HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Opplærings- og helseutvalet Dato: 16. juni 2009 Kl.: 11.00 15:45 Stad: Os vidaregåande skule, Os gymnas Saknr.: 28/09-38/09 MØTELEIAR Stenseide, Roald (FRP) DESSE MØTTE Robberstad, Hans Otto (A) Haraldsen, Guro Fosse (A) Johnson, Jan (A) Stenseide, Roald (FRP) Fosse, Rosalind (FRP) Aakvaag, Bjørn Arne (FRP) Nævdal-Bolstad, Eivind (H) Schjelderup, Cathrine E (H) Femoen, Dan Stian (H) Hellesøy, Aslaug (KRF) Schultze-Florey, Sunniva (R) Sylta, Lene Fløysand (SP) Oen, Aud Karin (SV) DESSUTAN MØTTE Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld Leiar for drift og utviklingseksjonen Inger Øvsthus Tønder Inntaksleiar Nils Skavhellen Spesialrådgjevar Sigrun G. Henriksen (sak 32/09) Utvalsekretær Øydis Rydland MERKNADER TIL INNKALLINGA Innkallinga vart godkjend utan merknader GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjend utan merknader GODKJENNING AV MØTEBOKA 12.05.09 Møteboka vart godkjend utan merknader 1
YMSE Dokument utdelt i møtet: Ot.prp. nr 73 Om lov om fylkeskommuners oppgåver i folkehelsearbeidet Innstilling frå Hordaland Fagskulestyre i sak 37/09 Invitasjon til Nasjonal opplæringskonferanse i Sarpsborg 12.-14. august 2009 Informasjonsbrosjyre om inntak til vidaregåande skole Før sakshandsaminga orienterte rektor v/os vidaregåande skule Bjørn Birknes om verksemda ved skulen. Det var også synfaring i ulike undervisningslokale. Prosjektleiar Vivian Kårbø informerte om prosjektet Kompetanseregion Nordhordland. Rektor ved Nordahl Grieg videregående skole Lin Holvik orienterte om status og framdrift for den nye skolen. Etter sakshandsaminga var det omvisning på Os Gymnas, der rektor Trond Eikeland orienterte om skulen. OPEN TIME Eivind Nævdal-Bolstad stillte spørsmål om fylkeskommunale midlar til landslinene ved Os vidaregåande skule. Opplæringsdirektøren svara på spørsmålet. Eivind Nævdal-Bolstad sette fram følgjande oversendingsforslag: Administrasjonen bes vurdere behovet for at skolene skal avholde en forventningsamtale mellom elev, foresatte og hovedlærer når en elev starter på en ny skole. De økonomiske konsekvensene må også vurderes. Forslaget vert oversend administrasjonen. Dan Stian Femoen sette fram følgjande oversendingsforslag: Ønsker en oversikt over hva som inngår i anbudsgrunnlaget for elev-pc, samt innsyn i rammeavtalen som er inngått med nåværende leverandør Atea og Hordaland fylkeskommune. Hvis nødvendig på rødt papir. Forslaget vert oversend administrasjonen. Sunniva Schultze-Florey stillte følgjande spørsmål: Hvor langt er evalueringen av homoplanen kommet? Når kan evalueringsrapporten ventes? Opplæringsdirektøren svara på spørsmålet. Aslaug Hellesøy stillte følgjande spørsmål: 2
Opplærings- og helseutvalet bed om at saker til fylkesutval/fylkesting med faginnhald av opplæring og/eller helse, kjem først til opplærings- og helseutvalet. Dette også om der er økonomiske konsekvensar. Opplæringsdirektøren svara på spørsmålet. Aslaug Hellesøy sette fram følgjande oversendingsforslag: Viser til tidlegare spørsmål som gjeld arbeidstøy til elevar i helse- og sosialfagleg praksis i kommunale institusjonar. For enkelte kommunar vert dette ei utgift då det over tid vert mange elevar i praksis. Forslaget vert oversend administrasjonen. Jan Johnson sette fram to oversendingsforslag: I. Administrasjonen vurderer å innføre en prøveprosjekt med skoleravn ; alternativt i en kombinasjon med vandrende fagpersonell i en aktuell skole. Utvalget holdes orientert. II. Administrasjonen legger frem en sak om en likere behandling av almennfag og lærlinger med hensyn til tilgang på PC i opplæringstiden. Forslaga vert oversend administrasjonen. Hans Otto Robberstad stillte spørsmål om skuleskyss i tilknyting til skulefritidsordning (SFO), og reglar og smidighet ved same kostnad. Opplæringsdirektøren svara på spørsmålet. Aud Karin Oen stillte følgjande spørsmål: Kan opplærings- og helseutvalet få ei orientering om rusførebyggjande arbeid/tiltak både på individ- og systemnivå i dei vidaregåande skulane i Hordaland? Spørsmålet vert oversend administrasjonen. 3
MELDINGAR Periode: 13. mai 2009-16. juni 2009 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 42/09 200900379-3 Tilskotsregelverk for fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag 43/09 200800058-31 Møte med fagskulane i helse- og sosialfag 19.05.2009 44/09 200800058-30 Søknad om statstilskot til fagskuleutdanning i helse- og sosialfag hausten 2009 45/09 200809615-2 Toppidrett - Voss - rapport 46/09 200811356-162 Meldingssak 28/09 i OPHE 12.05.2009: Tilbod om skolehelsetenester i Hordaland fylkeskommune 2008 47/09 200809978-7 Kvam kristne skule - Underretning om omgjøring av vedtak ved klage 48/09 200904835-1 Statsbudsjetet 2009 - Kap. 225 post 60 Tilskudd til landslinjer våren 2009 49/09 200900106-5 4. - 5. skoleår - forslag i fylkesutvalet 19. februar 2009 50/09 200904423-2 Melding om tiltaka leksehjelp og sommarskole til Opplærings og helseutvalet 16. juni 2009 51/09 200802357-17 Nasjonalt tilsyn med timetal i vidaregåande opplæring 52/09 200903477-2 Manger folkehøgskule 53/09 200904633-1 Ung-til-ung-prosjekt ved Sandsli videregående skole 54/09 200702708-97 Generell og aktuell informasjon om Nasjonal digital læringsarena - NDLA 55/09 200905384-1 Statsbudsjettet 2009 Kap 281 post 01 - Stø kurs - Prosjekt 81107 56/09 200905384-2 Statsbudsjettet 2009 Kap 281 post 01 - Stø kurs - Prosjekt 80072 4
SAKNR. 28/09 ANONYME PRØVER Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK Det blir sett i gang eit forsøk med vurdering av anonyme prøver i 10 klassar ved 5 skolar skoleåret 2009-2010. Rapport om utfallet av forsøket skal leggjast fram for Opplærings- og helseutvalet tidleg hausten 2010. 29/09 BRUK AV FYLKESKOMMUNALE IDRETTSANLEGG Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke Fylkesutvalet godkjenner at dagens ordning der skulane sjølv leigar ut gymsalane held fram. For dei tre idrettshallane i Bergen kommune der ein har/vil få spelemidlar, godkjenner fylkesutvalet at det vert starta forhandlignar med Bergen kommune om at dei skal bli stilt til disposisjon for idretten gjennom Idrettsrådet i kommunen. 30/09 STORD VIDAREGÅANDE SKULE, AVD. SVEIO. NEDLEGGING OG OMORGANISERING AV "GOLFLINJA" I SVEIO Eivind Nævdal-Bolstad sette fram følgjande forslag på vegner av H/FRP/KRF: 2 : Teoriundervisninga ved Vg2 og Vg3 ved Stord vidaregåande, avd. Sveio, blir frå skoleåret 2009/2010 flytta til hovudskolen på Stord-Leirvik. 3. Opplærings- og helseutvalet ønskjer at golfundervisninga skal gjevast på Stord. 4. Det må også føretakast forhandlingar med Sveio om eventuell avvikling av den eksisterande leigeavtale med Sveio kommune. 5. Ved elevfråfall må saka vurderast på nytt Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling til pkt. 1 vart samrøystes vedteke. Eivind Nævdal-Bolstad sitt forslag til innstilling pkt. 2 vart vedteke med 7 røyster (H/KRF/FRP) Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling pkt. 2 fekk 6 røyster (AP/SP/SV/R) og fall. Eivind Nævdal-Bolstad sitt forslag til innstilling pkt. 3 vart vedteke med 8 røyster (H/KRF/FRP/SP) 5
Eivind Nævdal-Bolstad sitt forslag til innstilling pkt. 4 vart vedteke med 7 røyster (H/KRF/FRP) Eivind Nævdal-Bolstad sitt forslag til innstilling pkt. 5 vart samrøystes vedteke. 1. Vg1 Idrettsfag ved Stord vidaregåande skule, avdeling Sveio, blir lagt ned frå skoleåret 2009/2010. 2. Teoriundervisninga ved Vg2 og Vg3 ved Stord vidaregåande, avd. Sveio, blir frå skoleåret 2009/2010 flytta til hovudskolen på Stord-Leirvik. 3. Opplærings- og helseutvalet ønskjer at golfundervisninga skal gjevast på Stord. 4. Det må også føretakast forhandlingar med Sveio om eventuell avvikling av den eksisterande leigeavtale med Sveio kommune. 5. Ved elevfråfall må saka vurderast på nytt 31/09 EVALUERING AV RETNINGSLINENE FOR FORDELING AV BUDSJETTMIDLAR TIL SKOLANE. Hans Otto Robberstad gjorde framlegg om å utsetja saka. Robberstad sitt utsetjingsframlegg vart samrøystes vedteke. VEDTAK Saka vert utsett til neste møte i opplærings- og helseutvalet. 32/09 FYLKESKOMMUNERS OPPGAVER I FOLKEHELSEARBEIDET Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. 1. Fylkesutvalet tar til orientering at fylkeskommunen etter lovforslaget får nye oppgåver og ansvar innan folkehelse. Dersom folkehelsearbeidet skal lykkast i høve til dei nasjonale måla, må det famne på tvers av sektorar og forvaltingsnivå og i samarbeid med private og frivillige aktørar, og det må inngå som del av det regionale utviklingsarbeidet. 2. Fylkeskommunen må få tilført tilstrekkelege resursar til å utføre dei oppgåvene som vert forventa i den nye lova. Dette gjeld i særleg grad å skaffe oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar i form av befolkningsundersøkingar. Dette er ei heilt ny oppgåve som krev eigen kompetanse. 33/09 RAPPORTERING AV OPPDRAGSVERKSEMDA 2008 6
Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. Fylkesutvalet tek saka til orientering. 34/09 HANDBOK FOR SAKSBEHANDLINGSRUTINAR PÅ FAGOPPLÆRINGSKONTORET Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK Opplæring- og helseutvalet tek saka til orientering. 35/09 ÅRSRAPPORT FRÅ LÆREBEDRIFTER OG OPPLÆRINGSKONTOR I HORDALAND OM OPPLÆRING AV LÆRLINGAR OG LÆREKANDIDATAR Fylkesrådmannen sitt forslag vart samrøystes vedteke. VEDTAK Opplærings- og helseutvalet vedtek at vedlagde Årsrapport frå lærebedrifter i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar og Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar vert brukte for at fylkeskommunen skal få den informasjonen som er nødvendig for å kunne vurdere om godkjenning skal givast eller vidareførast, og for å kunne fastsetje og utbetale tilskot. 36/09 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2009-2012 - TILTAK 2009-2010 Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. Fylkesutvalet sluttar seg til forslaget til Plan for kompetanseutvikling 2009-2012. Tiltak 2009-2010 37/09 OPPRETTING AV EKSTRAKLASSE I BORING PÅ BERGEN MARITIME FAGSKOLE Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke 7
Bergen Maritime fagskole får oppretta ein ekstra klasse i fordjupinga boring. Bergen Maritime fagskole må forskottere tilskottet for hausten 2009. 38/09 OPPRETTING AV VG3-KLASSAR PÅ GRUNN AV MANGLANDE LÆREPLASSAR Jan Johnson sette fram følgjande oversendingsforslag: Hvilke tiltak vil administrasjonen iverksette for at ett års skoleundervisning skal lykkes med hensyn til de ferdigheter, kunnskaper og holdninger til et fag som fagprøver måler eller stiller? Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart samrøystes vedteke. Jan Johnson sitt oversendingsforslag vart samrøystes oversend administrasjonen. 1. Det blir oppretta Vg3 tilbod ved Årstad videregående skole innanfor Kjole- og draktsyarfaget og Murarfaget for skoleåret 2009/10. Det kan takast inn inntil 15 elevar i kvart av faga. 2. Kostnaden for hausten 2009 vert om lag 1.100.000 kroner. Budsjettregulering vert gjort hausten 2009 i samband med elevteljinga. Svein-Erik Fjeld Roald Stenseide Øydis Rydland Opplæringsdirektør Utvalsleiar Utvalsekretær 8