VALSTYRET MØTEBOK Møtedato: 23.05.2016 Møtetid: Kl. 08:30 08:50 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 003/16-005/16 Desse medlemmene møtte: Magni Aa Berge Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe Parti Sp Sp Krf Krf Ap SD V SV Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Leidulf Gloppestad Sp Ingen Arnfinn Brekke Krf Ingen Anniken Rygg H Ingen Mariel Eikeset Koren MDG Ingen Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Magni Aa Berge Rådmann Jan Kåre Fure Underskrifter: Magni Aa Berge Side 1
SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 003/16 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 004/16 Oppteljing etter folkeavrøystinga 30. mai 005/16 Handtering av røystesetlar med eventuelle merknader Side 2
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Valstyret 23.05.2016 003/16 Avgjerd av: Valstyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 16/711-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå valstyret sitt møte den 14. mars i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber leiar i valstyret om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. LEIAREN I VALSTYRET SI TILRÅDING: 1. Valstyret godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. mars 2016 2. Valstyret godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 23. mai 2016. 23.05.2016 VALSTYRET 003/16 VEDTAK: 1. Valstyret godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. mars 2016 2. Valstyret godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 23. mai 2016. Vedtaket var samrøystes. Side 3
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Valstyret 23.05.2016 004/16 Avgjerd av: Valstyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 016 Arkivsaknr.: 16/444-4 Oppteljing etter folkeavrøystinga 30. mai Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I debatten som har vore om folkeavrøystinga har spørsmålet blitt stilt om korleis røystene skal teljast opp. Dette er eit spørsmål som bør avklarast før valstyret startar teljinga på valdagen. Saksutgreiing: Spørsmålet er krinsvis eller samla oppteljing. Til liks med alle dei andre kommunane i fylket har Gloppen ikkje krinsvis oppteljing ved vanlege stortings- fylkestings- eller kommunestyreval. Nokre av dei kommunane som har halde folkeavrøysting om kommunesamanslåing har likevel valt å telje røystene frå denne krinsvis. Jølster kommune er mellom desse. Poenget med krinsvis røysting er sjølvsagt å få greie på kva folk i dei ulike røystekrinsane har stemt. I store kommunar er det sjølvsagt også eit poeng å fordele arbeidet med oppteljinga. Dette er ikkje ei aktuell problemstilling i Gloppen. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner vi skal halde fast ved å telje røystene samla. Dersom valstyret ønskjer krinsvis oppteljing, bør dette grunngjevast overfor veljarane, og valstyret bør tenkje nøye gjennom korleis valresultatet då kan bli brukt. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Valstyret gjer vedtak om at stemmene frå folkeavrøystinga den 30. mai 2016 blir talde samla. 23.05.2016 VALSTYRET Framlegg frå Hege Lothe (SV): Side 4
Valstyret gjer vedtak om at stemmene frå folkeavrøystinga den 30. mai 2016 blir talde krinsvis. Ved alternativ avrøysting fekk framlegget frå Hege Lothe to røyster og rådmannen si tilråding seks røyster. 004/16 VEDTAK: Valstyret gjer vedtak om at stemmene frå folkeavrøystinga den 30. mai 2016 blir talde samla. Vedtaket vart vedteke med seks røyster. Side 5
SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Valstyret 23.05.2016 005/16 Avgjerd av: Valstyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 016 Arkivsaknr.: 16/444-5 Handtering av røystesetlar med eventuelle merknader Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Vallova sine reglar om rettingar m m på røystesetlane gjeld ikkje ved rådgjevande folkeavrøystingar. Rådmannen meiner valstyret bør avklare korleis vi skal telje røystesetlar med eventuelle rettingar, merknader og atterhald frå veljarane. Saksutgreiing: Rådmannen har sjølvsagt ikkje dekning for å seie at rettingar og merknader på røystesetlane kan bli eit problem når røystene skal teljast opp. Rådmannen meiner likevel at spørsmålet bør gjennomtenkast før vi sit med setlane på bordet på valkvelden. Eit eksempel på atterhald eller merknad kan vere at ein veljar skriv «viss vi får bru» på ein JA-setel. Har veljaren då røysta JA eller NEI? Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner at setlane skal teljast med det standpunktet som den trykte røystesetelen viser. Det betyr at ein JA-setel med påskrift blir talt som ein JA-setel uansett. Det same gjeld naturlegvis for ein NEI-setel. Altså: Ein JA-setel med påskrifta «viss vi får bru» - som eit eksempel blir talt som ei JArøyst. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Valstyret vil telje røystesetlane frå folkeavrøystinga den 30. mai med det standpunktet som den trykte røystesetelen viser. Rettingar, merknader og atterhald m m vil ikkje bli teke omsyn til i teljinga. Side 6
23.05.2016 VALSTYRET 005/16 VEDTAK: Valstyret vil telje røystesetlane frå folkeavrøystinga den 30. mai med det standpunktet som den trykte røystesetelen viser. Rettingar, merknader og atterhald m m vil ikkje bli teke omsyn til i teljinga. Vedtaket var samrøystes. Side 7