Saksutgreiing: FORSLAG TIL REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK. HØYRING. Vedlegg: Forslag til regionalplan sjøareal havbruk Planprogrammet Annan informasjon: Heimesida til fylkeskommunen http://www.rogfk.no/planer-og-prosjekter/naeringsplaner/regionalplan-for-sjoearealhavbruk Akvakulturstrategien Regionalplan for næringsutvikling Regional planstrategi Utsyn og vidsyn, 2013-2016 1. Bakgrunn: Planprogrammet til regionalplan sjøareal havbruk, vart godkjend av fylkestinget 21. april 2015 og styringsgruppa vart utvida med alle ordførarane frå kommunane med sjøareal i Rogaland. Styringsgruppa godkjende detaljert plan for medverknad og framdrift i planarbeidet i møtet 26. juni 2015. Styringsgruppa fekk ny leiar hausten 2015 og nye ordførarar. Planarbeidet har vore ein politisk mobiliserings- og kunnskapsprosess for å spreia kunnskap om havbruksnæringa, miljømessig berekraft og samfunnøkonomiske ringverknader. Brukar- og verneinteresse, næringa, sektorstyresmaktene og kommuneplanleggjarane har vore involvert i referansegruppa. Kunnskapane frå planprosessen ligg på heimesida til fylkeskommunen. Planarbeidet har vore organisert som eit prosjektarbeid i fylkeskommunen. Prosjektansvarleg har vore næringssjef Norvald Skretting. Prosjektleiar har vore eit tverrfagleg sekretariat med rådgjevarar frå næringsavdelinga og regionalplanavdelinga. Forslag til regionalplan sjøareal havbruk vart presentert for styringsgruppa 24. august 2014. 2. Problemstilling:
Fylkesutvalet skal ta stilling til om forslag til regionalplan sjøareal havbruk kan sendast på høyring. 3. Saksopplysingar: BAKGRUNN Regionalplan sjøareal havbruk er ei av dei prioriterte planoppgåve i regional planstrategi Utsyn og Vidsyn, 2013 2016. Mat er eit prioritert område for regional utvikling og verdiskaping i Rogaland. Sjøen er ein ressurs for verdiskaping og produksjon av sjømat. Det er eit stort potensial for ei auka marin verdiskaping og ei auka produksjon av sjømat, særskilt innan havbruk og produksjon av laks. Rogaland står ovafor eit grønt skifte i samfunnsutviklinga og ei styrka satsing på bioøkonomien. Havbruket er viktig i bioøkonomien Det er eit nasjonalt mål om ei femdobling av produksjonen av sjømat innan 2050. Det regionale målet er ei dobling av produksjonen av sjømat frå 2010 til 2020. Målet er forankra i akvakulturstrategien som vart vedteken av fylkestinget våren 2011. Akvakulturstrategien er forankra i regionalplan for næringsutvikling kor naturessursane er ein av dei viktigaste drivarane for samfunns- og næringsutviklinga i Rogaland. Det meste av produksjonen av sjømat i Rogaland er produksjon av laks i opne merder i sjøen. Regionalplan sjøareal havbruk inneheld ein oversikt over oppdrettsselskapa i Rogaland og kor mange lokalitetar dei har i kva kommunar. Sjå vedlegga til planen. Skal produksjonen av sjømat auka må havbruket ha tilgang til gode og egna sjøareal. Havbruksnæringa skal vera miljømessig berekraftig. Det set og krav til kva som er dei gode og egna sjøareala. Sidan 1970 talet har det vore ein aukande konkurranse om sjøareala. Løysinga på alle utfordringane er planlegging av sjøareala. Det er vedteke at det skal opprettast eit nasjonalt havbruksfond. Dette vil vera ein motivasjon for kommunane til å planleggja sjøareala for å avklare næringsareal til havbruksnæringa. Næringa skal betala ei avgift inn til fondet for nye konsesjonar og for utviding av kapasitet på eksisterande lokalitetar. Nærings- og fiskeridepartementet har i desse dagar på høyring regelverket for kapasitetsjusteringar i laksenæringa. Kapasitetsjusteringane vil vera på 6% annakvart år. Kysten blir delt i produksjonsområde. Kvart enkelt produksjonsområde er avgrensinga for å vurdera kapasitetsjusteringane med lakselus som miljøindikator. Forslaget er at Rogaland vert omfatta av to produksjonsområde kor det eine er frå svenskegrensa til Karmøy og det andre frå Karmøy til Sotra. Dette er i samsvar med havbruksnæringa i Rogaland. PLANOMTALE Regionalpan sjøareal havbruk har søkjelyset på planlegging som verktøy for å leggje til rette for næringsutvikling. Planlegging i medhald av PBL inneheld gode og legitime verktøy som tryggar ei balansert samhandling, samsnakking og samordning mellom alle arealbruksinteressene i sjøen. Kommunane tek ei lokaldemokraktisk makt over eigne ressursar.
Planen er geografisk avgrensa til å gjelde sjøareala i Rogaland unntatt delar av Vindafjord kommune som er med i Regionalplan for Sunnhordland og ytre Hardanger. Det er ingenting i vegen for at Vindafjord kommune kan nytta retningslinene i regionalplan sjøareal havbruk for alt sjøarealet i kommunen. Regionalplan sjøareal havbruk er tematisk avgrensa til å gjelde havbruk. Planprogrammet definerer havbruk som all dyrking og produksjon av sjømat, andre næringsmiddel og ingrediensar i sjøen. Regionalplan sjøareal havbruk synleggjer kor mykje sjømat som vert produsert i Rogaland, rolla havbruksnæringa spelar for lokal og regional verdiskaping og miljøkrava og den miljømessige berekrafta til næringa. Regionalplan sjøareal havbruk synleggjer kor mykje næringsareal til havbruk det er i gjeldande kommuneplanar og kor mykje av dette som ikkje blir brukt. Det verkar som om kommuneplanane ikkje er tilpassa utviklinga i næringa og nye arealbehov. Regionalplan sjøareal havbruk gir føringar på at plasseringa av næringsareal til havbruksnæringa skal planleggjast med verkemidla i plan- og bygningslova og slik få til ei heilskapleg planlegging av sjøareala. Naturmangfaldlova set krav om at planlegginga skal vera økosystembasert. Det er ei utfordring sidan kommunegrensene ikkje følgjer sjøareala og fjordane. Regionalplan sjøareal havbruk oppmodar nabokommunar i sjøareala til å vurdera å samarbeida om arealplanlegginga i sjøen. Regionalplan sjøareal havbruk gir føringar på at plasseringa av næringsareal skal vera kunnskapsbasert. Det er tre hovudkategoriar kunnskap 1) kunnskap om verneog brukarinteressene i sjøen og arealbruk, 2) kunnskap om kva sjøareal som er prioriterte til å følgja opp nasjonale og regionale politiske mål og 3) kunnskap om dei naturgitte føresetnadene til sjøareala og kor gode og egna sjøareala er til å produsera sjømat på ein miljømessig berekraftig måte. VERKTØYA TIL PLANEN Regionalplan sjøareal havbruk har retningsliner til kommuneplanlegginga for å setja havbruksnæringa på dagsorden og til arealplanlegginga i sjøen for å avklare framtidig næringsareal til havbruksnæringa. Regionalplan sjøareal havbruk er eit kunnskapsgrunnlag for planlegginga av næringsareal til havbruket. Det er samla kunnskap om verne- og brukarinteressene i sjøen. Det er samla kunnskap om kva sjøareal som er viktig for å oppfylle nasjonale og regionalpolitiske mål innan samferdsel, friluftsliv og biologisk mangfald. Dei raude områda er viktige for gjennomføring av den nasjonale politikken innan samferdsel, biologisk mangfald og friluftsliv. Desse samfunnsinteressene har prioritet framom havbruksnæringa. Kunnskapane er samla i temakartportalen www.temakartrogaland.no/rps. Temakartportalen og temadataen kan brukast i arealplanlegginga, i interesseavklaringane og i konsekvensvurderingane av verknader for samfunn- og miljø av framtidig næringsareal til havbruksnæringa. KONSEKVENSAR AV PLANEN
Regionalplan sjøareal har retningsliner til kommuneplanlegginga og kunnskapsgrunnlag til arealplanlegginga i sjøen. Regionalplan sjøareal havbruk har eit handlingsprogram med søkjelyset på kompetanse og kunnskapsproduksjon. Kunnskapsgrunnlaget, retningslinene og handlingsprogrammet er verktøya for å leggje til rette for ei auka produksjon av sjømat med næringsareal i sjøen. Føresetnaden for at det verkeleg skjer er at kommunane følgjer opp retningslinene og reviderer sjøarealdelen til kommuneplanen. Det er og ein føresetnad at fylkeskommunen følgjer opp handlingsprogrammet og legg til rette med rettleiing og eit godt kunnskapsgrunnlag for arealplanlegginga i sjøen. Økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen Regionalplan sjøareal havbruk er heimla i plan- og bygningslova. Det er lovpålagt med eit handlingsprogram som skal vurderast i samanheng med økonomiplan og budsjettvedtak. Handlingsprogrammet føreslår at det vert sett av 1.6 millionar i året til gjennomføring. Dette blir ikkje innarbeida i budsjettet og økonomiplanen. Det blir venta at midlane som fylkeskommunen får frå havbruksfondet vert prioritert til å gjennomføra handlingsprogrammet. 4. Fylkesrådmannen sine vurderingar: Fylkesrådmannen vurderer planforslaget opp mot planprogrammet. Planen skal innehalda ein strategisk del som synleggjer verdikjeda i næringa, som synleggjer kva rolle havbruksnæringa og havbruksrelatert næring spelar for sysselsetting, busetting, kva som blir produsert av sjømat og utviklinga i produksjonen av sjømat. Planen skal synleggjera kva konsekvensar havbruksnæringa har for miljøet og kva havbruksnæringa gjer for å løyse desse. Regionalplan sjøareal havbruk synleggjer verdikjeda og verdiskapinga. Regionalplan sjøareal havbruk synleggjer den miljømessige berekrafta til næringa, miljøforvaltinga og kva næringa gjer får å handtera miljøutfordringane. Planen skal ha ein planomtale som skildrar kva konsekvensar forslaget til ei overodna arealdisponering som legg til rette for næringsutvikling i havbruket har for samfunn og miljø. Regionalplan sjøareal havbruk har ikkje ei konsekvensutgreiing og difor inga planomtale som skildrar konsekvensane av framtidig næringsareal til havbruket for samfunn og miljø. Grunnen er at regionalplan sjøareal havbruk ikkje føreslår ein regional disponering av sjøareala som imøtekjem både omsynet til brukar- og verneinteressene og omsynet til gode og egna næringsareal for havbruksnæringa. Grunnen til dette er manglande kunnskap om biologi og naturgeografi til sjøareala. Eit manglande kunnskapsgrunnlag vert følgd opp i handlingsprogrammet med marin grunnkartlegging og temakart og i retningslinene med tidleg involvering av havbruksnæringa. Planen skal ha eit temakart som viser kva område i sjøen som er uaktuelle for havbruk og kva område som kan vera aktuelle for havbruk. Planen skal ha retningsliner/rettleiing til kommunal arealplanlegging i sjø.
Regionalplan sjøareal havbruk har ikkje eit slikt temakart i planen. Bakgrunnen er at eit papirtemakart er lite fleksibelt og gir eit skjeivt bilete av røynda. Temadata om arealbruken til sjøtransport, friluftsliv og biologisk mangfald ligg i den digitale temakartportalen og kan brukast i arealplanlegginga i sjøen. Regionalplan sjøareal havbruk har retningsliner til kommuneplanlegginga. Regionalplan sjøareal oppfordrar kommunane som ynskjer å satse på havbruksnæringa til å revidera sjøarealdelen til kommuneplanen. Regionalplan sjøareal havbruk oppmodar nabokommunane med felles sjøareal til å samarbeida om arealplanlegginga i sjøen for å leggje til rette for gode og egna næringsareal. Planen skal ha eit handlingsprogram som viser korleis planen skal gjennomførast. I handlingsprogrammet kan det og vera forslag til korleis løysa konkrete problemstillingar som kjem opp i planarbeidet og som planen ikkje avklarar. Regionalplan sjøareal havbruk har eit handlingsprogram. Søkjelyset er på kompetanse og kunnskapsproduksjon. Regionalplan sjøareal havbruk avklarar at det offentlege kunnskapsgrunnlaget om naturgeografien og biologien til sjøareala ikkje er godt nok til å kunne planleggja plasseringa av næringsareal til havbruket. Handlingsprogrammet følgjer opp dette med tiltak som marin grunnkartlegging og utarbeiding av temakart frå rådata frå kartlegginga. Havbruksnæringa blir oppfordra til å ha ein plankontakt og involvera seg tidleg i planlegginga av sjøareala i kommunane. Fylkesrådmannen meiner forslag til regionalplan sjøareal havbruk følgjer opp det meste av planprogrammet og kan sendast på høyring. Det som ikkje vert føld opp i planen blir følgd opp med tiltak i handlingsprogrammet. Det vert sett av god tid i høyringa slik at kommunane kan handsama planforslaget politisk. Forslag til vedtak: Fylkesutvalet fremjar forslag til regionalplan sjøareal havbruk til høyring. Høyringsfristen vert sett til 1. januar 2017. Trond Nerdal Fylkesrådmann Norvald Skretting Næringssjef