Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.



Like dokumenter
ULVESET SKULE MØVIKVEGEN FJELL

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Sandeid skule SFO Årsplan

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Årsplan SFO Sevland skule 2015/2016

ÅRSPLAN S F O KOLLTVEIT SKULE INNHALD. Innleiing. Rammevilkår - generelle vilkår - fysiske vilkår - vilkår for bemanning - vilkår for samarbeid

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Årsplan for

Bjørnehiet SFO - informasjon

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Plan for Liabygda SFO

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Informasjonshefte Tuv barnehage

I SFO finn de i skuleåret 2017/2018 :

Respekt på Rommetveit skule

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side Retningslinjer side Reglement side Samarbeidsutvalet side 3. 5.

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Årsplan for skolefritidsordningen

Månadsbrev for Rosa september 2014

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Plan for overgangar. for barn og unge

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

Definisjon og formål. Målsetjing

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Handlingsplan Lye SFO

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

Foreldremøte 19. september 2018

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: /

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kvalitetsplan mot mobbing

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

Øystese barneskule April - 08

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

Årsplan for skolefritidsordningen

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL:

Plassebakken Barnehage

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Velkommen til nytt barnehageår!

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M


Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Transkript:

Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna ved skulen. Vedtektene i Fjell kommune seier at skolefritidsordninga skal vere eit frivillig aktivitets-, kultur- og fritidstilbod for barn i 1-4. klasse og barn med særskilde behov frå 1.-7. klasse. Fritidsordninga skal gje barna omsorg, tilsyn og gode utviklings kår. SFO- skulefritidsordninga er barna si fritid. Vi er opptatt av at barna i stor grad skal få velje innhaldet i si eiga fritid. Vi har nokre styrte aktivitetar som vi oppfordrar og motiverer barna til å være med på. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Tryggleik og trivsel SFO skal vera ein trygg og god stad å vere for alle barn. Barna må vera trygge for å kunne trivast og delta i leik og andre aktivitetar. Vennskap og sosial kompetanse For at barna skal trivast og utvikla seg, må dei kunne utvikla vennskap, og kjenna seg inkludert i barnegruppa. Barn må få høve til å delta i leik og aktivitetar saman med dei andre barna. Leik og læring Barna skal få utfolda seg i lek og læring, saman med barn og vaksne i SFO. Barna skal få høve til å leike og å lære, ut frå eigne ønskje,interesser og gjennom tilrettelegging av ulike aktivitetar. Saman med skulen legg vi til rette for eit miljø med trygge vaksne som er tilstades saman med barna. Zero Vi er opptatt av at barna skal oppleve vennskap, og ha nokon å leike saman med i eit trygt miljø. Vi jobbar for at ingen skal oppleve krenkande åtferd frå andre. Vi er ein Zero- skole, og har nulltoleranse for mobbing. SFO har eit tett samarbeid med skulen, og vi har fokus på Zero både på skulen og SFO. Handlingsplan mot mobbing vert utarbeidd av foreldrerepresentantar og heile personalet ved skulen og SFO. TSK Skulen og SFO jobbar med TSK, som er tydelig, støttande og førebudd klasseleiing. I SFO vektlegg vi den vaksne si rolle i forhold til barna. Tydeleg - gje tydelege beskjedar og jobbe med rutinar. Støttande - bygge relasjonar og ha fokus på det positive.

Førebudd - ha positive forventningar og ha planar/ være førebudd på utfordringar som kan oppstå. Sjå når dei lukkast Dagsrytme på Sfo 7.00 SFO opnar, barna kryssast inn etter kvart som dei kjem 7.45 Frukost 8.15-8.30 Utetid før skulestart 12.45/14.00 Barna kjem til SFO, blir krysset inn Utetid 14.00 Måltid 14.30 Lek/aktivitetar 16.30 SFO stengar Det går 77 barn i SFO 1.trinn- 34 barn 2.trinn- 21 barn 3.trinn- 16 barn 4.trinn- 14 barn 5.trinn- 1. barn Barna er inndelt i fire grupper, der faste vaksne har ansvar for si gruppe. Kvar gruppe har sin base. Til det bruker vi dei to romma i Sfo- basen og klasseromma til 1.trinn. Rød gruppe- Blå gruppe- Grøn gruppe- Gul gruppe- 261- Margareth og Møyfrid 262- Tone Merethe/Åse og Janne-Brith 263- Giske og Hilde/Randi 264- Linn og Elise Når barna møtar på SFO etter skuletid,kryssar vi dei inn på gruppa dei høyrer til, før dei går ut. Det foregår på SFO base 263. Ved 1. trinn ordnar lærer med innkryssing, barna går direkte til uteplassen etter påkledning. Etter måltidet blir gruppene løyst opp og vi nyttar mest SFO- basen. Det er ein variasjon på leik ute/inne eller gruppeaktivitetar etter måltidet. På morgon- SFO har vi eigne lister som vi kryssar barna inn på. Morgon- SFO avsluttast 08.15, og etter det vert ikkje nokon kryssa inn før dei kjem på skulen. Frå 8.15 er barna som går i SFO ute saman med elevar som kjem til skulen.

For å halde oversikt over kven som er her til ein kvar tid, er det viktig at de gjer melding i skulen si kontaktbok. SFO får meldingar frå kontaktlærar kvar dag om fråvær og andre beskjeder. Når barn blir henta, er det viktig at de gir beskjed på SFO-basen(Rom 263) at de tek barnet med dykk, ein frå personalet kryssar barnet ut frå lista. Er det ikkje nokon frå personalet på basen, må dykk kontakte ein vaksen på kjøkken eller ute for å få gitt beskjed. Faste avtalar om at barn skal gå heim/ ta buss må være skriftleg. Avtaler om å vere med andre barn heim må avtalast på førehand. Unngå beskjeder via telefon. Vi kan ikkje halde oss til munnlege meldingar frå barna. Måltid Vi prioriterer eit felles måltid for alle barna. Måltidet dekkes av kostpenger, det betalast 100,- kvar månad. Det dekker mat og drikke kvar dag på SFO. Måltidet varierer mellom brød/knekkebrød m/variert pålegg, havregryn /risnøtter /cornflakes. Nokre gonger har vi tomatsuppe, grøt eller kakao m.m. Som ein del av aktivitetane har vi og matlaging på heimkunnskapen, kva vi lager er varierande, men kan til dømes vere pizza eller eller rundstykker. Gi melding om eventuelle allergiar. Vi nyttar og tida rundt måltidet til å ha fokus på TSK og Zero. Vi vektlegg rutinar og tydelege rammer, og har fokus på at barna skal følgje beskjeden frå dei vaksne med ein gang. Aktivitetar Vi har ikkje styrte aktivitetar kvar dag. Tida i SFO går med til måltid, utelek /innelek og leksehjelp. Vi legg tilrette for mykje uteaktivitet heile året. Barna liker å være aktive ute, og vi ser kor viktig det er og behovet for å legge tilrette for det. Etter ein lang skuledag er det godt å kunne være i fysisk aktivitet. Vi har eit uteområde som innbyr til varierte aktivitetar ute: leikeplass, skog og ball - binge. Vi har nokre styrte aktivitetar, der vi nyttar gymnastikksal, data, mediatek og heimkunnskap rommet. Vi nyttar og bassenget når det er mogleg. I samband med høgtider legg vi tilrette for formingsaktivitetar for alle. Vi legg vekt på at barn sjølv i stor grad skal få velje aktivitetar ut frå eigne ønske og behov! Vi ser for oss at året blir slik: August- tilvenning/bli kjent. September- Startar opp med gruppeaktivitetar. Oktober- Fortsetter med gruppeaktivitetar. November- Lage pepar kake hjerter til kalender. Desember- Formingsaktivitetar, lage julegåve, juleavslutning med nisse grøt! Januar-

Februar- Mars- April- Mai- Juni- Formingsaktivitetar i forbindelse med påske, påskelunsj. Nytte bassenget, sommar avslutning og foreldrkaffe. Foreldresamarbeid Vi legg vekt på godt samarbeid med føresette, og vektlegg kontakt ved henting/bringing. God og tett kommunikasjon mellom heimen og SFO er ein viktig tryggleik for at barna skal trivast, og for at føresette skal få nødvendig informasjon. Vi ønskjer at de i stor grad hentar barna i SFO- basen, slik at vi kan gje tilbakemelding på daglege hendingar. Bruk kontaktboka dersom andre skal hente, eller ved endringar frå det vanlege vedrørande avslutning av SFO - dagen. Vi tar kontakt via telefon eller kontaktbok ved spesielle hendingar. Vi ønskjer og at de tek kontakt eller brukar kontaktboka dersom det skulle være noko. Det er ofte nyttig for oss å få beskjed dersom det er spesielle hendingar som har forkomme heime eller på skole /SFO. SFO- leiar orienterer om SFO på informasjonsmøte for 1.trinn våren før dei byrjar på skolen. SFO- leiar deltar og på 1.trinn sitt foreldremøte om hausten. Gje tilbakemeldingar til oss som jobbar i SFO, både ris og ros! Send gjerne e-post til SFOleiar. SFO- leiar har eit tett samarbeid med leiinga på skulen, og med kontaktlærarar. Det er og et samarbeid med helsesøster og spes.ped.- koordinator ved skulen, dersom det er naudsynt. Husk å ha dette tilgjengeleg kvar dag på SFO: Innesko Byttetøy Regntøy/ støvlar Namn i alle kler og sko Matpakke dersom barnet skal eta frukost Leksehjelp Elevar frå 1.-4. trinn får tilbod om leksehjelp tysdagar og onsdagar. 2.-4.trinn har leksehjelp 13.00-14.00, mens 1.trinn startar leksehjelpen med utelek og gjør lekser fra 13.30, og totalt ein time. For 1. trinn vert det ein kombinasjon av lekser og tilrettelagte aktivitetar. Leksehjelpen vert organisert av SFO - leiar, og det er assistentar som jobbar i skule og SFO som deltek i leksehjelpen. Leksehjelp er ei tilsynsordning, og ikkje eit pedagogisk tilbod. Det er ikkje kapasitet til å gje individuell oppfølging.

Bemanninga i SFO og leksehjelp er sett utifrå kor mange barn som er påmeldt. Dersom ein har meldt barnet på leksehjelp må barnet delta der på lik linje med anna undervisning. Det vert ført fråvær som i skulen. Barna kan ikkje velja å heller vera i SFO, når dei er påmeldt leksehjelp. Dersom barnet ikkje skal delta i leksehjelpa, seier ein opp dette tilbodet skriftleg. Barna må sjølv møte til leksehjelp etter å ha fått beskjed om det. Personalet i SFO har ikkje kapasitet til å følja opp elevar som ikkje går til leksehjelp. Dersom elevar ikkje møtar til leksehjelp tek vi kontakt med føresette. Det er viktig at lekser som er gjort på leksehjelp vart gjennomgått heime. Leselekser må gjerast heime. All påmelding og utmelding av leksehjelp skal gjerast skriftleg til SFO- leiar. Spørsmål angåande leksehjelp rettast og til SFO- leiar. Ulveset Sfo 21.08.14 Sfo- leiar Randi Irene Sel Skråmestø Rektor Solveig Ellingsen