Årsmelding 2006. Statens naturskadefond



Like dokumenter
Statens naturskadefond

Årsmelding 2007 Statens naturskadefond

Statens naturskadefond

Statens naturskadefond

Statens naturskadefond

Årsmelding Statens naturskadefond

Årsmelding 2005 Statens naturskadefond

Årsmelding 2014 STATENS NATURSKADEFOND

Statens naturskadefond

STATENS NATURSKADEFOND. Årsmelding 2016

Til deg som bur i fosterheim år

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

NY NATURSKADEERSTATNINGS- LOV NY ORGANISERING. Landbrukskonferanse 2017 Ullensvang hotell 14. til 15. februar Gunn Eide, Landbruksdirektoratet

NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar?

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fortid & notid for framtid

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Årsmelding Statens naturskadefond

Interkommunalt skredsamarbeid. Kvam, Fusa, Ullensvang, Granvin, Ulvik, Jondal, Tysnes, Masfjorden og Modalen. Ansvar

ROS-analyse til reguleringsplan

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

MØTEBOK Tysnes kommune

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

8. Museum og samlingar

Ekstremvêrhendingar. - lærer vi av dei? Idun A. Husabø

12. Færre besøk ved norske kinoar

Vestlandet ein stor matprodusent

Forslag frå fylkesrådmannen

Erfaring frå samarbeidande kommunar. Skredseminar

13. Sendetida på TV aukar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kommunegeolog. Infomøte. Interkommunalt samarbeid. Kva kan kommunane spare? fredag 9. mars 2012, Thon Hotel Sandven, Norheimsund

VEDTEKT av februar 2007

Når ulykken har skjedd. Hvordan en naturskade håndteres

Samfunnstryggleik i plan

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Flaum i eit framtidig klima - korleis kan vi tilpasse oss?

Funn fra Arealklimprosjektet. Presentasjon i et møte med Statens naturskadefond Sogndal,

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Prop. 28 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Kontrollutvalet i Suldal kommune

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Jomar Ragnhildstveit, Hordaland fylkeskommune

Lov om erstatning for naturskader (naturskadeerstatningsloven)

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Presentasjon av arbeidet med gjennomgang av naturskadeloven

Møteprotokoll for møte i

Undredal sentrum Reguleringsendring detaljregulering gnr 51, bnr 20 m.fl

Erstatning etter naturskadeloven

Bilene som ikke har fått oblater har en eller flere av manglene under:

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

HL langrenn Stafett Startliste :00:00

Vegtrafikkindeksen juni 2018

Om tabellene. Januar - februar 2019

Personer med nedsatt arbeidsevne. Fylke og alder. Tidsserie måned

Om tabellene. Januar - mars 2019

Personer med nedsatt arbeidsevne. Fylke og alder. Tidsserie måned

Personer med nedsatt arbeidsevne. Fylke og alder. Tidsserie måned

Personer med nedsatt arbeidsevne. Fylke og alder. Tidsserie måned

Om tabellene. Januar - mars 2018

Statens naturskadefond

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Personell i Den offentlige tannhelsetjenesten, budsjetterte årsverk og ledige stillinger Fylkesvis

Noregs Vassdrags- og Energidirektorat. Skredseminar, Øystese, 14. april 2010

Om tabellene. Januar - desember 2018

Har du verneverdig skog på eigedommen din? Då kan friviljug vern vere aktuelt for deg!

Norge tekst 2. Oppgaver. Arbeid med ord læremidler A/S, Astrid Brennhagen

Vår ref. 2011/ Særutskrift - Dispensasjon frå kommunedelplanen - 131/6 - Uskedalen - Gunnar og Edit Kjærland

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

Risiko og sårbarheit i reguleringsplan. Kathrine Sæverud Hauge Rådgjevar Beredskap Fylkesmannen i Hordaland

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Vegtrafikkindeksen august 2018

Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal

NVE sin organisasjon. Noregs vassdrags- og energidirektorat. NVE sine hovudmål. Flaumskred Eikesdal 2003 NVE. Regionkontora-kompetanse

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Vegtrafikkindeksen 2018

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Vegtrafikkindeksen oktober 2018

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Transkript:

Årsmelding 2006 Statens naturskadefond

Haust No rullar Havet svært mot Land med Skum um skavlande Ryggir og bryt seg sprengt mot Øydestrand, der berre Vindtroll byggjer. Og Stormen skrik i ville Gru, der yvi Djup han jagar Med Fók og Rók um Rev og Flu i desse Haust-myrke Dagar Frå Haugtussa av Arne Garborg Design og produksjon: Lobo Media AS Foto: Lobo Media og SLF

Innhald Melding frå styret 4 Statens naturskadefond og styret 5 Sekretariatet sitt arbeid i 2006 7 Erstatningssaker: Oversiktskart og statistikk 9 Saksgangen ved naturskadeerstatning 12 To store hendingar i 2006: Verdal, Lom og Vågå 14 Sikring mot naturskadar 16 Ankenemnda og ankesaker 18 Rekneskap 20 Statistikk 21 statens naturskadefond 3

Melding frå styret for 2006 I 2006 fekk styret ny samansetning. Styreleiar og nokre av styremedlemmene var nye, mens andre hadde vore med før. Slik sikra ein nødvendig kontinuitet. Styret har hatt 6 styremøte, og behandla til saman 57 styresaker. Under dei 57 styresakene er desse enkeltsakene behandla: 1497 erstatningssaker og 12 søknader om tilskot til sikringstiltak. I tillegg er det behandla høyringssaker, saker som gjeld arbeidet til styret, og saksforhold som gjeld ny sikringsforskrift og utgreiing av ny naturskadeordning. Til saman er det gitt 114 823 156 kroner i direkte erstatning og 40 270 000 kroner til førebyggjande sikringstiltak. Talet på saker og søknader om både erstatning og førebyggjande tiltak har auka litt i forhold til føregåande år, ikkje minst som følgje av omfattande flaumskadar i Midt-Noreg i januar. Styreleiaren og administrasjonen vitja i samband med dette dei hardast ramma områda. Det blei skipa til møte med representantar for dei ramma kommunane og politi- og lensmannsetaten, som er viktige medspelarar når denne typen naturskadar oppstår. I 2006 har styret konsentrert seg mykje om førebyggjande skredarbeid. Åkneset i Stranda og Hammerfest er døme på prioriterte område der både overvaking og førebygging har vore nødvendig over tid. Men også andre område har fått tilført midlar gjennom Naturskadefondet til denne typen tiltak. Likevel har det vore nødvendig å prioritere stramt ut frå dei budsjettrammene som fondet har til disposisjon. Gjennom både formelle og uformelle kanalar har behovet for auka ressursar blitt formidla til Landbruksdepartementet og Stortinget, mellom anna basert på hypotesar om eit framtidig annleis og tøffare vêrmønster enn før. Vi må vere førebudde på at klimatiske endringar også vil få følgjer for Noreg, og at behovet for eit styrkt Naturskadefond aukar i eit lengre tidsperspektiv. Styret meiner at det er viktig ved sjølvsyn å erfare skadeomfang og verknader av større naturskadar. Vidare er det viktig å evaluere erfaringane som blir gjorde i forholdet mellom etatar som har eit spesielt ansvar når naturen viser seg frå si mest uforsonlege side. På denne bakgrunnen har styret gjennomført synfaringsreise til tre kommunar i Rogaland/Ryfylke. På denne reisa deltok også representantar for Norsk Naturskadepool. Styret opplever å bli teke godt imot i kommunane og at det blir sett pris på den interessa som blir vist gjennom desse besøka. Det er viktig for styret å ha tette og gode relasjonar til samarbeidspartnarane våre. Det har derfor vore halde tre kontaktmøte mellom Naturskadefondet og Norsk Naturskadepool. Dette har vore svært nyttig, ikkje minst for å avklare tydelegare grenser mellom dei respektive ansvarsområda våre. Vi veit av erfaring at det stundom oppstår tvil om kven som har ansvar for kva når erstatningar skal vurderast. Møta oss imellom har hjelpt oss til å sjå ting klarare og har vore haldne i ein god tone. Alle er einige om at omsynet til den skadelidne er viktigast. Vidare har det i 2006 vore halde to møte mellom styret i Naturskadefondet og representantar for Landbruksdepartementet. Dette er ein viktig arena der det er høve til direkte kommunikasjon med overordna instans. Dette er av stor verdi. Fondet har gitt innspel i arbeidet med revidert naturskadelov og nye forskrifter om tilskot til sikring mot naturskadar. Som styreleiar vil eg få takke andre medlemmer og administrasjonen for eit godt samarbeid i 2006. Bror Yngve Rahm styreleiar 4 statens naturskadefond

Statens naturskadefond Privat forsikring Alle bygningar og lausøyre som blir forsikra mot brannskadar, dessutan hageanlegg inntil fem dekar rundt bustad og fritidsbustad, er også forsikra mot naturskade. Ei slik forsikring har ein ofte gjennom innbu- og villa-/eigedomsforsikringa. Korleis forsikringsselskapa skal dekkje naturskade, blir omtala i naturskadeforsikringslova. Ordninga blir administrert av Norsk Naturskadepool, der alle skadeforsikringsselskap er medlem. Erstatning frå naturskadefondet Statens naturskadefond tilbyr erstatning for naturskadar i dei tilfella der det ikkje er høve til å forsikre seg mot skaden ved alminneleg forsikringsordning. Verksemda til Statens naturskadefond er heimla i naturskadelova, lov om sikring mot og erstatning for naturskader (25. mars 1994 nr. 7). I Noreg har vi ei todelt økonomisk erstatningsordning ved naturskade fordelt på privat og offentleg erstatning. Kven som erstattar skaden, er avhengig av om objektet som er skadd, kan forsikrast eller ikkje. Statens naturskadeordning har desse oppgåvene: å yte erstatning for naturskadar i dei tilfella då det ikke er høve til å forsikre seg mot skaden ved ei alminneleg forsikringsordningå fremje sikring mot naturskade å yte tilskot til sikringstiltak å fremje sikring mot naturskade å yte tilskot til sikringstiltak Statens naturskadeordning omfattar styret og ankenemnda for Statens naturskadefond. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. Landbruks- og matdepartementet Styret for Statens naturskadefond Ankenemnda for Statens naturskadefond Statens landbruksforvaltning statens naturskadefond 5

Styret for Statens naturskadefond Styret for Statens naturskadefond er eit forvaltningsorgan direkte under Landbruks- og matdepartementet. Styret har fem medlemmer med personlege varamedlemmer og blir nemnde opp av Landbruks- og matdepartementet for fem år. Funksjonsperioden til styret er frå 1.1.2006 til 31.12.2010. Styret har 5 ordinære møte i året der erstatningssaker som er førebudde av sekretariatet, blir behandla. I tillegg behandlar styret søknader om tilskot til sikring to gonger i året. Styret gjer kvart år ei synfaringsreise til kommunar der det er i gang utbetrings- og sikringsarbeid etter naturulykker. Styret: Personlege varamedlemmer: Styreleiar: Bror Yngve Rahm Andreas Kjær Nestleiar: Arne Bergland Laila Bjerke Styremedlem: Åse Egeland Johan J. Jülke Kristin Marie Sørheim Tora Husan Per Arne Skjeflo Turid Mette Nilsen 6 statens naturskadefond

Sekretariatet sitt arbeid Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret og ankenemnda. SLF har ansvaret for økonomiforvaltning, saksførebuing og oppfølging av saker i tråd med dei fullmakter styret har gitt. SLF deltek på synfaringar og i møte med skadelidne og samarbeidspartnarar. Avgjerdsmakt i saker med skadetakst under 200 000 kroner og som fell inn under saksgrupper der styret tidlegare har hatt ein klar avgjerdspraksis er delegert til sekretariatet. Dette utgjer omtrent halvparten av saksmengda. I 2006 blei det behandla 1497 erstatningssaker. Saksmengda varierer frå år til år, men gjennomsnittet dei siste 10 åra har lege rundt 1400 saker. Det er gjort ei synfaringsreise med styret. Reisa gjekk i 2006 til kommunane Hå, Rennesøy og Strand i Rogaland. På programmet stod stormfloskadar i strandsona i Hå, sikringsanlegg mot steinskred i Rennesøy og flaumskadar i Strand. I 2006 har SLF utarbeidd forslag til forskrift om tilskot til sikring. Forskrifta skal erstatte mellombelse reglar. Forslaget inneber mellom anna ein heimel til å yte tilskot til å gjennomføre forundersøkingar for å vurdere behovet for og utforming av eit sikringsprosjekt. Gjennomgang av naturskadelova Det er sett i gang eit større arbeid med utgreiing av naturskadeordninga med sikte på større målretting og effektivisering. I arbeidet er det mellom anna henta inn to eksterne utgreiingar, ei om observerte og forventa endringar i samfunn og sosioøkonomiske forhold frå ECON og ei tilsvarande om klimaendringar, som er utarbeidd av Meteorologisk institutt i samarbeid med fleire FoU-institusjonar. Mellom anna desse problemstillingane blir drøfta: Korleis har samfunnsforhold som påverkar sårbarheita for naturulykker, utvikla seg dei siste 30 åra? Kva kan ein vente når det gjeld utviklinga dei neste 30 åra? Vil ein som følgje av endringar i vêr og klima kunne vente fleire naturulykker i framtida? Og vil vi få fleire større naturulykker? Kan vi vente at den geografiske fordelinga av naturulykker endrar seg? Og vil fordelinga av naturulykker mellom skadeårsaker og skadetypar endre seg? SLF fekk utgreiinga om samfunn i endring i desember 2006, mens klimautgreiinga blei sluttført i februar 2007. Fjellplatået Børa i Romsdalen. (Foto: NGU) Kartlegging av store fjellskred SLF har vore med i ei direktoratsgruppe koordinert av Noregs geologiske undersøking (NGU). Andre deltakarar var Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Statens vegvesen, Jernbaneverket og Statens kartverk. Direktoratsgruppa leverte i oktober innspel til ei interdepartemental arbeidsgruppe som vurderer behov for kartlegging, overvaking og tiltak knytte til faren for store fjellskred i Noreg. Direktoratsgruppa tilrår mellom anna ei monaleg styrking av offentleg kartlegging av fjellskredfare, og ein auke av innsatsen når det gjeld overvaking av og beredskapsplanlegging knytt til identifiserte fareområde. statens naturskadefond 7

Kontakt og samarbeid med andre Sekretariatet har i samband med naturulykker gjennom året hatt mykje kontakt med lensmenn for å gi rettleiing om taksering. I 2006 hadde 202 kommunar hendingar med naturskadar. SLF får også førespurnader frå kommunar i samband med tilskot til sikring. I 2006 har det vore halde møte med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og NGU. Det har vore halde tre kontaktmøte mellom styret for Statens naturskadefond og Norsk Naturskadepool. Sekretariatet har jamnleg møte med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Lovtolking prinsipiell avgjerd frå Høgsterett 2006 Sak HR-2006-01957-U i Høgsterett er ein anke over Borgarting lagmannsrett sin orskurd (bokmål: kjennelse) av 7. juli 2007 i sak nr. 05-063069ASI-BORG, som gjeld anke til oppheving av eit overskjønn frå Drammen tingrett. Høgsterett gav si tilslutning til lagmannsretten sin orskurd ved at Høgsteretts kjæremålsutval nekta anken fremja fordi det verka klart at han ikkje ville føre fram. Saka avgjer to viktige lovtolkingsspørsmål i naturskadelova. Det eine er korleis ein skal tyde ordlyden i naturskadelova 10 første ledd «kan skaden gjenopprettes». Den tolkinga Høgsterett gir tilslutning til, er at skjønnsretten under takseringa skal gjere ei vurdering av forholdet mellom kostnaden ved gjenopprettingstiltak ved naturskade og den økonomiske nytten gjenopprettingstiltaket har for den skadelidne, jf. naturskadelova 10 første ledd. Dersom det ikkje er eit rimeleg forhold mellom kostnaden ved gjenoppretting og nytten ved tiltaket, skal skjønnsretten ikkje gi takst for gjenoppretting, skaden kan ikkje bøtast på, og skjønnsretten skal i staden taksere den verdireduksjonen som skaden har ført til. som kan krevjast taksert. Tiltak for å hindre skade, eller vidare skadeutvikling, er sikring. Dette gjeld også der det er utløyst ein naturskade. Erstatningskapittelet i lova gjeld utbetring av ein konkret skade for å tryggje bruksverdien, tiltak utover dette for å hindre vidare utvikling eller nye skadar er sikring som skjønnsretten ikkje skal taksere. Klager til sivilombodsmannen Forvaltningsvedtak kan klagast inn for Sivilombodsmannen. I 2006 er éi sak klaga inn for Sivilombodsmannen. Saka gjaldt utrasing av ein bygningsmessig konstruksjon som ankenemnda meiner ikkje kan sjåast på som ei naturulykke etter naturskadelova. Det andre rettslege lovtolkingsspørsmålet som blei behandla, var skiljet i lova mellom kva som er gjenoppretting av ein skade på den eine sida, og sikring mot ny skade på den andre. Lagmannsretten slår fast at destabilisering av grunnen, og dette må kunne overførast på kva fareauke som helst, som følgje av ein naturskade i seg sjølv ikkje løyser ut eit erstatningskrav Frå Storviksroa i Vågå (Foto: Krister Kristensen, NGI) Frå Storviksroa i Vågå (Foto: Krister Kristensen, NGI) 8 statens naturskadefond

Erstatningssaker Ved naturskadehendingar som blir søkt erstatta av Statens naturskadefond, er det ein eigendel på 10 000 kroner. Beløpet blir trekt frå skadetaksten før Naturskadefondet fastset utrekningsgrunnlaget for erstatninga etter reglane i naturskadelova. Skaden blir erstatta med 85 prosent av utrekningsgrunnlaget. Kartet viser tilsegn om erstatning per fylke i 2006. Skadelidne har 3 års utbetringsfrist, og erstatningsbeløpet blir betalt ut når det ligg føre melding om at skaden er utbetra. I 2006 blei det behandla 1497 erstatningssaker, inklusive 37 klagesaker. Totalt blei det gitt tilsegn om 114,8 mill. kroner i erstatning. I gjennomsnitt blei dei skadelidne tilkjende ei erstatning på 76 700 kroner. Det blei betalt ut erstatningar med totalt ca. 75,1 mill. kroner i 2006. Statens naturskadefond fekk ei ordinær løyving dette året på 70 mill. kroner og ei tilleggsløyving på 18 mill. kroner. Kartet viser Kartet viser tilsegn om erstatning per fylke i 2006. Nordland 6 217 093 Troms 177 350 Finnmark 0 Det blei tilkjent 32 mill. kroner i erstatning etter flaumskadar i Hordaland. Skadene fordelte seg på 20 kommuner. Bergen var den kommunen i Hordaland som hadde flest skader, det blei registrert 81 saker her. I Sogn og Fjordane blei det tilkjent 23 mill. kroner i erstatning etter flaumskader. Skadene i Sogn og Fjordane fordelte seg på 24 kommuner. Sogndal kommune hadde flest skader, det blei registrert 35 saker her. Skadar som skjedde i perioden september til november 2005 går fram av statistikken for 2006, då dei kom til behandling i Statens naturskadefond dette året. Det gjer utslag for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane som hadde mange flaumskader i denne perioden. 10 mill. kr + 5-10 mill. kr 1-5 mill. kr 0-1 mill. kr Møre og Romsdal 5 132 458 Sogn og Fjordane 23 025 020 Hordaland 32 075 689 Rogaland 14 064 067 Vest-Agder 1 191 234 Aust-Agder 729 250 Telemark 3 863 243 Vestfold 428 602 Nord-Trøndelag 6 694 161 Sør-Trøndelag 4 438 870 Oppland 9 472 890 Hedmark 602 542 Buskerud 5 575 540 Oslo 0 Akershus 1 108 875 Østfold 26 272 statens naturskadefond 9

Erstatningssaker Erstatning fordelt på årsak 2006 Snøskred 32 tusen Jord og leirskred 8 mill Steinskred/-sprang 0,6 mill Flaumskred 1,3 mill Storm/-stormflo 8,6 mill Flaum 95 mill Flaum utgjorde igjen den største skadeårsaka i 2006, med 83,5 % av totalt tilkjent erstatning. Deretter følgde jordskred og storm/stormflo. Nærare detaljar om erstatning fordelt på skadeårsak og skada objekt finst på side 21. Erstatning fordelt på skadeårsaker i perioden 1980 2006 350 Mill. kr 300 250 200 150 100 50 0 1980 1982 1984 1986 1988 1990 1992 1994 1996 1998 2000 2002 2004 2006 Storm/-flo Flom Andre Linjediagrammet viser fordeling av dei mest vanlege skadeårsakene over dei siste 25 åra. Vi ser særleg utslag på statistikken i 1992, som kjem av orkanen på Nord-Vestlandet, og i 1995, som kjem av flaumen på Austlandet. 10 statens naturskadefond

Takst og erstatning fordelt på skadeobjekt 2006 Vegar/bruer Jordbruksareal Andre objekt, dammar, brønnar, vassmagasin m.m. Hageanlegg/gardsplassar Elveløp/elvekant Skogbruksareal/utmark Kaier/moloar Murar/forbygningsanlegg Anlegg for industri/idrett/turisme Skogsvirke på rot Avverge/ forebygge Bygningar, plasthallar m.m. Sikring 7 forskrift Gjerder Frukttre 0 5 10 15 20 25 30 35 40 45 50 55 60 65 70 Mill. kr Skadetakst Erstatning I 2006 viser tala at skadar særleg har ramma vegar og bruer, jordbruksareal, elveløp og elvekantar. Erstatning etter naturskadelova blir ytt for skadar på objekt som ikkje kan dekkast av forsikring. statens naturskadefond 11

Erstatning etter naturskadelova behandling av ei naturskadesak Lensmann Den skadelidne / Statens landbruksforvaltning (SLF) Styret for Statens naturskadefond Den skadelidne Lensmann Statens landbruksforvaltning Ein naturskade oppstår Den skadelidne må innan tre månader etter at skaden er skjedd, sende melding om skaden til lensmannen/namsmannen eller politistasjonen der det ikkje er lensmann. Takserer skaden og sender taksten til den skadelidne og Statens landbruksforvaltning (SLF), som er sekretariat for styret for Statens naturskadefond. Vurderer om takst/skjønn skal godtakast, eller om taksten skal klagast inn til tingretten med krav om ny vurdering (overskjønn). Behandlar saka og gjer vedtak om erstatning etter reglane i naturskadelova. Melding om vedtak blir sendt til den skadelidne. Aksepterer erstatningssummen og har ein frist på 3 år til å utbetre naturskaden. Når skaden er utbetra, sender den skadelidne melding om dette til lensmannen. Det er høve til å klage vedtaket inn for ankenemnda for Statens naturskadefond. Skaden er utbetra Sender melding til Statens landbruksforvaltning om at naturskaden er utbetra i samsvar med føresetnadene i takst/ skjønn, og at erstatning kan betalast ut. Betaler ut erstatningsbeløpet til den skadelidne. Klage på takst Klage på forvaltingsvedtak Tingretten Styret for Statens naturskadefond... og erstatta Held overskjønn dvs. gjer ny vurdering av skadeomfang/kostnad ved utbetring. Resultatet av ny vurdering blir sendt til den skadelidne og Statens landbruksforvaltning. Behandlar klagen over tidlegare vedtak og gjer nytt vedtak om erstatning etter reglane i naturskadelova eller held fast ved tidlegare vedtak/avslag. Melding om vedtak blir sendt til den skadelidne, ved avslag blir saka sendt vidare til ankenemnda. 12 12 12 12 1234 1234 Den skadelidne og SLF Vurderer om dommen i tingretten skal godtakast eller ankast til lagmannsretten. Ankenemnda Ankenemnda behandlar klagen og gjer nytt vedtak. Endeleg vedtak blir sendt til den skadelidne og til styret for Statens naturskadefond. Den skadelidne kan reise søksmål ved domstolen om legitimiteten av vedtaket i ankenemnda. Domstol Domstol 12 statens naturskadefond statens naturskadefond 13

Rapport frå to store hendingar i 2006 Verdal kommune i månadsskiftet januar februar 2006 Politioverbetjent Jan R. Sivertsen i Verdal kommune fortel frå arbeidet deira med hendinga og naturskadane: Januar 2006 var i ferd med å gå over i februar. Varmt vêr med mykje nedbør i form av regn sette i gang snøsmelting. Det var store mengder vatn på stader som vanlegvis ikkje har vassføring i det heile. I første omgang fekk politiet i Verdal saman med andre kommunale aktørar ein akuttfase der det var prioritert å sikre delar av befolkninga i øvre delar av kommunen mot vatnet. Enkelte delar av bygda blei isolerte frå omverda når det gjaldt ferdsel. Då akuttfasen var over, kom kvardagen med mange meldingar om naturskadar. Det blei meldt inn ca. 60 skadepunkt. Bruer var borte, vegar var rasa ut, idrettsanlegg var dekte med slam, og førebyggingar mot Verdalsvassdraget var raserte. Vi organiserte oss slik at meldingsmottaket blei slusa gjennom kontorekspedisjonen vår. Førebelse meldingar om naturskade blei nøyaktig førte med dei opplysningane som måtte til. Det viste seg sjølvsagt å vere svært kjærkoment i ettertid, spesielt at det var teke med fleire telefonnummer der dei fanst, slik at kontraoppringingar gjekk svært greitt. Ut frå førebels melding og oppringingar til dei skadelidne blei melding send SLF. fungere godt og forholdsvis raskt. Representantane frå landbrukskontoret skreiv gode og utfyllande takstar og skildra før og no-situasjonen. Takk vere dette samarbeidet blei det mogleg for mange skadelidne å utbetre skaden tørrsommaren 2006. Vi hadde ein grunneigar som hadde ca. 20 skadepunkt på sin eigedom spreidde i store delar av bygda. Dette var skadar frå nokre få tusen kroner til opp mot ein million kroner og førte sjølvsagt med seg ein del jobbing med synfaring og utarbeiding av skjønn. Vidare har vi hatt enkelte skadeobjekt som ligg på fleire eigedommar, som har gitt litt utfordringar i samband med fordelinga av eigendelar. Mi eiga oppfatning er at slike grensesaker burde vore avgjorde med ein eigendel. Når det gjeld fordeling av skadar mellom SLF, forsikring og NVE, gjekk det etter forholda greitt, og det var relativt bra semje om dette. Det einaste som var litt ekstra strevsamt for lensmannen, var at vi måtte avklare eigedelar med forsikringsselskapa. Utover dette synest eg at Verdal kom ganske greitt ut av situasjonen, sjølv om det ikkje alltid er mogleg å gjere alle til lags når reglar skal følgjast. Erfaring i ettertid tilseier at skadane burde vore synfart av lensmannen før desse meldingane blei sende inn. Då hadde det vore lettare å ha ei oppfatning av korleis skaden skulle behandlast vidare. Eg tenkjer då på lensmannsskjønn, taksering utan skjønn og rekningsarbeid. Vi fekk problem med dette då vi rett etter skadetidspunktet fekk mykje snø som låg til ut i april på enkelte stader. Då vi fekk tilbakemelding frå SLF om at skaden var registrert, og snøen var forsvunnen, begynte arbeidet med skadane som helst skulle vore utbetra før våronna. Dei skadelidne forstod at dette i utgangspunktet var umogleg, og dei viste stor velvilje. Mange skadar blei likevel takserte slik at våronna kunne gå som normalt. Vi brukte i stor grad takstmann frå det lokale landbrukskontoret, og eg var også med på dette sjølv, noko som viste seg å Verdal kommune 2006 14 statens naturskadefond

Dei erfaringane vi har gjort oss, er at meldingsmottaket må vere presist, synfaring før innsending til SLF er ein stor fordel, og takseringsmåten bør veljast ut frå skadeomfang. Vidare meiner eg at ei forenkla saksbehandling ved at lensmannen hadde hatt fullmakt til å fatte vedtak rett etter synfaring/taksering for skadar under 50 000 kroner, ville vore ein fordel. Dette ville omfatte ca. 60 % av sakene våre. 184 saker blei melde inn til Statens naturskadefond etter flaumskadar i Sør- og Nord-Trøndelag i jan./feb. 2006. Flaumen ramma 26 kommunar, og det blei tilkjent erstatning for 11 mill. kroner. Frå Byrgrenda i Garmo i Lom (Foto: Krister Kristensen, NGI) Flaumraset i Lom og Vågå i juli 2006 Lensmann Steinar Angard i Lom kommune fortel om arbeidet deira med hendinga og naturskadane: Utetter formiddagen sundag 30. juli 2006 bygde det seg opp eit lokalt, konsentrert og etter kvart svært kraftig nedbørsområde som blei liggjande i ro over fjellområda rundt Tesse i Lom. Utpå ettermiddagen utløyste dette plutselege og ekstreme nedbørsmengder i form av hagl- og regnbyer. Truleg kom det mellom 200 og 250 mm nedbør på 2 3 timar over eit område på berre nokre få kvadratkilometer. Denne ekstremnedbøren førte til fleire store flaumras med omfattande naturskadar på jord- og skogbruksområde og delar av busetjing og vegar både i Lom og Vågå. Flaumrasa ramma også to bustadområde i Garmo i Lom og Storviksroa i Vågå og førte mellom anna til at riksveg 15 hovudsambandet mellom Austog Vestlandet blei totalt øydelagd og sperra på fleire stader. Hendinga utløyste katastrofealarm med iverksetjing av kommunal kriseberedskap i Lom og Vågå, og alle tilgjengelege ressursar blei sette inn i det omfattande redningsarbeidet. Bebuarar og andre som heldt til i dei utsette rasområda, blei evakuerte. Trass i at hendinga skjedde på ein av dei største utfartsdagane i året siste sundag i fellesferien med mykje trafikk i området, blei heldigvis ingen menneske verken drepne eller skadde. Hendinga blei mykje omtalt i media. Etter at den mest kritiske redningsfasen var over, begynte det fort å melde seg spørsmål frå dei skadelidne om erstatningsordningar knytte til naturskadar, forsikringar osb. Allereie onsdag 2. august arrangerte derfor Lom kommune eit ope folkemøte der alle som var ramma av flaumraset i Lom, var inviterte. I tillegg til representantane frå kommunen deltok fagpersonar frå NGI, forsikringsrådgivarar frå kommunen og lensmannen i Lom. Tilsvarande informasjonsmøte blei halde i Vågå. Då fristen var ute (3 md.), var det meldt inn til saman 36 naturskadesaker, 24 saker i Lom og 12 saker i Vågå. Under førebuingane av skjønnsforretningane var det tett dialog med Naturskadefondet i Statens landbruksforvaltning, som gav oss verdifull rettleiing og fagleg hjelp. Med bakgrunn i at denne skadehendinga ramma to nabokommunar samtidig med naturskadar som var ganske like, blei det teke initiativ til å nemne opp eit felles skjønnsmannsutval som kunne delta på gjennomføringa av takstarbeida både i Lom og Vågå. Særleg var dette grunngitt i at vi på denne måten fekk hjelp frå skjønnsmenn med svært god fagkompetanse på dei aktuelle skadeområda innanfor veg, landbruk og skog, dessutan at vi samtidig sikra ei einsarta behandling og lik skadevurdering i begge kommunane. Under gjennomføringa av skjønnsforretningane blei dei oppnemnde skjønnsmennene i stor grad brukte som eit team, der dei som ikkje var sette på den enkelte saka som ordinær skjønnsmann, også deltok som faglege rådgivarar både under ein del av synfaringane og under utarbeidinga av nokre av dei mest omfattande skjønnsforretningane. Det blei også i nokon grad halde felles samordningsmøte mellom takststyrarane i Lom og Vågå og dei fem oppnemnde takstmennene før arbeidet med skjønnsprotokollane blei endeleg avslutta i byrjinga av oktober 2006. Fleire av dei skadelidne hadde tidleg i saksbehandlinga gitt uttrykk for bekymringar for dei økonomiske forpliktingane som utbetring av skadane ville føre med seg, og det var også i denne samanhengen tett dialog mellom representantar for dei skadelidne og dei ramma kommunane, takststyrarane og Naturskadefondet. Det er seinare komme fleire positive tilbakemeldingar frå dei skadelidne om måten dei offentlege etatane har handtert denne saka på. Det ble meldt inn 34 søknader om naturskadeerstatning til Statens naturskadefond etter flaumraset i Lom og Vågå. Desse fekk ei erstatning på 8,5 mill. kroner. statens naturskadefond 15

Sikring mot naturskadar Statens naturskadefond har til oppgåve å fremje sikring mot naturskade og yte tilskot til sikringstiltak. Ansvaret for sikring mot naturskadar er fordelt mellom fleire offentlege aktørar. Kommunen har eit hovudansvar for sikring mot naturskadar gjennom føresegnene i naturskadelova og plan- og bygningslova. Kommunane kan etter søknad få tilskot til sikringstiltak frå Statens naturskadefond. Søknad om tilskot til sikringstiltak skal fremjast gjennom kommunen, og det er ein føresetnad at kommunen bidreg med eigenfinansiering. I 2006 fekk SLF inn sju søknader om tilskot til ein samla kostnad på 48,5 mill. kroner. Av desse fekk fem innvilga tilskot til sikringstiltak på til saman 10,2 mill. kroner. Prosjektkostnadene er totalt på 46,8 mill. kroner, det gir ei dekning på ca. 85,9 % (ca. 99,0 % dekning til Åknes/Tafjord-prosjektet). Stranda kommune / Norddal kommune Åknes/Tafjord Det interkommunale Åknes/Tafjord-prosjektet for utgreiing av risiko for fjellskred og flodbølgjer i kommunane Stranda og Norddal er ført vidare i 2006. Prosjektet er heilt spesielt i sin art og svært omfattande målt i kroner. Overvakinga vil inngå som del av beredskapsarbeidet i dei aktuelle kommunane. Desse fjellpartia kan, dersom dei rasar ut i Storfjorden, gi flodbølgjer som vil representere fare for skade på liv og verdiar i stort omfang langs fjorden. Det er løyvd midlar til omfattande undersøkingar og overvaking av ustabile fjellparti. I 2006 fekk prosjektet ei løyving frå Statens naturskadefond på 30 mill. kroner. Totalt har dette prosjektet fått 54 500 000 kroner over 3 år frå Statens naturskadefond. Tilskotet utgjer ca. 98 % av prosjektkostnadene. Sogn og Fjordane fylkeskommune Eit interkommunalt prosjekt i Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått tilsegn på 3 mill. kroner til å greie ut faren for fjellskred osb. og potensielt etterfølgjande flodbølgjer. Prosjektet omfattar fleire kommunar og stader i fylket. Tilskotet utgjer ca. 75 % av prosjektkostnadene. Bøttejuvet i Årdal Åkerneset - Stranda kommune (foto: NGU) 16 statens naturskadefond

Hammerfest kommune snøskred i sentrum Hammerfest kommune har fått løyvd eit tilskot på 3,7 mill. kroner til vidareføring av sikringsanlegg mot snøskred. Store delar av Hammerfest sentrum er utsette for snøskred, og sikringstiltak vil bety mykje for etablert busetnad og infrastruktur. Tilskotet utgjer ca. 60 % av prosjektkostnadene. Potensielt ustabilt fjellparti i Nordnesfjellet - Kåfjord kommune (foto: NGU) Fjellskred i Troms Eit interkommunalt prosjekt i Troms med kommunane Kåfjord, Storfjord og Lyngen har fått tilskot til utgreiing av fare for fjellskred i Nordnesfjellet med etterfølgjande flodbølgje. Det er gitt ei løyving på 3,3 mill. kroner i 2006 til etablering av kontinuerleg måling. Tilskotet utgjer ca. 60 % av prosjektkostnadene. Sikringstiltak i samband med utbetring av skade Det kan ytast tilskot til dekning av mindre sikringstiltak i samband med utbetringa av skade. Slike tilskot skal vere avgrensa til maksimum 25 000 kroner i kvar enkeltsak. I 2006 er det gitt tilsegn om tilskot på til saman kroner 795 271 kroner til sikring i erstatningssaker. Lier kommune Lier kommune har i 2006 fått løyvd ytterlegare 270 000 kroner til sikringstiltak mot flaum, erosjon og ras i Lierelva på eigedommen Nordre Valle. Tiltaket er ein del av ein omfattande rammeplan for sikring mot ras og erosjon i Lierelva. Lier kommune føreset at delar av tiltaka i rammeplanen vil bli finansierte gjennom erstatningsutbetalingar, andre delar av kvikkleireprosjektet som NVE står bak. Tilskotet utgjer ca. 75 % av prosjektkostnadene. Sikringsanlegg i Hammerfest (foto: Jørn Berg) Måling av ustabilt fjell i Åkerneset (foto: NGU) statens naturskadefond 17

Ankenemnda Ankenemnda for Statens naturskadefond behandlar klager på avgjerder som er gjorde i styret i Statens naturskadefond, og klagar på avgjerder som er gjorde av forsikringsselskap der det er tvil om det er oppstått naturskade, eller der det er tvil om vilkåra ved erstatningsreduksjon. Ankenemnda består av fem medlemmer med personlege varamedlemmer, som blir nemnde opp av Landbruksdepartementet for fem år. Funksjonsperioden til ankenemnda er frå 1.1.2006 til 31.12.2010. Ankenemnda: Personlege varamedlemmer: Leiar: Marte Reier Marit Eriksson Nestleiar: Ann Gunn Edvardsen Bjørn Hovstad Styremedlem: Aage Stenrød Ole Øyvind Moen Hallvard Berg Roar Øvre Steinar Tveitnes Jon Landvik Klager på vedtak i styret for Statens naturskadefond 2001 2006 Klager på vedtak i forsikringssaker 2001 2006 80 80 60 60 40 40 20 20 0 2006 2005 2004 2003 2002 2001 0 2006 2005 2004 2003 2002 2001 18 statens naturskadefond

Klager på vedtak i fondsstyret 2006 I 2006 behandla ankenemnda 39 klager på vedtak i styret for Statens naturskadefond. Resultat av behandling, tal på saker Skadeårsak Klagetema Medhald Ikkje medhald Avvist Merknad Utgliding Avkorting 4 Bruksverdi Flaum Meirkostnader 4 Flaum Takst 2 Flaum Avkorting 1 Gjenteken skade Flaum Offentleg grunn 3 Flaum Kan forsikrast 2 Flaum Sikring 3 Flaum Avlingstap 3 Flaum Eigendel 1 Storm/Stormflo Offentleg grunn 1 Storm/Stormflo Eigendel 1 Storm/Stormflo Meldefrist 1 Storm/Stormflo Takst 1 Nedbør Skadeårsak 7 Utrasing Skadeårsak 2 Ras Meldefrist 2 Flaum Oversitjing 1 Klager på vedtak i forsikringssaker 2006 I 2006 behandla ankenemnda 32 klager på avgjerder frå forsikringsselskap i naturskadesaker. Resultat av behandling, tal på saker Skadeårsak Klagetema Medhald Ikkje medhald Avvist Merknad Saksområde Taksering 5 Flaum Skadeårsak 12 1 Flaum Hage 1 Flaum Avkorting 1 Sikring Storm/Stormflo Avkorting 8 Konstruksjon Storm/Stormflo Skadeårsak 2 5 Ròteskadar Avkorting 4 Vedlikehald Jordskred Skadeårsak 1 1 statens naturskadefond 19

Rekneskap 2006 Erstatning Kapitel 1148 - Post 71 Sikringstiltak Kapitel 1148 - Post 70 Løyving 2006 70 000 000 Tilleggsløyving (saldering) 18 000 000 88 000 000 Overført frå 2005 20 705 000 Løyving 2006 + tillegg 37 748 000 58 453 000 Utbetalt 2006 Erstatningar 75 105 131 Takst IT 3 948 798 Lovutgreiing 936 250 FoU-midlar 285 375 80 275 554 Ansvar Overført frå 2005 31 613 667 Nye tilsegner 2006 114 823 156 146 436 823 Utbetalt 2006 Tilskot + sakkunnig bistand 32 840 000 Unytta midlar 25 613 000 Ansvar Overført frå 2005 18 174 993 Nye tilsegner 2006 40 270 000 58 444 993 Utbetalt i 2006 Tilskot + sakkunnig bistand 32 840 000 Redusert ansvar i 2006 Erstatningsutbetalingar 75 105 131 FoU-midlar 250 000 Forelda saker (3 års frist) 443 178 75 798 309 Ansvar pr. 31.12.06 25 604 993 Konklusjon Disponibelt pr. 31.12.2005 25 613 000 Ansvar pr. 31.12.2004 25 604 993 Ansvar pr. 31.12.06 70 638 514 Tilsegnsfullmakt 2 000 000 31.12.06 Bror Ynge Rahm Arne Bergland Kristin Sørheim Per Arne Skjeflo Åse Egeland 20 statens naturskadefond

Statistikk 2006 ERSTATNING FORDELT PÅ SKADEÅRSAK 2006 Storm/ Stormflo Flom Flomskred Jord og leirskred Snøskred Steinskred/ steinsprang Sum Østfold 26 272 26 272 Akershus 26 439 1 082 436 1 108 875 Oslo 0 Hedmark 38 303 221 463 342 776 602 542 Oppland 91 991 9 237 260 143 639 9 472 890 Buskerud 14 637 3 393 217 2 167 686 5 575 540 Vestfold 8 328 348 619 71 655 428 602 Telemark 3 780 017 83 226 3 863 243 Aust-Agder 729 250 729 250 Vest-Agder 1 191 234 1 191 234 Rogaland 1 854 891 12 186 120 23 056 14 064 067 Hordaland 821 613 30 749 646 1 381 389 951 113 098 32 075 689 Sogn og Fjordane 132 961 18 728 482 1 251 240 2 908 937 3 400 23 025 020 Møre og Romsdal 43 576 4 640 626 13 635 311 073 28 985 94 563 5 132 458 Sør-Trøndelag 93 184 4 085 000 53 838 206 848 4 438 870 Nord-Trøndelag 5 957 828 24 744 245 661 465 928 6 694 161 Nordland 5 517 026 550 800 21 299 127 968 6 217 093 Troms 66 037 111 313 177 350 Finnmark 0 Heile landet 8 682 547 95 937 314 1 366 137 8 131 184 32 385 673 589 114 823 156 statens naturskadefond 21