NGIB årsmelding 2010 3

Like dokumenter
Opplysning og motivasjonskurs for tilsette i heimetenesta.

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Møteprotokoll for møte i

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Til deg som bur i fosterheim år

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Resultat brukarundersøkingar

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Farleg avfall i Nordhordland

Tilgangskontroll i arbeidslivet

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Plan for overgangar. for barn og unge

Nordhordland ein kommune 2020?

Månadsbrev for Rosa september 2014

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Informasjonshefte Tuv barnehage

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Team Hareid Trygg Heime

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

LOKAL FORSKRIFT OM TILSYN MED OBJEKT SOM IKKJE ER REGISTRERT SOM SÆRSKILTE BRANNOBJEKT I KOMMUNANE LUSTER, SOGNDAL, LEIKANGER, BALESTRAND OG VIK

Lønnsundersøkinga for 2014

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Frå tre små til ein stor.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR Satsane gjeld frå

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR Satsane gjeld frå

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Sandeid skule SFO Årsplan

10/60-14/N-211//AMS

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Resept for eit sunnare FørdeF

IKT-kompetanse for øvingsskular

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Folketal, demografi og prognose for Nordhordland. Folketal pr og prognose

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Høring - finansiering av private barnehager

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

VFL på Rommetveit skule.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Plan for forvaltningsrevisjon

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Transkript:

NGIB årsmelding 2010 3

4

Innhald Innleiing...2 Førebyggjande arbeid...2 Generelt om drifta...2 10-års jubileum...3 Tilsyn...4 Kurs/seminar/utdanning...5 Eigaransvar...5 Dataverktøy...5 Open brannstasjon...6 Opplæring i barnehagar og skuler...7 Pensjonistlag/foreiningar...8 Kyrkjeverja...8 Eldreprosjektet...10 1

Innleiing Den interkommunale brannførebyggjande avdelinga består av kommunane Austrheim, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. Avdelinga feira i 2010 10 år. Me har forsett arbeidet med tilsyn, øving, motivasjon og informasjon, samt øving og opplæring av personar tilknytt lag og organisasjonar. Avdelinga har gjennomført brannvernopplæring for elevar i 1.trinn og 6.trinn, med dette opplegget rekk vi inn i mange heimar. Undervisninga fokuserer på branntryggleiken i heimen, med blant anna sjekk og byte av batteri i røykvarslar, bruk og kontroll av brannsløkkjeutstyr og rømmingsveg. Vi har arbeid ein del med eldreprosjektet og vil saman med heimehjelpen utvikle prosjektet vidare. Vi har etablert prosjektet i heimehjelpen i Lindås og vil no finna ei tilfredstillande løysing også for dei andre kommunane. Dagens sosial- og helsepolitikk tilseier at eldre menneske skal kunna bu heime lengst mogeleg framfor å tilbringa sine siste leveår i ein eller annan form for institusjon. Brannstatistikk viser at personar over 70 år har nesten fire gonger høgare risiko for å omkomma i ein brann enn dei under 70 år. Også yngre personar med nedsett funksjonsevne er overrepresentert i brannstatistikken. Gjennomførte tilsyn har ikkje kommen opp på eit nivå som er ynskjeleg for avdelinga. Det har samanheng med ein del tunge objekt som krev ein del meirarbeid, samt at det har vore ein høg aktivitet på kursverksemd og eksterne øvingar. Førebyggjande arbeid Den førebyggjande avdelinga har som hovudoppgåva å fremja risikoreduserande tiltak gjennom eit godt tilsyns- og informasjonsarbeide. Hovudmålsetjinga er å førebyggja tap av liv, helse, miljø og materielle verdiar som følgje av brann. Tilsynsarbeidet er i hovudsak systemretta med ein motiverande og orienterande del. Hovudhensikta er å sjekka ut at eigarar/brukarar av særskilte brannobjekt er sikra i tråd med gjeldande lovverk, og at beredskapsmessige forhold er ivareteke. Brannførebyggjande informasjons- og motivasjonsarbeid er i stor grad retta mot førebygging av brann, samt opplæring i handtering av ein eventuell brann. Dette for å verna om liv, helse, miljø og materielle verdiar. Arbeidet er retta mot kommunens innbyggjarar generelt og utsette grupper spesielt. Generelt om drifta Drifta har også i 2010 vore redusert med ein inspektør på grunn av sjukdom. Cathrine har vore tilbake i 20 /40% stilling frå august. Bilane til avdelinga har vorte uniformert, med blant anna blålys. 2

10 års jubileum. Det var ein gong i Nordhordland at mange små kommunar gjekk saman om ein felles brannførebyggande avdeling - NGIB. Det har no gått 10 år sidan samanslåinga. Som statistikken under viser har det vore ein nedgang i talet på bygningsbrannar i alle kommunane etter at samarbeidet vart starta og fram til no. Undervisning av skuleborn, tilsyn i 13 objekt, samt motivasjons og informasjonsarbeid i organisasjonar og lag utgjer kjernen i aktivitetane. Dette viser at brannførebyggjande arbeide er naudsynt og at det gjer noko med innbyggjarane og kvar og ein vert meir aktsemd. Avdelinga ser no fram til å ta tak på dei neste 10 åra, og forsetja det påbegynte arbeidet. Bygningsbranner fordelt på kommune 56 48 60 50 40 28 32 1992-2000 antall 30bygningsbrannar 2001-2009 20 20 65 Solund 87 Gulen 12 5 Masfjorden 8 1 Austrheim Lindås 7 Radøy Meland 10 Modalen 10 0 Utvikling i rett lei: Statistikken visar at talet på bygningsbrannar har hatt ein nedgang i alle dei 8 kommunane dei siste ti åra. 3

Tilsyn NGIB har gjennomført ca 32 % branntilsyn i særskilte brannobjekt Avdelinga har hatt redusert bemanning gjennom året grunna langtids sjukemelding, dette er ei av årsakene til den lave tilsynaktiviteten. Tilsyn med eigenmelding har ikkje vore mykje brukt hittil, då det er svært få bygg som tilfredstiller krava for å få tilsyn gjennomført med eigenmelding. Vi arbeider no målretta for å friskmelde bygg slik at ein i tida framover kan nytta eigenmelding som tilsynsform. Då vil vi få meir tid til dei tunge objekta. Det vert arbeida mykje med dei objekta som ikkje er friskmeldte. Her ser ein at ein må verta meir konsekvent med å få lukka/avslutta dei avvika som er i bygga. Avdelinga har hatt stor fokus på kommunale særskilde brannobjekt i kommunane Lindås og Radøy. Oppfølgjande arbeid ved desse objekta vil vi halda frem med i 2011. Det er framleis ein god del manglar ved byggdokumentasjonen på mange objekt, dette er noko som er gjennomgåande for alle kommunane. Dette gjeld og nybygg! Det ein opplever er at oppfølginga av krava i lova ikkje vert følgd opp. For å få effektivisera tilsynsdrifta vil det heretter verta stilt krav til at eigar er representert ved gjennomføring av tilsynet. Dei fleste viktige objekta (A) har fått tilsyn. Avdelinga seier seg ikkje nøgd med resultatet, men er nøgd med det arbeidet som er utført, opp mot dei objekta som det har vore gått tilsyn på. Inntrykket avdelinga sit att med etter dei tilsyn me gjennomførte er stort sett gode med omsyn til branntryggleiken for liv og helse. Det er likevel objekt som må følgjast opp og ikkje har det nivået som forskrifta krev. Generelt er nivået på kunnskap hjå etablerte brannvernleiarar gode, dokumentasjonen i det enkelte objekt er heva mykje. Det er utpeika ein del nye brannvernleiarar, dette gjev rom for nytenking, men også utfordringar med tanke på kompetanse i desse objekta. 4

2009 2010 Kommune Ant. tilsyn Ant. tilsyn Lindås 31% 38% Meland 29% 39% Radøy 13% 41% Solund 44% 33% Gulen 42% 25% Modalen 22% 32% Masfjorden 33% 23% Austrheim 38% 33% Gjennomført tilsyn i snitt pr. kommune 35% 32% Kurs/Seminar/Utdanning Tilsette på avdelinga har samla eller enkeltvis delteke i ulike kurs og seminar. * Tyskland (Brannmesse Rote Hahn) * Riga (Evalueringsseminar ( prosjekt Heimebuande Eldre ) * Fagseminar, HBBL på Voss (Skulebrannar / asylmotak) * Tilsynsetatenes samordningsgruppe (TSG), seminar i Vettre. * NGIB deltok på Yrkesmessa i Nordhordlandshallen. Eigaransvar Avdelinga har vore i 3 kommunestyre (Masfjorden Modalen Gulen) og informert om Systematisk Tryggleiksforvaltning i Kommunale bygg. Bakgrunnen for presentasjonen har vore å bevisstgjere kommunestyre som sit med eigaransvar for desse objekta. Avdelinga har no vore i alle kommunestyra og presentert temaet. Dataverktøy Avdelinga har vorte tilknytt ny server i Meland Kommune, arbeidet med dette har sinka effektuering av tilsynrapportar. Det vart kjøpt inn ny bærbar pc til avdelinga. 5

Open brannstasjon Det landsomfattande arrangementet skal inspirere born og vaksne til å gjennomføre brannøvingar og sjekke branntryggleiken heime. Open dag på brannstasjonen i Knarvik vart avvikla den 25. september. Mange foreldre med småborn stakk innom denne dagen, og det vart registrert ca 2300 besøkande. Temaet for årets open dag i Knarvik stasjon var trafikktryggleik. Nokon av aktivitetane denne dagen var spyling med brannslange, kunnskapsløype med premie, demonstrasjon av hurtigfrigjering og slokking av brann i kar. I år hadde Knarvik stasjon sjølv ansvaret for kafeen og samla inn ca kr 12.300,-. Dei innsamla midlane gjekk til Landsforeininga for trafikkskadde (LTN). Våre samarbeidspartnare samt beredskapspersonell skal ha stor takk for suksessen denne dagen. Stemningsbilde frå open dag på Knarvik stasjon Våre samarbeidspartnare på open dag Avdelinga var også representert på Open Brannstasjon på Hardbakke 6

Opplæring i barnehagar /skule Barnehagar På førespurnad til avdelinga vert det gjennomført undervisning i barnehagane, saman med frosken TRYGGE og brannbilen. I år har me besøkt ca 180 born fordelt på 5 barnehagar. Opplegget består av en perm med illustrerte plansjar, rollespill, samtaleemner mm, samt noko informasjonsmateriell til heimen. Barnehagepersonalet i barnehagen gjennomgår undervisninga med borna der VANJA OG ELDAR er rollemodeller. 1. Trinn Alle førsteklassingar i samarbeidskommunane fekk også i år besøk/undervisning av oss. Talet på elevar i heile regionen er på omlag 550. Undervisninga fokuserer på at eleven skal forstå forskjellen på eld og brann, korleis ein skal forhald seg når brann er oppstått, og få kjennskap til naudnummera. 6. Trinn I februar/mars gjennomførte me undervising til 6 klasse på alle skulane i regionen, med eit persontal på om lag 550 elevar. Undervisinga består av teori med førebyggjande brannvern, samt sløkking av brann med handsløkkjar (skum). Med bakgrunn i temaet førebyggjande brannvern er det laga ein konkurranse der dei beste bidraga vert premiert med ein tur til BERGEN BRANNVESEN og VIL - VITE senteret. 6. trinn versjonen som vi har utarbeid lokalt, vil Norsk brannbefals landsforbund og Gjensidige forsikring bruka som ein nasjonal presentasjon. Elevar frå Rossland skule 7

7. Trinn NGIB sendte ut invitasjon til alle skular om å delta i stilkonkurransen Då Røykvarslaren peip. Konkurransen er eit samarbeid mellom NGIB og Gjensidige. Det har vore stor deltaking, og i år mottok avdelinga 115 bidrag frå 13 skular i regionen og beste stil vart premiert med kr 1.000,-. Pensjonistlag / foreiningar Avdelinga har besøkt pensjonistlag og foreiningar i ein del kommunar i regionen. Gulen kommune Lindås kommune Undervisninga er bygd opp rundt det å forhindra brann, og kva krav og tiltak som er naudsynte for å gje eit tidleg varsel og kva som gjer best sløkkje effekt. Det vert snakka spesielt om røykvarslaren sin viktige funksjon og brannslange i kombinasjon med brannslokkingsapparat i heimen. Det vert delt ut informasjonshefte branntryggleik i heimen samt batteri til røykvarslaren. Kyrkjeverja Avdelinga vil ta initiativ til eit brannvernleiarkurs for kyrkjeverja i 2011. Ein vil ta utgangspunkt i temaveiledninga som er utarbeid, denne kan nyttast som eit reiskap slik at ein kan få forståing av kva reglar som gjeld, - og kva mogelegheiter som finns for å ivareta branntryggleiken i kyrkjebygga. Brannregelverket regner kyrkjer som særskilte brannobjekta ut frå personrisiko. Brannvesenet skal dermed gå årleg tilsyn. Brannvesenet kan ikkje pålegge konkrete sikringstiltak ut over minimumskrava, men skal sjå til at eigar kan dokumentera at det er etablert tilstrekkeleg brannsikringstiltak for å sikra bygninga mot skade på liv, helse, miljø og materielle verdiar. Utfordringar i samband med estetikk kontra branntryggleiken vil verta sentralt, det same er rømingsproblematikk frå eksempelvis galleri. 8 Mo kyrkje

Ekstern Undervisning Private verksemder. G4S Mongstad Nobina Buss. Strilatun Grendalag. Landbruksseminar. CISV-leir Sæbø skule, born frå 24 nasjonar Kurs for brannvernleiar Avdelinga har gjennomført 2 brannvernleiarkurs. Opplæringa er retta mot brannvernleiarar og HMT - personell i offentlege verksemder som barnehagar, skular, helseinstitusjonar og private verksemder. Kurset inneheld emne og tema som vil gjera brannvernleiarar i stand til å utarbeida interne kontrollrutinar, ajourføra brannteknisk dokumentasjon, øvingsplanlegging og rutinar jfr. lovverket. Me ser at det er eit behov for slike kurs, og vil også gjennomføra kurs for brannvernleiar i 2011. 9

Eldreprosjektet Prosjektet vart avslutta med eit evalueringsseminar i haust avdelinga vil likevel fortsetta dette viktige arbeidet. Dagens sosial- og helsepolitikk tilseier at eldre menneske skal kunna bu heime lengst mogeleg framfor å tilbringa sine siste leveår i ein eller annan form for institusjon. Mens det for helseinstitusjonar vert sett strenge krav til branntryggleik, er forskriftskrava for ordinære bustadar og omsorgsbustader avgrensa til røykvarslar og handslokkeutstyr. Brannstatistikk viser at personar over 70 år har nesten fire gonger høgare risiko for å omkomma i ein brann enn dei under 70 år. Også yngre personar med nedsett funksjonsevne er overrepresentert i brannstatistikken. NGIB ynskjer å bidra og styrke branntryggleiken for denne sårbare gruppa i samfunnet. Tiltak som kan setjast i verk for å få verifisert kva førebyggjande tiltak som kan gjerast er å utarbeida ei enkel og tilpassa sjekkliste, som omhandlar til dømes skifte/testing av røykvarslar, behov for komfyrvakt, mm. Dette arbeidet er komen i gong i Lindås kommune. Me meiner at det kan utarbeidast rutinar for å sikre branntryggleiken hjå denne gruppa, gjennom ein årlig brannsjekk. Dette arbeidet kan heimetenesta vera deltakande i, me meiner at tidsperspektivet i dette arbeidet vert minimalt, og at det ikkje vil gå utover det ordinære arbeidet dei skal utføra. Når det gjeld dei andre kommunane i NGIB samarbeidet, vil avdelinga syta for at dei tilsette i heimetenesta får lærdom kring dei vanligaste brannårsakene, der enkel brannteori/sløkking, rømming og varsling vert gjennomgått. Avdelinga ser det som særs viktig å ha fokus på denne aldersgruppa, dette er i tråd med intensjonen i stortingsmelding 35 10

11