Skredfarevurdering Løfallsstrand og Varaldsøy Skredfarevurdering for alternative vegtraséar, Løfallsstrand 20130143-02-R 16. april 2013
Prosjekt Prosjekt: Skredfarevurdering Løfallsstrand og Varaldsøy Dokumenttittel: Skredfarevurdering for alternative vegtraséar, Løfallsstrand Dokumentnr.: 20130143-02-R Dato: 16. april 2013 Rev. nr./rev. dato: 0 Oppdragsgiver Oppdragsgiver: Akvator Kontaktperson: Turid Verdal/Lovise Vestbostad Kontraktreferanse: Oppdragsbekreftelse sign. 2013-02-14 For NGI Prosjektleder: Utarbeidet av: Kontrollert av: Hedda Breien Hedda Breien og Øyvind Armand Høydal Ulrik Domaas Samandrag På oppdrag frå Akvator AS har NGI vurdert skredfaren mot eit strekke av dagens FV 48 samt alternativ vegtrasé kote 70, ved Løfallsstranda, Kvinnherad. Vegtraséane er på om lag 4.5 km. Steinsprang er dimensjonerande faretype. For begge alternativa har vi delt det vurderte strekket i 100 meters segment og for kvart segment angjeve årleg sannsyn for skred per 30 m. Dette er illustrert i vedlagde kart. Ettersom skredfaren avtar med avstand frå skrentar og fjellsider er dagens vegline mindre utsett for skred enn kva alternativet på kote 70 er. Det meste av dagens vegline har eit sannsyn for treff av skred mindre enn 1/1000 per år. Kortare strekker har sannsyn opp mot 1/100 per år. Det er truleg ikkje naudsynt å sikre dette alternativet anna enn ved evt skjeringar. p:\2013\01\20130143\leveransedokumenter\rapport\20130143-02-r_endeleg.docx
Sammendrag (forts.) Dokumentnr.: 20130143-02-R Side: 4 For alternativet på kote 70 har mesteparten (om lag 3.3 km) av veglina eit årleg sannsyn på 1/100 eller høgare, om lag 900 m har sannsyn høgare enn 1/100 (1/50 og 1/20) per år. Det største problemet er steinsprang frå skrentar like ovanfor vegtraséen. Skredfaren kan dermed mange stader reduserast ved hjelp av lokal sikring (rensk, bolting, nett). Steinspranggjerder og evt fangvoll er også aktuelt. Endeleg plassering av veglinja vil avgjere sikringsbehov og valg av sikringsmetode. Dimensjonering og detaljert planlegging av type sikring må gjerast ved detaljprosjektering. Vi anslår grovt ein kostnad på kring 10-15 millionar for steinsprangsikring av vegalternativ på kote 70, men dette må justerast ved detaljprosjektering. I tillegg kjem sikring av skjeringar og evt sikring under anleggsarbeidet. p:\2013\01\20130143\leveransedokumenter\rapport\20130143-02-r_endeleg.docx
Innhald Dokumentnr.: 20130143-02-R Side: 5 1 Innleiing 6 2 Terreng 6 2.1 Helling og vegetasjon 6 2.2 Berggrunn 9 3 Skredfarevurdering 11 3.1 Aktuelle skredtypar 11 3.2 Skredhendingar registrert på Skrednett 12 3.3 Sannsyn for skred dagens vegline 12 3.4 Sannsyn for skred alternativ kote 70 13 4 Sikring 25 4.1 Sikringsmetodar 25 4.2 Grovt kostnadsoverslag 26 5 Konklusjon 28 Vedlegg: Kart 01-03 Kontroll- og referanseside
Side: 6 1 Innleiing På oppdrag frå Akvator AS har NGI vurdert skredfaren langs alternative vegtraséar for FV 48 ved Løfallsstranda, Kvinnherad. Fokus er eksisterande vegtrasé og alternativ vegtrasé på kote 70 (figur 1). NGI ved Øyvind Armand Høydal og Hedda Breien synfarte området 19. og 20. mars 2013. Vi har til fots forsøkt å følgje trasé 70 moh så godt som mogleg. Figur 1 Oversikt over området. Rød line viser aktuelt vegtraséalternativ på ca 70 moh. 2 Terreng 2.1 Helling og vegetasjon Det aktuelle strekket er om lag 4.5 km langt og ligg nedanfor åsen Strandeggi (502 moh) Øykjafjellet (652 moh). Fjellsida vender mot VNV og er i store deler av området gjennomsnittleg 30 grader bratt, men det er mange bratte, mindre skrentar, nokre skjult av skogen (figur 2-5).
Side: 7 Figur 2 Oversiktoverdenaktuellefjellsida, settfrå SV.www.norgei3D.no I sørleg og nordleg del går eksisterandeveg like nedanforfjellsida, her er det busetnad kun på nedsida av vegen. Midt i området er det ei vik, sjølve Løfalsstrandi, her er det busetnadog bøar på både oppsida og nedsida av eksisterandeveg. Det mesteav fjellsida er dekka av skog.det er stadvisstorvakseplantefeltav gran, elles er det lauvskog og blandingsskogi fjellsida. Fleire bekkar går gjennom området.i sørlegog i nordlegdel går det skogsbilvegar oppoverfjellsida. Nordre del av traséen,frå segment29 til 37 (sjåkap.3.3 og vedlagdekart), samanfelli stor gradmedtraséfor ei relativt ny høgspentline. Figur 3 Sørlegdel av området,medhellingskart
Side: 8 Figur 4 Midtre del av området, med hellingskart Figur 5 Nordre del av området, med hellingskart
Side: 9 2.2 Berggrunn Områdetopp mot Strandeggier for det mestepregaav gabbro,medeit lite område av fyllitt/glimmerskifer ved Vevik og diorittisk til granittisk gneiss i området nedanforøykjafjellet (ovanforgjerde-ruglebarm).det er spredteskrentari skogen i heilefjellsida.i skogenovanforvevik er bergetblottasomsvabergfleire stader. Under synfaringaobservertevi 2 gamle steinskred,eitt like ovanfor skogsvegen heilt søri områdetog eitt like ovanforeksisterandefv 48 mellomskarvoog Vevik (figur 6), samteitt nyare jordskredovanforskogsvegeni sør(figur 7). Det vart også observerttilstoppa kulvertar under skogsvegeni sørleg del av området,grunna mindreflaumskred. Figur 6 Eldre steinskredi området
Side: 10 Figur 7 Nyare skred ned mot skogsvegeni sørleg del av området. Venstre:jordskred,høgre: flaumskred Det er ellesmykje stein i skogenomkring kote 70. Noko av detteer steinsprang, men mykje er også flyttblokker og utvaskamorene.det vart observertenkelte ferskeutfall. Nokreav dessekjem frå skogsbilvegenovanfor,og nokrekjem frå lokaleskrenter(figur 8). Figur 8 Eksempelpå ferskesteinsprangblokker
Side: 11 3 Skredfarevurdering Skredfarevurderinga er gjort etter dagens klima-, terreng- og vegetasjonstilhøve og er utført på bakgrunn av synfaring og kartarbeid. Under synfaringa var sår i terrenget, antal steinsprangblokker i området kring vegtrasé, vegens avstand frå moglege kjelder og terrenghelling i fokus. I arbeidet med vurdering av sannsyn for skred har vi delt veglina opp i 100-meters segment, frå sør til nord, både for dagens vegline og alternativ vegline kote 70. For kvart av desse segmenta har vi oppgjeve eit årleg sannsyn for skred. Som vedlegg ligg kart nr 1, 2 og 3 som viser segment av vegbana der nominelt årleg sannsyn for skred gjeve. Slik praksis er i byggesaker vurderast sannsyn for skred over 30 m (tomt). I dette arbeidet har vi gjort det på liknande måte. Dette vil seie at når vi skriv at det er årleg sannsyn på 1/100 så betyr det at det er eit årleg sannsyn for treff på 1/100 per 30 m og dermed eit totalt årleg sannsyn for treff på ca 3/100 for heile det 100 m lange segmentet. Omtrentleg kan ein då seie at det vil vere eitt treff per 30 m på 100 år, og 3 treff per 100 m på 100 år. 3.1 Aktuelle skredtypar Steinsprang er dimensjonerande skredtype for vegen. Dette er den hyppigast førekommande hendinga som kan truge vegen. Det er mykje laus stein som ligg på bakken i området frå dagens vegline og oppover fjellsida. Mykje av dette er steinsprang frå lokale skrentar. Desse har i dei fleste tilfellene hatt kort utløp. I mesteparten av området er det difor nærleik til mindre skrentar og skjeringar som er avgjerande for skredfaren mot vegen, men nord i området er det større bratte parti høgt oppe i fjellsida som også må takast omsyn til. I bratt terreng kan lause blokker som ligg på bakken også løysast ut til dømes av issprenging, rotvelt eller vatn. Skjeringane og fyllingane til skogsvegane utgjer i dag vesentlege kjelder til steinsprang nedover mot kote 70. I vurderinga har vi kun teke omsyn til terrenget slik det er i dag, men vi påpeiker at skjeringar som vert naudsynte i samband med utbygging av vegen vil kunne ha stort potensiale for utfall. Steinskred kan førekomme, men har mykje lågare sannsyn enn steinsprang. Jordskred er stadvis aktuelt, men kun i samband med at det lagast skjeringar som bryt gjennom jorddekket. Generelt er det svært tynt jordsmonn over fjell. Bekkane går nærmast på eit husmuslag og er i svært liten grad erodert ned i fjell (unntak heilt i nordre avgrensing). Det kan gå mindre flaumskred langs bekkeløp, men det er lite lausmassar tilgjengeleg. Ved korte intensive nedbørperiodar vil masse likevel dragast med i bekkeløp. Skogsvegane ovanfor kan føre til at konsentrasjonar av vatn på nedsida av skogsvegane endrast under slike nedbørepisodar. Ein må då rekne med at sjølv reine kulvertar går tett, og at vatn forflyttast langs og over skogsvegane. På vedlagde kart er det ein blå strek parallelt med vegbana som viser segment der
terrenget tilseier at vatn konsentrerer seg ein eller annan plass på segmentet. Desse stadane fell dels saman med kartlagde bekkar som passerer veglina eller er kartlagt på nedsida. Snøskred er under dagens tilhøve ikkje aktuelt i fjellsida grunna storvaksen skog over store delar av området. Vi påpeiker at snauhogst vil kunne auke faren for snøskred. Skogen er også med på å dempe og stoppe steinsprang, noko som også fleire av bildene i denne rapporten viser. 3.2 Skredhendingar registrert på Skrednett Langs dagens trasé er det på Skrednett (www.ngu.no) registrert 4 hendingar (alle nyare enn år 2000), der 2 truleg er feilplassert (namn ligg lengre nord, Furubergtunnelen), ein er flaumskred/steinspang der traséen startar og 1 steinsprang i sørlig del (14.09.2005). Vi har ikkje klart å skaffe detaljar om denne hendinga, dvs steinstorleik, kjelde og nøyaktig posisjon. Datoen svarer til ei veke med kraftig forutgåande nedbør. 3.3 Sannsyn for skred dagens vegline Størsteparten av denne veglina har eit sannsyn for skred på mindre enn 1/1000 per år og tilfredsstiller dermed også kravet til tryggleik for ny busetnad. Det er truleg ikkje naudsynt med sikring anna enn av skjeringar for dette vegline-alternativet. Tabell 1 viser oppsummering av antal segment med ulikt årleg sannsyn for treff. Ved Vevik har 200 m av veglina eit årleg sannsyn på 1/500 (segment 11 og 14) og ca 200 m har eit sannsyn på 1/100 (segment 12 og 13). Det er også eit område mellom Storegjerde og Teigane der skredfaren ligg på 1/500 (segment 32 og 33), ved Ruglebarm (segment 38 og 41) 1/200 per år og Ruglebarm-Lindi (segment 42-46) 1/100 per år. Dokumentnr.: 20130143-02-R Side: 12 Tabell 1 Antal segment med ulikt sannsyn for skred, eksisterande veg Årleg sannsyn per 30 m Antal segment (~100 m) < 1/1000 33 1/500 4 1/200 2 1/100 7 Omrekna til nedfall på vegline vil segmenta med årleg sannsyn 1/100 gjennomsnittleg oppleve 0,2 nedfall per år (over ~700 m). Totalt sannsyn for heile strekket er berekna til ~0,36 nedfall per år, eller i snitt ei hending kvart 3. år.
Side: 13 3.4 Sannsyn for skred alternativ kote 70 Generelt minkar faren for skred med avstand frå fjellsida og kjeldeområda til skred. Vegtrasé-alternativet på kote 70 er difor meir utsett for skred enn dagens vegtrasé. Mesteparten av veglina har årleg sannsyn om lag 1/100, sjå tabell 2. Om lag 900 m av veglina har eit sannsyn for skred høgare enn 1/100 per år, resten av vegen har lågare sannsyn. 4 segment har årleg sannsyn 1/50 og 5 segment 1/20. Tabell 2 Antal segment med ulikt sannsyn for skred, alternativ kote 70 Årleg sannsyn per 30 m Antal segment (~100 m) < 1/1000 4 1/500 5 1/200 3 1/100 24 1/50 4 1/20 5 Omrekna til nedfall på vegline vil dette seie at på strekket med årleg sannsyn større enn 1/100 (ca 900 m) får vi ca 1 nedfall per år. Tek vi også med segment med årleg sannsyn 1/100, er talet 1,7 per år. Totalt sannsyn for heile den vurderte vegtraséen er berekna til ~2 (1,8) nedfall per år. Erfaringsmessig kan vi anta at annankvart nedfall fører til stengd veg, dvs. ei stenging per år. Samanlikna med dagens vegline, er sannsyn for utfall og treff på veg 5-6 gonger større for alternativ kalla kote 70. I områda der det er sannsyn 1/100 har terrenget gjennomsnittleg helling mellom 25 og 26⁰, dvs helling 1:2 (v:h). Det vil seie at vegen i stor grad vil gå i fjellskjering. 3.4.1 Segment 1-4 Kolavika I denne delen heilt sør i området skrår den nye traséen oppover frå den eksisterande vegen og går delvis gjennom eit beiteområde. I området ligg ein del gamle, store blokker med forvitra kantar, og det finst eit mindre, men gammalt steinskred ovanfor skogsvegen. Det er i dette området at den planlagde traséen har størst avstand til dei bratte skrentene i fjellsida ovanfor. Vegtraséen har lågt sannsyn skred, mindre enn 1/1000 per år.
Side: 14 Figur 9 Oversiktsbilete og detaljbilete frå området. Blokkene på marka er gamle. 3.4.2 Segment 5-8 Røynholmshammaren Her går vegtraséen inn i eit plantefelt av gran som ligg like nedanfor eit om lag 100 m høgt skrentparti (Røynholmshammaren). Det ligg ein del større blokker i området, men ingen ferske. Ved skogsvegen ovanfor er kulverten gått tett grunna eit mindre flaumskred i bekken som kjem ned i området. Sannsyn for skred mot vegtrasé er om lag 1/100 per år.
Figur 10 Oversiktog detalj frå området. Dokumentnr.: 20130143-02-R Side: 15
Side: 16 3.4.3 Segment9 Vedavika Her går veglina på ei hylle ved urfot med ein del yngreblokker. Blokkenekan ha kome frå skogsvegenunder arbeid med denne,men skogsvegfyllingaer bratt og kan ogsåfungeresomkjelde til steinsprangmot dennye vegtraséen.det er ogsåei naturlegskrentovanforskogsvegensomkan gje utfall ned mot dennyevegtraséen. Utfall mot dennedelenav veglinaharsannsynom lag 1/20perår. Figur 11 Yngreblokkeri skogen 3.4.4 Segment10 Sonemedfærresteinsprangblokker.Truleg kan det veresnakkom utvaskamorene i dette området, samt noko stein frå skogsvegenovanfor. Området opp mot skogsvegenog ovanforskogsvegener jamt om lag 30 o bratt utansynlegeskrentar, det er difor li te kjelder til utfall av stein ovanfor dettesegmentet. Det er ogsålite lausmassari områdetog bekkaneer nærmastikkje nederodert.sannsynfor skred mot vegenvurderastil 1/500perår. Figur 12 Jamnhelling,lite kjeldertil utfall
Side: 17 3.4.5 Segment 11-12 Skarvo Området opp mot skogsvegen er jamnt bratt, med små skrenter/kantar der blokker sprengast naturleg ut. Utløpet til slike blokker ser ut til å vere relativt kort. I nordleg del mot segment 13 er det ein del ferske blokker som er tolka som utfall frå skogsvegen. Sannsyn for utfall mot vegtraséen er om lag 1/50 per år. I delar av området finst det ope sva i området rundt vegtraséen. Ved skjering i desse svapartia bør ein vere merksam på at partiet ovanfor skjeringa kan bli ustabilt og rase ut som større skiver grunna overflateparallell lagdeling. Figur 13 Fersk blokk, truleg frå skogsvegen. Skrent i bakgrunnen Figur 14 Svaparti, truleg overflateparallell lagdeling Figur 15 Overflateparallell lagdeling synleg
Side: 18 3.4.6 Segment13 Sørfor Vevik I områdetmellom eksisterandeveg og opp mot skogsvegenligg det mangestore blokker. Dessetolkast som eit steinskredder blokkenei stor gradhar forflytta seg samstundes. I øvredelligg deimotantattfastfjell. Anleggetmågågjennom denne blokkmarka.blokkenehar oppsprekkingog er kjelde til mindre stein. Det er også aktive, mindre skrenterlike ovanfor.i sørlegdel av ryggener det mindre skrenter somharaktivt utfall. Sannsyn1/20perår mot vegtraséen. Figur 16 Oversiktsbilete,segment13 Figur 17 Vegtraséenkryssargammaltsteinskred.Oppsprekking.
Side: 19 3.4.7 Segment14-17 Myrevågen Områdethar få skrenterog sværtjamn helling (30 o ) heilt opp mot høgfjellet.lågt sannsynfor skred mot vegen (1/500 per år) under dagensvegetasjonstilhøve. Flatehogstvil kunneaukeskredfarengrunnaterrenghellingsomkangje snøskred. Figur 18 Oversiktoverdelar av fjellsida. Få skrentermedpotensiale for utfall. 3.4.8 Segment18-20 Pile I dette området er det ein skrent like ovanfor vegtraséen, samt fl eire spredte skrentar i fj ellsidaovanfor.grunnaskrentenlike ovanfortraséen er skredfarenom lag 1/100perår.
Dokumentnr.: 20130143-02-R Side: 20 3.4.9 Segment 21 Løfallsstranda Her går vegtraséen svært nær opp til ein større skrent i skogen. Vi antek årleg sannsyn 1/50 på dette strekket. Figur 19 Skrent synleg i skogen like ovanfor vegtraséen. 3.4.10 Segment 22-24 Løfall - Veslekra Området er bratt, men det er få skrenter i skogen ovanfor og blokkene på marka er avrunda. Mykje av dette kan vere morene. Sannsyn 1/200 per år.
Side: 21 3.4.11 Segment 25 Ein lokal skrent like ovanfor vegtraséen gjev sannsyn 1/20 på dette segmentet. Vegtraséen er lagt i nedre del av ura. Figur 20 Lokal skrent med oppsprekking og vasssig/is i skogen like ovanfor veglina 3.4.12 Segment 26-27 Storekra Lokale skrenter lengre opp og stein fra desse skrentene ligg i stor grad på terreng/hylle nedanfor. Her ligg ei stor grov ur, men denne er gammal. Ingen ferske blokker observert. Noko større avstand til skrentane gjev sannsyn 1/100. Figur 21 Skrent dekka med is tyder på vasssig
Side: 22 3.4.13 Segment 28 Her kjem det ein bekk ned og det er nokre skrenter oppe i skogen. Sannsyn 1/50. 3.4.14 Segment 29-30 Helhaug Gjerde Skrent like ovanfor traséen gjev sannsyn 1/20. Fleire ferske blokker observert. Figur 22 Ferske blokker 3.4.15 Segment 31-36 Storegjerdet Teigane - Helle I dette området er det spredte skrentar i fjellsida. Vegtraséen går delvis ytst på ei hylle der det ligg ein ruin. Hylla fungerer som oppsamlingsstad for blokker. Stor granskog stansar ein del blokker, og årleg skredsannsyn ligg på 1/100. Frå segment 29 til 30 går det ei kraftlinje om lag i same trasé som vegen.
Side: 23 Figur 23 Vegtraséener lagt ytstpå hylla og delvisnedanforhylla. Figur 24 Kraftlina går inst på hylla. 3.4.16 Segment37-38 Ruglebarm Ein stor skrentsomgåri retningnø-sv er synlegfrå eksisterandeveg.dennekan gje flakliknandeutfall, menmangeav dessevil truleg stansei forsenkingalike nedanfor(rugledalen). Det er små skrentar nær vegtraséen, dessekan gje lokale utfall. Skredsannsynmot veglina1/100perår.
Side: 24 Figur 25 Ei størreskrenter synlegi Rugledalen Figur 26 Småskrentar kangje lokaleutfall. 3.4.17 Segment39-46 Ruglebarm-Lindi I dette området går veglina ned på nedsida av kraftlina og skrår ned mot eksisterandeveg. Fjellsida er høgarei dette områdetenn lenger sør, og det finst losneområderogsåhøgt i fjellsida. Samlasannsynmot vegener likevel omkring 1/100 per år. I skjeringa til skogsvegenser vi den same overflateparallelle lagdelingasomi segment11-12, dettekangje utfordringarvednyeskjeringar.
Side: 25 Figur 27 Overflateparallell lagdeling 4 Sikring Samanlikna med dagens vegline, er sannsyn for utfall 5-6 gonger større for alternativet på kote 70. Det er uklart kva tryggleiksnivå som vil krevjast for vegen, men vi går utifrå eit sannsyn på 1/100 per år. Dersom ynskjeleg er det mogleg å redusere sannsynet for skred ved hjelp av sikring. Vi påpeiker at det krevjast detaljprosjektering for å kunne planlegge sikring i detalj, både med tanke på kva type sikring som eignar seg best i dei ulike områda og kva kostnadane vil vere. I denne rapporten vil vi likevel angje grovt kva alternativ som finnast. I det følgjande har vi teke utgangspunkt i sikring av vegen i dei områda der årleg sannsyn for skred i dag er høgare enn 1/100. Dette er 9 segment, eller ca 900 m. Dersom det kun er områder med sannsyn høgare enn 1/50 som skal sikrast er dei aktuelle strekka totalt om lag 400 m lange. 4.1 Sikringsmetodar Dominerande skredtype er steinsprang. For mindre skrentar nær vegbana vil i første rekke sikring med spetterensk eller spyling med vatn eller luft vere aktuelt, dernest sikring med boltar og nett. For steinsprangkjelder lengre frå vegbana vil steinsprangnett/gjerde plassert på oversida av vegskjering vere den mest aktuelle løysinga. Fangvoll vil også vere aktuelt der terrenget ligg til rette for dette. Vi påpeiker at det i tillegg vil vere kostnader med arbeidssikring under sjølve anleggsarbeidet, samt sikring av vegskjeringar. Sjølve anlegget av vegen vil i stor grad måtte leggast inn i skjering. Veglinje 70 moh som her er vurdert ligg i stor grad i terreng brattare enn 20 o. I terreng brattare enn 1:3 (~18 o ) vil sprenging av fyllingsfot for å få fortanning vere naudsynt (Vegvesenets handbok 274). På delar
av strekket ligg fjellet med overflateparallell lagning eller oppsprekking. Særleg her må det påreknast sikring i skjeringane. Det ligg også hus tett nedanfor veglinja ein del stader. Her må sprengingsarbeidet tilpassast dette, alternativt må det settast opp anleggssikring. 4.2 Grovt kostnadsoverslag Mange stader vil lokal reinsk i skrentane like ovanfor vegtraséen vere nok til å få tryggleiken opp på eit akseptabelt nivå. Slik reinsk kan delvis utførast med maskin, delvis manuelt. I det følgande har vi brukt grove estimat frå Statens vegvesen for skissemessig å vurdere kostnader med slik sikring. Det kan vere store lokale forskjellar knytt til slikt arbeid, særleg når det gjeld arbeid med rensk, men også tilgang til materiale samt fundamenteringstilhøve. NB: Pris på steinspranggjerder avheng av dimensjonerande hastigheit og storleik på steinblokkene, og pris gjevast etter kj som nettet skal kunne fange opp. Dette må justerast ved detaljprosjektering. Dokumentnr.: 20130143-02-R Side: 26 Sikring ved veg Steinspranggjerde: Fangvoll: 30 000 kr pr løpemeter 16 000 kr pr løpemeter Lokal sikring Maskinrensk: 1000 kr pr time; kapasitet 10 m 2 pr time: 100 kr pr m 2 Manuell rensk: 200 kr pr m 2 Rensk, bolting, nett: 1600 pr m 2 Det er ikkje mogleg å gje detaljert plan eller kostnad på dette stadiet. For å illustrere kostnaden antek vi eit gjennomsnitt på 3 skrenter a 5 x 10 m for kvart av segmenta som treng sikring. Dersom ein skal bruke steinspranggjerde for å sikre eit heilt slikt segment vil reknestykket vil sjå om lag slik ut: Steinspranggjerde per segment: 100 m * 30 000 kr = kr 3 000 000,- Truleg vil lokal sikring vere godt nok mange stader. Dette gjeld særleg der skrenten er synleg frå vegtraséen. Overslagsmessig gjeld dette for om lag 6/9 av strekket. Vi antek her at 1/3 av dette kan sikrast med lokalnett/bolting og 2/3 med rensk. Nettsikring: 50 m 2 * 1600 kr/m 2 = kr 80 000,- Manuell rensk: 2 * 50 m 2 * 200 kr/m 2 = kr 20 000,- = 100 000 pr segment Kombinerer vi 6 segment lokal sikring med 3 segment steinspranggjerde kjem vi opp i ein kostnad på kr (100 000,- * 6) + (3 000 000,- * 3) = kr 9 600 000,-.
Vi har her anteke lik kostnad med å sikre segmenta som har sannsyn 1/20 og 1/50. Truleg vil kostnaden med å sikre segmenta med høgast sannsyn vere noko høgare enn for segmenta med lågare sannsyn. Nokre stader, for eksempel ved segment 9 og 30 kan det vere plass til ein fangvoll. Ein fangvoll langs eit heilt segment a 100 m vil ha kostnad omkring 1 600 000,- kr. 4.2.1 Totalkostnad sikring Det er stor usikkerheit knytt til kostnadar, men vi ser for oss ein totalkostnad på mellom 10 og 15 millionar for steinsprangsikring opp til ein tryggleik på 1/100 per år. I tillegg kjem sikring av skjeringar langs vegen og eventuell arbeidssikring. Som nemnd er det grunt til fjell og ved synfaring vart det observert mykje is i bratte heng, noko som indikerer sig av vatn. Vegskjeringane vil på tilsvarande måte få isdanning og ein må rekne med at det på utsatte plassar må sikrast med nett for å redusere isnedfall mot vegbana. Sikring og dimensjonering av bekkeløp meiner vi blir nokså likt for dei to alternativa, men vasshastigheit (og masse) er større for øvre alternativ. Endeleg plassering av veglinja vil avgjere sikringsbehov og valg av sikringsmetode. Merk at det vil vere vedlikehaldskostnader knytt til all type sikring. Dokumentnr.: 20130143-02-R Side: 27
Side: 28 5 Konklusjon Dimensjonerande skredtype for vegalternativa på Løfallsstrand er steinsprang. Dersom flatehogst førekjem kan steinsprangfaren auke, og snøskred kan bli aktuelt. Sannsynet for skred minkar med avstand frå fjellside og skrentar. Dette gjer at dagens vegline er mindre utsett for skred enn ein evt trasé på kote 70 vil vere. Truleg er sannsyn for utfall 5-6 gonger større for alternativet på kote 70 enn for dagens vegline. Vedlagde kart 01-01 viser årleg sannsyn for treff på ulike 100- meters segment av vegen. Det meste av dagens vegline har eit sannsyn for skred mindre enn 1/1000 per år og ingen del av vegen har sannsyn høgare enn 1/100 per år. Det er truleg ikkje naudsynt med sikring anna enn av skjeringar for dette vegline-alternativet. For alternativet på kote 70 har mesteparten av veglina eit sannsyn på 1/100 eller høgare. Om lag 900 m av veglina har eit sannsyn større enn 1/100. Vi antek at vegsegment med sannsyn høgare enn 1/100 per år skal sikrast. Dette kan gjerast ved ein kombinasjon av lokal sikring av skrentane ovanfor veglina (rensk, bolting, nett) og sikring med steinspranggjerde/fangvoll. Detaljert plan for type sikring kan gjerast ved detaljprosjektering. Vi antek ein total kostnad på sikring mot steinsprang på 10-15 millionar, men det er stor usikkerheit knytt til dette. Sidan vegen vil måtte gå i skjering store delar av strekket vil det i tillegg bli kostnader med sikring av skjeringar, sikring mot isnedfall og truleg sikring under anleggsarbeidet grunna busetnad like nedanfor traséen.
43 44 44 45 4 5 46 ± 42 43 Teiknforklaring Årleg sannsyn for skred 42 per 30 m 41 <1/1000 1/500 40 40 41 1/200 39 39 1/100 38 1/50 38 1/20 Konsentrert vatn 37 Bratte områder 34 Grader 37 36 35 35 0-27 36 27-30 30-45 33 34 60-90 33 Målestokk (A3): 1:262 164 Akvator AS 31 32 32 45-60 29 30 31 Løfallsstrand 0 200 Målestokk A3: 1:5 000 400 m Skredfarevurdering for alternative vegtraséar, Løfallsstrand Kart nr. Prosjektnr. 20130143-02-R 03 Dato Utført OAH Kontrollert HBre Godkjent UD 2013-04-16
Kontroll- og referanseside/ Review and reference page Dokumentinformasjon/Document information Dokumenttittel/Document title Skredfarevurdering for alternative vegtraséar, Løfallsstrand Dokumentnr./Document No. 20130143-02-R Dokumenttype/Type of document Rapport/Report Oppdragsgiver/Client Akvator AS Emneord/Keywords Steinsprang, veg, sikring Distribusjon/Distribution Begrenset/Limited Dato/Date 16. april 2013 Rev.nr.&dato/Rev.No.&date 0 Stedfesting/Geographical information Land, fylke/country, County Hordaland Kommune/Municipality Kvinnherad Sted/Location Løfallsstrand Kartblad/Map Havområde/Offshore area Feltnavn/Field name Sted/Location Felt, blokknr./field, Block No. UTM-koordinater/UTM-coordinates Dokumentkontroll/Document control Kvalitetssikring i henhold til/quality assurance according to NS-EN ISO9001 Rev./ Rev. Revisjonsgrunnlag/Reason for revision Egenkontroll/ Self review av/by: 0 Originaldokument HB UD OAH Sidemannskontroll/ Colleague review av/by: Uavhengig kontroll/ Independent review av/by: Tverrfaglig kontroll/ Interdisciplinary review av/by: Dokument godkjent for utsendelse/ Document approved for release Dato/Date 16. april 2013 Sign. Prosjektleder/Project Manager Mal rev. dato: 2012-05-30 Skj.nr. 043