Tokke kommune Møteprotokoll Utviklingsutvalet Utval: Møtestad: Teknisk, Tokke kommunehus Møtedato: 26.03.2015 Møtetid: 09:00 Møte slutt: 11:30 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Jarle Solbu Medlem AP Randi Eikåsen Møtte ikkje Medlem AP Bjørn Bergheim Leiar AP Birger Nygård Medlem SP Tone Sofie Dale Solvang Medlem SP Svein E. Hagen Møtte ikkje Medlem TH (ikkje motteke innkalling) Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Solbjørg Frantzen NESTL AP Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Tor Eikland Lunde Solbjørg Frantzen TH Til stades frå administrasjonen: Navn Stilling Gunhild Austjord Plan- og næringssjef Geir R. Stange Teknisk sjef (Berre tilstades i orienteringssak) Protokollunderskrifter:
Saksliste Utvalssaksnr Innhald Lukka Referatsaker RS 15/47 Aud Kleiv - Svar på søknad om motorferdse i utmark for seseongen 2014-2017 RS 15/48 Eva Vistad - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014-2017 RS 15/49 Svar på søknad om isbanekøyring på Oftevatn RS 15/50 Bodil Nordjore - Svar på søknad om motorferdsel i utmark i perioden 2014-2017 RS 15/51 Karl Martin Draugedal - søknad om motorferdsel i utmark i perioden 2014-2017 RS 15/52 111/8-Karl Martin Draugedal - Svar på søknad om motorferdsel i utmark i perioden 2014-2017 RS 15/53 111/12 - Løyve til tilbygg til hytte RS 15/54 140/21 - Løyve til tilbygg og fasadeendring RS 15/55 24/121 - Løyve til fasadeendring av brakke 4 Buøy RS 15/56 Ansgard Hommo og Anne Hovden Hommo - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/57 Ruth Draugedal - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/58 81/7 - Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom RS 15/59 58/14 - Løyve til oppføring av tilbygg på hytte RS 15/60 Godkjenning av serveringsløyve - Dalen kro AS RS 15/61 Erling Døli - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2015/2018 RS 15/62 130/4/23 -innløysing av festetomt RS 15/63 Bjørnar Gulseth - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/64 105/1 og 2 - Svar på søknad om bygging av landbruksveg - Knut Rønningen RS 15/65 Astrid Elisabeth Roheim - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/66 33/1- Gjersund Olav - Svar på søknad om løyve for motorferdsel i utmark. RS 15/67 132/1 - Søknad om deling av grunneigedom- samtykke etter jordloven 12 RS 15/68 Tildelingsbrev skogkultur NMSK RS 15/69 123/56/15 - Innløysing av festetomt
RS 15/70 129/9 - Løyve til oppføring av drivhus RS 15/71 81/7 - Svar på søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom. RS 15/72 123/199 - Løyve til utslepp - gråvatn til filter med etterpolering. RS 15/73 Marknads- og tiltaksplan for reiselivsarbeidet i Tokke kommune 2015 RS 15/74 82/21 - Ferdigattest for bustadhus RS 15/75 Tarjei Tjønn - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/76 Ove Geir Nevestveit - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/77 Tildeling av tilskudd til drenering av jordbruksjord 2015 RS 15/78 Ingar Sandok Ringhus - Svar på søknad om motorferdselel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/79 Jan E Hilding - Svar på søknad om motorferdsel i utmark for sesongen 2014/2017 RS 15/80 125/85- Svend Helge Aanonsen- Svar på søknad om bruk av snøskuter på Berehommen.
Politiske saker til handsaming PS 15/11 Søknad om premiestøtte og annonsering - FIS Cont Cup 2015 PS 15/12 PS 15/13 Søknad om premie og sponsorstøtte til Vest-Telemark Cup i fotball Søknad om midlar til informasjonsbrosjyre om Eidsborg stavkyrkje samt ei kunstnerisk fotoutstilling PS 15/14 Søknad om tilskot til 50 års markering i høve fylkesveg 45 PS 15/15 Strategiar for forvalting av SMIL og NMSK midlar i Tokke i 2015. PS 15/16 PS 15/17 Endring av forskrift for minsteareal for tildeling av elg i Tokke. Avklaring av status og vegen vidare for arbeidet med bygdeboka for tidlegare Lårdal herad Drøftingssak: Orientering om Marknads- og tiltaksplan for reiselivsarbeidet i Tokke kommune
Orientering frå geir Roger om Prioritering av vedlikehald kommunale vegar Retting i referatsak 15/70 skal vere salsbod ikkje drivhus Plan, næring og kulturetaten v/ reiselivskonsulent Anne Gundersen orienterte om marknads- og tiltaksplan for reiselivsarbeidet i Tokke kommune.
Politiske saker til handsaming PS 15/11 Søknad om premiestøtte og annonsering - FIS Cont Cup 2015 1. Tokke kommune stør Høydalsmo IL med kr 20.000,- i samband med avvikling av COC 2015. 2. Midlane løyvast frå 1470 423 380 1498; tilskot etter avgjerd i utviklingsutvalet. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. 1. Tokke kommune stør Høydalsmo IL med kr 20.000,- i samband med avvikling av COC 2015. 2. Midlane løyvast frå 1470 423 380 1498; tilskot etter avgjerd i utviklingsutvalet. PS 15/12 SØknad om premie og sponsorstøtte til Vest-Telemark Cup i fotball 1. Tokke kommune stør Høydalsmo IL sitt arrangement Vest Telemark Cup i fotball med kr 5.000,-. 2. Midlane løyvast frå 1470 423 380 1498; tilskot etter avgjerd i utviklingsutvalet. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. 1. Tokke kommune stør Høydalsmo IL sitt arrangement Vest Telemark Cup i fotball med kr 5.000,-. 2. Midlane løyvast frå 1470 423 380 1498; tilskot etter avgjerd i utviklingsutvalet.
PS 15/13 Søknad om midlar til informasjonsbrosjyre om Eidsborg stavkyrkje samt ei kunstnerisk fotoutstilling 1. Tokke kommune stør VTM med tilskot til informasjonshefte på tysk og engelsk om Eidsborg stavkyrkje med kr 5.000,- Midlane skal takast frå 1470 453 375 turistføremål. 2. Tokke kommune stør VTM tilskot til fotoutstilling med Luca Berti med kr 10.000,- Midlane skal takast frå 1470 423 385 1498 tilskot etter avgjerd i utviklingsutvalet. 3. Begge stønadane vert gjevne med atterhald om at det einskilde prosjekt vert fullfinansiert og gjennomført i 2015. Det vart røysta punktvis over rådmannen si tilråding: Pkt. 1 Samrøystes. Pkt. 2 Fall med 4 mot 1 røyst. Pkt. 3 Samrøystes vedteke med fylgjande endring «Stønaden vert gjeven..» 1. Tokke kommune stør VTM med tilskot til informasjonshefte på tysk og engelsk om Eidsborg stavkyrkje med kr 5.000,- Midlane skal takast frå 1470 453 375 turistføremål. 2. Tokke kommune støttar ikkje VTM med tilskot til fotoutstilling med Luca Berti. 3. Stønaden i pkt 1 vert gjeven med atterhald om at prosjektet vert fullfinansiert og gjennomført i 2015. PS 15/14 Søknad om tilskot til 50 års markering i høve fylkesveg 45 1. Tokke kommune stør Tokke Historielag med tilskot på kr 62.500,- til 50-års markering av fylkesveg 45 mellom Tokke og Valle med føresetnad om at prosjektet vert fullfinansiert og gjennomført i 2015. 2. Midlane skal takast frå 1470 432 385 ymse Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. 1. Tokke kommune stør Tokke Historielag med tilskot på kr 62.500,- til 50-års markering av fylkesveg 45 mellom Tokke og Valle med føresetnad om at prosjektet vert fullfinansiert og gjennomført i 2015.
2. Midlane skal takast frå 1470 432 385 ymse PS 15/15 Strategiar for forvalting av SMIL og NMSK midlar i Tokke i 2015. UTU vedtek framlegg til strategidokument for bruk av dei økonomiske midlane til landbruket i Tokke for 2015, slik det gjeng fram av saksopplysningane. Disponible midlar vert fordela i den storleik og til dei føremål som gjeng fram av dokumentet. Rådmannen har høve til å gjera endring i fordeling til føremål utover i året, dersom det skulle vera naudsynt. Ein kan likevel ikkje endre mellom NMSK og SMIL Handsaming av søknader vert delegera til rådmannen. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. UTU vedtek framlegg til strategidokument for bruk av dei økonomiske midlane til landbruket i Tokke for 2015, slik det gjeng fram av saksopplysningane. Disponible midlar vert fordela i den storleik og til dei føremål som gjeng fram av dokumentet. Rådmannen har høve til å gjera endring i fordeling til føremål utover i året, dersom det skulle vera naudsynt. Ein kan likevel ikkje endre mellom NMSK og SMIL Handsaming av søknader vert delegera til rådmannen. PS 15/16 Endring av forskrift for minsteareal for tildeling av elg i Tokke. Tokke kommune vedtek å auke minstearealet for elg til 4.000 da i Tokke kommune frå 2015. Ein grunngjev dette med den reduksjonen ein såg i elg stamma under jakta i 2014 og ut frå at ein skal ha ei sunn og vekstkraftig stamme også i åra framover. Endinga fører til at eit storvald blir for lite. Ein vedtek at Austheii /Gaastjønne får dispensasjon i 3 år frå kravet på 20 gonger minstearealet. Grunngjevinga er at kommunen arbeider med ei endring av forvaltninga der dette storvaldet sine erfaringar vil vera svært nyttelege å ha framover. Heimel for vedtaket er forskrift om forvaltning av hjortevilt.
Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Tokke kommune vedtek å auke minstearealet for elg til 4.000 da i Tokke kommune frå 2015. Ein grunngjev dette med den reduksjonen ein såg i elg stamma under jakta i 2014 og ut frå at ein skal ha ei sunn og vekstkraftig stamme også i åra framover. Endinga fører til at eit storvald blir for lite. Ein vedtek at Austheii /Gaastjønne får dispensasjon i 3 år frå kravet på 20 gonger minstearealet. Grunngjevinga er at kommunen arbeider med ei endring av forvaltninga der dette storvaldet sine erfaringar vil vera svært nyttelege å ha framover. Heimel for vedtaket er forskrift om forvaltning av hjortevilt. PS 15/17 Avklaring av status og vegen vidare for arbeidet med bygdeboka for tidlegare Lårdal herad 1. Med bakgrunn i at prosjektet har blitt langt meir omfattande og tidkrevjande enn føresett, blir arbeidet med skriving av Bygdesoga for Lårdal herad avslutta i si noverande form. 2. Budsjetterte utgifter for del av 2015 og 2016 blir avsett til fond for framtidig sogearbeid - Eidsborg og Lårdal. Inntekter ved sal av bøkene for Høydalsmo sokn skal tilsvarande avsetjast fondet f.o.m. 2016. Framlegg frå Birger Nygård: Ut frå tidlegare vedtak i saka, så skal gards- og ættesoge for gamle Lårdal Herad utarbeidast. Dette vedtaket vart gjort med verknad frå 01.01.2000 og frametter, fyrste omgang i 6 år i 50% stilling. Forfattar Tarjei Førstøyl har gjort ein framifrå jobb, men så grundig som arbeidet er gjort, har det vorte særdeles arbeidskrevjande. Dei siste åra har arbeidet gjenge på data, og med den erfaringa han har, så går arbeidet nå mykje fortare. Det er også særs viktig at heile gamle Lårdal Herad får si gards- og ættesoge, bygd på same grunnlaget som nå er gjort for Høydalsmo sokn. Dersom arbeidet vert avslutta nå, er det eit svik mot innbyggjarane i Eidsborg og Lårdal sokn. Arbeidet skal halde fram og saka vert teken opp att i samband med årsbudsjett og langtidsbudsjett. Rådmannen si tilråding vart sett opp mot framlegget frå Birger Nygård.
Rådmannen si tilråding vart tilrådd vedteke med 4 mot 1 røyst. 1. Med bakgrunn i at prosjektet har blitt langt meir omfattande og tidkrevjande enn føresett, blir arbeidet med skriving av Bygdesoga for Lårdal herad avslutta i si noverande form. 2. Budsjetterte utgifter for del av 2015 og 2016 blir avsett til fond for framtidig sogearbeid - Eidsborg og Lårdal. Inntekter ved sal av bøkene for Høydalsmo sokn skal tilsvarande avsetjast fondet f.o.m. 2016.