kulturtorget 2010 Kultursekken



Like dokumenter
DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Frevo. gitarheltar. Konsert for årstrinn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Frå novelle til teikneserie

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsplan for Hare November

Dokumentarfilm. undervisningsopplegg på ein eller to timar for niande og tiandeklasse

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Samansette tekster og Sjanger og stil

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Månadsbrev for Rosa september 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Hei alle sjøstjerneforeldre

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Psykologisk førstehjelp i skulen

6. trinn. Veke 24 Navn:

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Telemark musikkteater TMT

Sandeid skule SFO Årsplan

Støtteordningar og søknader

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Informasjon til elevane

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Informasjonshefte Tuv barnehage

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Oversikt over aktuelle produksjonar 2014/våren 2015


Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Velkomen til Røde Kors!

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Plassebakken Barnehage

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.


Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Klepp kommune Tu skule

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Jon Fosse. For seint. Libretto

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Transkript:

kulturtorget 2010 Kultursekken i Møre og Romsdal

kulturtorget Kulturdirektøren helsar Torget Kulturdirektøren helsar Torget kulturtorget Vel møtt til Kulturtorget 2010! Igjen er det tid for det årlege Kulturtorget. Dette er ein viktig møteplass, inspirasjons- og utviklingsarena for kultur i skolen ein arena der skolar, kulturarbeidarar og kunstnarar kan sjå, oppleve, reflektere og førebu seg på det som skal ut på turné i skoleåret 2010/2011. Vi har i år fagleg fokus på korleis barn og unge tileignar seg kunstuttrykka noko Helene Illeris, lektor /Ph.d. i billedkunst og visuell kultur, København skal snakke om. Programmet er mangfaldig, variert og dekkjer alle uttrykka som skal vere representert i Kultursekken. Vi har framleis fokus på produksjonar som tek opp krevjande spørsmål til individ og samfunn. Døme på dette er «Farvel da, Muffin» - som med varme fortel om det å miste ein kjær ven, og «Når togene går forbi» - om ein fleip som ender med overgrep. «Krigssonaten», ein litterær produksjon med utgangspunkt i Jonathan Littell si bok «De velvillige» - er ei utfordrande og tankevekkjande framsyning om krigsforbrytelsar. Den prislønna dokumentarfilmen «Moderne slaveri» står også på programmet; kvifor eksisterar det slaveri i vår tid, og kva kan gjerast for å få ein ende på slaveriet. Det er Bjørnsonår og dette markerar vi med «Over Ævne II» med Teatret Vårt, og ein verkstad med Sissel Stangenes og Romsdalsmuseet dei har kalla «Kjenn din Bjørnson». Bruk av digitale verkty skal skape eit visuelt uttrykk der form, design og kommunikasjon er vektlagt. Men vi har også produksjonar som er «blott til lyst» som «Lydvingens lydløse oppdrag» som tek for seg livet sine mange sider med latter, vemod og varme. Eg ønskjer alle eit godt Kulturtorg rikt på opplevingar, inspirasjon og refleksjon! Arvid Blindheim Kulturdirektør 2 Til notater: 3

kulturtorget Program Program kulturtorget onsdag 27.januar 10:45 11:00 Kaffepause Seilet 14:00 Registrering- innsjekk /mat - Seilet 15:00 15:45 Opning ved Karstein Solli og Knut Alfsen - Bjørnsonsalen 15:45 16:15 Dr Proktors prompepulver, presentasjon Bjørnsonsalen 11:00 11:45 Den vesle prinsen (1.-7.) Karoline / Utstilling KUBE (vgs) sal A 11:00 12:10 Taremareby (1.-4.) Teatret Vårt (gruppe 1) 11:45 12:30 Utstilling KUBE (1.-7.) sal A 12:30 13:15 Lunsj - Seilet 16:15 16:45 Kaffepause 16:45 17:30 Folkemusikkverkstad og konsert (1.-7.) - Bjørnsonsalen 13:30 14:30 Siste akt (usk-vgs) Karoline / Over regnbuen (1.-7.) sal A 13:30 14:40 Taremareby (1.-4.) Teatret Vårt (gruppe 2) 17:30 18:30 Helene Illeris - Bjørnsonsalen 15:15 16:15 WeFiction (5.-10.) - Bjørnsonsalen 18:30 19:00 Hannah Wozene Kvam - Bjørnsonsalen 16:15 16:45 Kaffepause 20:00 Middag - Seilet torsdag 28. januar... 09:00 09:45 Shetlandsfarten (usk) Karoline / Farvel da, Muffin (1.-4.) sal A 10:00 10:45 Lydvingens lydløse oppdrag (1.-7.) Bjørnsonsalen 16:45 17:45 Visuell ballade/kube (1.-7.) Karoline / Steinene (usk-vgs) sal A 18:00 19:00 Når togene går forbi (usk-vgs) - Bjørnsonsalen 20:00 21:30 Middag - Seilet 21:30 22:15 itango! (8.-10.) - Bjørnsonsalen 4 Til notater: 5

kulturtorget Program Opning kulturtorget fredag 29. januar 08:30 09:15 Moderne slaveri (vgs) - Bjørnsonsalen 09:15 10:00 Svev (1.-7.) Karoline 09:30 10:30 Seksuell empati 2 (usk-vgs) sal A 10:30 10:45 Kaffe / utsjekk 10:45 11:40 Krigssonaten (vgs) Teatret Vårt 11:45 12:15 Over ævne II, presentasjon teatret Vårt 11:00 12:30 Presentasjon av Kulturlaug - Bjørnsonsalen 12:30 13:30 Store stemme (usk-vgs) Karoline / Farlig å bøye seg ut (1.-7.) sal A Karstein Solli / Knut Alfsen Karstein Solli er kunstnarisk leiar for Seanse i Volda. Han har lang erfaring som regissør, koreograf og utøvande kunstnar og har hatt verv som leiar for stipendkomitéen i Norsk Skuespillerforbund og utvalsmedlem i Norsk Kulturråd for «Den Kulturelle Skolesekken». Knut Alfsen er dokkespelar, teatervitar og leiar for «Levende Dukker». Han har vore leiar for prosjektet «Teaterbyen Ålesund» og Ålesund Teaterfestival. I tillegg til mange eigne produksjonar frå «Levende dukker» har han regien på Teatret Vårt si oppsetning Taremareby. Desse skal saman stå for opninga av Kulturtorget 2010. 13:30 14:15 Frevo (usk) Bjørnsonsalen 14:15 - Lunsj og vel heim 6 Til notater: 7

kulturtorget Hellene Illeris Hannah Wozenge Kvam kulturtorget Estetisk læring gjennom kunstformidling Helene Illeris er ph.d og lektor i billedkunst og visuell kultur ved Danmarks PÆdagogiske Universitetsskole, og professor II i fagdidaktikk for formgiving, kunst og handverk ved Høgskolen i Telemark. Foredraget handlar om korleis estetisk læring kan etablerast i kunstformidling. Kva slags «logikkar» dominerar kunstfeltet og det pedagogiske feltet? Korleis kan ein, med inspirasjon frå samtidskunsten, utvikle estetisk læring som gir elevane høve til å utvikle personlege relasjonar til kunsten? Forskinga til Illeris omhandlar kunst- og bildepedagogikk, med fokus på samtidskunst, estetiske læreprosessar og visuell kultur. Refleksjon over opplevinga Hannah Wozenge Kvam er artist, skribent og slam-poet. I 2008 var ho engasjert i prosjektet «Barns fortellinger», eit samarbeid med Høgskolen i Telemark og Redd Barna. No arbeider ho som instruktør for prosjektet «Kvinnestemmer», organisert av Akershus Teater, samt nye oppdrag med showog humorgruppa Queendom. På Kulturtorget vil ho saman med sine musikarar gje oss nokre musiske og verbale innspel rundt opplevinga. Dette kan vi ta med oss i bakhodet gjennom innholdsrike dagar resten av Kulturtorget - og i vårt daglege kulturkonsum. Musikarar: Malika Makouf Rasmussen, Fethawit Hakin Her er link til to artiklar: http://www.cm.se/webbshop_vr/pdfer/rapport%204.2006.pdf http://www.dpu.dk/site.aspx?p=14173 8 Til notater: 9

kulturnista Akershus teater Teatret Vårt kulturnista Farvel da, Muffin «Det er så rart å huske,» seier Mannen. «Det er så rart å glemme,» seier Muffin. «Farvel da, Muffin» er ei vandring i eit minne. Eit godt minne ein vaksen mann har om sin aller første verkelege kjærleik og sitt aller første tap. Og det er derfor denne framsyninga er viktig. Barn ser heilt annleis på livet og døden enn vi vaksne gjer. Eg trur vi vaksne har godt av å huske det. Taremareby Ingebrigt Davik debuterte i NRK radio i 1959 med historiene frå «Taremareby». Han laga også barnetime om det som kan hende i Lissomskogen, og om måkefamilien i Kekkek og Kjia på Kjaholmen. Å oppmuntre fantasien til barn var viktig for Ingebrigt Davik. Teatret Vårt har saman med dukkespelar Knut Alfsen laga ei familieframsyning av «Taremareby», eit eventyrleg samfunn av skaldyr, fisk og vekstar. Espen Dekko - Mannen og Muffin 1.-4.trinn Framsyninga er på turné våren 2010. Foto: Gøril Haukebø, Valborg Frøysnes, Hugo Mikal Skår, Per Emil Grimstad, Ivar Furre Aam 1.-4.klasse Teatret Vårt 10 Til notater: 11

kulturnista Kompani B612 Spillebrikkene kulturnista Den vesle prinsen «Den Vesle Prinsen» bur aleine på ein liten planet langt ute i det store universet. Der steller og ordnar han det beste han kan og ser til at Baobab-buskene ikkje veks over hovudet hans. Kvar dag reinsar han vulkanane sine, kostar heile planeten og vatnar blomane sine. Blir han sliten eller trøytt, set han seg ned og ser på ein solnedgang. Framsyninga tek utgangspunkt i Antoine de Saint-Exupéry si 60 år gamle historie. Den skildrar menneske si framferd sett gjennom barnet, og set m.a. søkjelys på materialismen og grådigheita vi opplever i dag. I tillegg syner historia korleis venskap og kjærleik kan vere avgjerande for menneska sine val: ein kan berre sjå rett med hjartet, det vesentlege er usynleg for auget. Lydvingens lydløse oppdrag I «Lydvingens lydløse oppdrag» møter vi superhelt og lydekspert Lydvingen. Gjennom oppdraga sine fyller han fjøsa med lyd, trafikken med støy, og verda med latter! Men ein dag får Lydvingen eit merkeleg oppdrag heilt utanom det vanlege Lyder er ein roleg mann med eit roleg tempo. Han er gift med Lydia, ei energisk kvinne med høgt tempo som skravlar for mykje og for fort. I tillegg har Lyder ein slesk nabo som snakkar for høgt, og som dukkar opp altfor ofte. Kva gjer du om du er omgitt av for mykje mas og bråk og det einaste du ønskjer er at det skal vere stilt? Kven kjem susande til unnsetning når Lyder ropar ut sin frustrasjon? Lydvingen sjølvsagt! Gro Marie Svidal, Ulf-Arne Johannessen, Tom Karlsrud 1.-7.trinn Silje Breivik, Dag Håvard Engebråten og Arnfinn Austlid 1.-7.trinn 12 Til notater: 13

kulturnista Brageteateret Teater Syklus kulturnista Når togene går forbi Jonny og kompisane har bestemt seg for å fleipe med Sussie P. Heile skolen veit at det berre er fleip at ein slik som Jonny kunne tenkje seg å vere saman med ei slik som ho. Men Sussie P. skjønar ingen ting, og ein dag går fleipen altfor langt. Kjærasten til Jonny har sett alt, og no har ho bestemt seg for å fortelje kva som verkeleg skjedde. «Jeg mener alle vil jo ha noen. Det er ikke det. Det er helt normalt. Og av og til gjør vi ting. Helt syke greier for å få noen.» Hedda Sandvig og Joseph Angyal 8.-vgs Siste Akt «Siste akt» er ei framsyning om mot, engasjement og ei gløymd kvinne sin innsats under krig i vårt land. Eva og Jon snik seg vekk frå eit kjedeleg familieselskap. På loftet snublar dei over notatane til ein kvinneleg kurer frå 2. Verdskrig. Nyfiken og leikent lever dei seg inn i historia dei finn i lappane. Gjennom deira auge får vi del i Ingrid Furuseth sin viktige innsats for motstandsrørsla. På slutten av 2.Verdskrig fekk Furuseth kontakt med den tyske antinazistiske offiseren Hammersen, og blei ein viktig aktør i eit hemmeleg motstandsspel. Hammersen ga opplysningar om tyskarane sine planer som Ingrid Furuseth vidareformidla til Jens Christian Hauge i Hjemmefronten. Kenneth Åkerland Berg og Camilla Belsvik 8.-vgs 14 Til notater: 15

kulturnista Flaatenbjørk kompani Teater Grimsborken kulturnista Seksuell empati vol 2 Identiteter Flaatenbjørk kompani undersøkjer kva det gjer med oss at vi ser på oss sjølv og dei andre som representantar for ulike identitetar og kategoriar snarare enn medmenneske. «Seksuell Empati vol.2 Identiteter» er ein frittståande oppfølgjar til «Seksuell empati vol 1 handlinger». Framsyninga reiser spørsmålet om kva det er som betyr noko for ungdom si kjensle av identitet. Er det kor dei kjem ifrå som betyr mest, eller musikken dei høyrer på og kleda dei går i? Og spelar det noko rolle om ein er heteroseksuell eller homo? Jarl Flaaten Bjørk, Kristjan Belgau 8.-vgs Steinene «Steinene» er basert på ei sann historie om to gutar på 13 og 15 år, som blei tiltalt for uaktsamt drap etter å ha kasta steinar frå ei bru over ein motorveg. Ein bil blir treft, steinen går tvers igjennom frontruta og drep sjåføren. Resten av historia tar for seg etterforskinga, avhøyra, tilståinga, rettssaka og domen. Og ikkje minst: Vår haldning til det heile! Korleis stiller vi oss til uaktsamt drap.. gjort av eit barn? Når sluttar eit barn å vere barn? Når er ein vaksen nok til å bli dømd som vaksen? «Steinene» (originaltittel: The Stones) er skrive av Tom Lycos og Stefo Nantsou (Zeal Theatre i Australia. Noregspremiere var med Teater Grimsborken 18.10.2008 Jan-Egil Engnes og Peder Opstad 8.-vgs 16 Til notater: 17

kulturnista Figurteateret i Nordland Gul Katt Produksjoner kulturnista Store Stemme Framsyninga bygger på forteljinga om indianaren Store Stemme frå sjølvbiografien til svartrothøvdingen Lange Lanse utgitt i 1928. Mot slutten av 1800-talet, i eit indianarreservat, førte ei misstyding til den største menneskejakta i Vestterritoriets historie. Svev Høgt over musa svev ørnane. Dersom musa rører seg utanfor dei trygge buskene dei bur under, vil ørnane sjå dei, og ta dei! Ei av musene høyrer ein dag ein lyd ho aldri har høyrd før. Dette blir starten på ei reise som vil ta henne lenger enn ho nokon gong kunne sett for seg. Kjernen i historia er at ulogiske og farlege situasjonar kan oppstå fordi vi ikkje har nok kunnskap om kvarandre og om våre kulturdefinerte levereglar. Framsyninga grip direkte inn i problema knytt til vår eiga tids kulturkollisjonar, i eit scenespråk som gjer dette forståeleg for eldre barn og ungdom. I tillegg til framsyninga vil skulane få tildelt undervisningsmateriale. Ingvill Skjold Thorkildsen og Jan N. C. Holden 8.trinn-vgs Svev er ein leiken teaterdansekonsert, basert på sagnet «Jumping Mouse» frå urfolket i Nord-Amerika. Det handlar om å vere sjølvstendig og samtidig audmjuk, og om å ha kraft til å gjere store ting sjølv om ein oppfattar seg sjølv som liten. Medverkende: Foto: Anne-Marthe Lund, Lene Anett Killingmo, Håkon Brynjulvsrud 1.-7.trinn Fredrik Imislund 18 Til notater: 19

kulturnista De damene Panta Rei Danseteater kulturnista Farlig å bøye seg ut «Farlig å bøye seg ut» er ei morosam, leiken, absurd og til tider alvorleg danseteaterframsyning. Handlinga utspelar seg på ei togreise; menneske førebur seg til å dra på tur, og når ein kjem på toget og inn i kupeen må ein plutseleg forhalde seg til ukjende folk. Nye konstellasjonar blir etablert anten ein vil eller ikkje, og uventa situasjonar oppstår. I den tronge togkupéen blir dei mellommenneskelege forholda bildet på sjølve livet i intens miniatyr. WeFiction «WeFiction» er ein koreografi som har vakse fram i nær dialog med dansarane. Nyskapte tonar med inspirasjon frå norsk folkemusikk kjem frå England, gjennom Nathaniel Reeds spesialskrivne musikk. I denne energiske og vakre framsyninga møter vi tre dansarar som byr på seg sjølv og fører minner frå sine eigne liv inn i koreografien. Framsyninga er definert som moderne-/samtidsdans, men har også innslag av klassisk ballett, jazzballett og hip hop. Musikken varierar frå Arvo Perth og Tom Waits til Perez Prez Prado og Jester. Linnea Fiske og Gro Malones 1.-7.trinn Panta Rei Danseteater (PRD) blei etablert i 2000 og har fått anerkjenning for å lage spennande danseteater og inspirerande undervisningsopplegg. Garry Tomlinson, Julie Drønen Ekornes og Silje Bævre Lian 5.-10.trinn 20 Til notater: 21

kulturnista Speranza FILM as Rikskonsertane kulturnista Moderne slaveri Slaveri eksisterar i dag trass forbod i alle land der det praktiserast. Det er også forbode som følgje av FNs menneskerettighetsdeklarasjon av 1948. Men det finst i dag fleire slavar enn nokon gong. Trafficking, barnearbeid, sexslaveri, gjeldsslaveri og tvangsarbeid er dei mest utbreidde formene. I «Moderne Slaveri» møter vi menneske frå Uganda, Kambodsja, India, Moldova og Frankrike som alle lever som slavar. Kvifor eksisterar slaveri framleis i dag og korleis kan vi bli kvitt det? Over regnbuen I denne konserten møter elevane songarinna Carol Kvande, fødd og oppvaksen i Durban, Sør-Afrika. Ho er no busett i Noreg. Carol har ein stor kjærleik til musikk, og særleg musikalar som ho likar å syngje. På konserten syng ho dei songane som inspirerte ho, frå den fyrste voggesongen nanny Noxolo song for ho til hovudroller i store musikalar. Carol seier sjølv: «Music has led me on wild and wonderful adventures, to far of lands, sometimes for real and sometimes through the stories songs tell.» Meir omtale: http://www.dagsavisen.no/kultur/ article416269.ece Med seg har ho Thor Kvande på piano og bassisten Roger Williamsen. Foto: Kevin Bales, Noam Chomsky, Sir Bob Geldof, Joseph Stiglitz, Somaly Mam, Supriyah Awasthi, Jan Egeland, Johan Galtung vgs TV2/Speranza Film Carol Kvande, Thor Kvande, Roger Williamsen 1.-7.trinn 22 Til notater: 23

kulturnista Rikskonsertane Rikskonsertane kulturnista Folkemusikkverkstad Gjennom folkemusikkverkstaden vil skulen få besøk av tre folkemusikk/- dansarar som vil gje elevar ei opp-leving av instrument, folkesong og folkedans. Til slutt på dagen vil utøvarane halde ein konsert saman med elevane som har delteke på verkstaden. Elevane vil lære om folkemusikkinstrument i Noreg, nokre historier - og kanskje få spele litt. Dei vil også lære nokre korte, enkle folkesongar og litt om folkeleg syngjemåte. Utøvarane vil lære elevgruppene ulike dansar. itango! Historia om tangoen vert i denne framsyninga vist fram på ein spenstig og luftig måte. Musikarane gir oss døme på ulike tangoar som er knytt til fleire episodar og dramatiske hendingar frå Argentina si historie. Flotte og stramme rytmar, dramatikk, sensuelle klangar, vedmod, lengsel og kjærleik er stikkord her. I tilegg til musikarane, er det eit lerret på scena der det vil bli vist bilde og film frå Argentina. To dansarar vil også demonstrere dansen på filmen. På konserten får publikum oppleve song, dans, spel og historier i eit høgt tempo. Knut Egil Kristiansen, Ulf-Arne Johannesen, Vegar Vårdal Grunnskulen Produsent: Siri-Marie Bergsmark-klarinett, Knut Ivar Bøe-trekkspel, Bjørnar Myhr-piano, Erlend Skei-kontrabass Lene T. Mordal 8.-10.trinn 24 Til notater: 25

kulturnista Rikskonsertane Teatret Vårt kulturnista Frevo «Frevo» er ei gruppe som består av to klassiske gitaristar. Dei starta samspelet sitt i 1995, og har no samarbeidd som duo i over ti år. I denne perioden har dei arbeidd breitt med det meste av repertoaret som er skrive for to gitarar, i tillegg til eit stort arbeid med å gjere transkripsjonar av eigna musikk for to gitarar. Doktor Proktors Prompepulver Lise heiter ei jente. Ho er litt einsam fordi bestevenninna hennar har flytta til Sarpsborg. Dei teite nabogutane Truls og Trym kastar harde snøballar, snøbaskar og kallar ho Fiselise. Men så flyttar det ein ny gut til gata der ho bur. Han heiter Bulle og har oppstopparnase og frekner og knallraudt hår. I desember 2002 gav duoen ut den første cd-en sin «Whisky» med musikk av komponistane Astor Piazzolla, Isaac Albeniz, Manuel de Falla og Egberto Gismonti. Denne utgivinga blei svært godt motteken av kritikarane. Ein dag møter dei to den skarrande bustete mannen med rare briller som liknar symjebriller. Det er ikkje julenissen, det er doktor Proktor, oppfinnaren av Doktor Proktors Lysegrønne Pulver Pål og Andreas legg no ut på skolekonsertturné med eit variert program frå samtidmusikk til brasiliansk musikk via country. Pål Granum og Andreas Karlsen 8.-10.trinn Teatret Vårt planlegg ei full dramatisering av Jo Nesbø si bok til jubileumsåret 2012. Første steget blir ei tilrettelegging av barneboka for opplesing med to skodespelarar, og vi nøyer oss difor ikkje berre med å lese. Teatret tar mål av seg til å finne ei form for litteraturformidling midt mellom opplesinga og teaterframsyninga. Ill: Foto: 1.-7.trinn Per Dybvig Aschehoug 26 Til notater: 27

kulturnista Bredin - Solenes Teatret Vårt kulturnista Krigssonaten - De velvillige «Krigssonaten» er ei hardtslåande, utfordrande og tankevekkjande framsyning basert på Sergei Prokofiev sin musikk og utdrag frå Jonathan Littells prisbelønte roman «De Velvillige». «Hvis du er født i et land eller en tid der ingen kommer for å drepe din kone eller dine barn, og heller ikke noen kommer for å be deg drepe andres koner og barn, så takk din Gud og gå i fred. Men hold alltid fast ved denne tanken: Du har kanskje vært heldigere enn meg, men du er ikke et bedre menneske.» Dette seier Littells romanfigur Maximilien Aue, tidlegare tysk offiser i SS. Han snakkar ope og utan anger om si fortid. Hass tankar om si og andre si rolle i krigsforbrytelsane under felttoget mot Sovjetunionen er ubehagelege og reflekterte. Han rettar eit nådelaust søkjelys mot vår eigen sjølvtilfredse og mot handlingane som gjer oss medskuldige i forbrytelsar mot samfunnet. Foto: Martin Bredin-piano, Svein Solenesskodespelar vgs Teatret Vårt Over ævne II I høve 100års markeringa av Bjørnstjerne Bjørnson sin død set Teatret Vårt opp «Over Ævne II» frå 1895, kanskje forfattaren sitt mest politiske skodespel. Det er det her Bjørnson for alvor tar opp arbeidarrørsla og dei samfunnsmessige omveltingar som skulle kome i det tjuande århundre med revolusjonar, ulike sosialdemokratiske løysningar osb. Det er den politiske valden som er i søkjelyset. Ein lite industristad lir under ein sta og kald industriherre som samlar industrieliten i heile landet. Han vil ha slutt på organiseringa. Bjørnson set her som i andre verk kjærleiksbodet fram som svar: Tilgiving er naudsynt. Er det slik? Er tilgiving ein farbar veg i store politiske feidar? Klarer ein seg utan den? Premiere i Ålesund 17. mars 2010. Valborg Frøysnes, Hugo M. Skår, Per Emil Grimstad vgs 28 Til notater: 29

kultursekken Fylkesbiblioteket KUBE kulturnista «Ressurskoffert» om Bjørnson Fylkesbiblioteket vil til hausten ha utvikla ein nettbasert «Ressurskoffert». Denne vil vere til nytte for skulane som får Kultursekktilbod om Bjørnson. Eit rikt utvalg av ressursar og kjelder kan hentast i «ressurskofferten», til bruk som supplement i undervisninga. Der vil det bli tatt i bruk materiale både frå Bjørnsonåret og t.d. lokale kjelder. Innhaldet vil kunne bli oppdatert og utvida fortløpande. Nasjonalbiblioteket si offisielle Bjørnsonside: http//nb.no/bjornson Tilbodet er uavhengig av turnéperiode, skulane får tilgang når som helst. Kontaktpersonar: Berit Hjertø og Katrine Solberg, Fylkesbiblioteket Tlf: 70 16 22 70 www.mr.fylkesbibl.no Morgendagens klassikere på veien Møre og Romsdal har vore leiande innan norsk møbelproduksjon i hundre år. Gjennom nyskapande design og målretta satsing har møblane funne sin plass i ein tøff internasjonal marknad. Men kva er god design, og korleis finn ein fram til god design? Utstillinga inneheld nokre av dei mest spennande stolane som er laga det siste tiåret. Saman med ein formidlar får elevane ta i bruk og vurdere dei enkelte design. Design er meir enn å sitte godt, og kor godt må ein eigentleg sitte? Elevane vert kjende med korleis ein designar tenkjer når eit møbel vert til. Viktige spørsmål er; kva skal stolen brukast til? Kvar passar han inn? Kva er han laga av? Kven kan tenke seg å kjøpe ein slik stol? Og ikkje minst; kva slags stol kunne du tenke deg? Foto: KUBE vgs Varièr 30 Til notater: 31

kulturnista Jorunn Mulen KUBE kulturnista Visuell Ballade «Visuell ballade»- «A kind of silvery poetry» er ei visuell forteljing om ei lengt etter å finne noko. Kanskje må vi våge å gå oss litt vill, for så å finne dette vi ikkje visste at vi leita etter? Korleis les og opplever vi bilete på denne måten? Korleis kan dette inspirere oss til å lage eigne historier og gjere eigne tolkingar utifrå fragment frå den visuelle balladen som blir vist? Målet er å utvikle bildeforståing og korleis inspirere til å skape og bruke eigne bilete, historier, opplevingar, fargar. Workshop vil tilretteleggast i forhold til aldersgruppa. Jorunn Mulen 3.-10.trinn 2-3 skuletimar Løftet Målaren Trine Røssevoll frå Valderøya og skulptøren Lorraine Aaron frå Skottland har gått saman om ei utstilling i Kunstmuseet KUBE. Menneska i Trine sine bilde balanserer høgt oppe på stram line. Eit feilsteg, eit augneblinks tvil, og den som balanserer vil dette ned, kanskje ned på den som står og ser på? Det finns ingen menneske i Lorraine sine skulpturar. Likevel er mennesket det viktigaste for skulpturen. Skulpturen leier dei vandrande inn i skulpturen sine vegar og rom, rom som ein kanskje aldri før har vore i og som får tankane til å flyge. Formidlinga er utarbeida i nært samarbeid med kunstnarane. Utstillingsperiode: 20.11.2009 til 16.11.2011. KUBE 1.-4. trinn 32 Til notater: 33

kultursekken Sunnmøre Museum - Forsvarsmuseet Møre og Romsdal fylke, friluftsråda, NJFF kulturlauget Frå fiskeskøyte til ubåtjagar Under 2.Verdskrig spelte lokale fiskebåtar ei viktig rolle i transport av flyktningar, spionar og våpen mellom Shetland og Noreg. Mange båtar og liv gjekk tapt under dei risikofylte oppdraga. Likevel kom mange flyktningar seg trygt til Shetland, og 314 tonn våpen blei smugla tilbake. I 1943 blei trafikken erstatta av 3 militære ubåtjagarar, og operasjonane gjekk da utan tap. M/K Heland og KNM Hitra representerar båtar frå Shetlandsfarta, og kjem til ei kai nær skolen med historier, aktivitetar og gjenstandar som fortel historia frå fiskebåt til ubåtjagar. Om bord vil det være profesjonelle formidlarar og både militært og sivilt mannskap som vil bidra med sin kunnskap. Opplegget vil bli tilpassa det enkelte lokalmiljø der ein finn spor og historier etter Shetlandsfarta. Sunnmøre Museum, Forsvarsmuseet 8.-10.trinn 2 timar Ut i sekken Undervisning i friluft! «UT-I-SEKKEN» byr på undervisningsopplegg for elevar på 4. -10. trinn. Godt kvalifiserte instruktørar skreddarsyr kurs og undervisning til ulike grupper, naturtypar og årstider. Undervisninga vil vere forankra i kunnskapsløftet og bygge opp under mange av kompetansemåla i matematikk, naturfag, historie og kroppsøving mm. Ut-i-sekken blir frå hausten 2010 utvida til å gjelde heile året! Aktivitetar vil m.a. vere: steinalderdag, vikingdag, kajakk, tau, fiske, snorkling, luftgevær, pil og boge, hausten før og no, kart og kompass, nyttevekster i naturen, isfiske, skiaktivitet, iglobygging og mykje meir! Samarbeidspartnarar: NJFF Møre og Romsdal, N&R Friluftsråd og Friluftsrådet for Ålesund og omland 4. -10. trinn Tilpassast skulen 34 Til notater: 35

kulturlauget Fargefilm.no Cirka Teater kulturlauget Kortfilm på ei veke Dette er eit nytt filmprosjekt der ein skoleklasse får lage korte filmar saman med filmskapar Robert Hansen. Kurset er særs praktisk retta, og elevane får boltre seg i prosjekt dei vel sjølve. Idéutvikling, filming, redigering og kreativitet er stikkord for prosjektet. Dette er «learning by doing»! «Kortfilm på ei veke» skal lære elevar på 5 skular om alle ledd i produksjonen av ein film, samt å lære dei om samarbeid og forteljarkunst. Alle filmane skal samlast på ein DVD til slutt. Prosjektet er støtta av Film & Kino gjennom Møre og Romsdal fylke. Robert Hansen 5.-10.trinn 1 veke En stein er en bit av jordkloden Jorda er sliten. Den har ikkje lenger krefter til å reparere seg sjølv. Difor spør jorda «Jordsteinen, Ildesteinen, Himmelsteinen og Havsteinen» til råds. Dei saknar tida da menneska lytta. Plutseleg dumpar ein ung stein ned mellom de gamle, kloke. Han kallar seg ein lykkestein. Han bor i lomma til et menneske. Vi skal arbeide i skjeringspunktet mellom bildekunst, figurteater og litterær historieforteljing. Cirka Teater si eiga steinsamling vil være inspirasjonskjelde. Barna sitt byggverk blir scenografi for delar av historiene vi diktar fram. Vidare overfører vi historier til figurar brukt i skyggeteatret. Skyggeteatret gir rom for eksperimentering og leik, og inviterar til kollektive prosessar. Grunnskulen 2-5 dagar, etter ønskje frå skulen 36 Til notater: 37

kulturlauget KMR Romsdalsmuseet - Bjørnsonfestivalen Gjermundrød - Holte kulturlauget Kjenn din Bjørnson tekst og bildeverkstad Dette er eit prosjekt som verbalt og visuelt blir til når barn og unge forankra i si tid og kunnskap lærer å kjenne sin Bjørnson. Bruk av digitale verktøy skal skape eit visuelt utrykk der form, design og kommunikasjon er vektlagt. Resultatet blir enkle animasjonar og monumentale veggarbeid. Elevane skal arbeide med eksperimentell ordleik og skriftbilde i powerpoint som ein form for enkel animasjon. Elevane arbeider vidare med prosjektet som blogg. Bloggen blir ei utstilling på nett der skulen kan følgje med i utviklinga av prosjektet. Blogg: www.kunstitekst.blogspot.com Sissel Stangenes 5.-10.trinn 1 dag LØYPE! kyrkjerom som arena «LØYPE!» kombinerar verkstad og framsyning der borna møter profesjonell samtidsmusikk og -dans, og sjølv får vere med å skape ei framsyning. Kvar elev får skape sin eigen rørslesekvens, improvisere, lage lydkor osb. Den kunstnariske målsettinga er å skape ei framsyning der borna får vere medverkande i møte med dei profesjonelle, og som opnar opp for nye perspektiv i eit tradisjonelt rom. Framfor verbal formidling arbeider utøvarane med lyd og rørsle som gjer borna nyfikne og gir dei lyst til sjølv å skape. «LØYPE!» ønskjer å bruke kyrkjerommet som arena for kunstformidling som vektlegg undringa og dei opna spørsmåla, og der borna får vere med å skape si eiga oppleving av eit rom. Hanna Gjermundrød og Solveig Styve Holte 3.-4.trinn (publikum 1.-4.) 3 timar 38 Til notater: 39

kulturlauget De damene / Panta Rei Danseteater Frost Media kulturlauget Danseverkstader ism Kultursekkturné Utifrå tidlegare erfaring vil vi knytte laugstilbod til ordinære framsyningar som blir sendt på turné i Kultursekken. Neste skuleår vil dette gjelde «WeFiction» med Panta Rei Danseteater og «Farlig å bøye seg ut» med De damene. Begge grupper/framsyningar er moderne samtidsdans, omtale av desse finn du i brosjyra på side 18 og 19. Panta Rei Danseteater / De damene 5.-10.trinn Tilpassast skulen sine ønskje Dokumentarfilm Kurset har ein teoretisk og praktisk del. Teorien tar for seg dokumentarfilmen si historie og retoriske «knep». Opptak og redigering ender med presentasjon av ferdig film og dialog i etterkant. Det blir i forkant av kurset sendt ut eit kompendium til skulen som inneheld dokumentarfilmhistorie og ei analyse om bruk av retorikk i dokumentarfilm. 8.-10.trinn 2 dagar Digital Teikning Kurset gir ein introduksjon til det å teikne med hjelp av eit digitalt teiknebrett og penn. Ein får òg eit lite innblikk i medieindustrien som brukar desse verktya til dagleg i sin produksjon. Det kan vere alt frå kjende teikneseriar, animasjonsfilmar og spelefilmar som kanskje elevane allereie har sett. 5.-7.trinn 3 timar 40 Til notater: 41

kulturlauget Kinefilm / Fjord og Fjell Robert Hansen / Circle kulturlauget Kinefilm: Animasjon for dei minste Elevane får over to dagar produsere eigen animasjonsfilm, men verkstadane vil også gi innsikt i og oppleving av profesjonell animasjonsfilm som er produsert med barn og unge som målgruppe. Instruktørar er Kine Aune og Linda Wintervold. 1. 4. trinn 2 dagar Fjord og Fjell: Komposisjonsverkstad Fjord og Fjell vil lære elevane korleis ein nytter datamaskinar i moderne musikkproduksjon. Først får dei praktiske oppgåver som å lage spor, endre midi-spor, ta opp lyd med mikrofon, manipulere audio-spor og bruke effektar. Deretter vil dei komponere blues, pop eller eit klassisk stykke musikk. Her kan det vere tverrfagleg arbeid med t.d. tekstskriving på førehand. Robert Hansen: Den røde løper Elevane skal skape ein spelefilm der dei sjølv arbeider med idéutviklig, manus, regi, foto, skodespelaroppgåver, redigering og marknadsføring. Prosjektet vil gå over minimum seks månader, og vil bestå av små kurs som blir integrert i undervisninga. Resultatet blir ein ekte film vist på kino og gitt ut på DVD! Instruktør er Robert Hansen. 8.-10.trinn 6 månader Circle: Danseverkstad - hiphop Circle er det første og største hiphop-huset i Noreg. Med utgangspunkt i prosjektet Colaborations som har turnért i Kultursekken, tilbyr vi no ein reindyrka danseverkstad. Klassevis vil elevane få opplæring i hiphop og urban dansestil. Frå 8. 10. trinn 2 dagar 1.-10.trinn Tilpassast ønskje frå skulane 42 Til notater: 43

kultursekken Informasjon Informasjon kultursekken Kva er Kultursekken, -nista, -lauget? Kva er Kultursekk barnehage, lokal kultursekk? Kultursekken: Samleomgrep for kulturformidlingsordninga i grunnskole og vidaregåande skole. Ordninga skal formidle profesjonelle kunst- og kulturtilbod innan eit variert sett av ulike kunstog kulturuttrykk. Kulturnista: Abonnementsordninga for profesjonelle scenekunstframsyningar, visuelle kunsttilbod, filmtilbod, kulturarvprosjekt, konsertar og litteraturtilbod. Alle kommunane og grunnskolane i fylket er med i ordninga og kvar elev får 4 tilbod pr skoleår. For 2009/2010 deltar 17 vgs. Kulturlauget: Tiltaket inneheld ein meny av verkstader som skolane kan bestille. Skolane betalar ein eigendel. I Kulturlauget er den eigenaktive eleven i fokus. NYTT: Kultursekk for barnehage Fylkestinget vedtok i 2008 at Kultursekken i Møre og Romsdal skal inkludere barnehagane. Frå våren 2010 er vi i gang med turnéar for dei 9 kommunane som er plukka ut til å vere med på pilotprosjektet. Fram mot 2012 skal alle barnehagane i fylket få tilbod om å delta. Tilboda er særleg tilpassa barnehageborna, og i samarbeid med Kulturskolane får dei også tilbod om verkstader innan ulike kulturuttrykk. Med dette har Møre og Romsdal tatt det endelege steget mot eit profesjonelt, heilskapleg kulturtilbod for 0-19 år. Lokale Kultursekkplanar: Alle kommunane i fylket får spelemidlar til lokalt Kultursekkarbeid. For å få midlane må kommunane levere ein plan som skildrar tiltaka dei planlegg. Det er ein føresetnad at kommunane utarbeider desse planane i eit samarbeid mellom kommuneansvarleg, skolane og lokale kulturaktørar i kommunane. Midlane skal nyttast til nye kulturtiltak for elevane. 44 Til notater: 45

kulturtorget Evaluering Ungkultur kulturmenyen Evaluering av tilboda på Kulturtorget I etterkant av Kulturtorget vil deltakarane få mulegheit til å gje tilbakemelding på dei ulike produksjonane som er blitt presenterte. Spørsmåla vil vere av karakteren: 1) Kva for ei målgruppe passar produksjonen for slik du ser det? 2) Korleis trur du elevane vil oppleve produksjonen? Ungdommens kulturmønstring 2010 UKM er eit kulturtiltak for ungdom i heile Noreg. Gjennom små og store festivalar, (kulturmønstringar) har dei ein unik mulegheit til å vise fram det dei driv med - uavhengig av sjanger. Over 2000 ungdommar kjem til å delta på lokalmønstringar i Møre og Romsdal. Rundt 400 av desse kjem til UKM fylkesmønstring som i år blir arrangert i Eidet Kulturhall i Haram kommune. 3) Plassering av produksjonen på ein skala frå 1-10 (1=svakast/10=best) Vi oppmoder til at de grunngir svara. Kulturrabatt for ungdom Ungdom i alderen 16-20 år 25% får rabatt ved ein del kulturinstitusjonar mot å vise legitimasjon. På kino gjeld rabatten frå 15 år. I brosjyra er det satt av plass til korte kommentarar til kvar produksjon, som ei hugseliste. Møre og Romsdal fylke ønskjer at fleire kommunar/kinoar/ kulturhus blir med i ordninga, for å auke ungdom sitt «kulturforbruk» i alle sjangrar. 46 Til notater: 47

EKH.no miljømerket trykksak 241 690 På www.kultursekken.no finn du meir informasjon om Kultursekken, turnéar og faktaark, kulturlauget, kulturtorget, kommuneplanar m.m. Lene Elisabeth Mordal 482 96 853 Olla Rypdal 915 19 878 Hanne Brakstad 922 87 766 Kari Anne Sølvik 986 44 836 Hege Merethe Gagnat 901 14 024 Jørgen Brecke 917 29 839 Britt Elise Skram 952 12 115 Johild Kosberg Bredin (permisjon. t.o.m 28.2) E-post: kultursekken@mrfylke.no Tlf: 71 25 88 33 (ekspedisjon) www.kultursekken.no