Sogndal kommune Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 27.10.2016 Tid: 13:00-17:00 13:00 Orientering frå Sogn Næring ved medarbeidar Lisbeth Bringebøen. Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 53/16 16/25 Kommunestyret 2016 - Opning, konstituering, orienteringar og drøftingar 54/16 16/4511 Plan for forvaltningsrevisjon og plan for selskapskontroll 55/16 16/3415 Fylkesmannens framtidige struktur 56/16 16/3658 Driftsavtalar med musea i Sogn og Fjordane - frå 01.01.2017 57/16 16/4119 Spelemidlar - Barnetrekk Rindabotn - Anleggsnummer 1420000611 58/16 16/4558 Samhandlingskoordinator for kommunane i Sogn og Fjordane 59/16 16/4519 Busetting av flyktningar 2017 60/16 16/3744 Tertialrapport 2/2016
Sak 53/16 Kommunestyret 2016 - Opning, konstituering, orienteringar og drøftingar Punkt 1. Opning A. Konstituering av møte: Møtet lovleg sett med 25 representantar til stades. Bjørn Skjeldestad (Ap) møter for Stig Ove Ølmheim (Ap) Arnt Hovland Munthe møtte for Karin Vikane Eivind Øgard møtte for Christen Knagenhjelm Arne Glenn Flåten fekk persmisjon frå kl. 16 (deltok ikkje under delar av opningssaka, men under dei andre sakene). Frå administrasjon møtte rådmann Jostein Aanestad. Innkalling og saksliste godkjent. Møteleiar: Jarle Aarvoll Ope møte Representantane Bente Sønsthagen og Idar Kollsete vart valde til å underteikne møteprotokollen. B. Protokoll frå møtet 08.09.2016. Godkjent. 2. Spørsmål/interpellasjonar Vibeke Johnsen (Sv) Medverknad og handtering av varsel i Sogndal kommune. 3. Open spørjetime Einar Vatlestad (H) Betalt for eigedomstakseringa. Rita Navarsete (FrP) Endestoggen til Sognabåten. Kvåle stadion. Magne Bruland Selseng (Sp) Loftesnesbrua. Trafikkavvikling. Sau ved Avsølevegen. Margrethe Haug (KrF) Sikring av Leif Bergum sin dokumentasjon frå Sogndal sentrum. Eivind Øgard (V) Framdrift for omlegging av Gravensteinsgata. Områdeplan frå skysstasjonen til Kvålevegen. Gunnstein Lund (Ap) Strategi for næringsområde på Kaupanger.
Gunnhild Bøyum (H) Tenestene på SOS gjev svært gode tenester også under utbygginga. Steinar Øydvin (Sv) Sogndal trafostasjon og vegtilkomst. Geir Volle (Ap) Vegen frå Dallakar til Goro. 4. Skriv og meldingar Punkt 5. Orienteringar og drøftingar A. Orientering frå ordførar 1. Møte med Statnett 2. Hemsedalsfjellet aust vest B. Orientering frå rådmann Sogn barnevern C. Drøftingar 1. Økonomiplannotat nr. 1 (arkivsak 16/3627) Kommunestyret hadde ikkje merknader til øp-notat nr 1. 2. Kommunereforma (arkivsak 16/123). Kommunestyret slutta seg til notat frå ordførar dagsett 21.10.16. Vedlegg: 5.C.1, 5.C.2 Maj Britt Solberg -politisk sekretær-
Sak 54/16 Plan for forvaltningsrevisjon og plan for selskapskontroll Tilråding frå Kontrollutvalet: Kontrollutvalet fremjar følgjande forslag til vedtak i kommunestyret: Kommunestyret i Sogndal vedtek framlagde plan for forvaltningsrevisjon for Sogndal kommune 2016-2019 og Kommunestyret i Sogndal vedtek framlagde plan for selskapskontroll for Sogndal kommune 2016-2019. Handsaming Senea Sebanivic la på vegne om Ap, Sp, Sv og KrF fram forslag om flytte barnevern opp på første plass og setje kvalitetssystemet til kommunen på andre plass. Dette slutta kommunestyret seg til. Kommunestyret i Sogndal vedtek framlagde plan for forvaltningsrevisjon for Sogndal kommune 2016-2019 med den endringa som kom fram i kommunestyret og plan for selskapskontroll for Sogndal kommune 2016-2019. Sak 55/16 Fylkesmannens framtidige struktur Vedtak, samr: Sogndal kommune meiner at fylkesmannsembetet bør framleis ha ei regional inndeling som samsvarer med det folkevalde regionale nivået. Dersom fylke på Vestlandet slår seg saman, bør embeta tilpassast nytt regionalt nivå. Samtidig må nærleiken til og samspelet med kommunane sikrast. Fylkesmannen bør framleis ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane, slik dette er avtalefesta i intensjonsplanen mellom dei tre Vestlandsfylka. Hovudsete for nytt embete må vera lokalisert på Leikanger. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har brei kompetanse og rekrutterer godt, og leverer godt innafor sine oppgåver. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har teke på seg fleire nasjonale
oppgåver og bør få tilført nye nasjonale oppgåver. Regjeringa kan på den måten sikre at reformer i regional statsforvaltning bidreg til ei balansert regional utvikling. Sak 56/16 Driftsavtalar med musea i Sogn og Fjordane - frå 01.01.2017 Tilråding: 1. Sogndal kommune godkjenner at driftstilskot til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert fordelt 20% likt på alle kommunar, 60% etter folketal og 20% fordelt på vertskommunar. 2. Sogndal kommune meiner at det totale tilskotbeløpet frå kommunane bør fordelast etter desse prinsippa, og ikkje berre den veksten som kjem som fylgje av reduksjonen i tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sogndal kommune ber KS i fylket ta opp att drøftingane om ein fordelingsmodell for heile tilskotet til MiSF i 2017, med sikte på avklaring av fordelingsmodell for heile tilskotet før budsjettprosessen for 2018. Handsaming Laura Kvamme (Sp) opplyste at ho er styremedlem i MiSF og bad om å få vurdert sin habilitet. Kommunestyret fann Laura Kvamme inhabil. Ikkje møtande vararepresentant. 1. Sogndal kommune godkjenner at driftstilskot til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert fordelt 20% likt på alle kommunar, 60% etter folketal og 20% fordelt på vertskommunar. 2. Sogndal kommune meiner at det totale tilskotbeløpet frå kommunane bør fordelast etter desse prinsippa, og ikkje berre den veksten som kjem som fylgje av reduksjonen i tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sogndal kommune ber KS i fylket ta opp att drøftingane om ein fordelingsmodell for heile tilskotet til MiSF i 2017, med sikte på avklaring av fordelingsmodell for heile tilskotet før budsjettprosessen for 2018. Sak 57/16 Spelemidlar - Barnetrekk Rindabotn - Anleggsnummer 1420000611 Tilråding: Sogndal Skisenter Drift (SSD) får eit lån på kr. 1.000.000 som forskotering av spelemidlar for ny barneheis i Rindabotn. Lånet vert finansiert ved å nytte ikkje-budsjetterte spelemidlar som kommunen har fått innbetalt i 2016. Eventuelt også over Kraftfond II. SSD dekkjer Sogndal kommune sine renter i den aktuelle låneperioden. Renteinntektene vert tilførd
avkastingsfondet for Kraftfond II, og avdraga for utbetalte spelemiddel vert tilførd Kraftfond II etter kvart som desse vert innbetalt. Handsaming Kjetil Kvåle (Ap) opplyste at han er styreleiar i Sogndal skisenter eigedom som er deleigar av Sogndal skisenter drift og bad om å få vurdert sin habilitet. Kommunestyret fann Kjetil Kvåle inhabil, ikkje møtande vararepresentant. Sogndal Skisenter Drift (SSD) får eit lån på kr. 1.000.000 som forskotering av spelemidlar for ny barneheis i Rindabotn. Lånet vert finansiert ved å nytte ikkje-budsjetterte spelemidlar som kommunen har fått innbetalt i 2016. Eventuelt også over Kraftfond II. SSD dekkjer Sogndal kommune sine renter i den aktuelle låneperioden. Renteinntektene vert tilførd avkastingsfondet for Kraftfond II, og avdraga for utbetalte spelemiddel vert tilførd Kraftfond II etter kvart som desse vert innbetalt. Sak 58/16 Samhandlingskoordinator for kommunane i Sogn og Fjordane 1. Sogndal kommune er positiv til at det vert oppretta stilling som samhandlingskoordinator slik det går fram av saka, dette på vilkår at stillinga og vert ein ressurs for dei regionale leiarnettverka og føresett at alle kommunane deltek i finansieringa. 2. Eventuell løyving på kr 46 763 vert handsama i samband med økonomiplanen. Sak 59/16 Busetting av flyktningar 2017 1. Sogndal kommune tek i mot minst 35 flyktningar i 2017, der minst 4 av desse er plassar til einslege mindreårige over 15 år. Familiesameining kjem i tillegg til dette. 2. Kommunestyret vil koma attende til plantal for 2018 og 2019 når desse ligg føre.
Sak 60/16 Tertialrapport 2/2016 Tilråding: 1. Kommunestyret vedtek den framlagde tertialrapporten for 2. tertial 2016. 2. Kommunestyret gjer vedtak om følgjande budsjettendringar i driftsbudsjettet Redusert avsetjing til lønsoppgjeret -3 500 000 Avsetjing til fond for premieavvik 3 500 000 Reduserte avdragsutgifter -1 820 000 Eigedomsskatt verk og bruk -7 500 000 Eigedomsskatt næring -2 500 000 Eigedomsskatt anna eigedom -250 000 Grunnundersøkjing Stedje- konsulenthonorar 250 000 RV 52 Hemsedalsfjellet 20 000 Avsetjing til dekking av tap på fordringar 800 000 Auka sosialhjelpsbudsjettet 1 060 000 Feilbudsjetterting av T-trinn Helse og sosial 529 000 Avsetjing til fond SHOS utbygginga 9 800 000 Auka brukarbetaling SFO Trudvang -300 000 Ny fast 50% stilling SFO Trudvang 300 000 Auka skatteinntekter -389 000 3. Kommunestyret gjer vedtak om følgjande budsjettendringar i investeringsbudsjettet Handsaming Næringstomt Lerumkaien -100 000 Næringstomt Fjærland 100 000 Sal av tomter Kaupanger industrifelt -2 000 000 Kvåle stadion - spelemidlar -413 000 Eigenkapitalinnskot KLP 160 000 Parkeringsanlegg Nedrehagen 606 000 Revurdering Dammen på Breisete 1 000 000 Avsetjing til fond for sal av fast eigedom 647 000 Gunhild Bøyum (H) la fram følgjande forslag til endring: 9,8 mill. vert sett av til kraftfond II i staden for til fond for SHOS utbygginga. Magne Selseng (Sp) bad om gruppemøte. Framlegget frå Gunhild Bøyum (H) fekk 9 røyster (4 H, 2 FrP, 1 KrF, 1 V (EØ), 1 Sp (BSt)) og fall.
Vedtak, samr. (utanom avsetjing til fond for SHOS-utbygginga som vart vedteke med 16 røyster (9 Ap, 5 Sp, 2 Sv): 1. Kommunestyret vedtek den framlagde tertialrapporten for 2. tertial 2016. 2. Kommunestyret gjer vedtak om følgjande budsjettendringar i driftsbudsjettet Redusert avsetjing til lønsoppgjeret -3 500 000 Avsetjing til fond for premieavvik 3 500 000 Reduserte avdragsutgifter -1 820 000 Eigedomsskatt verk og bruk -7 500 000 Eigedomsskatt næring -2 500 000 Eigedomsskatt anna eigedom -250 000 Grunnundersøkjing Stedje- konsulenthonorar 250 000 RV 52 Hemsedalsfjellet 20 000 Avsetjing til dekking av tap på fordringar 800 000 Auka sosialhjelpsbudsjettet 1 060 000 Feilbudsjetterting av T-trinn Helse og sosial 529 000 Avsetjing til fond SHOS utbygginga 9 800 000 Auka brukarbetaling SFO Trudvang -300 000 Ny fast 50% stilling SFO Trudvang 300 000 Auka skatteinntekter -389 000 3. Kommunestyret gjer vedtak om følgjande budsjettendringar i investeringsbudsjettet Næringstomt Lerumkaien -100 000 Næringstomt Fjærland 100 000 Sal av tomter Kaupanger industrifelt -2 000 000 Kvåle stadion - spelemidlar -413 000 Eigenkapitalinnskot KLP 160 000 Parkeringsanlegg Nedrehagen 606 000 Revurdering Dammen på Breisete 1 000 000 Avsetjing til fond for sal av fast eigedom 647 000 Møtet slutt: 17.00. Jarle Aarvoll -ordfører- Bente Sønsthagen Idar Kollsete
Jostein Aanestad -rådmann-