Rådmannen - servicetorget MØTEPROTOKOLL Utval: Arbeidsutvalet for Ungdommen sitt kommunestyre Møtestad: Luster Rådhus, møterom 2. et. Møtedato: 07. april 2015 Start kl.: 16.15 Slutt kl.: 18.45 Desse medlemane møtte: Varamedlem som møtte: Forfall: Andre som var tilstades: Lasse Hærum og Ida Falkgjerdet Svåi. Stian Havellen Listou. Magnus Viking Jåstad. Erling Bjørnetun, ungdomskontakt Liv Endresen og sekretær Liv Helen Nystuen. Saker til handsaming: Sak 06/15 Godkjenning av innkalling og sakliste. Sak 07/15 Godkjenning av møtebok frå møte den 07. januar 2015. Sak 08/15 Skriv og meldingar. Sak 09/15 Aktivitetsplan arbeidsåret 2014-2015. Status. Sak 10/15 Marianne Skarpen, - søknad på UK si stipendordning. Sak 11/15 Miriam Høyheim Skintveit, - søknad på UK si stipendordning. Sak 12/15 Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2015, - invitasjon til søknad om prosjektmidlar. Sak 13/15 Revisjon av kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2016-2027. Innspel. Sak 14/15 Ymse. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemane og varamedlemane i UK i Luster, Erling Bjørnetun, her, ungdomskontakt Liv Endresen, her og revisor. ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro: 3785.07.00142
side 2 Sak 06/15 Godkjenning av innkalling og sakliste. Innkalling og sakliste vart godkjent. Sak 07/15 Godkjenning av møtebok frå møte den 07. januar 2015. Lasse Hærum og Ida Falkgjerdet Svåi skrev under møtebøka frå møte den 7. januar 2015. Sak 08/15 Skriv og meldingar. a) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Vil du vera med som leiar på UKMfestivalen i Trondheim 19. 23. juni 2015? b) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Informasjon nr. 2 til kommunane om fylkesmønstringa 2015. c) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Invitasjon til Fylkesting for ungdom 2015 på Skei 20. 22. mars 2015. d) Luster kommune, - orientering om oppstart, planprosess og tidsfristar i samband med revisjon av Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2016-2027. e) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - vidaresendt e-post frå UKM Norge med inspirasjonshefte om konferansierens rolle i UKM. f) Trafo.no, - info om Trafo som er eit offentleg tilbod for kunstaktiv ungdom mellom 16 og 22 år frå heile landet. g) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - framleis mogeleg å vera med som leiar på UKM-festivalen 2015. h) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - I år er det mulig å nominere konferansier og deltakarar til nettredaksjon under fylkesmønstringa. i) Marianne Skarpen, - søknad om Ungdommen sitt kommunestyre i Luster si stipendordning. j) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - UKM Norge sitt utkast til strategiplan for 2015-2020. Frist for tilbakemelding var 10. mars 2015. k) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Siste frist for påmelding Fylkesting for ungdom 2015 er 5. mars 2015. l) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - påminning om at det er mulig å nominere konferansier til fylkesmønstringa. m) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Vidaresendt e-post frå JM Norway som er ute etter kandidatar til NM i Beatbox. n) Miriam Høyheim Skintveit, - søknad om Ungdommen sitt kommunestyre i Luster si stipendordning. o) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - invitasjon til å søkje om prosjektmidlar Lokale transporttilbod 2015. p) UKM Norge, - Nyhetsbrev mars 2015. q) Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Info nr. 3 UKM fylkesmønstring i Førdehuset 18. - 19. april 2015. Skriv lagt fram i møtet: r) UKM Sogn og Fjordane, - Endeleg programoppsett når det gjeld framsyningane på Fylkesmønstringa 18. 19. april 2016. Arbeidsutvalet hadde ikkje merknader til skriv og meldingar pkt. f) og m). Vedk. pkt. a), b), e), g), h), j), l), p), q) og r). Skriva er vidaresendt medlemane i arrangørteamet for lokalt arrangement av UKM for orientering/vidare oppfølging. Vedk. pkt. c) og k) Fylkesting for ungdom på Skei 5. mars 2015. Sjå status under sak 9/15.
side 3 Vedk. pkt. d) Oppstart, planprosess og tidsfristar i samband med revisjon av Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2016-2027. Vert handsama under sak 13/15. Vedk. pkt. i) Marianne Skarpen, - søknad om Ungdommen sitt kommunestyre i Luster si stipendordning. Vert handsama under sak 10/15. Vedk. pkt. n) Miriam Høyheim Skintveit, - søknad om Ungdommen sitt kommunestyre i Luster si stipendordning. Vert handsama under sak 11/15. Vedk. pkt. o) Invitasjon til å søkje om prosjektmidlar Lokale transporttilbod 2015. Vert handsama under sak 12/15. Sak 09/15 Aktivitetsplan arbeidsåret 2014-2015. Status. Framlagde dokument: Aktivitetsplan, ajour pr. 19.01.2015. Lokalt arr. av UKM i Sogndal 14. 16. mars 2015. Arrangørteam: Tomas Nyhus, Ida Falkgjerdet Svåi og Liv Endresen frå administrasjonen. Status v/liv Endresen. - Vellukka arrangement med over 100 deltakarar frå kommunane Leikanger, Sogndal og Luster. Frå Luster var det 14 innslag. - Laurdag var det opplegg med sceneprøver, og søndag var det to forestillingar, kl. 15.00 og kl. 19.00. Måndag var det skuleforestilling - på Kvåle skule. - Det har vore møte i arrangementskomiteen den 27.01.2015 og - strategi- og arbeidsplanmøte den 12.03.2015, og - det er halde eit møte med arbeidsfordeling. - Desse deltakarar frå Luster gjekk vidare til fylkesmønstringa: Fortunsdølen med «Stop this train». Henning Lad med «Den einsames klagesong». Yoce med «The great adventure». Rørekollane. Jostedal rockeverkstad med «Livin on a prayer». - Evalueringsmøte skal gjennomførast. - Fylkesmønstringa blir i Førde 18. og 19. april 2015. Fylkesting for ungdom på Skei 20. 22. mars 2015. - Invitasjon sendt kommunane 5. februar 2015. Påmeldingsfrist var sett til 23. februar 2015. På grunn av vinterferien klarte ikkje AU å ha møte for å velgja utsendingar før tidlegast måndag den 23. februar. AU-medlemane tok direkte kontakt med UK-medlemar om det var nokon som ville reise. Det var ikkje nokon frå UK som meldte seg som utsending, og følgjeleg vart det ikkje påmeldt nokon frå Luster. «Blås grønt»-arrangement natt til 17. mai 2015. Arrangørteam: David Høyheim Skintveit og Magnus Viking Jåstad. Erling Bjørnetun bidreg med hjelp undervegs. ME`N`U blir invitert til samarbeid om arrangementet Arbeidsutvalet vedtok at sekretær sender innkalling til møte i arrangørteamet (inkl. repr. frå ME`N`U) måndag den 13. april 2015 kl. 15.15 på rådhuset.
side 4 Lustramarknaden. Erling Bjørnetun orienterte om at programmet for marknadsdagen laurdag den 13. juni 2015 i Gaupne er på plass. Og Lustrabalder er på plass. Det vert tivoli i år også, men so langt er det usikkert om det blir meir aktivitetar for born og ungdom. Kulturutveksling. Erling Bjørnetun orienterte om at det er ønskje om utveksling frå Amerika, men at det so langt er vanskar med vertsfamilie/-ar i (Norge) Luster. Sak 10/15 Marianne Skarpen, - søknad på UK si stipendordning. Framlagde dokument: Søknadsskjema UK si stipendordning, vedteke i UK den 14. februar 2012, sak 5/12 og søknad frå Marianne Skarpen. Erling Bjørnetun deltok under handsaminga. Lasse Hærum orienterte om føremål og føresetnader for å få stipend: Ungdommen sitt kommunestyre (UK) si stipendordning har som føremål å støtta yrkesretta kompetanseutvikling (gruppe 1) eller anna utvekslings- / læringstiltak (gruppe 2) for ungdom frå Luster kommune i alderen 16-19 år. Det kan gjevast støtte til kursavgift og reiseutgifter, unnateke opphald/overnatting og diett. Stipendbeløpa er: gruppe 1 tilsegn om max 2.000, gruppe 2 tilsegn om max kr. 5.000. Stipendet blir først utbetalt når opplegget er gjennomført og kvitteringar for utgifter er framlagt. Marianne Skarpen har søkt på UK si stipendordning i samband med at ho skal ta det 2. året ved Sogndal v.g. skule (skuleåret 2015/2016) i USA som utvekslingsstudent, gjennom organisasjonen AFS. Utgifter i samband med tiltaket er sett til totalt kr. 104.750. Søknaden frå Marianne Skarpen vert av arbeidsutvalet vurdert å koma inn under opplæringsstipend i gruppe 2 utvekslings- og læringstiltak der maksimalt stipendbeløp er kr. 5.000. Arbeidsutvalet er positiv til søknadene og har fylgjande tilråding til vedtak i Ungdommen sitt kommunestyre: Under føresetnad av framlagt dokumentasjon av alle utgifter, blir søknaden frå Marianne Skarpen innvilga med eit stipend på kr. 5.000. Tilskotet blir å tilvisa over 11233.108.38508. Sak 11/15 Miriam Høyheim Skintveit, - søknad på UK si stipendordning. Framlagde dokument: Søknadsskjema UK si stipendordning, vedteke i UK den 14. februar 2012, sak 5/12 og søknad frå Miriam Høyheim Skintveit. Erling Bjørnetun deltok under handsaminga. Lasse Hærum orienterte om føremål og føresetnader for å få stipend: Ungdommen sitt kommunestyre (UK) si stipendordning har som føremål å støtta yrkesretta kompetanseutvikling (gruppe 1) eller anna utvekslings- / læringstiltak (gruppe 2) for ungdom frå Luster kommune i alderen 16-19 år. Det kan gjevast støtte til kursavgift og reiseutgifter, unnateke opphald/overnatting og diett. Stipendbeløpa er: gruppe 1 tilsegn om max 2.000, gruppe 2 tilsegn om max kr. 5.000. Stipendet blir først utbetalt når opplegget er gjennomført og kvitteringar for utgifter er framlagt.
side 5 Miriam Høyheim Skintveit har søkt på UK si stipendordning. Miriam er skuleåret 2014-2015 elev ved Otto Treider Private gymnas i Oslo VG-1 håndball. Klassa var på 1)studietur med treningskampar og observasjonar / skriving av rapportar frå håndball EM i Ungarn desember 2014, og 2)treningsleir til Flensburg / Tyskland. Utgifter i samband håndball EM og treningsleir i Flensburg utgjer tilsaman kr. 10. 985. Søknaden frå Miriam Høyheim Skintveit vert av arbeidsutvalet vurdert å koma inn under opplæringsstipend i gruppe 2 utvekslings- og læringstiltak der maksimalt stipendbeløp er kr. 5.000. Arbeidsutvalet er positiv til søknadene og har fylgjande tilråding til vedtak i Ungdommen sitt kommunestyre: Under føresetnad av framlagt dokumentasjon av alle utgifter, blir søknaden frå Miriam Høyheim Skintveit innvilga med eit stipend på kr. 2.000. Tilskotet blir å tilvisa over 11233.108.38508. Sak 12/15 Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2015, - invitasjon til søknad om prosjektmidlar. Framlagde dokument: Brev datert 13.03. d.å. der Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterar kommunane i fylket til å søkje om prosjektmidlar Lokale transporttilbod 2015. Søknadsfrist: 30. april 2015. Ansvarlege: Arbeidsutvalet og Erling Bjørnetun frå administrasjonen. Erling Bjørnetun deltok under handsaminga og det vart orientert om bruken av bestillingstaxi so langt i 2015. Arbeidsutvalet drøfta dagens ordning generelt og innhald i tilbodet sett i forhold til målsetjinga av tiltaket. Tilbodet har vore neire nytta so langt i 2015, enn i 2014. Pr. 09/03-2015 er det brukt kr. 26.146 til transport. Etter drøfting kom arbeidsutvalet fram til fylgjande tilråding til vedtak i Ungdommen sitt kommunestyre: Ungdommen sitt kommunestyre vedtek at det blir sendt ny søknad for 2015, og at reglement for bruk av bestillingstaxi, gjeldande frå 5. mai 2013 fortsatt skal vera gjeldande: 1. Ein kan nytta bestillingstaxi til alle opne arrangement for ungdom i Luster kommune, også trening/øving, møte og kurs. 2. Eigenandelen vert sett til kr. 50 pr. person kvar veg når ein nyttar bestillingstaxi i Luster. 3. Andre i same taxi, men som er eldre enn 19 år, betaler full pris. 4. Minimum tal personar som skal følgje taxi er 2. Sak 13/15 Revisjon av kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2016-2027. Innspel. Framlagde dokument: Skjema for innspel til kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune. Rådmannen har gjennom utlysing av revisjon av gjeldande plan formelt starta planprosess i samband med revisjon av Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2016-2027. Fristen for å koma med innspel til planen er 1. mai 2015.
side 6 Erling Bjørnetun deltok under handsaminga og orienterte. Kvart 4. år blir det utarbeidd ny plan med prioriteringsliste på anlegg ein ønskjer å byggja dei neste fire åra. Det vart presisert at ungdomane no hadde sjansen om å vera med å prioritere kva anlegg som skal stå i planen dei neste åra. Vidare vart det vist til gruppearbeid som Ungdommen sitt kommunestyre har gjennomført der det allereie er kome framlegg om m.a. oppgradering av idrettshallen - nytt golv, nye dusjar på Hafslo, friidrettsbane, utvikling av Sogn skisenter og motorsportbane. Etter drøfting i arbeidsutvalet vart det gjort vedtak om at Ungdommen sitt kommunestyre skal gjennomføre gruppearbeid på neste møte i Ungdommen sitt kommunestyre for å prioritere innspel til kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Luster kommune 2016-2027. Sak 14/15 Ymse. Neste møte i UK: Måndag 20. april 2015 kl. 12.45 på rådhuset. Besøk av fadder for UK. Arbeidsutvalet sa i møte den 7. januar d.å. at det er flott at fadder vil besøke UK i Luster og vil invitera Sofie Sundberg til neste møte i arbeidsutvalet. Dette vart ikkje gjort, og Lasse Hærum vil no ta kontakt med Sofie og gjera avtale om besøk på eit seinare møte i dette arbeidsåret.