Helse- og omsorgstenestene i Radøy: Radøy Arbeidarparti vil:

Like dokumenter
Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Program for Masfjorden Venstre

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kommunedelplan for oppvekst

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Frivilligpolitisk plattform

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Til veljarane i Tysnes

Ål Venstre. Ål Venstre

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Tilrettelegging av nærings- og byggjeareal er avgjerdande for å oppnå vekst.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Utkast til program Meland Høgre 2015

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Program OSTERØY HØGRE

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Hemsedal KRF Program

ETNE VENSTRE

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Program Årdal AP

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Program for. Sykkylven Venstre

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Program NAUSTDAL HØGRE

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Arbeidsprogram

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Handlingsprogram 2015

Program for. Årdal Venstre

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vågsøy Arbeidarparti Program

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Finnøy framleis aleine?

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Prosjekteigar: Flora kommune.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Politisk program for Jølster KrF

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Frivilligpolitisk plattform

Valle Høgre

Kommunedelplan for oppvekst

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

Barnehageplan for Vinje kommune

Å utvikle og drifte spennende og fremtidsrettede helsetjenester er en kontinuerlig prosess

Pedagogisk plattform

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Transkript:

Helse- og omsorgstenestene i Radøy: Helse- og omsorgstenestene i Radøy skal til ei kvar tid vera dimensjonert for å kunna møta behovet for helse- og omsorgstenester i kommunen. For å kunna møta utfordringa knytt til auken i talet eldre dei komande åra, er utbygging av heimebaserte tenester heilt nødvendig. Radøy Arbeidarparti vil etter som behovet melder seg auka bemanninga i den heimebaserte omsorga. Det er eit mål at alle skal få den hjelp dei treng, når dei treng den, og der dei bur. Å satsa på førebygging og rehabilitering er viktig for at ein skal kunna bu heime lengst mogleg. Deltaking, sosialt samvær og eit aktivt liv kan førebyggja einsemd og sjukdom. Fokus på folkehelse og trivsel må difor ha høg prioritet. Lag og organisasjonar i Radøy har lang og god tradisjon for frivillig arbeid. Radøy Arbeiderparti ønskjer auka fokus på samarbeid med frivillig sektor. Samhandlingsreforma er no godt integrert i Radøy kommune. I følge den skal rus- og psykiatritenestene prioriterast. Radøy Arbeidarparti skal bidra til at også psykiatri og rusomsorga får gode vilkår i kommunen. Det å kunna ha eigen bustad og få tilpassa rettleiing og oppfølging frå kvalifisert personale er avgjerande for å kunna ha god livskvalitet. La linea er i Radøy etablert som ein samanhengjande tiltakskjede innan skule og helsetenester for å kunna fremja gode oppvekst- og utviklingsvilkår for barn og unge, Radøy Arbeidarparti ønskjer eit sterkare fokus på hovudlinene i La linea. Radøy Arbeidarparti vil styrkja arbeidet ved helsestasjonen og skulehelsetenesta, og arbeida for at dette tilbodet kan verta endå betre. Eit tenleg helsebygg der og legetenesta får gode lokale, må koma så raskt som mogleg. Radøy Arbeidarparti vil: - Fokusera på kompetanse og rekruttering for å kunna sikra kvalifisert personale ved alle tenesteområde. - Styrkja dagtilbod både til eldre og til demente, og få permanente lokale. - Styrkja kommunehelsetenesta og betra oppfølginga av eldre. - Styrkja det kulturelle tilbodet for eldre.

- Alle som har behov for det skal ha tilbod om heildøgns omsorg eller sjukeheimplass. - Betra det førebyggjande helse- og folkehelsearbeidet i kommunen. - Styrkja skulehelsetenesta i tråd med La linea. - Vidareutvikla tilbodet innan psykisk helse og gi eit betre tilbod til born og unge med psykiske vanskar. - Rus og psykiatri er eit viktig nasjonalt satsingsområde kommande år. - Radøy Arbeidarparti vil ha fokus på å førebyggja misbruk av rus, og tidleg innsats i høve til psykiatri. Brukarane må sikrast oppfølgjing, støtte og rettleiing i bustadane sine. - Tilretteleggja for at alle som bur i kommunen skal ha ein god kommune å bu i, og gje dei den støtta dei treng. Foto: Øivind Haug, Arbeiderpartiet

Skulen i Radøy: Radøy kommune har fire barneskular og ein ungdomsskule. Skulane er relativt nye og moderne, og dei fleste elevane våre trivst godt på skulen. Radøy Arbeidarparti ønskjer at skulane i framtida skal få rammer som gjer dei i stand til å fremja meistring og styrkja skuleutviklingsarbeidet. Elevane våre skal oppleva at dei vert satsa på og at dei har ein skulekvardag der dei opplever meistring og oppfølgjing. Det er eleven som skal stå i sentrum, alle skal bli sett og tekne på alvor. Mange elevar opplever i dag at dei ikkje meistrar skulearbeidet og me ser dessverre at fråfallet er for stort når dei kjem på vidaregåande skule. Skal me greia å stoppa dette fråfallet er det viktig at det vert satsa på tett oppfølgjing av dei som slit med å meistra skulekvardagen. Det må vera nok tilsette lærarar på skulane, slik at dei har tid til å følgja opp den einskilde elev og at kontakten mellom heim og skule blir betre. Ein elev som opplever meistring vil få ei god fagleg utvikling og få auka motivasjon til å arbeida med skulearbeidet. Det psykososiale arbeidsmiljøet må vera slik at det fremjar helse, trivsel og læring. Mobbing høyrer ikkje heime i radøyskulen, og alle elevar har rett til å oppleva ein mobbefri skulekvardag. Alle elevar må vera trygge på at skulen grip inn dersom dei vert utsett for mobbing eller anna krenkjande åtferd. Foto: Øivind Haug, Arbeiderpartiet

Radøy Arbeidarparti vil: - Halda på dagens skulestruktur i Radøy, med fire barneskulekrinsar og ein ungdomsskule. - Me vil og arbeida for å halda eit godt vedlikehald på skulane våre. - Styrkja samarbeidet mellom barnehage, barneskule og ungdomsskule, slik at overgangen mellom dei ulike vert mest mogleg saumlaus. - Vidareføra kommunen sitt kvalitetssystem for tidleg innsats, «La linea» - Styrkja samarbeidet mellom heim og skule slik at foreldra og dei tilsette i skulen samarbeider godt til beste for elevane. - Satsa på kompetanseutvikling og syta for at alle som arbeider i radøyskulen får naudsynt fagleg oppdatering og høve til etter- og vidareutdanning. - Satsa på musikk- og kulturskulen slik at alle born og unge skal ha dette tilbodet også i framtida. Foto: colourbox.com

Barnehagane: Radøy kommune har i dag fire kommunale barnehagar, ein i kvar skulekrins. Kommunen har tilnærma full barnehagedekning, men likevel er det nokre foreldre som vel å ha borna sine i andre kommunar, blant anna grunna arbeidsstad og pendling. Målet må vera at kommunen heile tida skal kunna tilby barnehageplass til dei som ynskjer det. Radøy Arbeidarparti ser det som svært viktig at barnehagane får store nok rammer til å kunna gje alle borna eit godt pedagogisk og sosialt miljø og at dei tilsette skal få fagleg oppdatering og kompetanseutvikling. Radøy Arbeidarparti vil: - Oppretthalda eit godt kommunalt barnehagetilbod. - Syta for at alle barnehagane i kommunen får store nok rammer til å driva best mogleg for alle born og tilsette. - Med bakgrunn i «La linea» vidareføra arbeidet med å gjera overgangen frå barnehage til skule mest mogleg saumlaus. - Jobba for at barnehagen på Bø skal få nye og moderne lokale på alle avdelingane. - Jobba for samlokalisering av avdelingane i barnehagen på Manger. Foto: colourbox.com

Landbruk/næringsliv: Radøy har ein lang og god tradisjon med ulike næringsverksemder og landbruk. Kulturlandskapet i kommunen er unikt og verdifullt, og landbruket er ein viktig samarbeidspartnar for kommunen og i arbeidet med å forvalta landskapet og dei verdiane det representerer. Det er viktig at landbruket og næringslivet i Radøy får rammevilkår som gjer at dei kan utvikla seg og møta dei utfordringar som kjem i åra frametter. Kommunen må vera ein viktig medspelar i dette arbeidet og vera ein pådrivar for å leggja til rette næringareal. Foto: Astrid Nordanger Radøy Arbeidarparti vil: - Vidareutvikla Olsvollstranda og Mangerøy som næringsareal og arbeida for å skapa nye areal, slik at næringslivet kan utvikla seg og møta dei utfordringar som kjem i framtida. - At kommunen skal vera aktiv i høve til eksisterande bedrifter og næringslivet og lytta til deira behov. - Stø opp om arbeidet med å halda kulturlandskapet vårt i hevd og opna det opp slik at fleire får glede av det. - Arbeida for at bøndene i kommunen skal kunna ha gode rammevilkår og leggja til rette for god rekruttering og optimisme i næringa. Hjelpa dei som ønskjer å skapa nisjeprodukt som kan omsetjast både lokalt og regionalt og bidra til å utvikla gardsturisme og reiselivstilbod. - Arbeida for at den kommunale sakshandsaminga skal vera så rask og positiv som mogleg, både for etablerte verksemder og nyutvikling. - Bruka det kommunale næringsfondet betre til beste for næringslivet.

Samferdsle: Veg Mange av fylkesvegane i Radøy er svært dårlege. Me vil leggja press på fylket for å få framgang i opprusting av vegar i kommunen vår. Dette vera seg ikkje berre ny asfalt, men også utbetring av dei stadane der vegen er i ferd med å rasa ut. Me vil og jobba fram trafikksikringstiltak rundt om i kommunen. Gang og sykkelvegar og andre tiltak som fremjar sikring av born og unge. Alle born har krav på ein trygg skuleveg. Det må setjast av nok pengar til vedlikehald av dei kommunale vegane. Kollektiv Reisetida mellom Manger og Bergen er i dag alt for lang. Me vil også jobba for at fleire bussar skal gå direkte mellom Manger og Bergen utan bytte av buss i Knarvik. I dag er det ikkje mange slike bussar i dei tidene arbeidsfolka reiser. Bussen er der for innbyggjarane og då er det rett og rimelig at dei som reiser lengst skal sleppa å bytta buss for mange gongar. Me ser og at mange etterspør seinare bussavgang frå Bergen om laurdagane. Dette er noko me vil jobba med. Radøy Arbeidarparti vil: - Arbeida opp mot fylket for å få utbetra fylkesvegane i kommunen - Få fart på trafikksikringstiltak ved alle skulane. - Følgja opp Nordhordlandspakken og Nyborgtunnelen. - Leggja til rette for ei vidare utgreiing av Sambandet Vest. (Gullvegen) - Leggja press på BKK for å få fleire strekkjer med gatelys. -Arbeida for å få ned reisetida for buss mellom Radøy og Bergen, og fremja forslag til Skyss om seinare bussavgangar om laurdagane frå Bergen til Manger og om mogleg vidare nordover. Foto: Jostein Borlaug

Idrett: Idretten i Radøy har stor aktivitet. Mange barn og unge er med på ulike aktivitetar i dei ulike idrettslaga, og mange trenarar og leiarar gjer ein stor innsats for å leggja til rette og skapa eit godt miljø til beste for idretten. Det vert kvar dag gjort ein stor friviljug innsats i dei ulike laga, og det er viktig at Radøy kommune legg til rette for at denne innsatsen vert stimulert og kan halda fram. Idrettslaga gjer ein viktig jobb for folkehelsa og er med å skapa møteplassar for folk i alle aldrar og frå alle lag av samfunnet. Dei gjer eit viktig arbeid i ein kvardag der me ser at mange barn og unge er for lite aktive og brukar mykje tid på digitale media. Eit godt idretts- og kulturtilbod for alle aldersgrupper gjer kommunen vår til ein god og attraktiv kommune å bu i. Dei aller fleste idrettsanlegga i Radøy er eigd av idrettslaga sjølve. Det vert gjort ein stor innsats for å halda anlegga i god stand og opne for alle som ynskjer å nytta dei. Laga brukar store summar kvart år til straum og vedlikehald og mange dugnadstimar går med for å gjera anlegga mest mogleg tilgjengelege. Radøy kommune må visa at ein verdset denne innsatsen og bør syta for at idrettslaga får nok midlar til å kunna halda anlegga sine i god stand. Radøy Arbeidarparti vil: - Styrkja leiaropplæringa og kompetansenivået i dei friviljuge organisasjonane. - Årleg auka det kommunale tilskotet til drift/vedlikehald av idrettsanlegg. - Støtta arbeidet med planleggjing av nye anlegg i kommunen. - Arbeida for at lag og organisasjonar får fritak eller monaleg reduksjon i leiga av Radøyhallen. - Stimulera arbeidet med å leggja til rette for turløyper, skogsløyper og friluftsareal, også for personar med nedsett funksjonsevne. Foto: Ragnar Floen

Kultur: Radøy kommune vart i 2004 kåra til årets kulturkommune i Hordaland. Kommunen har i ei årrekkje hatt eit variert kulturtilbod, ikkje minst grunna ein stor innsats i dei friviljuge organisasjonane. Den kommunale og musikk- og kulturskulen har sidan oppstarten hatt ei viktig rolle i kulturarbeidet i Radøy. Radøy Arbeidarparti ønskjer at det mangfaldige kulturlivet skal ha gode vekstvilkår, men og at dei mange talenta me har i kommunen innanfor bl.a song og ulike instrument skal få høve til å utvikla seg og oppleva at kommunen ønskjer å satsa på dei. Skal Radøy framleis kunna kalla seg ein kulturkommune, må befolkninga i kommunen få høve til å oppleva ulike kunst-og kulturopplevingar på eit høgt profesjonelt miljø, både frå våre eigne utøvarar og gjennom besøk av profesjonelle utøvarar frå andre stadar. Eit godt kulturtilbod for alle aldersgrupper, gjer at Radøy kommune er ein god og attraktiv kommune å bu i. Radøy Arbeidarparti vil: - Støtta opp om musikk- og kulturskulen, slik at den får store nok rammer til å kunna driva på ein god måte og vera i stand til å styrkja tilbodet sitt. - Støtta sterkare opp om det kulturarbeidet som vert drive av friviljuge lag og organisasjonar, og auka rammene for tilskot i form av kulturmidlar. - Arbeida for at lag- og organisasjonar innan kulturbegrepet skal ha tilbod om og tilgang til tenlege øvingslokale og framføringsstader. Foto: colourbox.com

Radøy kommune som arbeidsgjevar: Arbeid til alle er ei prioritering i Arbeidarpartiet. Ca. 80 prosent av innbyggjarane står for arbeidskrafta i landet vårt. Å ha ein jobb å gå til har også ein eigenverdi, me vert inkluderte og utviklar oss gjennom å ha arbeid. Me må gjera vårt beste for å få med dei som vil, men som ikkje har fått høve til å jobba. Radøy kommune er med ca. 500 tilsette den største arbeidsgjevaren i kommunen og kravet til kompetanse vil auka. Særleg innanfor helsesektoren manglar det arbeidskraft, men og innanfor utdanning og teknisk vil behovet for arbeidskraft auka. Radøy Arbeidarparti vil: - At kommunen skal vera ein god kommune å arbeida i, der ein får høve til å få fagleg utvikling og etter- og vidareutdanning. Slik sikrar vi at innbyggjarane får eit godt tenestetilbod. - At alle som ønskjer det skal ha heiltidsjobbar. - Ha eit inkluderande arbeidsliv, og for menneske med nedsett funksjonsevne. Foto: Øivind Haug, Arbeiderpartiet

Kommunestruktur: Det vil i neste kommunestyreperiode bli tatt stilling til korleis det nye kommunekartet skal sjå ut. Stortingsfleirtalet har gitt tydelege signal om at ein ønskjer større kommunar, og økonomiske verkemiddel skal tilpassast for å framskunde denne utviklinga. Dei kommunane som går i saman til ein større kommune vil kunna få økonomisk støtte til dette, medan kommunar som vel å stå åleine får reduserte rammer. Radøy Arbeidarparti vil i tida fram til vedtak skal fattast, bruke tida godt i høve til å få fram alle sider ved ei evt. kommunesamanslåing. Radøy Arbeidarparti vil når avgjerda skal fattast, ha fokus på best mogleg tenester til innbyggjarane på Radøy. Vidare vil me ha fokus på kva konsekvensar ein evt. ny kommune vil ha å seia for næringsutvikling, vidaregåande skular og samferdsle. Me vil delta aktivt i dei utgreiingar som pågår om kommunesamanslåing. På bakgrunn av resultatet av desse utgreiingane vil vi så ta stilling til kva struktur Radøy Arbeidarparti går inn for.

Varaordførarkandidat: Kirsti Gjetle Floen 3. kandidat: Liv Berit Rath 4. kandidat: Torill Helland 5. kandidat: Morgan Taule 6. kandidat: Astrid Nordanger

Radøy Arbeidarparti sine kandidatar: 1. Jostein Borlaug (kumulert) 2. Kirsti Gjetle Floen (kumulert) 3. Liv Berit Rath 4. Torill Helland 5. Morgan Taule 6. Astrid Nordanger 7. Arve Wallem Skjellanger 8. Aud Mokaadi 9. Ragnar Floen 10. Bjørg Tveiten Skiftesvik 11. Karl Inge Ystebø 12. Ann Christin Hoen 13. Jannicke Helland 14. Edgar Grindheim 15. Kristin Moe 16. Sven Olav Saltnes 17. Marianne Osa 18. Johnny Johnsen 19. Berit Kvalvik 20. André Michelsen 21. Bjørnar Dalseng