og tilgjengelegheit, frå Jo Tore Kristoffersen v/planstaben i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkeskommunen har kartlagt tilgjenge til 24 badeplassar og 20 skianlegg i fylket. Anlegg for fysisk aktivitet bør vere tilgjengeleg for alle. Fylkesrådet vedtok arbeidsplan for perioden 2016 2019 i dette møte. I tillegg vedtok fylkesrådet uttalar til fyljande saker (sjå vedlegg): Utgreiing om framtidsretta tannhelseteneste Økonomiplan 2017 2020 Høyringsnotat frå kommunal og moderniseringsdepartementet 6. juni: var fylkesrådet samla i Florø der dei fekk orientering om universell utforming frå Heidi Sårheim (Blindeforbundet) og Eivind Nybakk (ergoterapeut i Flora kommune). Dei som hadde delteke på SOR-konferansen i Bergen orienterte om nyttig informasjon dei hadde fått på konferansen. Fylkesrådet vedtok å sende svar til samferdsleavdelinga om at dei var opne for og hadde ynskje om å verte involvert i prosessen med planprogrammet for regional transportplan. Regjeringa sin visjon er at Norge skal vere universelt utforma innan 2025 Eivind Nybakk frå Flora kommune informerer om universell utforming til fylkesrådet. 3

I møte vart det formulert eit vedtak til kommunane i fylket, om fylkesatlas og kartlegging av tilgjengelegheit for friluftsområder i kommunane. Sjå vedlegg. 15. september: var fylkesrådet samla på Stryn vidaregåande skule, der dei fekk omvising og informasjon om velferdsteknologi av Liv Elisabeth Rygg og Hege Bjørlo Sandbakk. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Stryn (helse og oppvekst) og Eid (dataelektronikar) vidaregåande skule, og Energikompetansesenteret på Eid, med opplæring knytt til velferdsteknologi. I etterkant av omvisinga og informasjonen var det erfaringsutveksling mellom fylkesrådet og det kommunale rådet i Stryn. Fylkesrådet får omvising i og informasjon om opplæringsleilegheita for omsorgsteknologi Ulike hjelpemiddel i opplæringsleilegheita. Fylkesrådet vedtok i dette møte å vere med å arrangere landskonferanse for fylkesråda saman med fylka Hordaland og Rogaland. Landskonferansen vert i Stavanger 31.10.17 01.11.17. Fylkesrådet vedtok uttale til fyljande saker i dette møte (sjå vedlegg): Kostnadsreduksjonar samferdsle 2017 2019 Strategisk plan for kysten 2017 2025 23. november: fekk fylkesrådet orientering om serviceskyssen og TT-ordninga frå Monica Åsnes og Øystein Hunvik ved samferdsleavdelinga. Fylkesrådet vedtok uttale til intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i dette møte. Sjå vedlegg. I slutten av 2016 sende fylkesrådet ein uttale til Gloppen kommune om «plan for samordning av tenester til barn og unge» i Gloppen kommune. Sjå vedlegg. Deltaking i andre råd, utval, kurs og konferansar Kurset «Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne» 12. februar på Skei, der Fagakademiet stod som arrangør for kurset. Dette var eit kurs form medlemmane i dei kommunale råda i fylket, og for fylkesrådet. Kursdeltakarane fekk undervisning i forankring av arbeidet med råda, gjennomgang av råda sitt praktiske arbeid og område med konsekvensar for arbeidet i råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Alle medlemmane i fylkesrådet deltok på kurset. 2. 3. mai. SOR-konferansen Bergen, der Odd Atle, Bente og Wenche deltok. Tema for konferansen var «Nye tider! Effektivitet, kvalitet og gode løysingar når økonomiske rammevilkår endrast». 4

Vedlegg uttalar frå fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne Utgreiing om framtidsretta tannhelseteneste Ikkje legg ned tannklinikkar Sogn og Fjordane har 28 offentlege tannklinikkar. Tannhelsetenesta held høg kvalitet og har god nærleik til innbyggjarane. Direktør for tannhelsetenesta, tek til orde for å legge ned 13 tannklinikkar innan 2020. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne meiner dette er eit steg i feil retning. Tannhelse er ein viktig del av folkehelsa, og tannklinikkane bør liggja nær brukarane. Vi ynskjer ikkje at born med føresette, menneske med nedsett funksjons evne og eldre skal måtte reise langt for å kome til tannlege. Dette vil føre til meir fråvære frå skule og arbeid, og det vil vere ekstra tyngande for dei med nedsett funksjonsevne med lengre reiseavstand enn det er pr. no. Endring i struktur vil òg kunne gje auka reisekostnader. Godt tilrettelagte tenester vil vere attraktivt for busetjing i by og bygd. Fylkesrådet veit av erfaring at menneske med nedsett funksjonsevne har større behov for å bruke tannhelsetenesta, enn det som er gjennomsnittleg. Sogn og Fjordane har tradisjon for å tilby nære og gode tenester til innbyggjarane. Fylkesrådet vil at dette skal halda fram også i framtida. Fylket er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og må gjere store innsparingar i åra som kjem. Å kutte i tannhelsetenesta er eit lite framtidsretta grep. Dessutan er det på tale å overlata ansvaret for tannhelsetenesta til kommunane. Vi meiner det er feil å gjere store strukturelle grep før dette er nærare avklåra. Tannhelsestrukturen bør ikkje rokkast med før ein ser kva kommunestrukturen blir i framtida. Skyssutgifter eigenandel er foreslått å aukast frå 100,- kr til 1000,- kr. Dette er noko fylkesrådet kan støtte dersom ein ikkje legg om tannhelsestrukturen. Fylkesrådet vil: Oppretthalde ein desentralisert struktur i den offentlege tannhelsetenesta. Vente med å gjere strukturelle endringar i tannhelsetenesta til det er avklåra om tannhelsa for framtida skal vere kommunal eller fylkeskommunal. Økonomiplan 2017 2020 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne kjem med fylgjande uttale (vedteke i møte 16. mars 2016) til budsjett/økonomiplan 2017 2020: Vidaregåande opplæring fylkeskommunen bør unngå segregerte tilbod i vidaregåande opplæring, slik at alle vert inkludert. Det bør vidare ivaretakast og leggjast til rette for alle i vidaregåande opplæring, slik at det vert ei inkluderande og likeverdig opplæring for alle. Retten til opplæringsperiode må vere likt praktisert hos alle dei vidaregåande skulane. Folkehelsearbeidet det skal vere eit tilbod for alle. Ungdom, barn og opplæring bør prioriterast, slik at kostnadskutta ikkje rammer desse gruppene. 5

Tannhelse er det laga eigen uttale til utgreiing om framtidsretta tannhelseteneste som er sendt Tannhelsetenesta (møteprotokoll 16. mars 2016). Høyringsnotat frå kommunal- og moderniseringsdepartementet Fylkesrådet støttar lovforslaget frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Fylkesatlas og kartlegging av tilgjengelegheit for friluftsområder i kommunane Fylgjande informasjon sendast til ordførarar og rådmenn i kommunane i Sogn og Fjordane, med kopi til dei kommunale råda: Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne oppmodar alle kommunar i Sogn og Fjordane i samband med kartlegging av universell utforming, og legge inn denne informasjonen i Fylkesatlas. Dette er for å sikre ein samordna informasjon for kor det finnast universelt utforma friluftsområde for innbyggarane i fylket. Fylkesrådet har ynskje om dialog mellom fylkeskommunen og kommunane når dei kartlegg universelt utforma friluftsområde. Kostnadsreduksjonar samferdsle 2017 2019 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne meiner at det er viktig med gode transportvilkår. Difor er det viktig at vi ikkje mister det siste kollektivtilbodet som er, sidan det allereie er få transportmoglegheiter i fylket. Serviceskyssen må vere ein erstattar for lokale ruter som vert lagt ned. Det er særleg viktig at vedlikehaldet på gang- og sykkelvegar må vere godt nok når det gjeld brøyting og strøing, sidan dette er viktig for alle, og det er eit godt folkehelsetiltak. Busstoppa må så langt som råd vere på stader der ein kan ivareta universell utforming. Strategisk plan for kysten 2017 2025 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne, dei kommunale råda og brukarorganisasjonane må involverast slik at menneske med nedsett funksjonsevne vert ivaretekne. Det er viktig med brukarmedverknad gjennomgåande i heile prosessen. Vi er oppteken av at planen i alle fasar tek i vare universell utforming. Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne har fylgjande uttale til intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland: Ein ny region beståande av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vil få 1,1 millionar innbyggjarar, der Sogn og Fjordane vil ha 10 % av innbyggjartalet. Den demokratiske representasjonen vert svekka ved at tal fylkestingsmedlemar i det nye fylket vert redusert til 71 representantar. Det nye fylket vil og vere ein valkrins, noko som mest truleg gir Sogn og Fjordane redusert representasjon på Stortinget. 6

Intensjonsplanen mellom fylka føreset at det skal komme nye og større oppgåver til den nye regionen. Regjeringa har hatt tid til å avklare om slike oppgåver vil komme, men den avklaringa har vorte utelaten, og gjev difor ikkje grunn til at vi treng ein region framfor fylke slik det er i dag. Avstanden i regionen vil bli svært stor, dette kan gjere det utfordrande for den nye regionen å gje alle innbyggarane nærleik til tenestene. Ikkje minst vil det gjelde for kommunane og regional forvaltning. Det vil bli større avstandar mellom dei som styrer og lokalbefolkninga, noko som er uheldig for eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Ved ei samanslåing kan arbeidsplassar over tid gå tapt i Sogn og Fjordane. Dette er dramatisk, då det er høgkompetanse arbeidsplassar fylket treng. Desse kan bli flytta til dei mest folkerike områda, som Sogn og Fjordane kan tape på. Lenger reiseveg til jobb, vil gjere det meir belastande for menneske med nedsett funksjonsevne å ta seg til og frå arbeid. Fylkesrådet meiner det bør haldast ei folkeavrøysting. Folkeavrøystinga kan vere todelt, der innbyggarane i fylket i den fyste delen vert beden om å ta stilling til ja eller nei til region. I den andre delen vert dei beden om å svare på kva regionstruktur dei ynskjer, dersom Stortinget bestemmer at det skal bli ca. 10 regionar. Fylkesrådet er sterkt kritiske til at vi ikkje har vorte involverte i utforminga av intensjonsplanen, og ser ikkje høyringa som ein reell moglegheit til å påverke intensjonsplanen mellom fylka. Vi beklagar sterkt at vi ikkje er blitt involvert på eit tidligare tidspunkt i arbeidet med intensjonsplanen mellom fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Uavhengig av korleis fylkesstrukturen vert i framtida føreset rådet for menneske med nedsettfunksjonsevne at : Brukarmedverknaden innanfor den regionale tenesteytinga blir minst like representativ som den er i dag Det vert effektiv og enkel samhandling mellom tenesteetatane i den nye regionen, slik at tenestemottakarane får ein enklare kvardag Det i større grad enn i dag vert tilrettelagt for universell utforming Kompetansemiljøa i regionen/fylket må komme alle innbyggarane til gode Innbyggarane vil ha nærleik til tenestene, i form av ein desentralisert struktur Prinsipp om brukarmedverknad, som er lovheimla, blir følgt i det vidare arbeidet med intensjonsplanen, om den skulle bli vedteken «Plan for samordning av tenester til barn og unge» i Gloppen kommune Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne har vorte kontakta av Norsk Forbund for Utviklingshemmede om at det vert vurdert å opprette ein spesialskule i ein av barneskulane i Gloppen (s. 8 i planen). Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne har fylgjande uttale til planen: Fylkesrådet ser at det er lagt ned mykje og godt arbeid i planen, og at det meste vil styrke og forbetre tilværet for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Vi meiner at å samle alle i eit skuletilbod, vil seie å skjerme dei frå resten av samfunnet. Vi er av den formeining at det er betre at Gloppen kommune må prøve å få til alt dei har planlagt, men at hjelparane som er lokalisert på Solsikka heller må fylgje den enkelte elev ut til sin skule og bidra til kunnskap der; både hos dei tilsette og elevane. Elevane skal vere ein del av samfunnet, og både dei og lokalsamfunnet må kjenne kvarandre og finne ei samarbeidsform som gjev likeverd. 7

Alle skulebarn har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet dei soknar til. Retten til å gå på nærskule saman med nabobarn er viktig for tilhøyring og inkludering i eige lokalmiljø. Skulane skal også vere tilgjengeleg for alle barn. Jf. opplæringslova 8-1. Brukarane representerer viktig kunnskap når kommunar skal utvikle tilbod og tenester, og vi stiller oss undrande til at det ikkje er brukarar som har vorte involvert i utarbeidinga av planen. Barn si stemme skal bli høyrt, og utsette familiar skal ha innflytelse på tenester dei tek i mot; både på individnivå og systemnivå. For medelevar vil det verte eit tap, ved at dei ikkje får erfare å vere saman med andre elevar som har behov for meir hjelp og tilrettelegging. Dette er noko som kan påverke haldningar, verdisyn og evne til omsorg. 8

Fylkesrådmannen Fylkeshuset Askedalen 2, 6863 Leikanger Telefon: 57 63 80 00 E-post: post@sfj.no www.sfj.no Foto: Matias Helgheim