Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Like dokumenter
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørreskjema for elever 4. klasse, Høst 2016

Spørreskjema for elever klasse, høst 2014

Brakahaug skole Undersøkelse: Olweusundersøkelsen 5-10 klasse Klassetrinn 1,2,3,4,5,6,7,8,9,10,11,12,13,14,15

Elevundersøkinga 2016

Heilt einig. Litt einig


Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Informasjon til elevane

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Info til barn og unge

Til deg som bur i fosterheim år

Olweusspørreundersøkelsen om mobbing. Tilbakeføring av resultater til personalet, elever og foreldre

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Sofies hemmelegheit.

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?


Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Skuleåret 2017/2018.

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Kampen skole - 7. trinn (Høst 2016) Høst

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Elevundersøkelsen spørsmålene (SVS 2016)

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Digital mobbing - sosiale medier

Elevundersøkelsen Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Elevundersøkelsen. Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Trivsel ,7.

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Vaulen skole (Høst 2016) Høst Trives ikke i det hele tatt Trives du på skolen?

Stillaste jenta i klassa

Barnerettane i SKULEN

Elevundersøkelsen nyheter, anbefalinger og oversikt over spørsmål

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Refleksjon og skriving

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Eiganes skole (Høst 2017) Høst Alltid Ofte Noen ganger Sjelden Aldri Snitt ,7

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Utvalg År Prikket Sist oppdatert. Trives ikke i det hele tatt Trives du på skolen? ,1

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Elevundersøkelsen 2016 Nyheter fra høsten 2016

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Eiganes skole (Høst 2016) Høst Trives ikke i det hele tatt Trives du på skolen?

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Groruddalen skole (Høst 2016) Høst

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

GISKE KOMMUNE Skjong barneskule MOBBEPLAN. Utarbeidd av lærarar og føresette ved Skjong barneskule

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Vardenes skole 7.trinn høst 2015 Høst

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Elevundersøkelsen nyheter, anbefalinger og oversikt over spørsmål

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Brukarrettleiing E-post lesar

Unntatt offentlighet. Merk av eller fyll ut! 1. Fysisk velvære. 2. Psykisk velvære. Barnet mitt er: en jente en gutt. Barnets for- og etternavn er

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR

Mobbing på mindre og større skular

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Stokkan ungdomsskole (Høst 2016) Høst

Elevundersøkelsen nyheter, anbefalinger og oversikt over spørsmål

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Rennesøy skule (Høst 2015) Høst Rennesøy skule (Høst 2013) Høst ,4

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

OBLIGATORISKE SPØRSMÅL I ELEVUNDERSØKELSEN

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Kampen skole (Høst 2015) Høst

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Handlingsplan mot mobbing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til deg som bur i fosterheim år

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

IKT-kompetanse for øvingsskular

1. AVDEKKING AV MOBBING

Plan mot mobbing og mistrivsel

Utvalg År Prikket Sist oppdatert 44,4% 46,3% 5,6% 1,3% 2,5% 55,1% 44,9% 0% 0% 0% 44,6% 41,6% 7,9% 3% 3% 33,9% 51,8% 8,9% - -

Brattholmen skule, zero-undersøkingar 2009, 2011, 2013 og 2014, alle klassar.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Transkript:

Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i. Er du jente eller gut? (Set kryss i rundingen framfor svaret ditt) jente gut Kva for ein klasse går du i?: Eg går i klasse: (Dersom det er ein bokstav eller eit namn som viser kva for klasse du går i, skriv også det på linja ovanfor.) Denne undersøkinga blir gjennomført av Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest). MERK: Dette dokumentet skal ikkje distribuerast eller formidlast elektronisk eller i papirformat til andre enn skulen sine tilsette. Om andre ønskjer tilgang til det, skal desse ta kontakt med Anne Marita Milde, leiar for RKBU Vest: anne.milde@uni.no S62, 5. - 10. klasse Copyright: RKBU, Uni Research Helse

Velkomen til skulen si undersøking om mobbing! I denne undersøkinga er det spørsmål om mobbing, om korleis du trivst på skulen og om vennskap. Kvart spørsmål har fleire svar som du kan velje blant. Set eit kryss i rundingen framfor det svaret som passar best for deg. Dersom du skulle setja kryss i feil runding, kan du endre svaret på følgjande måte: Du kan fylle ut den kvite rundingen med blyanten eller pennen slik at den blir heilt mørk, på denne måten: Deretter set du kryss i den riktige rundingen slik: I dei aller fleste spørsmåla i denne undersøkinga skal du bere sette eitt kryss for kvart spørsmål. Men for nokre få spørsmål kan du sette fleire kryss. Prøv å svare så godt du kan - akkurat sånn som det er. Av og til kan det vere vanskeleg å velje kva du skal svare. Då må du berre svare sånn du trur eller meiner det er. Dei fleste spørsmåla i denne undersøkinga spør om korleis du har hatt det dei siste månadene, altså frå skulen starta etter juleferien og fram til no. Det er altså ikkje berre spørsmål om korleis du har det akkurat no. Svara dine på denne undersøkinga er anonyme og hemmelege - medelevar, lærarar på skulen og dei heime skal ikkje få vite kva du har svart. 1) Korleis likar du deg på skulen? svært dårleg dårleg verken godt eller dårleg godt svært godt Side 1 av 18

2) Kor mange gode vener/veninner har du i klassen/gruppa di? eg har ingen gode vener/veninner i klassen/gruppa mi eg har ein god ven/ei god veninne eg har to eller tre gode vener/veninner eg har fire eller fem gode vener/veninner eg har seks eller fleire gode vener/veninner i klassen/gruppa mi OM Å BLI MOBBA Vi skal no fortsette med spørsmål om mobbing. Først skal vi gi ei forklaring på ordet mobbing, slik at du veit kva du skal svare på. Vi seier at ein elev vert mobba når ein annan elev eller fleire andre elevar seier vonde og ubehagelege ting til ho eller han, gjer narr av ho/han eller brukar stygge og sårande kallenamn overser ho/han heilt eller stengjer ho/han ute frå veneflokken slår, sparkar, drar i håret, skubbar, dytter eller stengjer ho/han inne fortel løgner eller spreier falske rykte om ho/han eller sender ubehagelege meldingar og prøver å få dei andre elevane til å mislike ho/han og liknande ubehagelege ting. Ved mobbing skjer vanlegvis desse tinga gjentekne gonger, og det kan vere vanskeleg for den som vert mobba å forsvare seg. Om ein elev vert erta gjentekne gonger på ein ubehageleg og sårande måte, er dette også mobbing. Men det er ikkje mobbing når nokon blir erta på ein snill og venskapeleg måte. Det er heller ikkje mobbing når to omtrent like sterke (likestilte) elevar slåst eller kranglar. 3) Kor ofte er du blitt mobba på skulen dei siste månadene? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene Side 2 av 18

Er du blitt mobba på skulen dei siste månadene på ein eller fleire av følgjande måtar? (Ver venleg og svar på alle spørsmåla.) 4) Eg er blitt kalla stygge ting eller erta på ein ubehageleg eller sårande måte det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene 5) Andre elevar har halde meg utanfor med vilje, stengd meg ute frå veneflokken eller oversett meg heilt det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene 6) Eg er blitt slått, sparka, dradd i håret, skubba, dytta eller stengt inne det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene Side 3 av 18

7) Andre elevar har spreidd løgner eller falske rykte om meg og prøvd å få andre til å mislike meg det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene 8) Pengar eller andre ting er blitt tatt ifrå meg eller øydelagt det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene 9) Andre elevar vil ikkje vere saman med meg og eg må gå aleine i friminutta det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene 10) Eg er blitt trua eller pressa til å gjere ting eg ikkje ville gjere det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene Side 4 av 18

11) Eg er blitt mobba med ubehagelege ord eller kommentarar om utsjånaden min det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene 12) Eg er blitt mobba med ubehagelege ord, kommentarar, teikn eller handlingar som har seksuell meining det har ikkje skjedd med meg dei siste månadene 13) Om du er blitt mobba dei siste månadene, har du blitt lei deg eller såra av mobbingen? eg er ikkje blitt mobba dei siste månadene eg har ikkje blitt lei meg eller såra av mobbinga eg har berre blitt litt lei meg eller såra eg har blitt lei meg eller såra eg har blitt svært lei meg eller såra 14) I kva for klasse/gruppe går den eller dei elevane som har mobba deg? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene går i klassen min / gruppa mi går i ein annan klasse eller gruppe, men på same trinn går på høgare trinn går på lågare trinn går på forskjellige trinn Side 5 av 18

15) Er du blitt mobba av gutar eller jenter? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene vanlegvis av ei jente vanlegvis av fleire jenter vanlegvis av ein gut vanlegvis av fleire gutar vanlegvis av både gutar og jenter 16) Kor mange elevar er du vanlegvis blitt mobba av? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene vanlegvis av ein elev av ei gruppe på to - tre elevar av ei gruppe på fire - ni elevar av ei gruppe på fleire enn ni elevar av fleire forskjellige elevar eller grupper av elevar 17) Kor lenge er du blitt mobba? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene det varte / har vart ei eller to veker det varte / har vart omtrent ein månad det varte / har vart omtrent eit halvt år det varte / har vart omtrent eit år det varte / har vart i fleire år 18) Kor vanskeleg synest du det er å forsvare deg mot den eller dei som mobbar deg? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene det er ikkje vanskeleg i det heile tatt litt vanskeleg vanskeleg svært vanskeleg Side 6 av 18

19) Synest du den eller dei som mobbar deg har meir «makt» enn deg for eksempel, er meir populære, er fysisk sterkare eller er ei gruppe mot deg åleine? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene nei, eg synest eg har minst like mykje makt som den eller dei som mobbar meg vi har omtrent like mykje makt den eller dei som mobbar har meir makt enn meg den eller dei som mobbar har mykje meir makt enn meg 20) Kor er du blitt mobba? (Her kan du sette fleire kryss.) eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene på skuleplassen (i friminutta / pausane) i gangen / korridorane i klasserommet i timane i klasserommet når vi ikkje har undervisning på toalettet i gymsalen eller garderoben/dusjen i kantina eller der vi et mat på vegen til og frå skulen på haldeplassen til skuleskyssen/bussen på skuleskyssen/bussen anna plass på skulen Side 7 av 18

21) Har du fortalt til nokon at du er blitt mobba på skulen dei siste månadene? (Her kan du sette fleire kryss.) eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene ja, eg har fortalt at eg er blitt mobba til kontaktlæraren/klassestyraren min ja, eg har fortalt det til ein annan lærar på skulen ja, eg har fortalt det til rektor ja, eg har fortalt det til helsesøster ja, eg har fortalt det til skulelegen ja, eg har fortalt det til ein vaksen heime ja, eg har fortalt det til ein bror eller ei syster ja, eg har fortalt det til ein ven / ei veninne ja, eg har fortalt det til nokon andre (som ikkje er nemnde tidlegare) nei, eg har ikkje fortalt til nokon at eg er blitt mobba på skulen dei siste månadene 22) Kor ofte prøver lærarar eller andre vaksne på skulen å gjere noko for å stoppe det når ein elev blir mobba på skulen? dei gjer aldri noko ein sjeldan gong av og til ofte dei gjer nesten alltid noko eg har ikkje lagt merke til at elevar på skulen er blitt mobba Side 8 av 18

23) Kor ofte prøver elevar på skulen å gjere noko for å stoppe det når ein elev blir mobba på skulen? dei gjer aldri noko ein sjeldan gong av og til ofte dei gjer nesten alltid noko eg har ikkje lagt merke til at elevar på skulen er blitt mobba 24) Har nokon av dei vaksne heime tatt kontakt med skulen for å prøve å få ein slutt på at du er blitt mobba på skulen? eg er ikkje blitt mobba på skulen dei siste månadene nei, dei har ikkje tatt kontakt med skulen ja, dei har tatt kontakt med skulen ein gong ja, dei har tatt kontakt med skulen fleire gonger eg veit ikkje om dei har tatt kontakt med skulen 25) Når du ser ein elev på din alder bli mobba på skulen, kva føler eller tenkjer du då? han/ho fortener det sikkert eg føler ikkje noko spesielt eg synest litt synd i ho/han eg synest veldig synd i ho/han eg har ikkje lagt merke til at elevar på skulen er blitt mobba OM Å MOBBA ANDRE ELEVAR 26) Kor ofte har du sjølv vore med på å mobbe ein eller fleire elevar på skulen dei siste månadene? eg har ikkje mobba ein eller fleire elevar på skulen dei siste månadene det har berre skjedd ein sjeldan gong Side 9 av 18

Har du mobba ein annan elev / andre elevar på skulen dei siste månadene på ein eller fleire av følgjande måtar? (Ver venleg og svar på alle spørsmåla.) 27) Eg har sagt stygge ting til ein annan elev/andre elevar eller erta dei på ein ubehageleg og sårande måte det har ikkje skjedd dei siste månadene 28) Eg har med vilje halde ein annan elev ute frå veneflokken eller oversett eleven heilt det har ikkje skjedd dei siste månadene 29) Eg har slått, sparka, skubba, dytta, dradd ein elev i håret eller stengt eleven inne det har ikkje skjedd dei siste månadene Side 10 av 18

30) Eg har spreidd løgner eller falske rykte om ho/han og prøvd å få andre til å mislike ho/han det har ikkje skjedd dei siste månadene 31) Eg har tatt pengar eller andre ting frå ho/han eller øydelagt ting for ho/han det har ikkje skjedd dei siste månadene 32) Eg har fått andre elevar til å ikkje vere saman med ein enkelt elev slik at ho/han må gå aleine i friminutta det har ikkje skjedd dei siste månadene 33) Eg har trua eller pressa ho/han til å gjere ting ho/han ikkje ville gjere det har ikkje skjedd dei siste månadene Side 11 av 18

34) Eg har mobba ho/han med ubehagelege ord eller kommentarar om utsjånaden hennar/hans det har ikkje skjedd dei siste månadene 35) Eg har mobba ho/han med ubehagelege ord, kommentarar, teikn eller handlingar som har seksuell meining det har ikkje skjedd dei siste månadene 36) Har kontaktlæraren/klassestyraren din eller nokon av dei andre lærarane snakka med deg om at du har mobba andre elevar på skulen dei siste månadene? eg har ikkje mobba andre elevar på skulen dei siste månadene nei, dei har ikkje snakka med meg om det ja, dei har snakka med meg om det ein gong ja, dei har snakka med meg om det fleire gonger 37) Har nokon av dei vaksne heime snakka med deg om at du har mobba andre elevar på skulen dei siste månadene? eg har ikkje mobba andre elevar på skulen dei siste månadene nei, dei heime har ikkje snakka med meg om det ja, dei heime har snakka med meg om det ein gong ja, dei heime har snakka med meg om det fleire gonger Side 12 av 18

38) Kunne du tenkje deg å vere med på å mobbe ein elev du ikkje likar? ja ja, kanskje veit ikkje nei, eg trur ikkje det nei 39) Er det ein eller fleire gjengar eller grupper av elevar i klassen som pleier å mobbe andre elevar? nei, det er ingen gjengar eller grupper av denne typen i klassen min ja, det er ein sånn gjeng eller gruppe ja, det er fleire sånne gjengar eller grupper 40) Er du sjølv med i ein sånn gjeng eller gruppe av elevar? nei ja 41) Korleis reagerer du vanlegvis om du ser eller forstår at ein elev på din alder blir mobba av andre elevar? eg er kanskje sjølv med på mobbinga eg gjer ingenting, men synest mobbinga er OK eg berre ser på det som skjer eg gjer ingenting, men synest eg burde prøve å hjelpe eleven som blir mobba eg prøver å hjelpe eleven som blir mobba på ein eller annan måte eg har ikkje lagt merke til at elevar på min alder er blitt mobba 42) Kor ofte føler du deg redd for å bli mobba av andre elevar på skulen din? aldri ein sjeldan gong av og til ganske ofte ofte veldig ofte Side 13 av 18

43) Kor mykje synest du kontaktlæraren din eller andre vaksne på skulen har gjort for å motarbeide mobbing i klassen/gruppa di dei siste månadene? det har vore mobbing i klassen/gruppa mi og kontaktlærar/dei vaksne har gjort mykje for å motarbeide mobbing det har vore mobbing i klassen/gruppa mi og kontaktlærar eller dei vaksne har gjort ein del for å motarbeide mobbing det har vore mobbing i klassen/gruppa mi og kontaktlærar eller dei vaksne har gjort lite eller ingenting det har ikkje vore mobbing i klassen/gruppa mi dei siste månadene MOBBING PÅ INTERNETT ELLER MOBILTELEFON Her kjem nokre spørsmål som gjeld mobbing via internett (f.eks. nettsamfunn som Facebook, heimesider, bloggar, videosnuttar) eller på mobiltelefon (f.eks SMS, MMS). 44) Kor ofte er du blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene? eg er ikkje blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene 45) Kor ofte er du blitt mobba med ubehagelege eller sårande ord eller kommentarar på internett eller mobil dei siste månadene? eg er ikkje blitt mobba på denne måten dei siste månadene 46) Kor ofte er du blitt mobba med sårande eller pinlege bilete eller videoklipp på internett eller mobil dei siste månadene? eg er ikkje blitt mobba på denne måten dei siste månadene Side 14 av 18

47) Kor ofte er du blitt stengd ute frå ei vennegruppe på internett eller mobil dei siste månadene? eg er ikkje blitt mobba på denne måten dei siste månadene 48) Om du er blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene, veit du kven som har gjort det? eg er ikkje blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene eg er blitt mobba på internett eller mobil, men eg veit ikkje kven som har gjort det eg har mistanke om kven som har gjort det eg veit kven som har gjort det 49) Om du er blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene, når på dagen har det skjedd? eg er ikkje blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene det har berre skjedd i skuletida (på skulen) det har berre skjedd utanom skuletida det har skjedd både i og utanom skuletida eg er blitt mobba på mobil eller internett, men eg veit ikkje når på dagen det har skjedd 50) Om du er blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene, har du blitt lei deg eller såra av denne mobbinga? eg er ikkje blitt mobba på internett eller mobil dei siste månadene eg har ikkje blitt lei meg eller såra av denne mobbinga eg har berre blitt litt lei meg eller såra eg har blitt lei meg eller såra eg har blitt svært lei meg eller såra Side 15 av 18

OM Å MOBBE ANDRE ELEVAR PÅ INTERNETT ELLER MOBILTELEFON 51) Kor ofte har du sjølv vore med på å mobbe ein eller fleire elevar på internett eller mobil dei siste månadene? eg har ikkje mobba andre elevar på internett eller mobil dei siste månadene det har berre skjedd ein sjeldan gong 52) Kor ofte har du sjølv vore med på å mobbe ein eller fleire elevar med ubehagelege eller sårande ord eller kommentarar på internett eller mobil dei siste månadene? eg har ikkje mobba andre elevar på denne måten dei siste månadene det har berre skjedd ein sjeldan gong 53) Kor ofte har du sjølv vore med på å mobbe ein eller fleire elevar med sårande bilete eller videoklipp på internett eller mobil dei siste månadene? eg har ikkje mobba andre elevar på denne måten de i siste månadene det har berre skjedd ein sjeldan gong 54) Kor ofte har du sjølv vore med på å stengje ein eller fleire elevar ute frå ei vennegruppe på internett eller mobil dei siste månadene? eg har ikkje mobba andre elevar på denne måten dei siste månadene det har berre skjedd ein sjeldan gong Side 16 av 18

55) Om du har mobba ein eller fleire elevar på internett eller mobil dei siste månadene, når på dagen har du gjort det? eg har ikkje mobba andre elevar på internett eller mobil dei siste månadene eg har berre gjort det i skuletida (på skulen) eg har berre gjort det utanom skuletida eg har gjort det både i og utanom skuletida NOKRE SPØRSMÅL OM SKULE OG TRIVSEL 56) Er det nokre elevar i klassen som aldri får vere med dei andre? nei det er ein elev som aldri får vere med dei andre to elevar tre eller fire elevar det er fem eller fleire elevar som aldri får vere med dei andre 57) Stemmer det at elevar i klassen ikkje bryr seg om kva læraren/lærarane seier til dei? nei, det stemmer svært dårleg nei, det stemmer dårleg ja, det stemmer litt ja, det stemmer godt ja, det stemmer svært godt 58) Korleis likar du deg i friminutta? svært dårleg dårleg verken godt eller dårleg godt svært godt Side 17 av 18

59) Stemmer det at læraren/lærarane på skulen din er venlege og hyggelege? nei, det stemmer svært dårleg nei, det stemmer dårleg ja, det stemmer litt ja, det stemmer godt ja, det stemmersvært godt 60) Korleis likar du deg i klassen din? svært dårleg dårleg verken godt eller dårleg godt svært godt 61) Korleis likar du deg i timane på skulen? svært dårleg dårleg verken godt eller dårleg godt svært godt Tusen takk for hjelpa! Side 18 av 18