ÅMLI KOMMUNE SAKSUTGREIING. Brukarundersøking kulturskulen handlingsplan RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG:

Like dokumenter
Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

ÅMLI KOMMUNE. Møteinnkalling FORMANNSKAPET. Utval: Dato: Tidspunkt: 13:00

ÅMLI KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Dato: Tidspunkt: 12:30

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

ÅMLI KOMMUNE. Møteinnkalling ADMINISTRASJONSUTVALET. Utval: Dato: Tidspunkt: 10:00

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Resultat brukarundersøkingar

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Spørsmåla i Foreldreundersøkinga

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Plan for Liabygda SFO

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Sandeid skule SFO Årsplan

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Heilt einig. Litt einig

ÅMLI KOMMUNE. Møteinnkalling ADMINISTRASJONSUTVALET. Utval: Dato: Tidspunkt: 10:00

ÅMLI KOMMUNE. Møteinnkalling FORMANNSKAPET EKSTRAORDINÆRT MØTE. Utval: Dato: Tidspunkt: 11:00

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Svar på behandling av søknad om fradeling av landbruksareal gnr.7 bnr.1

Elevundersøkinga 2016

Kartlegging av rammevilkår

Brukarundersøkjingar i Vestnes kommune - rapport om resultat Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Barnerettane i SKULEN

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Velkommen til kulturskulen.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Arbeidslag for brukerundersøkelser. Kulturskolen. Brukerundersøkelse Side 1

Brukerundersøkelse i kulturskolen 2018

MØTEINNKALLING. Formannskapet

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Årsmelding Fjell kulturskule 2018

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Finnøy SKULEPENGAR. musikk- og kulturskule Skuleåret Søknadsfrist 20. mai Lær deg noko nytt og sett farge på kvardagen ;0)

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

Hå kommune Vigrestad storskule

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE

Evaluering av prøveordningen med arbeidsledere på Teknisk avdeling.

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Kommunedelplan for oppvekst

ÅMLI KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset (Ekstraordinært møte) Dato: Tidspunkt: 15:00

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Mellombels komité - Utgreiing av kulturskuletilbodet i Luster

Ved alternativ votering mellom framlegg frå Margit Smeland og formannskapet si tilråding, vart Margit Smeland sitt framlegg samrøystes vedteke.

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Brukarundersøking for byggesakshandsaminga. Vaksdal kommune 2016

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Transkript:

ÅMLI KOMMUNE SAKSUTGREIING Utv.saksnr: Møtedato: Utval: 14/15 13.03.2014 Ungdomsrådet 14/23 17.03.2014 Arbeidsmiljøutvalet 14/22 17.03.2014 Administrasjonsutvalet 14/52 27.03.2014 Kommunestyret Arkivref: 2013/956-2 Saksbeh.: Tonje Ramse Trædal, Kulturleiar Avdeling: Kulturavdelinga Dir.tlf.: 37185264 E-post: tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no Saksordførar: Mona Liane Brukarundersøking kulturskulen 2013 - handlingsplan RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG: Framlegg til handslingsplan etter brukarundersøkinga for kulturskulen blir godtkjent. Evt. meirkostnadar ved dei ulike tiltaka vil kulturskulen prøve å dekke over eige budsjett. Saksframlegg: Brukarundersøking kulturskulen 2013 - handlingsplan Side 1 av 5

SAKSVEDLEGG GENERERT I INNKALLING: 1 Brukarundersøking kulturskulen, oversikt alle kategoriar 2 Brukarundersøking i kulturskulen, oversikt alle spørsmål, side 1/1 3 Brukarundersøking i kulturskulen, oversikt alle spørsmål, side 2/2 SAKSVEDLEGG SOM LIGG PÅ NETTSIDA: Store saksvedlegg til saken blir lagt under Politikk og Dokument og linkar til politisk arbeid på kommunens nettside www.amli.kommune.no Til denne saka er det følgjande slike vedlegg: Ingen ANDRE SAKSDOKUMENT: Ingen. KORT OM SAKA: I november 2013 gjennomførte Kulturavdelinga ei brukarundersøking for kulturskulen. Undersøkinga blei sendt til 45 foreldre/føresette til barn i kulturskulen frå 6-18 år. Det blei sendt ut eitt skjema for kvar elev. Dei elevane som deltek på fleire aktivitetar, fekk berre eitt skjema, og foreldre/føresette måtte difor velje kva for aktivitet dei ville svare for i undersøkinga. Dette gjorde vi fordi det ikkje skulle bli altfor mange skjema å halde styr på, særleg for dei som har fleire barn i kulturskulen. Det er viktig å merke seg at det er foreldre/føresette som har svart på denne undersøkinga, ikkje elevane. I spørjeskjemaet valde vi også å fjerne opplysningar om alder, kjønn og aktivitet. Vi har forholdsvis få elevar, og ikkje så mange på kvar aktivitet i dei ulike aldersgruppene. Det ville difor blitt relativt lett å gjette kven som hadde svart kva. Ulempa ved å fjerne desse opplysningane, er at vi no ikkje veit kva for aktivitetar elevane er mest eller minst fornøgde med. Undersøkinga gir difor berre eit generelt inntrykk av korleis elevane opplever kulturskulen. Av dei 45 utsendte spørjeskjemaa fekk vi 17 svar, og har ein svarprosent på berre 38%. Ein må difor ta atterhald om dette når ein tolkar resultata. Vi sendte ut spørjeskjema til foreldre/føresette med kvar elev, og dei kunne både levere elektronisk og i ei forsegla kasse på kulturskulen. Foreldra fekk også ei påminning pr. SMS. Truleg er det dei av foreldre/føresette som er mest engasjerte og stiller størst krav til kulturskulen som har svart på undersøkinga. MERKNADER/VURDERING: Svara i undersøkinga er rangerte frå 1 og 6, der 6 er det beste. Undersøkinga tar for seg sju hovudområde: Resutat for brukarane, trivsel, brukarmedverking, respektfull behandling, tilgjengelegheit, informasjon og heilheitsvurdering. Kvar av desse kategoriane har fleire underspørsmål. I tabellen under har eg sett opp hovudområda, og snittresultat for kvart av desse (talet i parentes viser resultatet for heile landet). I dei tilfella der vi har lågare resultat enn 5 på delspørsmåla, har eg tatt for meg desse spesielt under merknad/tiltak. Generelt viser denne undersøkinga gode resultatet for kulturskulen i Åmli. Vi ligg litt over landsgjennomsnittet, og scorar særleg høgt på trivsel og respektfull behandling frå lærarane. Dei områda der vi har litt svakare resultat, er tilgjengelegheit og informasjon, samt delspørsmål om forventingar til barnets innsats. Eg vil ta for meg dei områda der vi har score på under 5, og har i samråd med kulturskulelærarane komme fram til følgjande merknader og tiltak: Saksframlegg: Brukarundersøking kulturskulen 2013 - handlingsplan Side 2 av 5

Spørsmålsområd Snitt svar Merknad/tiltak Kostnad Resultat for brukarane 5,2 (N 4,9) Spørsmål: Forventingane til mitt barns innsats er tydelege: snitt: 4,8 Evt. kjøp av instrument til - Det bør stillast krav om at elevane har instrumenter å øve på heime. Kulturskulen kan evt. vere behjelpeleg med å leige ut instrument midlertidig. utleige. Innkjøp av leksebøker. - Det blir innført leksebok som foreldre/føresette sjekkar/signerer på. Dette føreset at foreldra tar det på alvor, og også stiller krav til borna. - Innføring av meir teori og noteundervisning er blitt diskutert, men dette må tilpassast behova og nivået til kvar enkelt elev. Det er også stor variasjon frå instrument til instrument. I hardingfele er det t.d. ei forventning om at elevane opparbeider seg eit repertoar av slåttar som dei held ved like. - Det er viktig å minne elevane på å øve jamleg, og informere foreldre/føresette om at dei har eit ansvar for å følgje opp elevane. Dette må stå i tydeleg i reglementet for kulturskulen. - Elevane må gi beskjed dersom dei ikkje kan komme til timen. Dette må også stå i kulturskulens reglement. - Ein har ingen sterke sanksjonsmiddel i kulturskulen, jfr. skulen. Detter er ein frivillig aktivitet. Det viktigaste er å motivere elevane og ansvarleggjere dei og foreldre/føresette. Kulturskulelærarane følgjer opp elevar som er tydeleg umotiverte, og vurderer tiltak i samråd med foreldre/føresette. Trivsel 5.6 (N5,2) Brukermedvirkning 5,3 (N 4,9) Respektfull behandling 5,7 (N5,4) Tilgjengelighet 4.9 (N4,8) Spørsmål: Mitt barn får tilstrekkelig undervisning pr. veke: snitt 4,8 - Dette er eit problem som gjeld alle kulturskular. Elevane har berre 25 minutt individuell undervisning i veka, eller opp til ein time i gruppeundervisning. Det meste av arbeidet må difor gjerast heime. - Kulturskulen har reservert seg for at elevane må forvente at 1-2 undervisningstimar i semesteret kan gå bort pga. sjukdom hos lærarane. Utarbeiding av vikarlister kan redusere dette fråveret. Ei utfordring er å få tak i kvalifiserte vikarar. - Kulturskulen jobbar med å tilby Helgeseminar og konsertopplevingar (korpspengar på eige fond) Saksframlegg: Brukarundersøking kulturskulen 2013 - handlingsplan Side 3 av 5

helgeseminar for elevane, der vi leiger inn kapasitetar utanfrå og jobbar fram mot for eksempel ein konsert. Å øve inn program fram mot eit slikt seminar kan vere ein ekstra motivasjon for elevane. - Kulturavdelinga har fått ein sum pengar frå tidlegare Åmli skulekorps, og desse pengane skal nyttast til musikktiltak for barn og unge. Vi ser for oss at noko av dette kan nyttast til helgeseminar og konsertopplevingar for elevane og andre barn og unge i Åmli. Spørsmål: Standarden på undervisningslokala er god: snitt 4,6 - Her er det litt uklart kva som ligg i svara. - Lokala på kulturloftet er ikkje ideelle i forhold til areal, universell utforming eller lydisolasjon. Ein må t.d. ta omsyn til opningstidene på biblioteket. Enkelte øvingsrom er små. Samarbeidet med biblioteket fungerer elles bra, og mange elevar nyttar biblioteket medan dei ventar på time. - Kulturskulen har ikkje tilbod om øvingsrom utanom oppsett undervisningstid. Øvingsrom i Åmlihallen har vore prøvd tidlegare, men ein har opplevd at utstyr er blitt øydelagt. Det er vanskeleg å organisere tilsyn og nøklar til øvingsrom på kveldstid. Informasjon 4,3(4,7) Spørsmål: Informasjonen frå kulturskulen til heimen er god: snitt 4,6 - Felles informasjon pr. brev til foreldre/føresette blir sendt ut frå kulturskulerektor ved semesterstart og semesterslutt, samt andre viktige hendingar i året. Elevane får også med lappar heim. - Kulturskulelærarane kommuniserer med sine elevar og foreldre/føresette ved behov. - Innmelding skjer ein gong i året, med frist i juni. Utmelding skjer fortløpande skriftleg gjennom året. Det er bestilt elektronisk skjema for innmelding/utmelding via kommunens heimeside. Dette vil tre i kraft frå juni 2014. Dette gjer rutinane og opplysningane på kvar elev meir einsarta. - Våren 2014 blir det henta inn e- postadresser til alle foreldre/føresette, slik at ein lettare kan kommunisere elektronisk. Vurdere andre lokalar i kommunen på sikt Elektronisk skjema for inn-/utmelding via kommunens heimeside. Ca. kr. 800,- pr. år. Saksframlegg: Brukarundersøking kulturskulen 2013 - handlingsplan Side 4 av 5

Helhetsvurdering 5,0 (4,9) Spørsmål: Det er lett å finne fram på kulturskulens nettside: snitt 4,0 - Kulturskulen har i dag ikkje eiga nettside. Det er ressurskrevjande å drifte ei eiga heimeside skikkeleg, og vi har i dag ikkje stillingsressursar til dette. - Det vil bli laga eit eige område på kommune si heimeside i løpet av 2014, der også elektroniske skjema for inn- og utmelding vil bli lagt. - Kulturskulerektor har ansvar for å oppdatere sida. Kulturskulelærarane har ansvar for å legge inn basisinformasjon om innhaldet i undervisninga. Snitt totalt 5,1 (5,0) - Generelt meiner kulturskulelærarane det er viktig med gode vikarordningar, gode instrument og utstyr, tilfredsstillande lokalar og at elevane får trening i å opptre med jamne mellomrom. - I 2014 blir det store utskiftingar i lærarstaben, i tillegg til at kulturskulen har fått 30% utvida stillingar frå hausten 2014. Detter er både ei stor utfordring og opnar for nye moglegheiter. Ca. 36% stilling vil bli lyst ut i løpet av april 2014. Det er ønskjeleg med større samla stillingar for kulturskulelærarane. Ein del av stillinga bør gå til kunst eller andre kulturuttrykk enn musikk, slik at kulturskulen samla sett tilbyr ei breidde av kulturuttrykk. I følgje Opplæringslova 13-6 skal alle kommunar ha eit kulturskuletilbod, og i tillegg til musikk, skal det også bli gitt tilbod i eitt eller fleire andre kunstfag. Undervisningstilbodet vil elles vere avhengig av kompetansen til søkarane. Å skaffe stabile, høgt kvalifiserte lærekrefter er ei stor utfordring. Større stillingsprosentar gjer det mogleg å tiltrekke seg lærekrefter utanfor Åmli. Elles er vi i stor grad prisgitt den kompetansen vi har i nærområdet. - Det er viktig å satse på både breidde og fordjuping, og elevar som er på eit høgt nivå kan etter opptaksprøve få tilbod om laurdagsskule, der dei øver saman med andre talentfulle elevar i fylket to laurdagar i månaden. I tillegg er det innanfor dei begrensingane budsjettrammene gir mogleg å kjøpe noko undervisning frå andre kulturskular der vi sjølve manglar kompetanse. - Det er viktig at elevane får trening i samspel, i tillegg til individuelle ferdigheiter. Våren 2014 er vi difor i gang med eit prosjekt der vi set saman band og grupper med elevar på ulike instrument. - Eit revidert reglement for kulturskulen med tydelegare forventningar til elevane og føresette, samt retningsliner for tildeling av plass etter venteliste, vil bli lagt fram for Kommuuestyret i løpet av 2014. På sikt bør det også utarbeidast ein langsiktig plan for utviklinga av kulturskulen. Saksframlegg: Brukarundersøking kulturskulen 2013 - handlingsplan Side 5 av 5