Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan Framlegg til arbeidsprogram 10.10.2016
1. Innleiing I planstrategi for Fjell kommune for perioden 2016-2019, blir det peika på at klimaendringane førar til auka utfordringar knytt til havnivåstigning, auka temperatur, oftare ekstremnedbør og sterk vind. Kommunestyret vedtok i desember 2015 at arbeidet med ny plan for energi, miljø og klima skal starta opp i 2016, og planen vil ha som mål å setja aktuelle tema og problemstillingar innanfor energi, miljø og klima på dagsorden. Planen skal fungera som eit styringsverktøy, og innehalda konkrete mål og tiltak. Gjeldande kommunedelplan, Kommunedelplan for energi, miljø og klima 2009-2012, vil gjelda fram til ny plan er vedteken. Arbeidsprogrammet legg føringar for arbeidet med planen, synleggjer kva tema som skal skildrast og utgreiast, gjev føringar for planprosessen med organisering og fristar, og legg til rette for medverknad. 1.1 Plantype Dei siste fem åra har fleire kommunedelplanar hatt planperiode på åtte år, og det kan ta opp til to til tre år å utarbeida planen. Ein kommunedelplan skal ha eit langsiktig perspektiv, og planprosessen inneber omfattandefaglege drøftingar. Frå 2020 blir Sund, Øygarden og Fjell slått saman til éin kommune. Det vil då vera behov for ein klimaplan som gjeld heile regionen. Mykje av arbeidet som då er lagt ned i ein kommunedelplan for Fjell kommune vil ikkje bli nytta. Ein handlingsplan for energi, miljø og klima vil vera mindre omfattande, men vil samstundes sikra medverknad og eit godt kunnskapsgrunnlag for dei tema som blir omhandla. Handlingsplanen kan ta eitt til to år å utarbeida, og kan verka i eitt til to år før kommunesamanslåinga. 2. Overordna mål Handlingsplanen skal følgja sentrale og regionale føringar, lover og målsettingar. Verdas land vart nyleg einige om ny klimaavtale i Paris (Parisavtalen), som vert gjeldande frå 4. november 2016. Tidlegare var det rike land som forplikta seg til å kutte i klimagassutslepp. Parisavtalen gjeld derimot for alle land. Hovudmålet er at temperaturen på jorda ikkje skal stige meir enn 2 grader før år 2100, og mellom år 2050 og 2100 skal verda vera klimanøytral. Det vil seia at verda ikkje skal sleppa ut meir klimagass enn det ein greier å fanga opp eller fjerna. Vidare må alle land tilpassa seg klimaendringane, og det er sett krav til at alle land skal ha nasjonale planar for klimatilpassing. Nasjonale mål er at Noreg skal verta karbonnøytralt i 2050, og fram til 2020 skal Noreg kutta klimagassutslepp tilsvarande 30 prosent av utsleppa i 1990.
Regionale mål seier at innan 2020 skal klimagassutslepp reduserast med 22 prosent i høve 1990- utsleppet i Hordaland, og med 40 prosent innan 2030. Energibruken skal reduserast med 20 prosent innan 2020, og 30 prosent innan 2030 i høve til 2007. Mål for tilpassing til klimaendringar skal baserast på føre-var-prinsippet, stadig meir presise grunnlagsdata og kunnskap om lokale tilhøve. Det er samstundes viktig å vera merksam på at Parisavtalen og ny nasjonal klimalova som er på høyring i desse dagar, kan endra nasjonale og regionale målsettingar. 3. Målet med plan for energi, miljø og klima Den nye planen vil leggja føringar for korleis Fjell kommune skal førebu seg på endra klimatilhøve som nemnd innleiingsvis, og skal samstundes bidra til lågare klimagassutslepp gjennom føringar for meir bruk av energi frå fornybare energikjelder, og redusert energibruk. Planen skal òg tydeleggjera Fjell kommune si rolle som forureiningsmynde og pådrivar for miljøarbeid i kommunen. Planen skal ha ein politisk og administrativt forankra tiltaksdel med definert ansvar, fristar og estimert kostnad. Med grunnlag i tiltaksdelen vil kommunen kunna søkja eksterne tilskot til gjennomføring av tiltak og prosjekt. 4. Sentrale tema Ny plan for energi, klima og miljøplan for Fjell kommune vil vidareføra dei tre hovudtema frå gjeldande plan. 4.1 Energi Når det gjeld energi vil det vera særleg fokus på energikjelder innan fornybar energi (solenergi, geoenergi, bioenergi, vindkraft m.m), og korleis eksisterande og framtidige bygg i den kommunale bygningsmassen i større grad kan nytta desse. Energibruk knytt til transport vert òg viktig. Dette vil til dømes seia tilrettelegging for transportmidlar med lågare eller null utslepp. 4.2 Klima Samanlikna med gjeldande plan vert det lagt opp til eit auka fokus på klima i denne planen. Det er behov for meir kunnskap knytt til dei endra klimaforholda og korleis utfordringar som til dømes overvatn og havnivåstigning kan handsamast på ein betre måte. Det blir òg viktig å vidareføra arbeidet med å redusera klimagassutsleppet i kommunen.
4.3 Miljø I planarbeidet vil ein sjå nærmare på dei utfordringane kommunen står ovanfor når det gjeld vass- og grunnforureining. Utfordringar og moglegheiter knytt til forsøpling og avfallsreduksjon er òg aktuelle tema. 5. Status for gjeldande plan Noverande kommunedelplan har ein visjon, hovudmål, mål for planperioden og fire delmål med tilhøyrande tiltaksliste. Visjonen i gjeldande plan seier at «Fjell kommune er karbonnøytralt i 2050», som er i tråd med nasjonal målsetting. Framlegg om ny klimalov som i desse dagar er ute på høyring, uttrykker ikkje lengre den langsiktige nasjonale målsettinga om karbonnøytralitet innan 2050, men at Noreg skal vera eit "lavutslippssamfunn i 2050". Hovudmål i gjeldande plan er at «Fjell kommune skal i 2020 ha redusert sine klimagassutslepp med 30% av 1991-utsleppet». Vidare er mål for planperioden 2009-2012 at «Fjell kommune skal i 2012 ha redusert sine klimagassutslepp med 26,7% av 1991-utsleppet. Dette utgjer 16000 tonn CO2 ekvivalentar. Klimagassutsleppet skal ikkje overstige 2,9 tonn CO2 ekvivalentar pr innbyggar i 2012». Dei fire delmåla er stasjonær energibruk, mobil forbrenning, avfall- og prosessutslepp og samarbeid med næringsliv og nabokommunane. Vedlagt saka er ei oversikt over status knytt til tiltaka tilhøyrande dei fire delmåla. Dei fleste tiltaka er gjennomført. 6. Utgreiingsbehov I planstrategi for Fjell kommune 2016-2019 blir det peika på at det manglar både statistikk og kunnskap om energibruk og klimagassutslepp i Fjell. I planarbeidet vil det vera behov for fleire utgreiingar og kartleggingar for å få på plass eit godt kunnskapsgrunnlag for korleis Fjell kommune kan møta utfordringane knytt til energi, klima og miljø i framtida. Følgjande utgreiingar bør gjennomførast: Klimaendringar, effekt og tilpassing i kystkommunar Overvatn: Kartlegging av hendingar og problemområde m/framlegg til tiltak Energibruk, klimagassutslepp og reduksjonstiltak 7. Planprosess og medverknad 7.1 Organisering av planarbeidet Plan og utbyggingssjefen er planeigar, prosjektleiar og sekretariat. Komité for drift og forvaltning er styringsgruppe og utpeikar saksordførar som skal samordna informasjon til relevante politiske organ og leia planarbeidet på vegne av styringsgruppa.
Politisk styringsgruppe Politisk sakordførar Administrativ styringsgruppe Administrativ arbeidsgruppe Referansegruppe Planeigar Prosjektleiar og sekretariat Komité for drift og forvaltning (KDF) Vert oppnemnd av KDF Rådmannen sitt leiarteam Plan- og utbyggingssjefen, Eigedomssjefen, Fjell Var Interne og eksterne aktørar, offentlege og private. Plan- og utbyggingssjefen Plan- og utbyggingssjefen Administrativ arbeidsgruppe får ansvar for å utarbeida utkast til plan for energi, miljø og klima 2017-2020, i nært samarbeid med politisk og administrativ styringsgrupper. 7.2 Medverknad Medverknad frå relevante aktørar vert sikra gjennom ad hoc grupper knytt til ulike tema og eit større temamøte/seminar i starten av planarbeidet. Dette møtet vil vera opent for alle. Føremålet er å sikra felles kunnskapsgrunnlag for dei involverte og interesserte. Vidare vil medverknad verta sikra ved at framlegg til plan vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. I høyringsperioden vil det òg vera folkemøte. 7.3 Framdrift Fase Oppstartsfasen Kompetansehevingsfasen Utarbeidingsfasen Vedtaksfasen Aktivitet Vedtak om arbeidsprogram i KDF Kunnskapsgrunnlag /utgreiing: Møter med relevante aktørar Kartlegging/utgreiingar Temamøte Drøfting av mål og tiltak Skriva planframlegg Politisk handsaming av framlegg til plan Høyring og offentleg ettersyn i fire veker Haust 2016 Vår 2017 Haust 2017 Vår 2018 7.4 Økonomi Kostnadsoverslag til planarbeidet er på ca. kr. 500 000. Fjell kommune søkte saman med kommunane Øygarden og Sund i 2016 om tilskot frå fylkesmannen til kartleggingar og
utgreiingar. Søknaden vart avslått. I tillegg til utgreiingar og kartleggingar vil det vera kostnader knytt til kunnskapsheving og tema- og folkemøte, i tillegg til trykking av planen.