ÅRSPLAN FOR SOLVORN OPPVEKSTSENTER



Like dokumenter
ÅRSPLAN FOR SOLVORN BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR SOLVORN BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR SOLVORN BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Månadsbrev for Rosa september 2014

Sandeid skule SFO Årsplan

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Plan for overgangar. for barn og unge

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Bli kjent med Orre Barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Bjørnehiet SFO - informasjon

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

10/60-14/N-211//AMS

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Velkomen til Mork barnehage

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Plassebakken Barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Du må tru det for å sjå det

INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE

Plan for Liabygda SFO

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

Årsplan for 2013/2014

Osterøy kommune ÅRSPLAN Lonevåg barnehage. Saman får me verda sine viktigaste verdiar til å veksa

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Transkript:

ÅRSPLAN FOR SOLVORN OPPVEKSTSENTER -BARNEHAGE- - 2013/14 «Alle ved Solvorn oppvekstsenter skal oppleve meistring kvar dag» 1

KVA ER EIN ÅRSPLAN? Lov om barnehagar pålegg barnehagen å utarbeide ein årsplan. Det er personalet som utarbeider forslag til årsplan. Foreldra vert oppfordra til å koma med innspel om tema eller andre ting me bør legga vekt på gjennom barnehageåret. Årsplanen skal gje ei oversikt over aktivitetane i barnehagen og den pedagogiske verksemda gjennom året. Den skal være eit bindeledd mellom foreldre og barnehagen og skal fungere som eit arbeidsreiskap for personale. Årsplan skal handsamast på foreldremøte, og godkjennast av Samarbeidsutvalet for Solvorn oppvekstsenter. HISTORIKK Solvorn barnehage er ein 1.avdelingsbarnehage for 0-6 år som held til i same bygget som Solvorn skule. Det er Luster kommune som eigar og driv barnehagen. Barnehagen har vore heildagsbarnehage sidan 1994, før det var den korttidsbarnehage. Bygget vårt er bygd i 1983. I 2007 fekk vi eit tilbygg og auka då frå 12 til 15 plassar. Frå august 2012 er barnehagen, skulen og SFO ei eining under Solvorn oppvekstsenter. Tlf. barnehage: 57685843 /44 Tlf. styrar: 57685845, 91123933 E-post: berit.haganes@luster.kommune.no Heimeside: www.oppvekst.luster.no Solvorn barnehage har ei opningstid på 9 timar kvar dag. Den opnar klokka 7.30 og stengjer klokka 16.30. Vi ber om at opningstida vert respektert både morgon og kveld og oppmoder alle til å koma i god tid før stengjetid for å kunne utveksle informasjon rydde på plassen og kle på barnet. Må personalet gå over 16.30. løyser det ut overtid/avspasering som det ikkje er dekning for i budsjettet, foreldra skal og skriva under på eit registreringsskjema. BARNEHAGEN ER STENGT 2 VEKER OM SOMMAREN, VEKE 29 OG 30. PERSONALET Berit Haganes assisterande styrar/rektor og ped.leiar, 100% Sigrun Haugen assistent, 60% Irene Hundershagen assistent, 90% Gro Anita Kvam assistent, 32.62% Monica Haugen ped.leiar/førskulelærar, 37.34% 2

Dette året er det : tre 5-åringar - 08 to 4-åringar - 09 fire 3-åringar - 10 fire 2-åringar - 11 ein 1-åringar - 12 BARNEHAGENS INNHALD Me ynskjer å arbeide for at barnehagen vår skal vera ein god barnehage for borna, personalet og foreldra. Me ynskjer å gje barna fridom og høve til å styre barnehagedagen sin så langt dei kan meistre det ut frå alder og utvikling, samt kva som er praktisk mogleg. Barna har rett til å uttrykkja seg og vere med på å bestemma på dei fleste områda i barnehagen. DAGSRYTMEN 7.30 Barnehagen opna Frukost for dei som har med seg fram til kl. 09.00. Frileik 9.30 Samling /deling av gruppa 10.00 Ute leik/turar/grupper/gymsal 11.30 Måltid, varmmat 1 gong i mnd Soving/ kviling Inneleik/uteleik 14.00 Frukt, knekkebrød,yoghurt Ute/Inneleik 16.30 Barnehagen stenger. Kjernetida i barnehagen er frå 9.30-14.00, dvs at det er då me har aktivitetar, turar, samlingar m.m. Det er viktig for barna at me har ei dagsrytme som fungerar godt. Barn likar trygge, kjente aktivitetar, men me er fleksible og avvik frå den når det er behov for det. Rammeplan seier: den pedagogiske verksemda må organiserast og planleggjast slik at det blir tid og rom for barna til å medverke.i barnehagen skal me ta utgangspunktet i barna sine interesser og dagsform.sjølv om me har planlagt noko, kan me gjera noko anna om det passer betre, og alle treng ikkje vera med på alt. Litt av det me gjer i barnehagen: Kvardagsaktivitetar Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag og er difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagedagen, ( leik, måltid, bleieskift/stelling, bringing/henting, på-og avkledning og rydding). Samling God morgon sang Kven er her i dag Kalendar,ordens river lappen, kva heiter dagen, telja dagane (kuler på ei snor) Sangkortet til ordens Tema, leikar, instrument, sangar, gymsal, formingsaktivitetar m.m er aktivitetar me har i samlingane. 3

Bursdagssamling Bursdagsbarnet : får krune, bursdagsark og sit på eit bursdagsteppe vera ordens,sangkortet tenner lys og skyt opp rakettar bursdagsstein,fin rosa glasskule som borna held mens dei seier noko fint til bursdagsbarnet. Får velgja is, vafler eller smoothie til bursdagskos. Leikegrupper Deler i grupper : les, leikar, spelar, ute og formingsaktivitet Maxigruppa Ein gong i veka har me eit opplegg med dei eldste i barnehagen. Dei får kvar si bok som dei arbeider i. Her vil dei teikna, skriva, klyppa og lima. Gymsal Gymsalen to gonger i veka, diverse apparat, leikar, frileik, «røris» m.m. Me brukar og gymsalen når me har behov for å springa litt. Turar Me prøver å gå tur ein gong i veka, ei gruppe eller alle, av og til med mat. Biblioteket Ein gang i månaden vil me prøva å besøka biblioteket. Det vert for dei som kan sitja på pute i bilen. Besøk frå skulen 3 og 4 klasse kjem og les /leikar med oss kvar onsdag, 10.15-11.00. Fagområda Rammeplan seier at barnehagen skal inneholde omsorg, oppdragelse, leik, læring, sosial kompetanse og språkleg kompetanse. For å sikre dette innholdet, har rammeplan 7 fagområde som alle barn skal ha opplevingar innanfor i løpet av året. Kvart fagområde dekkjer eit vidt læringsfelt og opptrer sjeldan isolert. Fleire område er ofte representerte samstundes i eit temaopplegg og i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet. Arbeidet med fagområda må tilpassast alderen, gruppesamansetjinga og interessene til barna. 4

Fagområda er: -Tal, rom og form -Nærmiljø og samfunn -Etikk, religion og filosofi -Natur, miljø og teknikk -Kunst, kultur og kreativitet -Kropp, rørsle og helse -Kommunikasjon, språk og tekst I år skal me fokusera på to fagområde som personalet skal på kurs og læra meir om. Det er «Kropp, røsle, helse» og «Kommunikasjon, språk, tekst». Omsorg, leik og læring «Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barna og om omsorgen barna viser kvarandre. Å gi barn sjansen til å gi og ta imot omsorg for kvarandre er grunnlaget for å utvikle sosial kompetanse og eit viktig bidrag i eit livslangt læringsperspektiv.» (Rammeplan) «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. I danning inngår oppseding som ein prosess der vaksne både leier og rettleier neste generasjon.personalet skal rettleie barna i veksling mellom samfunnsnormer og sosiale krav og eigen veremåte.barn må få hjelp til å oppfatte kva rammer som er akseptable i samvær med andre.»( Rammeplan) Leiken har betydning for trivsel til barna og grunnleggjande livs-og læringsform. Leik gir barn glede,venner og allsidig kompetanse. Leiken må ha gode vilkår, og dette må me personalet leggje til rette for, med å stimulere til fantasi, allsidige opplevingar og gje tid til leiken i barnehagen.barnehagen skal gi barna tru på seg sjølv og andre.aktivitet, engasjement og deltaking i barnefellesskapet gir barna kunnskap om seg sjølv i forhold til andre. Barn sin medverknad Barn har rett til å uttrykkje seg og påverke alle sider av livet i barnehagen alt etter alder og funksjonsnivå. Retten barn har til medverknad krev tid og rom for å lytte og samtale. Barna skal bli trygge på at deira ynskjer betyr noko, og at dei er viktige for fellesskapet. Steg for steg Steg for Steg er eit opplegg til bruk i barnehage. Det tek føre seg tre hovudområde: empati, problemløysning og meistring av sinne. Målsetjinga er å auke barna sin sosiale kompetanse gjennom positiv sosial ferdighetstrening. Steg for Steg skal styrke sjølvbiletet til barna og gjer dei i stand til å omgå andre på en fredeleg måte. Steg for Steg skal forebygge mobbing og vold. 5

Overgang barnehage skule. Me ynskjer å gjere overgangen frå barnehagen til skulen lettast mogeleg for barna. Me i Solvorn er så heldige å vere i samme bygget som skulen, og me har mange felles aktivitetar gjennom året: Dette gjer at overgangen ikkje er så stor for barna. På slutten av barnehageåret har me eit skjema som me fyller ut saman med foreldra, der me utvekslar informasjon som dei føresette har godkjent. «Maxi-barna» har nokre aktivitetar i lag med småskulen på vårhalvåret, og dei har 2 førskuledagar. TRADISJONAR, ÅRETS GANG. AUGUST/SEPTEMBER Innkøyring, bli trygg i barnehagen Mykje frileik Enkle korte samlingar Foreldremøte OKTOBER Hausten, kva skjer i naturen,frukt, bær, grønnsaker Laga grønnsaksuppe og eplemos Haustmarknad NOVEMBER/DESEMBER Vinter, forandringane i naturen Jul og juleaktivitetar Luciafrukost Nissemarsj Foreldresamtalar JANUAR/FEBRUAR Vinter og snø aktivitetar Solfest Fastelaven Karneval Akedag på Heggmyrane MARS/APRIL Våren, forandringar i naturen Påskeaktivitetar Påskelunsj MAI/JUNI Sjå på lamma til Jermund 17.mai Sommar, forandringane i naturen Sommarfest Avslutningstur for maxi I tillegg til dette har me: Bursdagsfeiringar Varmmat Foreldrekaffiar Turar Aktivitetar i gymsalen Formingsaktivitetar Kulturøkt med skulen og andre aktivitetar i lag med skulen Mange av tradisjonane vert feira i lag med skulen. Kva og korleis varierer litt frå år til år. 6

PLANAR FOR HAUSTEN OG VÅREN 2012/2013 TEMA. Me har valgt tema om dyr, barna skal få kjennskap til dei vanligaste husdyra gjennom leik, samlingsstunder, turar og aktivitetar. Me vil og sjå på dyra i skogen, rev, ekorn, hare, o.a. Me ynskjer og å arbeide med sosial kompetanse. Då brukar me opplegget steg for steg sjå side 5. Tema som fylgjer årstidene vil gå som ein raud tråd gjennom heile barnehageåret. I februar/mars vil me ha eit prosjekt med fire- og fem- åringane, temaet skal me bestemma i lag,men det skal vera noko barna har lyst arbeida med. VAKSENROLLA Arbeidet med bevisstgjering og utvikling av oss vaksne som oppdragarar og omsorgspersonar er hovudinnhaldet på alle personalmøte og planleggingsdagar gjennom året. Heile personalet får dermed tilført same kunnskap til same tid. Det gjev oss felles ståstad og grunnlag for vidare bevisstgjering av oppdragarrolla. Me sit inne med ulik kunnskap, både praktisk og teoretisk, og ulike erfaringar som gjer at me handlar ulikt. Målet må vere at me som personale handlar ut frå vår overtyding i oppdraginga av barn i barnehagen. Kva meiner me barna treng: Vaksne som ser behova deira og har tid til dei. Vaksne som bryr seg om og viser innleving og respekt i det enkelte barn. Å få tru på seg sjølv, slik at dei kan stå imot og velje. Rom og tid til leik og bearbeiding av inntrykk. Tydelege reglar og grenser (tryggleik), men og rom for unntak. Å leve seg inn i andre sin situasjon, prososial atferd. Tilretteleggjarar som utviklar barnet vidare frå sitt ståstad ut frå barnet sine interesser. Vaksne som utvidar barnet sin kommunikasjon Vaksne som motiverar barnet til å prøva nye ting. Stimulere barna sine evner til leik, glede og humor. GODE ROLLEMODELLAR 7

PLANLEGGING OG VURDERING Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast, dokumenterast og vurderast. Planleggings- og vurderingsarbeidet omfattar både det enkelte barnet sin utvikling, trivsel og det generelle innholdet i barnehagen. Barna sin trivsel og utvikling vurderes saman med foreldre på foreldresamtaler, og ved behov. Me nyttar observasjonsskjemaet Alle med. Personalmøter: Ein gang per månad (heile personalet). Avdelingsmøte: kvar måndag 10.00-10.30, lærarane på skulen har då ansvar for barnehagebarna. Husmøter: Inkluderer personalet på heile huset. Rektor/styrar kallar inn etter behov. Planleggingsdagar: Barnehagen er stengt 5 dagar i året som er satt av til planlegging/ kursing. I år er det 13.og 14. august, 7.oktober, 2.januar og ein dag aprili(kjem tilbake med dato i god tid). Foreldremøter: To foreldremøter i året, pluss eit temamøte saman med skulen. Foreldresamtaler: 1 samtale på vinteren og 1 samtale om våren (den siste dersom foreldra ynskjer det). Elles vert det samtale utanom desse tidene om det er ynskje frå personalet eller foreldre. RÅD OG UTVAL Samarbeidsutvalet(SU). Ved Solvorn oppvekstsenter er det felles SU for barnehagen og skulen. SU har rett til å uttale seg alle i saker som vedkjem oppvekstsenteret. SU er samansett slik: ein frå pedagogisk personale i skulen, ein representant for andre tilsette i skulen og bhg, ein for tilsette i barnehagen, to represententar frå foreldre i skulen og to frå foreldre i barnehagen, ein representant for kommunen(politikar), og rektor/styrar for oppvekstsenteret. Elevrådsrepresentantane møter i saker som er høvande. Frå barnehagen deltek desse i SU; Ove Orrestad og Nils Martin Fjær med Mara Frattasio som vara. Frå personalet er Berit Haganes og Irene Hundershagen, vara er Sigrun Haugen. Foreldrerepresentantar kan t.d. ta opp saker som dei tykkjer er viktige for foreldra og barna sitt forhold til barnehagen. Dei har rett til å uttale seg om saker som angår barnehagen og dei skal godkjenne årsplan. Vi har valt å ha felles foreldrekontakter til Samarbeidsutval og som foreldrerepresentantar sidan vi har få foreldrepar i barnehagen 8

FORELDRESAMARBEID Med utgangspunkt i Barnehagelova og rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, skal me drive barnehagen i nær forståing og samarbeid med barnet sin heim. Den daglege kontakten: Me ser denne som svært viktig. Naudsynt informasjon om barnet vert overbringa mellom heim og barnehage, dette til beste for barnet.personalet ynskjer å ha eit nært samarbeid med foreldra. Dette er viktig både for barna sin trivsel/tryggleik og for at personalet skal gjera ein god jobb. Praktiske meldingar frå dykk til oss, skriv me ned i ei beskjedbok slik at informasjonen når alle dei tilsette. Vi legg opp til at foreldra kan delta i ulike tilstellingar og møter i barnehagen. Foreldresamtaler. Foreldremøter. Dugnad. Fester og ulike arrangement gjennom året som t.d foreldrekaffi, basar, Luciafrukost, m.m. Skriftleg informasjon som månads- og årsplan. ANDRE SAMARBEIDSPARTAR Barnehagane samarbeider med PPT, barnevernet, helsestasjonen og BUP for å ivareta barnet best mogeleg. Vi har HSP-team (helse, sosial, psykisk helseteam) 2 gonger i året. DIVERSE INFORMASJON Turkasse Pengane vert nytta til bussbillettar og køyregodtgjersle når me nyttar privatbilar. 120kr for 80% og 100% 90 kr for 60% Dette gjeld for barn fødd 08,09. Leiker Borna kan ha med seg leiker(på eige ansvar) tysdagar, ikkje store leiker.barna må kunne låne vekk leika. Til kvilestunda er det greitt med ein bamse. Bursdagsinvitasjonar Når alle barna vert invitert kan de dela ut i barnehagen elles ikkje, då må de gjera det på fritida. Foreldrekaffi Nokre gonger i løpet av året inviterer me foreldre og søsken til kaffi og kake, bollar og liknande. Invitasjon vil stå på oppsagstavla. Oppslagstavla og Månadsplan Me ynskjer at de les på tavla, diverse informasjon vert hengt her. Endringar på månadsplan kjem og her.planen er rettleiande, det er ikkje alltid me klarar å få til det me har planlagt, og det skal vera rom for spontanitet og fleksibilitet. Sjuke barn Sjuke barn skal vera heime. Barna må vera så friske at dei kan vera ute.hugs at det er mykje lyd og aktivitet her heile dagen. 9

Ferie Barna har rett til 3 veker samanhengande ferie i løpet av sommaren. I samband med ulike ferier må personalet avspasere, difor sender me ut påmeldingslister til jul og påske. Kle og sko Hugs å merka alt, me hugsar ikkje alltid kven som eig kva. Kle må vera stor nok og gode å ta på, barna skal prøva å kle seg sjølve. Utekle må vera store nok så barna kan bevega seg fritt. De må sjekka kleda av og til, barn veks,det gjer ikkje kle. Vottar er viktige når det er kaldt, men er dei for tjukke klarar ikkje barna å halde spade eller leiker.( ullvottar er bra) Hugs strikk i dress, utebukser. Drikkeflaske er godt å ha på plassen. Solkrem : foreldre smørjer om morgon og me smør ved behov i bhg. Sangkort / hus Foreldra lagar sangkort og hus til sitt barn, får ark og tips i bhg. Gymsokkar Gode mjuke gymsokkar, dei med skinnsole. Fyrstehjelpskurs Personalet er på fyrstehjelpskurs annakvart år. BrannøvingDet er 2 brannøvingar pr år, den eine er varsla. 10