Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med institusjonens tilrettelegging og oppfølging av fritid og fritidsaktivitetar, og bebuarens rett til medverknad ved Stiftelsen Klokkergården - avdelingane Måløykollektivet, Kannesteinen og Sjøly Adressa til verksemda: Postboks 198, 6701 Måløy Tidsrom for tilsynet: 15.02.2013 - Kontaktperson i verksemda: Dagleg leiar Jannicke Nordbø Samandrag Rapporten gjer greie for merknaden som blei påpeikt innanfor dei reviderte områda. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område: «Tilrettelegging og oppfølging av fritid og fritidsaktivitetar og bebuarens rett til medverknad.» Tilsynet undersøkte om institusjonen gjennom systematiske styringstiltak (internkontroll) sikrar til at bebuarane får eit fritidstilbod og kan medverke til eiga fritid, i samsvar med barnevernslova 5-9, rettigheitsforskrifta 7 tredje ledd bokstav b) jf. føremålet i 1. Det blei gitt ein merknad. Merknad: «Institusjonen har etablert praksis for at bebuarane skal opphalde seg minst mogleg på eige rom også på fritida.» Dato: Line Pedersen Døsen revisjonsleiar Siv Bianca Kjosås revisor
Innhald Samandrag... Feil! Bokmerke er ikke definert. 1. Innleiing... 3 2. Omtale av verksemda - spesielle forhold... 3 3. Gjennomføring... 4 4. Kva tilsynet omfatta... 4 5. Funn... 5 6. Regelverk... 5 7. Dokumentunderlag... 6 8. Deltakarar ved tilsynet... 7
1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Stiftelsen Klokkergården i perioden 15.02.2013. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen dette året. Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn etter barnevernslova 2-3 fjerde ledd, jf. 2-3b. Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen handterer ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfatta å undersøke: kva tiltak institusjonen har for å avdekke, rette opp og førebygge brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Rapporten gjer greie for merknaden som vart gitt under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor områda som tilsynet omfatta. Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte. Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på potensiale for betring. 2. Omtale av verksemda Stiftelsen Klokkergården er ein privat barnevernsinstitusjon med godkjenning av og avtale med Bufetat. Institusjonen har tre avdelingar i Sogn og Fjordane, avdeling Måløykollektivet, Sjøly minikollektiv og Kannesteinen minikollektiv. Desse har godkjenning for høvesvis 9, 3-4 og 3 plassar. Dei tek imot ungdommar i alderen 13-18 (23) år, med heimel i barnevernslova 4-24, 1. og 2. ledd, 4-26, eventuelt i kombinasjon med 4-12, 4-4,5. ledd og 1-3. Institusjonen si målgruppe er ungdom frå heile landet med rus- og åtferdsproblem. Stiftelsen Klokkergården starta opp i 1980, og har avdelingar i fleire deler av landet. Dei bygger på dei gamle tradisjonane knytt til fellesskap, solidaritet og arbeid. Behandlingstilbodet er variert og prega av mangfald. Dei har henta inspirasjon frå ulike retningar, og har ikkje valt ut ein retning å jobbe ut frå. Dei trekkjer fram relasjonar og fellesskap som metode, heilskapleg (økologisk) perspektiv, sosial læringsteori, utviklingspsykologisk perspektiv og kognitiv åtferdsteori/miljøterapi. Kollektivet nytter faseprogram, som er delt inn i fem fasar.
Føremålet er å tydeleggjera eit utviklingorientert syn på endingsprosessen. Jo høgare ungdom kjem i faseprogrammet, jo meir ansvar og tillit får dei. Avdeling Måløykollektivet har 16 faste tilsette, og to engasjement. Avdeling Kannesteinen har 5 faste tilsette og eitt engasjement. Avdeling Sjøly har 6 faste tilsette. Dei tilsette går i medleverturnus. 3. Gjennomføring Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar: Revisjonsvarsel blei sendt ut 15. februar 2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kap. 7 Dokumentunderlag. Opningsmøte blei halde 23. april Intervju: Sju personar blei intervjua Verifikasjon: Gjennomgang av 10 saksmapper Sluttmøte blei halde 24. april Førebels rapport vart sendt ut 08.05.2013 Endeleg rapport vart sendt ut 4. Kva tilsynet omfatta Tilsynet omfatta institusjonens tilrettelegging og oppfølging av fritid og fritidsaktivitetar, og bebuarens rett til medverknad. Med fritid meiner ein den tida bebuaren ikkje brukar til daglege aktivitetar ved institusjonen, skulegang eller arbeid. Måltid, husmøte og tid til lekser er ikkje å rekne som fritid i denne samanheng. Institusjonen skal ikkje ha så mykje fastlagt opplegg at bebuarane ikkje får høve til å påverka eigen situasjon og fritid under opphaldet. Bebuarane har rett til tid som dei kan disponere fritt til fritidsføremål, samtidig som tida på institusjonen skal brukast konstruktivt. Institusjonen skal sikre at det blir lagt til rette for at bebuarane får delta i fritidsaktivitetar under opphaldet, og følgje opp fritidsaktiviteter, jf. rettigheitsforskrifta 7 tredje ledd bokstav b og føremålet i 1. Av barnekonvensjonens (BK) artikkel 12 går det fram at barn har rett til medverknad. Etter BK artikkel 12 har barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, rett til å gje uttrykk for sine meiningar i saker som gjeld han eller ho. Tilsvarande følgjer av barnevernslova 6-3. Institusjonen skal difor leggje til rette for at barnet blir sett og høyrt, og får kome med innspel ved tilrettelegging og oppfølging av fritidsaktivitetar.
5. Funn Det vart gjeve ein merknad. Merknad: «Institusjonen har etablert praksis for at bebuarane skal opphalde seg minst mogleg på eige rom, også på fritida» Gjeld følgjande krav frå styresmaktene: barnevernslova 5-9, rettigheitsforskrifta 7, 3. ledd bokstav b og internkontrollforskrifta 12, 2. ledd. Merknaden bygger på følgjande observasjonar: Av dokumentet «Dagplan» går det fram at det også på ettermiddags- og kveldstid er mykje fast program, som gir lite rom for å trekke seg tilbake. I intervjua blei det klart formidla at ungdom også på fritida helst skal opphalde seg i fellesareala/i «miljøet». Under intervjua kjem det fram at tilsette i hovudsak forstår omgrepet «fritid» som tid der bebuarane skal vera i ulike former for aktivitet, og at leiinga på institusjonen ikkje har tilstrekkeleg fokus på kva anna enn aktivitetar som kan reknast som fritid. Institusjonsplanen omtalar heller ikkje at fritid kan vera andre ting enn aktivitet. Det kjem ikkje fram i dokumentasjonen eller under intervjua at retten til å trekke seg tilbake på eige rom i fritida er eit tema som vert drøfta i personalgruppa. Under intervjua og ved gjennomgang av «overlappinga» kjem det i liten grad fram at det er fokus på risiko for svikt og forbetringsarbeid når det gjeld tema medverknad og fritid. Kommentar: Fylkesmannen legg til grunn at dersom bebuarane oppheld seg på eige rom på fritida, ser institusjonen negativt på dette. Institusjonen viser til at bebuarar er på institusjonen for å få behandling for rus- og åtferdsproblematikk. Det å trekke seg tilbake på eige rom på fritida er eit klart teikn på ønske om isolasjon, russug og «tankekøyr». Vi viser til at institusjonen skal legge til rette for at bebuarane skal kunne slappe av for seg sjølv og ha noko fritid aleine, trass i at dei bur på eit kollektiv og deltek i eit behandlingsopplegg. Etter Fylkesmannens oppfatning, er det risiko for at dagens praksis kan utvikle seg på ein slik måte at det kan føre til brot på regelverket i framtida. 6. Regelverk FNs barnekonvensjon Barnevernslova Tilsynsforskrifta Rettighetsforskifta Rundskriv Q-19/2012: Retningslinjer til rettighetsforskrifta (BLD) Internkontrollforskifta Rettleiar om internkontroll i barnevernsinstitusjonar(bld)
7. Dokumentunderlag Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd: Institusjonsplan: Som inneheld generelle opplysningar om institusjonen, målgruppe, målsetting og metodikk, materielle krav, lokalisering, krav til bemanning og kompetanse, oppbevaring av private eigendelar og pengar, medisinsk tilsyn og behandling, oppbevaring og behandling av personopplysningar, bebuarane si medverknad, internkontroll og vedlegg Årsrapport 2012, frå dei tre avdelingane Årlig etterfølgende kontroll av godkjente private og kommunale barnevernsinstitusjoner Rutinar om: vekking og legging, plikter, måltider, rømming og tilbakeføring, begrensing av bevegelsesfrihet, begrensing av telefonbruk, postkontroll, ransaking av rom og eiendeler, kroppsvisitasjon, tvang i akutte faresituasjoner, besøk på avdelingen, informasjon om beboerens rettigheter, oppbevaring av private eiendeler og økonomiske midler, ivaretakelse av ungdommers integritet, urinprøve Oversikt over personalmøter, rettleiing og opplæring, fadderordning, opplæring av nytilsette, arbeidsbeskrivelsar Dagsplan på kollektivet Samspelsreglar Rapport fra etterkontroll av private barnevernsinstitusjoner 2013 Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket: Totalt 10 bebuarmapper mapper frå både Måløykollektivet, Kannesteinen og Sjøly Ovelappingslogg frå vekene 6-16 (veke 7 og 13 mangla) Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen: Varsel om systemrevisjon, datert 15. februar 2013 Telefonsamtale grunna manglande innsendt dokumentasjon og utsetjing av tilsynet, 19. mars 2013 Innsendt dokumentasjon, datert 19. - 21. mars 2013 Tidsplan, datert 11. april 2013 Telefon ang. oppsette intervju 19. april 2013
8. Deltakarar ved tilsynet Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua. Namn Funksjon/stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte Hedda H. Thieme Medlever/miljøterapeut X X X (Sjøly) Daria Anna Dyste Medlever/miljøterapeut X X X (Kannesteinen) Håkon Jacobsen Medlever/miljøterapeut X X (Måløykollektivet) Marte Haukås Avdelingsleiar Sjøly X X Jannicke Nordbø Dagleg leiar X X X Geir Inge Klype Leiande mijøterapeut X X X (Måløykollektivet) Kari Finstad Medlever/miljøterapeut (Måløykollektivet) X X Frå Fylkesmannen deltok: Hanne S. Veum, Siv Bianca Kjosås Line P. Døsen (revisjonsleiar)