Kommunedelplan for oppvekst i Vågsøy kommune Strukturdel

Like dokumenter
Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst

Møteinnkalling for Oppvekst- og kulturutvalg

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Framlegg til planprogram

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur. Dato: Revidert: Vedtatt i kommunestyret, den xx.xx.xxxx

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Kommunedelplan for oppvekst. Vågsøy kommune

Kommunedelplan for oppvekst. Vågsøy kommune

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Kommunedelplan for Oppvekst i Vågsøy kommune,

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Øystre Slidre kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Arkivsaknr.: 12/35. Vedtak av Kommunedelplan for Oppvekst i Vågsøy kommune , strukturdel

Radøy kommune Saksframlegg

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Barn og unge i folkehelseoversikt og kommunal planlegging. Åslaug Haugset Rådgjevar/Folkehelsekoordinator Plan og utgreiing Gloppen Kommune

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Vågsøy kommune

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Skulebruksplan

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Kommunedelplan for skule Framlegg til planprogram

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Vågsøy og Eid/Selje

Program for Masfjorden Venstre

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida

Trygg og framtidsretta

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

NYE VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Elevtalsframskriving

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Barnehageplan for Vinje kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Budsjett 2017 Økonomiplan

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Kommunikasjonsstrategi

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Balestrand og Høyanger

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Øystre Slidre kommune

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Vågsøy kommune Rådmann

Transkript:

Kommunedelplan for oppvekst i 2014-2025 Strukturdel Vedteken av kommunestyret i Vågsøy i sak K-025/14 den 10. april 2014

Innhald 1. INNLEIING...3 1.1 FORORD...3 1.2 BAKGRUNN...3 1.3 SAMANDRAG...4 1.4 FØRINGAR...4 1.5 SAMFUNNSUTVIKLING...4 1.6 PROGNOSAR BARNETAL OG ELEVTAL...4 1.7 OPPV EKSTSTRUKTUR...4 1.8 DRIFT...4 1.9 ANALYSE AV STYRKJER, SVAKHEITER, MOGLEGHEITER OG TRUSLAR...4 1.10 EKSISTERANDE BYGG OG LOKALE...5 1.11 STRUKTUR I FRAMTIDA...5 1.12 PROSJEKTORGANISERING...5 2. VISJON OG VERDIAR...6 3. HOVUDGREP I OPPVEKSTPLANEN...6 3.1 FRAMTIDIG STRUKTUR...6 4. VEDLEGG...6 Dato 10. april 2014 side 2

1. INNLEIING 1.1 FORORD Kommunedelplan for Oppvekst i har vore arbeidd med sidan desember 2011. Hausten 2013 vart kvalitetsdelen av planen godkjent i kommunestyret. Strukturdelen har vore arbeidd med hausten 2013 og i møte i planutvalet den 30. januar 2014 vart det vedteke å legge ut til offentleg ettersyn 2 alternativ for barneskule og 1 alternativ ungdomsskule. Sentrale myndigheiter avgjer mykje som gjeld barnehage, grunnskule og kulturskule. Det har likevel stor verdi at kommunen er ein aktiv og dyktig skule- og barnehageeigar. Kommunen har til dømes ansvar for kvalitet på tilbod som vert gjeve i barnehage, skule og kulturskule, for økonomiske rammer og skule-/barnehagestruktur, for tilsetting av alt personale og for at dei tilsette har tilstrekkeleg og riktig kompetanse. Kommunen har og ansvar for at det er gode og hensiktsmessige lokale til grunnskular, kulturskule og barnehagar. Dette set krav til kompetanse og engasjement både i administrasjonen og hos politikarane i kommunestyret. styre ønskjer å bevisstgjere Vågsøy-samfunnet, vere ein aktiv skule- og barnehageeigar og ha eit sterkt fokus på barn og unge sine oppvekstvilkår. Målet er å ha ein god og profesjonell kulturskule, skular og barnehagar i kommunen. Oppvekstområdet står overfor mange viktige utfordringar. Hovudutfordringa er å nå målet om tilpassa opplæring for alle - slik at vi i endå større grad kan bidra til sosial utjamning og at fråfallet og ulikskapane i læringsutbytte kan reduserast. Dette krev ressursar. Fokus dei siste åra har i hovudsak vert økonomi. Dette har gått ut over fornying av bygg og styrking av innhaldet i tilbodet. Vi må vere framtidsretta når vi byggjer nytt eller rehabiliterer bygg. Det er viktig å bygge bygg som har fleksible areal, for eit mangfald av læringssituasjonar - slik at det ligg til rette for bruk av varierte læringsstrategiar og arbeidsmetodar. Målet er å gje alle best mogleg tilpassa opplæring for å styrkje kvart einskild barn sitt sosiale og faglege læringsutbytte. Bygg med fleksible areal gir også moglegheiter for både styrking, endring og utvikling av pedagogisk praksis. Både i høve til komande rehabiliteringsbehov, krav til universell utforming, fysisk læringsmiljø og det å sikre ein lik kvalitet i heile kommunen er det store økonomiske utfordringar uavhengig av kva framtidig struktur som vert vedteken. Norconsult har sidestilt dei to alternativa med ein eller to nye barneskular. Ein barneskule i Måløy og ein barneskule i Skavøypoll vil gje to høveleg store barneskular og langt fleire som kan gå til skulen. Skulane vil vere viktige for lokalsamfunna og begge vil ha betre tilknyting til Måløy sentrum enn ein felles barneskule på t.d. Tennebø. Alternativet har ulemper knytt til m.a. høgare driftsutgifter, skyss til basseng og behov for å ha idrettsdel på begge skulane. Eit anna aspekt for framtida er Måløy som kommunesenter og kva aktivitetar vi vil ha der. Det er viktig å ha tilbod som m.a. skule, kultur og fritidstilbod for å ha eit levande sentrum der barn og ungdom trivst. Rådmannen rår til at ein nyttar høyringsprosessen til å ta stilling til om ein vil vedta ein ny skulestruktur der ein legg størst vekt på økonomiske argument eller ein struktur der samfunnsverdiar vert tillagt ein høg verdi ved endeleg avgjerd. Rådmann Knut Ove Leite Kommunalsjef Tone Holvik 1.2 BAKGRUNN På oppdrag frå Kommunestyret i Vågsøy er det utarbeidd ein kommunedelplan for oppvekst. Planen er utarbeidd som ein tematisk kommunedelplan i samsvar med plan- og bygningslova. Målsettinga for planarbeidet har vert at planen skal byggje på nasjonale og kommunale mål og føringar og gje eit godt grunnlag for vidare utvikling av oppvekstområdet i Vågsøy. Planarbeidet skal gje eit oversiktleg bilde av situasjonen i dag og vedta mål og strategiar for å sikre barna ein kvalitativ god oppvekst innanfor ein økonomisk realistisk struktur. Planprogram for Kommunedelplan for Oppvekst i 2012-2024 er lagt til grunn for planarbeidet. Dato 10. april 2014 side 3

1.3 SAMANDRAG Ein viktig faktor for å sikre ein einskapleg oppvekstsektor, med lik kvalitet, er det fysiske læringsmiljøet. I dag er det stor skilnad på dei ulike skulane og stor skilnad mellom offentlege og private barnehagar. Det er presentert 2 mogelege alternativ for barneskule i kommunen. Vidare er det presentert 1 alternativ for ungdomsskule i kommunen. Bakgrunnsmateriale i del 2 av planen, vedlegg 1.4 FØRINGAR Det er gitt ei rekkje føringar gjennom lovverk og retningsliner. Kommunen har og ei rekkje føringar gjennom gjeldande planar og utviklingsprosjekt. I vedleggsdelen til planen er desse føringane skildra i kap.2. 1.5 SAMFUNNSUTVIKLING Prognosar for folketalsutvikling er eit viktig grunnlag for diskusjon om utvikling av tenestetilbod, struktur og framtidige kommunale investeringar. har frå 1995 til 2009 hatt folketalsnedgang. Dei siste åra har det vore ein folketalsvekst i Skram skulekrets og Skavøypoll skulekrets. Fødselsoverskotet har vert lågt og det er nettoflytting til kommunen som har halde folketalet. SSB sine prognosar for middels nasjonal vekst viser at folketalet kan få ein mindre vekst fram mot år 2025 og at det seinare vil minke igjen. Prognosen viser sakte minkande fødselstal, tal barn i barnehagealder og tal barn i grunnskulen. Utfordringar knytt til folkehelse og levekår er tett knytt opp mot utfordringar i oppvekstsektoren. er ein av dei tre kommunane som har høgast forbruk av barne- og ungdomspsykiatriteneste. Befolkninga har lågt utdanningsnivå og kommunen ligg under landssnittet når det gjeld prosentandelen personar i hushald med låg inntekt. I kap. 3 i vedleggsdelen er både demografiske forhold og folkehelse og levekår skildra meir utførleg. 1.6 PROGNOSAR BARNETAL OG ELEVTAL Talet på barn i alderen 0-14 år har vert synkande sidan 2001, med nokre år med unntak der det har vore vekst. Fødselstala har variert og har nokre år vert låge. Mange årskull har ein nedgang, noko som skuldast at barnefamiliar har flytta frå kommunen. 1.7 OPPVEKSTSTRUKTUR Oppvekststrukturen i dag er skildra i kapittel 5. i vedleggsdelen til planen. Kommunen har i dag ein barnehagestruktur med om lag like mange barn i offentleg som i privat barnehage. Det er 5 barneskular og ein ungdomsskule. Barneskulane har ulike SFO ordningar og alle gir leksehjelp. Skulane har ulike verktøy for arbeidet med psykososialt miljø. Det kommunale kultur- og fritidstilbodet er bibliotek, kulturskule, ungdomsklubb og kino. I tillegg er det mange private tilbod gjennom lag- og organisasjonar, dansestudio og treningssenter. 1.8 DRIFT Drifta av dei ulike tenestene er skildra i kap. 6 i vedleggsdelen til planen. 1.9 ANALYSE AV STYRKJER, SVAKHEITER, MOGLEGHEITER OG TRUSLAR Tidleg i planarbeidet vart det gjennomført ei analyse for å sjå kva vi er er gode på i dag (styrkjer), avdekke forbetringspotensiale (svakheiter), sjå alternative måtar i høve til dagens måte å løyse oppgåvene på (moglegheiter) og unngå å påverke det som kan true kommunen sine målsettingar (truslar). Sjå kap. 7 i vedleggsdelen. Dato 10. april 2014 side 4

1.10 EKSISTERANDE BYGG OG LOKALE Kap. 8 i vedleggsdelen skildrar bygg og lokale som vert nytta til tenester i oppvekstsektoren. Dei ulike bygga er vurdert i forhold til kapasitet, arealbruk, driftskostnader og vedlikehaldsbehov, fysisk miljø, uteanlegg, universell utforming og energiløysing. Anlegget er og gitt ei totalvurdering. Samla utbetringskostnader knytt til barnehagane og skulane er 168 mill. kroner. På ungdomsskulen er det estimert eit behov på 80 mill. og for Skram skule 30 mill. Ingen av delkapitla er godt nok utgreidd i forhold til universell utforming og kostnader ved å få bygga universelt utforma er ikkje inkludert i estimert vedlikehaldsbehov. 1.11 STRUKTUR I FRAMTIDA Kapittel 9 i vedleggsdelen er ei utgreiing av skulestrukturen i framtida utarbeidd av Norconsult. Kapittelet omhandlar overordna prinsipp for utforming av oppvekstsektoren, analyserer situasjonen i dag og utgreier alternativ framtidig struktur. I tillegg har ART arkitektkontor utarbeidd materiale for framtidig ungdomsskule og vurdert skulane Skram og Skavøypoll. Desse ligg i eigne vedlegg. 1.12 PROSJEKTORGANISERING Kap. 10 i vedleggsdelen skildrar kort prosjektorganiseringa. Dato 10. april 2014 side 5

2. VISJON OG VERDIAR Kommunedelplanprosjektet skal ta utgangspunkt i den overordna visjonen til : Vekst og trivsel Visjon for oppvekstsektoren er: Glade menneske som meistrar 3. HOVUDGREP I OPPVEKSTPLANEN Viktige verdiar er: Vennskap, inkludering tryggleik, respekt, mestring, utvikling Fysisk miljø Det fysiske miljøet handlar om korleis både ute - og inneområda er utforma. Det fysiske miljøet skal gje alle moglegheiter til fysisk aktivitet. Alle barn skal ha like moglegheiter til å utvikle evnene og talenta sine individuelt og i samarbeid med andre, og skulen skal fremje tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar. Dette krev at bygga vert tilrettelagde og bygd på ein måte som gjer det muleg å nytte varierte læringsformer etter intensjonane i kunnskapsløftet. 3.1 FRAMTIDIG STRUKTUR Kommunestyret vedtok i møte den 10. april 2014 i K-sak 025/14 følgjande struktur for oppvekstsektoren i Vågsøy: 1. Kommunestyre vedtek i medhald av plan- og bygningslova 11-15 Kommunedelplan for Oppvekst i 2014 2024, Strukturdel. 2. Skuletilbodet i den framtidige strukturen skal vere på dei 5 noverande skulane Bryggja, Skavøypoll, Skram, Holvik og Raudeberg. 3. Ungdomsskolen i Vågsøy skal framleis vere lokalisert på Gotteberg. 4. Opplæring i og på teiknspråk (OL 2-6) vert lagt til dei skulane som utfører dette i dag, Bryggja og Holvik. 4. VEDLEGG Kommunedelplan for oppvekst i 2012-2024 Del 2. Vedlegg. ART: 11.10.13 Vågsøy ungdomsskule utgreiing for rehabilitering av eksisterande skule og nybygg 3 alternativ. ART: Referat frå befaring 18.10.13 Skulestruktur. Vurdering av alternativ for skule oppdrag frå formannskapet 14.11.2013. Svar på oppdrag til administrasjonen til planutvalet sitt møte 30.01.2014. Dato 10. april 2014 side 6