VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR Saksnummer Utval Vedtaksdato 106/16 Formannskapet 20.12.2016 Saksbehandlar: Sandvik,Anne Sofie Sak - journalpost: 16/2185-2016018456 Høyringsuttale til regionalplan for sjøareal havbruk i Rogaland Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Vindafjord kommune ser verdien av det planarbeidet som nå er gjennomført, og er positive til dei tiltaka som er foreslått i handlingsprogrammet med tilrettelegging for ein meir berekraftig næringsutvikling. Totalt sett vil regionalplanen med retningslinene og handlingsprogrammet vere eit godt grunnlag for ei arealavklaring gjennom kommuneplanen. Vindafjord kommune viser elles til vurderingane som er gjort i denne saka med følgjande hovudkommentarar: Det er uheldig at regionalplan sjørareal havbruk er ulikt bygd opp både når det gjeld innhald og struktur opp mot regional kystsoneplan for Sunnhordaland og Hardanger Det er svakt at akvakultur som næring er einaste næring som er vurdert i regionalplanen og at omsynet til anna sjørelatert næring heller ikkje er omtalt. Handlingsprogrammet bør utvidast med følgjande tiltak Utarbeiding av ein arealanalyse med mål om å avklare arealbruk mellom akvakultur og andre bruks- og verneinteresser. Utarbeiding av ein akvakulturanalyse som vurderar havbruksnæringa i dag og som tek for seg vekstpotensialet framover. 20.12.2016 Formannskapet Reidar Håvås (Ap) foreslo: Akvakultur medfører utfordringar på areal og miljø. Store delar av kommunen sine beste strandsoner blir disponert, utan at innbyggjarfellesskapet blir kompensert på same måte som ved vasskraftutbyggingar. Vindafjord kommune er positiv til at det vert utarbeidd nasjonale regelverk om kompensasjon av verdiskapinga/arealdisponeringa i akvakultur til vertskommunar. Rådmannen sitt framlegg til vedtak og Håvås sitt forslag vart samrøystes vedtatt. FS-106/16 Vedtak: 1. Vindafjord kommune ser verdien av det planarbeidet som nå er gjennomført, og er positive til dei tiltaka som er foreslått i handlingsprogrammet med tilrettelegging for ein meir berekraftig næringsutvikling. Totalt sett vil regionalplanen med
retningslinene og handlingsprogrammet vere eit godt grunnlag for ei arealavklaring gjennom kommuneplanen. Vindafjord kommune viser elles til vurderingane som er gjort i denne saka med følgjande hovudkommentarar:det er uheldig at regionalplan sjørareal havbruk er ulikt bygd opp både når det gjeld innhald og struktur opp mot regional kystsoneplan for Sunnhordaland og Hardanger Det er svakt at akvakultur som næring er einaste næring som er vurdert i regionalplanen og at omsynet til anna sjørelatert næring heller ikkje er omtalt. Handlingsprogrammet bør utvidast med følgjande tiltak Utarbeiding av ein arealanalyse med mål om å avklare arealbruk mellom akvakultur og andre bruks- og verneinteresser. Utarbeiding av ein akvakulturanalyse som vurderar havbruksnæringa i dag og som tek for seg vekstpotensialet framover. 2. Akvakultur medfører utfordringar på areal og miljø. Store delar av kommunen sine beste strandsoner blir disponert, utan at innbyggjarfellesskapet blir kompensert på same måte som ved vasskraftutbyggingar. Vindafjord kommune er positiv til at det vert utarbeidd nasjonale regelverk om kompensasjon av verdiskapinga/arealdisponeringa i akvakultur til vertskommunar. Saka gjeld: Høyringsuttale til regionalplan for sjøareal havbruk i Rogaland. Her er link til høyringsframlegget Anna aktuell sak: Regional kystsoneplan for Sunnhordaland og ytre Hardanger Vindafjord kommune hadde i sak 093/15 følgjande vedtak i høyringshøyringsuttalen: 1. Vindafjord kommune sluttar seg til hovudkonklusjonane i Regional kystsoneplan for Sunnhordaland og ytre Hardanger. 2. Metode for vurdering av interessekonfliktar og struktur i plankartet bør vidareførast i kommande regionale planar for kystsonen. 3. Vindafjord kommune har ikkje med strandsonen i regionalplanen men er samd i hovudkonklusjonane for dei tre plantema berekraftig kystsoneplanlegging, akvakultur og sjøtransport og maritim næring med følgjande kommentarar og forslag til endringar: a. Retningsline 4,8 må bli meir presis om den skal kunne nyttast. b. Ved Bjoaneset blir «område sett av til sjø og vassdrag generelt, utvida område med AK» foreslått utvida som vist på kartutsnitt i saka. c. Det må vere ei oppfølging av handlingsprogrammet for kartlegging av nye næringsareal til og i sjø og kartlegginga må skje i eit samarbeid mellom fylkeskommunane, kommunar og kystverket.
Hordaland fylkeskommunen tok i mot mange kritiske uttaler i saka og det er bestemt at planen skal omarbeidast og sendast ut på ei ny høyring. Saksopplysningar: Regionalplan for sjøareal havbruk er tematisk avgrensa til å gjelda havbruket. Havbruket er eit satsingsområde innan regional utvikling og regional næringspolitikk i Rogaland. I akvakulturstrategien i Rogaland (vedteke i fylkestinget 11. juni 2013) er hovudmålsettinga at havbruksnæringa skal produsere det dobbelte volumet i 2020 i forhold til 2010 med same eller mindre miljøpåverknad per kg produsert fisk enn i dag. Den nasjonale målsettinga er at produksjon av sjømat skal 5 doble seg innan 2050. Planen har ikkje søkjelyset på planlegging av sjøareala for å leggje til rette og avklare framtidige gode og egna produksjonslokalitetar og næringsareal til havbruksnæringa. Hovudsøkjelyset for regionalplan sjøareal havbruk er delt opp i 9 punkter: Skal synleggjere dei samfunnsøkonomiske ringverknadene av havbruknæringa og kva rolle havbruket spelar for lokal og regional utvikling. Skal synleggjere miljøkrava og den miljømessige berekrafta til havbruksnæringa Skal gi føringar på at plasseringa av næringsareala til havbruksnæringa skal planleggjast i samsvar med plan- og bygningslova. Skal gi føringar på at plasseringa av næringsareala skal vere kunnskapsbasert. Skal vere eit kunnskapsgrunnlag for planlegging av næringsareal til havbruket. Kunnskapsgrunnlaga er samla i temakartportalen www.temakart-rogaland.no/rps. Avklarar at det offentlege kunnskapsgrunnlaget om naturgeografien og biologien til sjøareala ikkje er godt nok til å kunne planleggje plasseringa av næringsareala som medverkar til ei miljømessig berekraftig produksjon av sjømat. Regionalplan sjøareal havbruk har derfor ikkje eit forslag til ein regional arealdisponering av sjøareala. Planen har retningslinjer som legg opp til tidleg medverknad frå havbruksnæringa i planlegginga for å imøtekoma det manglande offentleg kunnskapsgrunnlaget Oppmodar kommunane til å vurdera om havbruk skal vera eit prioritert utviklingsområde i kommunen og om så oppmoda til å revidere sjøareala i kommuneplanen. Planen oppmodar vidare til ei felles planlegging for kommunar med felles sjøareal og fjordar. Planen har retningslinjer til kommuneplanlegginga og kunnskapsgrunnlaget til arealplanlegginga i sjøen. Planen har eit handlingsprogram med søkjelys på kompetanse og kunnskapsproduksjon.
Retningslinene og handlingsprogrammet er verktøya til regionalplan sjøareal havbruk for å leggje til rette for verdiskaping og næringsutvikling i havbruket og produksjon av meir sjømat. Regionalplan for sjøareal havbruk setter internasjonale og nasjonale målsettingar om auke i matproduksjon og sett verdiskapinga på dagsorden. Planarbeidet peikar på lokale utfordringar som må løysast dersom næringa skal få ei bærekraftig utvikling. Planarbeidet synleggjer verdiskapingskjeden, og peikar på at kunnskapsgrunnlaget om naturmangfold og naturgeografi i sjøområda i Rogaland er for dårlig til at ein regional plan kan foreslå ein arealdisponering av sjøområde gjennom eit plankart. Retningslinene saman med handlingsprogrammet skal gi føringar og handlingsrom som sikrar at næringa kan vokse og utvikle seg berekraftig inn i framtida. Retningslinene 1. Kommunane vert oppmoda til å avklare satsing på havbruk gjennom kommunal planstrategi. 2. Kommunar med felles sjøareal vert oppmoda til å vurder og avklare samarbeid på tvers av kommunegrenser gjennom kommunal planstrategi. 3. Kommunar som prioriterer havbruksnæringa vert oppmoda om å revidera sjøarealdelen til kommuneplanen. 4. Kommunane vert oppmoda til å vurdere akvakulturområda som ikkje vert nytta i dag, skal gå ut eller liggja fast i kommuneplanen. 5. Kommunane vert oppmoda til å nytte planprogrammet for avklare korleis sektorstyremaktene og verne- og brukarinteressene skal medverke og involverast. 6. Kommunane vert oppmoda til å nytte planprogrammet for avklare korleis greie ut om kva verknader nye næringsareal til havbruket har for samfunn og miljø. 7. Arealplanlegginga i sjøen skal vere kunnskapsbasert. Kommunane skal bruke kunnskapsgrunnlaget om nasjonale og regionale samfunnsinteresser og prioritere desse interessene framfor havbruksnæringa. Kommunane skal ikkje plassera oppdrettsanlegg der det er registrert viktige naturtypar, gyte- og oppvekstområde for fisk og ikkje i nærleiken av nasjonale laksefjordar og laksevassdrag. 8. Kommunane vert oppmoda til å ha ein dialogbasert planprosess. Representantar for verne- og brukarinteressene i sjøareala skal involverast i dialogen og planprosessen fram til endeleg plan. Sektorstyresmaktene har rett og plikt til å vera med i planprosessen. Havbruksnæringa vert oppmoda til å involvera seg tidleg i arealplanlegginga i sjøen. Alle bedriftene vert oppmoda til å ha ein plankontakt for kommunane.
9. Kommunane skal primært setja av næringsareal til havbruket på vassflata som einbruksområde i kommuneplanane. Vurderingar: Vindafjord kommune har to større havbasseng der regionalplan sjøareal havbruk regulerer det eine bassenget. Kommunen er og ein del av sunnhordalandsbassenget som regulerast gjennom regional kystsoneplan for Sunnhordaland og ytre Hardanger. I denne planen er havbruk eit av 4 plantema og det er blant anna gjort ein arealbruksanalyse som har resultert i eit plankart. Havbruk er vurdert opp mot ulik verne- og brukarinteresser og avhengig av konfliktpotensialet er havbruk gitt ulike utviklingmoglegheiter i plankartet. I kommunen sin uttale til planen var kommunen tydeleg på at metode for vurdering av interessekonfliktar og struktur i plankartet bør vidareførast i kommande regionale planar for kystsonen. Det er uheldig at desse to planane er så ulik bygd opp både når det gjeld innhald og struktur. Regional kystsoneplan for Sunnhordaland og ytre Hardanger skal ut på ny høyring. Det er vanskeleg å finne gode arealdisponeringar til havbruk samtidig som ein ivaretek alle andre interesser. Dette er særleg vanskeleg sidan kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt. Det er derfor og forståeleg at regionalplan sjøreal havbruk i Rogaland ikkje ser at det er mogleg å sette av arealdisponeringa gjennom eit plankart. Når det gjeld retningslinene oppfyller allereie Vindafjord kommune retningsline 1,3 og 4. Det er bra at planprogrammet til kommuneplanen må avklare rammene i samsvar med retningslinene 5 og 6. Det er viktig at det er eit skalkrav for å verne om andre interesser på sjøen. Det er likevel vanskeleg gjennomførbart når kunnskapsgrunnlaget er så manglande. Kommunen har mange plassar ikkje tilstrekkeleg kunnskap til feks å vurdere kor langt frå eit nasjonal laksevassdrag eit oppdrettsanlegg bør liggja. I retningsline 8 er det svakt å berre oppmoda til ein dialogbasert planprosess og det er og vanskeleg å vite kva grad av utgreiingsbehov det ligg både på kommunen og havbruksnæringa i forkant av arealbruksavklaring i kommuneplanen. Vindafjord kommune er samd i at havbruk i større grad må settast av til einbruksområde i kommuneplanen. Med det kunnskapsgrunnlaget som er i dag er det likevel vanskeleg at retningsline 9 seier at det primært skal veljast. Andre interesser, forhold på staden, kva utviklingspotensialet lokaliteten har, fortøyingar osv. vil avgjere kva område bør settast av til.
For å få til ønskt utvikling og plass til fortøyingar må det oftast brukast kombinerte formål i tilknyting til einbruksområda. Totalt sett peikar retningslinene på viktige punkt som må til for å kunne gjere ei god planavklaring i forhold til havbruk. Planen har eit handlingsprogram som skal sørgje for kompetanse om arealplanlegging i sjø og havbruksnæringa. Vidare er det eit program for kunnskapsproduksjon for å kunne vurdera kor eigna sjøareala er til å produsera sjømat og til å kunna vurdera verknader av næringsareal til havbruket i sjøen på samfunn og miljø. Dette er positivt og vil kunna gje det grunnlaget planen trenger for å gjere naudsynte planavklaringar. Kommunen vurderer at etter gjennomført handlingsprogram vil planen kunne reviderast og utvidast med plankart. For å få vurdert akvakultur opp mot annan bruk av sjøareala bør det lagast ein arealanalyse. Mål for arealanalysen er å avklare arealbruk mellom akvakultur og andre bruks- og verneinteresser. Vindafjord kommune foreslår at utarbeiding av ein arealanalyse blir eit nytt tiltak i handlingsprogrammet. Programmet bør og supplerast med ei akvakulturanalyse eller ei verdiskapingsanalyse som ser på og vurderar havbruksnæringa i dag og kva moglegheiter som ligg i næringa framover der vekstpotensialet blir vurdert. Regionalplan sjøareal havbruk peikar på miljøutfordringane i næringa, men er avgrensa til å omhandle utviklingspotensiale i næringa ut frå det konsesjonssystemet og matproduksjonen vi i dag har i sjø. Slik Vindafjord kommune ser det burde planen hatt eit skarpare fokus på sjømatproduksjon etter meir berekraftige produksjonsmetodar der produksjonen også flyttast på land eller til lukkede system slik at ein får betre kontroll med dei negative konsekvensane for miljøet. Fylkeskommunen har ikkje eigne midlar til å gjennomføre handlingsprogrammet. Det er derfor lagt opp til at det kan komme midlar gjennom havbruksfondet. Forslag til innretning på havbruksfondet har vore på høyring. Dersom havbruksfondet blir vedteke vil det generere midlar til både fylkeskommunar og kommunar som legg til rette for havbruk. Det vil vere heilt avgjerande for planen at tilstrekkeleg med midlar kan settast av til gjennomføringa av handlingsprogrammet. Det nemnes også at Vindafjord manglar i figur på side 34 som viser i kva koummunar oppdrettsselkapa brukar løyvene sine. Vindafjord kommune ser verdien av det planarbeidet som nå er gjennomført, og er positive til de tiltaka som er foreslått i handlingsprogrammet med tilrettelegging for ein meir berekraftig
næringsutvikling. Uavhengig av utviklinga i næringa vil det og framover vere eit aukande behov for gode arealar på land i tilknytting til sjø. Dette burde vært eit større tema i planen. Vindafjord kommune har stor næringsverksemd knytt til sjø. Det er svakt at akvakultur som næring er einaste næring som er vurdert i regionalplanen og at omsynet til anna sjørelatert næring heller ikkje er omtalt. Planområdet har mange industribedrifter som er avhengig av tilgang til sjø og område på sjø.