Invitasjon til Tannlegeforeningens Systematiske Etterutdanning 16.-17. september og 19.-20. november 2004 Nordfjord Hotel, Nordfjordeid



Like dokumenter
Invitasjon. til Tannlegeforeningens Systematiske Etterutdanning i Endodonti og traumatologi august og november

Påmeldingsfrist 16. februar

Tannlegeforeningens 388 DEN NORSKE TANNLEGEFORENINGS TIDENDE 2006; 116 NR 6

Tannlegeforeningens 740 DEN NORSKE TANNLEGEFORENINGS TIDENDE 2005; 115 NR 12

Tannlegeforeningens 862 DEN NORSKE TANNLEGEFORENINGS TIDENDE 2010; 120 NR 12

Tannlegeforeningens 804 DEN NORSKE TANNLEGEFORENINGS TIDENDE 2011; 121 NR 12

Stemnehandboka for NKSF

Tannlegeforeningens 424 DEN NORSKE TANNLEGEFORENINGS TIDENDE 2010; 120 NR 6

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Invitasjon til Vårmøtet mars Nordfjord Hotell Nordfjordeid. Sogn og Fjordane Tannlegeforening

ROGALAND TANNLEGEFORENING

Tannlegeforeningens 354 DEN NORSKE TANNLEGEFORENINGS TIDENDE 2007; 117 NR 6

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

PENSJONERING ELLER FRAMLEIS YRKESAKTIV?

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nytt HFK Intranett

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

TSE Tannlegeforeningens systematiske etterutdanning

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Rettleiar til Partiportalen for

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Brukarmanual.

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Den nye seksjon for applikasjonar

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

mmm...med SMAK på timeplanen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

KOMPETANSEKATALOG del I 2000 / 2001

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

Namning av vegar i Fræna Kommune

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Brukarrettleiing E-post lesar

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Tid : Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Tannlegeforeningens 424 DEN NORSKE TANNLEGEFORENINGS TIDENDE 2014; 124 NR 5

Brødsbrytelsen - Nattverden

Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Kvalitetsplan mot mobbing

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Søknad om løyve til sal av alkohol gruppe 1 (Alkoholhaldig drikk 2.5% < 4,5% alk) jf. Alkoholloven av 2.juni 1989 nr.27

Invitasjon til regional messe for elevbedrifter

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Velkommen til songarstemne i Florø!

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kontrollere at studentopplysningar (navn, adresse, telefonnummer osv.) er korrekte.

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vurdering av allianse og alternativ

Kva er økologisk matproduksjon?

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Finansiering av søknaden

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

Rådgjevarkonferanse 2009

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

SØKNAD OM STØTTE FRÅ SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Lotteri- og stiftingstilsynet

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Kan vi få til eit solid forskingsprosjekt?

Transkript:

Invitasjon til Tannlegeforeningens Systematiske Etterutdanning 16.-17. september og 19.-20. november 2004 Nordfjord Hotel, Nordfjordeid

TSE er Den norske tannlegeforening si storsatsing på etterutdanningsfronten som skal etablerast med fem fagmodular. Tilbodet skal vere fleksibelt og vil i stor grad basere seg på fjernundervisning (FUV) og bruk av moderne informasjonsteknologi. Problembasert læring (PBL) er valt som pedagogisk metode fordi den krev både individuell læring og stimulerer til samarbeid. Kvar modul i TSE er bygd opp med to tradisjonelle samlingar (ved start og avslutning) og ei lokal gruppesamling med læringsperiodar i mellom. På dei vanlege samlingane er det forelesingar, demonstrasjonar og diskusjonar, på gruppesamlinga og i læringsperiodane er det kunnskapsformidling ved hjelp av FUV og IT. Deltakarane skal arbeide i basisgrupper på 6-8 personar. Gruppene kan gjerne vere lokalt basert slik at deltakarane kan møtast mellom samlingane, men ein kan sjølvsagt også samarbeide via nett og telefon. Kvar gruppe kan godt bestå både av offentlege og privatpraktiserande tannlegar. I undervisninga vert det nytta eit breitt spekter av pedagogiske element slik som plenumsforelesingar, videoinnspelte forelesingar (CD-ROM) utlagt tekst med bilete på TSE sin nettstad, bruk av diskusjonsforum på nettet og PBL i basisgruppene. Arbeidet i gruppene vert heile tida følgt opp av dei fagansvarlege, den lokale kursleiaren og NTF s sekretariat. Det er ikkje lagt opp til nokon eksamen på slutten av kurset. TSE er lagt opp for tannlegar, men ein har vedteke at tannpleiarar kan vere med så langt det er plass. Tannlegar har imidlertid førerett til plassane og tannpleiarar vil difor ikkje få bekrefta plass før etter at påmeldingsfristen er fått ut. Det er ein føresetnad at deltakarane har tilgang til PC/Mac med Internett og E-post, CD-ROM og høve til avspeling av lyd og video. M instekrav til maskin og programvare er: PC med Windows 95/98/NT/2000/XP eller tilsvarande Mac 300 MHz Pentium II prosessor 32X CD-ROM-spelar Skjermkort som kan vise ei oppløysing på 800 x 600 i tusener av fargar 32 MB ram Lydkort og høgtalarar Office-pakke med WORD og POWERPOINT (Office 97 eller nyare) Quicktime for avspeling av video (ligg på CD-platene som du vil få, og kan installerast derifrå) Dei fleste PC-ar kjøpt etter midten av 1998 vil vere gode nok. Det er ein fordel å ha breiband som ADSL e.l., eller i alle fall ISDN. Det vil redusere nedlastingstidene vesentleg. Deltakarane bør og ha tilgang til ein Office-pakke, Microsoft Office 97 eller nyare, eventuelt nyare versjonar av Open Office eller Star Office. Om lag 14 dagar før kursstart vil deltakarane få tilsendt naudsynt informasjon som gjev tilgang til kursopplegget på Internett. Om du vil melde deg av TSE-kurset er siste frist 14 dagar før kursstart (2.september). Dette må skje til NTF sentralt ved Laila Bråten, tlf 22 54 74 08 eller epost: laila.braten@tannlegeforeningen.no Hugs å melde avbod til hotellet også. Det vert IKKJE refundert kursavgift for avmelding som kjem inn seinare enn dette.

Modul 3. Kariologi - frå 0-100 på 90 dagar. Fagansvarlege: Professorane Ivar Espelid og Anne Bjørg Tveit, Universitetet i Oslo. Målgruppe: Tannlegar (Modul 3 vil også vere tilgjengeleg for tannpleiarar så langt det er plass). Kursplan. Programmet omfattar aktuelle problemstillingar og belyser nye trendar innan kariesbehandling. Eksempel: Finst det nye kariesdiagnostiske metodar som gjer rønt genbilete og sonde overflødig? Korleis skal vi forholde oss til høgre sukkerforbruk, brusdrikking, ugunstige spisevanar, spiseforstyrrelsar og erosjonar? Behandlar vi karies med ozon, bor eller fluor? Kva betyr dei nye retningslinene for bruk av tannrestaureringsmateriale i vår daglege praksis? Trendane innan moderne kariologi er å få profylaksen på fote igjen, lage små prepareringar, kvite fyllingar og ta kosmetisk tannbehandling på alvor. Kan dette foreinast med evidensbasert odontologi? Ny kariesepidemiologi Kariesprediksjon Mikrobiologi og plakk Kariesetiologi og -utvikling Diagnostikk (klinisk, med røntgen, kjemikaliar, lys, datateknikk o.fl.) Førebygging - inkl. nye tankar om førebygging av initiale lesjonar. Fluor i dagens profylakse Salivas rolle Fissurforsegling Kavitetspreparering - frå små lesjonar til nesten kroner Materialval og -behandling Bleiking - intern og ekstern Tannslitasje - etiologi, førebygging og behandling. Kariesbehandling på pasientar med behandlingsskrekk Arbeidsmiljøproblematikk og arbeidshygiene. Biverknader. Dentale biomateriale brukt i kariesterapien: toksikologi, bruksområde, haldbarheit, økonomi, nye produkt

PÅMELDING Deltakartall minst 28, maks 48 Om det melder seg på fleire enn det er plass for, vil ein fordele mellom offentlege og private. Mellom dei offentleg tilsette vil ein nytte ansiennitetsprinsippet. Medlemmer av NT F har fortrinnsrett. Ikkje-medlemmer av NTF vil måtte betale eit tillegg til kursavgifta. T annlegar har fortrinnsrett framfor tannpleiarar, ved påmelding innan 5. august. Vi ber om at tannpleiarar som ynskjer å vere med sender inn påmeldinga snarast og innan fristen. Det vert og sendt ut invitasjon til tannlegar i Sunnmøre Tannlegeforening. Prisar Kursavgift kr 6.000,-. Vert innkravd etter påmelding av NTF sentralt. Stad og tid: 1. samling: 16.-17. september på Nordfjord Hotel, Nordfjordeid. 2. samling: 19.-20. november på Nordfjord Hotel, Nordfjordeid. Samlingane vert haldne på Nordfjord Hotel på Nordfjordeid. Vi har fått eit godt tilbod på overnatting med fullpensjon. Merk at dagpakke gjeld for kvar dag. Ver vennleg å merke av på skjemaet kva alternativ du ynskjer. Hotellopphald: 16.-17. september kr 1000,- i enkeltrom 19.-20. november kr 1000,- i enkeltrom. Prisen inkluderer kaffi/rundstykke ved ankomst, lunsj, middag om kvelden, frukost og lunsj neste dag. Ikkje-buande: Dagpakke med lunsj kr 310,- Middag om kvelden kr 285,- Påmelding på vedlagde skjema Faks 57 86 84 61 Eller send til Sogn og Fjordane Tannlegeforening V/ Kjell Thue SandaneT annklinikk Boks 253 6821 SANDANE Telefon: 57 86 84 60. E-post : k2e@sensewave.com Påmeldingsfrist 5. august.

PÅMELDINGSSKJEMA TSE 2004 16.-17. september og 19.- 20. november 2004 NORDFJORD HOTEL, Nordfjordeid Eg melder meg på TSE Modul 3 i Kariologi. Eg skal ha overnatting med full pensjon (set kryss el l er stryk det som i kkj e passar) 16.-17. september kr 1.000,- 19.-20.november kr 1.000,- Eg ynskjer: Enkeltrom/Dobbeltrom RØYK/IKKJE RØYK tor fre Eg skal ha dagpakke 16.-17. september kr 310,- 19.-20.november kr 310,- fre lau Etter 10. august må kvar enkelt sjølv melde frå til HOTELLET tlf.: 57 86 04 33 ved avbod eller endringar. Ved eventuell "noshow" ( ikkje frammøte utan å gje beskjed) er kvar enkelt deltakar ansvarleg for eventuelle krav frå hotellet. Tittel:..Privat/offentleg tilsett Namn:... Adresse:... Postnr. og -stad:.. E-post (obligatorisk) :. Påmeldinga skal faksast til : 57 86 84 61 E-post: k2e@sensewave.com eller sendast til: Kjell Thue Sandane Tannklinikk Boks 253 6821Sandane PÅMELDIGSFRIST 5. AUGUST