Hardangerrådet 2010/ 2011 - Orientering ved nyttår 2011. Prosjekt og aktivitetar.

Like dokumenter
Hardangerrådet iks Hardangerrådet iks 2012 Orientering om prosjekt og aktivitetar 2011/2012.

Hardanger. Om Hardangerrådet iks 2014 Dagleg leiar Leiv Vambheim

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Hardangerrådet iks. Lukka er sponsa av Hardanger Flytt til Hardanger Norefjell Av Dagleg leiar Leiv Vambheim

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

INNKALLING TIL MØTE I RÅDMANNSFORUM. TIL RÅDMENNENE I HARDANGER Dato: Fredag Klokka: Stad: Heradshuset i Granvin.

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

INTERNASJONAL STRATEGI

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

HORDALANDD. Utarbeidd av

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Ullensvang herad Sakspapir

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Hardangerkonferansen. FOTO: Torleiv Ljones. HARDANGER i VEKST

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Hardangerkonferansen. Næringsutvikling i Hardanger. Rammevilkår og framtid. FOTO: Leiv Vambheim

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

VEDTEKT av februar 2007

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 KVAMMALOKK REVISITED - LAKMUSTESTEN

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Planstrategi for Ullensvang herad

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kvam herad. Sakspapir

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Forslag frå fylkesrådmannen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

Referat frå møte i Hardanger kulturråd Møterom hjå Hardangerrådet i Kinsarvik Mandag 12. juni 2017 kl 09:00 14:00.

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Utgreiing nord Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin (40% koordinator Joakim Øren, rådmann i Ulvik)

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Referat frå møte i Internasjonalt forum

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd. Stad: Norheimsund Industrier. Den Kl Ungdomsrådsleiar Karoline Hauge Stalheim

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

Kommunestruktur Prosjektplan - sonderingsfasen

Transkript:

Hardangerrådet iks Hardangerrådet 2010/ 2011 - Orientering ved nyttår 2011. Prosjekt og aktivitetar. FtH avslutta det 3-årige hovudprosjektet sitt i januar 2010, litt før planlagt grunna fødselspermisjon til prosjektleiar Anette Hjeltnes. Kommunane/herada i Hardanger har alle vedteke å vidareføra arbeidet med FtH i ein ny fase 2 som har eit 5årig perspektiv. Annette Hjeltnes vil gå inn att som prosjektleiar frå januar 2011. Året 2010 har vore eit overgangsår der me har roa den eksterne aktiviteten og konsentrert oss om sentrale tema som oppfølging av heimesidene, mottaksapparatet i kommunane/herada og jamn marknadsføring av FtH. Prosjektleiarar i 2010 har vore først Ingunn Stana i Eidfjord kommune og når ho flytta overtok Hege Nilsen Børve i Ulvik herad. Det vart gjort eit større førebuingsarbeid for å repetera suksessen med Bergenstreffet i 2009, men når alt kom til stykke vart det for liten påmelding til at det vart gjennomført. Hordaland Fylkeskommune har gjeve støtte til dette overgangsåret også. Tilflyttinga til Hardanger har også i 2010 halde fram slik at folketalet har stabilisert seg samla sett og avfolkingstrenden er snudd. Frå januar 2011 og ut 2014 vil me satsa på eit 4 årig arbeid bygd på ein ny strategi og handlingsplan der fokus er kommunal drift av tilflyttingsarbeidet med 40 % avsett ressurs i kva kommune/herad og nyorientering av den felles innsatsen med eige styringsgruppe og Anette Hjeltnes som prosjektleiar. Prosjektet er avhengig av samarbeid med og støtte frå Hordaland Fylkeskommune. Hardanger Næringsråd. Som eit delprosjekt i Flytt til Hardanger har det vore arbeidd med å få til samarbeid med næringslivet i Hardanger. Dei har organisert seg kommunevis med eigne samarbeidslag med ulike samansetjing og føremål. Utviklinga siste året har vore at dei ulike næringslaga/foreiningane/samskipndane/smbgruppa har byrja å koma saman for utvikling ut over kommunegrensene. På Hardangerkonferansen 2009 kom det svært tydeleg fram kva dette vil ha å seia for regionsutviklinga. Dette har skapt klima for etablering av ein overbygning, Hardanger Næringsråd, som den 10.nov 2010 vart bestemt oppretta og leiger sekretariathjelp frå Næringshagen i Odda. Hardangerrådet ser fram til samarbeid og innspel frå ei slik samla næringslivskraft i det vidare arbeidet med å skapa utvikling i Hardangerregionen. 1

Nye Hardanger? Nye Hardanger er arbeidstittelen på eit komande prosjekt tenkt som 5-årig satsing, i hovudsak kopla opp mot Flytt til Hardanger og næringsutvikling som skal leggja til rette for god vekst i Hardanger. Visjon for prosjektet er: Hardanger skal vera ein framtidsretta region med attraktive bu- og arbeidsplassar Hardanger skal ha kultur for regionalt samarbeid og liggja i forkant av utviklinga Hovudmåla: Sikra at Hardanger får positiv effekt av dei store samferdsleprosjekta i regionen gjennom vekst i næringslivet og auka busetnad Samordna, synleggjera og stimulera tiltak slik at Hardanger vert rusta til å nyttiggjera seg dei moglegheiter som framtida gjev oss 4 satsingsområde er identifisert: 1. Planarbeid for konsekvensane for ny samferdselsprosjekt 2. Tilretteleggja for kompetanseheving og høgare utdaning i regionen 3. Internasjonalisering av regionen 4. Betre kollektivløysingar i og til/frå regionen. Som grunnlagsarbeid for dette er det sett igang slike tiltak: 1. Dei 4 kommunane rundt Hardangerbrua har fått utarbeidd 2 mogelegheitsanalysar og vil konkretisera dette vidare. 2. Stiftinga Høgskulen i Hardanger har arbeidd med omorganisering og med å finna tiltak for høgskulearbeid i Hardanger. Ein av ideane er å etablera ein kompetansemeklar i Hardanger for å kopla høgskuleutdanna hardingar og andre til næringslivet i regionen si trong for framtidig arbeidskraft. 3. Det gryande samarbeidet med Greve in Chianti, Toscana, Italia er eit tiltak for å skaffa Hardanger nye kontaktar og internasjonalisera seg. 4. Ungdomsråda i Hardanger peikar på at dersom det skal vera attraktivt å bu i regionen for alle grupper innbyggjarar, så må kollektivtilbodet radikalt forbetrast. Korleis me skal angripa det er ikkje kome skikkeleg i gang 2

Hardanger Ungdomsråd. Hardanger har engasjerte ungdomar, og dei var viktige bidragsytarar i Flytt til Hardanger. I løpet av 2009 har alle kommuane/herada i Hardanger etablert eigne ungdomsråd, som skal vera dei unge sitt talerøyr inn mot kommunal administrasjon og lokale politikarar. Som ei vidareføring og koordinering av den gode innsatsen ungdomane viser, har Hardangerrådet teke initiativ til å oppretta Hardanger Ungdomsråd, eit organ samansett av leiarane i dei 7 ungdomsråda med målsetjing å skapa samhandling og forståing mellom ungdomane i regionen. Hardangerrådet er sekretær for Hardanger Ungdomsråd. Fyrste leiar i HU var Synnøve Kvamme, Granvin herad, nestleiar var då Martin Strand frå Odda kommune. No er Vilde Hamre, Granvin herad leiar og Stina Skeie, Ulvik herad nestleiar. Livar Høyland Opedal frå Ullensvang herad var i 2010 valt inn i Ungdommens Fylkesutvalg(UFU). I januar 2011 er det nytt Fylkesting med valg. Mange av Ungdomsråda i Hardanger reiser på UFU med representantar for å delta og gjerne verta valde. HU er aktive. Sommaren 2010 arrangerte dei eit internasjonalt kontakseminar i Eidfjord saman med Aktiv Ungdom. Det er Eu sitt ungdomsprogram, administrert av Bufdir og Hordaland Fylkeskommune. For tida er ei Aktivitetshelg i Øystese til våren under planlegging. Eit stort arrangement der no berre finpussen står att. Målet er at ungdommar frå heile Hardanger kan gjera noko saman. Det vert 250 deltakarar, mange aktivitetar og masse sosialt samvær. Nye prosjekt er også i emning, f.eks om kollektivtilbodet i Hardanger. Dei deltek på kurs. Sist om prosjektlaging, tilskipa av Aktiv Ungdom i Bergen. Mot til å meina er ein konferanse til våren, i Oslo. Det er del av eit demokratiprosjekt, og målet er auka politiske engasjementet blant unge. To representantar frå HU skal delta. Nevner også at Synnøve Kvamme, tidlegare leiar i HU skal vera innleiar på denne konferansen. Det er mykje engasjement og optimisme i dette rådet. I samband med Flytt til Hardanger og Hardangerlokk så vart det utvikla eit forprosjekt som heiter Hardanger 2014. Det er eit kunst- og kulturprosjekt med målsetjing om å visa Hardanger som ein kulturstad både i eldre og moderne tid, med utgangspunkt i nasjonsbygginga kring 1814 og utover. Forprosjektplanen er utarbeidd av Vidar Skeie, som var tilsett i Hardangerlokk Kunstformidlingsprosjektet Hardanger 2014 skal formidla kvalitativ god kunst innanfor verdigrunnlaget til Noreg si Grunnlov. Spesielt fokus vil det væra på 100 Ytringfrihed bør finde sted og FN sine menneskerettar med artikkel 19 Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Verkemidla vil vera fantasi, natur, stemning og kjensler. Hardanger 2014 har til føremål å planleggje og gjennomføre delar av 200-årsjubileet for Noreg si Grunnlov i 2014 for Noreg, Vestlandet, Hordaland og Hardanger. Perspektivet skal vera samtid og framtid med bakgrunn i fortid. I den kunstnarlege profilen vil det ikkje vera noko motsetning mellom nyskaping, tradisjon eller mangfald. 3

Vidar Skeie slutta i prosjektet 01.09.2010 og har vor leigd inn på timebasis for følgja med i kva som skjer i Grunnlovsjubileet og å spela inn prosjektet Hardanger 2014 hos fylke og sentrale styremakter. Hardangerfjorden har vore ein viktig nasjonal cruisedestinasjon men som har tapt marknadsandeler siste 20 åra. Dette har både Hordaland Fylkeskommune og Hardangerkommunane sett og teke tak i. Cruiseskipskaien i Eidfjord var eit viktig steg i ny satsing på segmentet i Hardangerfjorden. I samband med opninga av Cruiskaien i Eidfjord kom det tydeleg fram at det einaste som kan gje Hardangefjorden større cruisetrafikk er ei skikkeleg tung marknadsføring og ei kontinuerleg produktutvikling. Prosjektet Cruise Destination Hardangefjord var initiert frå Hardangerrådet i 2007 og vart gjennomført i perioden 2008 2010 med Hardangerkommunane og Kvinnherad som deltakarar. Med Helge Møller som prosjektleiar og aktiv marknadsførar og med kommunane som aktive tilrettelegjarar for produktutvikling så har prosjektet greidd igjen å auka cruisetrafikken på Hardangerfjorden. Kontinuerleg og langsiktig marknadsinnsats er nødvendig, og prosjektet har fått som resultat ei permanent organisering av cruisemarknadsføring i Hardanger i selskapet Destinasjon Eidfjord. Distribuert Næringshage i Hardanger. Næringshagekonseptet i regi av SIVA har konkludert med at nye næringshagar ikkje vert oppretta, men at ein kan med utgangspunkt i ein etablert næringshage ha nodar /satelittar/avdelingar rundt om i eit naturleg distrikt. Innhaldet i næringshagen har no særleg fokus på kompetanseutveksling og nettverk. Med utgangspunkt i Næringshagen i Odda som etablert organisasjon med behov for nyorientering, så vart det sett i gang eit prosjekt avslutta i 2010. Ein erfaringsmodell å nytta er slik dei har organisert seg i Nord Gudbrandsdalen. Målsetjinga har vore å få fram potensiale og vilje til samarbeid og det er no næringsmiljø i 3 kommunar som er klare til å gå inn i ei slik ordning viss det vert etablert. Voss Næringshage under utgreiing har også vor med i drøftingane. Hardanger Miljøfyrtårnordning. Miljøfyrtårnordninga i Noreg legg til rette for at verksemder i landet skal få fokus på miljøvennleg drift og organisering. Etter visse kriterer kan verksemdene få status som Miljøfyrtårn og slik fortelja omverda at ein tek miljøarbeid på alvor. Etter initiativ frå Hordaland Fylkeskommune har Hardangerrådet jobba med å etablera ordninga i regionen og i 2010 har alle kommunane/herada i Hardanger vedteke ordninga. Hardangerrådet har teke oppgåva med å skaffa/utdanna sertifisørar og koordinering av den kommunale satsinga på Miljøfyrtårn. Dette har både økonomiske og praktiske føremoner. Håpet er at mange verksemder i Hardanger etter kvart ser verdien av å vera Miljøfyrtårnverksemd som vil vera viktig for omdømebygginga av Hardanger. 4

Ungt entreprenørskap i Hardanger. Hardanger si framtida vil vera avhengige av at det vert skapt nye verksemder og arbeidsplassar. Til det treng me innovative innbyggjarar og satsingsvillige etablerarar eller det me kallar entreprenørar. Skal ein slik entreprenørskapskultur verta rådande i Hardanger, må det verta naturleg for den oppveksande generasjonen. I samarbeid med det nasjonale prosjektet Ungt entreprenørskap så har alle Hardangerkommuane/herada vedteke å ta del i eit 3 årig utviklingsarbeid med grunnskulane som arena. Vidaregåande skular i Hardanger arbeider også med entreprenørskap. Det var grunnskulane og vidaregåande skule i Odda som først kom i gang og no er alle grunnskular i regionen med. Frå hausten 2011 vert dette administrert av næringshagen i Odda. Team Hardanger - Etablerarteneste og Etablerarskulering Tiltaksarbeid og etablerarteneste har opp gjennom tidene hatt varierande fokus og varierande organisering i Hardanger. Siste 15 åra er det Hardangerrådet som har hatt hovudansvaret for dette, først med eigne tilsette, seinare med innleigd kompetanse. Frå 2010 har Hordaland Fylkeskommune i samarbeid med Fylkesmannen og Innovasjon Norge lagt opp til at kvar kommune skal ha ei kompetent førstelineteneste til å rettleia nyetablerar i eigen kommune og at regionen skal ha eit opplegg for meir spesialisert kompetanse samt har ansvaret for å organisera etablerarskulen i Hardanger. Det vert no gjeve tilbod om utdanning i emnet etablerarettleiing og dei fleste kommunar og regionar i Hordaland har delteke. Me har i Hardanger, etter modell frå Sunnhordland, no etablert Team Hardanger, eit nettverk av alle kommunale og regionale etablerarrettleiarar, med Tone Søgaard i Ytre Hardanger Opplæring, Kvam, som koordinator. Målsetjinga er å nytta kvarandre sin kompetanse og få god rettleiing til dei framtidige etablerarane i Hardanger. Internasjonale Hardanger. a)samarbeid med Greve in Chianti, Toscana. Hardangerrådet bestemte i 2009 å auka fokus på generelt internasjonalt arbeid. I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune vart det i 2010 utarbeidd ein søknad om bilateral kontakt med Regione Toscana i Italia. Hardanger oppretta kontakt med Bountalenti vidaregåande skule i Firenze og med kommunen Greve in Chianti i Toscana. Grunnen for å venda seg til Toscana er at dei har greidd den snunaden frå fråflyttingsregion til ein av dei mest attraktiv regionar i Italia. Førebels er ikkje søknaden godkjent hos italienske myndigheiter, men samarbeidet er godt i gang, mellom anna ved studentbesøk i Hardanger frå Firenze og innlegg på Hardangerkonferansen av ordføraren i Greve in Chianti. Vidare samarbeid er ein Hardangerfestival i Greve 2011 og oppfølging av søknaden.. 5

b)japan Hardanger-Club; Med bakgrunn i eit reiselivssamarbeid mellom Hotel Ullensvang og det japansk eigde selskapet Tumlare, så har det utvikla seg ei kulturutveksling med fokus på Hardingfelespel mellom Hardanger og Japan, og Hardangerrådet er deltakar i ein nystarta Japan Hardanger Club med føremål å få til vidare utvikling til felles nytte. Eit tiltak som er kome i gang er eit Hardingfeleinstitutt i Japan grunnlagt av Rio Yamase, og det kjem Hardingfele-elevar til eit studieopplegg i Hardanger mai 2011. Hardingfela kunnskaps- og formidlingssenter i Hardanger. Hardanger og Voss Museum har fått utfordring frå Hardangerrådet å jobba for eit eige internasjonalt Hardingfelesenter i Hardanger. Nasjonen Noreg og Regionen Hardanger har eit spesielt ansvar for å tar vare på Hardingfela og tradisjonane knytt til instrumentet. Men det er også viktig å sjå instrumentet og musikken i eit framtidig nasjonalt og internasjonalt perspektiv. HVM har ved Hardanger Folkemuseum utarbeidd ei prosjektskisse til eit forprosjekt på korleis dette kan gjerast. Sentralt i dette er også Hardanger Spelemannslag som er opptekne av formidling av og nyskaping i hardingfelemusikken. Samhandlingsreforma i Hardanger Kommunane/herada i Hardanger gjorde slikt vedtak sommaren 2010: 1. Det vert oppretta eit lokalpolitisk utval for helsereforma ( det lokalpolitiske samhandlingsutvalet ) for Voss og Hardanger. 2. Utvalet skal overvake utviklinga i samhandlingsreforma og oppdatere kvart kommunestyre om utviklinga, og om kva verknader reforma kan få for det lokale helsetilbodet i Voss og Hardanger. 3. Utvalet skal vidare stimulere ordskiftet om det lokale helsetilbodet i Voss og Hardanger, og ta initiativ til forsøk som er i tråd med intensjonane i reforma. 4. Ordførar skal representere kommunestyret i utvalet. 6

5. Fram til 31.12.2010 skal det lokalpolitiske samhandlingsutvalet engasjere ein rådgjevar i 100 prosent stilling. Voss var invitert og takka nei til å vera med i dette samarbeidet, men etablerte sin eigen rådgjevar med Voss sjukehusområde som prosjektomland. Hardangerrådet har engasjert Hans Atle Soldal i Kvam som saksansvarleg og rådgjevar for arbeidet Samhandlingseforma i Hardanger. Det er to nye lovverk og eitt nytt planverk som vil medføra store endringar i kommunalt ansvar og oppgåver: Ny folkehelselov; Forslag til ny helse- og omsorgslov; Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015). Hardangerrådet gjev uttale på vegne av kommunane grunna kort høyringsfrist 18.01.2011. Rådgjevaren Hans Atle Soldal vil vera til disposisjon for informasjonsmøte rundt om i kommunane /herada vinteren 2011. Interkommunalt tenestesamarbeid i Hardanger. Rådmannsforum i Hardangerrådet har arbeidd med framtidige utfordringar for dei kommunale tenestene i ei tid med aukande krav til kompetanse og tenestekvalitet. Dei har sett under utgreiing 11 mogelege samarbeidsområde. Desse vil etter kvart koma med framlegg til kommunane/herada enten som delegert fullmakt eller til dei respektive kommune- /heradsstyra. Alle må ikkje var med på alt og det er viktig at dei felles tenestene vert fordelte mellom kommunane. Områda er: 1. Hardanger Tilsynskontor for Teknisk kontroll og byggjesak 2. Hardanger brann og redning. Brannsjef, kompetanse, opplæring. Førebels ikkje teknisk utstyr. 3. Hardanger IKT. Felles drift, serverar, lisensar, support, datatryggleik 4. Hardanger Landbrukskontor 5. Hardanger Plankontor. Temaplanar, klimaplan, beredskap, strandsoneplan, kommuneplan, reguleringsplan, 6. Hardanger Geodatakontor. Kart og oppmåling. 7. Hardanger Friluftsråd 8. Hardanger Dokumentsenter 9. Hardanger Pedagogiske senter 10. Hardanger Hamn 11. Hardanger Kommuneoverlege 7

Merkevare Hardanger Prosjektet vart arbeidd med frå 2004 og presentert våren 2005 på 1905-makeringa Streif. Målsetjinga er at Merkevareprofilen Hardanger skal styrkja ein sams identitet og gjera tilknytinga og profileringa av Hardanger tydelegare: *Ein paraplyprofil med målsetjing å styrkja regionen sitt omdøme og slik verta Hardanger si eige sterke merkevare. *Merkevareprofilen skal ikkje erstatta noverande merkenamn og logoar, men forsterka interessa for eit produkt ved tilknyting til namnet Hardanger. *Merket er difor diskré utforma, men tydeleg. Tilsvarande merking finn me t.d. på Svanen og Godt Norsk. Kommunane og Reisemål Hardanger Fjord tok dette merket i bruk nokså raskt og både festivalar og private verksemder har etterkvart byrja bruka Hardangerrosa som del av si marknadsføring. Merket er varemerkebeskytta i Patentregisteret. No ser me at andre regionar som Ryfylke og Sunnhordland også har skapt sine identitetsmerke. Men slike tiltak lever ikkje av seg sjølve og kontinuerleg marknadsføring og påmining er nødvendig. Dessverre har ikkje Hardangerrådet hatt kapasitet til å gjera nok for god utvikling av dette merket, men våren 2011 vert Helge Møller engasjert som Merkevareambassadør Hardanger. Det er von om ny vår for Merkevareprofilen Hardanger. Sjøkabelutvala Hardangerrådet har stått samla i kravet om sjø- og jordkabel-løysing av 420 kv -planane gjennom Hardanger. Hardangerrådet har etterlyst meir faktainformasjon om sjøkabelalternativet og er tilfreds med oppnemninga av dei 4 eksepertutvala. Hardangerrådet beklagar avvisinga av jordkabel i ein Hardangertunnel. Hardangerrådet har koordinert den regionale deltakinga i dei 2 kontaktmøta 07.10 og 09.12. 2010 og følgjer saka tett fram til vedtak. 8

Breiband i Hardanger / Mobildekning Staten og Hordaland Fylkeskommune gjennomførte i 2007 eit større prosjekt for breiband til alle der Hardanger fekk ta del i midlane og gjennomførte ei større utbygging av kvite flekker. I 2010/2011 er det friske midlar frå HFK til fullføring der det enno manglar dekning, kvite flekker. Hardangerrådet har gjeve slike tilbakemeldingar til Breiband fase 2: I Hardanger er det framleis område utan dekning: I Odda kommune: Bratlandsdalen og Skjeggedalen er utan breiband og det er redusert dekning i Valdalen. Hardanger har i dag bygt ut eit system med delvis fiber og delvis radiolinje i hovudsambanda i regionen. Radiolinjekommunikasjonen vår er nådd kapasitetsgrensa. Det vert for tida bygd fiberkabel mellom Odda og Eidfjord. Meir fiberkabling er nødvendig og bør vera med i vurderingane i Fase 2. Hardanger treng kapasitetsauke og ønskjer ein redundant fiberkabelring der nordsida og sørsida av Hardangerfjorden heng saman med kapasitet til å møta framtida. Då er ikkje 640/128 bits/s tilstrekkeleg, og me ønskjer å vera med på ei vidare satsing i regi av HFK og KRD. Mange sluttbrukarar har nok i dag for liten kapasitet. Me ønskjer ein monaleg auke i minimumstandarden KRD legg opp til. Det er også mogeleg å nytta midlar til kvite flekkar i mobildekninga. Hardangerrådet har gjeve slik oppsummering: Sentrumsområda har god dekning, delvis også for 3G. Fjordsidene stort sett dekka, men med slike kvite flekkar: Hamresida i Granvin, Botnen i Kvam, Sekse - Flisabakkane bustadområde i Ullensvang, ved Øksanes i Eidfjord, Dalane opp mot fjellet ulik dekning: Krossdalen dårleg ved Sommarskisenteret,, Veigdalen delvis dekning(må sjå Berakupen), Espelandsdalen i Granvin delvis dekning, Hardangervidda dårleg dekning over store deler av Nasjonalparken. Dette vil ordna seg med ein sendar på Hårteigen slik som på Gaustatoppen. Høgfjellsovergangen på Rv 7 har kvite mobilflekkar Tunnelar som har slike kvite flekkar: Bergensbanen er utan dekning i Ulvik herad, Haukelitunnelane E 134 er utan dekning, Rv 550-tunnelar mangelfullt. Kinsarvik 17.01.2011 Leiv Vambheim Dagleg leiar H A R D A N G E R 9