Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon BOKMÅL

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Informasjon til elevane

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?


mmm...med SMAK på timeplanen

Tilgangskontroll i arbeidslivet

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkommen! Vennlig hilsen Human-Etisk Forbund Akershus Fylkeslag. HEF Akershus Fylkeslag

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Brukarrettleiing E-post lesar

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Informasjonshefte Tuv barnehage

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?


ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nytt HFK Intranett

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Informasjon til pasientar og pårørande

Eksamen TMF3102 Tømrarfaget/Tømrerfaget Lærlingar og praksiskandidatar / Lærlinger og praksiskandidater.

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Fag: EL6019 VKII/Bedrift elektrikar/elektriker, el. bygningsinst.

6. trinn. Veke 24 Navn:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Brukarrettleiing. epolitiker

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Velkomen som konfirmant!

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Valdres vidaregåande skule

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Eksamen EL6039 VKII Elektrikar / elektriker maritime elektriske anlegg. Nynorsk/Bokmål

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kva er økologisk matproduksjon?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Månadsbrev for Rosa september 2014

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Årsplan i norsk, 4. klasse,

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rådgjevarkonferanse 2009

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Velkomen som konfirmant

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

La meg få ein sjanse til...

Transkript:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse overfor andre viktig. Vi tek val på grunnlag av meiningane våre. Desse vala har ofte noko å seie for andre enn berre oss sjølve. Derfor må vi vise respekt for andre ved å ta ansvar for handlingane våre. Eit av dei vala du står overfor akkurat no, er om du skal konfirmere deg eller ikkje og korleis du eventuelt skal gjere det. Viss du ikkje har bestemt deg eller er i tvil, kan kanskje denne informasjonen frå Human-Etisk Forbund om Humanistisk konfirmasjon hjelpe deg til å gjere ditt val. Kanskje du og dine føresette kan sjå på denne informasjonen saman? 2 3

DEN SOM IKKJE STILLER SPØRSMÅL, FINN HELLER INGEN SVAR Å setje spørjeteikn ved noko er ikkje uttrykk for uvisse, men snarare eit prov på evna til å tenkje sjølv. Dette er viktig for å kunne danne eigne meiningar og ikkje berre stole på at andre har alle svara. Deltaking i diskusjonar og meiningsytringar er fruktbart for å kunne sjå ei sak frå så mange sider som mogleg. Det gjer det lettare å forme sitt eige standpunkt i dei spørsmåla det er naturleg å stille seg på vegen mot å bli vaksen. På kurset som er ein del av Humanistisk konfirmasjon tek vi opp ei rekkje spørsmål. Vi tar opp spørsmål som er viktige i kvardagen, men óg store spørsmål om verda. Ofte heng desse saman. Vi oppmuntrar alle til å delta aktivt og til å sjå kritisk på eigne og andre sine haldningar. Vi ønskjer å inspirere deg til å tenkje sjølv. KVA ER HUMANISTISK KONFIRMASJON? Humanistisk konfirmasjon er eit tilbod til deg som ønskjer ei humanistisk markering av overgangsfasen frå barn til vaksen. Humanistisk konfirmasjon er eit kurs i livssyn og etikk som vert avslutta med ein høgtideleg seremoni. KVIFOR VELJE HUMANISTISK KONFIRMASJON? Det å markere dei store hendingane i livet har alltid vore viktig, uavhengig av kultur. Vi menneske set pris på feiringar, oppleving av høgtid og menneskeleg fellesskap. Dette er ein del av Humanistisk konfirmasjon. I seremonien er det talar, dikt, musikk, song og utdeling av kursbevis. På same tid er Humanistisk konfirmasjon meir enn feiring. Konfirmasjonen skal óg gjere at ein tenkjer over viktige spørsmål: Kva er rett? Kva er godt? Kva er sant? Ansvarskjensle og respekt for andre er fine ord, men kva tyder dei, ikkje berre på papiret, men i praksis? Og kva tyder det å ta ansvar for eige liv og på same tid medverke til at andre har høve til det same? 4 5

kurset Nokre tema er så viktige at dei vil dukke opp uansett kvar du bur og kvar du går på kurs. Slike tema er livssyn, humanisme, kritisk tenkning og menneske rettar. Andre tema kan vere identitet, toleranse, kjønn og kropp, seksualitet og rus. Som konfirmant er du óg med på å bestemme tema sjølv. Det obligatoriske kurset i livssyn og etikk er tenkt å vere ein byggjestein på vegen mot vaksenlivet, men óg for å styrke deg her og no. På kurset møter du andre ungdomar, nokre kjenner du, medan andre har du kanskje aldri møtt før. Vi håper kurset óg vert ein fin, sosial møteplass. Human-Etisk Forbund er engasjert i arbeid for toleranse, solidaritetsarbeid og humanitære prosjekt. Konfirmantane kan på ulike måtar bli trekt inn i dette. KVEN KAN VELJE HUMANISTISK KONFIRMASJON? Alle ungdomar som ønskjer det kan velje Humanistisk konfirmasjon, uavhengig av eige eller føresette sitt livssyn. Ingen vert medlem i Human-Etisk Forbund utan aktivt å melde seg inn. For å bli medlem må du ha fylt 15 år. KVA OM DU IKKJE KAN KOME TIL KURS ELLER SEREMONI? Om du bur i utlandet og er forhindra i å delta på kurs, kan du ta kontakt med hovud kontoret til Human-Etisk Forbund og spørje etter det elektroniske kurset «Tenk på det og skriv om det!». KOR LENGE VARER KURSET? Det er vanleg at kurset byrjar i januar/ februar og varer fram til sjølve seremonien om våren. Som regel er det ein kveld i veka. Nokre stader er det tur eller leir, og då kan kurstida bli annleis. KORLEIS MELDER DU DEG PÅ? Du melder deg på til Humanistisk konfirmasjon hos ditt fylkeslag. Sjå lokal informasjon om påmelding, anten på vedlagde ark, eller på fylkeslaget si heimeside på www.human.no. Konfirmanten og føresette må sette seg ned saman for å fylle ut påmeldinga. Skjemaet omfattar spørsmål både om konfirmanten, føresette og forhold de bør ta eit felles standpunkt til. Før påmelding bør de sjekke tilbodet i fylket der de bur og snakke saman om kva som passar best. Nokre fylke har kurs både på vekedagar, helgesamlingar og kursleir. KVA KOSTAR DET? Kor stort gebyret er kan variere frå fylke til fylke. Dersom minst ein av dine føresette er medlem i Human-Etisk Forbund er gebyret lågare enn for ikkje-medlemmer. KVAR FINN EG MEIR INFORMASJON? For å lese meir om Humanistisk konfirmasjon, sjå forbundet sine heimesider: www.human.no/konfirmasjon. 6 7

Human-Etisk Forbund arbeider for livssynsfridom og jamstilling av livssyn. Til grunn for arbeidet ligg dei humanistiske prinsippa og ideala slik dei blir uttrykt i menneskerettane. Det humanistiske livssynet bygger på ei oppfatning om at vi kan leve gode liv ved hjelp av fornuft, erfaring og fellesmenneskelege verdiar. Vi har sjølv ansvar for handlingane våre og må jobbe saman med andre for vårt felles beste. Ein viktig del av verksemda til forbundet er tilbodet om seremoniar i samband med høgtidene i livet. I tillegg til Humanistisk konfirmasjon arrangerer Human-Etisk Forbund Humanistisk namnefest, Humanistisk vigsel og Humanistisk gravferd. Telefon: 23 15 60 00 Telefaks: 23 15 60 01 E-post: human@human.no www.human.no Postadresse: Human-Etisk Forbund, Postboks 6744 St. Olavs plass, 0130 Oslo Besøksadresse: St. Olavs gate 27, Oslo Brosjyren er óg trykt på bokmål. Denne brosjyren vert sendt til deg som er fylt eller fyller 14 i år. Foto: Nora Lie Bjørn Molstad/bareform.no Liselotte Dick Design: Grafisk Form Trykk: Norsk Formular Industri AS, 2013