vossabanken.no - Skapar verdiar for deg og lokalsamfunnet Kundemagasin for Voss Sparebank Haust 2012



Like dokumenter
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Teknikk og konsentrasjon viktigast

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til deg som bur i fosterheim år

vossabanken.no - Skapar verdiar for deg og lokalsamfunnet Våren 2013 Kundemagasin for Voss Sparebank

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kyr har god tid, men det har ikkje eg

Nytt HFK Intranett

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Etablering og drift av kraftselskap

vossabanken.no - Skapar verdiar for deg og lokalsamfunnet Kundemagasin for Voss Sparebank Våren 2012

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

For å vinne må modellen vere perfekt i morgen tidleg. Kven har tid til å styre med bank og forsikring?

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Brukarrettleiing E-post lesar

Tusen vindauge må vere speilblanke før sola går ned. Kven har tid til å springe mellom bank og forsikringsselskap?

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Jon Fosse. For seint. Libretto

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Referat frå MINTA møte

6. trinn. Veke 24 Navn:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste


Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

beste helsing Jon Tvilde // USF Verftet kulturhussjef /

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

/

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Lønnsundersøkinga for 2014

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Informasjon til elevane

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

VEDTEKT av februar 2007

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Møteprotokoll for møte i

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Bruk av reiserekning i Agresso

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Transkript:

Kundemagasin for Voss Sparebank vossabanken.no Haust 2012 - Skapar verdiar for deg og lokalsamfunnet - Kredittvurdert på nytt til landets beste bank 30.06.12: A - God service og konkurransedyktige vilkår - 13 autoriserte finansielle rådgjevarar - Samfunnsengasjement i 170 år for Vossabygda - Takk til kundane for svært god oppslutnad

vossabanken.no Haust 2012 - Skapar verdiar for deg og lokalsamfunnet Rådgjeving med utgangspunkt i dine ynskje og behov god lokalkunnskap med tid til å ha deg i fokus Sparing gode vilkår på innskot fondssparing aksjar og obligasjonar Finansiering gode lånevilkår rådgjevarar med lang røynsle og lokalkunnskap Betaling gebyrfritt ved bruk av nettbank gebyrfritt i bank for honnørkundar nye spanande betalingsløysingar for mobil Frende Forsikring gode vilkår til konkurransedyktige prisar tilpassa dine forsikringsbehov lojalitetsrabatt Brage Finans gode finansieringsløysingar for næring for små og mellomstore bedrifter tilbyr privat leasing Foto: Svein Ulvund Voss Sparebank har lang fartstid i Vossabygda. Gode kundar som stør opp om banken gjev oss høve til betydelege bidrag tilbake til lokalsamfunnet. Utgjevar: Voss Sparebank - Ansv. redaktør: Kjell Jostein Bø - Trykk: Sentergrafisk, Larvik Grafisk: Voss Sparebank - Framside: Erik Østlie/visitvoss.no - Opplag: 7500

Voss Sparebank - gjer det enkelt og skapar verdiar for deg og lokalsamfunnet! Voss Sparebank har som visjon å vera ein sjølvstendig, engasjert og trygg medspelar i utviklinga av lokalsamfunnet og næringsliv. Det viser tydeleg att i tala våre dette året, med fin vekst på alle område. Den store aktiviteten i lokalsamfunnet skapar positive ringverknader både for næringsdrivande i bygda og for oss som lokalbank. Voss Sparebank sikrar sjølvstende ved stabil drift gjennom ei årrekkje, der eigenkapitalen vert bygt opp «stein på stein». Banken er på nytt vurdert som den mest kredittverdige banken i landet av DnB Markets. God oppslutnad frå kundane, har saman med effektiv drift og god innsats av våre tilsette gjennom mange år, gjort oss til ein svært solid bank. Voss Sparebank engasjerer seg på ulike måtar i lokalsamfunnet. Mellom anna tilfører banken om lag 2,5 mill. kr årleg til sponsoravtalar, gåver og anna stønad - ei hjelpande hand til det flotte lagslivet i bygda. God og effektiv drift av banken er likevel den viktigaste samfunnsoppgåva vår. Samarbeidet med næringsdrivande er ein svært viktig del av oppgåva. Voss Sparebank har utvikla seg og er den største næringsbanken på Voss, med god eigenkapital til å skjøtta den rolla også i tida framover. Me tenkjer langsiktig og ynskjer å vera ein trygg og stabil samarbeidspartnar for alle kundane våre i alle situasjonar både i gode og mindre gode tider. For oss er det eit ikkje uvesentleg poeng at alle utlåna våre vert finansierte gjennom kundeinnskot og opparbeidd eigenkapital. Me låner ikkje ei krone i marknaden, har god likviditet og ingen refinansieringsrisiko. Svært få bankar i landet er i same situasjonen. Ei særskilt takk til innskytarane for den flotte oppslutnaden om banken! Nyleg gjennomført kundeundersøking viser at banken skårar høgt på mellom anna service, lett tilgjengeleg kundeservice, konkurranse-dyktige vilkår og god rådgjevingskompetanse, medan det betyr lite for kundane at banken ikkje er til stades på sosiale media som Facebook og Twitter. Satsinga på kompetanseoppbygging siste åra synest å ha vorte positivt motteke hjå kundane. Banken har no 13 Autoriserte finansielle rådgjevarar. Me freistar heile tida å yta kundane våre god service og ha konkurransedyktige vilkår, samstundes som me legg vekt på å gjera det enkelt for kundane å nytta tenestene våre. Eksempel på det er: KundePIN - same kode ved bruk av fleire kort. BankID - brukarane kan om kort tid logga seg på med BankID der MinID vert nytta i dag mellom anna på Altinn, NAV, Skatteetaten, Lånekassen og kommunane sine nettsider. MobilBank tingjengeleg der du er! Stor vekst i antal brukarar og transaksjonar. Bank, forsikring og leasing på ein stad. Fin utvikling i salet av både forsikring og leasing. Frende Skadeforsikring: landets mest fornøgde forsikringskundar går det fram av ei nyleg undersøking gjort av selskapet EPSI Rating. Eg håpar du finn mykje av interesse i dette nummeret av vossabanken.no - god lesnad! Me ynskjer alle ei god adventstid og ei fredeleg julehelg i vente! Kjell Jostein Bø 3

Eldsjelp for Vo 4 Laila Rynning Veum Den eine vinnaren av Eldsjelprisen for 2011 er frå Mosjøen og kom til Voss i 1974. Alt frå første stund på Voss vart ho med i frivillig dugnadsarbeid. Det var dugnad i ungdomslaget, Kvinne- og familielaget og elles i grendamiljøet på Kyte. Som mor var ho m.a. ivrig med i IL Viljar på ulike dugnader, i Joggekarusellen, i fotballgruppa, og som funksjonær på skirenn. Vinnaren er lærar av yrke og gjekk av med AFP for tre år sidan. Ho har undervist både på barne- og ungdomstrinnet og i vidaregåande skule, og m.a. undervist i kunsthistorie. Kunst og kultur er ei av hennar store interesser, og i 2003 / 2005 var ho student ved Universitetet i Bergen / Folkeuniversitetet, der ho tok grunnfag i kunsthistore. Vinnaren er i dag leiar i Voss Kunstlag, og har vore medlem i laget heilt sidan ho kom til Voss i 1974. Voss Kunstlag fyller i år 60 år, og er aktivt som aldri før. Ei rekkje utstillingar og foredrag har vore haldne i år, og fleire er planlagde. Det vert også arrangert kurs og workshops. Voss Kunstlag vart i jubileumsåret kåra til Norges beste og mest aktive lag, av Norske Kunstforeninger. Ei utmerking som heng svært høgt. Vinnaren har arbeidd for eit breiare samarbeid innan kunst og kultur i bygda. Mellom anna var laget aktivt med under NM på Ski i vinter, og har delteke under Ekstremsportveko, i tillegg til mange års samarbeid med Vossa Jazz. Vinnaren har stor stå-på vilje og gjev seg ikkje før ho har fått svar og resultat av arbeidet. Ho er ein aktiv og nytenkjande person og ein inspirasjon for mange. Ho brukar svært mykje av pensjonisttida si til frivillig arbeid for kunst og kultur i bygda. Voss Sparebank deler årleg ut Eldsjelprisen for Voss. Utnemninga som Årets Eldsjel 2011 vart denne gongen tildelt to personar - Laila Rynning Veum og Per Ove Himle. Prisen er i år på kr 30.000 til kvar av vinnarane, og vert delt likt mellom eldsjela og laget denne representerer. Prisen vart delt ut under VossUp-dagen på torget laurdag 6. oktober 2012. VossUp-dagen er eit arrangement der lag og organisasjonar drive av friviljug kraft kan presentera seg sjølve. Det var såleis ein flott arena å dela ut Eldsjelprisen på. Voss Sparebank oppretta Eldsjelprisen for Voss i 2009. Prisen skal tildelast eit prosjekt, lag, organisa-sjon eller enkeltperson som gjer ein nyttig innsats for utviklinga av lokalsamfunnet eller næringslivet i kommunen. Prisen skal tildelast for ueigennyttig innsats og gjerne for eit bestemt prosjekt. Utdelinga skjedde på torget under VossUp-da styreformann i V

risen ss 2011 Personar som gjennom ein lengre periode har stått på for eit lag eller organisasjon, er gode kandidatar til å få prisen som Årets Eldsjel. Bygdefolket kjem med forslag til kandidatar, og til Årets Eldsjel har det kome inn ei lang rekkje med forslag. Mange av kandidatane er føreslegne av fleire personar. Juryen Til å velje ut Eldsjelprisvinnarane er det etablert ein jury, som er samansett slik: Steinar Hjørnevik Styreleiar i Voss Sparebank og dagleg leiar av HMV-konsernet Gunnhild Utkvitne Kommunalsjef for kultur og fritid i Voss Kommune Heidi Olsen Nedkvitne Leiar i Voss Idrottsråd og styrar ved Tvildemoen Barnehage Odd Henry Hommedal Sekretær i juryen og avdelingsleiar i Voss Sparebank gen. Prisane vart utdelt av Steinar Hjørnevik, oss Sparebank. Per Ove Himle Den andre vinnaren av Eldsjelprisen 2011 fekk dugnadsarbeidet inn med morsmjølka. Han deltok tidleg på dugnad i lag med faren, på same måte som han sjølv tek sin eigen son med på dugnadsarbeid i dag. Vinnaren har vore medlem i Idrottslaget Vargar heile livet, der han i dag er nestleiar i laget. Han har elles vore med i styret i om lag 15 år. Som yngre var han sjølv aktiv langerennsløpar, utan dei store topplasseringane. Når det gjeld frivillig arbeid og dugnad er han derimot i det absolutte toppsjiktet. Vinnaren var ein av drivkreftene for å få i gang Voss Ski- og Tursenter, og har stått på for dette anlegget seint og tidleg. Han er Vargar sin representant i styret for anlegget oppi åsen. Vinnaren har fulltidsjobb som arbeidsformann i entreprenørbransjen, så køyring av trakkemaskin og løypepreparering må skje i fritida. Det meste av fritida går dermed med til nettopp dette. Ikkje sjeldan tek han ei økt tidleg om morgonen før han dreg på jobb, slik at løypene skal vera tipp topp for alle oss andre som brukar anlegget. I samband med NM på Ski i vinter deltok han aktivt natt og dag med å få best mogelege løyper. Som me veit vart arrangementet ein stor suksess. Ein suksess som vinnaren av Eldsjelprisen må ta ein stor del av æra for. Vinnaren er ein arbeidsmann som likar å få ting til å skje og likar å sjå resultat. Han er opptatt av at det skal vera kvalitet på arbeidet og anlegg-et i Voss Ski- og Tursenter. Det må det vera, om me skal få ting til å skje i framtida. Vinnaren seier at han vanskeleg kunne halda fram med dugnadsarbeidet utan den svært gode støtta frå familien og kona, og ynskjer å takka dei for det. Vinnaren lovar å halda fram med arbeidet så lenge han har gnisten. 5

Osafestivalen Lunsjkonsert Ved lunsjtid fredag 26. oktober vart banken sine lokale i Vangsgata gjort om til konsertarena. Me hadde då gleda av å ta i mot 10 utøvarar som studerer folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Konserten var ein del av programmet til årets Osafestival, og det var andre året på rad at festivalen held konsert i banken. Vel 50 tilhøyrarar fekk med seg dei vakre tonane som vart presenterte. Kunstnarleg leiar for festivalen, Steinar Ofsdal, opna konserten med eit fyrespel, før studentane frå Norges Musikkhøgskole entra scena. Ensemblet bestod av seks hardingfelespelarar og tre kvedarar. I løpet av den vel halvtimelange konserten fekk me høyra eit variert program frå den sarte bånsull til den ville halling. Med seg hadde dei også ein rumensk-serbisk felespelar, noko som gjorde at me også fekk høyra nokre balkanske rytmar. 6 Banksjefen takka studentane og Osafestivalen for ein flott konsert, og understreka at banken synest det er stas også å kunne bidra med å vera konsertarena for slike arrangement som føregår i bygda vår! Dette var som nemnt andre året på rad at Osafestivalen held konsert i banken, og me håpar å kunne ynskja velkomen også ved seinare høve! Alle foto: Svein Ulvund

BSU Framtidsretta SPARING Alle tenkjer på å kjøpe seg bustad ein eller annan gong. Huskjøpet er for dei fleste den største og viktigaste investeringa i livet. BSU er ein god måte å leggje seg opp ein betydeleg startkapital, slik at huskjøpet vert lettare. Voss Sparebank tilbyr gode vilkår til deg som vil spara til eigen bustad. Regelmessig sparing på BSU gjev deg eigenkapital til kjøp av drøymehuset. Voss Sparebank kan hjelpa deg med dette. Me tilbyr BSU med den beste innskotsrenta i banken. I tillegg får du 20 % av spart sum i redusert skatt. Når du skal kjøpa bustad tilbyr me beste utlånsrenta i banken. BSU-konto kan du opprette sjølv i nettbanken din under: Produktbestilling og Opprett konto. 20 % av spart beløp i redusert skatt Sparar du kr 20.000,- per år, vil du få kr 4.000,- i redusert skatt Det er difor ein fordel å ha skattbar inntekt for full utnytting av sparetilbodet Banken si beste innskotsrente Dette gjer at du samla sett vil få over 20 % avkasting på sparebeløpet Skattereduksjon + innskotsrenta Gode lånevilkår Ved regelmessig sparing i BSU kvalifiserer du for gode lånevilkår med Fyrsteheimslån. Dette er eit tilpassa lån for nyetablerarar som gjev deg beste lånevilkår i ein livsfase du treng det mest. Nokre BSU-reglar Maks sparesum er kr 20.000,- per år Maks spart beløp totalt er kr 150.000,- Kan spare fram til og med det året du fyller 33 år Uttak må knytast opp mot bustadføremål Du er hjarteleg velkomen innom i banken for meir informasjon, eller oppretting av BSU-konto! 7

Ålmennyttige gåver Voss Sparebank deler kvart år ut gåver til ålmennyttige føremål. Gjennom sponsoravtalar, gåver og anna stønad, bidreg banken årleg med omkring 2,5 mill til lokalsamfunnet. Dette er betydelege midlar for å oppretthalde det gode aktvitetsnivået i bygda. Pengane går i stor grad til idrett, kultur og organisasjonsliv, men litt går òg til andre samfunnsnyttige tiltak. Banken har sidan 1853 gjeve gåver til ålmennyttige føremål. Den første gåva vart gjeven til Voss folkeboksamling (almuebilioteket). Denne var på 15 spd. Det er såleis store summar banken fører attende til lokalsamfunnet. Gåvene går til store prosjekt innan idrett og kultur, medan mange av gåvene er ekstra tilskot for å betra eller fortsetja godt arbeid for bygda og lokalsamfunnet. Banken kjenner på at dette er like aktuelt no som det var for 160 år sidan. God bankdrift og kundar som stør opp om banken er grunnlaget for ålmennyttige gåver. Dei største gåvene i år gjekk til Voss Sjukehus og FIS Freestyle VM 2013. Voss Sjukehus fekk kr 250.000,- til ny ultralydmaskin. Medan FIS Freestyle VM 2013 fekk kr 200.000,- til arrangementet. No i haust har det vore 2 store gåveutdelingar, der banken delte ut til saman kr 1.120.000,- 8

21.08.2012 delte me ut tilsaman 460.000 kroner til: Bolstadøyri Bedehus KFUM/KFUK Bjørgum Ungdomslag Evanger Grendalag Hauge Ungdomslag Jordalen Grendalag Kløve Ungdomslag Oppheim Ungdomslag Ungbjørk Ungdomslag Voss Ungdomslag Balkanfest Ekstremsportveko Osafestivalen Orkesteret Fossegrimen Evanger Musikklag Voss Musikklag Voss Skulemusikk Vossa Jazz Voss Storband Stalheim Landskapspark Vassvøri Sogelag Voss Kunstlag Voss Røde Kors Hjelpekorps Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps 09.10.2012 delte me ut tilsaman 660.000 kroner til: Borstrondi Skyttarlag Bulken IL FFO-Voss Fotballklubben Voss FIS Freestyle VM 2013 IL Eldar IL Vargar IL Ørnar Nabobeino Voss Freestyleklubb Voss Hang- og Paragliderklubb Voss IL (Roset-hytta) Voss Karateklubb Voss Køyre- og Rideklubb Voss Ski- og Tursenter Voss Skyttarlag Årmotslia Skisenter Festival Voss Biletet er frå utdelinga 09.10.12. mange gode representantar for lags- og organisasjonslivet på Voss. 9

www.vossoslo2013.noverdsmeisterskap i Myrkdalen I perioden 2. 10. mars 2013 skal Voss og Myrkdalen arrangera FIS Freestyle World Ski Championships 2013. Toppeliten av skikøyrarar frå heile verda kjem til Hordaland, Voss og Myrkdalen desse dagane for å avgjera kven som er best i verda. Me reknar med at om lag 350 utøvarar frå 35 nasjonar kjem på besøk. Konkurransen i halfpipe går i Oslo Vinterpark, medan kulekøyring, parallellkulekøyring, skicross, aerials (hopp) og slopestyle vert gjennomført i Myrkdalen på Voss, der det er investert fleire millionar i eit topp moderne anlegg for freestyle. Om lag 600 frivillige er engasjert på alle nivå i organisasjonen. Dette gjer at engasjementet spreier seg utover fleire miljø. Meld deg som frivillig på www.vossoslo2013.no. NRK står for fjernsynsproduksjonen, med sendingar i meir enn 50 land. 10 Det vert eit godt kulturopplegg under VM. Tysdag er det opningsseremoni i Voss sentrum med Alex Rosén og andre aktørar. Kvar dag unnateke laurdag er det premieutdeling og ettermiddagsunderhaldning i Myrkdalen, med det nye hotellet som råme. Laurdag vert det premieutdeling og show i Voss Sentrum. Opplevinga av samspelet mellom natur, vêr, spektakulære idrettsprestasjonar, kulturuttrykk og andre tilskodarar skal sitja i kropp og sinn lenge etter VM. Opplevingane skal bidra til at tilskodarane søkjer attende til tilsvarande arrangement i framtida. Gode idrettsopplevingar vert endå sterkare når dei er ramma inn av positive menneske. Me ynskjer å sjå deg i bakken under verdsmeisterskapen i Myrkdalen i mars 2013! Tekst: Kristin Lemme VM 2013 Foto: Erik Østlie/visitvoss.no

FIS Freestyle World Ski Championships/ Freestyle-VM 2013: 11 Oslo Vinterpark Tysdag 5. mars kl 19.30: Halfpipe Myrkdalen, alle dagar kl 14.00: Onsdag 6. mars: Kulekøyring Torsdag 7. mars: Aerials (freestyle hopp) Fredag 8. mars: Parallellkulekøyring Laurdag 9. mars: Slopestyle Sundag 10. mars: Skicross Det vert sett opp busstransport kvar dag, og publikum vert oppmoda om å reisa kollektivt!

Frende Forsikring - mest nøgde kundar Frende Forsikring ligg i teten etter årets kundeundersøking, gjort av EPSI Rating. Frende har som målsetjing å vera konkurransedyktig, med forutsigbare prisar og innhaldsrike forsikringar. Kundeundersøkinga til EPSI Rating inneheld over 2200 telefonintervju, og viser at Frende igjen ligg på toppen. Hjå oss får du god hjelp til å finne dei rette forsikringane for deg. Dine fordelar Gunstige, stabile prisar, samt lojalitetsbonus etter 3 år som skadeforsikringskunde Ikkje gebyr eller grunnpremie på skadeforsikringar Gode forsikringsdekningar, og bl.a. ein av marknadens beste bonusoppteningar på bil Oversiktlege forsikringsdokument Om uhellet er ute, er du sikra rask og god skadebehandling Både bank og forsikring på samme stad Kjøp forsikring på nett 12 No kan du kjøpa dei vanlegaste skadeforsikringane dine på nett. Enkelt og greitt, og tilgjengeleg for deg heile døgeret alle dagar. Gå inn på www.vossabanken.no og finn lenkja der. Spør oss om du lurer på noko.

Voss Sparebank Næring Me har lang røynsle som samarbeidspartnar og lagspelar for det lokale næringslivet. Me kjenner dei lokale forholda og mogelegheitene godt, og tilbyr dei produkta du treng for di bedrift. Voss Sparebank kan hjelpa deg når du har behov for å låna pengar! Me tilbyr det meste innan finansiering, ulike garantiordningar og leasing til både nye og etablerte verksemder. Kunderådgjevarane våre ser fram til ein interessant samtale med deg. Ta kontakt med oss på førehand for å avtala tid hjå rådgjevar, så slepp du ventetid. VISA Business Gold VISA Business Gold er eit firmakort for små- og mellomstore verksemder. Med VISA Business Gold får verksemda eit kort som forenklar og reduserer administrasjon knytt til reiser og andre utlegg. Ved at dei tilsette har eit VISA Business Gold, har dei alltid midlar tilgjengeleg for å gjera opp i jobbsamanhengar. Leasing Voss Sparebank er ein av ti eigarar av Brage Finans. Selskapet vart stifta i 2010 i Bergen. Brage Finans tilbyr leasing av alle typar driftsmidlar. Kva er leasing? Leasing betyr at Brage kjøper og eig det utstyret verksemda di treng, for så å leiga det tilbake til deg mot ei avtalt månadsleige i eit avtala tidsrom. Leasing er ei finansieringsform som har vorte svært vanleg for å unngå å binde eigenkapital. Det er leasingselskapet som eig sjølve leasingobjektet, medan det er verksemda di som har bruksretten. Lengda på leasingperioden er som regel tre - fem år. Leasingleiga vert då utgiftsført som ein driftskostnad i den perioden investeringa gjev høgast og sikrast avkastning, og før vedlikehaldskostnadene vert for store. Budsjettering og rekneskapsføringa vert enklare enn før, og det kan også vera skattemessig gunstig i mange tilfelle. 13 Forsikring Voss Sparebank er medeigar i Frende Forsikring. Forsikringsselskapet har base på Vestlandet og er i god utvikling. Frende er eit fullskala forsikringsforetak og tilbyr forsikring til nærings- og privatkundar. To aktuelle forsikringar er gruppeliv og nøkkelpersonforsikring. Bakgrunnsfoto: Svein Ulvund

13 autoriserte rådgjevarar i Voss Sparebank - med god lokalkunnskap Autorisasjonsordningen for finansielle rådgjevarar er ei nasjonal autorisasjonsordning, som fremjar og sikrar nødvendig kompetanse og haldningar hjå finansielle rådgjevarar. Målet er å styrkja kvaliteten på finansiell rådgjeving ovanfor kundar. Med finansiell rådgjeving meinast den personlege rettleiinga som rådgjevaren gir på bakrgrunn av kunden sin finansielle situasjon. Alle som arbeider innanfor feltet finansiell rådgjeving er pliktige til å ha nødvendig kompetanse samt å etterleva god rådgjevingskikk, noko som er svært viktig for kundane. For å bli autorisert, må ein rådgjevar bestå ein omfattande kunnskapsprøve og ein praktisk prøve, som inneheld rådgjevingssamtale og samtale om eit etisk dilemma. Det vert også stilt krav til oppdatering og vedlikehald av kompetanse. Det er Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO), Verdipapirfondenes forening og Finansforbundet som står bak autorisasjonsordninga. Voss Sparebank har gjennom dei siste åra lagt til rette for at dei tilsette skal få best mogeleg høve til å gjennomføra autoriseringa. Det er avsett studietid, i tillegg til at banken har hatt eksterne føredragshaldarar. Voss Sparebank har no 13 autoriserte rådgjevarar. www.autorisasjonsordningen.no Styret i Voss Sparebank 14 Frå venstre: Per Anders Tveite, Hilde Lussand Selheim, Steinar Hjørnevik (leiar), Kjell Jostein Bø (banksjef), Trude Storheim (vara), Vigleik Lie (vara tilsett), Hans Skeie, Tor Ivar Johnsson og Åse Karin Bidne (tilsett).

Tilsette i Voss Sparebank Banksjef Kunderådgjevarar Privat Kjell Jostein Bø Odd Henry Hommedal Kundesenter Torunn Farsund Liv Randi Øvsthus Åse Karin Bidne Møyfrid Norekvål Jon Svein Sølvberg Solveig Røthe Magnhild Kløve Oddbjørn Nestås Vigdis Dale Anna Songve Ann Sissel Kvåle Asle Bakka Åse Helleve Knut Rykke Sigrid Marie Hydle Kunderådgjevarar Næring Stefi Måge 15 Asle Opheim Ingebjørg Arnetveit Martin Hindenes Kurt Arild Midtun Lisa Marie Evans Rolf Haukås Internavdeling Arne Morten Lirhus Anders Lillethun Ruth Svane Ohnstad Anne Berit Tverberg Åsviv Reigstad Vigleik Lie

16 Voss Sparebank Postboks 50 5701 Voss 56 52 03 00 post@vossabanken.no www.vossabanken.no