Kommuneplan 2002-2014



Like dokumenter
Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Til veljarane i Tysnes

HORDALANDD. Utarbeidd av

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Avdeling for regional planlegging

Barnehageplan for Vinje kommune

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Politisk program for Jølster KrF

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Program for. Årdal Venstre

Hemsedal KRF Program

Kvam herad. Sakspapir

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Eit ord - ein stein i ei kald elv. Ein stein til eg må ha fleire steinar skal eg koma over. Olav H. Hauge

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

PENDLING OG BULYST I HARDANGER

Frivilligpolitisk plattform

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Program for Masfjorden Venstre

Kommunedelplan for oppvekst

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Bustadområde i sentrum. Vurdering

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod Marit Rødseth, plansjef,

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Ål Venstre. Ål Venstre

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

STRATEGIPLAN

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Lønnsundersøkinga for 2014

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Utviklingstrekk Fræna kommune

Befolkningsutvikling. Figur 1

Planstrategi for Balestrand kommune

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

SOGN driftig raus ekte

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Ei god framtid for alle!

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

ETNE VENSTRE

Innovasjonsmetoden vår

Program OSTERØY HØGRE

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Om Fylkesprognoser.no

Ulvik Arbeiderparti Program

INTERNASJONAL STRATEGI

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Trygg og framtidsretta

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod - helsetenester Marit Rødseth, plansjef,

Transkript:

Kommuneplan 2002-2014 Mål og strategiar Kvam herad postmottak@kvam.kommune.no

Innhald Innleiing.s.3 -Visjon og hovudmålsetjing s.3 -Hovudtema.s.3 Kvam som ein attraktiv kommune å bu og leva i....s.5 -Hovudmål.s.5 -Hovudutfordring..s.11 -Strategiar..s.11 Kvam som næringskommune....s.13 -Hovudmål s.13 -Hovudutfordring..s.18 -Strategiar..s.18 Kvam som kulturkommune....s.20 -Hovudmål s.20 -Hovudutfordring..s.22 -Strategiar.s.22 Kvam herad som ein tenesteytande og serviceretta kommune..s.23 -Hovudmål s.23 -Hovudutfordring..s.27 -Strategiar..s.27 Kvam midt i Hordaland.......s.28 -Hovudmål s.28 -Hovudutfordring..s.31 -Strategiar..s.31 Kvam som IKT-kommune....s.32 -Hovudmål s.32 -Hovudutfordring..s.35 -Strategiar..s.35 Kvam som fritidskommune -friluftsliv, hytter og fritidstilbod....s.36 -Hovudmål s.36 -Hovudutfordring..s.42 -Strategiar for friluftsliv.......s.42 -Strategiar for fritidstilbod.......s.43 -Strategiar for hytter.........s.43 Kvam som ein berekraftig kommune....s.44 -Hovudmål s.44 -Hovudutfordring..s.45 -Strategiar....s.45 1

Forord Kommuneplanen for Kvam herad er vedteken etter ein grundig og spanande prosess. Planen er no retta opp etter vedtak i heradsstyret den 17. juni 2003 i sak 75/03. Kvam herad har ein visjon om å verta den beste nærings- og bukommunen i Hordaland. Samstundes har me som mål å auka folketalet dei komande ti til tolv åra. Dei viktigaste målgruppene me har valt å satsa på for å nå våre mål, er kvinner mellom 20 og 40 år, barnefamiliar og ungdom. Desse gruppene må trivast i Kvam for at me skal kunna nå vore hovudmål. Grunnlaget for dette skal vera næring, busetnad, kultur og offentlege tenester. Fokus skal rettast mot oppvekstvilkår for barn og unge, bustadbygging og bustadfelt med gode kvalitetar, samt næringslivet sine vilkår for utvikling og samarbeid. Å utvikla Kvam herad til den beste bu- og næringskommunen i Hordaland, krev innsats både frå kommune, innbyggjarar og næringsliv. Me må bretta opp ermane og ta eit tak til beste for oss alle. Som ordførar vil eg oppmoda alle om å delta aktivt for å nå våre felles mål. Martin Vik ordførar 2

Innleiing Kommuneplanen skal vera den overordna styringsreiskapen for administrasjonen og politikarane i Kvam herad dei komande 10-12 åra. Kommunen skal i høve til 20 i plan- og bygningslova driva med kontinuerleg kommuneplanlegging. Planen skal innehalda ein langsiktig del (10-12 år), ein arealdel (10-12 år) og ein meir kortsiktig del (4 år). Økonomiplanen skal utgjere den kortsiktige handlingsdelen. I den langsiktige delen vert det vist til sentrale utviklingstrekk, mål og strategiar for den framtidige utviklinga i kommunen. Planprosess Heradsstyret har vore oppdragsgjevar for arbeidet. Ei administrativ gruppe med kommuneplanleggjar Jon Nedkvitne, jordbrukssjef Gunnar Dolve, kommunelege Arne O. Aksnes, overarktiekt Sigmund Tveisme, miljøvernkonsulent Knut Nordal, leiar for geodataavd. Lauritz Eide, økonomisjef Kjell Helvik, kultursjef Agnar Høysæter, næringsutviklar Jan Tjosås, plansjef Vidar Østerbø og barnehagekonsulent Jorunn Øyen har vore prosjektgruppe for arbeidet. Politisk styringsgruppe har vore Kvam herad sitt faste utval for plansaker. Visjon og hovudmålsetjing Slagord: Kvam -trivselskommunen midt i Hordaland Visjon: Kvam herad skal vera den beste nærings- og bukommunen i Hordaland Hovudmål: Kvam skal ha ein vekst i folketal til 10.000 innbyggjarar om 10 år. Grunnlaget for veksten skal vera næring, busetnad, kultur og offentlege tenester Viktige målgrupper Kvinner 20-40 år Barnefamiliar Ungdom Spesiell fokus skal rettast mot Oppvekstvilkår for barn og unge Bustadbygging og bustadfelt med gode kvalitetar Næringslivet sine vilkår for utvikling og samarbeid Hovudtema Kvam som ein attraktiv kommune å bu og leva i Kvam som næringskommune Kvam som kulturkommune Kvam herad som ein tenesteytande og serviceretta kommune Kvam midt i Hordaland Kvam som IKT-kommune Kvam som fritidskommune -friluftsliv, hytter og fritidstilbod Kvam som ein berekraftig kommune 3

4 Det har vore gjennomført fleire temamøte med heradsstyret. Målet med desse møta har vore å peika på noko av dei utfordringane som Kvam herad står framfor i komande planperiode. Formannskapet og kommuneplanleggjar har gjennomført fem grendamøte i perioden april-juni 2001. Møta har hatt svært varierande oppmøte og engasjement Geografiske tilhøve Kvam herad dekker om lag 616 km 2 på nordsida av Hardangerfjorden og er ein fjord- og fjellkommune med over 200 km strandline og 66 øyar i fjorden. Ein tredjepart av landarealet ligg under 300 moh, om lag halvparten ligg over 600 moh. Dei høgaste fjelltoppane er Fuglafjell på 1334 moh og Kaldenuten på 1332 moh. Kommunen ligg i ei grensesona mellom innlands- og kystklima. Langs mykje av strandlina vert det milde og gode klimaet forsterka av sør-vestleg eksposisjon, som og gjev gode tilhøve for jordbruk og fruktdyrking. Godt jordbruksland er også å finna på morenemateriale Svake sider negative befolkningsprognosar høg utflytting - 20-29 år forgubbing i fleire grender skeiv aldersfordeling kvinneunderskot mangel på sentrumsnære tomter med gåavstand til servicefunksjonar billige gjennomgangsbustadar mangel på arbeidsplassar for folk med høgare utdanning manglar lokal motor -med tiltrekkjingskraft dårleg standar på deler av riksvegnettet manglande samspel mellom det private næringsliv og offentleg forvaltning låg grad av foredling mangel på kulturanlegg mangel på individuelt baserte uforpliktande fritidstilbod mangel på uformelle møteplassar kollektivtilbod små moglegheiter for høgare utdanning låg grad av identitetsfølelse for Kvam spesielt grendene utafor Øystese/Norheimsund o p p o v e r Steinsdalen og i område rundt Øystese sentrum. Topografien varierer frå brattlendte fjellområde innover mot Ålvik til noko slakkare område rundt Øystese og Norheimsund, og vidare utover mot Strandebarm og kommunegrensa til Kvinnherad. På nordsida av Hardangerfjorden har Kvam herad samanfallande kommunegrense med Kvinnherad, Fusa, Samnanger, Vaksdal, Voss og Granvin. I Hardangerfjorden Sterke sider variert næringsliv trafikk-knutepunkt strategisk plassering i Hordaland gode rammevilkår storslått natur -kommunen ligg ved fjorden naturressursar til foredling og oppleving gode moglegheiter for natur og friluftsliv trygge oppvekstmoglegheiter for barn og unge gode bumiljø oversiktlege miljø trygge sentrumsområde gode sosiale miljø-tette sosiale band god barnehagedekning gode legetenester rein luft grensar kommunen også opp til Jondal og Ullensvang Pr 01.01.2002 bur det 8 514 innbyggjarar i Kvam, om lag halvparten av desse bur i skulekrinsane Øystese og Norheimsund.

Kvam som ein attraktiv kommune å bu og leva i -Trygge lokalsamfunn i Kvam Hovudmål Kvam herad skal arbeida for ei positiv folketalsutvikling (i samsvar med hovudmålstjinga) og minst oppretthalde folketalet i alle delar av heradet. Samstundes skal me arbeida for å oppnå ei betre kjønnsog aldersfordeling. Det skal byggjast 80 bustadar kvart år i Kvam i kommuneplanperioden. Det skal leggjast til rette for ein vekst på 160 personar pr år i kommuneplanperioden. Kvam - ein attraktiv bukommune For at Kvam skal vera ein attraktiv kommune å busetja seg i, er det viktig både med bustad og tilgjengeleg arbeid. Samstundes må me vera konkurransedyktig på tilbod innan offentleg og privat tenesteyting, kultur- og fritidstilbod, rekreasjon- og friluftsliv, sosiale møteplassar m.m. Det handlar om å tilfredsstille innbyggjarane igjennom heile døgnet. Utfordringane og problemstillingane for å få folk til å verta verande og ikkje minst til å flytta tilbake eller komma som nyinnflyttarar, er svært samansette. Det er til ei kvar tid stor mobilitet av folk som flyttar ut og inn av kommunen. Igjennom prosjektet Trivselsgrenda som er gjennomført i regi av Fylkesmannen si landbruksavdeling, er det vist til at vidareflyttarar er eit stort potensiale for vekst og utvikling, om dei vert hindra i å flytta vidare. Dette er folk som er mobile og flyttar pga av karriere, livsfase eller anna. Det er viktig at desse kan trivast og vert integrert i vår kommune. Ei satsing på denne gruppa må difor verta vektlagt i neste planperiode. bakgrunn og funksjonshemming. I dei tilfelle kommuneplanen ikkje nemner spesielle grupper, omfattar dette alle grupper i kvammasamfunnet. Det er også ei grunnleggjande forutsetning at kommunen skal verta meir tilgjengleg for grupper som er funksjonshemma. -eit fleirkulturelt samfunn Kvam er på god veg til å verta eit fleirkulturelt samfunn. I år 2000 hadde 2,8% innvandrarbakgrunn. Dette talet har auka fram mot i dag. I Kvam som ein attraktiv kommune å bu og leva i er det viktig med ein god integrasjon basert på eit tosidig tilhøve. Dei som bu i kommunen i dag må visa evne og vilje til å ta i mot nye kvemmingar og visa respekt og skapa rom for ulikskap. Samstundes som dei som kjem til må ha evne til å erverva seg kulturell kompetanse og ferdigheiter. Me må skapa eit samfunn basert på samarbeid og aktivt forebyggja rasistiske og diskriminerande haldningar på alle område i Kvam. Utvikling av folketalet Medan folketalet i Hordaland i perioden 1970-2000 har auka med 17%, har Kvam opplevd ein nedgang. Generelt har veksten komme i området rundt Bergen, medan nedgangen har vore størst i indre område av fylket. Prognosane peikar mot færre kvemmingar dei neste 10 til 20 åra. Ei utvikling som vil ha størst konsekvensar for utkantane i kommunen, om dei slår til. Kommuneplanen legg til grunn at den skal omfatta alle grupper med omsyn til nasjonalitet, kulturell 5

I høve til Hordaland fylkeskommune sin prognose vert talet på born og unge i alderen 0-18 redusert, medan talet aukar i gruppa 20-66 år. Prognosane til SSB viste også at pr. 01.01.1999 hadde me ei alders- og kjønnssamansetjing som kunne gjera det mogleg med ein naturleg vekst. Flytting og fødslar Kvam herad har i stor grad opplevd ei nettoutflytting frå midten av 1960-talet og fram mot slutten av 1990 talet. På samme tidspunktet har fødselsoverskotet variert frå + 95 til - 12. Det er i stor grad aldersgruppa 20-29 år som flyttar frå kommunen. Årleg frå 1996 til 2000 var det ei nettoutflytting på over 40 personar i denne aldersgruppa. Størst netto innflytting var i aldersgruppa 30-39 år og 0-9 år. Gjennomsnittleg var det ei årleg nettoflytting på 28 i perioden 1991-94. Frå 1997 til 1999 har det vore ei nettoflytting på + 14. Analysar gjort av Hordaland fylkeskommune i samband med nedtrappinga ved Bjølvefossen viser at nettoinnflyttinga kan verta snudd til nettoutflytting. Noko som har komme til syne i 2001, med ei nettoutflytting på 94. At den produserande delen av innbyggjarane forsvinn er ei utfordring både for kommunen og det lokale næringslivet. Målsetjinga i kommuneplanen krev at folketalet gjennomsnittleg må auka med 160 personar årleg frå 2002. Gapet mellom folketalsprognosane og målsetjingane krev ein handlekraftig kommune for å snu den utviklinga. 6

Flytting, alder og kjønn Kvinneunderskot SSB sine tal viser at Kvam har eit samla tap på 33% hjå mennene og 39% hjå kvinnene, når ein fylgjer 15 åringar fram til dei er 35 år. Desse flyttingane er med på å skapa eit kvinneunderskot. Ein ubalanse som må rettast opp i ein livskraftig og framtidsretta kommune. Veksten innan offentleg sektor på 1970 og 80-talet bidrog sterk til at kvinner vart verande i distriktet. I dag reiser kvinner ut og tek høgare utdanning. Desse kvinnene må stimulerast til å komma til Kvam. Høgt utdanna kvinner som flyttar tilbake til distrikta, har ein tendens til å velja andre område enn sin eigen oppvekstkommune. Forgubbing Som i resten av fylket utgjer dei frå 0-17 år om lag ein fjerdedel av innbyggjarane. I gruppa over 67 år er me om lag 17% i vår eigen kommune og 13% i resten av fylket. Dei over 80 år har frå 1992 og fram til i dag auka frå 5,2% til 6,6%. I skulekrinsane Ålvik, Innstranda og Strandebarm er i dag meir enn 20% av innbyggjarane over 67 år. Det vert og stadig færre ungar (0-7 år) i kommunen, frå 876 i 1980, til 839 i 1990 og til 750 i 2001. Tek ein kun for seg fødslar vart det på midten av 1960-talet fødd 190 nye kvemmingar. På 1990-talet har det vore ei gjennomsnitt på 102 levande fødte. I 2001 enda talet på 115. 7

Folketalsutvikling på skulekrinsnivå Folketal pr. 01.01.03 1980 1990 2000 2001 2002 2003 Vikøy 470 611 565 549 549 556 Norheimsund 1872 2105 2096 2117 2143 2155 Steinsdalen 621 535 541 556 548 536 Øystese 2322 2257 2395 2407 2386 2368 Fykse 229 264 235 237 226 221 Ålvik 1074 874 764 747 740 713 Tørvikbygd 541 567 561 555 565 565 Innstranda 161 182 189 193 181 182 Strandebarm 827 802 730 740 693 687 Omastrand 360 353 326 315 310 295 Mundheim 246 209 185 177 169 168 Samla 8723 8759 8592 8599 8514 8467 (kjelde SSB) Den største tilbakegangen i absolutte tal har vore i skulekrinsane Strandebarm og Ålvik. Sentralisering og fortetting Den mest attraktive delen av kommunen å busetja seg i dei siste tiåra har vore dei sentrale områda. Frå 1960-talet og fram til i dag har det vore ei svak sentralisering til skulekrinsane i Norheimsund og Øystese. Desse to krinsane har samla litt over halvparten av innbyggjarane. Sentraliseringa har ikkje vore dramatisk på 1980- og 1990-talet, men den har skjedd gradvis, ved at folk har flytta ut i frå grendene og ikkje komma tilbake. Noko av bakgrunnen for dette kan vera kravet om nærleik og tilgang til servicefunksjonar, kulturtilbod, handel, m.m. Andelen busett i tettbygde område er relativt liten i Kvam, samanlikna med resten av Hordaland. Bustadbygging I gjennomsnitt er det bygd bortimot 30 bustadar kvart år på 1990-talet, om lag to tredjedelar av desse har komme på strekkja frå Fykse til og med Vikøy. Einebustader med 5 rom eller meir er den klart dominerande bustadtypen i Kvam (1998). 8

Bustadbygging har stått sentralt for mange i kommuneplan-arbeidet så langt. Grendene og grendeutvala er opptatt av lokale løysingar. Tett utnytting i sentrale område og moglegheiter for spreidd bustadbyggjing og romslege tomter, små bustadfelt med 4-6 hus, klyngetun og former for økotun utanfor sentrum. Samstundes er det lagt vekt på stimuleringstiltak til personar som skal etablera seg for første gong, gjennomgangsbustadar og rimelege bustadformer. Ein vekst i samsvar med hovudmålsetjinga krev ulike løysingar for sentrumsnære område omkring Øystese og Norheimsund og for grendene. Den viktigaste strategien vil vera å gjera sentrale bustadområde mellom Norheimsund og Øystese tilgjengeleg med ny infrastruktur. Målsetjinga om 10.000 innbyggjarar i planperioden krev ei bustadbygging på om lag 80 bustadar kvart år. Med samme fordelinga som på 1990-talet bør det byggjast 53 hus pr år på strekkja Fykse-Vikøy og 27 hus pr år i resten av kommunen. Ei slik fordeling gjev vekst i heile kommunen. Målsetjinga krev ein byggjeaktivitet i vår eigen kommune på linje med den gjennomsnittlege aktiviteten på Stord og i Kvinnherad på 1990-talet. 9

10 Flyttemotiv og flytting Flyttefrekvensen avtek raskt etter at folk har passert 25 år. Familiar med born i skulealder og oppover er dei mest bufaste. Hushald utan barn og einslege har større andel av faktisk og planlagt flytting. Dette er grupper som er svært mobile og som har auka på 1990-talet. Kvar folk vel å flytta til er avhengig av fleire faktorar. Det ser likevel ut til at folk styrer meir etter livskvalitet og fritid enn før. Unge vektlegg bykvalitetar. Dei mellom 26-45 år vektlegg mellom anna at område er barnevenleg. Frå 46-66 år er det å bu nær familie, gode nabotilhøve og ha det lettstelt viktig. Dei eldste er opptatt av gode nabotilhøve og lett tilgang til daglege gjeremål. Undersøkingar som OPINION har gjort viser at 60% av ungdommane (15-19 år) i kommunen trur dei kjem til å flytta innan 5 år, kun 10 % meiner heilt bestemt at dei ikkje skal flytta. Det er også svært mange som trur dei kjem til å flytta tilbake til Kvam. Ein fjerdedel er derimot sikre på at dei ikkje skal flytta tilbake. For dei som planlegg å flytta i kommunane Kvam, Voss, Ulvik, Jondal og Granvin er dei viktigaste grunnane for val av bustad, gode nabotilhøve, kort veg til friluftsområde, det å eiga bustad og at bustaden har gode sol og utsiktstilhøve. Flyttemotivundersøkinga i Hordaland viser også at folk i stor grad vil bu der dei bur i dag og at arbeid er ein mindre viktig grunn til flytting i dag enn tidlegare. Det vert då viktig å sjå på kommunikasjonar med ein større arbeidsmarknad omkring vår eigen kommune og effektive løysingar med IKT og heimekontor, spesielt med tanke på dei som tek høgare utdanning og ikkje kom tilbake på 1990 talet. Senterutvikling og senterhierarki For å stimulera til vekst i heile fylket er det lagt opp til ei styrkijng av regionsentra Odda, Stord, Voss, Norheimsund og Knarrevik. Regionsentra skal vera attraktive for privat og offentleg tenesteyting og vera med å styrkja arbeidsmarknaden i distrikta. Regionsentra skal ha god kommunikasjon seg i mellom og inn til Bergen. Status som regionsenter er difor viktig for å gjera Kvam attraktiv for folk og næringsliv. Det er ynskjeleg med ei klar definering av senterstrukturen i kommunen i samsvar med nasjonale og regionale målsetjingar, der det vert sett krav til innhald og funksjon. Ei slik avklaring må gjennomførast i planperioden for å få bort rivaliseringa mellom Øystese og Norheimsund. Framtida arbeider for eitt attraktivt sentrumsområde, der konfliktane vert rydda bort. Livskvalitet Livskvalitet handlar om å trivast i sine omgjevnader, med familie, vener, i fritid og arbeid. Det handlar om attraktive lokalsamfunn der ein tek for seg tilhøvet mellom arbeidsliv, det offentlege, det sosiale, det private og korleis dette fungerer for familien og seg sjølv. Kva som vert vektlagt, vert vurdert ut i frå ulike fasar i livet. Kvam må difor ha ein variasjon som subjektivt vert oppfatta positivt av fleire grupper av menneske. Kort sagt handlar det om å skapa det gode liv i Kvam. Spesiell fokus må rettast mot hovudmålgruppene i planperioden. Haldningar Ungdommar si haldning til Kvam som oppvekststad er ein viktig faktor for å få dei til å flytta heim att. Me må ha eit opent, attraktivt og inkluderande samfunn, som slepp til nye tankar og idèar frå folk som vil busetja seg her. Motpolen er eit trongt lokalsamfunn der tette sosiale band vert sett på som ein hemsko for folk som vil ta med seg flyttelasset til Kvam. Undersøkingar i Kvam viser at ungdommar i dag saknar tilbod som internettkafèar, bowlinghall, motocrossbane, symjehall, teater m.m. Tilbod som gjer at ungdom kan trivast i dag og kan vera med å byggja opp om positive haldningar og eit positivt bilete til kommunen som ein attraktiv stad å bu og leva. Ekstern profilering av Kvam legg vekt på at for å skapa ein attraktive kommune, vil negative haldningar til det me har å tilby, verka fråstøytande på innflyttarar eller potensielle etablerarar. Positiv, einsarta og oppdatert informasjon om kommunen er difor viktig for å få folk til Kvam. Kommunar som lukkast, har klart å skapa ein eigen og felles identitet. I Kvam kan det igjennom Norsk Gallup si undersøking tolkast som om identiteten til kommunen er låg.

Personar som bur i Strandebarm og Ålvik føler mykje større tilhøyrsel til området enn til kommunen. Denne identiteten er viktig for grenda som eit livskraftig område, samstundes som den er med å fremma dugnadsånda. Undersøkingar gjort av Opinion tyder på at dei med sterkast identitet føretrekkjer å verta buande i kommunen. Kvammaidentiteten må difor styrkjast, uten den vil me fortsetje med splid og konkurranse internt i kommunen. Trygge lokalsamfunn Kvam herad har mellom anna valt å satsa på Trygge lokalsamfunn eller Safe community som er den merkelappen Verdens Helseorganisasjon (WHO) har sett på dei lokalsamfunna som oppfyller eit spesielt kvalifikasjonsprogram. Ei slik satsing er eit godt grunnlag for LA-21 arbeidet i kommunen, med samanheng mellom helse og miljø. -Kvam, ein trygg kommune å bu i Beredskap og risiko- og sårbarheitsanalysar er med å danna grunnlaget for Kvam som ei attraktiv kommune å bu og leva i. Ved å ta beredkskapsmessige omsyn i den kommunale planleggjinga, vil dette få konsekvensar for kommunen sine oppgåver i krise eller krigssituasjon. Aktuelle tema i kommunen er arealdisponering for å sikra sjølvforsyning i krise eller krigssituasjon og for å unngå uheldige samlokaliseringar. Sikring av vassforsyninga mot ureining er også viktig for å støtta opp om innbyggjarane sine primærbehov. Det skal og leggjast vekt på å sikra bustadfelt i høve til ras, stråling (radon) og flaum. Hovudutfordring Hovudutfordringa er at folk skal trivast i kommunen. Kvam skal framstå som ein kommune med gode oppvekstvilkår og bumiljø. 1. Strategiar for tilbakeflytting 1.1 Aktiv marknadsføring av tilgjengelege tomter og husvære, og Kvam som ein god kommune å bu og leva i 1.2 Halda kontakt med utflytta kvemmingar for å orientera om jobb-, kultur- og fritidstilbod samt høve til busetjing 1.3 Styrkja og stimulera til ein felles kvammaidentitet -ungdom 1.4 nytta ungdomsrådet som forum for å få fram attraktive tilbod til ungdom i aldersgruppa 13-19 år -barnefamiliar 1.5 Leggja til rette for bustadbyggjing med lett tilgang på god skule, barnehage og gode leike- og rekreasjonsområde 11

2. Strategiar for nyinnflytting, trivsel og integrering 2.1 Marknadsføra og synleggjere livskvalitet som eit sterkt varemerke i Kvam 2.2 Få fram ein klar profil i marknadsføringa av kommunen 2.3 Ta i mot nyinnflyttarar med god service og informasjon, og tilrettelggja for integrering og trivsel -barnefamiliar 2.4 Satsa på barnehagar og SFO tilbod som gode læringsinstitusjonar med fleksible løysingar for foreldre og born 2.5 Marknadsføre dei sterke sidene som trygge oppvekstmoglegheiter for barn og unge, -trygge sentrumsområde, gode moglegheiter for natur og friluftsliv, gode bumiljø, god barnehagedekning 2.6 Leggja til rette utdanningstilbod, arbeidsplassar, og kulturtilbod for betre integrering av flyktningar gjennom ein eigen handlingsplan 3. Strategiar for å retta opp kvinneunderskotet 3.1 Få fram ein image av Kvam, med verdiar og kvalitetar som kan stimulera kvinner til å bu og komma tilbake 3.2 Kvinnenettverk som kan setja fokus på kva som skal til for at Kvam kan vera med å retta opp kvinneunderskot 3.3 Kartleggja kvinner sine ynskje og behov for arbeid, bustad og fritidstilbod 3.4 Trekkja fram og marknadsføre dei kvalitetane som kvinner spør etter 4. Strategiar for tomte- og bustadtilrettelegging 4.1 Tilretteleggja for tett bustadbyggjing i attraktive regulerte felt på strekkja mellom Laupsa og Tørvikbygd og i sentrale område i Ålvik, Strandebarm og Omastrand 4.2 Tilretteleggja for spreidd bustadbyggjing i dei grendene som ikkje vert omfatta av regulerte bustadfelt. 4.3 Stimulera til og leggja til rette for rimelege bustadformer for førstegongsetablering, unge og einslege 4.4 Stimulera til at småbruk kjem i drift og får fast busetnad 4.5 Tilretteleggja areal i utvalde grender med alternative buformer, med vekt på lokal byggeskikk, tilpassa kulturlandskapet 4.6 Tilretteleggja for gjennomgangsbustadar 5. Strategiar for senterstrukturen i kommunen 5.1 Byggja opp ein klar senterstruktur i Kvam herad med innhald, funksjon og omland 5.2 Byggja opp om Norheimsund som regionssenter. Norheimsund og Øystese skal framstå med eit totaltilbod på tenester, service, bustadar og næringsareal 6. Strategi for eit trygt lokalsamfunn 6.1 Kvam herad tek mål av seg til å verta eit trygt lokalsamfunn etter Verdens Helseorganisasjon sitt Safe community-konsept ved å fylgja opp organisasjon sine 12 ulike kriterie 7. Strategi for å redusera Kvam sin sårbarheit 7.1 Innarbeide risiko og sårbarheitsanalyse i alle kommunela arealplanprosessar 8. Tiltaksplan 8.1 Utarbeida eigen tiltaksplan for Ålvik og Strandebarm (området Ljones - Gravdal) 12

Kvam som næringskommune Kvam herad vil arbeida for eit allsidig næringsliv som gjev trygge arbeidsplassar for ulike aldersgrupper med ulik utdanning. Det skal og leggjast til rette for at Kvam vert ein god kommune for grunderar med nyskaping av arbeidsplassar i eksisterande og nye verksemder Det skal skapast 60 nye arbeidsplassar kvart år i den komande planperioden Hovudmål Næringslivet i Kvam Næringsstrukturen i Kvam er variert med Fjellstrand og Bjølvefossen ASA som dei private verksemdene med flest årsverk. Fjellstrand med produksjon av hurtigåande katamaranar og Bjølvefossen med produksjon av ferrosilisium. Mekanisk industri er mellom anna Lid jarnindustri og Norheimsund Sveis og Industriservice, Norheimsund Industrier og Storeholmen ASVO. Innan møbelindustri har me Kleppe, Torpe og Rybo Nor. Hardanger fartøyvernsenter og Djupevåg er verksemder som fører sterke skipsbyggingstradisjonar vidare. Andre viktige arbeidsplassar er Telenor og dei vidaregåande skulane. I Strandebarm er Hardanger fiskeforedling ei verksemd som har vore i vekst. Innan primærnæringa har me mange arbeidsplassar innan oppdrett, veksthus, frukt og jordbruk. Handel er sentralt for tettstadene i Øystese og Norheimsund. Reiselivet utgjer også ein viktig sysselsetjingfaktor, frå fleire hotell til mindre overnattingsverksemder, camping- og utleigehytter. Den største arbeidsplassen i kommunen er Kvam herad med sine om lag 600 årsverk. Dei to store verksemdene i Ålvik og på Omastrand, utgjer viktige arbeidsplassar både i grendene og i heile kommunen. Bjølvefossen vert stadig utfordra i høve til inntening og effektivisering, talet på tilsette er difor stadig i endring og utsikten for dei komande åra er ei gradvis nedtrapping. Dette er med å skapa store utfordringar for heile kommunen. Lokal eigarstruktur Eigarstrukturen i næringslivet er i stor grad basert på lokale eigarar. Dette gjeld innan møbelindustri, båtindustri, reiseliv, drivhus- og oppdrettsnæringa. Ein slik struktur medfører stabile arbeidsplassar med lite press om utflytting. Det er relativt lite innslag av nasjonale og internasjonale selskap, som i mindre grad tek omsyn til lokale arbeidstakarar og arbeidsplassar (jmf endringane Fjellstrand - frå nasjonal til lokalt eigarskap). Tendensen nasjonalt og internasjonalt er stadige oppkjøp og endringar til større selskap, som og fort kan påverka lokale eigarstrukturar, ikkje minst innan oppdrettsnæringa. Den type samanslåingar kan vera eit trugsmål mot arbeidsplassar i Kvam. Eksport og råvare-retta næringsliv Kvam har eit eksportretta næringsliv innan fisk, ferrosilisium, båtindustri og reiseliv, og er såleis sårbart ved at det er konjunkturutsett. Delar av næringslivet er og i høg grad råvareprodusentar med liten grad av vidareforedling. Sterke og svake sider ved næringslivet Strategisk næringsplan viste på 1990-talet dei sterke og svake sidene ved næringslivet. Desse legg i like i stor grad vekt på heile Kvam herad som samfunn, som spesifikt berre retta inn mot næringslivet. Konkurransefortrinnsanalysen peikar på at Kvam sine moglegheiter i og lukkast, ligg i nærleiken til Bergen. Næringslivet sjølve er opptatt av service og kundehandsaming for å få til ei positiv utvikling og vekst. 13

Endringar i næringslivet På slutten av 1990-talet har den relative andelen sysselsette innan offentleg tenesteyting hatt størst vekst, medan nedgangen har vore størst innan primær- og sekundærnæringane. Nedgangen kjem i næringar basert på lokale ressursar, der det tradisjonelt er liten trong til kompetanse på høgskule og universitetsnivå. Lokal tilhørighet - global orientering viser i sine undersøkingar til at det er svært få som vil søkja arbeid innan primærnæring og industri. Dei største gruppene er innan offentleg tenesteyting og handel/reiseliv. Det er også slik at ungdom med yrkesfagleg bakgrunn er dei som vert verande, dei med allmennfag flyttar ut, i fylgje Opinion si undersøking frå 1998. Landbruksteljinga frå 1999 viser at det generelt er nedgang i små bruk og vekst i større bruk. Det er også ein vekst i jordbruksareal i drift. Primærnæringane er viktige for busetjinga i grendene, også ved nedtrapping av heiltidsbonden. Større bruk gjev grunnlag for færre innbyggjarar. Dette fører også til konsekvensar for busetjinga og det sosiale livet i grendene. Når det gjeld samanlikning med resten av Hordaland, har kommunen relativt færrast arbeidsplassar i høve til gjennomsnittet i fylket, innan handel transport, hotell og restaurant, og flest innan jordbruk, skogbruk og fiske. gjeld talet på arbeidstakarar busett i kommunen, for heile Hordaland har veksten vore på om lag 15%. Kvam har ei arbeidsplassdekning på 96,6%. Dekninga har gått noko ned dei siste åra. Talet på sysselsette har frå 1980 og fram til i dag variert mellom 3388 i 1993 og 3710 i 1996, ei endring på om lag 10%. Veksten frå 1990 til 2000 har vore på 5% når det Figurtekst; Sysselsette i Kvam i perioden 1986-2000 14

Lite pendling Av dei yrkesaktive i Kvam så pendlar om lag 20 % ut av kommunen. Dei fleste, 269 personar, pendlar til Bergen, 52 til Jondal, 34 til Voss og 27 til Fusa. Omvendt var det 62 som budde i Bergen og hadde arbeidsstad i Kvam, 60 frå Fusa, 36 frå Jondal, 32 frå Kvinnherad, 26 frå Samnanger og 27 frå Granvin (Kjelde; Inst. for Geografi/SSB). Kvam herad har låg frekvens av andel sysselsette som pendlar til Bergen, samanlikna med kommunar som Samananger, Vaksdal og Fusa. Trass i dette har pendlinga frå Kvam til Bergen vorte dobla i frå 1990 til 1998 (Fylkesplan for Hordaland, 2001-2004). Samanlikna med ein del andre kommunar er arbeidsmarknaden relativt lukka, med lite innog utpendling, samstundes som me også er ein del av ein større arbeids-marknadsregion i område Voss, Hardanger og Bergen. Ny kommunikasjonsteknologi og utbetring av infrastrukturen kan gje større fleksibilitet og større vekst i pendlinga til Bergen, men og internt i Hardanger og til Voss. I Bergen ligg ein mykje større og variert arbeidsmarknad for ungdom som tek høgare utdanning og som ynskjer å busetja seg i Kvam. Tradisjonen viser at det er mindre aktuelt for kvinner enn menn å pendla. Deltid det vanlege for kvinner Tilhøvet mellom lønna arbeid og anna arbeid kan vera med og avspegle tilgangen på meir tradisjonelle deltidsarbeidsplassar for kvinner. Det kan og vera med å avspegla livsstilen til folk som bur i Kvam, der folk nyttar meir tid til familie enn i sentrale områder i og omkring Bergen. Ynskje om eit rolegare liv på landet kan og vera ei årsak til fordelinga i lønna arbeid. Kvinner som flyttar og tek høgare utdanning, vil dei vera tilfreds med desse tradisjonelle skilje som finst? Det er ikkje berre slik at folk har mindre lønna arbeid. Bruttoinntekta er også noko lågare Låg arbeidsløyse Som i resten av landet og i Hordaland fylke er også arbeidsløysa i Kvam låg både hjå Ungdom og utdanning Undersøkingar viser at om lag 60% av skuleungdommane i Kvam vil flytta ut for å ta utdanning. Berre ein tredjedel kan tenkja seg å busetja seg i kommunen. Jentene er dei som er minst interessert i å verta verande. Vert det lagt til grunn at dei kan få arbeid i kommunen vert talet for varig fråflytting redusert. Mønsteret viser at dei høgt utdanna kvinnene i stor grad ikkje har flytta tilbake. Det må difor vera rom og arbeidsplassar for kvinner som ikkje ynskjer å leva etter eit tradisjonelt mønster mellom lønna arbeid og fritid. både for menn og kvinner. Dette er med å påverka kjøpekrafta i kommunen. menn og kvinner. Den høgste arbeidsløysa registrert hjå unge gutar i gruppa 16-24 år. Omlag halvparten som vil tilbake vil bu sentralt. Utfordringa ligg i å gje dei med høgare utdanning eit arbeid som er interessant og spennande. I mange samanhengar vil det vera snakk om arbeid til to personar i kvart hushald, då ungdom som har flytta ut kan ha skaffa seg ektemann/ektemake som og har høgare utdanning. 15

16 Tre av ti meiner at jobbtilbodet er ei av ulempene med Kvam og berre ein av ti meiner at jobbtilbodet er ein av fordelane med kommunen. Samstundes meiner 65% at arbeid er den viktigaste føresetnaden for å busetja seg i Kvam, men også dei sosiale sidene vert sett på som viktige. Rapporten Lokal tilhørighet - global orientering? legg vekt på at mange ynskjer eit lokalt høgskuletilbod. Det er difor sett på som viktig at utdanningsinstitusjonane i fylket kan tilby desentralisert utdanning gjennom eit samarbeid med kommunen. Meir enn halvparten (gjeld alle kommunane i rapporten) av dei spurte meiner at nytenkjing vert motarbeidt (jantelova råder). Det vert vist til negative haldningar hjå sambygdningar. Nye lokaliseringsfaktorar Konkurranseevna til næringslivet vil i framtida i stor grad vera avhengig av menneskeleg kunnskap og kompetanse, utstrekt evne til omstilling og vilje til å ta i bruk ny teknologi. Aukande endringstakt i næringslivet set også store krav til Kvam herad, med planlegging og tilrettelegging for nye og eksisterande verksemder. Dette for å gje næringslivet best mogleg rammevilkår for ei vidare utvikling i samsvar med visjon og hovudmål. Verksemdene vil ha god service, effektive private og offentlege tenester for seg sjølv og sine arbeidstakarar. Sterke sosiale miljø er og med å stimulera til næringsutvikling og framtidig busetjing. Miljøa må vera så tiltrekkjande og robuste at dei ikkje vert viska bort for ungdom under utdanning, slik at folk ikkje flyttar tilbake. Befolkningsendring - ei utfordring også for næringslivet I det seinare har stadig fleire unge skaffa seg høgare utdanning, ei utdanning og kompetanse som i stor grad ikkje kan eller vert nytta lokalt. Ungdom utdannar seg bort frå sitt eige nærmiljø og skaffar seg andre verdiar og levemåtar enn det som dei har vore i stand til å finna i Kvam. Kvam har såleis tapt i konkurranse med andre om viktig arbeidskraft, som burde driva nytenkjing og næringsutvikling i eigen kommune. Entreprenørskap og nyskaping For å skapa ei positiv næringsutvikling må det leggjast til rette for ei vidareutvikling av eksisterande verksemder, stimulere til etablering av nye bedrifter og få fram ein kultur for grunderarar. I Kvam ser potensialet ut til å vera størst i å utvikla eksisterande verksemder, framfor å skapa nye. Uansett må me byggja opp den kunnskapen og kompetansen som eit framtidsretta lokalsamfunn og næringsliv treng. Miljø for nyskaping og omstilling er viktig for å byggja opp sterke haldningar til at folk kan få prøva seg på noko nytt utan og mislukkast. I konkurransefortrinnsanalysen vert det og lagt vekt på at i næringar der omstilling er naudsynt, her utviklar det seg ei pionærånd. Barn og unge er viktige, dersom me på eit tidleg stadium skal stimulert til kreativitet, nytenkjing og entreprenørskap. Distriktsaktiv skule og elevverksemd i skulen må vera viktige stimuli som skal føra vidare den pionærånda som skal til i mange typar næringar. Næringshage. Grunnideen bak næringshagekonseptet er å samlokalisere veksemder som driv innan kunnskapsintensive næringar. Samstundes skal ein næringshage ikkje berre omfatta dei såkalla nye næringane, men også meir tradisjonelle verksemder som ynskjer kontakt og integrasjon i større kompetansemiljø. Desse vil vera med å driva nettverksbygging, skapa miljø for kreativitet,

nytenkjing og vidareutvikling av eksisterande verksemder. Den type samlokalisering må også komma på plass i Kvam. Samarbeid i lokalt næringsliv og med Kvam herad Eit nøkkelomgrep som må vera svært synleg i komande planperiode, er samarbeid. Arenaer for samarbeid må etablerast. Samarbeid må til i det lokale næringslivet. Kvam har av dei mest dugande verksemdene i landet mellom anna innan møbel, veksthusnæringa, havbruk, båtbygging, kulturbasert næringsutvikling og mindre industri. Framveksten av ny informasjon- og kommunikasjonsteknologi opnar også opp for nye moglegheiter og samarbeidsformer. Samarbeid og samhandling mellom det private næringslivet og Kvam herad må betrast, med felles forståing for korleis med kan skapa den beste bu- og næringskommunen i Hordaland. Ekstern profilering av Kvam legg vekt på at kommune og næringsliv må vera ambassadørar for kvarandre. Den eine fungerer ikkje godt utan den andre. Det må skapast positive haldningar til næringsliv, kommune og eksisterande tilbod som verkar salsfremjande for potensielle innflyttarar, tilbakeflyttarar eller etablerarar. Det må og etablerast eit betre samarbeid mellom sentra i Øystese og Norheimsund. Konflikter og lokaliseringsdebattar må løysast og me må styrkja handelen og ei felles marknadsføring av området. Tilgang på ledig areal Det er varierande tilgang på ledig areal for industri og næring i kommunen. Det har vore peika på at tilgjengeleg næringsareal er smått og av dårleg kvalitet, og at kostnadene med å få den type areal utbyggjingsklare er store. Planperioden krev klare prioriteringar på tilgang av areal, for å tilfredstilla nyetablering og utvikling av eksisterande verksemder. I samband med kommunedelplan for Norheimsund vert det frigjort noko meir areal i sentrumsnære område. Tolomarka ligg klart som utbyggingsområde men er som ei utilgjengleg øy i sentrale område av Kvam, då området manglar tilfredsstillande tilkomst og infrastruktur. 17

Hovudutfordring Kvam herad har eit varierande og mangfaldig næringsliv. Utfordringa ligg i å skapa samsvar mellom den utdanninga som ungdommar tek og tilgang på arbeidsplassar. Den vidare utfordringa er å få fram kva moglegheiter som finst i kommunen, vidareutvikla eksisterande arbeidsplassar og skapa nye innan både privat og det offentlege sektor. 8. Viktige næringar i planperioden 8.1 Industri, veksthus, jordbruk, havbruk, reiseliv, handel/privat tenesteyting, kulturbasert næringsutvikling og tilflytting av offentlege institusjonar 9. Strategiar for nyskaping/entreprenørskap i eksisterande og nye verksemder 9.1 Leggja til rette for og stimulera til eit lokalt næringsforum som kan utvikla eksisterande verksemder og vera med å skapa nye 9.2 Tilretteleggja industri- og næringsareal, spesielt for eksisterande verksemder og utnytta betre dei næringsområda som er tilrettelagde. I tillegg tilretteleggja nye og attraktive areal til industri- og næringsutvikling, spesiellt i sentrale næringsområde i Øystese og Norheimsund 9.3 Tilrettelggja og stimulera til vidareutvikling av Fjellstrand 9.4 Kvam herad skal vera ein aktiv og god medspelar for næringslivet med tanke på å skapa nye arbeidsplassar. Heradet skal yta næringslivet rask og god service 9.5 Fortsetja arbeidet med fokus på nyskaping og tilrettelegging av nye arbeidsplassar 9.6 Tilretteleggja sjøareal for vidareutvikling av havbruksnæringa i Kvam 10. Strategiar for samarbeid mellom skule (ungdom) og næringsliv 10.1 Driva med langsiktig rekruttering av lærlingar til lokalt næringsliv i bransjar der det er mangel på arbeidskraft 10.2 Aktivt samarbeid mellom lokalt næringsliv og grunn- og vidaregåande skule 10.3 Fortsetje med ei sterkt satsing på elvebedrift i barne- og ungdomsskulen 11. Strategiar for skaping av næringshage 11.1 Tilretteleggje areal/bygningar og infrastruktur for eigen næringshage i sentralt i Kvam -samarbeid med SIVA/Hordaland fylkeskommune 12. Strategiar for arbeidsplassar folk med høgare utdanning 12.1 Utvikla Kvam til ein attraktiv skulestad med styrkjing av den offentlege og private vidaregåande skule 12.2 Arbeida for ei tiltrekkjing av statlege verksemder til Kvam 12.3 Tilretteleggje for å vidareutvikla tilbodet med høgskuleutdanning i Kvam 13. Strategiar for å gjera Kvam til ein del av ein større arbeidsmarknadsregion 13.1 Styrkja kollektivtilbodet i Kvam og vidareutvikla tilbodet mellom Kvam og Bergen 13.2 Arbeida målretta for å utbetra riksveg 7, riksveg 49 og riksveg 48 13.3 Arbeida for å realisera Jondalstunnelen og Hardangerbru 18

15. Strategiar for samarbeid 15.1 Betre informasjon og kommunikasjon mellom næringslivet i Kvam og Kvam herad for å skapa tillit og forståing for korleis den offentlege forvaltning og private næringslivet fungerer. 15.2 Gjennom god informasjon, rettleiing og forvaltning framstå som ein kommune med ein klar næringsprofil 15.3 Betre samspel og samarbeid mellom det offentlege og det private næringslivet 15.4 Arbeida med fokus på effektiv sakshandsaming og auka serviceinnstilling frå det offentlege til privat næringsliv 15.5 Styrkja handel, samarbeid og marknadsføring av Kvam 16.1 Strategiar for utvikling av reiselivet 16.1.1 Styrking av eit sentralt reiselivskontor 16.1.2 Leggja til rette for at fleire turistar stoppar og vert verande i lengre periodar i kommunen 16.1.3 Marknadsføra Kvam som ein reiselivskommune 16.2 Strategiar for utvikling av landbruket 16.2.1 Leggja til rette for å utvikla landbruket slik at arbeidsplassane knytt til gardane vert trygga 16.2.2 Leggja til rette for vidare utnytting av beite- og utmarksressursane i Kvam 16.2.3 Utarbeida ein landbruksplan for Kvam i planperioden 19

Kvam som kulturkommune Hovudmål Kvam herad skal få fram kulturtilbod som er med å skapa identitet, engasjement, kreativitet, kunnskap og arbeidsplassar som gjer det attraktivt å bu i og flytta til Kvam. 20 Eit levande og mangfaldig kulturliv med kunst og kultur er ein del av eit moderne velferdssamfunn og grunnlaget for mennesket sin livskvalitet St.pr nr 1 (1999-2000) Kulturtilbod Høg kvalitet på kulturtilbod er ein viktig ressurs som er med å danna grunnlaget for næringsliv og busetjing i ein kvar kommune, slik må det også vera i Kvam. Kombinasjonen av auka kjøpekraft og meir fritid har vore ei medverkande årsak til auka bruk av ulike typar av kulturtilbod. Tilbod som gjev innbyggarane grunnlag for livskvalitet, lokal identitet, samhald, eigenaktivitet, kreativitet og nyskaping. Etter kvart vert det og fleire og fleire som har bakgrunn frå andre land med andre kulturar og tradisjonar. Eit slikt mangfald gjev også grunnlag for nye, og eit utvida spekter av opplevings- eller kulturtilbod. Dette gjeld også for vår eigen kommune og i våre eigne nærmiljø. Kulturelle aktivitetar Rapporten Lokal tilhørighetglobal orientering? Legg vekt på at det er viktig at lokalsamfunnet satsar på eit rikt og variert kulturtilbod for at folk skal etablera seg. Det er difor svært viktig at me i Kvam får fram kva funksjon kulturtiltak kan ha for ei positiv utvikling. Rapporten trekkjer og fram koplinga mellom kulturlivet og etablering av arbeidsplassar. Eit område der det så langt ikkje er gjort nok for å synleggjere moglegheitene og potensialet. For at mange gode kulturtiltak skal fungera er nøkkel-personar viktig å få fram som drahjelp og inspirasjonskjelde. Kulturtilbodet i kommunen Kulturtilbodet i kommunen er variert, men skal me konkurrera med andre område og kommunar om å trekkja til oss folk, må det satsast på tilrettelegging for idrett, bibliotek, kino/teater, musikk og kunst. Svært mykje av kulturtilboda som finst er framleis basert på frivillig lag- og organisasjonsarbeid, med god hjelp i engasjerte eldsjeler. Dette gjeld og dei lokale grendahusa og ungdomshusa som er fundament for engasjement, trivsel og tilhøyrsel. Nedgang i folketalet i grendene er med på å redusera både talet på lag og organisasjonar og talet på medlemmar i kvar organisasjon. Trass i dette må aktiviteten seiast å vera stor på mange område. Omfattande undersøkingar som er gjort av Hordaland fylkeskommune og LOS-senteret ved Universitet i Bergen viser at talet på lag i Kvam har gått noko attende. Grunnen er truleg at det har vore mange organisasjonar innan det ideologiske feltet, der trenden generelt er at desse har stort fråfall. Tidlegare kommuneplanar har hatt eit ynskje om høgare status for dei økonomiske prioriteringane innan satsing på kultur. Samstundes må me leggja vekt på at kultursatsing ikkje berre er avhengig av midlane til kultursektoren. Skal me lukkast må folk stø opp om aktivitetar og arrangement. Kvam manglar framleis eit samlande kultur- og aktivitetshus som kan formidla kultur i vid forstand og vera ein møteplass for alle på tvers av alder og kjønn. Eit slikt hus ville truleg skapt eit mangfaldig kulturengasjement. Tidlegare målsetjingar om eit sentralt bibliotek er heller ikkje oppfylt. Biblioteka har eit stort potensiale som informasjonsknutepunkt og møteplass. Dei formidlar og kunnskap både på tradisjonelt vis og igjennom nye medium. Hovudboksamlinga i Norheimsund kunne ha vore ein slik møteplass om lokala hadde vore betre. I samband med feiringa av tusenårsmarkeringa har Hordaland fylkeskommune vedteke at det skal komma eit eige kunst- og kultursenter i Øystese. Senteret skal vera eit nasjonalt senter som formidlar nasjonalromantikken i vid forstand igjennom kunst, bilete, arkitektur og litteratur.

Tusenårsstaden skal og formidla unionsoppløysinga frå Sverige i 1905. Denne satsinga på kultur vil vera viktig for heile kommunen. Musikk-, song- og revyaktiviteten i kommunen er svært variert og engasjerer på ulikt vis både gammal og ung. Den type arbeid er i stor grad avhengig av eldsjeler som drivkraft. Såleis opplever me også svingingar på dette området. Museum I kommunen finst det fleire offentlege og private museum, mellom anna Kinck garden, Tørvikbygd museum, Borgstova og delar av Vikøy prestegard, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum og Ålvik industriarbeidarmuseum som formidlarar av kultur og tradisjonar i frå Kvam. Kyrkja Kyrkja i Kvam har opp igjennom historia hatt ein sentral plass i kulturlivet på mange område. Dette gjeld kyrkja sine bygningar og gravplassar og som formidlar av kyrkjelege tradisjonar. Song, musikk og ungdoms- og lagsarbeid gjer også kyrkja og arbeidet omkring den til ein viktig kulturinstitusjon i vår kommune. Kultur som grunnlag for næringsutvikling og arbeidsplassar Kultur er basert på lokale menneskelege og materielle ressursar. Gamle tradisjonar og bygningar, i lag med eldsjeler og lokalt engasjement, har vore med og bygt opp næringar innan reiseliv, handverk og handarbeid. Dette gjeld mellom anna verksemder som Nestunet på Mundheim, Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund, Vangdal gardsmat, Sandven hotell i Norheimsund, Bunadsbua i Øystese og Gamlastovo gardsrestaurant på Fykse. I Kvam har me og utøvande kunstnarar innan keramikk og metall som har skapt sine eigne arbeidsplassar. Kvam har attraktive festivalar som Hardanger båtfestival og Hardingtonar, bygd på kultur og tradisjonar, som gjev inntekter for reiseliv og handelsstand. Ei vidare satsing på kulturbasert næringsutvikling må byggja på lokale ressursar, lokal erfaring og lokal kompetanse som også kan nyttast av andre. Kulturminne/ kulturlandskap Kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap utgjer ein kulturell arv og er ei viktig kjelde til kunnskap om samfunnsutviklinga og om menneske sitt liv og virke gjennom tidene. Det er og med å gje ei auka forståing av tilhøvet mellom fortid og framtid, mellom menneske og natur og mellom ulike kulturar. Tidlegare var forvaltninga fokusert på einskildobjekt og einskildbygningar i dag er forvaltninga mykje meir innretta mot å ta vare på heile miljø. Det vert også lagt større vekt på vern i gjennom bruk. I Kvam reknar ein med at det har vore busetnad frå 4000-5000 f.kr. Helleristningar på Bjelkanes og Vangdal har gjeve oss slike prov. Eit av dei beste døme på det tradisjonelle kulturlandskap i Kvam er å finna i Fyksegrenda. Her er det halde i hevd og vidareutvikla til også å vera ein ressurs for reiseliv og oppleving. Av freda bygningar i Kvam er det verdt å nemna fleire av husa i Vikøy prestegard, prestegarden i Strandebarm og Haugatun (ungdomshuset i Strandebarm). 21

Estetikk / tettstadsutvikling Estetikk vert det meir og meir lagt vekt på i offentleg planlegging og forvaltning. Dette kjem også klart fram i plan og bygningslova som har fått ein eigen paragraf som tek for seg utforminga av bygningmiljøa i bygd og by. Estetikk dreier seg både om vellukka einskildobjekt og om gode samanhengar og heilskapsinntrykk. Hovudutfordring Tettstadane er under stadig endring, under ei slik endring må dei gode kvalitetane førast vidare. Utvikling av attraktive tettstader er viktig både for trivnad, det lokale næringslivet og som opphaldsstad for arbeid og busetjing. Ei god fysisk planlegging er også med å styrkje dei sosiale miljøa. Norheimsund har fått eit ansiktslyft dei seinare åra, på vegen mot ein trivelegare tettstad. Dette har vore eit samarbeid mellom kommunen, Hordaland fylkeskommune, det lokale næringslivet og Statens vegvesen. Den vidare utfordringa vert å fullføre det arbeidet som ein har starta opp. Samstundes er det viktig at me gjer alle våre større og mindre bygdesentra så attraktive, funksjonelle og tilgjengelege som mogleg. Få til eit aktivt og dynamisk kulturliv som gjer Kvam til ein attraktiv kulturkommune, der kulturlivet kan vera med å styrkja grunnlaget for busetnad og næringsliv i kommunen. 17. Strategiar for organisasjonslivet 17.1 Stimulera eldsjeler til eit breitt og mangfaldig organisasjonsliv 17.2 Styrkja støtte til organisasjonslivet støtte ved hjelp av økonomiske ressursar og samstundes stimulera til stor eigeninnsats 17.3 Ta vare på og styrkja samarbeidet mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane 17.4 Stø opp om og stimulera til engasjement omkring dei lokale samfunns- og grendahusa som arena for lag og organisasjonar 18. Strategiar for kulturtilbod til ungdom 18.1 Vidareutvikla bruk av fasilitetar/bygningar/arenaer utanom organiserte bruks/treningstider til bruk for ungdom 18.2 Skapa eit godt, interessant og tilgjengeleg kinotilbod 18.3 Støtta opp om og stimulera til tiltak som framhevar eigenaktivitet og eigenansvar 19. Strategiar for regionalt kulturhus 19.1 Få fram eit nært samarbeid mellom det offentlege og det private for å skapa ein sentral arena for kulturformidling for heile regionen. 19.2 Utarbeida planar for og gjennomføra bygging av regionalt kulturhus i Norheimsund 20. Strategiar for framtidig bibliotekteneste 20.1 Biblioteket skal vidareutviklast til å vera ein lett tilgjengeleg møteplass for alle grupper, med tilgang på informasjon med høg kvalitet via tradisjonelle og nye media 21. Strategiar for kunst og kulturskule i kommunen 21.1 Utvikla ein skapande og kreativ kunst- og kulturskule for born og ungdom i Kvam 22. Strategiar for næringsutvikling basert på kultur og tradisjonar 22.1 Ta vare på og vidareutvikla kultur, natur og kulturmiljø til framtidsretta næringsutvikling 22.2 Få fram nisjeprodukt som er basert på lokal tradisjon tradisjon 22.3 Stimulera til samarbeid mellom ulike aktørar innan kulturbasert næringsutvikling 22.4 Utvikla gode tilbod som kan formidla kultur og tradisjonar 22 23. Strategiar for kulturminneforvaltning 23.1 Synleggjera og informera om kulturlandskap og kulturmiljø for å styrkja vår eigen historie og identitet