Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep 0030 OSLO Oslo, 20. juni 2010

Like dokumenter
Forskrift om tilskudd til frivillige miljøorganisasjoner og allmennyttige miljøstiftelser

Høyringssvar frå LNU NOU 2011:14 Bedre integrering

Forslag til nytt regelverk for tilskudd til frivillige miljøorganisasjoner og allmennyttige miljøstiftelser - Høring

Frifondstotte til SOS Rasisme

Høyringssvar Evaluering av valet 2009 Forslag til endringar i vallova

Forslag til forskrift om tilskudd til frivillige miljøorganisasjoner og allmennyttige miljøstiftelser. Høringsmerknader fra ZERO.

Høring om endring i forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner

Høringssvar til Kompensasjon for merverdiavgiftskostnader til frivillige organisasjoner

Nedanfor følgjer våre kommentarar til utgreiinga og forventingar til oppfølging frå myndigheitene.

900`. ox -,o. ,3 l. OKT2006. Kultur- og kirkedepartementet Pb Dep 0030 OSLO. Høringssvar på NOU 2006:15 Frivillighetsregister

På grunnlag av dette har sekretariatet no laga eit samla forslag til høyringssvar frå Unge funksjonshemmede.

RETNINGSLINJER FOR FRIFOND ORGANISASJON NORSK MUSIKKRÅD. Innledende bestemmelse:

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høringsinnspill om forskrift om tilskudd til frivillige miljøorganisasjoner og allmennyttige miljøstiftelser,

Retningslinjer for FN-akkreditering gjennom LNU

Arbeids- og sosialdepartementet HØRINGSNOTAT

Reviderte retningslinjer for tilskudd til barne- og ungdomsaktiviteter

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Retningslinjer for tilskuddsordninger forvaltet av Norsk musikkråd i 2018

Deres ref Vår ref Dato

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Høringssvar Nytt tilskuddsregelverk for funksjonshemmedes organisasjoner

Nye retningslinjer for barne- og ungdomsaktiviteter - høring

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

3. Også kommunene har stor innflytelse på frivillighetens rammevilkår. Jeg er derfor veldig glad for at også KS er til stede på dette seminaret.

Tilskotsordning for opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak for 2018

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

-fl- P4AR HAIVIAR

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Støtteordningar og søknader

Høringssvar NOU 2009:22, Det du gjør, gjør det helt

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Årsmelding 2014 for kontrollutvalet

Høringsnotat til ny tilskuddsordning for idrettsarrangementer for personer med nedsatt funksjonsevne

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

RETNINGSLINJER FOR FRIFOND ORGANISASJON 2017

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Tilskotsordning for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar for 2018

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Etne kommune vil kommentere følgjande endringsforslag i høyringa:

Tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Årsmelding og regnskap 2011

HØYRINGSSVAR FORSLAG TIL NY FOLKEHELSELOV dykkar ref /RAGS

Dykkar ref Vår ref Dato

Frå og med 2018 kan det berre søkjast om tilskott til prosjektretta tiltak, og ikkje til organisasjonar si ordinære drift.

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

TILSKUDD TIL DRIFT AV LANDSDEKKENDE ORGANISASJONER PÅ INNVANDRERFELTET

Høring av forslag til forskrift som endrer forskriften om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner av 29.

MOMSKOMPENSASJON OGSÅ FOR FRIVILLIG SEKTOR

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

Kulturdepartementet Kulturutgreiinga 2014 Postboks 8030 Dep 0030 OSLO. Innspel frå LNU til Kulturutgreiinga 2014 (Enger-utvalet)

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

. Ø-.._! `..._..,...,...

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Vedlegg: doc; doc

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

HØRING - NOU 2005: 8 LIKEVERD OG TILGJENGELIGHET. Vedlagt følgjer høyringsuttale frå Flora kommune vedteken i Flora bystyre

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Nye kommunar i Møre og Romsdal

F o r d e l i n g s u t v a l g e t

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Til Kunnskapsdepartementet

Dykkar ref Vår ref Dato

St.prp. nr. 15 ( )

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Høring på endringsforslag til LNUs vedtekter

RETNINGSLINJER FOR FRIFOND ORGANISASJON NORSK MUSIKKRÅD

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann Elida Solheim Medlem FRP

Retningsliner. Kap. 310 post 75. Tilskot til privateigde kyrkjebygg. Kulturdepartementet 4. april Retningsliner for forvalting av tilskot

Kviteseid kommune Kontrollutvalet

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Sandøy og Aukra

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Rundskriv Q-17/14 Retningslinjer for tilskudd til frivillige organisasjoner på familie- og likestillingsområdet i 2014

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting

VÅGSØY KOMMUNE Sentraladministrasjonen

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Transkript:

Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep 0030 OSLO Oslo, 20. juni 2010 Vår ref.: 423.72/LRK Dykkar ref.: 201100813 HØYRINGSSVAR FRÅ LNU: OM NYTT REGELVERK FOR TILSKOT TIL FRIVILLIGE MILJØORGANISASJONAR Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) viser til høyringsbrev frå Miljøverndepartementet av 28. mars d.å., lagt ut på nettsidene til departementet. Høyringa gjeld nytt regelverk for tilskot til miljøorganisasjonar. LNU er ikkje på lista over høyringsinstansar, men tillèt seg likevel å sende inn våre innspel til arbeidet med det nye regelverket. LNU representerer 99 frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, med til saman over 500 000 medlemer. LNU er ein interesseorganisasjon for medlemsorganisasjonane, og fremjar deira felles interesser for styresmaktene. Vi arbeider mellom anna for betre rammevilkår for barneog ungdomsorganisasjonane, og for enkel og ubyråkratisk samhandling mellom styresmaktene og frivilligheita. LNU forvaltar sju støtteordningar på til saman ca 130 millionar kroner, på vegner av tre ulike departement. LNU vil i dette høyringssvaret kommentere forslaget til nytt regelverk generelt, forslaget til ny formålsparagraf, forslaget til nye fordelingskriterium på eit prinsipielt plan, og visse av enkeltparagrafane i forslaget. Om forslaget til nytt regelverk generelt LNU er positiv til samordning av regelverk for ulike støtteordningar, dersom dersom dette også inneber forenkling av samhandlinga mellom brukarane og forvaltande styresmakt. I dette tilfellet er LNU likevel uroleg for konsekvensane av å samordne støtta til demokratiske, medlemsbaserte organisasjonar på den eine sida og støtta til allmennyttige stiftingar på den andre. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) The Norwegian Children and Youth Council El Consejo de la Juventud de Noruega Øvre Slottsgate 2 B, NO-0157 Oslo Telefon +47 23 31 06 00 Telefaks +47 23 31 06 01 lnu@lnu.no www.lnu.no Org.nr.: NO 971 435 739 Bankkonto: 8398 05 05475 SWIFT: HANDNOKK IBAN: NO24 8398 0505 475

Om forslaget til ny formålsparagraf LNU viser til 1, formålsparagrafen, i gjeldande Regler for forvaltning av tilskudd til drift av frivillige miljøvernorganisasjoner (kap. 1401, post 70) (fastsett av statsråd Fjellanger 27. november 1998). Her heiter det at målet med tilskotsordninga er å bidra til å opprettholde en bredde av demokratisk oppbygde, landsomfattende organisasjoner med miljøvern som hovedarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrke medvirkningen i miljøvernspørsmål lokalt og sentralt, basert på faglig innsikt. Vidare er målgruppa landsomfattende medlemsorganisasjoner med demokratisk valgte styringsorganer. I forslaget til ny forskrift heiter det at formålet er å legge til rette for et bredt folkelig engasjement for miljøsaker. Tilskuddsordningen skal stimulere miljøaktivitet og lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskuddsordningen gjelder for frivillige miljøorganisasjoner og allmennyttige miljøstiftelser. LNU meiner legitimiteten til ordninga blir svekka dersom ein fjernar formålet om å sikre ei breidde av demokratiske, landsomfemnande miljøorganisasjonar. Det gjeld sjølv om fordelingskriteria skulle gje visse fordelar til dei medlemsbaserte søkjarane. LNU viser i denne samanhengen til St.m. 39 (2006/2007), den såkalla Frivilligheitsmeldinga, der det heiter (s. 52): Organisasjoner som ikke er demokratisk oppbygd og medlemsbaserte vil ofte heller ikke generere frivillig arbeid av særlig omfang. Den enkeltes bidrag til organisasjonen vil som regel være i form av et økonomisk bidrag eller et støttemedlemskap. Organisasjonene kan derfor vise til støtte, oppslutning og et visst engasjement fra enkeltmedlemmer og grupper. Men slike støttemedlemskap gir verken formell eller reell innflytelse over organisasjonenes prioriteringer, slik et ordinært medlemskap i en demokratisk, medlemsbasert forening vil innebære. LNU meiner på denne bakgrunn at det vil vere eit uheldig signal å for det første sidestille verksemda til stiftingar med medlemsbasert, demokratisk aktivitet og den meirverdi dette skapar, og for det andre langt på veg sidestille medlemer med gjevarar av pengegåver. Eit breidt folkeleg engasjement for miljøsaker kan vanskeleg sikrast utan frivillig engasjement og demokratisk medverknad. Vidare har medlemsbaserte organisasjonar generelt, og barne- og ungdomsorganisasjonar spesielt, gjerne færre personal- og økonomiske ressursar enn stiftingar og andre aktørar. Fleire av aktørane som i dag får støtte over post 73, og som er føreslege flytta inn i same ordning som dei medlemsbaserte organisasjonane, er svært ressurssterke på desse felta. Post 73-aktørane driv eit positivt og viktig arbeid, men LNU meiner det er urimeleg at ikkje-medlemsbaserte aktørar utan krav til demokrati eller breiddeaktivitet skal få tilgang til ordningar som før har vore opne for den demokratiske delen av frivilligheita åleine. Ei slik

sidestilling vil etter LNUs syn vere ei endring av sentrale prinsipp i dagens frivilligheitspolitikk. LNU er uroleg for at formålsparagrafen slik han er føreslege vil skape presedens, og på sikt medverke til at stiftingar, sosiale entreprenørar og aktørar i grenselandet mot kommersiell verksemd får del i støtteordningar som i dag er reserverte for demokratiske, medlemsbaserte organisasjonar. Det vil svekkje sistnemnde som organisasjonsform og redusere meirverdiane frivillig sektor skapar i dag. Vidare vil eit fordelingskriterium som talet på gjevarar ha prinsipielle likskapar med såkalla gåveforsterking, som i sin tur vil vere eit nytt prinsipp i samband med grunnstøtte til medlemsbaserte organisasjonar. Eit slikt prinsipp vil i denne samanheng gje fordelar til dei organisasjonar som frå før har ressursar til kostnadskrevjande rekruttering av gjevarar. Ein definisjon av gåver som pengebeløp over 500 kroner, lik definisjonen i frådragsordninga i likningslova, vil også favorisere vaksenorganisasjonar framfor barne- og ungdomsorganisasjonar. LNU meiner at endringar av så prinsipiell art som skissert ovanfor bør ut på ei langt breiare høyring enn forskrifta for tilskot til miljøvernorganisasjonar åleine. LNU vil oppmode til å basere ny formålsparagraf på måla i den gamle, og såleis ikkje gje tilskot til allmennyttige stiftingar eller andre aktørar frå same pott eller etter same forskrift. Subsidiært vil LNU oppmode til at prinsippa i forslaget til ny formålsparagraf blir sende ut på ei breiare høyring. Om forslaget til fordelingskriterium (ny 7) Forslaget til ny forskrift legg opp til eit omfattande poengsystem for å fordele det samla tilskotet mellom søkjarane. LNU viser til at ein av dei fremste utfordringane for frivillig sektor er at ulike statlege tilskotsforvaltarar ofte har liknande, men likevel noko forskjellige fordelingskriterium. Tilsvarande har dei ofte liknande, men likevel noko forskjellige krav til dokumentasjon. For barne- og ungdomsorganisasjonane og andre med få personalressursar medfører dette at støtteordningane blir mindre tilgjengelege. Forskrifta for momskompensasjon for frivillige organisasjonar vart revidert denne våren. Etter forslag frå mellom andre LNU fjerna ein visse krav til særattestasjonar frå revisor som hadde verka særleg fordyrande og byråkratiserande for små og mellomstore organisasjonar. I det nærverande forslaget til ny forskrift heiter det mellom anna i 12 at søkjarane må framskaffe revisorerklæring på utfylt skjema utarbeidet av Miljøverndepartementet, i tillegg til revidert rekneskap.

LNU meiner at det er uheldig dersom nye fordelingskriterium medfører krav om ytterlegare dokumentasjon og såleis aukar kostnadene og skapar meirbyråkrati for brukarane. LNU vil oppmode til at ein samordnar dokumentasjonskrava med andre statlege støtteordningar, slik at det ikkje er behov for særattestasjonar frå revisor utover ordinær revisjon av rekneskapen. LNU viser vidare til at Familie- og kulturkomiten i ein fleirtalsmerknad til statsbudsjettet 2011 (kapittel 315 Frivillighetsformål) uttalte at ein hadde merket seg regjeringens mål om å forenkle og avbyråkratisere samhandlingen mellom det offentlige og frivillig sektor. [ ] Flertallet ber om at regjeringen i forbindelse med neste års budsjettproposisjon redegjør for arbeidet med forenkling på områder som berører samhandling med frivillig sektor. Mellom anna på denne bakgrunn har Kulturdepartementet, som kulturministeren varsla Stortinget om i desember 2010 1, sett i gang eit prosjekt for forenkling av samhandlinga mellom staten og barne- og ungdomsorganisasjonane. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med LNU, og har som mål å kome fram til konkrete forslag som vil forenkle statlege tilskotsordningar og regelverk knytt til desse som barne- og ungdomsorganisasjonane nyttar. LNU vil oppmode Miljøverndepartementet til å sjå arbeidet med nye retningslinjer i lys av regjeringas mål om forenkling og avbyråkratisering, og i lys av det arbeid Kulturdepartementet har sett i gang på bakgrunn av sitt koordineringsansvar for frivilligheitpolitikken. Om forslaget til ny 4 LNU viser til forslaget til ny 4: 4 Nye søkere En organisasjon eller stiftelse som søker tilskudd for første gang, skal kunne beskrive virksomheten i årsmeldinger for de siste fire år før søknadsåret. I takt med nye og veksande miljøutfordringar, nye kommunikasjonar og raskare samfunnsendringar vil også organisasjonslandskapet på miljøfeltet endre seg i framtida. Samstundes har barne- og ungdomsorganisasjonane, med ei aldersbasert målgruppe og hyppigare utskifting av tillitsvalde, ofte kortare perspektiv og mindre grad av kontinuitet enn vaksenorganisasjonar og økonomisk ressurssterke stiftingar. 1 Kulturministeren varsla Stortinget om dette i Dok 15:545 (2010-2011), svar på skriftleg spørsmål frå Olemic Thommessen (H) av 15.12. 2010. Sjå <http://stortinget.no/no/saker-og-publikasjoner/sporsmal/skriftligesporsmal-og-svar/skriftlig-sporsmal/?qid=48762>

LNU meiner ein med forslaget til ny 4 set terskelen unødvendig høgt for nyetablerte organisasjonar. Med krav om verksemd i minst fire år før ein søkjer om støtte, og ingen reglar for etableringsstøtte, vil det vere vanskeleg å etablere nye barne- og ungdomsorganisasjonar på feltet. LNU føreslår at ein gjev mulegheit til å søkje om etableringsstøtte, subsidiært at krava til dokumentasjon av verksemda over eit visst tal år blir sett lågare for barne- og ungdomsorganisasjonar. Om forslaga til ny 6 og ny 8 LNU viser til forslaga til ny 6 og ny 8: 6 Beregning av tilskuddet Tilskuddet består av en basisdel, som utgjør 70 prosent av den samlede tilskuddsbevilgning, og en del for samfunnsmessig betydning, som utgjør 30 prosent av tilskuddsbevilgningen. 8 Beregning av del for samfunnsmessig betydning Ut fra opplysninger i søkers årsmelding fastsetter departementet skjønnsmessig grunnlaget for delen for samfunnsmessig betydning til mellom 0 og 1000 poeng. Delen beregnes etter forholdstallet mellom mottakers poeng og summen av alle tilskuddsmottakeres poeng. I høyringsbrevet spesifiserer departementet dette nærare: De resterende 30 prosent, samfunnsmessige [sic!] betydning, vurderes årlig på bakgrunn av opplysninger i årsrapportene. Deltakelse i offentlige utvalg, høringer, konferanser m.m. vil bli vektlagt. LNU ser det som prinsipielt uheldig at ei ordning som i dag legg stimulerer til breidt, folkeleg engasjement skal endrast i retning av å vektleggje deltaking på hovudstadsbaserte arenaer som i liten grad har deltaking frå grasrotnivå. Likestillings- og diskrimineringsombodet påviste i 2008 at aldersgruppa under 30 år er den mest underrepresenterte i styre, råd og utval, med berre fire prosent av medlemene. 2 Det er grunn til å tru at medlemsbaserte barne- og ungdomsorganisasjonar, med hovudtyngda i lokallag over heile landet, vil bli svekka med eit fordelingskriterium basert på samfunnsmessig betydning etter definisjonen departementet legg til grunn. Forslaga vil såleis forsterke negative effektar av éi felles ordning for på den eine sida medlemsbaserte organisasjonar, og på den andre sida frå før gjerne personellmessig og økonomisk ressurssterke aktørar, utan krav til å ivareta ein brei medlemsmasse med demokratiske rettar i organisasjonen. 2 Gruppa utgjer 19 prosent av folksetnaden (2008). Kjelde: Rapporten Saldo 2008. Sjå <http://www.ldo.no/no/tema/alder/fakta/>.

LNU ser det som som prinsipielt uheldig at departementet etter skjønn, eventuelt etter kriterium som ikkje er fastsette i forskrifta, skal definere den samfunnsmessige betydning av enkeltorganisasjonar på ein skala frå 0 til 1000. På sikt vil dette kunne reise tvil om organisasjonane fullt ut ser seg i stand til å ivareta ei uavhengig og konstruktivt kritisk rolle andsynes styresmaktene. LNU føreslår derfor at ein ikkje legg deltaking i offentlege utval, høyringar, konferansar også vidare til grunn for fordeling av støtte. Med helsing Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) Gunhild Grande Stærk /s/ leiar Tale Hungnes generalsekretær Kopi: Kulturdepartementet v/samfunns- og frivilligheitsavdelinga Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, v/barne- og ungdomsavdelinga Den norske turistforening Natur og Ungdom Norges jeger- og fiskerforbund