I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

Like dokumenter
Har du nokon gong vore i kamp? Kjempa for noko du trudde på? Eller kanskje kjempa med krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte deg ned?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Helgatun / Danielsen

Bibelmeditasjonar om bøn

DEN UNIVERSELLE TRUA. Preike Molde Domkirke : Aposteldagen. Tekst: Mark 3, 13-19

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Ulsteinvik Bibelen

Refleksjon og skriving

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Sofies hemmelegheit.

2016 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av

OK, seier Hilde og låser.

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Info til barn og unge

Elevundersøkinga 2016

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

/

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Last ned Tidebøn. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tidebøn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Det så rbåre livet. Kva skjer om nokon spør deg korleis du har det? Preike 20. september

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Preike 4. s i treeiningstida Molde Domkirke 21. juni 2015

Til deg som bur i fosterheim år

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Minnebok. Minnebok NYNORSK

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

6-åringar på skuleveg

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Jesus taler om sin død

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Program for Stord kyrkjeakademi hausten På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar. Sundag 3. september kl frå Vistvik

Jon Fosse. For seint. Libretto

Vigsling til andre tenester

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar


Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

Månadsbrev for Rosa september 2014

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Vigsling av evangelist


Å halde ein læresamtale

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Faget vert delt mellom kontaktlærar og faglærar, der kontaktlæraren tek seg av mykje av etikkdelen opp imot "Det er mitt val".

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

2016 Det Norske Samlaget

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Q1 Din alder 1 / 27 DIN ERFARING MED BOKN LEGEKONTOR. Besvart: 89 Hoppet over: 2 31,46% 28. under 29 år 41,57% år 26,97% 24.

Å løyse kvadratiske likningar

MI BRILJANTE VENNINNE

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

mmm...med SMAK på timeplanen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Transkript:

Preike Molde Domkirke 16. Mars 2014 KAMP Har du nokon gong kjempa for noko? Noko du trudde på, noko du var overtydd om? Eller har du kjempa inne i deg, mot krefter inne i deg sjølv? Krefter som vil bryte deg ned? Det er 2. søndag i faste i dag. Det handlar om kamp. Dette er kampens søndag. V har sett kampen rase her framme i kyrkja. Og forteljinga om Jakob ved Peniel er ei merkeleg forteljing. Jakob er åleine. Han er på elvebreidda ved vadestaden Jabbok, altså den staden der ein brukte å krysse elva, ein stad der den renn roleg. Det er natt. Og brått er Jakob midt inne i ein kamp. Ein ukjend mann kjempar med han, og kampen bølgjer fram og tilbake heile natta. Eller er det ein eigentleg ein mann han kjempar mot? Kven er denne ukjende? Er det noko merkeleg kjent med han? Han veit ikkje. For han er midt inne i kampen. Han har nok med å kjempe. Jakob må kjempe denne natta. Ein framand går til åtak på han, og let ikkje Jakob passere vadestaden utan kamp. Og dei som har studert denne teksten seier at denne skikkelsen, dersom ein samanliknar den med omkringliggande religionar frå den same tida, kan likne på ein elvedemon sidan han held til ved elva og ikkje toler lyset om morgonen. «Slepp meg, for morgonen gryr», seier han då lyset nærmar seg. Eller som kantoren vår sa det då vi snakka om det: altså eit godt gammaldags troll. Kven er det Jakob kjempar mot? Spørsmålet lyd nesten blasfemisk, men eg meiner likevel de er lov å stille. Er det Gud eller djevelen? Er det godt eller vondt? Og eg meiner spørsmålet er lov å stille fordi det nettopp seier noko om forvirringa som kan råde når ein brått finn seg sjølv i ein kamp på liv og død: vi ser ikkje klart. Motstandaren er uklar. Vi er ikkje lenger sikre på kva vi eigentleg kjempar imot, kva som er det gode og kva som er det vonde, vi berre kjempar med det vi har for å overleve. I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot. Ghandi. Martin Luther King. Nelson Mandela. *

Mor Teresa. Jesus. Kva er felles for dei? Det er kanskje fleire ting. Men ein av dei tinga som er felles, er at dei alle har kjempa. Dei som har forandra verda har oftast kjempa. Dei har møtt motstand, både utanfor seg sjølv og inne i seg sjølv, og dei har kjempa. Dei har alle vore merka av kampen. «Der åtselet er, vil gribbane samle seg», sa Jesus ein gong. Og det er ikkje sikkert deira kampar heller var så klare for dei då det stod på. Mandela var heilt sikkert freista til å gje opp og bli bitter i fengselet. Mor Teresa kjempa med tvilen heile livet. Vi veit at Jesus kjempa med sin eigen dødsangst rett før han let seg ta til fange. Når er det vi kjempar då, spurde eg då vi førebudde denne gudstenesta med dykk som er konfirmantar. Og svara kom raskt. Når vi gjer nye ting. Når vi gjer noko vi ikkje er sikre på. Når vi står fram med eigne meiningar. Når vi kjempar med svolten i fasten. Når vi kjempar mot lysta til å ligge på sofaen når vi har bestemt oss for å trene eller øve til ei prøve. Når vi gjer Guds arbeid. Når vi kjempar for jorda og miljøet. Når vi arbeider for rettferdigheit. Når vi jobbar for ei god sak. Kva må vi gjere når vi kjempar då?, spurde eg vidare. Og ei sa: «Du må fortsette sjølv om tankane seier nei. Sjølv om du er heilt sliten. Du må overtyde tankane og hjernen til å tru at du greier det.» Og ein sa: «Kvar dag bør ein gjere noko som slit på viljen din då trenar du den opp og får meir viljestyrke. Då kan du nå måla dine.» Og han la til: «Kanskje må vi kjempe for å førebu oss til noko som kjem seinare i livet.» Det var gode svar. Og tankevekkjande. Det verka som de visste ein god del om kva kamp er. Vi skal gå attende til forteljiga om Jakob. Etter kvart forstår vi at det er Gud han kjempar mot. Og det finst ei linje i Bibelen sine

forteljingar om å kjempe med Gud. Det er ikkje ei hovudlinje men desse forteljingane finst: Abraham som forhandlar med Gud då Gud har bestemt seg for å øydeleggje dei to byane Sodoma og Gomorra. Job som nektar å godta at han er skuld i alle ulukkene som rammar han, og som tviheld på at det er Gud som er urettferdig. Jakob som kjempar med denne ukjende framande til det gryr av dag. Den kananeiske kvinna som kjempar for dottera si som er sjuk og diskuterer med Jesus for å få han til å gjere henne frisk. Likninga om enkja og dommaren, der ei enkje masar så lenge på ein dommar at han til slutt hjelper henne. I alle desse forteljingane kjempar mennesket med Gud. Og det som er oppsiktsvekkjande er at i nokre av dei vinn mennesket. Gud gjev etter. Jakob held Gud fast og får til slutt velsignelsen. Enkja i Lukasevangeliet masar så lenge på denne domamren at han til slutt seier: «Endå eg verken har ærefrykt for Gud eller tek omsyn til noko menneske, vil eg hjelpa denne enkja til retten hennar, sidan ho plagar meg slik, elles endar det vel med at ho flyg like i synet på meg.» Og den kanaaneiske kvinna får faktisk Jesus til å ombestemme seg. Og interessant nok Jesus anerkjenner trua hennar, sjølv om ho eigentleg tilhøyrer ein annan religion. Trua di er stor, seier han. Det skal bli som du vil. Har ei sterk tru noko med det å kjempe? Er det nettopp sterk tru dei har hatt, desse som har forandra verda, og som har gjort at dei har halde ut kampen? Som har gjort at dei har nekta å gje opp? At dei har halde fram sjølv om tankane seier nei? Sjølv om dei har vore «heilt slitne»? I denne samanhengen kom eg på noko som teologen Notto Thelle har skrive. Han skriv at i jødisk tradisjon vert Abraham rekna som ein helt fordi han forhandlar med Gud: Viss du skal kalle deg sjølv rettferdig, så kan du vel ikkje ta livet av dei uskuldige saman med dei skuldige? Du kan vel ikkje drepe både urettferdige og rettferdige? Sett at det finst femti rettferdige i byen vil du spare byen då? Og slik forhandlar Abraham til han er komen heilt ned til ti rettferdige i byen då torer han ikkje å gå lenger ned. Og Abraham vert altså sett på som ein helt på grunn av denne forhandlinga med Gud. Medan Noa på den andre sida vert sett på som ein antihelt fordi han ikkje stiller spørsmål når Gud vil drukne alt som lever i storflaumen, men berre

aksepterer det. I Bibelen sine forteljingar er det altså ein tradisjon for å stille spørsmål til Gud. Stille spørsmål ved Guds planar. Og i nokre tilfelle så får det Gud til å forandre planane sine. Gud som er bevegeleg. Det viser noko av mennesket sin styrke i det bibelske universet. I forteljinga om enkja og domaren får enkja det til slutt som ho vil, fordi dommaren er redd for at ho skal bli så sint at ho flyg like i ansiktet på han. * Jakob vart skada etter sin kamp med Gud. Han fekk hofta ut av ledd, han halta etterpå. Han bar merke etter kampen. Og slik er det mage av oss som ber merke etter kampane våre. Trua kan vere skada. Dei som har kjempa for eit sjukt barn, veit noko om dette. At trua kan ta skade. Vi hadde om sorg denne veka me dykk som er konfirmantar, og då vi spurde kva trua på Gud hadde å bety når de sørga, så var det ei som sa at det verka som Gud ikkje var der då ho hadde mest bruk for han. Mange har kjent dette. Gud som er stille. Som ikkje svarar. Likevel: Denne søndagen utfordrar oss om å kjempe. Ikkje slå oss til ro med at Gud er fjern eller ikkje svarar. Den utfordrar oss til å prøve kreftene mot Gud sjølv. Slå oss gjennom veggen. Flyge i ansiktet på han. Slik forfattarane av Salmane si bok i Det gamle testamentet gjer når dei klagar til Gud og auser ut si smerte og si fortviling i ein nærast ustoppeleg straum av ord. Kanskje nettopp fordi det ikkje finst nokon andre å vende seg til. (Ta opp Kristuskransen) Den svarte perla. Natta si perle. Kampen si perle. Av og til treng vi å halde på den. Og det er eit paradoks: for kan tvihalde på Gud og seie eg slepp deg ikkje og samtidig i vår djupe fortviling rope til den same Gud på hjelp? * * * Det kan altså verke som om vi rår over store krefter. Av og til kan vi bli overraska over oss sjølve fordi kampen gjer at vi kjem i kontakt med krefter vi ikkje ante at vi hadde. Eg trur nok at Jakob vart

overraska av sin eigen styrke og sitt eige mot denne natta. Likevel trur eg ikkje desse forteljingane handlar om at vi kan tvinge Gud til noko. Eg vil til slutt stogge heilt på slutten av forteljinga om Jakobs kamp. Når er det Jakob forstår at det er Gud han kjempar med? Eg spurde dykk som er konfirmantar om dette. Og ein av dykk sa: Då den framande ikkje vil fortelje namnet sitt. Kvifor vil ikkje Gud fortelje namnet sitt då? spurde eg vidare. Og ei sa: Han vil sikkert at Jakob skal skjøne kven han er av seg sjølv. Og eg kunne ikkje fått eit betre svar. For det er noko veldig hemmelegheitsfullt slutten på denne forteljinga. Noko typisk Gud. For sjølv om Jakob får det som han vil, så røper ikkje Gud namnet sitt. Han unnslepp på ein måte. Jakob må sjølv finne ut kven han har kjempa med. Jakob vinn kampen, men han greier ikkje å halde på denne framande. Jakob vinn, men vi får ei kjensle av at Gud likevel vinn. At han ville velsigne Jakob. Og at han ville at Jakob skulle kjempe for den. Og der er noko liknande i slutten på forteljinga om Job, når Gud svarar i stormen og på ein måte gjev Job rett, men likevel er suveren og har kontroll. Desse forteljingane som vi har gått inn i i dag er opne forteljingar. Dei stiller fleire spørsmål enn dei gjev svar. Det er mange måtar å måtar å forstå dei på. Kjempar vi i nokre tilfelle mot Gud sjølv, eller verkar det berre slik? Eg veit ikkje. Denne linja finst i dei bibelska forteljingane. Og samtidig har dei dette hemmelegheitsfulle i seg. Ein Gud som skjuler seg fordi han vil at vi skal kjenne han att av oss sjølve. Ære være Faderen og Sønnen og Den Hellige Ånd..