Klimaskifte kva skjer? Om blindvegar og utvegar. Trygve Refsdal. Godt folk! Kjekt at de er så mange i salen! Eg er litt nervøs.



Like dokumenter
Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Olav Akselsen. Leiar av utvalet

Vinst ved foredling av skogstre. Harald H Kvaalen Skog og landskap, Ås

Klimatiltak i jordbruket Klimaplan for Hordaland Øyvind Vatshelle, Fylkesmannens landbruksavdeling

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Skog og klima Felles klimaforpliktelse med EU, Regneregler for skog i avtalen

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Skyss, Bergen Adm. direktør Bernt Reitan Jenssen, Ruter As. Ruter sine strategiar på miljøområdet - kva fungerer?

Bedre klima med driftsbygninger av tre

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Skog og klima NORGES SKOGEIERFORBUND 1

Lønnsomhetsvurderinger ved investering i skogplanteforedling! Harald Kvaalen, Skog og landskap

«Ny Giv» med gjetarhund

Jon Fosse. For seint. Libretto

Vindkraft og energieffektivisering Trondheim Mads Løkeland

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

mmm...med SMAK på timeplanen

Landbruk og klimagasser. Arne Grønlund

Skogen, bioenergi og CO 2 -balansen. Fra skog til bioenergi Bodø november Jon Olav Brunvatne Seniorrådgiver

Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik. Hovedplan skogsveier Kvinnherad kommune

Skog som biomasseressurs

Fornybar energi: hvorfor, hvordan og hvem? EBL drivkraft i utviklingen av Norge som energinasjon

Brødsbrytelsen - Nattverden

Avfallshandtering - korleis bidra til eit betre miljø?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Hvordan kan skogen i innlandet bidra til å løse klimakrisa?

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Klimatiltak i landbruket. Svein Skøien Bioforsk Jord og Miljø Landbrukshelga Hurdal

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

BIOS 2 Biologi

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Berekraftig eller berre kraftig mobilitet?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Energi- & Klimaplan. Evenes kommune. Innhold VEDLEGG 3. Landbruk og skogbruk i energi- og klimaspørsmål

Klima og skog de store linjene

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Kva er økologisk matproduksjon?

Skog som del av klimaløysingaog del av utfordringa

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

Gruppemøter. Stasjonær energibruk

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Hvordan kan bioenergi bidra til reduserte klimagassutslipp?

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Gamle dammar Nåvatn/ Skjerkevatn, som nå er historie.

Framtiden er elektrisk

FNs klimapanel:skogbrukets betydning for klimaeffektene

FNs klimapanels femte hovedrapport DEL 3: Tiltak og virkemidler for å redusere utslipp av klimagasser

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Noreg som bærekraftig energinasjon

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Fremtidige energibehov, energiformer og tiltak Raffineridirektør Tore Revå, Essoraffineriet på Slagentangen. Februar 2007

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Psykologisk førstehjelp i skulen

Uten skog intet liv. Av forstkandidat Trygve Refsdal

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Meir energi på naturens premiss? Bruk mindre og rett energi

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Budsjett Økonomiplan

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Globale utslipp av klimagasser

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

CO2-reduksjoner og virkemidler på norsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Farleg avfall i Nordhordland

Teknikk og konsentrasjon viktigast

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Et overordna blikk på, og konkretisering av begrepa "bioøkonomi" og "det grønne skiftet"

Geologisk lagring av CO 2 som klimatiltak

Utslepp av klimagassar frå husdyrgjødsel

Aschehoug undervisning Lokus elevressurser: Side 2 av 6

CO 2 og torv. Vårmøte Norges torv- og bransjeforbund 23. mars Bioforsk. Arne Grønlund

Klimapolitiske virkemidler overfor skogsektoren

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Energi og vassdrag i et klimaperspektiv. EBL drivkraft i utviklingen av Norge som energinasjon

Skog og klima NORGES SKOGEIERFORBUND 1

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Myter og fakta om biodrivstoff

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Skog og klima. Johan C. Løken. Gimsøy Rotary, 14. mars 2017

Meir energi på naturens premiss? Bruk mindre og rett energi

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Transkript:

Klimaskifte kva skjer? Om blindvegar og utvegar. Trygve Refsdal Godt folk! Kjekt at de er så mange i salen! Eg er litt nervøs. Eg skal tala om klimaskiftet. - Det som skjer. Eit stort tema! Så om klimapolitikk. Om blindvegar og utvegar. Store tema! Eg prøver å sjå nye innfallsvinklar. Utan dagens slagord, men med konkrete døme og tal. Ja KVA SKJER? Eg startar med nokre tal. Våre utslepp av drivhusgassen CO 2 vert i år om lag 36.000 millionar tonn. Mest frå brenning av fossil energi, kol, olje og naturgass. - Ei firedobling frå 1958! Plansje 1: Dette viser veksten i utsleppa, med størst vekst etter år 2000. Størst vekst etter at Kyotoavtalen kom! Vel halvdelen av utsleppa, 54 prosent, vert tatt opp i verdshava og på landjorda. Dei står begge for ei netto binding på vel 9.000 millionar tonn per år. Kvart år tek norske skogøkosystem opp 25-30 millionar tonn, eller 60 prosent av norske CO 2 -utslepp. Ei fullskala månelanding på Mongstad kunne ha bunde vel 1 million tonn CO 2 per år. Eit CCS-anlegg i Grenland kan dekka fire store punktutslepp, i alt 2,2 millionar tonn. Plansje 2: Her er tala. Dei viser at naturen er sentral! Me bør samarbeida med naturen, ikkje kjempa mot den. Her trengs kunnskap. Biologi er like viktig som teknologi! Naturen er dynamisk, ikkje statisk. Ivar Aasen sine ord er sentrale: Mange Bekkar smaa, gjev ei stor Aa. I naturen er det dei diffuse opptaka og utsleppa som dominerer, ikkje punktutslepp, som er i fokus i dag. Våre utslepp er altså firedobla dei siste 55 åra. Det er dramatisk. Men opptaka i verdshava og i biosfæren på landjorda, har auka like dramatisk. Det skuldast at når CO 2 - mengda i lufta veks, så gjev det: Auka absorbsjon i verdshava. Auka fotosyntese. Eg trur at den er undervurdert. Eit ikkje-tema i norske medium. Frå i vår og til no, midt i september, i vekstsesongen i nord, har CO 2 -mengda i lufta gått ned, trass alle våre utslepp i denne perioden. Plansje 3: Dette illustrerer styrken i fotosyntesen i nord. Den syg ut CO 2 frå lufta. Frå aptil til september. Ikkje minst gjeld dette dei boreale eller nordlege skogøkosystema. Lyrikaren Rolf Jakobsen skriv: Fra Ånestadkrysset til Vladivostok, Jordklodens grønne skjerf om halsen.

Det skjer mykje også på andre frontar. Ny energi. Sol, vind. Men det i særklasse viktigaste ligg i sparing, i effektivisering og i økonomisering. I Danmark seier dei: Den grønneste energi er den, der ikke bruges. Eit symbol er namnet Negawatt opprinneleg ei trykkfeil for Megawatt, no eit symbol for spard energi. Me ser det i industrien. Meir effektiv forbrenning, produksjonsflyt, nye legeringar og nye prosessar, ny teknologi. Det gjev oss lettare kjøleskåp, betre isolerte, dei treng mindre straum, mindre ureining. Også her gjeld Ivar Aasen sine ord: Mange Bekkar små,..! Utan slik innsparing dei siste 40 åra, og med dagens aktivitetsnivå og forbruk, så ville energibruken no vore 65 prosent høgare enn den er. Sekstifem prosent! Me kan òg sjå det på ein annan måte. Med stabil energibruk dei siste 40 åra så kunne me ha auka vårt aktivitetsnivå og forbruk med 65% frå 1974. Det ville gjort dette seminaret uaktuelt. Plansje 4: Negawatt er eit ord som sjeldan vert brukt i Noreg. I staden ser me, i alle meldingar: Verden er umettelig på energi. Meir energi. Meir energi. Men det er vel vår totalt energibruk som er problemet? Ny energi er i framgang. Her er eit stort potensial, truleg størst for solenergi, og spesielt i sør. Der er sol, og mykje energi går til kjøling - når sola skin. Produksjon og forbruk går då hand i hand. Det gjev òg kortreist straum, viktig i land med usikre kraftlinjer. Vasskraft har vore og er viktig for Noreg. Vår el-kraft er stabil og fleksibel, og kan lagrast, i magasin. Eit felt der me bidreg med spisskompetanse, verda over. Elles er elektrisk kraft ei ferskvare. Ei utfordring og ein kostnad er lagring. Det trengs for innfasing av vind- og solenergi. Året har 365 døgn, og kvart døgn 24 timar. Plansje 5: Produksjon / kapasitet. Vasskraft med magasin utnyttar typisk 50-60% av installert kapasitet. Flaumkraft kanskje 30-40%. Og vindkraft typisk berre 25% av installert kapasitet. Det er, også, langt fram. Veldig langt. Plansje 6: Diagrammet viser auken i globalt energibruk frå 1990 til 2013. Her er eit stort dilemma. Så lenge den totale energibruken aukar så sterkt, så kjem me stadig meir på etterskot. Diagram av Rune Likvern, bygt på BP Statistical Review 2013. Plansje 7: Her er eit anna diagram, prosentvis framstilt, der vasskraft og kjernekraft også er inkludert. Trass det dominerer fossil energi. Så: Over til Sheik Yamani! Ahmed Zaki Yamani, oljeminister i Saudi-Arabia, er nok den som har mest ære for økonomisering og sparing dei siste 40 åra. Yamani var strategen for OPEC under den såkalla oljekrisa i 1973. Med lågare produksjon, fyrst 10 prosent, så gradvis meir. Det virka. Prisen på råolje var, i starten, 3 dollar per fat. Den steig til 11.65 dollar etter fem månader. Me kan seia: OPEC starta ENØK.

Prisen på råolje hadde i lang tid vore 2-3 dollar per fat. Nesten gratis, sett frå dagens hundre dollar per fat. Spesielt i USA var samfunnsliv og økonomi bygd på nesten gratis olje. Med høg energibruk, bilar som brukte nær to liter per mil. Ein kultur med kjøp og kast, stor arealbruk, store volum. Urban sprawl utflytande byar, store avstandar, svære kjøpesenter, transport, asfalt, stål, betong. Ja, USA har stått for billeg energi. Endå meir i gamle Sovjet og Aust-Europa. Der skulle billeg energi vera eit sosialistisk basisgode. Det gav store volum, låg kvalitet og eit skittent miljø. Vest-Europa har hatt doble USA-prisar på energi, med våre skattar og avgifter. Det gjev oss ei meir europeisk byutvikling. Krava om meir energi og billeg energi er til skade. Stor skade. Kåre Willoch forstod det tidleg. I 1995 skreiv han boka En ny miljøpolitikk : Meir skatt på energi, mindre skatt på arbeid! Noreg nærmar seg no USA på 1970-talet. Då køyrde Exxon ein kampanje: Take to the Road for fun! Ut på asfalten og mor deg! - Ser me i dag på NRK Super, så er me der på nytt. Burning er no ein norsk kultfilm. Ford Mustang, 450 hestar. Svidde dekk frå Oslo til Nordkapp. Her er no eit frislepp: Segway, snøscooter og sjøscooter, auka fartsgrenser, taxfree. På Jæren står samferdsleareal for 90% av nedbygginga av dyrka jord. På svenskekysten seier folk: Nordmenn treng så stor plass. Mange dyrkar USA-modellen. Kina satsa på billige bilar. Med subsidiar, i iveren etter å modernisera. Dei fekk trafikksystem stappfulle av bilar - i kø og med dårleg sikt. Drivstoffsubsidiar er vanleg i mange land. Kvart år trengs meir enn eit halvt norsk oljefond til det. Mest i land med økonomisk vanstyre, som Venezuela og Iran, Egypt, Argentina. Er det så lurt? Indonesia brukar 20% av statsbudsjettet til slike subsidiar, og manglar pengar til helse og utdanning. Midt-Austen er ein region med ekstrem auke i energibruk og med auke i den ekstreme fattigdomen. Ja, oljeprisen har auka, i dag 100 dollar per fat. Men tenkinga vår, status og ære er knytt til fart, volum og mobilitet. - Ei dagsavis veg no snart eit kilo. Hundre gram er vel nok? Kvifor er fjell-landsbyen så pompøs? Grand Prix, fotballen og klimakonferansane? Treng me nye bruer med fleire felt inn til Bergen, når berre ein av fem setar er i bruk? Dette vart mykje om CO 2 og energi. Eg burde ha nemnt også andre klimagassar. Metan - ein joker i klimasamanhang. Vassdamp, skyer og skydanning. Jorda si refleksjonsevne Albedo. Svart sot. Men det går ikkje på 45 minutt. Men også her dominerer det diffuse. Mange Bekkar smaa, gjev ei stor Aa! Ja KVA SKJER? Lufttemperaturen nær jorda har auka. Med om lag 0,7 grader Celsius. - Ikkje så mykje, kanskje? I Bronsealderen var det varmare og då var Hardangervidda skogkledd. Men me er på veg. Skoggrensa kryp oppover mot vidda. Fyrst vier og bjørk. Grensa stig med om lag 170 høgdemeter for kvar grad auka varme. Norsk natur er i endring!

Verdshava dempar oppvarminga. Over 90 prosent av den ekstra tilførsla av energi vert tatt opp i dei. Temperaturen i havet stig med om lag 0,1 grad Celsius kvart tiår. Her er enorme volum som bind varme. Også is og brear seinkar oppvarminga, men i mindre grad. Med ein annan klode, med meir land og mindre hav og is, ville nok lufttemperaturen ha stige betydeleg raskare. Tal frå bakkestasjonar viser ei utflating i lufttemperatur dei siste femten åra. Dette er debattert, men her finst òg forklåringar. Så HAVET kva skjer der? Veldig kort: Verdshava er ein stabilisator. Også når det gjeld CO 2. Med store netto opptak kvart år, milliardar av tonn reint karbon. Opptaket av CO 2 i havet gjer det surare. Eller rettare sagt: Mindre basisk. Kapasiteten for binding minskar i varmare vatn. I dag betyr det lite. (Plansje 8) (lager opptak) Havet har enorm kapasitet for binding og lagring av karbon. Mest i djuphavet og botnsedimenta. I dag flytter me fossilt karbon til verdshava, via atmosfæren, over tid. Med dagens tempo kan det ta 5-600 år før våre estimerte fossile reservar er tømde og ligg i havet. Og det er plass til dei der. (Plansje 9) HAV-atmosfære utveksling. Og her er ei stor utveksling av CO 2 mellom hav og luft: ved absorbsjon og desorbsjon, ved fotosyntese og respirasjon. Fotosyntesen er viktig i også i verdshava den står for om lag 30% av global fotosyntese. KVA SKJER i ATMOSFÆREN? CO 2 -konsentrasjonen var om lag 280 ppm i førindustriell tid. I vinter vil den passera 400 ppm. Gassen er ein viktig drivhusgass, men er også grunnlaget for fotosyntesen og alt liv på jorda. Her er ein fin balanse. Både for låg og for høg konsentrasjon er ein risiko. (Plansje 10 Vostok data) Ser me oss attende i tid, så var det eit lågt innhald av karbon i atmosfæren i fire hundre tusen år. Innhaldet svinga mellom 180 og 300 ppm. I halve denne perioden var det så lågt som 230 ppm, eller lågare. Med så låge verdiar ville me i dag knapt kunna fø sju milliardar menneske på jorda. Det er min påstand. Den låge konsentrasjonen medvirka til istider som kunne vara i 80 tusen år. Og til reduserte avlingar, uår. For høg konsentrasjon bidreg til oppvarming. Som sagt, her er ein fin balanse. Eg ser på karbon som ein ressurs. Ein livsviktig ressurs som me bør økonomisera med, ved moderate uttak frå våre fossile lager.

Svante Arrhenius, Nobelpristakar og forskar på drivhuseffekten, heldt eit foredrag i 1896. Då var uttaka små, berre ½ milliard tonn kol per år. Han sa: Med aukande innhald av karbondioksid i atmosfæren, kan me vona på tidsbolkar med eit meir stabilt og betre klima, serleg i kaldare regionar, - tider då jordkloten vil velsigna oss med betre avlingar enn no. KVA SKJER på LANDJORDA? Her er dynamiske endringar på landjorda. Meir CO 2 i atmosfæren verkar som ei gjødsling, ved fotosyntesen. Meir nitrogen i nedbøren gjødslar òg. Plansje 11 Fotosyntesen. Her er kjemien bak det som skjer i grøne plantar. Vatn og CO 2, pluss energi frå sola, gjev oksygen og glukose. Det gjev mat, energi, materialar. Eit samnamn for alt organisk materiale i jord og i plantar er biomasse. Alt danna ved fotosyntese. Meir biomasse i jorda vil ofte gjera ho meir fruktbar. Organisk materiale, humus, har ei evne til å halda på vatn og næring, og kan betre jordstrukturen. Her er ein vinn-vinn situasjon: Karbon i jorda er bra for dyrking av mat, og auka karbonlager i jord betyr mindre CO 2 i lufta! Plansje 12 Agroforestry, Etiopia Her er ulike former for samdyrking, såkalla agroforestry. Eit foto frå Etiopia, Akasietre over teff, eit kornslag. Akasietrea tek opp næringsemne frå djupare jordlag, og gjev skugge. Plansje 13 Yavello. Arbeid, vatn og gode såfrø er viktig. Her kviler presten Konse ut etter ei økt i frukthagen sin. Papaia over kaffi. Fyrst haustar han papaya, så kaffi etter 2-3 år. Eg vitja Yavello i 1985. Då var her utarma jord, erosjon og svolt. Dei grov då halvmåneforma groper i bakken, med hakke. Små basseng som kvar kan ta vare på ei tønne regnvatn. Fyrst litt, så i stor skala. To millionar i alt. Her er no mat og trevyrke, skugge og eit bra lokalklima, der det før var nakne landskap og svolt. Og lageret av karbon i jord og plantar er mangedobla. Her er bufaste folk, og dei får leva i fred frå mobile bandittar. Skog og myr er særs viktige karbonlager. Tropisk regnskog har stor levande biomasse, men mindre i skogbotnen, med rask nedbryting. I nordleg skog, mest bartre, er det motsett. Sakte nedbryting gjev akkumulering, år for år. Skugge har ei nøkkelrolle, både i nord og sør. Viktig for myrdanning er ymse Sphagnum-arter, torvmose. I varme periodar minska volumet av mange myrar i Noreg, og det vart frigjort CO 2. I våtare og kaldare periodar har dei auka i volum, og dei tek då opp CO 2. Når skogareal vert dyrka eller tatt til beite, minskar karbonlageret og det vert frigjort CO 2. Med tilgroing skjer det motsette, ei gradvis oppbygging av karbonlageret. Lageret av karbon i vegetasjon, i jord, myr og våtmark er om lag 2.200 GtC milliard tonn karbon, av dette står levande plantar for 600 GtC. Plansje 14: - Det er betydeleg meir karbon i biomassen på landjorda enn i alle våre utvinnbare fossile ressursar, kol, olje og naturgass. 2200 mot 1400 mrd tonn reint karbon!

Netto lagring får me berre når karbonlageret i jord og vegetasjon aukar. Så enkelt, men så få vil forstå det! - Fleire norske klimastrategar trur på stor omsetning. Det gjorde dei òg på Island i si tid. I finans, i Glitnir, Icesave og i Landsbanki. Plansje 15: Biosfæren på landjorda tek opp om lag like mykje som verdshava! Plansje 16: Og omsetninga er veldig stor, som for verdshava! I Noreg bør me arbeida for å få meir virkesrike skogar. Ved forlenga omløpstid, og ved å ta godt vare på dei beste bestanda, og på våre store areal med naturleg forynging og tilgroing. Hogsten bør då aukast i dårleg skog, glissen, vind- og råte-utsett. - Dagens hogstføring er sjeldan i tråd med målet om meir virkesrik skog, diverre. Like vel - dagens fotosyntese og tidlegare tiders skogkultur gjev oss medvind. - Men medvinden har også ei anna side: Den kan overskygga det at me ofte mishandlar jorda med tunge maskiner, med jordpakking, erosjon og jordtap. I jord- og skogbruk, og i anlegg. Her er utfordringar og viktige oppgåver. Me treng sårt meir av god agronomi og god skogskjøtsel. Og her kjem utfordringar i tida framover når det gjeld brann og vind. Eg har skrive om dette for eit masterkurs ved Handelshøgskolen. To notat om det eg kallar Carbon Management. Eg nærmar meg no Kyoto, norske klimamål og norsk klimapolitikk. Fyrst litt bakgrunn. Eg har hatt stor nytte av diskusjonar med frie fagfolk. I 2007 skreiv Hans Goksøyr eit innlegg i Teknisk Ukeblad. Olav Norem las det og tok kontakt med han og med meg. Slik byrja me 3 å utveksla tankar og idear. Me såg irrasjonelle føringar i Kyotoavtalen, og useriøse CO 2 -utspel. Hans Goksøyr har bakgrunn frå Shell og var forskningsdirektør ved Norsk Petroleumsinstitutt, Olav Norem var samferdslesjef, er ekspert på analyser, på energi og skog. Eg har arbeidt med jord- og skogbruk, nordisk og tropisk. I 2010 skipa me til eit fagseminar her på Stalheim, i regi av Skjervheimseminaret: Norsk klimapolitikk og Kyoto. Hit kom Jon Bojer Godal og Eli Heiberg, som begge tenkjer langsiktig om ressursar, og Gunnar Eskeland, klimaprofessor ved Norges Handelshøgskole i Bergen, no i Verdsbanken. Dei kjem med innspel. Me har drøfta alt frå energi til Albedo, frå CCS til G14, skydanning, havstraumar, karbon i jord. Samferdsle, massivtre, el-bilar, biokol og biodrivstoff. Så har eg hatt mykje kontakt med Rune Likvern og son min, Ivar, om norsk oljeutvinning. For meg har det vore seks lærerike år. Mange takk til alle! * * * Hvor udgangspunktet er galest, blir tidt resultatet originalest skriv Henrik Ibsen i Peer Gynt. Det same kan seiast om norske klimamål i Kyotoavtalen. Plansje 17. Dei byggjer på våre utslepp av klimagassar i 1990, om lag 50 millionar tonn CO 2 - ekvivalentar. I 2008 vedtok Stortinget eit nytt klimamål, utsleppa skulle gå ned til 45-47 millionar tonn i år 2020.

skog. Her mangla mykje. Her er ingen verdi på to sentrale sektorar, norsk vasskraft og norsk Plansje 18. I 1990 produserte me 120 TWh vasskraft. Det tilsvarar utslepp på 33-45 MtCO 2 ved produksjon i gass- eller kolkraftverk. Norsk skog står for 25-30 MtCO 2 per år. I sum er her store verdiar som ikkje er verdsett. Betydeleg meir enn dei 50 som er med i avtalen. Dette kan gje kreativ bokføring og skeiv prioritering. I mandatet for Klimakur 2020 heiter det: All elektrisitet er antatt å ha null utslipp av CO 2 i beregningene. - Ved å overføra el-kraft til oljeinstallasjonar på norsk sokkel kan me då pynta på vårt klimarekneskap. Verdien av krafta går då frå å vera usynleg til å verta synleg i Kyoto. Det same med norsk skog. Det viser eit innspel til Klimakur 2020 frå Statens Vegvesen, om innfasing av biodrivstoff fram mot år 2030. Deira høgste alternativ krev så store volum biomasse at nettobinding i norsk skog ville gå mot null om råstoffet skulle hentast der. Det ville gje ein gevinst på 7,7 millionar tonn i vårt klimarekneskap, og eit tap i norsk skog si binding på kanskje 25 millionar tonn. Eit tiltak som gjev store tap totalt vert til gevinst i Kyoto. I si tid skreiv miljøguruen Barry Commoner om ressursbruk, som ei åtvaring: There is no such Thing as a free Lunch! Denne åtvaringa gjeld framleis, både for el-kraft og skog. Her er ingen gratis lunch! Lavutslippsutvalget kom med si innstilling i 2006. Dei problematiserte ikkje premissa for Kyotoavtalen. Det låg kanskje ikkje i deira mandat. Men kven elles skulle sjå kritisk på dette og på mykje anna? Stortinget? Konsulentar? Forskarar? Kritisk tenking kring dette gjev ikkje pengar og karriere. Det enklaste er å kasta seg på alle agn og gå dit pengane er. Eg trur dette har ført oss inn i ymse blindvegar. Om skogen si rolle skriv Lavutslippsutvalet: Innholdet av karbon i en skog er tilnærmet konstant over tid... tilveksten i boreale skoger bør holdes utenfor klimaregnskapet. Naturen er, med dette, fråkopla. Det passar godt med Kyotoavtalen, men ikkje med røyndomen. I rapporten er ordet fotosyntese berre nemnt ei gong, då knytt til teknikk. Utvalet legg, i staden, stor vekt på teknologi og gjev ei god oversikt over tiltak som kan gje energisparing og minska utslepp, mest knytt til store punktutslepp. Men eg synest utvalet går for langt i si tru på teknologi. Orda biodiesel, biodrivstoff eller bioetanol er nemnt 116 gonger i rapporten. - Om denne type drivstoff skriv Hans Goksøyr: Vi skal ikke bruke enorme ressurser på å kopiere produkter som allerede finnes fossilt. Plansje 19: Trass dette er bioenergi ofte bra, dobbelt så bra til oppvarming som til drivstoff. Her frå Østerdalen. Ved frå tynning, som vil gje varme i ovnen til ein pensjonert skogskar, i kuldeperiodar. Det avlastar linjenett og kraftproduksjon når det trengs som mest.

Til slutt: Få land har lukkast i sin klimapolitikk. Gobalt sett er den feilslått. Plansje 20. Her er resultatet. På nytt: Eg trur at den enorme utsleppsauken skuldast: Ei tru på at at me løyser problema ved å lyfta dei opp til eit globalt plan. Me ser at auken starta nokre år etter Riokonferansen (1992) og Kyotoavtalen (1997). Trua på at fornybar energi vil løysa alle problem, som spesielt ZERO og Bellona har stått for. Med det trur mange at me kan fortsetja som før, med vår tut-og-køyr-politikk. (Spesielt stor auke etter år 2000). Det kan innvendast at land i vekst ut av fattigdom, som Kina og India, står for mykje av auken, og at fleire vestlege land har minska utsleppa. Men dei har ofte flagga ut produksjon til Kina og India, slik at utslepp som før kom i Noreg og Tyskland no gjev auka utslepp i Kina. Me når kanskje våre norske klimamål om me sender laks frå Måløy til Kina for filetering eller når me tek jolehandelen i London. Eller når høgskular og universitet flaggar ut sine seminar frå Finse, Os og Stalheim til Bali, Brasil og Spania. Våre fjerne og høge utslepp er usynlege i Kyoto. I åra bak oss har her vore ei rekkje satsingar med høg profil: Gasskraftreinsing på Kårstø, Månelanding på Mongstad, prosjektet Just Catch Bio med Aker og Bellona, Biowood på Averøya, Biofuel AS i Ghana, ymse prosjekt i Sahara. - Det er i ruinar no, bortsett frå teknologisenteret på Mongstad. Det er satsa milliardar, og det har vore ein bonanza for konsulentar og ymse organisasjonar. Berre på utgreiingar kring gasskraftreinsing på Kårstø vart det brukt 620 millionar. Enova ytte 97 millionar til Biowood. - Som Rune Likvern skriv om konsulentar i olja: Det er håp og optimisme som selger, realismen kommer uansett. Ja, det er langt mellom dei gode resultata. Men det må nemnast at norsk skatte- og avgiftspolitikk har gjeve gode resultat, som CO 2 -avgifta på mineralolje og CO 2 -avgift for våre utslepp på norsk sokkel. Kanskje også regnskogsatsinga, men eg synest det er for tidleg å seia noko sikkert om den. Om me no meiner alvor, bør me ta nokre skikkelege grep. Me må bremsa når det gjeld utviklingstrekk som er i ferd med å ta heilt av. Det gjeld dagens veldig ekspansjon i trafikk, grenselaus mobilitet, migrasjon, auka fart og fri flyt. Dagens globalisering er neppe berekraftig. Transport er for billig når me fraktar same skinka frå Spania til Noreg, frå Noreg til Spania og så til slutt frå Spania til Noreg. Her er nokre punkt: Me treng eit realistisk klimarekneskap. I eit lite land som Noreg er det viktig å få med effekten av import og eksport, og av internasjonal transport og reiser. Det må leggjast meir skatt på energi og mindre skatt på arbeid, slik Kåre Willoch skreiv i 1995. Det kunne ha ført oss inn i gode sirklar i staden for vonde sirklar. Me må retta merksemda mot totalt ressursbruk og lågare energibruk. Lat oss heller kutta ut dagens CO 2 -akrobatikk. Me må ta betre vare på våre naturressursar, som til dømes dei store tilgroingsareala me finn i Noreg.

Me bør tenkja langsiktig i vår oljepolitikk. Noreg står i dag for 1,6 prosent av global oljeproduksjon, og me har 0,4 prosent av reservane. Såleis tømer me våre kjende reservar fire gonger raskare enn globalt gjennomsnitt. Eit føredøme synest eg er Jon Godal, som i si tid var sekretær i eit utval som såg på Hardangervidda som Nasjonalpark. I eit foredrag i startfasen, der byråkratar, politikarar, journalistar og grunneigararar var samla, sa han: Når me skal planleggja eit område som Hardangervidda, så må me ha eit skikkeleg tidsperspektiv.. Minst fem tusen år! Eg synest eit slikt perspektiv er like naturleg for Barentshavet som for Hardangervidda. * * * Plansje 22: For dei som er spesielt interessert i norsk oljeproduksjon og verknaden på norsk økonomi. Her er oljeprisen sett i høve til gjeldsopptak i Noreg.