Statens vegvesen Notat Til: Frå: Kopi: Drift Akershus v/ Johnny Rindal Veg- og geoteknikk, berg- og geoteknikk v/ Kristian Kjesbu Roar Øvre Sakshandsamar/innvalsnr: Kristian Kjesbu - 98020697 Vår dato: 10.05.2016 Vår referanse: 16/59671-1 Fv 32, Hp 2, ca km 0,300-1,150. Vurdering av rasfare/sikringstiltak i samband med forsterkningstiltak og drenering. Notat etter synfaring 16060 460. Den 03.05.2016 vart det utført synfaring i området. Tilstades var frå SVV; Johnny Rindal og Kristian Kjesbu. Situasjon Det skal utlysast ein jobb med forsterkningstiltak på strekninga. Forsterkningslag skal utskiftast og drenering skal leggast. I det aktuelle området er det stadvis lause blokker i nærleik av veg. Det var ynskeleg med synfaring for å sjå på stabilitet/rasfare og eventuelt behov for sikringstiltak. Vurdering I området frå ca km 300 ca km 500 er det delvis fjellskjæring, samt urpartier i 5 10 m breidde frå veg og inn mot ein generelt oppsprukken fjellvegg i bakkant. Terrenget i overkant av dette er relativt flatt. I bakveggen/fjellveggen vart det observert fleire lause blokker/partier som tolkast å ha dårleg stabilitet. Imidlertid vurderast det slik at eventuelle nedfall frå veggen, mest sannsynleg legg seg til ro i ura nedom, og ikkje når veg/grøft. Om lag ved km 340 er det ein utstikkande fjellknaus ned mot grøft, sjå fig 1-3. Det er her tenkt å fjerne noko av denne i samband med dreneringstiltak. Fjellknausen er blokkig oppsprukken og det vurderast slik at det vil være mogleg å pigge vekk ein ytre del av denne knausen. Det opptrer steile sprekkeplan noko inn i knausen. Det tilrådast å legge opp til pigging/fjerning av fjell inn mot steilt sprekkeplan i bakkant. Det kan ikkje utelukkast eit mindre boltebehov i etterkant. Ved ca km 350 ligg det større blokk ned mot grøft, sjå fig 4. Det tolkast slik at desse storblokkene ligg på delvis blokk, delvis blaute massar ned mot grøft. I samband med graving i framkant/fotparti vurderast stabiliteten på storblokk noko usikker. Det tilrådast difor å utføre blokkdemolering på to blokker som vist i figur. I bakkant er det ein oppsprukken vegg med avsprekte/lause blokker, sjå fig 5.Eit utstikkande blokkparti markerer seg, og tolkast å ha dårleg stabilitet. Det vurderast imidlertid slik at denne
mest truleg vil legge seg i nedkant mot urblokker. Det vurderast likevel tilrådeleg å fylgje med på bakvegg her under pigging og blokkdemolering. Frå om lag km 380 500 er det fjellskjæring langs veg. Denne er oppsprukken og har laust blokkmateriale. Grøftearbeid/dreneringstiltak vil her måtte foregå direkte i nedkant av skjæring. Det tilrådast å gå over skjæringa med arbeidsreinsk i forkant av grøftearbeid. Ved om lag km 1,120 er det også fjellskjæring nærme veg. Det er her plan om å ta seg lengre inn. Det opptrer markert hovudsprekkeretning med fall inn i skjæring, samt at det tolkast å opptre sprekk/sleppe i underkant av skjæring med fall mot veg, sjå fig 7. Det vurderast slik at det vil kunne nyttast vanleg prosess 22.11 i samband med å etablere/sprenge ny skjæring her. Det kan ikkje utelukkast eit mindre boltebehov i skjæringa med omsyn på sprekk/sleppe med Tilrådning Det tilrådast å utføre tiltak som forsøkt skissert over, i forkant av dreneringstiltak. Med omsyn på mogleg boltebehov i etterkant av pigging/sprengning, bør ein ha eit mindre bolteantall tilgjengeleg, ca 10 stk 2,3 m bolt. Fig 1: Ca km 340. Utstikkande fjellknaus ned mot grøft. Er tenkt å fjerne noko av denne i samband med dreneringstiltak. Sjå og neste figurar.
Fig 2: Blokkig oppsprukke utstikkande fjellknaus. Det tilrådast å pigge vekk ytre del av denne fjellknausen for å skape noko større avstand til veg. Sjå og neste figur. Fig 3: Fjellknaus sett frå sida. Tilrådast pigging for å ta vekk inn mot steilt sprekkeplan i bakkant, antyda på figur. Det kan ikkje utelukkast mindre boltebehov i etterkant av pigging.
Tilrådast å utføre blokkdemolering. Fig 4: Ca km 350. Større blokk ned mot grøft. Tolkast å ligge på blokk og blaute massar i underkant. Stabilitet vurderast noko usikker i samband med graving i framkant/fotparti. Det tilrådast blokkdemolering, som og må inkludere blokka i bakkant. Fig 5: Ca km 345. Blokkig oppsprukken vegg i bakkant av større blokker på forrige figur. Utstikkande blokkparti synt på figur tolkast å ha dårleg stabilitet. Vurderast imidlertid å ville legge seg i nedkant mot urblokker. Tilrådast likevel å fylgje med på bakvegg i samband med blokkdemolering/pigging.
Fig 6: Ca km 380. Fjellskjæring langs veg er her oppsprukken og har laust blokkmateriale. Dreneringstiltak her vil måtte foregå direkte i nedkant av skjæring. Det tilrådast å gå over skjæringa med arbeidsreinsk i forkant av grøftearbeid. Sprekkeretning med fall inn i skjæring. Tolkast som sprekk/sleppe med Fig 7: Ca km 1,120. Fjellskjæring nærme veg med plan om å ta seg lengre inn. Markert hovudsprekkeretning med fall inn i skjæring, samt det tolkast å opptre sprekk/sleppe i underkant av skjæring med fall mot veg, sjå antydning på figur. Det kan ikkje utelukkast eit mindre boltebehov i skjæringa med omsyn på sprekk/sleppe med